Oppsummering - Ope møte om Fv 55 Esefjorden 16.01.2013

Download Report

Transcript Oppsummering - Ope møte om Fv 55 Esefjorden 16.01.2013

Fv 55 Esefjorden
Oppsummering av ope møte 16.01.2013
Møtestad:
Kviknes hotel
Møtetidspunkt. Kl 18:00 - 20:00
Deltakarar:
Ca 90 frammøtte.
Innleiing
Ordførar Harald N. Offerdal ynskte alle velkomen. Gjekk gjennom agenda for møtet, og presenterte
innleggshaldarane.
Presentasjonar
1.
Arbeidet med RTP for Sogn og Fjordane v/Ole Ingar Hagen Hæreid
Eigen presentasjon (vedlegg)
2.
Bakgrunn og føresetnader for kommunen si handtering av saka v/Arne Abrahamsen
Eigen presentasjon (vedlegg)
3.
Statens vegvesen si utgreiing av Fv. 55 v/Olav Svangstu
Eigen presentasjon (vedlegg)
Oppsummering av innspel
Det var opna for innspel og spørsmål frå salen. Desse er kort oppsummert:
Bjørg Bjøberg
Esefjorden er vakker – må ta vare på den. Var i mot bru, er for no. Bevar fjorden og fjordbotnen. Ei bru
lengre ute vil ikkje øydelegge.
Britt T. Kvalheim
Er samd med Bjørg. Ynskjer ikkje 60-sone ved Bakkaviki.
Erland Fagermoen
Sist gang gjekk ein politisk her i kommunen for rassikring/utbetring av vegen gjennom stegvis
utbygging. Opplysningane i dag gjer det klart. Vel bru!
Kai Vidar Myrhol
Er eit bu og arbeidsområde. Treng kortast mogeleg avstand. Få nye pendlarar.
Harald N. Offerdal
Viktig med sikring av Esefjorden. Også viktig med ferjefrekvens.
Ole Jonny Grøneng
Kvifor er det ikkje rekna på rasoverbygg no som i 1995?
Olav Svangstu
Rasoverbygg er lite aktuelt i dag fordi det er stor risiko ved bygging. Skapar ustabilitet i massar i
anleggsperioden. Rasoverbygg er også dyrare enn tunnel i fast fjell.
Britt Grimelid
I min tanke var bru eit langt dyrare alternativ. Kor trygt er kostnadsoverslaget på bru?
Olav Svangstu
Stor usikkerhet også på bru. Er ei kalkyle pr. m2. Kan i dag ikkje sikkert seie om bru eller rassikringa av
Kjenesskreda isolert sett vert rimelegast. Men kan med stor sikkerhet seie at bru vert rimelegare enn
rassikring av Kjenesskreda og utbetring av vegen Esebotn-Bakkaviki samla.
Bjørg Bjøberg
Er det eit krav om at vegar som er med i Nasjonal turistveg ikkje skal ha tunnelar?
Olav Svangstu
Nei.
Hanna Menes
Er Bompengar utgreidd?
Harald N. Offerdal
Berre lufta, ikkje vurdert nærare.
Sigurd Kvikne
Er overraska over tala. Bru peiker seg ut.
Korleis vert det med ferje og ferjefrekvensar?
Harald N. Offerdal
Er riksvegsamband. Nytt anbodsgrunnlag er under utarbeiding. Prøver å påverke dette, og få 30 min
avgangar.
Ingvar Åberge
Viser eige forslag til løysingar. Bygge bru med utfylling av massar frå kvar side eit godt stykke ut i
fjorden. Så ein låg brukonstruksjon midt i fjorden.
Arnstein Menes
Prosess. Må la dette synke inn. Så må vi ta ei avgjerd lokalt. Og det er då den virkelege kampen startar!
Då må vi jobbe målretta, stå samla og skape alliansar for å få gjennomslag og prioritet!
Harald N. Offerdal
Støttar dette. Viser til døme med Sognebåten. Har klart å skape alliansar og få ei løysing på denne for
ei tid. Men det går ikkje lang tid før politikarar i andre delar av fylket ynskjer midlane til sine prosjekt..
Marta Kvikne
Status med omsyn på rasmidlar?
Arnstein Menes
5. plass på prioriteringslista. Kan komme i betraktning i 2017-18, men ny liste vert vurdert i samband
med Regional transportplan 2014-23.
Britt Grimelid
Ramme for rasmidlar?
Ole Ingar Hagen Hæreid
Ca 500 mill. kr i året på landsbasis. Så langt ca. 70-90 mill. kr i året til Sogn og Fjordane. Aner ingenting
om kor mykje fylket får i åra som kjem. Sjølv om administrasjonen er positiv til å nytte rasmidlar til bru
dersom det sikrar vegen tilsvarande, veit vi ikkje om fylkespolitikarane er samde eller om Staten
godtek dette.
Kari Maria Rutle Fjærestad
Ved rassikring vil utbetring skje stegvis og over lang tid. Dette bety lang anleggsperiode med mange
ulemper for dei vegfarande. Ei bru vil gje ein kort anleggsperiode med små ulemper.
Erland Fagermoen
Kommunen gjekk i 1996 for rassikring utbetring av vegen fordi det var tilrådd frå Statens vegvesen og
vist til at det med dette var mogeleg å få til ei stegvis utbygging. Ingenting har skjedd likevel!
Opplysningane i dag gjer det klart. Vi må velje ny strategi. Vel bru – og kjør på!
Gunnar Vervik
Ei bru bør vere så låg som mogeleg. Eit flytebru kan vere eit alternativ – kanskje litt lengre inn i fjorden.
Klima endrar seg – og vi får meir ras fleire stader, t.d. Bakkaviki.
Svein Arne Skuggen Hoff
Bør utarbeide kommuneplan uansett. Bør då ha med begge alternativ for å avklare løysingar og
haldningar.
Harald N. Offerdal
Må komme fram til eit vedtak. Dette er min jobb.
Britt Tone Kvalheim
Må få eit vedtak. Og alle må så jobbe for å få dette gjennomført.
Harald N. Offerdal
Er inne i ein fagleg vurdering. Må jobbe for Fv. 55. Må også vere edrueleg i forhold til tidspunkt – og
det er snakk om store summar.
Ingvar Åberge
Det er snakk om nær ein halv milliard. Håper vi kan vere kreative og få fram løysingar til ein fjerdedel
av prisen.
Harald Offerdal
Prisen vil nok truleg gå noko ned, jf. stor usikkerheitsmargin og mva som Fylkeskommunen får att.
Men det er framleis store summar – og mange vi må kjempe mot. Kommunen vi no avklare sitt
standpunkt og så må vi alle jobbe for å få det til!
Referent
Arne Abrahamsen
Kommunalsjef, tekniske tenester