Nederlendar på Rekdal introduserer

Download Report

Transcript Nederlendar på Rekdal introduserer

Nr. 81 Laurdag 2. november 2013
24
Med elscooteren er ein
rekna som gåande, og
må bruke venstre side av
vegen, seier kontaktperson
Harald van de Goor.
Nytt i Noreg, berekna for rørslehemma:
Nederlendar på Rekdal introduserer
samanleggbar elscooter
Nederlendaren Hans van de Goor, som står bak Rullestol-fiskesenteret på Rekdal, arbeider for tida med
å introdusere Luggie, ein batteridriven, samanleggbar
reisescooter for den norske og svenske marknaden.
Scooteren har ei rekkevidde på
15 kilometer med fullt batteri og
har ei fart på om lag åtte km/t. Når
batteriet er tomt, tek det tre timar
å lade på nytt. Scooteren er enkel
å frakte med seg, og er berekna
for rørslehemma som ikkje er
avhengige av rullestol.
- Denne kan du legge såman på
mindre enn eit minutt, trille den
som ein trillebag og ta den med
gratis på fly. Den kan køyrast heilt
bort til flydøra før du legg den saman, seier Hans van de Goor som
blir eineimportør for den norske
og svenske marknaden.
Spent på respons
- Dette er i utgangspunktet eit
austerriksk produkt som no blir
produsert i Japan, med europeisk
importør i Nederland. Vi er heilt i
startfasen med introduksjonen av
produktet og er sjølvsagt spente
på responsen. Dette er eit heilt
nytt produkt i Noreg, men vi trur
elscooteren har eit stort potensiale
blant aktuelle brukarar. For tida er
vi i gang med å legge siste hand
på norsk bruksanvisning, og vi
arbeider med utforming av ei
nettside, seier van de Goor.
Etablere firma
I starten vil produktet som har
namnet Luggie bli forhamdla
gjennom Rullestol-fiskesenteret
på Rekdal som snart står klart
til bruk.
- Men om det går som vi ønsker
og trur vil vi sjå på mulegheiten
for å etablere eit eige firma som
skal stå for distribusjonen, seier
van de Goor.
Betre oppleving
Det er sonen Harald van de Goor
som førebels blir kontaktperson. Han bur i Noreg, snakkar
godt norsk og jobbar til dagleg
med skipsinnreiing hos VARD
Langsten.
- Nordmenn reiser veldig mykje,
også rørslehemma. For mange vil
elscooteren vere med å gjere for
eksempel handleturar og feriereiser til ei mykje betre oppleving,
seier Harald van de Goor.
Brukaren kan for eksempel senke styret så lavt at han kan høyre heilt
inn til eit bord. - Ein liten enkel detalj som er med på å auke bruksområdet, seier Hans van de Goor.
Solid konstruksjon
Fysioterapeut Bjørn Egil Gommesen på Vestnes har fått elscoo-
teren demonstrert.
- Dette ser ut til å vere eit godt
hjelpemiddel for rørslehemma
personår. Kanskje spesielt for
dei som ikkje treng rullestol, men
som har svært liten aksjonsradius.
Scooteren kan vere med å opne ei
ny verd for mange når dei bevegar
ut av heimen, og vil gi mulegheiMed nokre enkle handgrep kan elscooteren
leggast såman ogfraktast som ein trillebag.
Den kan også leverast
med eigen bag med
seks små hjul.
ten til ei heilt anna livsutfolding.
Personar som vanlegvis treng
hjelp til å bevege seg utandørs
blir sjølvhjelpte. Eg er vanlegvis
kritisk til nye produkt, men dette
er eit spennande konsept med
solid konstruksjon som ser ut til
å fungere veldig bra, seier Gommesen til Bygdebladet.