Last ned heile artikkelen frå Jærbladet.

Download Report

Transcript Last ned heile artikkelen frå Jærbladet.

4 | ONSDAG 22. OKTOBER 2014
KONTAKT OSS
E-post: [email protected]
Tlf: 400 07 900
SOSIALE MEDIER
Twitter: @jaerbladet
Facebook: jbl.no
Instagram: #jærbladet
NYTT
IKKJEKRISE: Depro AS på Bryne
merker at det er nedgangstider.
– Vi bruker tida til å byggje oss
sterkare og tilset fleire medarbeidarar, seier dagleg leiar Kåre
Stokkeland (t.h.) og forretningsutviklar Bernhard Brunes.
FOTO: STEINAR SANDVIK
Tenkjer
smart
for å
kome
vidare
I staden for å kutte tilset Depro AS på Bryne
fleire folk for å møte nye oppgangstider.
på 16 prosent. Men vi tener pengar
også i år. I dag har vi 51 tilsette på
Bryne og 8 i Sokndal, seier Stokkeland som sist månad tilsette ein
ny seljar.
OLJEKRISE: – Vi har f leire
førespørslar enn det vi har klart
å handtere fram til no. Å tilsette
fleire folk no handlar om å tenkje
langsiktig og kunne handtere alle
førespørslane, seier Kåre Stokkeland, dagleg leiar ved Depro AS
på Bryne. 98 prosent av bedrifta
si omsetning er oljerelatert.
Meir effektive
Det er heller ikkje svært lenge
sidan Bernhard Brunes vart tilsett
som forretningsutviklar. Han kom
til bedrifta i februar 2014 og har
bakgrunn innan elektro og automasjon.
– Vi registrerer situasjonen
rundt oss og merker det, men ikkje
så mykje som media fortel, seier
Brunes. – Situasjonen gir oss ein
unik sjanse til å spisse oss. Vi sit
ikkje passive med folda hender og
Bygger seg sterkare
Stokkeland merkar at bedrifta
tener mindre, og dei merker at
det er nedgangstider. Likevel vert
nye medarbeidarar tilsette, både
innan sal og på ingeniørsida. Og
bedrifta skal i 2015 flytte inn i nytt
bygg - mest fire gonger større enn
dagens bygg på Håland industriområde.
– Vi bruker denne tida bevisst for
å byggje oss sterkare. Målet vårt er
å ta større deler av marknaden.
Planen vår er å vekse framover.
Det er ein plan vi skal følgje.
– Vi gjorde akkurat det same i
2010. Å byggje opp organisasjonen
gjer det tryggare for dei tilsette,
og vi står sterkare i møte med
marknaden, understrekar Stokkeland som har den jærske roen
sjølv om bedrifta i dag slit med å
få opp volum.
– Prosjekta er mindre enn før,
og vi jobbar like mykje, men
innteninga er lågare. Vi forventar
eit dårlegare år i 2014 enn i 2013
då vi omsette for 186 millionar
kroner og hadde ein driftsmargin
ventar på at nye kontraktar skal
dette i hovudet vårt. Akkurat no
er vi i ferd med å byggje opp ein
meir effektiv salsorganisasjon. Og
vi er mykje ute på farten.
– No er i ute for å leite opp nye
Når ei dør vert lukka,
opnar det seg nye.
Det får vi ikkje auge
på utan at vi er der
ute.
Bernhard Brunes, forretningsutviklar Depro AS
ONSDAG 22. OKTOBER 2014 | 5
Hå KrF ønskjer sak om frikjøp av parkeringsplassar i Nærbø
Nærbø sentrum treng
fleire parkeringsplassar.
POLITIKK: I ein interpellasjon i Hå
kommunestyre torsdag kveld ber
Andreas Bjorland, KrF, ordføraren
ta initiativ til ei sak om frikjøpsordning for parkeringsplassar i Nærbø
sentrum.
– Vi ønskjer å ta vare på jorda så
godt vi kan. No ser vi at eldre og
nye prosjekt i Nærbø sentrum vert
stoppa på grunn av manglande
parkering. Sist var det renovering
av Lode-bygget, seier Bjorland.
– Over mange år har det vore
ei sterk fortetting i Nærbø sentrum. Når fleire bur i sentrum,
vert behovet for parkeringsplassar større. Mange utbyggjarar har
problem med å skafe nok parkeringsplassar, KrF-representanten
som ønskjer ei frikjøpsordning i
Hå. Ei slik ordninga kan vere at
Hå kommune byggjer eller
etablerer felles og offentleg
parkeringshus eller område der
utbyggjarar kan kjøpe seg fri frå
kravet om parkeringsplassar på
eigedommen.
Bjorland trur ei frikjøpsordning
kan gje ei meir efektiv utnytting
av parkeringsanlegg enn det
små prosjekt kan klare. Og han
nemner aktuelle plassar for parkering kan vere nær jernbanen der
det i dag ofte er vanskeleg å finne
ledig parkering.
No håper Bjorland at det blir ei
sak til politisk behandling.
Steinar Sandvik
[email protected]
– Vi har aldri hatt
så mykje å gjere
Oljekrisa bekymrar ikkje
Frank Vignes, dagleg leiar
ved Årdal Maskinering.
Frank Vignes vil ikkje avblåse
krisa i oljeindustrien. Men han
synest situasjonen er for negativt
oppblåst av media.
– Det er synd, seier Vignes. – Vi
høyrer det som er sagt, men kan
ikkje sjå at det gjeld oss. Her er
det travelt, ingen av våre kundar
ser dei store skjera i sjøen. Og vi
ser lyst på tidene som kjem.
95 prosent av produksjonen
ved Årdal Maskinering AS på
Nærbø er retta inn mot oljeservice. Dei aller fleste kundane er
norske selskap. Starten på året
var ikkje heilt etter budsjettet.
– Vi kunne godt hatt 10 til 20
prosent meir enn det vi hadde,
men det var langt frå noko krise.
For vår del snudde det i mai - juni.
No reknar vi med at årets omsetning vil ligge på jorårets nivå, i
overkant av 90 millionar kroner.
Men innteninga vert nok litt svakare, kommenterer Vignes.
I løpet av året har Årdal Maskinering investert i ein ny dreie/
frese-maskin som kan handtere meir komplekse ting. Det
gjer at bedrifta kjem inn på nye
marknader.
– Vi har ikkje vurdert å seie opp
folk tidlegare i år, seier Vignes. –
Men vi har gjort organisatoriske
endringar og slanka litt administrativt.
Frank Vignes var sist veke på
Ofshore Techonolgy Days (OTD)
i Bergen. Der opplevde han god
tru på framtida.
Steinar Sandvik
[email protected]
Liten og leksibel
Oljeindustrien betyr lite
for Klepp Mekaniske.
– Situasjonen i oljeindustrien
har påverka oss tidlegare,
men no går berre ti prosent av
produksjonen vår til oljå, seier
Tor Anders Skjæveland, dagleg
leiar i kleppbedrifta. – Vår styrke
er at vi er ei lita bedrift og ikkje
minst fleksible.
– Vi hjelper sjølvsagt til når
oljeindustrien har behov. Men
vi har andre produkt som lever
sitt liv utanfor oljeindustrien.
Satsinga på veg og infrastruktur kan vere positivt for oss, seier
Skjæveland som ser at uroa kring
oljeindustrien kan få betydning
for jærske bedrifter.
Steinar Sandvik
[email protected]
Merkar lite til oljekrisa
– Eg høyrer det er svikt,
meir enn eg kan sjå det,
seier Inge Brigt Aarbakke.
kundar og prosjekt. Så langt er
erfaringa berre positiv. Når ei dør
vert lukka, opnar det seg nye. Det
får vi ikkje auge på utan at vi er
der ute, seier Brunes og peikar
på at bedrifta også utviklar eigne
produkt.
Eigne produkt
– Vi har mellom anna utvikla ein
elektrisk kabeltrommel (TMS)
som kan brukast ned til djupne
på 4000 meter. Frå TMS-en vert
det overført straum og kommunikasjon til små undervassfartøy
(ROV) som anten arbeider eller
inspiserer anlegg på havbotnen.
Dette utstyret vart presentert på
Ofshore Technology Days 2104
(OTD) i Bergen sist veke. Mange
har vist stor interesse for dette
nye produktet.
Bernhard Brunes trekkjer fram
at bedrifta leverer komplette
løysingar så vel som hydraulikk
og elektriske styresystem.
– Vårt mål er å levere kvalitet
til avtalt tid, og ikkje minst skal
dokumentasjonen vere rett, seier
Brunes.
Lys framtid
Depro AS leverer utstyr til områda
topside, subsea og brønn. Det vil
seie utstyr på plattform, havbotnen og i brønner der det vert bora
etter olje. Det meste av bedrifta
sine kundar er nasjonale, men
leiinga vender stadig blikket ut
over landegrensene mot den
internasjonale marknaden.
– Vi har tre føter vi byggjer vårt
arbeid på, seier Kåre Stokkeland.
– Svikar den eine marknaden, har
vi framleis to bein å stå på.
Bernhard Brunes fortel om ei
svært positiv stemning på årets
OTD i Bergen.
– Som bedrift har vi absolutt
grunn for å sjå lyst på framtida,
undersrekar Brunes.
Steinar Sandvik
[email protected]
Halvparten av produksjonen
til Aarbakke AS går til internasjonale kundar, ein del som er
aukande.
– Difor merkar vi lite til det
vi høyrer vert omtala som ei
oljekrise, seier Inge Brigt Aarbakke i Aarbakke AS. – Vi har hatt
ein vanvitig auke i år. For resten
av året har vi fullt opp å gjere.
Det siste kvartalet i år vert det
beste vi nokon gong har hatt - «all
time high».
Aarbakke melder likevel om
litt kortare horisont på jobbane,
men dei største kundane har
ikkje tenkte å kutte neste år.
– Korkje frå Singapore eller
i Houston har vi høyrt bekymring. Det er kutta i Statoil som har
starta denne ballen og skapt den
lokale krisa. For oss er det heilt
uaktuelt å kutte. Denne veka
tilsette vi to nye medarbeidarar.
POSITIV: Inge Brigt Aarbakke.
ARKIVFOTO:
Aarbakke sitt langsiktige mål
er å auke med 15 prosent kvart
år. Dette året har auken vore på
35 prosent.
– Skal vi nå våre mål, må vi
også ha meir folk, understrekar
Inge Brigt Aarbakke. Han reknar
med ei omsetning i år på omlag
850 millionar kroner i år mot 628
millionar i 2013. Då var inntening
på rundt 90 millionar. For dette
året kan han ikkje antyde noko
sikkert når det gjeld overskotet
i drifta.
Steinar Sandvik
[email protected]