"Snuskverna" fotografert av Ingvar Skattebu, Oppland Arbeiderblad

Download Report

Transcript "Snuskverna" fotografert av Ingvar Skattebu, Oppland Arbeiderblad

Koreologisk skildring av dansen min i "laus kl A", landskappleiken 2013
Vi elskar tradisjonane våre fordi dei har meining for fleire generasjonar enn vår eigen. Difor skapar
vidareutvikling av folkedanstradisjonane engasjement og meiningar, noko som er gull verdt for å
kvalitetssikre dansen. I år var det såpass mange meiningar om dansen eg gjorde på landskappleiken – i ulike
retningar – at eg føler behov for å gjera mine eigne tankar rundt dansen tilgjengelege for andre enn meg
sjølv. - Hallgrim Hansegård, Aurdal – 1 juli 2013
Konteksten
Landskappleiken har vore den viktigaste tevlingsarenaen for folkemusikk- og dans i Norge sidan den starta
opp i 1896, og har i dag status som NM. Gullik Kirkevoll (1895-1978) kritiserte effekten av kappleik som
gjorde at dansarar la bort vande tak som t.d. myretrillen for å sikre seg mest mogleg poeng i tevling. For meg
er den nedskrivne bekymringa hans over at lausdansen skulle miste vendingar som myretrillen, snuskverna
(headspin) og kvernekallen ein viktig inspirasjon for å nytte nettopp desse på kappleik.
Landskappleiken er ein arena for å tevle i tradisjonskunne, samstundes er det ikkje til å stikke under ein stol
at vi pratar om ei kapping i scenekunst. For meg har det vore viktig, og vanskeleg, å finne balansen mellom
dei personlege vala ein kunstnar skal gjera og kunnskapen ein skal vidareføre frå tradisjonen i distriktet ein
kjem frå. Landskappleiken er difor ingen god arena for eksperimentering, og dansen eg her dansar vil eg
kalle for kappleiksdans. Når eg dansar laus i kyrkjer, på samtidsdansscener eller rockekonsertar, legg eg vekt
på andre ting i dansen.
Låtten
«Kjerringè i snødrevè» var den fyrste låtten eg lærte å spela på stillet vi i Valdres kallar «grålysning». Det var
skikkeleg kick å lære låtten av Trygve Bolstad, men eg har ikkje dansa til den før no. Forma har Jan
Beitohaugen Granli bygd ut, og inkludert tak frå langeleikforma. Jan spelar låtten ulikt frå gong til gong. Det
er difor umogleg å planleggje visse tak til spesifikke tak i låtten, noko som gjer samhandlinga meir
oppfriskande og inspirerande.
Tempo
Eg trivst best i 90-95 slag i minuttet, og har aldri likt å danse raskt. Dette ville eg utfordre no, og var open for
at Jan kunne spela i det tempoet han ville. Her varierer låtten rundt 107 slag i minuttet, noko som passar
"Kjerringè i snødrevè" betre enn enn t.d. 93 som han spelte "Fossegrimen" i til meg i 2011.
"Snuskverna" fotografert av Ingvar Skattebu, Oppland Arbeiderblad
Oppbyggjing
I fyrste del av dansen prøver eg å få mest mogleg ut av lite. Eg ynskjer ikkje å skjemme bort publikum for
tidleg i dansen. Eg tek inn musikken, hattehaldaren, publikum og spelmannen før eg leverer frå meg hatten,
det viktigaste spenningsskaparen i lausdansen. Seinare byggjer eg opp til tre høgdepunkt; fyrste og andre
rundkastet og snuskverna. På veg til fyrste rundkastet seier eg ikkje frå meg sjansen til å erte publikum for å
auke forventninga om det som skal skje. Snuskverna gjer eg til slutt då det for meg er eit godkarstykke som
er vandare, men som ligg minst like godt i musikken som rundkastet. Eg synest rundkastet har fått overdrive
stort fokus i kappleikssamanheng, og vil ikkje gje det kongebalkong i samanhengen. Her er eit samandrag av
elementa som vart med i dansen, og ei subjektiv vurdering av spenningskurva:
= ro
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
= høg spenning
Entré, ga hatt til jenta, introlinking, lurekast
Dobbeltsveip med motsveip, kork og appell
Sviving, hopp og hovudstift over stav
Helrulla til storsveipen
Gange
Rundkast i sirkel
Gjekk på hendene etter hatt
Rebnetak med nakkesprett
Pjåtetaket, tåtur 2 og helikopter
Linking
Sviving til myretrillkast
Linking og henta hatt med einhands stift
Snuskverna
Kruking og ringe stålboge
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
Taka (rørslene)
Tidskodene referer til videoopptak av dansen. Lausdans har ikkje standardisert terminologi for
rørsler. Eg baserer termane eg bruker på Gullik Kirkevoll sine skrifter og munnleg tradisjon.
Tidskode
Skildring
0.00 – 0.25 Kunsten å gå er den mest elementere i lausdansen, og den eg byrja med. Vidare linka
eg meg til musikken på eit personleg vis. Her handlar det om å samle energien, og
knyte den til musikken.
0.25
Sidan låtten går i 2/4-dels tak markerer eg tidleg motslaget med helklapp i lufta (0.25)
0.25 - 0.27 Med foten markerer eg fyrste punkt på scenen, revirmarkeringa har starta. Eg
kjærteiknar bakken på dette punktet med handa i takk for reaksjonskrafta frå det gode
dansegolvet, og sender kjærleiken vidare til hattehaldaren i håp om at reaksjonskrafta
frå mor jord skal hjelpe meg i rundkasta.
0.31 - 0.40 Ståande halvsveip. Dette taket har eg sett av eldre dansarar frå Øystre Slidre, særleg
0.46 - 0.52
0.56 - 1.03
1.03 - 1.14
1.14 - 1.18
1.18 - 1.20
1.20 - 1.36
1.36 - 1.43
1.43 - 1.53
1.53 - 2.02
2.02 - 2.03
2 m 04 sek
2.05 - 2.09
2 m 10 sek
2.10 - 2.20
2.20 - 2.24
2.24 - 2.37
2.25 - 2.44
2 m 45 sek
2 m 46 sek
3.47 - 3.02
3.02 - 3.21
3.22 - 3.26
3.27 - 3.34
3.41 - 3.45
3 m 46 sek
3.49 - 3.57
3 m 58 sek
3.59 - 4.06
4.06 - 4.09
4.09 - 4.15
4.15 - 04.25
brukt under lausdansen i bonde. Oppvisningsdansarane som høyrer meir til Gullik
Kirkevoll-tradisjonen i Valdres har ein hoppande variant som eg ikkje bruker.
«Medsols sviving». Eit av dei fyrste taka eg lærde som åtteåring.
«Sidesteg», eller «opningsturen» som Kirkevoll kalla den.
«Linking»
Min eigen variant av «kvernekallen». Eg har den munnleg overført frå Knut Steinsrud
(1920-2010), min viktigaste læremeister. Piruetten oppatt på hel er skrive ned av
Kirkevoll, og eg har sett den på opptak med Knut Buseth frå 1968 (Rff.)
«Heldehopp»
«Linking»
«Dobbeltsveip». Denne med motsveip og korketrekkar var mykje brukt i Valdres då eg
vaks opp. Eg såg blant andre Steinar Erland Bakken gjera denne, ein av dei fyrste eg
lærte av.
«Motsveip» med «halv korketrekkar» og appell.
«Linking» og «motsols sviving». Dette var eit av dei fyrste taka eg lærte av den fyrste
eg lærte av, Frode Rolandsgard.
«Dobbelkrull» på «motsols sviving». Personleg variant for å markere noko i musikken.
Her er det eit spegla bogedrag hjå spelmannen eg understreker.
«Hopp med helklapp». Her ein personleg variant med samla føter på ei hand.
«Hufsing».
«Hovudstift over stav», personleg variant av hovudstift.
«Gange».
Korketrekkar, personleg variant.
Helrulla. Denne har Valdres mest tradisjon for å gjera på tå, enten hoppande (som
04.15-04.25) eller vridande på tå som nedskrive av Kirkevoll. Eg liker å gjera ulike
variantar av same taket, akkurat som i hardingfelespel, og valte av kunstnarleg
motivasjon å bruke helrulla som hallingen Thomas Stensgård (NRK 1975) brukte,
sjølv om eg er valdris.
«Storsveipen», nedskrive av Kirkevoll.
Helslag.
Nakkesprett.
«Linking» og «gange».
«Rundkast i sirkel». Å spytte på fingrane og teikne sirkel rundt seg sjølv på golvet var
ein øvingsmetode for å sparke rundkast på grindastolpar. Rønjus Nordtorp frå Øystre
Slidre og fleire andre valdrisar gjorde dette meisterstykket på grindastolpar á ca 1
meter diameter. Her hadde eg nok gange i bakken! I dette rundkastet legg eg vekt på å
lande på taktslag.
«Linking».
«Linketak» eller «tåtur 1» som Kirkevoll kalla taket.
«Handgange». Blant anna nedskrive av Jørund Telnes i 1878.
«Nakkesprett etter hatt frå handståande». Personleg variant av godkarstykke etter
øystreslidringen Torvald Ødegard som plukka opp hatt med kjaften medan han gjorde
kolbotte.
«Rebnetaket». Valdrisen Endre Rebne gjorde dette taket så fint at det er kalla etter han.
I mai 1905 vann han ei rundkasttevling som svenskekongen hadde satt opp i Oslo.
«Nakkesprett med armane i kross». Dette taket har eg etter Frode Rolandsgard. Han
gjorde det også som overgang etter «Rebne-taket».
«Linking».
«Pjåtetaket», også kalla «kyrsletten». Dette har eg etter nedskrift frå Kirkevoll og
samtale med Knut Steinsrud.
«Linking».
«Tåtur 2» som Kirkevoll kallar dette taket. Valdres-variant av helrulla. Eg har denne
4.25 - 04.28
4.28 - 4.36
4.36 - 4.47
4.47 - 4.55
4.55 - 5.01
5.01 - 5.20
5.20 - 5.27
5.27 - 5.32
5.32 - 5.49
5 m 49 sek
5.50 - 6.03
6.03 - 6.05
6.05 - 6.23
6 m 24 sek
6.25 - 6.40
6 m 41 sek
6 m 42 sek
etter Ingar Ranheim og Dag Hamre. Dei går djupt ned på partala (2 og 4) i musikken
og hoppar til oddetala (1 og 3). Kirkevoll skreiv at føtene aldri skulle forlate bakken.
«Helikopter». Satsar på underteljing for å lande på taktslag. Denne personlege
varianten brukar ikkje armane i satsen.
«Motsols halvsveip». Halvsveipen er oftast brukt med vending kvar halve runde.
Denne varianten har eg etter filmopptak av Thomas Stensgård.
«Enkeltsveipen», nedskrive av Kirkevoll. Var favorittaket mitt og transetak nr 1 i
borneåra. Varianten med annankvar fot har eg etter Martin Myhr.
«Snurrebassen». Denne har eg etter Sigbjørn Rua.
«Ei vending med helklapp» for å markere musikken. Personleg variant.
«Linking».
«Motsols sviving».
«Myretrillkastet». Personleg variant av rundkastet der eg satsar frå myretrill. Her går
eg rett frå sviving til «myretrillkastet». Knut Steinsrud la stor vekt på at ein skulle
danse seg inn i «rundkastet». «Myretrillen» har eg lært av Steinsrud, men også fått
fortalt av Ingar Ranheim. Kirkevoll skriv at den også er kalla «krakatoas-turen» etter
eit vulkanutbrot på øya Krakatoa mellom Java og Sumatra i 1883. Kirkevoll spora
«Myretrillen» tilbake til gamle Knut Skutin (fødd i Bakko i Vestre Slidre i 1827) og
Tor Drøkkin. Taket er oppkalla etter stordansaren Nils Garvikmyren. «Myretrillkastet»
har eg nytta sidan 2005.
«Linking» med blant anna markering av underteljinga.
«Einhandsstift etter hatt». Personleg variant av einhandsstift.
«Linking» og «gange».
«Halv myretrill» på vranga. Skikkeleg myretrill går ned og opp, denne nedgangen er
fin inngang til snuskverna.
«Snuskverna» eller «å mala snus». Olav Thorshaug skreiv til Kirkevoll at «å mala
snus» eller å snurre på hovudet var eit fast innslag i lausdansen hans. Thorshaug dansa
på over 200 tilstelningar i USA. Eg har fått fortalt at hallingen Hans Lien og
numedølen Kjell Sandbekk óg brukte «snuskverna». Eg såg den i bruk som
godkarstykke utanom dansen blant valdrisar då eg var liten. Eg legg vekt på at
handbruken i «snuskverna» skal gå i tempoet til musikken.
«Nakkesprett».
«Kruking» fyrst med helane i bakken, så i lufta.
«Handståande»
«Ringe stålboge» oppatt. Dette er ein personleg variant som startar nede. Frode
Rolandsgard brukte «ringe stålboge» i dansen både ned og opp. Sidan dette
godkarstykket er vanskeleg å leggje godt i musikken, har eg lagt det til slutt i
utspelinga av låtten. Det var også brukt å berre "ringe stålboge" ned, og ta
"fiskespretten" oppatt.