STOMPAKAKE Stompakake er eit godt og smakeleg Osterøy

Download Report

Transcript STOMPAKAKE Stompakake er eit godt og smakeleg Osterøy

STOMPAKAKE
Stompakake er eit godt og smakeleg Osterøy-produkt med slektningar både nord og sør
langs kysten. I Fana kallar dei det klapsekake, lenger nord seier dei natronkake. Det
gjeld t.d. i Lindås og visstnok også i Sogn.
Namnet me brukar på Osterøy er lett forklart: stomp kalla dei brødet dei kjøpte i byen,
det som var bakt med gjær. Stompakake er altså eit lite brød som kan steikast på helle
eller takke, og der ein kunne bruke natron. Snøgg mat var det også, og ferskmat når
bystompen byrja verte ei veke gamal og trong bløytast i kaffi for i det heile teke vera
etande.
Her på museet byrja me laga stompakake i 1989 då me feira skulejubileet. Else Østerbø
Mjelde og Kristine Borge var dei kyndige rettleiarane, og så tok me andre over. Kristine
bakte dei ut med kjevle, det slutta me aldri å vera imponert over.
Stompakake kan ein laga med laus deig, eller med litt fastare deig – det er då dei kan
kjevlast. På Lindås er det fleire som gjekk for den litt fastare deigen. Har du laus deig,
vert kakene svært luftige og porøse, og den mengda natron du har oppi er nok til å letta
dei kraftig.
Kakene kan lagast som kvardagsutgåve og som kaffimat, alt etter som kva du vel å putta
i bollen. Du kan jamvel laga helsekost og allergikost ved å bytta ut noko med noko
anna…
Den klassiske utgåva, som Inger Alise Aasheim
er meister i å laga er denne:
Bland saman i ein bolle:
Ca 1,3 liter kveitemjøl
1 liten kopp sukker
4 ts natron, strøkne
Rør i:
1 liter kulturmjølk
Rør alt raskt og lett saman.
OBS. Ikkje rør i deigen etter den er ferdigblanda. Finn fram ein liten bolle som du har
kveitemjøl i. Ta ei skei med deig og rull den forsiktig i mjølet. Klappast til litt tjukke
kaker på varm takke.
Kari Mjøs har med hell bytta litt av kveitemjølet 0.3 liter
ut med fint havremjøl, redusert på sukkermengda og lagt
til litt salt. Framleis svært godt! Me lagar dei også med
byggmjøl. Og med rugmjøl.
Det er kjekt for ungar å bala med mat. Og denne vert dei
skikkeleg mjølne av. Berre pass for varmen. Lukke til!