Haustlista 2013 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE

Download Report

Transcript Haustlista 2013 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE

Haustlista 2013 frå Samlaget
SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE
ROMANAR:
JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN
Vakkert om det mørke og farlege
Sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse
opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i
ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det
blir stadig vanskelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje
talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han
begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes,
på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå
mennene.
Songfuglen handlar om einsemda som oppstår når verda ein trudde
var trygg og meint å vare for alltid, viser seg å vere både farleg og
umuleg.
Nok ein gong skaper Leikvoll eit univers der heilt eigne reglar og
livsvilkår rår for menneska. Songfuglen skildrar brutale og rå
eksistensar, men er samstundes ført i eit omsorgsfullt og
kjenslevart språk. Resultatet er skakande og vakkert på same tid.
Jan Roar Leikvoll (f. 1974) skriv originale romanar der yttergrensene av menneskeleg
erfaring blir skildra med nådelaus realisme. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i
2008, deretter kom Fiolinane (2010) og Bovara (2012).
Romanane har fått strålande kritikkar, og Leikvoll blir hylla som ein av dei sterkaste og mest
originale stemmene i norsk litteratur.
ROMAN | ISBN: 9788252182729| Pris kr 349,- | Utg. september
1
ERICA LÖFSTRÖM (DEBUTANT): SEX, MUSIKK OG VOLD
Ei ung kvinnes ferd gjennom helvete
”Eg prøvde å skriva dagbok. Men det fanst inga sanning i forteljinga.
Berre ei parallell verd. Historia om Beatrice er ei slik verd. Ho har blitt
til mellom løgn og sanning. Men det er ikkje ho som lyg. Det er eg.”
Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung, sårbar kvinne si
omsynslause ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og
overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i
destruktive og nedbrytande handlingsmønster.
Beatrice er rotlaus, einsam, seksuell utprøvande og eteforstyrra. Og
ho hatar. Mest av alt hatar ho seg sjølv. Dette unge mennesket ber
på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og
avslørande blikk på både seg sjølv og verda redda ho frå undergang.
Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei
verd ho kan halde ut. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg sjølv.
Ei verd av sex, musikk og vold.
Erica Löfström (f. 1978) er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim.
ROMAN | ISBN: 9788252181586 | Pris kr 369,- | I sal
2
ØYSTEIN ORTEN: RASMUS REBELLEN
Eit sunnmørsk nasjonalepos
Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande
skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i
Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust
(1588–1666) folket til kamp mot overmakta.
Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson
Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i
munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og
med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen
småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske
overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre
appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein
spennande historisk skikkelse, men også til alle som er
interesserte i historie.
Øystein Orten (f. 1962) er lektor og forfattar frå Hareid på
Sunnmøre. Han debuterte med Havflammen i 1995 og har seinare
skrive både lyrikk, romanar og ei dokumentarbok. Han er etterkommar av hovudpersonen i
denne romanen, Stor-Rasmus.
ROMAN | ISBN: 9788252183382 | Pris kr 359,- | Utg. september
3
AGNES RAVATN: FUGLETRIBUNALET
Fengslande roman om skam, skuld og soning
TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei
offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein
mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i
hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til
å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye
situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang
tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter
kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande
spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis?
I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge
har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den
andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?
Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i
Vindafjord. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire
kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme
og skarpe blikk for menneskeleg svakheit.
ROMAN | ISBN: 9788252183238 | Pris kr 369,- | Utg. september
4
ERLEND F. SKARET: LUCIDA
Desperat kjærleikssorg
I desperasjon forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og
reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare
kjærasten sin, Maya Mesic. Han tar inn på eit hotell og oppdagar
snart at han er i ferd med å fortelje heile kjærleikshistoria si til ei
gruppe aldrande tyske turistar. Og medan han førebur den store
framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane
gradvis opp for han: Ho er nok allereie tapt. Robert har trudd han
ikkje har noko å tape på gjenerobringsforsøket sitt, men står no på
terskelen til fortapinga sjølv.
Flornes Skaret skildrar kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med
språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for
omgivnadene.
Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna
sivilingeniør. Han debuterte i 2011 med romanen Wrocław.
ROMAN | ISBN: 9788252184235| Pris kr 359,- | Utg. september
5
SIGRUN SLAPGARD: ENGLESTIEN
Vakkert og sårt om bror og søster
Julie Dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år
har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med
fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie
var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for
at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når
Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å
ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta.
Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein
dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen.
For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver
å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå
henne.
Dette er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen.
Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs
utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn.
Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset
(Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den første romanen hennar.
ROMAN | ISBN: 9788252181920 | Pris kr 359,- | Utg. oktober
6
RAKEL SOLSTAD (DEBUTANT): MEN KVA VEIT VI OM BARNA
Om barn i utsette posisjonar
Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv.
Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få
sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar
skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og
ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut
grenser.
Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som
pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i
strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn,
og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna?
Rakel Solstad (f. 1945). Fødd og oppvaksen i Kiberg, Finnmark, bur i
Trondheim. Har arbeidd som lærar og i mange år vore pedagogiskpsykologisk rådgivar.
NOVELLER | ISBN: 9788252183276 | Pris kr 329,- | Utg. september
7
JENS K. STYVE: FRIEDLAND
Odd Friedland er som Snåsamannen – berre utan dei gode
intensjonane
Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode
intensjonane. Han driv med healing, krekebærsaft, heimebrenning og
eit utal andre prosjekt, nokre mindre lovlege enn andre. Sonen hans,
Kristoffer, er skulelei, men drivande god til å røyka, drikka og spela
dataspel. Han er langt mindre driftig enn faren, men har og sine
lysskye aktiviteter. Det er først når Kristoffer vert innblanda i lokal
narkotrafikk at Odd Friedlands allereie vaklande imperium verkeleg
blir sett på prøve.
Styve fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si "Eg, Ove
Kvamme", no tek han forfattarskapet vidare i ei dramatisk og
fengande historie frå nordnoreg. Det føregår i eit mørkt og
småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og
menneskeleg varme.
Jens K. Styve (f. 1972) kjem frå Hjelmås i Nordhordland. Han arbeider i
Tromsø, mellom anna som forfattar av bøker, teikneseriar, film- og fjernsynsmanus.
ROMAN | ISBN: 9788252182774 | Pris kr 359,- | Utg. oktober
8
KRISTIN SØRSDAL: GUDS HUND
Mystisk og fascinerande roman
Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og
nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer.
Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den
mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka
vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt
gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som
drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne
landskap?
Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det
er framleis den same fredagen. Staden er eit forblåst stykke land,
omringa av hav.
Kristin Sørsdal viste sterk originalitet alt i debutboka. Også i Guds
hund er karakterane underlege, mystiske, fascinerande og
fråstøytande.
Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal og bur i Bergen. Ho debuterte med
Makabre bikkjer. Guds hund er den andre boka hennar.
ROMAN | ISBN: 9788252183337 | Pris kr 329,- | Utg. september
9
STEIN VERSTO: NIDAROS
Intenst trekantdrama
Nidaros er ei kjærleiksforteljing og eit trekantdrama. Romanen følgjer Peter,
ein foreldrelaus gut som veks opp i eit kloster i Tyskland, Ben, ein
komponist frå Oslo, og Birgitta, ein skodespelar med røter i Telemark.
Romanen flettar saman fortida og notida og det indre og ytre livet til desse
personane. Notidshandlinga tar oss med til Trondheim, som Ben har reist til
for å begynne på eit nytt musikkverk. Her møter han Birgitta, som han
tidlegare har hatt eit kjærleiksforhold til. Birgitta er i byen med ein gammal
ven, Peter. Når desse tre møtes blir er det ikkje muleg å halde fortida skjult
lenger; alt må opp i dagen. Dei blir dermed nøydde til å møte alt dei ikkje
visste om seg sjølv. Og det viser seg at dei alle er knytte saman på måtar dei
aldri hadde drøymt om.
Nidaros tematiserer korleis det vi ikkje hugsar, spelar aktivt med i livet vårt
og formar relasjonar, reaksjonar og handlingar.
Stein Versto (f. 1957) debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene. Den fekk Tarjei
Vesaas' debutantpris i 1990. Versto har også skrive diktsamlingane Innfalda tid, minne (1995) og Snø i
partituret (2000). No er han endeleg tilbake med ny bok, og dette er også den første romanen hans.
ROMAN| ISBN: 9788252176117 | Pris kr 369,- | Utg. november
10
MARIELL ØYRE & JOSTEIN AVDEM FRETLAND (DEBUTANTAR):
& ME SKAL BLI OMSKAPTE
Under ein luftballong, i ein butikkvegg i Covent Garden, ligg det
eit brev til Jakob Hov. Han er chocolatier i Paris og arveprins i
familieverksemda, men når gamalonkelen hans døyr, lyt han til
London og ta imot ein arv han ikkje har bedt om. Der treffer
han Lucy, tremenningen han nesten hadde gløymt, men som
slett ikkje har gløymt han. Og så er det Grace, som bur på loftet
over butikken, utan at nokon heilt veit kven ho er.
På nokre dagar blir alt snudd på hovudet, og Jakob finn ut at
det ikkje berre er dei levande som har sterke meiningar om kva
han bør gjera med livet sitt.
& me skal bli omskapte er forteljinga om vestlendingen Jakob og
sjokoladebutikken han startar i London. Det er ei forteljing om
familieband med lange skuggar, kjærleik som råkar hardt, og den
vanskelege kampen for å få bestemma over sitt eige liv.
Mariell Øyre (f. 1990) og Jostein Avdem Fretland (f. 1990) voks opp i kvar sin dal inst i
Sognefjorden. 14 år gamle fann dei kvarandre, og no bur dei i London og er saman om det
meste, slik som debutromanen & me skal bli omskapte.
Mariell er fotograf, bloggar og redaktør og held vanlegvis til på verdas største nynorskblogg,
hjartesmil. Jostein er utdanna komponist, i tillegg til å vera musikar og skrivar.
ROMAN | ISBN: 9788252181487 | Pris kr 349,- | Utg. september
11
OMSETTE ROMANAR:
MARTIN JOENSEN: FISKARMENN
Færøysk klassikar
Símun er ein hardtarbeidande fiskar om bord på sluppen Ørnen i
mellomkrigstida. Forholda om bord er miserable, samhaldet
dårleg og rivaliseringa sterk: ”Símun såg straks han sette foten om
bord, at mellom denne mannen og han kom det til å bli harde tak.
Dette var ein mann som ikkje gav seg før ein av dei låg der.”
Joensen skildrar framveksten av den færøyske klassekampen:
opprøret mot rike reiarar og kjøpmenn som ikkje berre eig dei
materielle verdiane, men også sjølve arbeidskarane og -jentene
på land.
Martin Joensens Fiskarmenn (1946) er ein klassikar i den færøyske litteraturen.
Frå færøysk ved Lars Moa.
Beskrivelserne af livet ombord på færøske fiskeskibe er fremragende, og giver en besk
afsløring af samfundets hierakiske opbygning.
Jógvan Isaksen, Færøsk litteratur (Kbh. 1993)
Martin Joensen (1902–1966) debuterte med den første færøyske kollektivromanen,
Fiskimenn (Fiskarmenn), i 1946. Martin Joensen har – saman med dei internasjonalt meir
kjende forfattarane William Heinesen og Heðin Brú – ein sentral plass i færøysk litteratur.
Lars Moa har omsett 16 bøker frå færøysk til norsk, og er blant anna blitt heidra med
Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for arbeidet med å styrke sambandet mellom Noreg
og Færøyane.
ROMAN | ISBN: 9788252180909 | Pris kr 229,- | I sal
12
KRIM:
THORE E. HELLAND: FARLEG KREDITT
Kor langt er du villig til å gå for å redde livet?
Rockemusikaren Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som
han angrar på at han kasta ut av leilegheita i Bergen. Idet han set seg
inn i den gamle Volvoen, ringjer faren. Edgar Evjo har gjeld til langt
over pipa etter å ha vore involvert i eit mislykka hotellprosjekt saman
med broren, Martin. Den litauiske mafiabossen Vanagas har gitt
Edgar ein frist på to dagar til å skaffe 640 000 kroner. Men Edgar
manglar betalingsevne. Like blakk er Alvin, men han tek likevel på seg
å hjelpe faren. Utan aning om kva dei skal gjere, reiser dei heim til det
gamle huset i Øystese. Først når Alvin får barndomskameraten Erik
med på laget, lausnar det. Den tidlegare drapsdømde kameraten har
ingen sperrer, og han har ein dristig plan.
Ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske
familieløyndommar.
Thore Eithun Helland (f. 1965) er oppvaksen i Hardanger. Han jobbar i
dag som advokat i Oslo. Farleg kreditt er den tredje romanen hans. I
2003 debuterte han med Bitterhonning Blues, og i 2008 kom Natta blir til regn.
KRIM | ISBN: 9788252183313 | Pris kr 329,- | Utg. september
13
LYRIKK:
SINDRE EKRHEIM: HO KJEM FRAM I REGNET
Vakre dikt frå naturens mikroplan
Dikta i denne boka framstiller rørsler i naturen på detalj- og
mikroplanet: insekta, korna, dropane, fnugga og bakteriane. Mellom
desse dikta utfaldar ei rekkje prosastykke ein brutal kronologi, ei
historie om ei mor i siste livsfase. Dei to forteljingane i boka viser til
ein heilskap der naturen, menneska, livet og døden er bygde opp av
dei same bestanddelane.
Gul
materie glir ut
i
mørkret, herdar
i augekroken hennar. Ein hestehov
bryt frå
andre sida. Ein morgon
kvittar
skyene seg med
snøen.
Sindre Ekrheim (f. 1967) er frå Stavanger og bur i Bergen. Han debuterte hausten 2010 med
diktsamlinga Sjøen hugsar ingen barndom.
LYRIKK | ISBN: 9788252184105 | Pris kr 259,- | Utg. oktober
14
ODD EIRIK FÆREVÅG (DEBUTANT): DAGANE GRÅ
Tett og personleg om å miste eit lite barn
Odd Eirik Færevågs dikt er gripande og personlege, underlege og
underhaldande. Dei fortel om ein liten son som døyr, og som bringar
fram minna om ei syster som rann på sjøen på eit grått akebrett. Den
mørke tematikken blir boren fram av eit overskot, eit leikande språk
som jobbar seg ut av sorga. Samlinga er ei hyllest til dei som står
rundt: kjærast, foreldre, barn og venner.
Odd Eirik Færevåg (f. 1976) kjem frå Røvær. Han bur i Haugesund og
arbeider som lærar.
Noko har stoppa opp, men det er ikkje sant
det heller. Det held på og held på
som ein tanke: ein bekk mellom lauvtre
bak eit sjukehus. Eg skulle ha skrive dette
med ein øydelagd penn
på eit støvete ark på eit bord i eit tomt rom
i Gamlahuset, så kunne vinden opna vindauget:
Me får aldri sjå son vår igjen.
LYRIKK | ISBN: 9788252182835| Pris kr 259,- | I sal
15
ESSAY:
RAGNAR HOVLAND:
FRÅ RAGNAR TIL ALLE. E-POST I UTVAL
Hovudkonsulent Ragnar Hovlands interne e-post offentleggjord!
Ragnar Hovland var litterær konsulent på Det Norske Samlaget i
årevis. Eit par dagar i veka har han hatt tilgang til eit kontor og ein
pc. Dette har resultert i mange års bombardement med kortare og
lengre e-postar til dei tilsette, og høgdepunktet i veka har for
mange vore nettopp Hovlands kontordagar. I denne boka er ein
liten del av denne verksemda fanga opp, alt frå Hovlands
fråværsassistentar via små oneliners til livsfunderingar og ymse
forbrukartestar.
Med denne boka gir vi fansen innblikk i ein hittil skjult del av
forfattarskapen.
Forord av Erle Stokke.
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei særeigen stemme i norsk litteratur. Full av spenstige innfall,
merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn
40 bøker i alle sjangrar.
E-POST | ISBN: 9788252184129 | Pris kr 199,- | I sal
16
EINAR ØKLAND: FOTGJENGAR MED FOTNOTAR
Om kulturens kvite felt
Økland skriv om eigne og andre sine tekstar, om barnebøker,
imaginære bøker, om glansbilde og brevmerke. Her er helsingar til
jubilantar i form av både dikt og prosa. Og der store delar av
dagens skjønnlitteratur freistar å nytte seg av grep frå faktabøkene,
lar Økland denne sakprosaboka slå ut i det eksplisitt
skjønnlitterære, gjennom lyriske bolkar, fabulerande prosa og også
eit lesestykke som handlar om Dag Solstads 85-årsdag. Økland viser
igjen at det framleis er mykje å oppdage og gle seg til i litteraturen.
Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale
forfattarane i landet. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare
80 bøker innanfor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje
prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006.
ESSAY |ISBN: 9788252184099 | Pris kr 379,- | Utg. september
17
DRAMATIKK:
OLAUG NILSSEN: STORT OG STYGT
Om gleder og sorger i småbarnslivet
Olaug Nilssens bestillingsverk til Det Norske Teatrets
hundreårsjubileum haustar strålande kritikkar i pressa. I stykket møter
vi to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk
kvardagsliv – eit ”småbarnshelvete”. Det andre paret ventar barn og
ser på foreldrelivet frå eit teoretisk og romantisk standpunkt. Dei har
heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde
takle sonen som skrik heile natta.
Det ligg ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein
ikkje strekker til, og for at ein ikkje gjer dei rette vala i avgjerande situasjonar.
Olaug Nilssen (f. 1977) debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Sidan den gong har
ho skrive bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk
litteratur. Særleg kjend er Nilssen for romanen Få meg på, for faen som òg er filmatisert.
Nilssen har blant anna vore leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho kjem frå
Solheimsdalen i Førde, men bur no i Bergen.
DRAMA | ISBN: 9788252184341 | Pris kr 199,- | Utg. september
18
POCKET:
JON FOSSE: OLAVS DRAUMAR
Olavs draumar er ei draumelik, urovekkjande og klaustrofobisk
forteljing, mest som ei bibelsk likning. Med sitt enkle og ladde språk
skapar Fosse ei lysande skildring av kjærleiken mellom dei to unge.
Alida og Asle kom i Andvake til Bjørgvin der ho fødde eit barn. I Olavs
draumar forlèt dei byen, men Asle, som no vel å kalla seg for Olav, vil
dra attende til Bjørgvin for å kjøpa ei gåve til Alida. Men det går ikkje
slik han drøymer om.
Litterært sett er Jon Fosse i toppklasse her.
Knut Hoem, NRK Kulturnytt
Handlinga i Olavs draumar er enkel og tragisk. Men den vakre ordflaumen,
intertekstualiteten og det draumliknande tvitydige gjer den samla forteljinga om Asle (Olav)
og Alida (Åsta) til eit verk med stor diktarleg kraft.
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid
ROMAN | ISBN: 9788252184310 | Pris kr 149,- | I sal
AGNES RAVATN: VEKE 53
Georg Ulveset er ein middelaldrande, skild lektor som innser at han er
misfornøgd med dei fleste vala han har gjort i livet, utan at han heilt
veit kva han skal gjere med det.
Agnes Ravatns kritikarroste debutroman.
Veke 53 er en fin debut full av gode og ikke minst morsomme scener,
med pinlige, nedrige øyeblikk og genuin kontakt i tørrvittig form.
Hilde Stubhaug, Morgenbladet
Agnes Ravatn har skrive ei morosam og underhaldande lita perle av ei bok – som også opnar
for alvorlege refleksjonar rundt korleis vi sjølve er ansvarlege for lukka i liva våre.
Kari Mathilde Hestad, ABS Nyheter
ROMAN | ISBN: 9788252184334 | Pris kr 149,- | Utg. september
19
BARN OG UNGDOM:
APPAR:
EVA MUSZYNSKI OG KARSTEN TEICH: COWBOY-CLAUS OG DEN PROMPANDE PONNIEN
Cowboy-Claus er ikkje som cowboyane i Det ville vesten. Han har ikkje hest. Han har kua Rosa og
grisen Lisa, og han har ein grønsakhage. Men ein dag høyrer han nokre underlege lydar frå
maisåkeren .
Cowboy-Claus og den prompande ponnien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese.
Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og
inspirere ferske lesarar.
LESELAND NIVÅ 3
RUSSEL PUNTER OG DAVID SEMPLE: DEN KROKETE MANNEN
Den krokete mannen har eit krokete hus og ein krokete katt. No vil han ha ein krokete fisk til
middag. Men fisken er vekk.
Den krokete mannen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode
historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske
lesarar.
LESELAND NIVÅ 1
RUSSEL PUNTER OG GUSTAVO MAZALI: DEN PYSETE KATTEN
Katten Steinar er redd for det meste, så eit mørkt hus fullt av rare lydar er den siste staden han har
lyst til å vere. Men for å redde dagen må Steinar vere modig.
Den pysete katten er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier
med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
LESELAND NIVÅ 2
MARTIN BALTSCHEIT OG ULF K.: FELINE, PROFESSOR PÅL OG KJEMISETTET
Pål har lenge ønskt seg ein stor, farleg hund som kan passe på han og skremme alle i heile verda.
Men når han får oppfylt ønsket sitt, blir han frykteleg skuffa: Felline er nemleg lita og slett ikkje
farleg. Men han har jo kjemisettet sitt ...
Felline, professor Pål og kjemisettet er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette
er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere
ferske lesarar.
LESELAND NIVÅ 3
20
GUDRUN LIKAR OG SABINE BÜCHNER: PRINSESSE FIBI OG DRAKEN
Fibi er lei av å vere prinsesse. Ho drøymer om eventyr og heltedådar. Når ein gretten drake kjem og
skremmer heile kongeriket, får ho endeleg sjansen: Modig dreg ho av stad for å møte det farlege
uhyret ...
Prinsesse Fibi og draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode
historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske
lesarar.
LESELAND NIVÅ 4
MAIRI MACKINNON OG FRANCESCA DI CHIARA: SOLA OG VINDEN
«Eg er sterk!» seier sola. «Eg er sterkare!» seier vinden – men korleis kan dei bevise det?
Denne livlege gjenforteljinga av ein av dei klassiske fablane til Æsop har lettlesen tekst.
Etter at barna har lese forteljinga, kan dei prøve seg på nokre morosame oppgåver.
Sola og vinden er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier
med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.
LESELAND NIVÅ 1
SYLVIA HEINLEIN OG SABINE WIEMERS: DEI HEMMELEGE SUPERHELTANE
Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er «Dei beste», og dei les helst superheltteikne
seriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmeleg heit, og plutseleg står
superheltane framfor dei i levande live ...
Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er
gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske
lesarar.
LESELAND NIVÅ 4
KENNETH GRAHAME, KATIE DAYNES OG FRED BLUNT: DEN UNDERLEGE DRAKEN
Kven har vel høyrt om ein drake som ikkje likar å slåst? Og kva skjer når den barskaste drakedreparen
av alle kjem på besøk til han?
Den underlege draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode
historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske
lesarar.
LESELAND NIVÅ 2
21
BILETBØKER:
HELGA GUNERIUS ERIKSEN: PERI OG PETI VENDER OM
Ei enkel bok om store ting
Peri og Peti er to små vener som vågar seg ut i verda for å
oppleve luktene og lydane der. Men brått blir det
skummelt! Då gjeld det å kome seg fort bort.
Helga Gunerius Eriksen har skrive og sydd denne store,
vesle forteljinga om Peri og Peti. Resultatet er blitt ei
perle av ei bildebok til glede for både små og store
lesarar.
Boka er støtta av Leser Søker bok.
Helga Gunerius Eriksen kjem frå Stord og bur i Bergen. Ho er
cand.mag. med faga keramikk og filosofi og har skrive over tjue
bøker for alle aldrar i fleire sjangrar. I 2013 fullfører ho
fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.
BILETBOK | ISBN: 9788252182699 | Pris kr 229,- | I sal
22
MARTINE GRANDE (DEBUTANT):
KAKERLAKKEN MED DEN STYGGE FRAKKEN…
OG HOVUDET FULLT AV TRISTE TANKAR
Original og varm debutbok
Kakerlakken er redd for å blø, redd for å dø. Men ho er òg redd for å
leve. Kvar finn ein lys og glede når hausten har gøymt sola og
fargane?
I eit spenstig, humoristisk biletspråk fortel debutant og
animatør Martine Grande den bittersøte historia om
kakerlakken som får tunge vintertankar. Dette er ei bok det er
lett å bli glad i.
Denne biletboka kjem også som animasjonsfilm på NRK Super til
hausten.
Martine Grande (f. 1985) voks opp i Lierne i Nord-Trøndelag og
bur no i Volda. Ho er utdanna animatør og jobbar til dagleg i sitt
eige vesle animasjonsselskap Grande Produksjon. Kakerlakken
med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar er
debuten hennar som barnebokforfattar.
BILETBOK | ISBN: 9788252183405 | Pris kr 229,- | I sal
23
GYRID AXE ØVSTENG OG PER RAGNAR MØKLEBY (ill.):
FØRSTEMAMMA PÅ MARS
Sprelsk og ærleg bildebok
Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å
innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege
versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur?
På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars?
Førstemamma på Mars er i tekst og bilete ei eksplosiv og sår
forteljing om sjukdom i den næraste familien.
Gyrid Axe Øvsteng (f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå.
Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. Øvsteng
er busett i Skien.
Per Ragnar Møkleby er illustratør og grafikar frå Lørenskog,
busett i Skien. Møkleby er utdanna ved Kingston University i
London og har illustrert bøker, aviser og blad for alle dei store forlaga sidan 1998.
BILETBOK | ISBN: 9788252182484 | Pris kr 229,- | I sal
24
FRÅ 9 ÅR:
TORE KVÆVEN: KAMELJEGEREN
Ørkeneventyr i beste Indiana Jones-stil!
På ein eldgammal motorsykkel reiser kameljegeren inn i verdas
største ørken. Framfor han spring Tam, ein halvtam afrikansk
villhund, og bak han sit Øystein og Lisa. Men på dette toktet finn dei
meir enn berre kamelar. Ørkenen skjuler også livsfarlege kjeltringar
og ei mørk hemmelegheit frå faraotida.
Ei humoristisk og spennande bok for eventyrarar.
9–12 år.
Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i
2011 med Hard er mitt lands lov. Kameljegeren er den første
barneboka hans.
FRÅ 9 ÅR | ISBN: 9788252182705 | Pris kr 199,- | Utg. september
25
ANNE VIKEN: ELISE OG MYSTERIET PÅ HESTEKLINIKKEN
Nyskapande hestebokserie med skikkeleg driv!
Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen
hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb.
Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting,
og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane
friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom
gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt
meir enn sjuke hestar.
I denne spennande serien om Elise tar Anne Viken
hesteboksjangeren til nye høgder!
Anne Viken er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho
debuterte i 2012 med den første boka i den spennande serien om
Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane.
FRÅ 10 ÅR | ISBN: 9788252182538 | Pris kr 199,- | I sal
26
FANTASY:
LENE KAABERBØL: VILLHEKS. BLODSUNGEN
Lett å lese, lett å like
Om det hadde vore opp til Claras mor, ville Clara aldri blitt villheks.
Det er så altfor farleg! Ho er redd for at Clara skal komme i fare, og
det viser seg dessverre at ho har rett. Den ville verda er ein farleg
stad, ikkje minst no som Bravita Blodsunge er i ferd med å bryte ut
av fengselet ho har vore innesperra i dei siste 400 åra …
Blodsungen er fjerde bok i den medrivande og lettlesne serien om
dyrevennen og villheksa Clara.
Frå 8 år.
Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder
av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag
forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om
Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for
W.I.T.C.H.-serien.
FANTASY | ISBN 9788252182675 (NN) 9788252182682 (BM) | Pris kr 199,- | Utg. august
27
SAKPROSA FOR BARN:
ERNA OSLAND: NASEVIS
Ei lita bok om små og store nasar
Dette er ei bok full av nasar, verdas beste nase, verdas største nase
og verdas minste. Og det er ei bok full av kunnskap om nasar, store
snablar, breie tryne og spisse snutar. Her får du verkeleg vite kor
nyttig ein nase er, og korleis dei greier oppgåva med å dra inn luft.
Men kva meir kan nasar brukast til enn pusting? For nasar er ikkje
berre til å puste eller nyse med. Store nasar kan ein dusje med.
Lange nasar kan ein jakte med. Mens verdas minste nase, heilt
usynleg, kan brukast til å leite fram ein kjærast med. Les og bli nasevis!
Boka er illustrert av Elisabeth Moseng.
Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei
rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn, men
bur på Byrknesøy i Sogn.
SAKPROSA FOR BARN | ISBN: 9788252183399 | Pris kr 249,- | Utg. september
28
UNGDOM:
MAGNHILD BRUHEIM: DET SOM ER SANT
Kva skjedde på det rommet på den festen?
Kva er sant, og kva er rykte? Kven si side stiller du deg på når det
er ord mot ord? Linn og Solveig er bestevenninner, men
vennskapen blir sett på ein vanskeleg prøve når Hanna og Sander
har to ulike versjonar av kva som eigentleg skjedde på det
rommet på den festen.
Denne romanen engasjerer lesaren frå første side og er ei
høgaktuell bok om sex, vennskap, overskriding,
grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium.
Magnhild Bruheim (f. 1951) frå Skjåk i Gudbrandsdalen
debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan
skrive fleire bøker både for vaksne og for ungdom.
Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i
Oslo og på Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist.
Bruheim er busett på Lillehammer.
UNGDOM | ISBN: 9788252182569 | Pris kr 199,- | I sal
29
ATLE HANSEN: FLUKT
Lettlesen spenningsbok
Rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt
lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte
asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der?
Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg?
Flukt er ei lettlesen og spennande bok om å våge å gjere skumle og
kanskje ulovelege ting. Les og få hjarteklapp.
Utgivinga er støtta av Leser søker bok.
Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har
skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått
Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Atle Hansen bur på Stord.
LETTLES FRÅ 12 ÅR | ISBN: 9788252182545 | Pris kr 179,- | I sal
30
RAGNAR HOVLAND: OM NOKO SKULLE SKJE
Endeleg ny ungdomsroman frå Ragnar Hovland!
Ingrid, kjærasten til Reiner, døyr. Og Reiner sørgjer slik over
henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han, gjennom
den mystiske Percy, kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod
han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den
andre verda finst, der Reiner kan få møte ho han elska att. Han
må gjennom umulege prøver og store farar, men har ingenting å
tape.
Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike, men
underverda frå den gong har forandra seg til eit grått landskap
utan mobildekning og med gamle pc-ar som ikkje fungerer.
Kjærleiken, derimot, er den same, og fortvilinga når den ein elskar
går frå ein, er like vond som før.
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i
norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle
referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.
UNGDOM | ISBN: 9788252182613 | Pris kr 249,- | Utg. oktober
31
HARALD NORTUN: NESTEN SAMAN
Ei diktsamling som treffer midt i planeten!
Kanskje du akkurat no er åleine.
Kanskje du trur at ingen bryr seg.
Kanskje du trur at ingen ser deg.
Kanskje du trur at du ikkje er bra nok.
Kanskje du trur at ingen veit kven du er.
Kanskje du ikkje kan førestelle deg
at det finst nokon som tenkjer på deg
og berre på deg
kvar dag, kvar time,
kvart minutt og sekund.
Går det an å vere forelska i den suraste på heile skulen?
Går det an å vere nesten saman?
Denne diktsamlinga skildrar på humoristisk, sårt, energisk og
treffande vis, korleis det er å vere ung, sur og nesten saman.
Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd
som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006.
Nortun er busett i Trondheim.
DIKT FOR UNGDOM | ISBN: 9788252183504 | Pris kr. 199,- | I sal
32
GAUTE M. SORTLAND: THE RISE AND FALL OF GØRAN TROVÅG
Unggutar på leit
Dette er historia om Stuart, som eigentleg heiter Gøran, og
kompisane hans. Det er historia om skitten sprithandel, vennskap
og musikk. Det er forteljinga om måker og vind, om damer og
eksplosjonar, og ikkje minst: historia om å gå skikkeleg på trynet i
hundeskit. Gaute Sortland har skrive ei morosam, skeiv og sår bok
om det å vere ung gut i ein liten norsk by.
Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte
som forfattar med romanen Johan i 2009 og er kjend som songar og
musikar i Bergen Mandolinband.
UNGDOM | ISBN: 9788252182583 | Pris kr 199,- | I sal
33
SAKPROSA FOR UNGDOM:
KRISTIAN BJØRKELO: EKSTREMISTBOKA
Dagsaktuelt og engasjerande
Kva er terror, og finst det døme på legitim terror? Kva kan vi kalle
ekstreme ytringar, og når blir ein ekstremist?
I denne aktuelle debattboka for ungdom diskuterer Kristian
Bjørkelo kva ekstremisme og terror er. Gjennom intervju, fargerike
døme og historie gjev forfattaren ein bakgrunn for å forstå
ekstremistar og motivasjonen deira. Han gjer dette i eit
kunnskapsrikt, humoristisk og provoserande språk.
Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er utdanna folklorist, har følgt ulike
ekstreme miljø i over ti år, og kombinerer fagleg innsikt med
humor og snert. Han har skrive blogg og artiklar i fleire år, og i 2013
redigerte han Gi meg en scene!, ein antologi om norsk blogging.
SAKPROSA FOR UNGDOM | ISBN: 9788252182590 | Pris kr 199,- | Utg. desember
34
SAKPROSA:
OLE ELLEFSEN: REVEJEGERANE PÅ JAN MAYEN
Dei skulle fange rev, men enda med å jakte på kvarandre
Den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i
form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på
Jan Mayen.
Året er 1926. 11 menn er isolert på ei aude øy mellom alt og
ingenting. Klippeøya Jan Mayen er nettopp blitt erklært som norsk
territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei
klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å
bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel
og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den
eine rømme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i
klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre.
Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å
drepe.
Ole M. Ellefsen (f. 1949) har mange år som journalist og forfattar
bak seg og er no leiar ved Aalesunds Museum. Han har tidlegare gitt ut bøkene Farefull ferd
på Sunnmørskysten og Folket ved Hustadvika.
HISTORIE | ISBN: 9788252183115 | Pris kr 349,- | Utg. september
35
ALFRED FIDJESTØL: TRASS ALT. DET NORSKE TEATRET 1913-2013
Dramatiske scener frå 100 års teatereventyr
Det Norske Teatret trassa tyngdelovene i Teater-Noreg, det trassa
dei økonomiske vilkåra og dei fysiske føresetnadene i den vesle
teatersalen, og det trassa den veldige motstanden mot prosjektet
mellom riksmålsfolket. Opninga i hovudstaden utløyste eit
vekelangt teaterslag, med pipekonsertar under framsyningane,
blodige slagsmål i salen og titusentals demonstrantar i gatene
omkring teateret. 100 år seinare er språkstriden avvæpna og
teaterkunsten har mist den privilegerte posisjonen sin i
kulturfeltet. Men Det Norske Teatret står framleis like støtt, med
eige palass i Karl Johan-kvartalet og 200 000 publikummarar i gode
år, trass alt.
For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen
Det Norske Spellaget i 1911 og 1912 til den storslagne
hundreårsfeiringa i 2013.
Alfred Fidjestøl (f. 1973) er journalist og forfattar og har tidlegare
gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004) og Eit halvt
liv. Ein biografi om Per Sivle (2007). Han har vore tilsett ved Det Norske Teatret for å skrive
jubileumssoga deira, men har stått heilt fritt til å skrive ærleg, kritisk og usminka om vegval
og konfliktar, kriser og høgdepunkt.
HISTORIE | ISBN: 9788252178753 | Pris kr 499,- | Utg. oktober
36
JAN OLAV GATLAND: OLAV DALGARD. EIN BIOGRAFI
Ein frikar i norsk åndsliv
Olav Dalgard (1898–1980) var ein av dei mest aktive
kulturarbeidarane Noreg har hatt, ein markant pioner innan film
og teater. Han var ein sentral aktør i norsk kultur- og åndsliv i over
50 år, også som litterat, målmann og humanetikar.
Med ei halv stilling som dramaturg på Det Norske Teatret gjennom
femti år fekk han høve til å røre seg fritt mellom institusjonar og
kunstartar. Han var aktiv i sosialistiske Mot Dag, laga ni filmar, sat
på Grini og i Sachsenhausen under krigen, var kritikar i fleire aviser,
skreiv fleire bøker og kjempa fram teatervitskap som
universitetsfag og ein offentleg teaterskule.
Biografien om Olav Dalgard er blitt ein kulturhistorisk
gjennomgang av frontar, rørsler og institusjonar i det 20.
hundreåret.
Jan Olav Gatland (f. 1949) er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har
arbeidd som kritikar og omsetjar og i tillegg skrive ei rekkje artiklar og utgitt fleire bøker om
litteratur og teater, som Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes (2010), og Torvald Tu.
Eit diktarliv (2008).
BIOGRAFI | ISBN: 9788252178739 | Pris kr 399,- | I sal
37
DAG H. NESTEGARD:
ATLANTERHAVSFLYGAREN THOR SOLBERG. EI RØVARHISTORIE
Eventyrleg om flypioner
Sommaren 1935 flaug Thor Solberg som førstemann frå USA til
Noreg via Grønland, Island og Færøyane med eit spinkelt
einmotors Loening amfibiefly.
Den utrulege historia er lite kjend, og Thor Solberg var sjølv ein
mann utanom det vanlege. Han dreiv business både i Noreg og i
USA, var stor i kjeften og ein solid mytebyggjar. Solberg var ein del
av flypionermiljøet i Brooklyn N.Y. , saman med mellom andre
Charles Lindbergh.
Dette er historia om ein flygalen gut frå eit småbruk i Florø, som
fekk til nesten alt han ville, men som krasjlanda rett som det var.
Dag H. Nestegard (f. 1968) er journalist og redaktør i Bok og
Samfunn.
BIOGRAFI | ISBN: 9788252183078 | Pris kr 349,- | Utg. september
38
KATRINE SELE: KENNETH. HISTORIA OM KENNETH SIVERTSEN
Historia om Kenneth Sivertsen er ei historie om eit uvanleg talent,
absurde innfall og ville påfunn, intense kjærleikshistorier, men
også om alt som kan bryte ned eit menneske.
Kenneth Sivertsen døydde julaftan 2006, berre 45 år gammal.
Mange hugsar ein brutal nedtur og eit halvt hovud, men Sivertsen
var mykje meir enn eit fall for open scene. Han var gitarist,
komponist, songar og humorist. Han voks opp på Mosterøy i
Bømlo, med Jesus og englar som ein sjølvsagd del av kvardagen.
Alt som 22-åring skreiv han sin første symfoni. Kenneth Sivertsen
var klassisk komponist, skreiv viser, spelte med dei fremste
amerikanske jazzmusikarane, vart rikskjendis som kabaretartist
saman med kjærasten Herborg Kråkevik og turnerte ein periode
saman med 47 teddybjørnar.
Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe,
Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord og har
arbeidd som journalist i avisa Firda sidan 1998. Tidlegare har ho
blant anna gjeve ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar
Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for
journalistar.
BIOGRAFI | ISBN: 9788252183184 | Pris kr. 349,- | Utg. september
39
OTTAR GREPSTAD: HISTORIA OM IVAR AASEN
Ny biografi om 200-års jubilant
Ivar Aasen reiste lengre enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20
språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bondesonen
og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske
diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar.
Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket
som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket.
Offentleg sa han det først 16 år seinare, og laga seg ein
grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet
rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen.
Rekk han det han må få gjort?
Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum,
forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25
bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.
BIOGRAFI og HISTORIE | ISBN: 9788252174472 | Pris kr 349,- | I sal
40
KRISTIN FRIDTUN: NYNORSK FOR DUMSKALLAR
Nynorsk er ikkje vanskeleg
Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje
om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei
som ikkje vil lære nynorsk, men som må lære det. Kristin Fridtun
var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På
ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er
ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte
Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett.
Den nynorske jungelen er ikkje så stor og skummel som mange
trur! Fridtun syner veg på morosamt, enkelt og underhaldande
vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho
knuser mytar om nynorsken og Aasen og gir ei enkel og uvanleg
god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.
Kristin Fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi. Ho er
oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid og
har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen.
Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok.
SPRÅK | ISBN: 9788252183160 | Pris kr 249,- | I sal
41
ØYSTEIN A. VANGSNES: SPRÅKLEG TOLERANSE I NOREG –
NORGE, FOR FAEN!
Er vi eigentleg så språktolerante i dette landet?
Blant språkforskarar utanlands blir Noreg sett på som eit land
med stor takhøgd for språkleg mangfald. Men i kva grad set vi
eigentleg pris på språkmangfald? Kvifor ser ein stadig negative og
til dels hatske utfall mot nynorsk? Kvifor møter meir
synleggjering av samisk språk i Nord-Noreg sterk folkeleg
motstand? Og er det eigentleg så populært med alle moglege
slags dialektar i dette landet?
Bodskapen i boka er at språkleg toleranse og verdsetjing av
språkmangfald er bra for den enkelte, og difor også for
samfunnet.
Øystein A. Vangsnes (f. 1968) er dr.art. i lingvistikk og arbeider
som forskar ved Universitetet i Tromsø og professor II ved
Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er ein aktiv forskingsformidlar
som mellom anna bloggar om språk og språkvitskap på
nettportalen Forsking.no. I 2012 vart Vangsnes tildelt
Universitetet i Tromsøs formidlingspris.
SPRÅK | ISBN: 9788252183825 | Pris kr 129,- | Utg. oktober
42
OTTAR GREPSTAD: SPRÅKSANSEN. KALENDER OM ALL VERDAS
SPRÅK
Boka som rommar ei heil verd og varer i år etter år
Kva skjedde i all verdas språk nett i dag? Kven har sagt noko lurt om
språk og litteratur som du kan bruke på bloggen, i lunsjpausen eller i
talen? Denne språkkalenderen har svar for alle dagar året gjennom.
Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar
om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om
språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede, sans for
detaljar og glimt i auga.
Forteljingane rommar 5000 år og nærmare 300 språk. Som dagane går
tek eit fargerikt bilete form, av språk som blir til og vinn posisjonar,
endrar seg og tek uventa vendingar.
Språksansen er ei overraskande, lærerik og underhaldande bok for
fleire enn den språkinteresserte.
Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne.
Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.
SPRÅK og HISTORIE | ISBN: 9788252183610 | Pris kr 349,- | Utg. september
43
JAN INGE SØRBØ:
TIL TRØYST. Å GJE SPRÅK TIL PSYKISKE KRISER
Om psykisk sjukdom i skjønnlitteraturen
Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og
erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge
Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege
kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta
diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan
supplera og stundom korrigera dette.
Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er
gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte
innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider
av slike skilje. For den som sjølv kjempar med slike vanskar, kan
det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt.
Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H.
Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor
Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.
Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist.
Han er professor ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen,
professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda.
OM LITTERATUR | ISBN: 9788252183108 | Pris kr 329,- | Utg. september
44
TOROLF NORDBØ OG LEIF ARILD STEEN:
EI SLAGS HANDBOK I SUNT BONDEVETT
Jakta på den praktiske klokskapen!
Kor mange gongar har vi ikkje høyrt tale om at vi bør bruke «sunt
bondevett»? Men kva er det eigentleg?
I denne morosame og nyttige boka følgjer vi Ryfylke-humoristane
Torolf Nordbø og Leif Arild Steen i deira jakt på den praktiske
klokskapen som ein kallar sunt bondevett. Finst det eit usunt
bondevett? Og kan folk som i utgangspunktet ikkje har sunt bondevett, lære å bruke det?
Saman med handplukka menn og kvinner viser forfattarane kjeldene og ingrediensane til det
sunne bondevettet. Dette er ei bok full av humor og med glimt i auga. Du kan ikkje lære sunt
bondevett på skulen. Men du kan kjøpe denne boka!
Leif Arild Steen (f. 1972) er finnøybu, humorist og prosjektleiar i kulturbedrifta Ryfylke
Livsgnist.
Torolf Nordbø (f. 1956) er humorist, musikar, tekstforfattar og filosof.
HUMOR | ISBN: 9788252184327 | Pris kr 299,- | Utg. september
45
MAT OG DRIKKE:
INGRID ESPELID HOVIG: LETT TRAKTERING
Nostagisk kokebok
For 40 år sidan kom boka Lett traktering av Ingrid Espelid Hovig.
Samlaget hyllar no heile landets matmor med å gje ut boka på nytt,
akkurat slik ho såg ut i 1973, supplert med eit nyskrive forord av
Andreas Viestad.
Dette er ei bok som vil vekkje mange gode minne. Lett traktering var den andre kokeboka
Ingrid Espelid Hovig gav ut. Då hadde ho allereie formidla mat i Fjernsynskjøkkenet i elleve
år. Interessa for nye råvarer, nye retter og oppskrifter var stor. Boka inviterer til mimring om
korleis det norske kjøkkenet var i ei tid då nye rettar kom til landet.
Skal du traktera lett, kan du til dømes laga hane i vin, fiskegryte, laksesalat, svinerygg, bidos,
lammegryte, risottoblåskjell i ratatouille eller høne på austerlandsk vis. Oppskriftene er
framleis gode og enkle.
Ingrid Espelid Hovig (f. 1924) er programleiar, forfattar og utan tvil heile Noregs matmor. Ho
er kjend frå Fjernsynskjøkkenet og frå over 50 kokebøker. Espelid Hovig er utdanna på
Statens lærerinneskole i husstell. Ho har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. I 1994 vart
ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ingrid Espelid Hovig voks opp på Askøy,
men er busett i Oslo.
MAT OG DRIKKE | ISBN: 9788252184389 | Pris kr. 179,- | Utg. august
46
GUNDA DJUPVIK: BALL, KLUBB OG KOMLE MED DOTT
Kraftkost til kvardag og fest
Potetball har vore populær husmannskost over heile landet, og
kvar landsdel har sin favoritt. Kompe, komle, klubb, krumme,
kompedøse, ruter eller risk – alle er namn på ”den grå juvel”.
Ball er heller ikkje eit særnorsk fenomen, både palt, gnocchi,
knödeln og zeppelinar er variantar av vår potetball.
Gunda Djupvik gir deg oppskrifter på eit solid utval av både
potetball og fiskeball – med ulikt tilbehør. Du lærer knep og triks
for å få din favorittball heilt perfekt og med rett konsistens, og
nye og moderne vriar på den tradisjonsrike retten.
I dag er potetball ikkje berre kvardagskost, det er også herleg
festmat!
Foto av Gunda Marie Næss.
Gunda Djupvik (f. 1966) er profilert matbloggar og skribent. Ho
har tidlegare gitt ut bøkene Smalhans og Sylting og safting heile
året. Ho bloggar på altgodt.no.
MAT OG DRIKKE | ISBN: 9788252183047 | Pris kr 369,- | Utg. september
47
BODIL NORDJORE: BRØDBOKA
Den ultimate norske brødboka
Korleis laga eit saftig, sunt og knallgodt brød? Det er knapt noko
matemne Bodil Nordjore har fått fleire spørsmål om enn brød.
Her har ho samla dei 120 aller beste oppskriftene. Du får
oppskrifter på kvardagsbrød, brød tilsett ulikt godt, som lauk,
oliven eller tomat. Her finn du òg oppskrifter på småbrød som
foccacia, franske bagettar og heilnorske rundstykke. Og du får
vita korleis ein lagar brødet nordmenn har ete i generasjonar,
nemleg flatbrød, og ei solid innføring i korleis ein bakar med
surdeig.
Bodil Nordjore svarar også på alt ein lurar på når det gjeld
baking. Kor lenge skal brød eltast? Kva er ein kald og ein varm
deig? Når skal saltet i brødet? Skal ein bruka olje i brødet? Kva
skjer med brødet om deigen er laus? Korleis laga eit haldbart
brød?
Bodil Nordjore bur i Vinje og er kjend for mange frå NRKprogramma Kvelden før kvelden, Nitimen og Matlyst. Ho er
lektor ved Høgskulen i Telemark og fagansvarleg fro
tradisjonsmatstudiet på Rauland. Nordjore har tidlegare gjeve ut
bøker om blant anna fjellmat, pølser og julemat. Ho er fast spaltist i Tara Smak. Nordjore
reiser land og strand rundt med kunnskap og kurs om mat.
MAT OG DRIKKE | ISBN: 9788252183214 | Pris kr 399,- | Utg. september
48
IDA SKIVENES:
LEIK MED MATEN! KREATIVE FRUKOSTAR FOR STORE OG SMÅ
Oppskrifter på 70 lukkelege morgonstunder
Mor di tok feil, det er lov å leike med maten! Og det treng ikkje
vere kjedeleg å ete sunt. Med enkle grep kan ei vanleg brødskive
bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst.
Kva med isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og
kiwi, eller brødskive med Munch-motiv? Eller kanskje du heller vil
lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear
til sunn og god mat som er moro for både store og små.
Dei artige frukostane er laga med enkelt utstyr og lett
tilgjengelege ingrediensar, og mange av dei tar berre 5–15 minutt
å få ferdige!
Ida Skivenes (f. 1984) deler matglede og kreative frukostar med
hundre tusen følgjarar frå heile verda på Instagram under
namnet idafrosk. Dette er første boka hennar.
MAT OG DRIKKE | ISBN 9788252183801 | Pris kr 299,- | I sal
49
HOBBY:
TOVE FEVANG:
KLASSISK SMÅBARNSTRIKK. NORSKE MØNSTER – FRÅ 0 TIL 4 ÅR
Strikk i retromønster til dei minste
Strikkeekspert Tove Fevang har vore i arkivet til garnfabrikken
Sandnes Garn. Denne gongen har ho vore på jakt etter oppskrifter
til dei aller minste. Her finn du plagg med snømenn, seglbåtar og
lokomotivmønster, tradisjonelle kufter og genserar, heile sett til
dei aller minste, men òg jakker, kjolar, luer og vottar.
Fevang har leita fram kjære og kjende strikkeoppskrifter frå heilt
tilbake til 1950-talet, tilpassa dei vår tid og dagens garntypar.
Arkivet til landets eldste garnfabrikk er eit skattkammer for den
strikkeinteresserte, og ein del av norsk kulturarv.
Boka inneheld trinn-for-trinn-bilete og gode forklaringar for den
som ikkje er heilt stø i alle teknikkar.
Strikk vakre strikkeklede med namn som Lykkeliten og Småen! Alle modellane kan strikkast i
ullgarn som toler vask i maskin.
Tove Fevang er utdanna innan tekstil, broderi og design. Ho jobbar med handarbeid som
designar, forfattar og frilansjournalist og har gjeve ut ei rekkje bøker innan
handarbeidsfeltet. I 2012 gav Fevang ut boka Klassisk barnestrikk med oppskrifter for
aldersgruppa 2–8 år.
HOBBY | ISBN: 9788252183207 | Pris kr 399,- | Utg. september
50
POCKET:
PATTI SMITH: JUST KIDS
Vakker kjærleikshistorie
Året er 1967. Verda står på terskelen til ei ny tid. Eit tilfeldig møte i
Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og
lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert
Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og
entusiasme reiste dei på kryss og tvers av New York. I 1969 slo paret
seg ned på Chelsea Hotel.
Just Kids er Patti Smiths varme og inderlege kjærleiksforteljing om vennen Mapplethorpe,
men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks
avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar,
musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor
New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy
Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire.
Til norsk ved Brit Bildøen.
I et presist og korthogget språk gir Smith et detaljert og realistisk bilde av en nesten mytisk
epoke i nyere kunst- og rockehistorie. [...] Sidemålets iboende protest mot ensretting passer
til Patti Smiths rebelske ånd. Rock – best på nynorsk?
Bernt Erik Pedersen, Dagsavisen
BIOGRAFI | ISBN: 9788252182897 | Pris kr 149,- | I sal
51
PER INGE TORKELSEN: HUMOR E HEILE VITSEN
”Hvis du ikkje bler i godt humør av dette, så banke eg deg …”
Eg ska begeistra deg. Eg ska få deg i godt humør, enten du vil
eller ei. Eg ska servera någen kjekke historiar; snåle,
tankevekkande, løgne, og anderledes. Eg ska gje deg kunnskab
du kan gleda deg øve, artige anekdotar du kan briljera med i
det nesta selskabet. Du ska få folk te å slappa av, åbna seg og
trivas trygt.
Eg ska lera deg kordan godt humør, latter og optimisme ska
beriga resten av livet ditt.
Etter meir enn 20 bøker og eit halvt hundreår i humoren og
samfunnsdebattens teneste vil Per Inge Torkelsen heller rose
enn erte på seg folk. Krydra med ikkje-injurierande døme og anekdotar frå mange års kurs og
foredrag for organisasjonar og næringsliv, byr han på ei positiv handbok i kunsten å gi ros.
Per Inge Torkelsen (f. 1953) er komikar, skodespelar, forfattar, radiokåsør, politikar og
sjølverklært klovn. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Den store, stygge eldreboka og
Ikkje heilt rektige.
HUMOR | ISBN: 9788252184259 | Pris kr 149,- | I sal
52
HØGSKULE OG UNIVERSITET:
GUNNAR DANBOLT:
FRÅ MODERNISME TIL DET KONTEMPORÆRE.
TENDENSAR I NORSK SAMTIDSKUNST ETTER 1990
I denne boka gir Gunnar Danbolt ei oversikt over trendar og
utviklingstrekk i den norske kunstverda dei siste tjue åra. Den nye
kunsten etter 1990 blir ikkje lenger kalla moderne eller
postmoderne, men contemporary eller kontemporær. Dette er
blitt eit nytt internasjonalt uttrykk for tendensar i kunsten dei
siste tjue åra, men kva det inneber, er ikkje eintydig, og det er det
forfattaren vil utforske. Trendane blir presenterte og drøfta
gjennom kunstnarar og deira verk, og sett inn i ein kunstteoretisk kontekst. Boka er rikt
illustrert.
Gunnar Danbolt er professor emeritus i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Han har
utgitt ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunsthistorie og er ein ettertrakta formidlar i
fleire fora.
ESTETISKE FAG | ISBN: 9788252179446 | Pris kr 399,- | I sal
53
JAN OLAV FRETLAND OG AUD SØYLAND:
RETT OG GODT! HANDBOK I NYNORSKUNDERVISNING
Nyttig bok for alle som skal undervise i nynorsk. Første del av boka
tek for seg undervisningsmetodikk for ulike målgrupper: elevar som
skal lære med utgangspunkt i eigen dialekt, elevar som har
utgangspunkt i bokmål, og elevar som lærer nynorsk som
framandspråk. Andre delen av boka gir ei innføring i nynorsk
rettskriving og formverk. Her finn du ei fullstendig oppstilling over
nynorsk formverk etter endringane 1.8.2012 og ei eiga ordliste for skulen. Her får du òg råd
og vink om ordval.
Jan Olav Fretland arbeider ved lærarutdanninga til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Aud Søyland var sekretær for nemnda som utarbeidde den nye rettskrivingsnorma for
nynorsk, og er medredaktør for klassikaren Nynorsk ordliste.
SPRÅK OG LITTERATURVITSKAP
ISBN: 9788252183368 | Ca. 160 sider | Pris kr 299,- | I sal
54
HEMING GUJORD OG PER ARNE MICHELSEN (RED.): NORSK
LITTERÆR ÅRBOK 2013
I årets utgåve skriv Marta Norheim om prosaåret 2012, Espen
Stueland om lyrikkåret og Marius Wulfsberg om kritikkåret. Ingrid
Mathisen tolkar Kristofer Uppdal med vekt på mannleg kraft og
omsorg, medan Claus Elholm Andersen skriv om fedrar og søner
hos Karl Ove Knausgård. Knut Faldbakkens Uår. Aftenlandet (1974)
blir nylesen av Henning Howlid Wærp i eit økokritisk perspektiv.
Heming Gujord er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske
studiar, Universitetet i Bergen.
Per Arne Michelsen er dekan ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærarutdanning, og
førsteamanuensis i norsk.
SPRÅK OG LITTERTURVITSKAP
ISBN: 9788252184136 | Ca. 288 sider | Pris kr 329,- | Utg. september
SIMON MALKENES: TA GREP! KLASSELEIING I PRAKSIS
Ta grep! er ei bok om klasseleiing i praksis, kva ein skal gjere og
ikkje gjere for å lukkast som klasseleiar. Ved å bruke enkle omgrep
frå retorikken viser forfattaren korleis ein kan planlegge og førebu
seg på kvardagen i klasserommet. Korleis skape eit godt
læringsmiljø? Korleis leie aktiviteten i klasserommet? Boka viser
grep ein kan ta i møte med uro og konfliktar, og gjennom heile
framstillinga bruker forfattaren konkrete situasjonar og eigne
erfaringar.
Simon Malkenes er forfattar og lektor i vidaregåande skole.
PEDAGOGIKK | ISBN: 9788252179057 | Ca. 128 sider | Pris kr 229,- | I sal
55
TURE SCHWEBS OG HELGE ØSTBYE:
MEDIA I SAMFUNNET (6. utgåve)
Grunnleggjande innføringsbok i medievitskap. Med utgangspunkt i
definisjonar av kommunikasjon og medium drøftar forfattarane
sentrale kjenneteikn ved nye og ”gamle” medium. I tillegg
presenterer boka generelle teoriar og metodar for studiet av
medium og medieinnhald. Boka dekkjer heile feltet og skildrar
viktige trendar i dagens medielandskap, som mediekonvergens,
sosiale medium og globalisering.
Ture Schwebs er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Bergen.
Helge Østbye er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
MEDIEFAG | ISBN: 9788252183351 | Ca. 320 sider | Pris kr 420,- | I sal
56
ORDBØKER:
NORSK ORDBOK, BAND 11
Norsk Ordbok er den største ordboka over norsk talemål og nynorsk
skriftspråk. Ordboka blir på tolv band og vil vere ferdig til
grunnlovsjubileet i 2014. Til saman vil Norsk Ordbok omfatte 300 000
oppslagsord. Ordboka byggjer blant anna på ein database med over
tre 3,2 millionar ord samla inn frå skriftlege kjelder og frå dialektane
og på eit moderne elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på nyare
tekstar, skjønnlitterære og sakprosa. Norsk Ordbok band 11 tek for
seg ord frå stø og ut alfabetbokstaven t. Norsk Ordbok blir utarbeidd
av Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo.
NORSK ORDBOK | ISBN: 9788252183634 | 816 sider | Pris kr 850,- | Utg. september
57