Transcript Les meir
BØKSTULNATTEN Bøkstulnatten, 928 moh, er ikkje blant de høgaste toppane på Lifjell, men han er likevel blant dei mest kjente og kanskje den som blir mest besøkt. Strålande utsikt og lett tilgang sørgjer for det. Bøkstulnatten har ei lang historie. På eit kart frå 1848 er nuten kalla Jønnbunut . Dette kan ein forstå ut frå at Jønnbu, som er ei gamal og tradisjonsrik stule på Lifjell, ikkje ligg så langt unna. Ein meiner likevel at Bøkstulnatten er det eldste og opphavlege namnet. Men så kan ein spørje, kor låg så Bøkstul? For dette namnet finn me ikkje på dagens kartverk. Jau, tuftene av det som truleg var det gamle Bøkstul er framleis synlege. Dei ligg nede ved Fjellstulroe, nedunder Bøkstulliene og nordaust for toppen av natten. Andre namn der nede er Bøkstuldalen, som strekker seg opp mot Krintoskaret. Gamle segner fortel om livlege jonsokvaker både ved Jønnbu og Torilstul. I dansen kunne ein oppleve både attergangarar og den vonde sjølv, men dei skal vi ikkje fortelje om her. Bare at toppen av Bøkstulnatten også blei kalla Jonsoknut fordi det var vanleg med bålbrenning og Teikning: Margit Helga Thoen jonsokfeiring der oppe også. Segna fortel at under ei jonsokvake ein gong kom det fram ei makalaus fin jente som ingen drog kjensel på. Men da ho svinga seg i dansen kom rompa fram under stakken, det var nok huldra.