Fråsegn - Balestrand sogelag

Download Report

Transcript Fråsegn - Balestrand sogelag

Til Balestrand kommune.
HØYRINGSUTTALE FRÅ BALESTRAND SOGELAG
Balestrand sogelag har på møte 11.9 handsama planprogram for kulturminneplan Balestrand
kommune.
Sogelaget sluttar seg til framlegg til kulturminneplan. Sogelaget vil likevel nokre leggje til punkt
innafor eitt av hovudpunkta som satsingsområde.
Bygningsmiljø:
I Balestrand har det vore fleire mindre kraftverk; Ese, Nessane,Vetlefjorden. Desse var svært viktige
for lokalsamfunna i den tid dei var verksame. Demningar som høyrde til desse finns det spor av enno.
I samband med kunstnarvillaer må ein også ta med Pastorhuset/Helga Normann sitt hus på Strondi.
Dette huset er mindre ivareteke enn dei andre kunstnarhusa og treng sårt vedlikehald. Det er synd
om dette huset «forsvinn».
Me må også nemna Dampskipsekspedisjonen og «Klokkepetterhuset» ved kaien som har ei særleg
historie.
Andre satsingsområde som ikkje er komne med:
Samferdsle:
1.Her må me nemna den gamle ferdslevegen over Sværaskardet som var ein nord/sør ferdsleveg i
fylket.
2. Dei første vegane våre i kommunen hedde ofte fine murar og steinbruer. Desse kan ein framleis sjå
fleire stader, som t.d. Thuebrua og Langehaugsbrua i Vetlefjorden. Dyktige murarar som t.d. Nils
Baug var med å laga desse «monumenta» over vegane våre.
På gamle Esefjordvegen ved Gjerde finn ein framleis gamlevegen med stabbesteinar intakte.
Stølsvegen i Brudalen over Låne har flott murverk framleis.
I Esebotn er stølsvegen opp Yglebotn framleis synleg.
Samferdsla på sjøen burde vore dokumentert, gamal og ny tid. T.d. jektene.
Balestrand 15.9.14.
For Balestrand sogelag
Tore Brudvik