brosjyren - Heddal Bygdetun

Download Report

Transcript brosjyren - Heddal Bygdetun

Den grøne trøya som heng på
veggen høyrer til bunaden.
Bunaden blei gitt til bygdetunet
av Sande si dotter, Anne Kåsa.
Overskrift på siste side
I monteren er det tre bunader og
ein dukkebunad. Bunaden som
står, sauma Anne Bamle til seg
sjølv. Dette er ein av dei siste
bunadene ho laga.
Helga Hagen, fødd Nykås,
eigde bunaden som heng inne i
monteren. Bunaden blei laga på
1920-talet. Aslaug Sem eigde
bunaden som sit på
brikkebandsveven. Skautet dokka
har på seg, manglar ei rose på
snippen.
Dokka har på seg ein bunad
teikna av Anne Bamle og
brodert av Anlaug Hegna.
Kanten nede på stakken og
forkleet heiter lynildbord. Dokka
blei gitt i gåve til bygdetunet frå
Anlaug Hegna.
Bunaden på bildet til høgre
blei laga under krigen. På
den tida var det vanskeleg å
få tak i stoff, og for å spare
på stoffet er forkleet laga
som ein del av stakken.
Den øvste skjorta, som heng
saman med den grøne trøya,
har det som blir kalla
brillemønster. Gunnhild
Rønjom har brodert skjorta.
Skjorta blei laga på
1950-60-talet.
Dei fire andre skjortene veit
me lite om. Dei blei gitt i
gåve til bygdetunet av Liv
Berit Kaasa. Ho har kjøpt dei
på auksjon i Heddal. To av
skjortene har rankemønster,
ei har prinsessemønster og
ei har brillemønster.
Bunadskaparen
Anne Bamle (1884-1972)
Inspirasjon
Anne Bamle-bunaden
Anne Bamle henta inspirasjon frå dei gamle
raudtrøyekleda som blei bruka i Aust-Telemark i
fyrste halvdel av 1800-talet.
Sjølv om Anne Bamle henta inspirasjon frå dei gamle
folkedraktene, tilførde ho også mykje nytt til bunaden
ho konstruera. Nede på stakken utvikla ho store og
vakre broderi og bak på trøya sette ho ei rose fordi ho
meinte det var så snøtt der. Det er særleg bruken og
omfanget av broderi som kjenneteiknar
Anne-Bamle-bunaden.
Til kleda høyrde ei raud eller grøn utanpåtrøye der
omslaget på trøya kunne vere både med eller utan
saum. Trøya var stutt og avslutta med ein kant.
Skjorta var rikt pryda med broderi i ulike fargar.
Stakken kunne vere pryda med band etter
nedrekanten. Til stakken blei det bruka rikt
utsauma sokkar.
Beltet som blei bruka til stakken, var brikkevove.
Veving med brikker er blant dei eldste
vevteknikkane, og i Aust-Telemark har teknikken
halde seg frem til i dag. Til Anne Bamle-bunaden
høyrer det med eit brikkevevd belte.
Anne Bamle syntes det var viktig at folk kledde seg
rett når dei gjekk i bunad, med svarte sko og
strømper og med noko på hovudet. Ho laga difor
falske lausvipper, sidan mange ikkje hadde langt hår.
Til dei gamle kleda blei det bruka kvitt linskaut med
oppåknytt silkeplagg. Dette er noko Anne Bamle
vidareførde, men i tillegg sauma ho ei rose på
snippen bak på skautet. Til bunaden laga ho også ei
låslomme fordi det ikkje passa å bruke ei vanleg
handveske til.
Kjelder til kunnskap om gamal draktskikk i
Aust-Telemark finn ein i bevarte klede, munnlege
overleveringar, samtidige teikningar og skriftlege
skildringar.
Sjølv sa ho at: «Ikkje elt det gamle va fint. Det e om å
gjørå å få det så fint som råd, gjer ein ikkje det, vi
ingen ha det». Såleis kan ein seie at arbeidet hennar
ikkje berre er rekonstruksjon av gamle klede.
Til dømes reiste
den dansk-norske
målaren Johannes
Flintoe (1787-1870)
i Noreg i fyrste
halvdel av
1800-talet. På
desse reisene måla
han fleire
draktstudiar.
«Dragter fra Hitterdal i Tellemarken»
av J. Flintoe ca. 1821.
Heile tre bunader blei i si tid gitt til kronprinsesse
Märtha. Den fyrste bunaden blei borte under
brannen på Skaugum i 1930 og den andre forsvann
under okkupasjonen. Den tredje bunaden har
barnebarnet prinsesse Märtha Louise arva. På den
fyrste «prinsessebunaden» flytta Anne Bamle
rosene frå mora si brudesokkar over på
bunadstakken. Det var desse rosene som blei
utgangspunktet for prinsessemønsteret.
Utstillinga i Rambergstugo
I midten av utstillingsrommet står det tre bunader.
Den grøne bunaden med raud trøye blei laga til
Anne Blomhaugen, fødd Nykås, under krigen.
Bunaden er både teikna og sauma av Anne Bamle.
Forkleet er eldre enn stakken, og for broderia vann
ho sylvmedalje på fylkesutstillinga på Notodden i
1922.
I si levetid var Anne Bamle involvera i arbeidet med
om lag 2000 bunader. Ofte fekk ho andre til å brodere
for seg, men mønstra teikna ho sjølv på. Ho let
kunstnaren og estetikaren få stort spelerom.
Mangfaldet i broderia hennar, både når det kjem til
bruk av farge og form, vitnar om nettopp dette.
Ein seier at Anne Bamle-bunaden anten har
ranke- eller prinsessebroderi. Rankemønsteret har
lange tradisjonar lokalt, men prinsessemønsteret var
det Anne Bamle som utvikla. Namnet «prinsesse»
viser til dei så kalla «prinsessebunadene».
Bunaden i midten blei gitt i gåve til Heddal bygdetun
av Gudleiv Bø. Ho har band nede og ikkje forkle.
Anne Bamle laga ikkje forkle til dei fyrste bunadene.
Bunaden til høgre på bildet blei laga til Sina Sande
frå Bø, antakeleg på 1920-talet. Skjorta og beltet er
ikkje laga av Anne Bamle.