Les meir om Haugesagplassane

Download Report

Transcript Les meir om Haugesagplassane

HAUGESAG
Det var to Haugesagplassar - ein gammal plass
med jord og husdyr som låg på sørsida av
bygdevegen, og ein mindre og nyare plass utan
jord som låg på nordsida av vegen. Den siste var
meir ein arbeidarbustad enn ein plass. Begge
plassane låg under Oterholt. Haugesag blei
sjølvstendig eigedom i 1936. Bare tuftene står att.
EI TENESTEJENTE FORTEL
Johanne var eldste dotter til Hans og Ingeborg. Ho
var 15 år da mora døde. I ei samtale med Alf
Moestue fortel ho om barne- og ungdomstida på den
minste av dei to Haugesagplassane.
Om stua på Haugesag:
”Stua på Haugesag hadde bare ett rom. Sjølve stua var tømra,
NAMNET
Da den første saga blei bygd i Haugesagfossen, heitte
denne fossen Storhaugfossen. Namnet kom truleg frå den
store haugen som er ein markert terrengformasjon like
inntil fossen. Da saga kom på overgangen mellom 1500og 1600-talet, fekk ho namnet Haug-sag. Etter dette fekk
fossen namn etter saga og blei heitande Haugesagfossen
og plassen blei heitande Haugesag. Det hører med til
historia at Storhaug har endra namn til Rundhaug eller
bare Haugen.
SAGMEISTERBUSTAD
I 1616 blei Haug-sag forpakta til Skiensborgarar. Ein av
dei, Nils Herø, var sagmeister og busette seg like ved saga,
og dermed var kanskje utgangspunktet for den seinare
busetnaden på Haugesag lagt. Det er ikkje umuleg at
plassen har vore i bruk utan avbrot heilt opp mot vår tid,
men dette veit vi ikkje noko sikkert om. Det kan vere
tufta etter stua til Nils Herø vi finn tett inntil Rundhaug.
og taket var tekt med jord. Jeg hugser at det voks langt gras på
taket. ”
”Vi fraus aldri, for stua var varm og ved var det nok av, og når vi
fyra på åren og i kokeomnen, blei det varmt i rommet. Noe
bord hadde vi ikke, men ei skive som hang på veggen og som vi
tok ned når vi skulle ha mat.”
Om kosthold:
Stua på Haugesagplassen skil seg klart ut frå andre plasstuer. Den var bygd i to fulle etasjar
med utvendig trapp på langveggen. Inne var det to rom i kvar etasje.
Rundt tunet finn vi elles tufter etter fjøs med skåle og løe og dessutan to kjellarmurar som
vender mot Juvsåa. På den eine muren sto det eit hønsehus, den andre som blei nytta til stall,
hadde tak rett på muren.
Teikning: Tone Telnes
EI TENESTEJENTE FORTEL
”Det var dårlig med mat heime hos oss. Vi kunne få ei
kakuskive om morran med litt sirup på, eller noe surprim. Fikk
vi smør på kakuskiva, var det gilde greier og stor stas.”
”Lite mat var det støtt, og noe ekstra stas blei det ikke gjort
høgtidshelgjin. Det eneste var julekvelden, for da fikk vi
bresselkaku med søt mjølk og lutefisk.”
Om klede:
”Unger fra husmannsplasser hadde aldri undertøy. Jentene
gikk i verkenstakk og tresko. Når det var mye snø, subba
stakken ned i snøen, og det blei en iskant nederst. Den gnog
bak på leggen så det blei sår.”
Johanne var eldste dotter til Hans og Ingeborg. Ho var 15 år da mora døde. I ei samtale
med Alf Moestue fortel ho om barne- og ungdomstida på den vesle Haugesagplassen.E
I 1835 kom det nye folk til plassen. Det var Sveinung
Jonsson og kona Asberg. Dei blei verande her til 1854 da
dei reiste til Amerika med dei 4 borna sine.
Ved folketeljinga i 1865 budde det fem kvinner på
Haugesag. Det var husmannskona Anlaug Torsdtr, 72 år og
enke. Losjerande Gunhild Torkildsdtr 51 år og dottera
Kjersti 32 år. Losjerande Helge Gregersdotter 50 år enke
og dottera Ingeborg 23 år. Desse 5 kvinnene hadde 1 ku, 2
sauer, 5 geiter og dyrka bygg, havre og poteter. Det var to
bustadhus på Haugesag på denne tida.
Stua til sagmeister Nils Herø slik den kan ha sett ut.
Teikning: Tone Telnes
HUSMANNSPLASSEN
Etter at Nils Herø flytte frå Haugesag, veit vi ikkje noko
sikkert om busetnaden på plassen før mot slutten av
1700-talet. Da budde Kittil Kittilson Haugesag og kona
Anne her. Son deira, som og heitte Kittil, og kona Kari
hadde 12 barn som alle var født på Haugesag.
Det var slekta til den nåverande eigaren som flytte hit
etter dette. I 1875 budde Olav og Gunnhild Haugesag her.
Haugesag hadde på denne tida utvikla sg til å bli ein god
plass. Saman med andre inntekter ga nok plassen etter
datidas krav gode levekår for familien.
Dottera Ingeborg fekk plassen etter foreldra. Ho gifte seg
med Petter Edvin Blekkan frå Trondheim. Dei fekk fem
barn. Eldste sonen Tollef og kona Ragnhild tok over
plassen. Dei kjøpte Haugesag i 1936, men hadde da flytta
til Storemyr. Haugesagplassen har seinare stått tom og
husa er borte.
HUSMANNSSTUA
I 1870-åra blei det etablert ein ny husmannsplass på
Haugesag. Husestaden låg under bakken like nord for
den gamle bygdevegen. Det var Hans Aslakson
Bergskås og kona Ingeborg som bygde her. Plassen var
liten, dei hadde ikkje dyr, men dyrka litt kål og gulrøter
og fekk sette poteter på ein nabogard. Litt matauke blei
det av fiske i Juvsåa, og eit år hadde dei ”vårgris”.
Hans dreiv ”beimølla” i Hellebekk, men for det meste
arbeidde han på Oterholt. Om hausten kunne det bli
litt forteneste av å fare rundt på gardane og slakte. Om
vinterkveldane sat han heime og laga skinnfellar,
hudsko og tresko for folk. Ingeborg strikka sokkar og
vottar. Noka stor forteneste blei det nok ikkje av
kveldsarbeidet til dei to.
Ingeborg blei 46 år gammal. Da ho døde i barselseng i
1890, etterlet ho seg ein barneflokk på 5 medrekna
den nyfødde. Hans som da var 76, døde to år seinare.
Barna blei sett bort på gardar i bygda.
”Om sommeren gikk vi barbeint, fra tidlig om våren til langt ut
på høsten, så lenge det gikk an å gå uten sko. Og så var det å ta
fram treskoa.”
Om å gjete:
”Jeg var ikke mer enn sju år da jeg måtte ut å gjete. I den første
plassen min gjette jeg fem kuer og ni sauer og fikk 20 øre
dagen – eller var det for veka, det hugser jeg ikke. Ja, så fikk
jeg kosten. Jeg var ute heile dagen og fikk med meg noen
kakuskiver i ei fille.”
”Jeg var så trøtt mange ganger at jeg ikke visste mi arme råd.
Verst var det når jeg måtte opp klokka tre. Når kretura hadde
beita ei tid, pleide de å legge seg. Da gikk jeg bort til bjellekua,
stakk armen min under klaven og la meg til å sove. Når
bjellekua reiste seg, blei jeg vekt.”
Om å vere barnejente:
”Om vinteren var jeg bångjule. Jeg begynte med det vinteren
etter at jeg hadde vært ute første gang som hjuringjente. - - - Den ene dagen gikk jeg på skolen, og neste, når jeg var fri,
passa jeg ungene. Jeg fikk noen øre for dagen og kosten”
Kulturstien er laga i samarbeid mellom
Bø Museum og Bø Turlag
med økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Telemark, Bø
reiselivslag, Bø Sparebank og rentemidlar frå skogavgifta.
HAUG-SAG
Ei av dei første sagene i Bø sto her i Haugesagfossen. I 1610 var dette den største saga i
bygda, men nokre tiår seinare låg ho øyde,
og kom ikkje i drift seinare. På 1700-talet
kom det opp ei mølle i fossen, og på 1800talet fekk mølla ei vadmålstampe til nabo.
Saghuset til dei gamle oppgangssagene var oftast ein
enkel reisverkbygning utan
bordkledning, men med tak.
Teikninga viser saga slik ho
kan ha sett ut. Plasseringa av
sag, mølle og stampe er
usikker. Alle spor og fundament er borte for lenge sidan.
Det som ikkje elva har teke
med seg i flaum er truleg
nytta til skådammane som
seinare er sett opp i samband
med fløytinga
HAUG-SAG
På slutten av 1500-talet og byrjinga av 1600-talet var
etterspurnaden etter tømmer og skorne materialar stor
ute i Europa. Skogane rundt dei norske utskipingshamnene blei snart uthogde for sagtømmer, og ein tok til å
bygge sagbruk innover i landet. Som ei følgje av denne
utviklinga blei det bygd fleire sager i Bø. Den første
oversikta vi har er frå 1610. Da blei det registrert 5 sager i Bøelva og ei av desse var Haug-sag i Haugesagfossen.
Tekning: Tone Telnes
Det var Skiensfolk som var eigarar av saga. Ein av eigarane, Jan Trinepol, var borgarmeister i Skien. Nils
Herø var sagmeister og medeigar. Han busette seg tett
ved saga og var såleis den første som budde på Haugesag.
Etter opplysningane frå 1610 var Haug-sag den største
i bygda. Skattelistene fortel at saga skar 1200 bord det
året. Etter kvart blei det dårlegare tider og fleire sager
blei lagt ned. Vi veit at Haug-sag framleis var i drift i
1634, men rundt 1650 var det bare ei sag igjen i Bøelva, og det var Nysag i Sagafossen.
Dagproduksjonen oppgangssaga var ikkje stor. Ein
reknar at produksjonen var tre-fire stokkar om dagen,
og at ein fekk seks-sju bord av kvar stokk.
KRUMTAPP OG VEIVSTONG
Dei eldste oppgangssagene var handrivne og kom truleg i bruk før 1500. Utpå 1500-talet blei dei erstatta av
vassdrivne sager. Det var nødvendig med eit fall på om
lag 4 meter for å drive vasshjulet
(underfallshjul) til ei slik sag. I enden av akslinga til
vasshjulet var det plassert ein krumtapp eller sveiv, og
til denne var det festa ein veivaksel som øverst var
kopla til saggrinda der sagbladet var festa. For kvar
omdreining vasshjulet og krumtappen gjorde, blei sagbladet skuva opp og ned. Til Noreg kom krumtapp og
veivaksel saman med oppgangssaga og innebar ein
heilt ny teknologi her til lands.
MØLLE OG STAMPE
Etter at saga var lagt ned, kom det nye verksemder i
Haugesagfossen. I ei opplisting frå 1723 ser vi at det
hadde kome opp ei mølle. Mølla som hørte til Søndre
Oterholt, hadde to kvernsteinar. Kor lenge denne mølla
sto her, veit vi ikkje sikkert, men i 1819 hadde ho fått
ein granne i ei ny vadmålstampe.
SKÅDAMMAR
Dei kraftige steinmurane som vi ser langs fossen er
skådammar, eller skjermar, som er bygd for å hindre at
tømmerstokkane skulle sette seg fast i fossen. Dammane var solid bygd. Det hendte likevel at fossekrafta
blei for mektig. I 1909 blei den tømmerkistedammen
som sto i Haugesagfossen den gongen erstatta med
ein kraftig steindam. Delar av denne blei likevel øydelagt i storflaumen i 1927 og blei seinare reparert med
betong.
Kulturstien er blitt til i samarbeid mellom
Bø Turlag og Bø Museum
med økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Telemark, Bø reiselivslag, Bø Sparebank og rentemidlar frå skogavgifta.