Lærdal SV verdipapir liten.pdf
Download
Report
Transcript Lærdal SV verdipapir liten.pdf
Me ber deg røysta SV ved dette valet!
Gjer du det, lovar me å arbeida for dette:
Betre omdømme
Lærdal kommune skal vera ein interessant kommune å bu i og flytta til, og det skal vera viktig
for nabokommunane å ha oss med på laget.
Me vil byggja opp att gode samarbeidstilhøve
og truverde både internt i kommunen og mot
naboane våre.
Større tryggheit
Du må velja folk du stolar på. SV er eit ungt
parti, likevel går me inn i vår sjette periode i
kommunepolitikken. Dette blir den tøffaste og
mest utfordrande. Me går til oppgåva med stort
alvor. Det blir ikkje nokon leik å ha ansvar for
kommunen dei neste åra.
Lærdal SV
er klare for
2011–2015
Meir openheit
SV ønskjer i denne perioden å stå fram som det
mest ansvarlege partiet, som gjev innbyggjarane
innsikt og innsyn i kommunestyringa.
Det skal vera opne og gode samarbeidsforhold
mellom tilsette og politikarar i Lærdal kommune.
Dei som jobbar i kommunen, skal vera trygge og
stolte medarbeidarar som blir respekterte av den
politiske leiinga.
Tæring etter næring
Lærdal SV vil bidra til å få betre kontroll over
utgiftene og sjå til at nye investeringar er godt
gjennomtenkte og kvalitetssikra.
Lærdal SV vil arbeida for at kommunepolitikarane
får meir innsikt i dei viktige sakene og innbyggarane betre informasjon. Ein måte å gjera det
på, er å gå attende til system med faste fagutval
som byggjenemnd, utdanningskomité osv.
No treng Lærdal kommune eit godt mannskap.
Det meiner me at me har å tilby!
Og for å nå desse måla: Politikarar med leiarerfaring og pågangsmot! Det har SV i Lærdal.
Kontakt Lærdal SV sine toppkandidatar:
Bli medlem i Lærdal SV:
Jan Olav Fretland, mobil 41516766
Epost: [email protected]
Jens Rikheim, mobil 91331599
Epost: [email protected]
Bente Øien Hauge, mobil 90759624
Epost: [email protected]
Du finn oss òg på Facebook;
søk på “Lærdal SV”
Oppsett Original Hauge, Lærdal, TRYKK SKRIVARGARDEN, ÅRDAL
VERDIPAPIRET VÅRT
Lærdal SV sine kandidatar til kommunevalet 2011
1. Jan Olav Fretland (f. 1950)
2. Bente Øien Hauge (f. 1956)
3
3. Jan Børge Monsen (f. 1972)
4. Ine Nyseth (f. 1968)
5. Jens Rikheim (f. 1961)
1
6. Ingjerd Leirstein Bøkenes (f. 1968)
7. Basir Farzan (f. 1977)
2
5
4
8. Marita Vangen Bratteteig (f. 1987)
9. Annike Vanberg (f. 1974)
6
10. Øystein Bratteteig (f. 1956)
11. Bente Olaug Opsvik (f. 1960)
12. Kari Blåflat (f. 1948)
Informasjon
Valblogg for Lærdal SV
Fram til valet bloggar listekandidatane om aktuelle saker her:
laerdalsv.blogspot.com/
Lærdal SV sine partisider
sv.no/SV-der-du-bor/Sognog-Fjordane/Lardal
Her finn du mellom anna nettversjonen
av programmet vårt!
Lærdal SV på Facebook
Kom gjerne med innspel på Lærdal SV si side eller på
hendinga “Stem SV inn i Lærdal kommunestyre”.
13. Rein Arne Golf (f. 1958)
14. Laila Irene Elvagjeng (f. 1961)
7
15. Andreas Hadsel Opsvik (f. 1988)
9
8
16. Ingrid Vindedal (f. 1956)
17. Øyvind Hamre (f. 1969)
18. Anna Jorunn Avdem (f. 1952)
19. Kristin Bolstad (f. 1952)
Vil du treffe oss personleg og få programmet vårt?
I lag med dei andre politiske partia i Lærdal, blir me å treffe
på valtorg dei siste tre laurdagane før valet, kl. 11–14.
Valtorga er:
27. august på Lærdalsøyri
3. september på Borgund og Ljøsne
10. september på Lærdalsøyri
20. Ivar Otto Rikheim (f. 1946)
10
15
16
11
13
12
14
19
17
18
20
Bruk SV-lista!
Me har valt å gje dei to fyrste på lista røystetillegg, det
vil seia at dei får 25 % ekstra når røystene blir opptalde.
I tillegg kan du gje personrøyster både til desse og til så
mange du vil av dei andre på lista. Men du kan ikkje
stryka nokon kandidat.
Du kan derimot føra på visst mange frå andre parti
(slengjarar) på lista vår. Du kan òg føra på namn frå SV dersom du vel å bruka andre parti si liste i år.
Men me ønskjer sjølvsagt at du brukar SV-lista, det er
berre slik Lærdal SV kan få framgang ved valet.