BLS-lova - Bygdelagssamskipnaden

Download Report

Transcript BLS-lova - Bygdelagssamskipnaden

Lover for BLS - vedteken på Årsmøte 24/3-2014 s. 1

LOV FOR BYGDELAGSSAMSKIPNADEN (BLS)

Vedteken på årsmøtet i BLS 24/3-2014. Godkjend av styret i landslaget (NU) 13/6-2014. § 1. FØREMÅL Bygdelagssamskipnaden er ein samskipnad av frilynte ungdomslag i Oslo og Akershus. Samskipnaden er partipolitisk nøytral. Styringsmålet for samskipnaden er nynorsk. Samskipnaden vil arbeide for folkeleg opplysning på fullnorsk grunn. Samskip naden vil ta vare på norsk kultur, tradisjon, sed og skikk. Samskipnaden vil arbeide for samhald og samarbeid mellom ungdommen. Samskipnaden vil arbeide for å gjere tilhøva best mogeleg for innflyttarungdommen i Oslo og Akershus. § 2. FORHOLDET TIL NOREGS UNGDOMSLAG Samskipnaden er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag, og rettar seg etter lovene, føresegnene og prinsipprogrammet til landslaget. § 3. MEDLEMSKAP Ungdomslag i Oslo og Akershus som har minst 5 medlemmer over 14 år, som vil arbeide for samskipnaden sitt føremål, som vil rette seg etter samskipnaden sine lover og føresegner, og som har lover som styret i samskipnaden har godkjent, kan vere med i samskipnaden. Styret i samskipnaden kan godkjenne utmelding av lag etter reglane i lova til landslaget. § 4. STYRET — OPPGÅVER OG MYNDE Styret skal leie den daglege verksemda i samskipnaden, i samsvar med lova og vedtak av årsmøtet. Styret gjer alle vedtak som i lova ikkje er lagde til andre organ. Styret representerer samskipnaden utetter og teiknar Bygdelagssamskipnaden sitt namn. Leiaren saman med anten nestleiar eller ein annan fast styremedlem teiknar òg namnet. Styret kan gje ein eller fleire styremedlemmer, nemnder, andre tillitsvalde, tilsette eller kontraktspartnarar fullmakt som styret meiner trengst i det daglege arbeidet til å handle på vegner av laget. Fullmakta kan når som helst kallast tilbake. § 5. STYRET — SAMANSETTING, MØTE OG VEDTAK Styret skal ha leiar og fire medlemmer. Styret vel sjølv nestleiar blant styremedlemmene. Ansvarsområdet for kvar styremedlem går fram av styringsføresegnene, om ikkje styret vedtek noko anna.

Lover for BLS - vedteken på Årsmøte 24/3-2014 s. 2 I tillegg til varamedlemmen som er nemnd i § 8, kan årsmøtet velje inntil fire varamedlemmer, som blir kalla inn til styremøte i nummerorden. Reglane om styremedlemmer gjeld også for varamedlemmer når desse går inn som styremedlemmer. Styremøte skal haldast så ofte det trengst for å leie og kontrollere samskipnaden. Leiaren kallar inn til styremøte. Ein styremedlem eller varamedlem kan krevje at styret skal kallast saman. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene, mellom dei anten leiar eller nestleiar, er til stades. Styremedlemmene skal røyste når dei ikkje er ugilde. Står røystene likt, er røysta til leiaren avgjerande. Styret skal føre protokoll frå møta sine. Protokollen skal underskrivast av dei frammøtte styremedlemmene. § 6. GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE Eventuell godtgjersle til styremedlemmer og andre tillitsvalde skal fastsettast av årsmøtet. Godtgjersla skal vere fastsette pengesummar for avgrensa tidsrom. Valnemnda gjer framlegg for årsmøtet om dette. § 7. EIGEDOM Samskipnaden eig Nordahl Bruns gate 22, gnr. 208/bnr. 465 i Oslo kommune. Kjøp og sal av fast eigedom eller part i eller annan rett i fast eigedom kan berre skje etter vedtak på eit årsmøte med 2/3 fleirtal. § 8. DRIFT AV EIGEDOMMEN — EIGEDOMSNEMND Samskipnaden har ei eigedomsnemnd som skal syte for den daglege drifta av samskipnaden sine eigedommar, slik det går fram av styringsføresegnene, og i samsvar med vedtak av årsmøtet og styret. Nemnda er sett saman av styremedlemmen som er eigedomsansvarleg, ein nestleiar og ein medlem. Nestleiar i nemnda er personleg varamedlem til styret for eigedomsansvarleg styremedlem. § 9. AKTIVITETSLEIARAR OG ANDRE NEMNDER Til hjelp i lagsarbeidet kan det oppnemnast aktivitetsleiarar og eventuelt nemnder for kvar arbeidsgrein, slik det går fram av styringsføresegnene. Årsmøtet avgjer kor mange aktivitetsleiarar og nemnder samskipnaden skal ha. Styret skal leggje til rette for arbeidet og kan gje instruksar for det. Aktivitetsleiaren for arbeidsgreina skal vere leiar i nemnda. Nemndene skal elles vere samansette slik styringsføresegnene seier.

Lover for BLS - vedteken på Årsmøte 24/3-2014 s. 3 § 10. LEIARMØTE Leiarmøtet er sett saman av styret for samskipnaden, leiarane i kvart lag og leiarane i særlag i laga og i fylkeslaget og aktivitetsleiarane. Har ein leiar forfall, møter ein annan tillitsvald i laget. I tillegg kan ein frå kvart lag og særlag i samskipnaden møte, med talerett, men ikkje med framleggs- eller røysterett. Leiarmøte vert halde når styret finn det nødvendig, men minst to gonger i året, eller når minst 1/3 av laga krev det. Innkalling med sakliste og sakstilfang skal sendast til laga minst to veker før møta. Leiaren i samskipnaden, eller den møtelyden vel, styrer møtet. Leiarmøtet drøftar og tek avgjerd i saker som styret i samskipnaden eller eit lag legg fram. Møtet kan òg velje utsendingar til årsmøte o.l. Saker som skal avgjerast, lyt stå på den utsende saklista. Styret er bunde av vedtak gjorde av leiarmøtet i slike saker. Leiarmøtet kan ikkje endre vedtak gjorde på årsmøte med mindre årsmøtet har gjeve løyve til det. Andre saker kan drøftast av møta, men det kan ikkje gjerast vedtak som er bindande for styret i samskipnaden eller for laga i slike saker. § 11. VALNEMNDA Valnemnda bør vere på 5, men må ha minst 3 medlemmer, som vert valde på leiarmøte innan utgangen av november. Leiarmøtet kan avgjere at bestemte lag skal stille med representantar i nemnda, eventuelt etter ei fordelingsordning. Nemnda kjem med framlegg på dei tillitsfolka som årsmøtet skal velje, og om eventuell godtgjersle etter § 6. Framlegget skal gjerast kjent for laga minst to veker før årsmøtet. Nemnda skal sjå til at tillitsverva så langt råd er vert delte likt mellom jenter og gutar. § 12. ÅRSMØTE – TID, SAKSFRAMLEGG OG INNKALLING Årsmøtet vert halde i mars. Årsmøtedagen skal kunngjerast for laga innan 1. desember året før. Framlegg om saker til årsmøtet må vere komne til styret i samskipnaden før 25. januar. Rett til å gjere framlegg om saker for årsmøtet, har kvart av medlemslaga, særlag, styret og styremedlemmer i samskipnaden, styret og styremedlemmer i medlemslag og særlag og medlemmer av faste nemnder i samskipnaden. Styret kallar inn til årsmøte. Innkalling med sakliste skal sendast til laga og til innmelde utsendingar ein månad før årsmøtedagen. Årsmelding med rekneskap og anna sakstilfang skal sendast til dei same 14 dagar før årsmøtedagen.

Lover for BLS - vedteken på Årsmøte 24/3-2014 s. 4 Innkallinga skal innehalde dei sakene som skal handsamast på årsmøtet, i samsvar med § 13. Dersom ei sak er meld til rett tid, pliktar styret å sette henne opp på saklista. Styret avgjer elles kva det vil sette opp på saklista som vert send ut saman med innkallinga. § 13. SAKER OG VEDTAKSMYNDE PÅ ÅRSMØTET Årsmøtet har øvste myndet i laget. Årsmøtet skal handsame årsmelding, rekneskap og budsjett. Årsmøtet fastset årspengane som laga skal betale til samskipnaden for det neste kalenderåret etter årsmøtet. Årsmøtet vedtek eit 2-årig arbeidsprogram, som kan endrast av årsmøta i perioden. Årsmøtet vel styre, nemnder og revisor. Eit årsmøte kan elles berre gjere vedtak i saker som er direkte nemnde i innkallinga. For å fatte vedtak om endringar i lovene eller i andre saker som krev kvalifisert (2/3) fleirtal, må i tillegg hovudinnhaldet i forslaget stå i innkallinga. § 14. UTSENDINGAR Lag som har sendt årsmelding til rett tid og betalt årspengar for året før årsmøtet, har rett på utsendingar til årsmøtet. Laga har rett på to utsendingar for opp til og med 50 medlemmer. Lag med 51 til og med 75 medlemmer har rett til tre utsendingar, og deretter ein for kvar påbyrja 25. medlem. Ikkje noko lag har rett til meir enn 10 utsendingar. Berre medlemmer det er betalt årspengar for innan utgangen av desember året før, skal reknast med ved utrekning av talet på utsendingar. Utsendingane skal veljast på lagsmøte eller årsmøte i laget eller av styret i laget dersom siste årsmøte før utpeikinga har gitt styret fullmakt til å oppnemne utsendingar. Laget skal melde inn utsendingar til styret i samskipnaden seinast ei veke før årsmøtet. Utsendingane må ha betalt kontingenten for det året årsmøtet vert halde eller det føregåande året. Ein utsending kan ikkje møte ved fullmektig. Styret peikar ut ei fullmaktsnemnd blant utsendingane. Denne nemnda skal før årsmøtet kontrollere om utsendingane oppfyller krava til å vere utsending. Nemnda legg fram resultatet av arbeidet sitt for årsmøtet. Tvilsspørsmål om retten til å vere utsending skal avgjerast av årsmøtet når møtet blir konstituert. § 15. MØTEREGLAR FOR ÅRSMØTE Kvar utsending og medlemmer av styret i samskipnaden har møte-, tale-, framleggs- og røysterett på årsmøtet, kvar med ei røyst. Årsmøtet kan gje andre rett til å vere til stades og til å uttale seg.

Lover for BLS - vedteken på Årsmøte 24/3-2014 s. 5 Årsmøtet vel møteleiar(ar) og referentar. Møteleiaren skal syte for at det vert ført protokoll over alle saker som blir handsama og alle vedtak som årsmøtet gjer. Protokollen skal underskrivast av referentar, møteleiar(ar) og av minst to utsendingar utpeika av årsmøtet. § 16. VAL OG ANDRE VEDTAK Medlemmer av styret vert valde av årsmøtet ved særskilt val. Leiaren i styret vert vald for eitt år. Dei andre medlemmene i styret vert valde for to år, slik at halvdelen er på val kvart år. Medlemmer i eigedomsnemnda og andre nemnder vert valde for to år, slik at halvdelen er på val kvart år. Varamedlemmer til styret og aktivitetsleiarar vert valde for eitt år. Kvar av dei nemnde kan avsettast frå vervet i funksjonstida ved vedtak av årsmøtet. Er det i leiarvalet røysta på to eller fleire, skal det vere omval når ingen har fått meir enn halvparten av røystene. Får ingen meir enn halvparten andre gongen, skal det vere røysting mellom dei to som fekk flest røyster. Den som no får fleirtal, er vald til leiar. Står røystene likt ved val, vert valet avgjort ved loddtrekking. Blanke røyster tel ikkje ved val. I andre saker enn ved val, der ikkje anna er nemnt, vert vedtak gjort med vanleg fleirtal av røystene. Står røystene likt ved omrøysting, skal det haldast ny omrøysting. Er røystene framleis like, skal saka avgjerast ved loddtrekking. Ei røysting skal vere skriftleg når ein utsending krev det, og alltid når det ved val er framlegg på fleire enn det som skal veljast. § 17. OMFRAMT ÅRSMØTE Omframt årsmøte kan haldast etter vedtak av styret, leiarmøtet, årsmøtet eller når minst 1/3 av laga krev det, til handsaming av ei eller fleire særskilde saker. § 12 andre ledd andre punktum og tredje og fjerde ledd, § 13 første og tredje ledd og §§ 14–16 gjeld også for omframt årsmøte, så langt dei passar. Dersom det trengst, kan omframt årsmøte kallast inn med minst 14 dagars varsel. § 18. ÅRSMELDING FOR BLS Samskipnaden si årsmelding for det siste kalenderåret skal etter handsaming i årsmøte sendast til landslaget innan 1. april. § 19. VERKSEMDA I MEDLEMSLAGA Styret i samskipnaden pliktar å fylgje med i arbeidet i medlemslaga og skal så langt råd er, hjelpe til så laget kan arbeide aktivt for sitt eige føremål og samskipnaden sitt føremål.

Lover for BLS - vedteken på Årsmøte 24/3-2014 s. 6 Kvart lag i BLS skal halde årsmøte i samsvar med si eiga lov. Dersom det går meir enn 1 1/2 år utan at eit lag har halde årsmøte, kan styret i samskipnaden kalle inn til årsmøte i laget. Kvart lag i BLS skal sende årsmelding for siste kalenderåret til samskipnaden innan 1. mars. Endring av lovene til laga gjeld berre med godkjenning av styret i samskipnaden. § 20. DRIFTSSTANS ELLER NEDLEGGING 1 Dersom drifta i eit lag stansar eller dersom laget vert lagt ned, skal styret i samskipnaden ta vare på laget si eige i 15 år, så sant laget si lov ikkje fastset noko anna. Styret i samskipnaden pliktar å arbeide for at drifta i laget vert teken opp att.

Styret kan ta dekning i eiga for nødvendige utlegg med forvaltninga av laget si eige. Delar av eiga kan etter vedtak av styret i samskipnaden òg brukast til særlege tiltak sette i gang av laget og som held fram etter nedlegginga, når det er i samsvar med laget sitt føremål, og det er forsvarleg ut frå ønsket om framtidig verksemd i laget.

Vert ikkje arbeidet teke opp att etter 15 år, skal eiga til laget nyttast slik lova i laget fastset. Dersom lova i laget ikkje seier noko om dette, skal eiga nyttast i samsvar med føremålet til samskipnaden. Samskipnaden kan ikkje leggjast ned når minst 3 lag er imot det og vil halde fram med arbeidet. Dersom samskipnaden vert lagd ned, eller han skifter føremål og ikkje lenger kan stå i landslaget, skal styret i landslaget ta vare på samskipnaden si eige i 15 år. Styret i landslaget pliktar i denne perioden å arbeide for at drifta i samskipnaden vert teken opp att. Vert ikkje arbeidet teke opp att i samskipnaden etter 15 år er gått, skal eiga nyttast til beste for landslaget. § 21. LOVENDRINGAR Denne lova kan eit årsmøte i samskipnaden endre med 2/3 fleirtal når framlegg til lovendring med grunngjeving er gjort kjent for laga minst ein månad før årsmøtet, etter reglane i § 12, jfr § 13 tredje ledd andre punktum. Lovendringa gjeld berre med godkjenning av styret i landslaget. 1 Vedtaket om ny §20 (= om endring av tidligere § 20) er ifølge vedtak av styret i NU 13/6-14

ikke godkjent.