ENERGIMONTØR - Forsand Elverk

Download Report

Transcript ENERGIMONTØR - Forsand Elverk

Forsand
Elverk KF
- rein kraft
Forsand Elverk KF er eit
kommunalt eigd elektrisitetsverk med ansvar for kraftforsyning i Forsand kommune.
ENERGIMONTØR
Er du energimontør og har lyst på jobb i et lite, oversiktleg og vel
fungerande selskap med veldig godt miljø? Liker du allsidige oppgåver
ute i Rogalandsnaturen? På grunn av endring i organisasjonen vår har
vi ledig stilling som energimontør.
Vi ser etter ein montør med nokre års erfaring til varierte og spennande
oppgåver i Forsand og Lysefjordområdet. Ansvarsområdet er bygging,
idriftsetting, vedlikehald og reparasjon av høgspent- og lågspentanlegg,
kabel og luftlinjer samt nettstasjonar; delta i daglege driftsoppgåver på
nett og delta i montørvakt for Forsand og Lysefjordområdet.
Vil du bli med på laget?
Vi ynskjer oss ein positiv og strukturert person med god fysikk.
Det er ynskjeleg med fagbrev som energimontør, men også andre
elektrofagbrev er aktuelle.
Det er ein fordel med førarkort kl. C.
Stillinga vil etter noko opplæring inngå i etablert vaktordning
og vi forventar at du er god i norsk, både munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr ein givande arbeidsdag i eit lite selskap der kvar og ein sitt
bidrag er viktig og avgjerande for at vi skal lykkast i våre mål.
• Konkurransedyktige vilkår
• Gode velferdsordningar
• Gode forsikringsordningar
•Kompetanseutvikling
Meir informasjon om stillinga: Sjå heimeside eller kontakt
Kjell Inge Bjørheim tlf 99 54 88 32 eller Ruben Iversen tlf 99 54 88 31.
Søknad kan sendast på e-post til: [email protected]
eller per brev til: Forsand Elverk KF, Fossanvegen 380, 4110 Forsand.
Heimeside: www.forsandelverk.no
E-post: [email protected]
Søknadsfrist: 15. februar 2015