SØKNAD OM MIDLAR FRÅ VILTFONDET 2014.PDF

Download Report

Transcript SØKNAD OM MIDLAR FRÅ VILTFONDET 2014.PDF

Viltfondet i Balestrand kommune
v/ Jørgen Hundseth
6899 BALESTRAND
Balestrand, 13.05.2014
Vår sakshandsamar: Jostein Risa
Vår ref.: 13/00013-004
Arkivkode: 511
Gradering: I
Søknad om midlar til hjortegjerde ikring Sæle kyrkjegard
Hjortedyr har gjort mykje skade på Sæle kyrkjegard over fleire år og Balestrand sokneråd
ynskjer no å få sett opp eit hjortegjerde ikring kyrkjegarden. Soknerådet har ikkje budsjettmidlar til å dekke kostnadene ved dette og søkjer difor om stønad frå Viltfondet i Balestrand.
Bakgrunn:
Dei to siste åra har ei rekkje pårørande og ansvarlege for graver teke kontakt med soknerådet
og klaga på at hjort har "gjort hærverk" på kyrkjegarden på Sæle. Folk plantar og pyntar, men
når dei kjem dit neste gong er plantane rivne opp og restane ligg strødd utover.
Dette har nok pågått over fleire år, men no var begeret fullt for fleire og det har gjentekne
gonger vore observert flokkar på 15-20 dyr inne på kyrkjegarden.
Ei som ringte opplevde det som ekstra vondt at krossen på grava til mannen hennar som nett
var gravlagd var trakka ned. Andre har kome til grava dagen etter ei gravferd og opplevd at
alle blomane på kransane som låg på grava var oppetne. Det er ikkje slik det skal vere på ein
kyrkjegard. Det skal vere ein stad med fred og ein stad for å sørgje. Då er det opprivande at
hjorten på si matjakt legg stein til børa og skaper ny sorg og frustrasjon.
Balestrand sokneråd har vurdert
ulike alternativ og har kome fram
til at den beste løysinga er å få
sett opp eit hjortegjerde. Etter å
ha vurdert ulike traséar har soknerådet no gått inn for ei løysing der
berre sjølve kyrkjegarden vert
inngjerda (ca. 175 m) og gjerdet
går ut frå to av hjørna på kyrkja,
sjå figuren På den måten har
kyrkjelyden fri tilgang til kyrkja
til vanlege tenester og gjerdet vert
mindre påtrengande.
Oversynsbilete som syner soknerådet sitt framlegg om inngjerding
av berre sjølve kyrkjegarden. Lengd ca 175 m. Det er lagt opp til to
portar som t.d. må gje rom for gravemaskin for graving av graver.
Sjøtunsvegen 6
6899 BALESTRAND
E­post: [email protected]
Kjernekontortid: Tysd ­ fred kl.10­14
Organisasjonsnummer: 976 995 953
Telefon: 57 69 15 48
Mobiltelefon: 920 60 832
Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no
På ein kyrkjegard må ein også ta omsyn til det estetiske og soknerådet difor gått inn for
gjerdeløysinga Pantanett Family i grøn farge frå den anerkjende produsenten Betafence.
Dette gjerdet er normalt dyrare enn eit «vanleg» hjortenett, men soknerådet har fått eit godt
tilbod frå Lauritsen Gjerdefabrikk AS slik at skilnaden i kostnad vert relativt liten.
Pantanett er laga av kraftig sveisa tråd på 2,5 mm som er galvanisert og deretter plastbelagt.
Gjerdet har rektangulære masker på 100 x 50 mm og vert karakterisert som ein «økonomisk
og estetisk viltnetting». Gjerdet kjem i rullar på 25 meter og den aktuelle høgda er 2,03 m.
Av di det er relativt stivt og i full høgd skal det vere greitt å montere. Soknerådet vil bruke
impregnerte trestolpar med 3 meter lengd og diameter på 8 cm med 2,3-2,5 meters
mellomrom. Skråstag på hjørnestolpane. To portar er tenkt laga i same høgd og materiale
(impregnert materiale og netting).
Det er laga eit prisoverslag på totalt kr. 41.600 (materiell og arbeid) som ligg vedlagt.
Balestrand sokneråd legg vekt på at denne saka vekjem mange innbyggarar i kommunen med
graver på Sæle kyrkjegard. Vi vonar viltfondet vil sjå med velvilje på søknaden slik at vi kan
få gjort noko med hjorteplaga i år.
For Balestrand sokneråd
Jostein Risa
kyrkjeverje / dagleg leiar
1 Vedlegg
Sjøtunsvegen 6
6899 BALESTRAND
E­post: [email protected]
Kjernekontortid: Tysd ­ fred kl.10­14
Organisasjonsnummer: 976 995 953
Telefon: 57 69 15 48
Mobiltelefon: 920 60 832
Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no
Hjortegjerde Sæle kyrkjegard - kostnadsoverslag pr.13.5.2014
A. Netting frå Lauritsen gjerdefabrikk AS
Pantanett 2,03 m grøn 25 m/rull x7
Tråd oppe /streng
Synål
Frakt
Sum A, avrunda
11 550
956
61
1 450
14 000
eks.mva
eks.mva
eks.mva
eks.mva
eks.mva
B. Stolpar, materiell og maskinleige
90 ** trestolpar 3 m frå Sognefrukt ø 8 cm
Kramper 5 kg (Felleskjøpet) + materiell
Maskinleige gravemaskin 14 t x 400
To stk portar i impregnert materiale
Sum B
4 500
500
5 600
3000
13 600
eks.mva
eks.mva
eks.mva
eks.mva
eks.mva
Totalpris materiellkostnader (A + B)
Arbeid: 70 timar x 200 kr/t
Totaltpris hjortegjerde (overslag)
27 600 eks.mva
14 000 eks.mva
41 600 eks.mva
** 80 stk med 2,3 meter mellom (50 kr/stk) +10 stk hjørnestag mm
Lengd gjerde
Mot sjøen
Mot Balestrand utan port
Mot Høyanger på kg
Frå gjerde til krk SV-hjørne
Frå mur til til krk NA-hjørne
Langs mur til gjerde mot Balestr
Berre kyrkjegarden
meter
50
56
24
11
12
21
173
Lauseleg overslag over arbeidstid
Fjerne det gamle gjerdet
Setje ned stolpane: 20min pr stk +1 t hjørne
Strekke øvre streng
Strekke gjerdet
Sy gjerdet
Krampe gjerdet til trestolpar 6 min per stolpe
Laging av 2 Portar
Totalt
timar
7
28
4
6
6
7
12
70