frå Trones - Ullensvang herad

Download Report

Transcript frå Trones - Ullensvang herad

14
Fredag 2. november 2012
fredag
ENDELIG
PORTRETTET
F R E D A G S P R AT E N
KRYSSORDET
HF FOR TI ÅR SIDAN
REISEBREVET
R E P O R TA S J E N
Namnesamlare
frå Trones
Erlend Trones er godt i gang med jakta på
stadnamn i Ullensvang. Snart kjem arbeidet hans
ut i bokform.
Erlend Trones samlar på stadnamn i
Ullensvang. Namn som fortel om den
gamle bondekulturen og livet på gardane
før utskiftingar og nydyrkingar, og som
gradvis er på veg inn i gløymeboka, er i
siktet til 32-åringen.
NAMNESAMLAREN og målmannen har
ikkje planar om å gje seg før han har
oversikt over det meste som er å oppdrive
av namn på teigar, åkerlappar, utslåtter,
knausar og nutar, eller tomter og gardsbol. Vona hans er å få samla flest mogleg
av namna i ei av dei fire bygdebøkene
som er under arbeid i heradet.
HAN HAR RIMELEG GOD OVERSIKT over
vestsida av Ullensvang, og har no gått
laus på austsida. Kjeldene hans er Universitetet sitt namnemateriale, stadnamnsoppgåver skrivne av elevar ved
Odda vidaregåande skule, Skulebornsoppskriftene til Gustav Indrebø frå 1931
og 1946, innsamlingar som bondekvinnelaga har gjort og notat frå ein annan
kjend stadnamngranskar, Botolv Helleland. Når desse kjeldene ikkje strekk til,
går han sjølv ut og intervjuar dei eldste på
gardane.
JOBBEN TIL ERLEND er å systematisere
namna, plassere dei på kartet og å presentere dei på ein fornuftig måte i bokform. Heradet kjem altså til å få ei eiga
stadnamnbok. Det meiner Erlend er
både nyttig og interessant, og på høg tid.
Namna er å rekne for kulturhistorie, men
dei står i fare for å verte gløymde. Difor
jobbar Erlend no med å samle og sikre
dei for ettertida.
KARL YSTANES
[email protected]
Etter å ha studert språk- og økonomifag
ved universitet i Bergen, Frankrike og
Trondheim, flytte han heim til Ullensvang. Etter kvart har faga som ein gong
var hobby vorte til ein del av arbeidsdagen hans, og stadnamn, historie og målsak og får stadig meir merksemd.
– Eg har no ei 10 prosents stilling som
skrivar for bygdeboknemnda, og får i tillegg løyvingar frå heradet til å utføra innsamlinga av stadnamn, fortel han.
DET ER EI RIK SAMLING AV NAMN i Ullensvang som no skal plasserast på kart og
samlast mellom to permar. Gardane i
Ullensvang har ikkje alltid sett ut som dei
gjer i dag, med snorbeine eplerekkjer og
flate, nydyrka marker. I gamle dagar var
også gardsdrifta meir samansett. Då kom
namnerikdomen godt med, og Erlend
fortel at berre på heimegarden på Trones
var det 517 småteigar, som alle hadde
kvart sitt namn. Det seier noko om namnefloraen i Ullensvang før utskiftinga.
Namna vart nytta dagleg då drifta gjorde
det naturleg, og somme av stadnamna
kan vere heilt unike.
– Dei kan vere eineståande i sitt slag,
fortel namnegranskaren. Han dreg fram
namnet «Lur» frå sin eigen heimegard,
Trones. Dette namnet er truleg svært
gammalt. Det er også namnet «Mydlogarda» frå Bleie.
– Mydlogarda er eit teignamn som har
vore nytta uavbrote frå tida før Svartedauden og
fram til i dag.
Vi har ikkje
mange slike
namn
att,
som er så
gamle. Namnedaude har
vi hatt i alle
tider, men historiske «sjokk» eller omveltingar som Svartedauden og utskiftingane står nok i ei særstilling. I dag er vi
også vitne til at mange namn fell bort fordi dei ikkje lenger er i aktiv bruk, fortel
Trones.
DRIFTA PÅ GARDANE endrar seg. Då
endrar også namnebruken seg. Haugar
og skorer vert jamna ut og fylte att, og
bøndene vert færre. Ein stor del av stadnamna går ut av dagleg bruk, og dermed
står dei i fare for å bli borte. Særleg er
denne utviklinga sterk i utmarka, som i
dag knapt vert nytta som del av gardsdrifta. Namna lever farleg, men dei har
Erlend. Han vil ta vare på dei, og han kan
trenge hjelp.
– Fleire av dei gamle sit enno med
kunnskap om namn, og om nokon skulle
ha notert ned namn eller har stadnamnlister liggjande, så er eg veldig interessert
i å få kontakt med dei. Det kan framleis
vere namn som vi ikkje har registrert, seier Erlend Trones. Han manglar dessutan
kartplasseringane på dei fleste stadnamna på austsida av fjorden, og planlegg no
ei større innsamling der han treng hjelp
frå folk frå gardane som hugsar namna.
– Men kva med nye namn? Er du ikkje
interessert i namn som har dukka opp i
nyare tid?
– Det er stort sett snakk om namn som
har kome til utanfor den gamle gardskulturen, og soleis noko på sida av mitt prosjekt. Dei er ikkje mindre verde,
men eg trur dei er mindre i fare,
for å seie det slik. Akebakken og
Froskedammen og slike namn
lever godt, medan namna på gardane treng merksemda no, elles
kan dei vere tapte for alltid.
– Har du kome over kuriøse
namn, eller namn som kanskje
ikkje er heilt passande?
– Ikkje i stor grad, men vi har døme på
ganske kreative og underhaldande
namn. Når det gjeld namn som kan høyre heime i vulgær-kategorien, så har vi
døme på det også, til dømes Gygrarævè.
Men det er ein viss blygsel ute og går i
grendene, så dette er kanskje ikkje namn
som vert dregne fram fyrst. Vi må gjerne
snuble over desse, fortel Erlend Trones.
Mange
namn fell
bort.
NAMNA FORTEL OSS MYKJE, om staden,
bruken eller naturen i nærområdet. Dei
kan også ha god underhaldningsverdi.
Trones dreg fram namnet «Hønsadauren», som er eit teignamn som ikkje utan
humor fortel noko om storleiken på teigen. «Daur» tyder lunsj, og namnet fortel
at vi her har ein teig som gir nok mat til at
ei høne kan få seg eit måltid. Ikkje store
lappen, altså, men viktig kulturhistorie i
dag.
STADNAMNBINDET skal vere ferdig til jol
2013 eller 2014. Så oppmodinga er klar:
har du namn eller namnelister du meiner
Erlend Trones burde kjenne til, så er
namnejegeren svært interessert.
Fredag 2. november 2012
PORTRETTET
F R E D A G S P R AT E N
KRYSSORDET
HF FOR TI ÅR SIDAN
REISEBREVET
15
R E P O R TA S J E N
en
NAMN I SIKTET.
Erlend Trones samlar
og systematiserer
stadnamn. På biletet
står han på
Olavssteinen
utanfor skulen
i Kinsarvik.
Det eigentlege
namnet er
Krossåkersteinen,
og skrøna om at
Olav den heilage skal
ha stått her, er mest
sannsynleg nettopp
ei skrøne. Freidige
endringar av gamle
namn skjer stundom.