Forsikring av skoleelever

Download Report

Transcript Forsikring av skoleelever

Forsikring av skoleelever
INFORMASJON OM FORSIKRING AV ELEVAR
Dette faktaarket gir ei kort oversikt over forsikringar som gjeld for elevane ved
dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune
1. Ulykkesforsikring skoleelevar
Dekninga gjeld:
I undervisningstida
På ekskursjonar
På reiser, stevner og liknande
I friminutta
På direkte veg til/frå skole/undervisningsstad
På direkte veg mellom to undervisningsstader
Ved utplassering i arbeidslivet når det inngår
som ledd i undervisninga (i tillegg til eventuell
yrkesskadeforsikring, sjå punkt 2)
Erstatningssummar:
Ved død 1 G (grunnbeløp i folketrygda)
Ved 100 % medisinsk invaliditet 10,0 G
Behandlingsutgifter inntil kr 50.000
2. Yrkesskadeforsikring av
elevar ved utplassering
Lov om yrkesskadeforsikring gjeld ved personskader
påført arbeidstakarar hjå arbeidsgivarar. Arbeidsgiver
pliktar å teikne yrkesskadeforsikring til dekning av
yrkesskade og yrkessjukdom.
Lov om yrkesskadeforsikring er ufråvikeleg, og plikta
til å teikne forsikring kan ikkje overførast til andre.
Elevar vert rekna som arbeidstakar fordi dei utfører
arbeid i arbeidsgivar si teneste og skal difor omfattast
av bedrifta si yrkesskadeforsikring.
Dei aller fleste bedrifter har forsikringar som omfattar
alle arbeidstakarar i verksemda utan å oppgi arbeidstakar sitt namn. Det vil difor ikkje vere nødvendig for
bedrifta å teikne eigen forsikring for desse.
For at det ikkje skal vere tvil om det føreligg forsikring
for elevane når dei er i arbeidstrening har Hordaland
fylkeskommune for sikkerheits skuld teikna ei yrkesskadeforsikring som vil gjelda dersom bedrifta si ordning likevel ikkje skulle omfatta eleven eller studenten.
Enkeltmannsføretak utan tilsette kan ikkje teikne
yrkesskadeforsikring. Fylkeskommunen si yrkesskadeforsikring vil difor omfatta elevar eller praktikantar
som er utplassert hjå slike føretak.
www.hordaland.no