Transcript BYGDEVEG
BYGDEVEG Vi står nå på ein av dei gamle bygdevegane i Bø. Denne vegen gjekk frå Gåra til Oterholt. Vegen var ei viktig samferdselsåre på 1800-talet og heilt fram til Folkestadbrua sto ferdig i 1924. Store delar av den gamle vegen er ombygd eller lagt ned, men på strekninga frå Haugesagbrua fram til Folkestadgrenda ligg vegen framleis som den gjorde da den gjekk ut av bruk som offentleg veg. Vegstrekninga må i dag reknast som eit kulturminne og blir nytta som turveg. VEGEN BLIR ROTELAGT På 1700-talet hadde bygda to gjennomgangsvegar (allfarvegar) og to bygdevegar. Utanom desse var det ei mengd gardsvegar som gjekk frå tun til tun. Etter kvart blei det betre skikk på vegstellet, og på 1800-talet blei fleire vegar rotelagt, dvs. at bønder og husmenn blei pålagt arbeidsplikt på vegane. Arbeidsplikta blei sett til ei viss mengd arbeidsdagar i året. Vegen Gåra-Ågetveit-Folkestad-Hellos-Oterholt var blant dei vegane som blei utbetra og rotelagt på denne tida. Vegen kunne kjørast med bil. Vi veit ikkje når Haugesagbrua blei bygd, men på eit vegkart frå 1848 er ikkje denne brua teken med. I offentlege dokument blei brua kalla Nedre Juvsåbru. LANDPOSTRUTE OG VEGVAKTAR Ut over på 1800-talet auka ferdsla på vegen. Oterholt var eit trafikknutepunkt og utvikla seg til å bli eit bygdesenter. På Langkåshaugen, som ikkje ligg langt unna, var det bank (1852-1933), trygdekasse og heradskasse. I 1896 sette postverket i gang landpostrute langs vegen, og eit par år seinare blei det tilsett faste vegvaktarar på bygdevegane. Dermed fall det gamle pliktarbeidet bort, men snøbrøyting om vinteren var framleis ei oppgåva for bøndene. NYTT BYGDESENTER OG NYE VEGAR I 1924 blei Folkestadbrua opna og same året kom jernbanen til Bø. Bø-gata hadde alt før dette utvikla seg til eit handelssenter i konkurranse med Oterholt, og no blei dette det nye store trafikk-, skule- og handelssenteret i Bø. Dermed fall trafikkgrunnlaget for vegen over Hellos bort. I 1935 blei vegen lagt ned som offentleg bygdeveg og ”lagt ut til alminneleg bruk for dei interesserte”. Etter kvart blei brudekket på Haugesagbrua så dårleg at det måtte rivast. I 1977 la Bø Turlag ei enkel gangbru på dei gamle brukara. VEG I EIT OPE KULTURLANDSKAP På slutten av 1800 talet gjekk vegen gjennom eit ope kulturlandskap. Her låg to Hellosplassar og to Haugesagplassar. Husdyra på Folkestad beita her nede. Tett inntil vegen låg eit bakeri. Oppe i Hellebekk var det sag, beinmølle og kvern. Da plassane blei fråflytt og folk og husdyr blei borte, kom skogen tilbake. Men steingardane og tuftene etter plassar og verksemder er synlege spor frå ei anna tid - og bygdevegen er blitt kultursti. Kulturstien er blitt til i samarbeid mellom Bø Turlag og Bø Museum med økonomisk støtte frå Fylkesmannen, Bø reiselivslag, Bø Sparebank og rentemidlar frå skogavgifta.