Artistar til Jordeplerock 2014

Download Report

Transcript Artistar til Jordeplerock 2014

Foreninga Jordeplerock
Lærdal – 27.-29. juni 2014
Lokal og regional presse
Vår referanse
14/###-##
Dykkar referanse
Sakshandsamar
Helge Evensen
Bjørkum
Direktenummer
97768250
Dato
22.03.2014
Pressemelding 01-2014
Artistar til Jordeplerock 2014
Det har vore knytt spenning til artistane på Jordeplerock 2014. I dag har vi gleda av å lansere
dei to fyrste artistane til festivalen som går av stabelen i Lærdal 27.-29. juni 2014.
Eva & The Heartmaker
Eva & The Heartmaker er ein popduo som vart stifta i 2005 med sogndølen Eva Weel Skram
som frontfigur. Albumet «Let`s Keep This Up Forever» kom ut i 2009 og nådde 13. Plass på
VG-lista, der også låta «Superhero» kom på 4. plass. I 2011 vart dei kåra til «beste norske
artist» på MTV Europe Music Awards.
Drusar
Rockebandet drusar vart stifta på loftet på Skei samfunnshus i Jølster for ein del år sidan.
Bandet har teke fleire fyrsteplassar på fylkestoppen med deira eigenproduserte musikk, med
bl.a. ein punka versjon av Oddvar Torsheim si låt «Jølstradag». Dei produserer musikken sin
sjølv, som er på norsk.
Artistansvarleg Anna Gjesdal meiner begge banda produserer musikk av høg kvalitet, og
påpeikar at dei begge har sterk tilknyting til Sogn og Fjordane. Ho meiner vidare at dette er
band som publikum vil sette pris på, og seier dei passar godt saman med dei andre banda
som vert lansert på eit seinare tidspunkt.
For meir informasjon:
Helge Evensen Bjørkum
Festivalsjef/dagleg leiar
Telefon: 97768250
___________________________________________________________________________
Side 1
Postadresse: Pb 83, 6886 LÆRDAL
Besøksadresse: Grandane, 6887 LÆRDAL
Org.Nr.: 999 527 531
Telefon: 57641200
Telefaks: 57641201
[email protected]
www.jordeplerock.no
Bank: 3730 04 25829