Sogn Kunstsenter

Download Report

Transcript Sogn Kunstsenter

1
RAPPORT FRÅ BYGGENEMNDA
LÆRDAL NYE KULTURHUS
SOGN KUNSTSENTER
2
INNLEIING:
Det nye og ombygde kulturhuset som no og husar Sogn Kunstsenter og eit nytt lydstudio, vart
offisielt opna av kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete den 3. juni i år. Denne rapporten
er sett saman for å omtale litt av historia bak og planlegginga fram til realiseringa av denne
storsatsinga innan kultursektoren i Lærdal Kommune. Byggenemnda er stolt over at me har makta å
realisere prosjektet og at prosjektet er halde innafor den justerte kostnadsramma på 40,6 mill
kroner. Både byggeleiar og hovudentreprenør meiner at det har vore eit krevjande prosjekt.
I totalprosjektet som no er realisert inngår følgjande hovudelement:
Ombygging av eksisterande kulturhus med ny hovudinngang.
Ny og stor foaje med tilstøytande areal for kafe og servering.
Ombygging av 2. etasje som skal romme kontorareal, bl.a. til kulturavdelinga i kommunen.
Nytt tilbygg som husar Sogn Kunstsenter
Nytt tilbygg som husar lydstudio, garderobar, lager og rom for animasjon og film.
Prognosen for byggerekneskapen pr. oktober 2011 viser at dei samla utgiftene til prosjektet endar på
39,970 mill kroner. I tillegg kjem utgifta til kjøp av grunnen på 110.000 kroner og utgifter til
planlegging og utvikling av prosjektet i perioden 2004 til 2009 på 2,881 mill kr. Byggenemnda
avsluttar sitt arbeid med framlegginga av denne rapporten.
Arne Sanden
Olaug Skjerdal
Morten Johan Svendsen
FAKTA OM PROSJEKTET
Byggenemnd:
Prosjektleiar:
Prosjektkoordinator:
Byggeleiar:
Prosjekteringsleiar:
Arkitekt:
Prosjekterande:
Arne Sanden, Olaug Skjerdal og Morten Johan Svendsen (Astrid M. Aarvik)
Jon E. Tamnes (fram til medio februar 2010)
Kjell Tokvam (frå medio februar 2010)
Kjell Tokvam
Guri Fonsdal
Simon Breth og Ruth dela Calle (Brethdelacalle)
Sweco AS og A. Kulich (tysk)
Hovudentreprenør:
Elektro:
Luftbehandling:
VVS:
Veidekke AS , Sogndal
2tal Elektro AS, Lærdal
YIT AS
YIT AS
Byggenemnda har til saman hatt 13 møter i tidsrommet frå 6.mai 2009 og fram til 26.august 2011.
3
Økonomi:
Budsjettkalkyle hovudprosjekt:
Budsjettkalkyle lydstudio og garderobetilbygg:
Budsjettkalkyle totalprosjekt:
Rekneskap, prognose pr.28.09.2011
37,137 mill kr
3,497 mill kr
40,634 mill kr
39,971 mill kr
Heile bygget er no konvertert til vassboren varme og er klargjort for tilkopling til ei ekstern varmekjelde, t.d.
fjernvarme frå eit sentralt varmeanlegg ved Lærdalsøyri Skule.
Byggeareal :
Sogn Kunstsenter:
Lydstudio/garberobetilbygg
Ombygging kulturhus, 1.etasje
Ombygging kulturhus, 2.etasje
890 kvm
150 kvm
470 kvm
160 kvm
Bilder frå byggeprosessen
4
BAKGRUNN
Ideen bak prosjektet kom på slutten av 1990 talet, nærare sagt i 1999, då Hans Rasmus Astrup
lanserte tanken om eit eige bygg til formidling av Hans Gjesme sin kunst. I etterkant har det vore sett
ned fleire arbeidsgrupper i kommunen som har arbeida fram prosjektet. Arbeidet enda opp med at
prosjektet vart lyst ut som ein internasjonal arkitektkonkurranse, der dei tyske arkitektane Simon
Breth og Ruth de Calle vann. I etterkant har ei eiga arbeidsgruppe arbeida særskilt med finansieringa
av prosjektet.
I saksutgreiinga til kommunestyret si behandling av saka i møte den 25. mars 2009 skriv rådmannen
Lasse Sælthun følgjande om bakgrunnen for saka:
I Lærdal kommune sin økonomiplan for 2009 til 2012 er det sett av midlar til utvikling av
kulturhuset til eit meir fullverdig senter for produksjon og utøving av kunst og kultur i regionen
Indre Sogn, med born og unge som ei prioritert målgruppe. Planane legg opp til framifrå
fasilitetar for utstilling, atelier, magasin, scenekunst og lyd. Til saman vil det gje moglegheiter til
integrasjon, mangfald, tverrfagleg samarbeid og formidling i tilknyting til Norsk Villakssenter.
Det vil då verte aktivitet i huset heile året.
Dette oppsummerar godt visjonane som ligg til grunn for den store satsinga. Sjå elles Anna Avdem
sitt avsnitt om kunstnaren Hans Gjesme si store gåve til Lærdal Kommune.
Bilde viser fem sentrale personar i arbeidet med realiseringa av prosjektet, frå venstre Anna Avdem, arkitekt
Simon Breth, ordførar Arne Sanden, medlem av prosjektgruppa Bjørn Rønneberg og direktør i Sogn og Fjordane
Kunstmuseum, Morten Johan Svendsen. Bilde er frå nedlegginga av grunnsteinen.
5
PROSJEKTFASEN
Etter fleire år med arbeid kring planane for Indre Sogn Kunstsenter , vart det i økonomiplanen for
perioden 2009 – 2012 sett av midlar til prosjektet i 2010 og 2011. Etter initiativ frå ordføraren vedtok
Kommunestyret i Lærdal i mars 2009 å starte prosjekteringa av Sogn Kunstsenter og ombygging av
Lærdal Kulturhus. Vedtaket var basert på prosjektet til dei tyske arkitektane Simon Breth og Ruth
dela Calle, som vann arkitektkonkurransen om prosjektet i 2006. Det vart sett ned ei byggenemnd
med tre medlemar, ordførar Arne Sanden, formannskapsmedlem Olaug Skjerdal og kulturleiar
Astrid Myran Aarvik. På grunn av permisjon vart Astrid Myran Aarvik seinare erstatta med direktør
Morten Johan Svendsen frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Byggenemnda fekk i oppdrag å
utarbeide dei endelege planane for bygget, lage anbodsgrunnlag og lyse prosjektet ut på anbod.
Gjennom vurderinga si i saka, peika rådmannen ut dåverande assisterande rådmann Jon E. Tamnes
som prosjektleiar og sekretær for byggenemnda. I saksutgreiinga låg det også føre ein framdriftsplan
for arbeidet, som la til grunn at anbodsprosessen skulle vere ferdig til 1. november 2009. Gjennom
våren og sommaren vart det halde ei rekke møter i byggenemnda, der dei endelege planane for
prosjektet vart lagt og der ein gjorde dei nødvendige vedtak om val av konsulentar til
prosjekteringsarbeidet. I totalprosjektet låg det inne ei ombygging av kulturhuset, nytt bygg til Sogn
Kunstsenter og eit tilbygg til kultursalen mot nord som skulle romme eit lydstudio. Dei
prosjekterande konsulentane utarbeidde anbodsgrunnlaget og prosjektet vart lyst ut på anbod.
Prosjektleiaren, arkitekten og konsulent, arkitekt Guri Fonsdal, gjekk gjennom tilboda og kom med si
tilråding til administrasjonen, som så la fram si tilråding til formannskapet. Byggenemnda handsama
ikkje dei innkomne tilboda og tilrådingane i saka.
Bilde viser ordførar og leiar i byggenemnda Arne Sanden, tidlegare rådmann Lasse Sælthun og varaordførar Lars
Petter Nesse ved ei synfaring på byggeplassen hausten 2010.
6
Kommunestyret handsama saka i sitt møte den 10. desember 2009 og med eit fleirtal på 12 mot 5
røyster vedtok kommunestyret planane for det nye kulturhuset i Lærdal. Ramma for prosjektet var
då fastsett til 31 mill kroner, men det var ikkje rekna med utgifter til inventar og byggeleiing.
Entreprenørverksemda Veidekke AS i Sogndal vart tildelt hovudentreprisen i prosjektet.
I des 2009 vart Kjell Tokvam engasjert som byggeleiar for prosjektet og allereie tidleg i januar 2010
gjorde Tokvam byggenemnda merksam på store manglar i anbodsgrunnlaget og i det framlagde
totalprosjektet. Arkitekt Guri Fonsdal og Kjell Tokvam fekk i oppdrag å gå gjennom prosjektet på nytt
og konkluderte med at dei samla utgiftene ved realisering av prosjektet slik det var planlagt, ville
verte nærare 40 mill kroner. Dette var så sterkt i strid med vedtaket i kommunestyret frå des 2009, at
byggenemnda, i sitt møte den 8. mars 2010, vedtok å redusere det planlagde bygget med om lag 100
kvm og fastsette den totale kostnadsramma for hovuddelen av prosjektet til 38 mill kroner. Arkitekt
Guri Fonsdal vart engasjert som prosjekteringsleiar og saman med byggeleiar fekk ho i oppdrag å
utarbeide ein ny og oppdatert kostnadskalkyle for prosjektet. Arbeidet vart gjort i samarbeid med
dei prosjekterande konsulentane og dei engasjerte entreprenørane deltok aktivt og med eit godt
samarbeid.
Byggenemnda tok saka attende til kommunestyret og i møte den 25. mars 2010 vedtok
kommunestyret endeleg realisering av prosjektet innanfor ei totalramme på 38 mill kroner. Dette
innebar ein reduksjon av totalarealet i prosjektet på om lag 100 kvm og andre mindre tiltak som
reduserte utgiftene i prosjektet. I april fekk byggenemnda framlagt dei nye kalkylane som viste at
bygget kunne realiserast innafor ei totalramme på 37,137 mill kroner. Den 6. mai 2010 vart
grunnsteinen for Sogn Kunstsenter lagt ned av Anna Avdem og byggearbeidet med sjølve
kunstsenteret kunne ta til for alvor.
Bilde viser Anna Avdem ved nedlegginga av grunnsteinen den 6. mai 2010
Samstundes fekk Guri Fonsdal og Kjell Tokvam i oppdrag å prosjektere lydstudio og
garderobetilbygget på nytt, som låg inne i anbodsgrunnlaget for totalprosjektet som ein opsjon.
Grunnlaget for endringa var å få ein betre løysing for lydstudioet og samstundes sikre gode
garderobetilhøve for kultursalen. Desse funksjonane vart lagt i eit eige tilbygg til kultursalen mot
vest og mot nord. Den ekstra kostnaden til denne delen av prosjektet vart rekna til 3,497 mill kroner
7
og kommunestyret gjorde den 9.sept 2010 vedtak om å realisere også denne delen av prosjektet.
Den samla kostnadskalkylen for prosjektet vart då rekna til 40, 634 mill kroner. I tillegg kjem
kjøpesummen for grunnen til kunstsenteret på 110.000 kroner og planleggingsmidlar i perioden 2004
– 2009 med 2,881 mill kroner.
BYGGEFASEN
Byggefasen i prosjektet vart delt i 3, med ombygginga av kulturhuset som fyrste del, bygging av kunstsenteret
som del 2 og tilbygget med lydstudio og garderobar som del 3. Byggearbeidet starta opp tidleg i januar månad
2010, etter dei nødvendige avklaringane kring tildeling av kontraktar og ei gjennomgang av prosjektet.
Ombygginga av kulturhuset gjekk utan store vanskar og bygget var klart til bruk etter ombygginga i juni månad
2010. Med god vilje og hjelp frå entreprenørar og byggeleiar vart det lagt til rette for at kafe og Norsk
Villakssenter kunne halde ope gjennom sommarsesongen.
Utgravinga av tomten til kunstsenteret starta i månadsskiftet april/mai 2010 og den 6. mai var kommunestyret
invitert til å ta del i ein eigen markering, der grunnsteinen til bygget vart lagt ned. Byggenemnda bestemte at ei
av eldsjelene i prosjektet, tidlegare varaordførar Anna Avdem, skulle stå for den høgtidelege handlinga ved
markeringa.
Hovudentreprenøren, Veidekke AS, gjennomførte denne delen av prosjektet på ein imponerande og god
måte. Den tidlege og kalde vinteren vart sjølvsagt ei ekstra utfordring, men bygget reiste seg vegg etter vegg og
dato for ferdigstillinga var i tråd med bestillinga.
Den siste delen av prosjektet starta opp ved årsskifte og arbeidet hadde også ekstra utfordringar i forhold til
den kalde vinteren. Men også den siste delen av prosjektet vart gjennomført utan store forseinkingar og var
klar til opninga av Sogn Kunstsenter den 3. juni 2011.
Bilde viser ein nøgd arkitekt, Simon Breth som saman med byggeleiaren ser at alt går etter planen.
8
OPNINGA
Byggenemnda bestemte seg tidleg for å invitere dronning Sonja til å stå for den offisielle opninga av Sogn
Kunstsenter, men diverre høvde det ikkje for dronninga å kome til Lærdal på forsommaren i 2011.
Byggenemnda hadde andre gode kandidatar og det var med stor glede og forventningar me sende invitasjonen
vidare til ”vår eigen”, kommunalminister Liv Signe Navarsete. Etter eit kort rådslag om høveleg tidspunkt vart
det klart at Liv Signe ville står for den offisielle opninga av Sogn Kunstsenter fredag 3. juni.
Med stor gleda og stoltheit kunne leiaren i byggenemnda halde den innleiande talen ved opninga og be
kommunalministeren om å klyppe snora. I talen sin rosa ministeren heimbygda for den dristige satsinga og
meinte det var viktig å satse på kunst og kultur for å skape levande bygdesamfunn.
Stor var og gleda i forhold til det gode oppmøte av bygdafolk og andre interesserte som ville ta del i
opningsseremonien. Likeeins var gleda stor i forhold til at ordførarane frå grannekommunane, fem i talet,
møtte fram og helsa oss på denne store dagen. Me var og glade for at fylkesordførar Nils R. Sandal kunne vere
saman med oss og at dei inviterte gjestene frå Astrup Fearnley museet i Oslo, med Hans Rasmus Astrup i
spissen kunne vere med på feiringa og markeringa av opninga.
Bilde viser kommunalminister Liv Signe Navarsete etter at snora vart skoren. Kniven som vart nytta ved høve,
hadde inskripsjonen ” Sogn Kunstsenter 3.juni 2011” og ministeren fekk kniven som ei gåve frå Lærdal Kommune
ved middagen seinare på kvelden. Konferansier Geir Øverland har her overekt blomar til ministeren.
9
Bilde viser kommunalministeren saman med ei knippe ordførarar i Sogn og fylkesrådmann Jan Øhlchers
Som ein del av opninga var det sett saman ein festframsyning, som viste delar av det store og breie kulturlivet i
Lærdal. Det vart ein framifrå time i kultursalen, der spesielt dei to unge dansarane frå Borgund imponerte
festlyden. Seinare på kvelden var det invitert til festmiddag, der det kom fleire gode helsingar til kommunen,
bl.a. frå fylkesordførar Nils R. Sandal og leiar i regionrådet, Torodd Urnes
Mange lærdøler og andre interesserte var møtt fram til opninga av Sogn Kunstsenter.
10
Kommunalministeren holdt ein god og inspirerande tale til dei frammøtte ved opningsseremonien
Musikar Karl Seglem stod for det musikalske innslaget ved opninga og imponerte på både bukkehorn og
saksofon.
11
HANS GJESME
Hans Gjesme vart fødd i 1904 og voks opp i kårstova på Uppigarden på Voll, på Tønjum i Lærdal.
Faren, Knut Gjesme, var ein uvanleg mann - lærar og hagebrukar, folketalar og forteljar, målmann og
fråhaldsmann, indremisjonsmann og innsamlar av ord og folkeminne. Mora Else døydde då Hans var
berre eitt år gammal, og mostra Brita stelte for familien så lenge ho levde.
Hans Gjesme var alt som liten gut flink til å teikna, og faren hadde nok tru på evnene til son sin. Som
16-åring fekk Hans reisa til Kristiania for å gå på Pola Gaugins målarskule, og i 1925 reiste han til Paris
for å studera på akademiet til André Lhote. Han debuterte på Vestlandsutstillinga i 1926, og Gjesme
hadde i mellomkrigstida mange svært aktive år som kunstnar. Han hadde årlege separatutstillingar
og deltok på mange kollektivutstillingar, mellom anna på Høstutstillingen i Oslo i 1932. Måleriet var
det viktigaste mediet hans, men han tok også til å modellera i gips. Skisseblokkane hans viser også at
han i denne tida interesserte seg for fleire monumentale utsmykkingsoppdrag.
I 1940- og 50-åra fekk Gjesme aukande problem med den psykiske helsa, og utstillingane vart færre. I
1955 vart han innlagd på Gaustad sykehus i Oslo, og han var der til 1971. Behandlinga på sjukehuset
tok på, og resulterte mellom anna i at han fekk varige plager med skjelving i hendene. Trass i
sjukdommen, greidde han likevel å måla fleire bilete medan han var på Gaustad. Han hadde ei fri
stilling og kunne mellom anna gå i byen og sjå på kunstutstillingar.
På sine eldre dagar, etter at han flytte heim att til Lærdal i 1971, opplevde Gjesme at arbeida hans
vekte interesse i vidare krinsar enn nokon gong før. Fleire kunstnarkollegaer, kunsthistorikarar og
journalistar besøkte han i kårstova på Voll, der han hadde den store kunstsamlinga si på loftet. Ein av
gjestene representerte Kunstnernes Hus i Oslo, noko som opna for at Gjesme fekk ei stor
12
separatutstilling der i 1977. Blant dei kunstinteresserte gjestene hans var også dåverande
kronprinsesse Sonja.
”Lat kunsten koma i fyrste rekkja, folk i tredje,” skreiv Hans Gjesme i ei av skissebøkene sine. Dette
fyndordet fortel om ein noko folkesky, men svært ambisiøs kunstnar. Han etterlet seg ein stor og
mangfaldig kunstsamling som omfattar meir enn 1500 kunstverk i ulike teknikkar; teikningar, måleri,
tresnitt, gipsskulpturar, trykkplater, pastellar og akvarellar. Ikkje minst dei mange portretta hans har
vekt stor interesse. Gjesme blir også karakterisert som ein stor heimstadmålar. Det var i Lærdal han
kjende seg heime, og få har som han greidd å skildra naturen og landskapet i Lærdal, ikkje minst
måten lyset forma det på.
Hans Gjesme fekk Lærdal kommune sin kulturpris i 1993. Like før han døydde i 1994 gav han
livsverket sitt til Lærdal kommune. Av vilkåra i gåvebrevet går det fram at samlinga skal lagrast
forsvarleg og forvaltast på ein fagleg god måte, at ho skal haldast heil og udelt og gjerast tilgjengeleg
og kjend for ålmenta. Med å byggja Sogn Kunstsenter – Gjesmesamlinga har Lærdal kommune lagt
grunnlaget for å oppfylla lovnaden i gåvebrevet. Mykje arbeid står nok framleis att med å få
Gjesmesamlinga på plass og forvalta og formidla ho slik ho fortener. Men både lærdølene og andre
som kjem til bygda står no på dørstokken til ei ny tid. I Sogn Kunstsenter skal vi oppleva både
Gjesmesamlinga og annan kunst. ”Dette har eg gjort. Sjå på det slik de vil,” sa Hans Gjesme om
livsverket sitt. Det ser vi fram til å gjera.
Anna Jorunn Avdem
(Kjelde: Hans Gjesme - landskap og portrett. 2004.)
Bilde viser steinbua til Gjesme i Skigrov. I samband med opningshelga arrangerte Turlaget, i samarbeid med
kommunen, tur til Skigrov og Gjesme si steinbu. Om lag 60 deltakarar nådde Skigrov og hadde ei triveleg og
høgtidsam tid ved steinbua. På den vakre og solfylte dagen vart det ei ekstra sterk og god oppleving, då alle
stemte i med songen ”Fagert er landet”
13
RØYNSLENE FRÅ SOGN OG FJORDANE KUNTMUSEUM
Bildet viser direktør Morten Johan Svendsen og medlem av kommunestyret i Lærdal Geir Øverland under
kulturkonferansen i januar 2011, der Svendsen holdt eit innlegg om kunstsenteret.
Det har vore ei stor glede å delta i arbeidet med å realisere Sogn Kunstsenter. Senteret er ei arkitektonisk
oppleving i seg sjølv og det vert ei spanande og viktig utfordring å fylle senteret med eit kvalitativt innhald i stil
med senteret sjølv.
Etter den første utstillinga med tilhøyrande undervisnings-/formidlingsopplegg har vi gjort fleire gode
erfaringar med bygget. Andre detaljer har kanskje ikkje fungert like godt. Mellom anna må dei akustiske tilhøva
utbetrast. Det er uheldig at enkelte småting enno ikkje er retta/ gjort ferdig frå leverandørane si side. På den
andre sida kjem at kunsten står fram i sitt strålande og rette element i dei vakre salane.
I framtida vert det ei utfordring stadig å utvikle driftsgrunnlaget slik at ein kan halde ein høg kunstnarleg
kvalitet, så nær opptil den standard som har vore på opningsutstillinga som mogleg.
Kunstmuseet har her noko å strekkje seg etter.
Vidare ser vi at driftstilhøva for Lærdal Kultursenter kan utviklast vesentleg til beste for alle partar !
Morten Johan Svendsen
Avd.dir.
14
RØYNSLENE FRÅ VEIDEKKE AS
15
OPPSUMMERINGA OG REKNESKAPET
Her tek me med saksutgreiinga og vurderinga til rådmannen (saksbehandlar Lasse Sælthun) frå saka som vert
lagt fram for kommunestyret den 20. oktober 2011.
Saksutgreiing
Rett før han døydde i 1994, gav Hans Gjesme (1904-1994) sitt kunstnarlege livsverk til Lærdal kommune.
Samlinga omfattar måleri, grafikk, teikningar og skulpturar, i alt meir enn 1500 kunstverk. Av vilkåra i
gåvebrevet går det fram at samlinga skal lagrast forsvarleg, haldast heil og udelt, forvaltast på ein kunstfagleg
god måte og gjerast kjent for ålmenta.
Gjesmesamlinga vart i 1997 opna i Telegrafbygningen, der bilde frå samlinga vart utstilte. Kunstsamlinga har
vore lagra i rådhuset.
I 1999 hadde Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst (AFMK) si fyrste utstilling på Gjesmegalleriet i Lærdal,
og i eit brev til kommunen same året lanserte Hans Rasmus Astrup tanken om vidare samarbeid, og om at dei
var svært interesserte i nye, større og brannsikre gallerilokale i Lærdal. Direktør Morten Johan Svendsen ved
Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) lanserte liknande tankar om eit nytt kunstsenter i Lærdal i 2004. Same
året gjekk Lærdal kommune inn som stiftar i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som etter den tid har hatt avtale
med kommunen om ansvaret for drifta av Gjesmesamlinga.
På bakgrunn av ovannemnde sette formannskapet i juni 2004 ned ei ad hoc-gruppe som fekk i oppdrag å kome
med framlegg til mandat, finansiering og organisering av eit forprosjekt for eit nytt Gjesmegalleri i Lærdal. I
gruppa sat Jarle Offerdal, Steinar Starheimsæter og Anna Jorunn Avdem. Ad hoc-gruppa utarbeidde ein rapport
som vart behandla i kommunestyret 28.09.04.
Kommunestyret vedtok då å starte opp eit forprosjekt for eit slikt anlegg, i samsvar med rapporten frå ad hockomiteen. Det vart sett ned ei forprosjektgruppe og utarbeidd eit mandat for gruppa. To lokalitetar skulle
utgreiast, Lærdal kulturhus/Norsk Villakssenter og Telegrafen. I forprosjektgruppa sat Morten Johan Svendsen
(SFKM), Bjørn Rønneberg (AFMK), Helene Maristuen (Norsk Villakssenter Reiseliv AS), fotograf Jens Hauge, Jarle
Offerdal (Lk), Anna Jorunn Avdem (Lk) og tenesteleiar Astrid Myran Aarvik (Lk). Forprosjektet skulle løysast
innanfor kr. 300.000, då delt likt på kommunen og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Kr. 100.000,- av
kommunen sitt bidrag besto i at kommunen stilte prosjektsekretær for forprosjektet. Etter innspel frå
forprosjektgruppa vedtok kommunestyret 12.05.2005 at berre alternativet med påbygg til Lærdal
kulturhus/Norsk Villakssenter skulle utgreiast vidare. Det var elles gjort visse justeringar i prosjektgruppa sitt
mandat.
Forprosjektrapporten Indre Sogn Kunstsenter – Gjesmesamlinga vart framlagt i oktober 2005. På bakgrunn av
denne vedtok kommunestyret 27.10.2005 at Lærdal kommune skulle opprette eit prosjekt for å arbeide med
finansieringa av Indre Sogn Kunstsenter og anbod på arkitektkonkurranse. Det vart vidare vedteke å innarbeide
kr. 500.000,- til prosjektet på budsjettet for 2006. Kommunestyret vedtok også å vidareføre forprosjektgruppa
som ny prosjektgruppe.
I juni 2006 vart det invitert til ein open internasjonal plan- og designkonkurranse for kunstsenteret.
Anbodskonkurransen vart gjennomført i samsvar med Lov om offentlege anskaffelsar og gjennomført i tråd
med NAL (Norsk Arkitekters Landsforbund) sine retningsliner. Det vart sett ned ein jury med representantar frå
NAL, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Astrup Fearnley Museeet for Moderne Kunst, Norsk Villakssenter
Reiseliv AS og kommunen. Geir Berge Øverland vart oppnemnd som kommunen sin representant i juryen i
formannskapsmøte 13.09.2006. Siv.ark. Guri Fonsdal var sekretær for juryen. Det kom inn 47 bidrag i
16
konkurransen, 18 frå Noreg og 29 frå utlandet. I juryrapporten av desember 2006 vart bidraget til arkitekt
Simon Breth frå Tyskland, kåra som vinnar av arkitektkonkurransen. Vinnaren vart kunngjort i
kommunestyremøtet 14. desember 2006, og dei beste bidraga vart her premiert.
Kommunestyret slutta seg til juryen si tilråding i møte 15.02.2007, og det sette samtidig ned ei prosjektgruppe
med slik samansetjing: Morten Johan Svendsen (SFKM), Bjørn Rønneberg (AFMK), Helene Maristuen (NVR),
Jarle Offerdal (Lk) og Anna Jorunn Avdem (Lk). Gruppa fekk i oppdrag å fullføre finansieringsarbeidet og gje
innspel til arkitekt Simen Breth for å utvikle skisseprosjektet vidare frå ide – konseptstadiet til ferdig prosjekt. Ei
gjennomføring av vinnarutkastet føresette ei rekke bygningsmessige tiltak også på fellesfunksjonane med
Lærdal kulturhus. Desse tiltaka vart innlagt som del av prosjektet. Kommunestyret vedtok 26.03.2009, sak
22/09, å innestå for refinansiering av anlegget. Bakgrunnen for dette vedtaket, var å få ein fullstendig
finansieringsplan og soleis kome i posisjon til å få midlar til prosjektet frå Desentralisert ordning for lokale
kulturbygg. Prosjektet var då kostnadsrekna til 31 mill. kroner.
Prosjektgruppa har hatt møte med og sendt søknader til ei rekkje både offentlege instansar og private, og fekk
følgjande tilskott til finansieringa:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Norsk Kulturråd
Hans Rasmus Astrup
Stiftelsen Thomas Fearnley, Hedda og Nils Astrup
Indre Sogn Sparebank
Lærdal Energi AS
Rolf/Mette Wikborg
Pål Sagen
kr. 4 000.000 (til kunstsenteret)
kr. 1.300.000 (til lydstudio/garderobeanlegg)
kr. 1.000.000
kr. 600.000
kr. 200.000
kr. 150.000
kr. 500.000
kr.
20.000
kr.
20.000
Samla
kr. 7.790.000
Kommunestyret vedtok 26.03.2009 å setje ned ei byggjenemnd på tre personar som skulle ha ansvaret for
detaljplanar, kravspesifikasjonar, anbodsinnhenting og bygging av anlegget.
Ordførar Arne Sanden, Olaug Skjerdal og Astrid Myran Aarvik vart valt som byggjenemnd. På grunn av
permisjon gjekk Astrid Myran Aarvik seinare ut av byggjenemnda, medan Morten Johan Svendsen (SFKM) kom
inn som nytt medlem. Byggjenemnda utarbeidde så anbodsgrunnlag for prosjektet og prosjektet vart utlyst på
Doffin.
I kommunestyrevedtak 11.12.2009 fekk administrasjonen fullmakt til å inngå kontaktar med Veidekke AS, 2-tal
Elektro AS og YIT AS, i samsvar med innleverte tilbod om renovering av Lærdal kulturhus og bygging av Indre
Sogn Kunstsenter. Vedtaket vart bygd på ei budsjettramme på 31 millionar. Når det gjeld opsjonen på bygging
av lydstudio, går det fram av vedtaket at gjennomføringa av dette prosjektet skulle kommunestyret ta stilling til
hausten 2010.
Byggjenemnda engasjerte Kjell Tokvam som prosjektleiar. Under forhandlingane med entreprenørane kom det
fram at kostnadskalkylen viste ein totalkostnad på 39,93 mill. kroner. Byggjenemnda tilrådde i møte 08.03.2010
at prosjektet skulle realiserast innanfor ei kostnadsramme på 38 mill. kroner. Saka vart teke opp i
kommunestyret 25.03.2010 og byggjenemnda si tilråding vart der vedteke med slik fiansieringsplan:
17
Tilskot
Disp.fond
Mva.komp
Låneopptak
Total
6,5 mill. kroner
4,0 mill. kroner
7,5 mill. kroner
20,0 mill. kroner
38,0 mill. kroner
Byggjenemnda og byggjeleiar fann i samråd med arkitekt og tilbydarane kostnadsreduserande tiltak, slik at
kontraktane var innafor ny kostnadsramme på 38 mill. kroner.
Kommunestyret vedtok 09.09.2010 å nytte seg av opsjonen om å byggje lydstudio- og garderobeanlegg. Det
vart gjort ein del planendringar på lydstudio og garderobeanlegget i høve til opphavleg prosjekt.
Nettokostnaden med anlegget var kr. 3 497 444,-. Kostadsoverslaget over Nye Lærdal kulturhus var då kr.
37 137 187, slik at totalkostnaden for anlegget var kostnadsrekna til kr. 40 634 631,- . Kommunen fekk tildelt
eit tilskot frå Fylkeskommunen på kr. 1. 300.000,,- til lydstudio- og garderobeanlegget. Anlegget vart elles
fullfinansiert ved at kommunestyret vedtok å auke bruk av disposisjonsfondet med 1,3 mill. til prosjektet.
Heile bygningsanlegget vart ferdigstilt i mai 2011, og kunstsenteret vart opna av kommunal- og
regionalminister Liv Signe Navarsete 3. juni 2011. Etter vedtak i formannskapet vart namnet endra til Sogn
Kunstsenter.
Vurdering
Byggjeleiar Kjell Tokvam har 17.09.2011 utarbeidd eit førebels rekneskap for prosjektet. Dette viser ein
totalsum på kr. 31 976 117,- eks. mva., altså kr. 39 970 146,- inkl. mva. Det går fram av oversendingsbrevet at
dette talet baserer seg på ein prognose, fordi det framleis er noko usemje knytt til einskilde oppgjer og at dei
siste krava til indeksregulering ikkje er innarbeidd. I totalsummen i oppstillinga er det likevel teke høgde for at
sluttoppgjera kan bli noko høgare enn det som byggjeleiar tilrår ovanfor byggherre og dei siste krav om
indeksregulering er innarbeidde. Totalkostnaden for heile anlegget var som nemnd ovanfor kostnadsrekna
til kr. 40 634 631,- i mai 2010.. I tillegg kjem kjøpesummen for tomta som utgjer kr. 110 000,- . Det var
budsjettert med 21 mill. kroner til anlegget i 2010 og kr. 20 mill. kroner til anlegget i 2011. Så langt viser altså
rekneskapstala for Nye Lærdal Kulturhus at rekneskapstala er innafor budsjett. Med unntak av delutbetalingar
frå Fylkeskommunen og Norsk Kulturråd som føreset ferdig byggerekneskap, er tilskota utbetalte.
Etter økonomireglementet skal det endelege sluttrekneskapet attesterast av revisor og godkjennast av
kommunestyret. Ein tek sikte på å behandle slikt sluttrekneskap på budsjettmøtet i desember.
Byggenemnda sin kommentar:
Etter dette kan me slå fast at prosjektet svært truleg er realisert innafor budsjettet som
kommunestyret la til grunn for sine vedtak i mars og september 2010. Budsjettet for prosjektet var
40,634 mill kr og prognosen for rekneskapet er no 39, 970 mill kr. Inklusiv tomt og tidlegare
planleggingsutgifter vert totale utgifter i prosjektet 42, 961 mill kr. Finansieringa av prosjektet vert
slik:
Mva refusjon:
Eksterne tilskot
Kommunale fondsmidlar
Nye kommunale lån
Sum
8,570 mill kr
7,790 mill kr
5,300 mill kr
21,301 mill kr
42,961 mill kr
18
TAKK
Generelt vil me takke alle som har bidrege til planlegginga og gjennomføringa av det store og krevjande
byggeprosjektet. Men nokon må takkast spesielt.
Byggenemnda takkar arkitektane Simon Breth og Rut delaCalle for eit godt samarbeid i gjennomføringa av
prosjektet. Me takkar og for eit flott og spennande bygg som og er eit viktig signalbygg i lokalsamfunnet.
Me takkar byggeleiar Kjell Tokvam for si gode styring av prosjektet. Saman med Guri Fonsdal gjorde Kjell eit
stort og krevjande arbeid med å avdekka dei mange og store fallgruvene i prosjektet i den tidlege byggefasen.
Seinare har Kjell hatt ei stø og trygg hand på rattet i styringa av prosjektet og har ein stor del av æra for at
prosjektet har kome vel i hamn. Ved sida av funksjonen som byggeleiar, har Kjell også vore leigd inn som
prosjektkoordinator i perioden etter at prosjektleiaren trakk seg frå prosjektet.
Ei stor takk går også til prosjekteringsleiar Guri Fonsdal. Gjennom den krevjande perioden på nyåret i 2010
bidrog Guri med sin store kompetanse og hjalp til med å få kontroll over både tekniske løysingar og
kostnadsbudsjett.
Ei takk også til hovudentreprenør Veidekke AS ved Helge Follevåg, Svein Even Dale og Ivar Ødegård, som også
gav gode og viktige bidrag i arbeidet med å få prosjektet under kontroll vinteren 2010. Me takkar elles både
Veidekke AS og sideentreprenørane, 2tal Elektro AS og YIT for vel gjennomført arbeid.
TIL SLUTT ØNSKJER ME ALLE LÆRDØLER TIL LUKKE MED EIT FLOTT KULTURHUS, LYDSTUDIO OG KUNSTSENTER, OG
VONAR AT DET VIL VERE TIL STOR GLEDE FOR ALLE I ÅRA SOM KJEM!