Esefjorden Rundt 2014 - Balestrand Idrettslag

Download Report

Transcript Esefjorden Rundt 2014 - Balestrand Idrettslag

Torsdag 1. mai ynskjer Balestrand Idrettslag
velkomen til landevegsløpet
Esefjorden Rundt
2014
TM
PDF Editor
Foto: Lars Jonas Pedersen
Konsert Buiding Instrument med Mari Kvien Brunvoll og servering
laurdag 10. mai kl 16 under Balejazz. Fotoutstilling og konsert 21.
juni. Restaurant open kl. 16-22 søndag-fredag 26.juni - 21.august. Ciderhuset tek imot store og små arrangement på bestilling.
Prøvesmaking i ciderkjellaren, middag eller lunsj med kultur attåt,
fagseminar eller feiring av den store dagen.
Tlf 90 83 56 73 - www.ciderhuset.no
TM
PDF Editor
2
Tema i år
Artikkelen ”Den vidunderlege krutlukta” er skriven av Johs B. Thue og Balestrand Sogelag.
Denne gongen kan me leve oss inn i det landskjende skyttarmiljøet i fjorden, noko dei aller
fleste kjenner til, men kanskje gjerne skulle visst meir om.
Korleis det er mogeleg å komme frå Balestrand, langt inne mellom fjordar og fjell, og faktisk
bli best i landet?
Artikkelen handlar ikkje om kjølige, objektive skildringar, om analysar og resultatlister endå
kor viktig og interessant slike emne kan vera.
I staden får skyttarfamilien Ese all den merksemd dei fortjener i artikkelen. Dei har sett Balestrand på kartet for evig og alltid.
Om du deltek på Esefjorden Rundt 1. Mai, passerer du minnesteinen om Lars L. Ese (19221960) der den står like ved rådhuset i Balestrand.
Me rettar ein stor takk til forteljarane som i år har vore Johs B. Thue, Jens Ligtvor, Lars Hallvard Ese og Kari Ese Ligtvor.
Me rettar og ei takk til dei mange sponsorane og annonsørane frå kommunane; Balestrand,
Høyanger, Leikanger, Sogndal og Vik.
Ingvald Husabø Prenteverk har hatt ansvar for den grafiske utforminga av heftet.
Velkommen til Esefjorden Rundt 2014, arrangert for 35. gang.
Kjetil Nesse - redaktør
Framsidefoto: Lars L. Ese med Lars H. Ese på armen. Begge vart skyttarkongar.
Balestrand sogelag.
Ynskjer du å vera medlem?
Bruk kontonr:
3805.10.24092
Årskontingent kr.150.TM
PDF Editor
57 69 40 40
www.friendtex.no
Helsing frå ordføraren
Hjarteleg velkomen til vårens vakraste eventyr i Balestrand. Esefjorden Rundt blir i år arrangert for 35. gong den 1.mai.
Esefjorden Rundt er både for aktive og mosjonistar, og har utvikla
seg til ein folkefest med over 900 deltakarar. Det vert spanande å sjå
om me endeleg klarer å nå målet på 1000 deltakarar i år.
Esefjorden Rundt gir eit viktig bidrag til folkehelsa.Arrangørane
legg vekt på å skapa eit arrangement for alle. Løpet har såleis vorte
ei massemønstring, eit mosjonsløp for heile familien – gamal som
ung.
Ramma rundt løpet er unikt med den mektige naturen langs Esefjorden. Eit særprega
naturlandskap som mellom anna har gjort Balestrand til eit populært turistmål. Vegen
rundt fjorden også ein del av Nasjonal turistveg Gaularfjellet.
Kvart år stiller arrangementet med ein rutinert stab av frivillige. Desse gjer ein kjempejobb og eg vil nok ein gong få nytta høvet til å takka dei for innsatsen. Med Esefjorden
Rundt er de med på å profilera Balestrand på ein framifrå måte.
Velkomen og god tur!
Harald N. Offerdal, ordførar
TM
PDF Editor
4
Balestrand sogelag.
Ynskjer du å vera medlem?
Bruk kontonr: 3805.10.24092
Årskontingent kr.150.-
BAL EST RAND
KIWI HERMANSVERK
TM
PDF Editor
Balestrand Hotell AS
Kong Beles v 37 6899 Balestrand.
Tlf: 576 91 138
TM
PDF Editor
6
Esefjorden Rundt
Løpet er på 8.5 km og går på asfalt utan
særleg høgdeskilnad. For å kome til startplassen på Tjugum tek du skyssbåt frå
Holmen (sentrum) til Tjugum. Start ved
Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål er ved
festplassen ”Balahaugen” ca. 1 km frå sentrum. Som landevegs- og mosjonsløp vert
Esefjorden Rundt i år arrangert for 35. gong.
I år er det 83 år sidan fyrste ”Esefjorden
rundt” vart gjennomført. Men i 1931 vart
arrangementet gjennomført som eit skirenn.
Esefjorden Rundt starta som eit skirenn i
1931 med 14 deltakarar. Gustav Eggum frå
Leikanger vann første rennet på tida 43.38
minutt, men i 1947 sette Lars L. Ese ny løyperekord med tida 31 minutt. Lars L. Ese er
mest kjend som skyttarkonge - heile 4 gonger. Løypa gjekk etter bygdevegen rundt
fjorden med start om lag på same staden
som i dag. Målområdet var i Holmen der
Holmatunet står no.
På grunn av at vegen vart brøytt med bil,
vart det etter kvart store problem med å
skipa til rennet. År om anna vart det rett
nok teke opp att, mellom anna i 1954 som
eit jubileumsrenn (laget var 25 år). Siste året
vi finn noko om skirennet ”Esefjorden rundt”
er i 1956.Det skulle gå 20 år før ”Esefjorden
rundt” vart sett på plakaten att, men no som
landevegsløp. Frå 1976 og utover vart det
eksperimentert med ymse start- og målstader før løpet fann sin noverande trasé i 1980.
Esefjorden Rundt har gjennom åra utvikla
Start
Skyss
Mål
seg til ein stor folkefest med over 900 deltakarar. Over halvparten er under 16 år.
Vi legg vekt på å skape eit arrangement for
alle – både når det gjeld innhald, fysisk form
og alder. Dei siste åra har vi hatt ein spørjekonkurranse for trimmarane. Også i år er
det er plassert ut fire postar rundt fjorden.
Her får du m.a. teste dei lokale kunnskapane dine. Når det gjeld premiering, freistar
vi å halde ein høg standard. På Esefjorden
Rundt si heimeside http://esefjorden.balestrand-il.no kan du m.a. sjå kor mange
gonger du har delteke på Esefjorden Rundt.
Kvart år stiller ein rutinert arrangørstab opp
og gjer ein kjempejobb. For at eit såpass
stort arrangementet skal framstå slik vi ynskjer, er vi heilt avhenging av at alle tek eit
tak. Esefjorden Rundt har såleis vore ei festførestilling i Balestrand kvar 1.mai. På spøk
er det sagt at dette må vere verda sitt lengste
1.mai-tog.
God tur rundt Esefjorden torsdag 1. mai
2014.
Løyperekordar:
Annie Bersagel, Tjalve: 29.08 (2008)TM
Svein Inge Buhaug, BUL: 24.51 (1998)
PDF Editor
Praktiske opplysningar
Transport Holmen (sentrum) - Tjugum
Pendelbåt frå Holmen, kl. 10.15 - 17.30.
Billettpris kr 20.
Påmelding
Aktiv
Påmeldingsskjema på løpet sin nettstad
www.balestrand-il.no seinast onsdag
30. april kl.24.00. Ev.telefon 97594796.
Premiering
Alle som fullfører, utan omsyn til klasse, får
medalje for 1.gongs deltaking.
Langtidspremiering:
Flotte premiar for 5.,10.,15.,20., 25., 30. og
35. gongs deltaking.
Aktive
Klassevinnar:
Beste herre/kvinne:
Ny løyperekord:
kr 500,kr 1.000,kr 4.500,-
Årsklassar kvinner/menn: 12-14, 15-16,
17-18, 19-39, 40-44, vidare 5 årsklassar til 69,
deretter over 70. Startnummer ved Tjugum
kyrkje. Må hentast innan kl. 13.30
Vandrepremiar
Aktive, beste kvinne og beste mann.
Beste lag, der dei 5 beste utan omsyn til
klasse og kjønn tel med.
Trim
Påmelding i Holmen eller ved Tjugum kyrkje
(kl. 10.30 – 13.00)
Skuleklassar
Premie til grunnskuleklasse på grunnskulenivå med høgast prosentvis deltaking.
1.premie: kr 1.000,- i gåvepremie.
Trim
Trekking av 2 iPad mini (á kr 2.600,-). Samla
verdi ca. kr 5.200,-.
Startpengar
Aktive
Kr 300,- Bankgiro nr. 3805.20.03978
Trim
Kr 150,- Betaling ved påmelding i Holmen
eller ved Tjugum kyrkje.
Premieutdeling
I målområdet etter løpet ca kl. 15.30
Trim-familie (far, mor, born under 18 år)
Kr 250,- pr. familie. Betaling ved påmelding i
Holmen eller ved Tjugum kyrkje.
Start
Aktive
Kl. 14.15, Tjugum kyrkje.
Trim
Frå kl. 10.30 til kl.13.00 frå Tjugum kyrkje.
TM
PDF Editor
Garderobar
Idrettshallen på Kreklingen.
8
Spørjekonkurranse
Esefjorden Rundt skal vere eit løp for alle. Det
er spørjekonkurranse for heile familien med
spørsmål tilpassa dei fleste aldersgrupper på
fire postar rundt fjorden. Klasseinndeling: 0-5
år, 1.-4. kl, 5.-10. kl og 16 år og oppover.
Premiering: Tre trekte premiar/klasse. Innlevering av svarlappar i målområdet innan kl.
15.00.
Resultatlister
På www.balestrand-il.no
også tidlegare resultat 1979-2013
Kiosksal
Sal av kioskvarer i målområdet.
Røde Kors
Balestrand Røde Kors Hjelpekorps har ansvar for sanitetstenesta.
Overnatting
Sjå annonsar i heftet eller Balestrand Turistinformasjon tlf. 576 91 617.
E-post: [email protected]
Internett: www.visitbalestrand.no
Hjelpemiddel
Dei minste, til og med 2. klasse, kan nytte
sykkel. Bruk i så fall hjelm og ver i lag med
ein vaksen. Ein kan nytte rulleskøyter eller
sparkesykkel, men hugs hjelm og vis omsyn.
Program
Underhaldning i målområdet. Trekking av
ein sykkel og ein iPad mini (kr 2.600) på
loddbøker.
Sjå reportasje frå Esefjorden Rundt i
Sogn sin største mediekanal
www.sognavis.no
Balestrand sogelag.
Ynskjer du å vera medlem?
Bruk kontonr: 3805.10.24092
Årskontingent Kr.150.TM
PDF Editor
Balholm Auto AS - 6899 Balestrand
Tlf. 57 69 11 13
TM
PDF Editor
10
Gåvebutikken for heile familien
Tlf. 90 75 35 79
TM
PDF Editor
Staden for rimeleg overnatting
N-6898 Balestrand • Telefon: 57 69 42 40
Fax: 57 69 42 41 • E-post: [email protected]
Internett: www.midtnes.no
TM
PDF Editor
12
www.praxis.no
www.nessemaskin.no
Nessane
6899 Balestrand
TM
PDF Editor
Elektrikar i Balestrand
Tlf.: 57 71 40 00
www.yit.no
YIT er Norges ledende leverandør av tekniske bygginstallasjoner.
Hovedtyngden av leveransene ligger innenfor fagområdene inneklima, elektro, automasjon, energisparing, rør, IKT, audiovisuelle
løsninger og sikkerhet. Vi er samtidig en ledende leverandør av service på tekniske bygginstallasjoner og tjenester for eiendomsdrift.
TM
PDF Editor
14
- frå Vik i Sogn
TM
PDF Editor
Det reine Balestrandslagaet som blei nr 6 på samlagsskytinga i 1966, ein fantastisk prestasjon.
Jens Ligtvor, Nils Ese, Lars Gjerde og Arvid MÅlsnes.
Den vidunderlege krutlukta rundt
Esefjorden
Johs B. Thue
Eigentleg skulle eg ha skrive om skyttarmiljøet
langs Esefjorden. Byrja på det også, skreiv tilnærma faghistorie, fekk det ikkje til. Så gjekk
det opp for meg at dette emnet handlar ikkje
om kjølige, objektive skildringar, om analysar
og resultatlister endå kor viktig og interessant
slike emne kan vera. Det landskjende skyttarmiljøet langs fjorden skjer beint inn i min
eigen barndom, mine eigne ungdomsår endå
eg var ingen skyttar. Krutrøyk og krutlukt gjer
meg alltid glad, jagar opp ei stemning attende
16
til Per Jorsetts litt turre radiorøyst: «Lars L.Ese,
Balestrand skyttarlag, Ytre Sogn Skyttarsamlag», sa han. Til sumar og skyttarfest på gamle «Friberg» går tankane mine ved geværskot
og lukt av krut. Og at barndomen
TMgav oss eit
nytt ord: «Gullstol», som er det setet to menneske, to vener, lagar med hendene sine slik
at den tredje personen kan sitja og bli boren,
helst gjennom store menneskemassar. Å bera
på gullstol var barneleik i Balestrand, innførd
av Lars L.Ese og skyttarprestasjonane hans.
PDF Editor
Lars L. Ese kjem heim i 1947
med fyrste kongepokalen.
Finst det ein vakrare måte å ære ein person på
enn å bera vedkomande på gullstol, og korleis
hadde balestrendingane lært dette?
verdstoppane i ulike idrettar. Men ostane av
mjølk frå heimegardane til Bjørgen og Johaug
et ikkje byfolk. Dei et dei franske.
Krutrøyk minner også om ein sumarmorgon
i Esebotn, på sykkeltur med far. Stangskyting
mellom Larsemann, som vi alltid kalla han,
aldri Lars L.Ese d.y., og Olav Medaas, frå
Granvin. Som oljesmurde lyn, i mitraljøsefart
lydde skota, og opp fauk spakane, stod og
dirra litt før dei datt ned att. Stangskyting er,
hurtigheit, presisjon og teknikk. Mest teknisk
øving, repetisjonar. Dag ut og dag inn. Kven
kunne telja treffa manuelt eller visuelt, og kven
vann? Det hugsar eg ikkje. Eg prøver å fortelja
at dette skrivestykket blir berre personleg. Andre får ta tak i den faghistoriske idrettsoga på
gardane rundt Esefjorden. Ei viktig soge er
det i eit vestnorsk bygdesamfunn. Det handlar nemleg om korleis det er muleg å bli best,
langt inne i ein fjord, med høge fjell på alle
kantar. Vi må dyrka det beste, både i notid
og fortid. Slik kan vi rista av oss dei kolsvarte
byskuggane. Byane haustar alltid dei kommersielle gevinstane fordi bygdeungdom når
VÅR ÆRE OG VÅR ROT
Lars L. Ese(1922-1960) døydde våren 1960,
38 år gamal. Då kista hans blei boren ned
gardsvegen på veg til jordfesting på Tjugum
kyrkjegard, stod kona i grannetunet, Unni
Sjursdotter, frå Eitun(1893-1974) kyrkjekledd. Ho sa stilt, nærmast fråverande, til dei
andre i tunet: « Det er sårt og tungt å sjå at
ein mann døyr så ung. Men når ein døyr
med slik ære som Larsemann, er det ei stor
trøyst». Vakrare, og meir oppsummerande,
kan knapt eit minneord berast fram. Lars L.
Ese kasta ære over Ese-namnet, Balestrandsbygda og heile Sogn. Dessutan:
TMHan var vår
eigedom, vårt djupe identitetsmerke, djupare
enn sjølve Sognefjorden, djupare og nærare
enn alle minna om Keiser Vilhelm. «Eg er frå
Balestrand», kunne vi seia både i militæret og
i studiemiljøet. Svaret vi fekk attende var alltid
sameleis: «Ja, der Lars L.Ese er frå». Nettopp,
der han var ifrå. Vår heimbygd, vår felles
PDF Editor
stoltheit. Som vi kjende. Siste gangen eg tala
med han, var hausten 1959. Gjekk siste året
på gymnaset i Sogndal. Vi for Sogn rundt på
dans om laurdagskveldane, danste swing etter «Solhov-teknikken».Solhov var ungdomshuset i Sogndal, ligg der enno, med alle sine
minne.Alt fekk si lokale tilpassing i vår ungdom. Over livets glade gutar går sola aldri
ned, trudde vi då. «Leikvang» var ungdomshuset på Hermansverk. Enno skin det. Der på
dans i «Leikvang» stod Larsemann, litt forkomen, tydeleg sjuk. Den friske ansiktsfargen
hans hadde bleikna. «Eg vann i dag», sa han,
liksom halvt fråverande, tenksam. Og kva
hadde han vunne, kva tittel tok han med seg
heim til tunet i Ese? «Småkonge»-tittelen. Han
hadde vunne Landsdelsstemna. Dette var ein
laurdagskveld. Måndagsmorgonen køyrde
hans store konkurrent og gode ven, Trygve
Tenningås, han til sjukehuset i Høyanger.
Heime i tunet med polalar.
UTAN STORE MENN
Sogn er eit distrikt utan store menn, skriv Einar
Førde i den fantastiske boka si «Smeltedigelen
Høyanger». Han gjekk gjennom bauta- og
minnesteinane våre, og kom til fylgjande konklusjon: Bortsett frå dei monumentale sagafigurane som er reiste av ein tysk keisar, står
« det minnesteinar etter nokre skolestyrarar».
Men i Sogndalsfjøra har dei heidra sin store
son, Gjest Bårdsen, skriv Førde og legg til at
storløparen Mensen Ernst kom frå Fresvik.
«Eg har sjølv avduka minnesteinen etter Lars
L.Ese d.y. i Balestrand», slår han heilt korrekt
fast. Altså: I Sogn finst det ingen store menn,
heltar eller kunstnarar. « Men vi har bra med
tjuvar, fotløparar og skyttarar», les eg i boka
hans om heimstaden hans, vakre Høyanger.
Her kjem eg med ei lita vedgåing: Dei lokalhistoriske bøkene som eg oftast drar fram att,
er skrivne av ikkje-faghistorikarar. Boka til
Andreas Bjørkum om Vikadalen blir eg heller
aldri heilt ferdig med. Vi som faghistorikarar
har mykje å gå på i formidlinga vår.
TMFørde, om
Desse formuleringane etter Einar
fråveret av store menn i Sogn, kom eg på då
eg køyrde heim etter teaterframsyninga om
Mensen Ernst, ei flott oppleving, med enkle
sceniske verkemiddel. No er det jo slik at også
Gjest Bårdsen har blitt presentert på scena til
PDF Editor
18
Sogn og Fjordane Teater. Det var forresten
ei framsyning som greip meg lite. Men ok.
Teateropplevingar, kunstopplevingar, er alltid
subjektive. Andre kan ha hatt gode stunder
i teatersalen, med stortjuven og forfattaren
Gjest Bårdsen, ein av dei fyrste « bondestudentar», der læreromma ikkje var på Universitetet, men i fangehola på Akerhus Festning.
Gjest skreiv slik om livet sitt at bøkene hans blei
lesne i filler.
Med dette som såkalla bakteppe, ein klisje, lurer eg no på om ikkje tida også er mogen for
legenden Lars L. Ese i ei eiga bok, på ein teaterscene. Det er nok av dramatikk rundt livet
hans og kring idrettsprestasjonane som han
skreiv inn i sogebøkene og i det kollektive minnet. Det byrja i 1947 med eit samlagsmeisterskap på Lavikdalen. Han skaut godt og vann.
Om kvelden sat dei på Hellebø pensjont og
venta på båten heim til Balestrand. «Eg skulle
ha lyst til å prøva meg på landskyttarstemnet
på.
Os», ymta han frampå. Han var ung og usikker, men Trygve Tenningås hadde brøytt opp
ein veg: Trygve hadde blitt nummer fire på
landskyttarstemnet i Harstad i 1946. Krigen
var slutt. Geværa kom fram att. Skyttarsporten heldt på å bli ein ny nasjonalsport, ein desentralisert nasjonalsport.
Lars den eldre(1888-1957), faren, var også
tilstades på Hellebø pensjonat, sat på same
rommet. Han nekta: Dei hadde ikkje pengar,
og heime venta slåtten. I same rommet sat
også Edvard Hagen,skyttar med store administrative eigenskapar. Han sa berre kort: «Me
reiser til Os». Ingen sa nokon gang Edvard i
mot. Han avgjorde og bestemte. Heim kom
Ventar på anvisning
Lars med kongepokal og famnen full av andre premiar. Sumaren 1947, to år etter krigsslutt, framleis med stølsbruket intakt, i pøsande regnver på Ulven, Os,under heile stemnet,
tilløp til sabotasje mot Larsemann ei regntung
natt. Men han stod mot alt. Heime på Esebotn
Sæterhytte hadde bygdefolk samla seg før finaleomgangen, med radioen på full styrke.
Så før NRK oppsummerte, kom telefonen.
Lars den eldre, som hadde uro i blodet heile
dagen, gjekk ut i gangen, der telefonapparatet hang gulbeisa på veggen. Han kom inn att
og sa berre: «No trur eg me teke oss eit krus øl.
Beine deg».
TM
BEINE DEG IGJEN
PDF Editor
«Beine deg» blei det igjen på Bardufoss i 1951,
på Sandnes i 1954 og på Kongsvinger i 1955.
Sonen Lars Hallvard sette det siste utropsteiknet bak Ese-namnet: Skyttarprins i 1977 og
Lars L. Ese med Lars H. Ese på armen. Begge vart skyttarkongar.
på Balholm», båten til Flåm,var beskjeden
i telefonen. Det var forresten som regel Odd
Eggum frå Leikanger som køyrde bil til landsskytarstemna, blant anna heilt til Bardufoss
i 1951. Til dette stemnet langt der nord såg
Larsemann seg ikkje råd til å reisa. Det blei for
dyrt, rett og slett. Dette blei viteleg, og i Indre
Sogn blei det underhand samla inn pengar
til ein reisekasse for han. Han reiste og vann,
under stort press, sa han seinare. Han kunne
ikkje skuffa dei som hadde hjelpt til med reisepengar.
ANEKDOTAR OG REPLIKKAR
konge i 1980. Det var då skyttarvenen og konkurrenten til Larsemann, og slektningen Trygve Tenningås sa til den nye skyttarkongen: «At
du kom til å bli konge ein dag, visste eg godt.
Spørsmålet var berre kor mange gonger og
når».I tillegg kom Larsemann heim med gull
i stangskyting to ganger, gull i feltsnøggskyting også to ganger. Han laut ha hjelp for å
bera pokalar i land når båten la til kai i Holmen. Han hadde famnen full, og meir enn det.
Han gjorde også internajonale prestasjonar:
Tre ganger vann han Britannia Shield Competition og nådde andre topp-plasseringar med
armegevær. Ein gong lånte han gevær frå Johannes Henjum på Systrond. «Lever geværet
Som i alle idretts- og arbeidsmiljø levde anekdotane. Gode replikkar blei dyrka og traderte.
Ofte blir replikkane lagde i munnen på Trygve
Tenningås ,av dei snøggtenkte og ordhage
«Aosa-karane». I 1951 vann til og med Ytre
Sogn skyttarsamlag samlagsskytinga på
landsskyttarstemne. Det byrja ikkje heilt godt.
Så kom Trygve, som skyttar nummer tre på
laget. Han presterte ein meistarleg serie, blæs
bort krutrøyken, reiste seg opp og sa : « No
har me vunne». Korleis kunne han vita det,
ein mann var igjen, blei det spurt. « Han Larsemann, som er igjen, slår meg bestandig.
Han unner meg aldri å vinna», la
han til med
TM
det lune smilet sitt. Og vann gjorde dei. På velkomstfesten på «Friberg» heldt Trygve tale og
sa dette om samlagsskytinga :» Eg veit ikkje
om Ytre Sogn har vunne dette før, men ein
ting er sikkert: Dette kjem aldri til å skje igjen».
Og Trygve fekk rett. Det har ikkje skjedd meir.
PDF Editor
20
Her forlet «småkongen» seremoniane ved rådhuset, tydeleg letta, og går til festmiddag på Kvikne.
Så var det den gangen Larsemann og Trygve
låg med omskyting på eit samlagsmeisterskap i Høyanger. Dei kappskaut og kappskaut. Omskytinga byrja forresten med at
Trygve brukte litt tid for å finna god plass å liggja: «No liggje eg så godt at eg kan skyta tiarar ein halv mannsalder», sa han då han var
komen på plass. Så etter fleire ekstraomgangar reiste han seg brått opp. «Vil du gje deg?»,
spurde dei. «Har ikkje fleire skot», sa Trygve .
Og skota var dyre. Når eg spør til dømes kvinnelege skyttarar frå den tida om kvifor dei gav
seg med sporten, svarar dei :» Det blei for dyrt.
Vi som ikkje kunne lada sjølv , laut kjøpa skot.
Det blei for dyrt», seier Anna Hatlem, med
premie frå landskyttarstemne i Oslo i 1949. Då
var ho på Chat Noir med Trygve Tenningås og
Edvard Hagen. «Den kvelden gløymer eg ikkje», slår ho fast.
KROPPENS GENI
Sverker Sørlin ,svensk professor i miljøhisTM
torie, skreiv for tre år sidan boka «Kroppens
geni». Boka handlar om langrennsmiljøet i
Trøndelag, som i fleire mannsaldrar har fått
fram langrennsløparar i verdsklasse. Det er
mange fellestrekk mellom skyttarmiljøet i Ese
og langrennsmiljøa i Trøndelag. Sporten er
PDF Editor
Her forlet «småkongen» seremoniane ved rådhuset, tydeleg letta, og går til fedtmiddag på Kvikne.
gamal, attende til bondereisinga i 1880-åra.
Det er ikkje for ingenting at Lasse Trædal var
fyrste formann i Ytre Sogn skyttarsamlag.
Lasse var Venstre, radikal, republikanar. Den
fyrste på Stortinget som torde å fly som passasjer i eit fly. I sporten følgde son etter far.
Dei eldre har tatt tillitsverv i idrettslag og skyttarlag. Dei har vore overbygnaden. Tette er
miljøa. Frå dei to gardane i Ese har det kome
fem samlagsmeistrar. Rundt er tryggleiken
og garden. Boka til Sverker Sørlin er kanskje
den beste analysen, nokon gang, om djupna
i norske bygdesamfunn. Ese er vårt svar på
Hølonda, med Magnar Estenstad, Toralf Engan og Oddvar Brå. Vi har Lars L. Ese,
Lars var epileptikar, hadde nedfallsykja, som
dei sa. Men samstundes var han eksperimentell, spikka på kolbar, ville ha kvilepuls
på 52. Han var eit kroppens geni, alltid jaktande etter noko nytt, prøvande og feilande.
Lars nådde ikkje 40 år. Men han blei skyttarkonge fire ganger. Han levde og døydde
med ære. Folk fortel enno om prestasjonane
hans, kan heile seriar, med niarar og tiarar.
Lars var også eit varmt og godt menneske.
Randi Skarstein Ese, svigerinna hans, fortel
kor godt ho blei motteken i Ese av han. Han
TM
var så inkluderande, alltid, men han hata å
tapa. Det lærte han aldri.
PDF Editor
Lars M. Ese, Jens Ligtvor, Lars Gjerde, Nils Ese
og Nesheimbrørne. Og vi har Lars Hallvard
Ese midt mellom oss.
22
Nokon framgangsrik bonde rakk han aldri
å bli.
Vinnarar 1979-2013
År
Kvinne
Herre
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1992
1991
1990
1989
1988
1987
1986
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
Megerca, Kia Gemechu, 32,39
Aasheim, Hilde, Osterøy IL 29,23
Aasheim, Hilde, Osterøy IL 30,15
Martine Wolf Nesse, Balestrand IL, 36.31
Brøndbo, Kristin, Steinkjer,30.30
Annie Bersagel, Tjalve, 29.08
Malene Blikken Haukøy, IL Høyang, 32.53
Anita Buarøy Stenevik, Florø 35.28
Hilde Mæhlum,Vik IL 34.15
Hilde Mæhlum, Vik IL 33.03
Hilde Mæhlum, Vik IL 33.12
Hilde Mæhlum, Vik IL 32.28
HildeMæhlum, VikIL 31.30
Brit H. Langeland, Osterøy IL 30.57
Brit H. Langeland, Osterøy IL 31.24
Kjersti Sognnes, BFG Fana 31.49
Kjersti Sognnes, BFG Fana 31.21
Kjersti Sognnes, Fana IL 30.54
Hilde Mæhlum, Vik IL 33.03
Kari Torhild Kvåle, Sogndal IL 33.08
Kari Rønnestad, Balestrand 30.53
Hilde Mæhlum, Vik IL 32.45
Kari Rønnestad, Balestrand 30.19
Anna Tråve, Jotun IL 32.31
Torborg Jorddal, ILSkjalg 29.52
Ragnhild Haugen, Sogn FIK 30.50
Anne Lise Hollevik, Jotun IL 30.24
Anne Lise Hollevik, Jotun IL 30.04
Anne Lise Hollevik, Jotun IL 31.52
Bente Olsmo, Syril IL 32.39
Bente Olsmo, Syril IL 34.39
Bente Olsmo, Syril IL 34.50
Kari Torhild Kvåle, Sogndal IL 35.26
Sigrid Kjos Wenjum, Hafslo IL 37.21
Sigrid Kjos Wenjum, Hafslo IL 39.43
Opem, Rune, Dalebrand IL, 27.33
Marius Vedvik, Gaular IL 26,22
Opem, Rune, IL Dalebrand 27,35
Joachim Brøndbo,Steinkjer,26.26
Opem, Rune, Dalebrand IL, 27.53
Joachim Brøndbo,Steinkjer,25.07
Kjetil Dyrvik, Voss friidrettslag, 28.39
Joachim Brøndbo Mosvik, 26.25
Sindre Hoff Viksdalen IL, 28.01
Joachim Brøndbo Mosvik IL, 26.19
Kjetil Dyrvik Vossaall., 27.49
Harald Simmenes, Osterøy, 28.29
Kjetil Dyrvik Vossaall. 27.18
Alemayehu Sitotaw Gular IL 26.55
Odd Arild Løseth Høyang IL 28.10
Svein Inge Buhaug BUL 24.51
Svein Inge Buhaug BUL 25.44
Kjetil Dyrvik Varegg IL 26.56
Kjetil Dyrvik Varegg IL 26.47
Bjarte Vik Osterøy IL 26.19
Brynjulf Vonen Varegg IL 26.38
Kjell Erik Sælen BFG Fana 26.15
Anders I. Hundere Lærdal IL 27.33
Klaus Takle Brekke IL 28.15
Svein Inge Buhaug Jotun IL 26.02
Stein R. Widskjold Jotun IL 26.13
Stein R. Widskjold Jotun IL 26.30
Stein R. Widskjold Jotun IL 26.00
Svein Boge Jølster IL 26.42
Bjarne Huseklepp ILFri 26.30
Bjarne Huseklepp ILFri 25.44
Egil Almås ILHøyang 28.16TM
Sigurd Eiken Sogndal IL 28.32
Stein Åge Jorddal ILGular 27.54
Bjarne Huseklepp Breim 28.31
PDF Editor
Balestrand sogelag.
Ynskjer du
å vera medlem?
Bruk kontonr:
3805.10.24092
TM
PDF Editor
Årskontingent kr.150.-
24
SOGNDAL
Kvardagar 07.00-23.00
Laurdag 08.00-21.00
Søndag stengt
SOGNDAL
rentacarbalholm.com
Tlf 57 62 88 15
[email protected]
TM
PDF Editor
SOGNDAL
TM
PDF Editor
26
InMedia.no
Fruktbar kraft frå Sogn
Rein energi frå natur og menneske gjennom
meir enn 60 år i Sogn.
Slik gjev vi vårt bidrag til ei berekraftig
framtid lokalt og globalt!
– set krefter i sving
TM
PDF Editor
SOGNEKRAFT AS - Pb. 3 - 6891 Vik i Sogn - Tlf: 57 69 86 00 - www.sognekraft.no
he
fj o
Kviknes Hotel har alt som skal til for at konferansar
og selskap av ulikt slag blir ei minnerik oppleving.
Vår nye konferanse- og selskapsavdeling gjer at vi no kan ta i mot
konferansar med inntil 450 deltakarar, og selskap med inntil 250 gjester.
Men om gruppa er lita eller stor, er det først og fremst maten,
vinen og vår lidenskap i det å vere vertskap som er ”typisk Kviknes”.
PDF Editor
Kviknes Hotel • Postboks 24 • N-6898 Balestrand • Tlf: 57 69 42 00 • www.kviknes.no
www.gasta.no
Prøve Kviknes? Ring 57 69 42 00 eller send epost til [email protected]
TM
Trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as - 6863 Leikanger
tradition in t
s
sin
a
877
rd
1
ce