reguleringsplan for Veomoen masseuttak

Download Report

Transcript reguleringsplan for Veomoen masseuttak

Referat frå OPPSTARTSMØTE – reguleringsplan for Veomoen masseuttak

Formål med oppstartsmøtet er å avklare offentlege føresetnader for at planforslaget skal kunne realiserast, og skal danne grunnlaget for ein god planprosess. Momenta i denne referatmalen skal fyllast ut. Referatet vert godkjent av partane ved underskrift i samband med avslutning av møtet.

VEOMOEN MASSEUTTAK

SaksID: 2011/629 Saksbehandlar: Ingunn Moen Helland Møtestad: Kommunehuset, møterom: Formannskapet Møtedato: 12.12.2011 Til stades frå forslagsstillar: Torbjørn Bråten, Petter Bråten og konsulent Petter Kittelsen (Solvang og Fredheim AS) Til stades frå kommunen: Bjørn Ivar Solheim og Ingunn Moen Helland

1.

Bakgrunnen for å setja i gang planarbeidet

Forslagsstillar ønskjer å utarbeide reguleringsplan for masseuttaksområdet Veomoen. Ut frå arkivdokument går det fram at grusforekomsten i Veomoen blei undersøkt av Vegvesenet i 1978 med eit registrert kvantum på 160.000 m3. I 1980-81 blei det teke ut om lag 50.000 m3. Det blei i 1992 gjeve dispensasjon for ytterlegare uttak av massar. Ved neste revisjon av kommunedelplan for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet (godkjent i 2003) blei Veomoen avsett som område for råstoffutvinning. Torbjørn Bråten / SFAS v. Petter Kittelsen la før møtet fram følgjande behov:

Antatt uttaksmengde dei næraste åra er anslått til 65.000 m3. Med uttaksdjupne på 8 meter, treng ein eit uttaksområde på minst 8.125 m2. Bråten har avtale om uttak i 20 år, og uttaksområdet bør derfor minst vere 16-20.000 m2, gjerne fordelt på fleire driftsetappar.

Planlagt uttaksretning er mot nordvest, mellom tilkomstvegen og flomløpet til Veo. Kommunen legg til grunn at planlagt uttaksområde er avklart med Statskog som grunneigar. Området er i kommunedelplan for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet avsett til både område for råstoffutvinning U4 og slamdeponi OF2, men er ikkje nytta som slamdeponi. Det er høg kvalitet på massane i området og stor etterspurnad etter slike massar. Kommunen meiner det ligg godt til rette for ytterlegare uttak i Veomoen og er positiv til utviding av uttaksområdet. I føresegna til kommunedelplanen punkt 3. område for råstoffutvinning er det krav om reguleringsplan for planlagde, større masseuttak og for vesentleg utviding av eksisterande tiltak. Sidan det er planar om større uttak innanfor området i framtida må det utarbeidast reguleringsplan for området. Bråten har nå teke initiativ til igangsetting av ein slik prosess. I brev av 16.11.2011 til Torbjørn Bråten har kommunen lagt til grunn at det kan vere drift i masseuttaket parallelt med reguleringsplanprosessen med bakgrunn i at uttaksområdet er i tråd med overordna plan, men under føresetnad av at det blir utarbeidd ein reguleringsplan for området. Kommunen understreka i oppstartmøtet at kommunen må ta atterhald om at det kan kome innvendingar frå høyringspartar i planprosessen, t.d. frå regionale styresmakter, som kan forsinke eller påverke utfallet i saka. Før ev. drift parallelt med planprosessen kan igangsettast, må det gjevast melding til Vågå kommune med opplysningar om ønskt uttak. Oppstartmøte_referat_fra_vaga_kommune.doc basert på Grenlandsstandarden 52-012 oppdatert 27.11.09 Side 1 av 6

Detaljkart: Flyfoto:

2.

Planføresetnader

Reguleringsplanform – jf. PBL kapittel 12 Detaljregulering, jf. pbl § 12-3.

Området er omfatta av følgjande overordna plan: Kommuneplanens arealdel for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet (vedteken av kommune styret 24.06.2003). Oppstartmøte_referat_fra_vaga_kommune.doc basert på Grenlandsstandarden 52-012 oppdatert 27.11.09 Side 2 av 6

Uttaksområdet er i kommuneplanen vist med punktmarkering, U4. Veomoen er ikkje regulert i dag. Utsnitt av kommuneplanens arealdel (kdp. for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet): Området er i kommunedelplan for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet, vedteken 24.06.03, avsett som område for råstoffutvinning (U4) og slamdeponi (OF2).

Pågår det anna planarbeid i nærområdet? Ja Nei X Er planforslaget i samsvar med overordna plan?

Utsnitt overordna plan (kdp Vågåmo) :

Ja X Nei

Vil planforslaget utløyse krav om konsekvensutgreiing / planprogram?

Jf. Forskrift om konsekvensutredninger

Ja Nei X

Merknad:

-

Kjem planen inn under forskrifta § 2 ): Skal konsekvensutgreiast: NEI

-

Kjem planen inn under forskrifta § § 3 og 4): Skal konsekvensutgreiast:

Lemonsjøeområdet, krav om utarbeiding av reguleringsplan.

NEI.

Det er eksisterande masseuttak på Veomoen i dag. Vesentleg utviding av eksisterande uttaksområde utløyser, jf. føresegnene i kommunedelplan for Sjodalen, Randsverk og Vil ny plan utløyse behov for utbyggingsavtale? Jfr. PBL kapittel 17

Ja

Nei X

Merknad:

Har kommunen tilfredsstillande kartgrunnlag for området? Ja X Nei Planforslag må generelt innordne seg etter rikspolitiske/statlege retningslinjer og føresegner Aktuelle rikspolitiske retningsliner

,

jfr. PBL 1985 § 17-1 første ledd

- RPR for verna vassdrag, - Sjoa er verna vassdrag. Viser elles til: -

” Temaveileder: Uttak av mineralske forekomster og planlegging etter plan- og bygningsloven”.

Oppstartmøte_referat_fra_vaga_kommune.doc basert på Grenlandsstandarden 52-012 oppdatert 27.11.09 Side 3 av 6

3.

Kommunale vedtekter og retningsliner som gjeld for planområdet

Kommunedelplan for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet.

4.

Krav til varsel om oppstart av planarbeidet

Kopi av referatet frå oppstartsmøtet bør sendast regionale myndigheiter ved varsling om oppstart av vert det tilrådd at varslingsmaterialet vert sendt kommunen for gjennomsyn. planarbeidet. Forslagsstillar skal varsle oppstart av planarbeidet. Før planarbeidet bli varsla oppstarta

Varselet skal innehalde:

4.1 Oversiktskart der planområdet er avmerka 4.2 Kart i eigna målestokk med avmerka planavgrensing 4.3 Brev som orienterer om formål med planarbeidet, dagens arealbruk, gjeldande planstatus og ønskt reguleringsformål.

5.

Viktige utgreiingsbehov for planarbeidet – førebels vurdering

Hovudtema som bør utgreiast i samband med planarbeidet

5.1 Planfaglege vurderingar o Forholdet til overordna plan (kommunedelplan for Sjodalen, Randsverk og Lemonsjøområdet) 5.2 Jordvern og landbruksfaglege vurderingar o Forholdet til tamreininteresser i området (Vågå tamreinlag) 5.3 Miljøfaglege vurderingar o Støy og støv bør kommenterast sjølv om området ikkje ligg nær bustadområde. o Forholdet til vassdrag, - Sjoa er varig verna vassdrag. friluftsliv, - bør nemnast sjølv om det er eksisterande uttak i området i dag. o Vurdering i forhold til naturmangfaldlova §§ 8-12, - med bakgrunn i www.naturbase.no

og www.artskart.no

. 5.4 Kulturlandskap og kulturminne o Området skal synfarast i forhold til kulturminne, - dette avtalast direkte med kulturarveininga i Oppland fylkeskommune 5.5 Samfunnssikkerheit og beredskap o ROS-analyse skal følgje planforslaget. 5.6 Folkehelse, barn og unge, funksjonshemma og eldre sine interesser o Planen må omtale ev. behov for sikring av området. 5.7 Veg- og vegtekniske forhold / trafikktryggleik o Vurdering av behov for tiltak på eksisterande tilkomstveg i forhold til framtidig aktivitet. 5.8 Andre kommentarar o Reguleringsplanen må sette krav til m.a. arealavgrensing og uttaksdjupne. Vidare må det sikrast attendeføring.

attendeføring og terrengbehandling etter uttaksslutt skal omfattast av regulerings føresegnene. Allereie føreteke masseuttak må inkluderast i planen, og o Må sikre at flomløpet til Veo ikkje bryt seg inn i uttaksområdet. Det må avsettast ei vegetasjonssone/utørt sone mot flomløpet der det ikkje skal takast ut masse. o Område for administrasjon (brakkerigg) og ev. behov knytt til dette, bør omtalast. o Området er ikkje nytta som slamdeponi, og det vil ikkje bli teke i bruk til dette i framtida heller, slik at dette ikkje treng takast omsyn til i planlegginga. o Det skal oppretthaldast vegetasjonsskjerm mot fv 51. o Ev. oppsetting av asfaltverk og oppstilling av knuseverk må omtalast i planen. Oppstartmøte_referat_fra_vaga_kommune.doc basert på Grenlandsstandarden 52-012 oppdatert 27.11.09 Side 4 av 6

6.

Krav til planforslaget – innhald og materiale

Forslagsstiller er kjent med sjekkliste for planlegging (planskjema, som ligg på Fylkesmannen si internettside om planlegging, www.planoppland.no), og krav til planforslaget. Lista nedanfor viser kva forventningar kommunen har til komplett materiale på bakgrunn av det vi er kjent med på oppstartsmøtet. Forslagsstiller er ansvarleg for å vurdere behov for vidare dokumentasjon, som eit resultat av dei tilbakemeldingane ein får ved varsel om oppstart og eventuelt seinare i prosessen. Det kan også vere problemstillingar som dukkar opp undervegs i planarbeidet. x Plankart - digital (i samsvar med gjeldande SOSI-standard), SOSI-fil. x Målestokkriktig plankart i fargar □ Dokumentasjon på at vegens senterlinje er riktig geometrisk bygget opp x Reguleringsføresegner x Planomtale x Varslingsbrev x Avisannonse x Innkomne merknader/uttaler og kommentar til kvar av desse x Utfylt planskjema □ Illustrasjonsplan □ - Fargar □ - Svart/kvitt □ Fotomontasjar □ Perspektivteikningar □ Byggjeteikningar □ Modell □ Analyser □ Anna (spesifiser)

7.

Tekniske anlegg

Merknader:

X Veg: Vurdering av om det er behov for tiltak på eksisterande veg. X □ Vatn og avløp: I samband med brakkerigg må det leggjast opp til miljømessig forsvarlege løysingar. Renovasjon □ Anna

8.

Kommunens førebelse råd og vurderingar

Avgrensing: Planområdet må som eit minimum omfatte eksisterande uttaksområde og planlagt uttak samt tilkomstveg (dersom denne skal utvidast). Uttaksretning er mot nordvest mellom tilkomstvegen og flomløpet til Veo. Oppstartmøte_referat_fra_vaga_kommune.doc basert på Grenlandsstandarden 52-012 oppdatert 27.11.09 Side 5 av 6

9.

Framdrift

Oppstart av planarbeid: Planlagt dato for varsel om oppstart (frå forslagsstiller): Desember 2011. Planforslag: Utlegging av planforslag til offentlig ettersyn skal jf. pbl, skje seinast 12 veker etter at komplett planmateriale er oversendt kommunen.

10.

Stadfesting

Utgreiingsbehov for planarbeidet er oppgjeve så langt det er mogleg på grunnlag av tilgjengelige opplysningar under oppstartsmøtet. Verken oppstartsmøtet eller referatet gjev rettar i den seinare saksbehandlinga. Naboprotestar, protestar frå organisasjonar, krav frå offentlege styresmakter mm. vil kunne føre til krav om endring av planforslaget, ev. endring av framdrifta på behandlingsprosessen. Det visast til gjeldande gebyrregulativ for behandling av plansaker, - dette er også tilgjengeleg på kommunen si heimeside www.vaga.kommune.no

.

11.

Materiale utdelt som direkte oppfølging av møtet

- Kopi av referatet. Vågå kommune, 13. desember 2011 Referent :

Ingunn Moen Helland

Oppstartmøte_referat_fra_vaga_kommune.doc basert på Grenlandsstandarden 52-012 oppdatert 27.11.09 Side 6 av 6