Transcript Les meir
SKRUBBEHIET Namnet på den vesle hytta framfor deg er Skrubbehiet (skrubb = ulv). Ho var hytta til kunstmålar Torleif Stadskleiv (1865 – 1948) frå Bø. Stadskleiv var ein kjent målar i samtida. Han hadde studert kunst i Firenze og Rom og var nær ven med samtidskunstnarar som Werenskiold og Egedius. Nasjonalgalleriet har fleire måleri av Stadskleiv. Stadskleiv lika seg i fjellet og drog opp hit så snart det blei sommar. Her fekk han ro og fred til å konsentrera seg om kunsta si. Namnet Skrubbehiet kan forklarast med at hytta låg nedst i Skrubbeliane med Skrubbelinuten øvst oppe. Det kan også tenkast at Stadskleiv valte dette namnet av di han følte seg litt i slekt med skrubben og helt seg mykje for seg sjølv her inne i fjellet. Innpåslitne turistar skremte han bort med ein revolver. ”Den brukar eg til å skyte plagsame turistar med”, kunne han fortelje, om nokon spurte kva han bruka den til. Og dermed fekk han ro og fred i hiet sitt.