ÅRSMELDING 2013 - Jørpeland menighet

Download Report

Transcript ÅRSMELDING 2013 - Jørpeland menighet

ÅRSMELDING
2013
Visjon for Jørpeland kyrkjelyd:
OPEN KYRKJE – LEVANDE TRU
1
Jørpeland sokneråd 2013
Valde for perioden 2011-2015
Jon V. Engeland, leiar
Åshild Hus, nestleiar
Laila Steinsvik
Ivar T. Tjemsland
Tor Jan Aarstad
Knut Steinar Kvindesland
Bård Boye, sokneprest
Nordahl Idsø, vara
Gunnlaug Angell, vara
Soknerådet har hatt 9 møter og handsama 51 saker.
Menighetsmøte om ny gudstenesteordning 24.2.13.
Tilsette
Sokneprest:
Organist:
Menighetsforvaltar:
Kateket/ungdomsarbeidar:
Trusopplærar :
Kyrkjetenar:
Kyrkjeverje:
Bård Boye
Ragnvald Sørensen
Gro W. Nag
Mia Raustein
Edel Kvindesland
Jan Guttorm Sædberg,
Wenche Krogevoll,
Nordahl Idsø
Trond Hjorteland
2
GUDSTENESTER OG TAL 2013
I Jørpeland kyrkjelyd er det gudsteneste kvar søn- og helgedag,
utanom 2.-dagane i høgtidene, søndag mellom jul og nyttår, nyttårsdag
og 17. mai. Det er gudsteneste kun ein av to søndager som ligg før og
etter at skulen har vinter- og haustferie. Om sommaren er det
gudsteneste kvar tredje søndag. I alt var det 48 gudstenester i Jørpeland
kyrkje. Det vart invitert til minnegudsteneste Allehelgensdag 3.nov kl 11.
Tenestehefte: Jørpeland kyrkjelyd har mange frivillige medarbeidarar.
Tenesteheftet gir ei semesteroversikt over gudstenester og tenester
knytte til gudstenestene
Statistikk
Jørpeland kyrkjelyd
2010
2011
2012
2013
Antal døypte
89
60
84
47
Vigsler
14
20
11
16
Gravferder
54
46
41
42
Konfirmantar
72
70
80
75
Innmeldte i DnK
2
5
0
0
Utmeldte i DnK
12
1
5
2
Antal gudstenester
48
48
48
48
Gj.snitt frammøte
170
190
192
221
Gudstenester med nattverd
21
21
23
23
Gj.snitt nattverdgjester
96
92
103
120
Innkome offer
308056
304001
281620
308709
Av dette til eiga verksemd
77697
75046
85992
72025
Innkome til givarteneste
295380
298400
296800
346300
Tilskot /anna
50 000
50 000
54 683
54703
3
REKNESKAP
Jørpeland sokneråd
Lønsutgifter
Overført andre innsamla
Overført offer til andre
Andre driftskostnader
577
48
260
200
SUM UT
UT
897,00
365,50
343,50
566,48
1 087 172,48
INN
Offer til andre
Innsamla til andre
Offer til eige arbeid
Tilskudd
Egenbetaling/billettsalg/kiosksalg
Overføring frå disposisjonsfond
Givertjeneste
Refusjon MVA
Renteinntekter
260
48
72
63
106
121
346
28
4
SUM INN
Bruk av fond
INN
343,50
365,50
025,00
119,00
223,00
352,65
300,00
548,40
055,00
1 050 332,05
36 840,43
SUM
1 087 172,48
4
Alpha-kurs
Denne hausten blei det arrangert alpha i Mølleparken på Tau. Kurset
hadde 10 kurskveldar samt ein alpha-laurdag på Fiskå bedehus.
Bøn og lovsang anna kvar måndag.
15. april: Undervisning og lovsang. Møte med Vivien Hibbert
50-årskonfirmantar: Det blei invitert til konfirmanttreff sundag 22.
september med gudsteneste kl 11 og middag på Verkshotellet etterpå.
Soknerådsleiar Jon Engeland var med på samlinga.
Fellesmøter 28.febr. – 3. mars
Fellesmøta var også dette året på Klippen og Egil Svartdahl var
hovedtaler. Møta er eit samarbeid mellom Klippen, Frelsesarmeen,
organisasjonar på Jørpeland bedehus og Jørpeland kyrkjelyd.
Husgrupper
Jørpeland kyrkjelyd har 25 husgrupper med 201 deltakarar. Målet er at
husgruppa vil vera ein plass der trua kan veksa og at gruppa kan
inkludera nye i det kristne fellesskapet. Gruppene samlast i heimane
omlag kvar 3. veke. Husgruppene vart invitert til leiarsamling vår og
haust.
På Idse- og Idsal bedehus har det vore 2 familiegudstenester.
9. juni var det familie-gudsteneste og 1. søndag i advent var det
adventssamling på bedehuset.
Vaulalidag: 18. august hadde Normisjon stemnedag på Vaulali.
Kyrkjelydane i Strand prestegjeld deltok på familiegudstenesta.
Preikestolen
I 2013 blei det gjeve ut 5 nummer.
Sjelesorg og forbønn
Under nattverd i gudstenesta er det lagt til rette for forbøn.
Det er tilbud om forbøn for sjuke og anna mandagskveldar når vi har bøn
og lovsangskveldar. Det er oppretta bøn- og veiledningsteneste og dei
har ansvar for tenesta.
Sorggruppe
Januar vart det sendt invitasjon til dei som har mista nokon i løpet av
året om å ta del i ei sorggruppe. Sorggruppa hadde 7 samlingar og starta
opp i februar.
5
Stiftinga Kraftverket
Jørpeland sokneråd har to representantar i styret til Stiftinga Kraftverket.
I tillegg har Normisjon, Misjonsselskapet, Misjonssambandet og
Ungdomslaget en representant kvar.
Årsmøte
Det vart halde årsmøte etter gudstenesta 24. februar.
Diakoni:
Helsing til jubilantar
Som i tidlegare år fekk jubilantar blomster- og brevhelsing frå
kyrkjelyden når dei fyller 80, 85, 90, 95 og 100 år.
KLUBBEN - Klubb for unge med hjelpebehov
Klubben er for ungdom i alder 13-30 år, og har samling ein tysdagskveld i
månaden i Jørpeland kyrkje. Klubben er eit samarbeid mellom Strand og
Jørpeland kyrkjelydar. Det er samlingar med ulike aktivitetar inkludert
gudsteneste. Frammøte ligg jamt på 30 personar.
GODHETSUKE OG TENESTEGRUPPER (tverkyrkjeleg)
Det var godhetsuke 3. – 7. juni og det er starta opp 6 tenestegrupper
(rus, innvandring, samliv, det ufødde liv, barn og ungdom). Samlivskurs
starta opp 7.11.13 og ruskafeen starta opp hausten 2013.
Misjon:
Jørpeland sokneråd har vedtatt å støtte to misjonsprosjekt:
Normisjonsprosjekt
Jørpeland kyrkjelyd og Normisjon har avtale om å støtta helsearbeid
utifrå sjukehuset i Okhaldhunga i Nepal.
NMS-prosjekt
Jørpeland kyrkjelyd gjorde ny misjonsavtale med NMS. Prosjektet
700 622 ”Kvinners posisjon i kyrkje og samfunn.
6
Kulturutvalet
30. januar
6. mars
26. april
02. mai
14. mai
28. april
20. sept.
26. sept.
4. des.
28. des.
Konsert med EVIE og Chris Karlsson.
Temakveld v/ Dag Øyvind Østereng: Det ondes problem.
Konsert: Trygve Bjerkreims sanger, kor, solister. Arr.
Bjerkreims venner v. Ekroll.
Filmkveld i Torghuset sammen med Kulturkontoret:
“De andre” ved Margreth Olin. Geir Øy og Jon Engeland
innledet til samtale.
Konsert ved Stavanger Symfoniorkester og Kitchen
Orchestera: Salmer fra kjøkkenet,
Nordiske salmer, jazz-stil.
Solefallsmesse i Kuvika.
Konsert med SKRUK.
Foredrag v/Einar Lunde i samarbeid med Sons of Norway.
Julekonsert m. Maria Arredondo, Torstein Sødal, Inge
Torgersen og prosjektkor ledet av Anders Berglund.
Romjulskonsert med ”kortreiste” artister.
7
TRUSOPPLÆRING:
Babysong måndagar kl 1030 i kyrkja.
Søndagsskulen i kyrkja – Arken og Jubel
Dette er eigne samlingar for barn under gudstenesta. Arken: 0-3 år,
Jubel: 4-9 år, GO: 10-13 år.Det har vore barneopplegg ved 17
gudstenester dette året. Det er til saman 15 frivillige som driv dette
arbeidet! Målet er å undervise frå Bibelen, gje barna eit personleg forhold
til Jesus, og at dei får ei kjensle av å høyra til kyrkjelyden som ein
storfamilie.
Barnetorget: Felles arrangement med Klippen og org. på Bedehuset
4 års boka
Me delte ut ”Kyrkjeboka” til 4-åringene i gudstenester vår og haust.
Jørpeland barnekor
Over 50 barn, frå 4 år t.o.m. 4.klasse, er med i barnekoret.
Koret øver i kyrkja kvar onsdag kl. 16.30 -17.30. Øvingane inneheld
song, bibelforteljing og fargelegging av tema teikning.
Koret opptrer 3-4 gonger i halvåret på gudstenester og anna.
SKULE- BARNEHAGE SAMARBEID:
-Barnehagar og elevar i 2. klasse deltok på påskevandring i kyrkja, der
ein får eit møte med hendingane i påskeveka.
-Kateket og prest besøkte og delte ut bibel til 5. klasse på Fjelltun skule.
-Jon og Aud Engeland tok ansvar og ledet samling med informasjon og
opplæring i kirken for 6. klasse.
-I advent deltok barnehagar og skular på gudstenester.
Konfirmantarbeid
Våren 2013 var det 76 unge som fullførte konfirmantopplegget.
Frå konfirmantåret 12/13kan dette nemnast:
Undervisning i storgruppe i kyrkja
Grupper etter undervisninga med ungdommar som gruppeleiarar (vår)
Nattcup på Forsand saman med kyrkjelydane på Strand og Forsand
Innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp den 27. mars.
Weekend-tur til Furutangen i august
Konfirmantfest i kyrkja
Deltaking i gudstenesta
8
Konfirmantar i gudstenesta
Konfirmantane deltar på i alt 8 gudstenester i konfirmant-tida.
På to av desse har dei særskilte oppgåver som kyrkjevertar, forsongarar,
med deltaking i liturgien eller i arbeid med kyrkjekaffien.
Konfirmantleiar
17 konfirmantleiarar er med på konfirmantundervisningane og leier små
grupper med konfirmanter. Leiarane får leiartrening før og etter kvar
konfirmanttime og leiarsamling
22 ungdomar var med på lederkurset Loved (Acta) med 4
kveldssamlinger + et døgn på Furutangen misjonssenter saman med
Strand.
Nattkafé
Nattkafeen er eit lågterskel tilbod frå 10. klasse og oppover. Det er
nattkafé ca 2 laurdagar i månaden kl 21-02, med andakt ca kl 23.30.
På nattkafe samlast gjennomsnittlig 25 ungdommar.
TenKraft
Ungdomsklubben TenKraft blir arrangert anna kvar fredag på Kraftverket,
med minst to vaksne til stades. Klubben er for alle i 8.-10. klasse og
ungdommane samlast til sosialt samvær med andakt, spel, aktivitetar og
kiosk-sal. På TenKraft samlast gjenomsnittleg 30 ungdommar.
SPEIDAR:
Jørpeland KFUK-KFUM speidarar hadde ved årsskiftet 100
medlemer. Dei fleste av medlemene er frå Jørpeland, men det er også
medlemmer frå Tau og Forsand. Til saman er vi 16 leiarar i
speidargruppa. Gruppeleiar er Hans Erik Haver. I 2013 har vi feiret 25
årsjubileum for speidergruppa med jubileumsfest i Jørpeland kyrkje. Tor
Marlow Barka fikk der Forbundets hederstegn i gull for 25 år som
speiderleder.
Familiespeidarane har hatt turar ein gang i månaden. Då dreg
familiar med førskolebarn saman på tur. Ofte er turane på søndag etter
gudsteneste med barneopplegg. Dette har vore svært vellukka, og 9
familiar med til saman 34 personar er innmeldt i gruppa.
Hovudleiar for familiespeidarane er Peder Egeland.
9
Oppdagarane hadde ved årsskiftet 21 ivrige jenter og gutar frå 1. til 3.
klasse som medlemmar. Me har medlemmar både frå Jørpeland og Tau.
Dette året måtte me til med ventelister sidan det var så mange som ville
begynna. Møta har me inne i kyrkjekjellaren eller ute. Då er me ofte i
Kuvika eller Selemorkområdet. Det er flotte område for aktivitetane våre.
Kvar vår er me på overnattingstur til speidarhytta Baroniet på Torsnes
nær Preikestolhytta. Hovudleiar er Synnøve Bergsager. Ho har med seg
Bjørg Rake Nag, Tor Marlow Barka, Tårn Helgøy Thomsen, Mari Bråtveit
og Oda Bø Norland som gode medleiararar.
Stifinnarane er for gutar og jenter i 4. og 5 klasse. Samlingane er
utandørs eller i kyrkjekjellaren kvar tysdag. Ved årsskiftet er det 9
medlemer, alle gutar. Dei har og vore på hyttetur til Fundingsland og
Thorsnes og telttur til Alsvik natursenter. Leiare er John Arne Toppe,
John Olav Lea, Kristin Nessa, Roar Tungland, Gjermund Bauge og Trond
Petter Olsen
Vandrarane har samling i kyrkjekjellaren eller utandørs kvar tysdag
ettermiddag. Ved årsskiftet var vi 21 gutar og jenter frå 6.- til 10. klasse.
I tillegg hadde vi i 2013 fem helgeturar for vandrarane og 2
overnattingsturer for patruljeførarne. I juli –august var vi i England.
Først ei snau uke på besøk hos speidervener i Dronfield, så ei uke på
internasjonal speiderleir : Walesby Expirience 2012. Patruljane blei nr. 2.
og 5 i kretsmeisterskapet i speiding og var difor også med på NM i
speiding på Austlandet. Fleire av dei eldste speidarane har deltatt på
leiarkurs arrangert av kretsen. Leiar for vandrarne er Hans Erik Haver,
Tommy Eriksen, Johannes Rettedal og Tarald T. Aarskog
Roverlaget, for speidarar som er ferdig med ungdomsskulen, har 3
gutar med, og Olav Rettedal er leiar.
Vi ser fram til eit nytt speidar-år, og vandrarane gler seg spesielt til
landsleir i Asker til sumaren.
NSF-speidarar er med på 2-3 gudstenester pr år. Her er deira
årsmelding: Strand Jørpeland speidergruppe er i sitt 94. år og hadde pr
nyttår 100 medlemmer. Det er stor aktivitet og god rekruttering til
speiderarbeidet vårt. Vi har fire enheter: beverspeidere 1-2 kl,
småspeidere 3-4 kl, speidere 5-10 kl og rovere 10kl ->. Gruppen holder
til på Jørpeland Brug i Vågen på Jørpeland og er svært takknemlige for de
lokalene vi har fått der. Vi har vår egen speiderhytta i Mosli. Det er en
god ledergjeng som legger ned et stort arbeid og vi håper at det er flere
som kan tenke seg å bidra. Er du interessert er det bare å ta kontakt.
10