Giske - ÅRIM

Download Report

Transcript Giske - ÅRIM

SK
E
GI
Snart kjem din
MOBILE MILJØSTASJON
10. mars
Godøy ved Bunker Oil kl 15:30 - 17:30
Øysenteret Valderøy kl 18:00 - 20:00
Kom med det miljøfarlege avfallet! No kjem ÅRIM med ein
mobil miljøstasjon til ditt nærområde. Da skal vi samle inn
avfall som er ekstra skadeleg om det blir blanda med vanleg
avfall, tømt i avløpet eller dumpa i naturen. Vi tek imot dei
miljøfarlege produkta som du ikkje skal bruke meir.
KVA ER MILJØFARLEG AVFALL?
Produkta vi bruker inneheld ei mengde ulike kjemiske stoff som er skadelege
for helse og miljø. Når vi kastar produkta blir dei til det vi kallar farleg avfall,
spesialavfall, og elektrisk og elektronisk avfall. Lever avfallet til gjenvinning,
så blir det sendt til forsvarleg behandling.
DETTE KAN DU LEVERE TIL DEN MOBILE MILJØSTASJONEN:
ARTIKLAR SOM
INNEHELD
MILJØGIFTER
SMÅ
EL-APPARAT
Lysrør og lyspærer
Løysemiddel
Sprayboksar
Kablar og leidningar
Måling, lim og lakk
Batteri
Småelektronikk
Elektriske leiker
Er du i tvil om kva du kan levere, ta kontakt med ÅRIM
Den mobile miljøstasjonen kan dessverre ikkje ta imot:
Farleg byggavfall, som asbest, trykkimpregnert trevirke og vindauge. Kvitevarer og elektronikk større enn ein
microbølgeomn, som flatskjermar, komfyrar, kjøleskap, frysarar og liknande. Restavfall og andre avfallstypar.
Tiltaket er for private husstandar, ikkje for næringsaktørar.
Alle som betaler renovasjonsgebyr har miljøstasjonkort. Med kortet kan du årleg levere
600 kilo grovavfall, 1000 kilo farleg avfall, ee-avfall og hageavfall. Vi registrerer avfallet
som grovavfall dersom du kjem med fleire avfallstypar blanda. Velkomen!
Opningstider Gjøsundneset miljøstasjon
Måndag
09:00 - 15:00
Torsdag
13:00 - 18:00
Første laurdag i kvar mnd:
10:00 - 15:00
Kvar laurdag i april og september: 10:00 - 15:00
Hugs å ta med miljøstasjonkortet ditt når du
skal levere avfall. Dette gjeld òg til den mobile
miljøstasjonen.
Følg miljøselskapet ÅRIM på Facebook.
Der får du vite meir om miljø og kjeldesortering.
Vi svarer på spørsmål frå kundane våre og er
tilgjengeleg for tilbakemeldingar.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har tilbakemeldingar eller spørsmål. Tlf 70 31 41 00 E-post: [email protected]
arim.no
ÅRIM, SPIRDESIGN Foto: Vasco Pinhol, Christoffer Furnes, loop.no, Shutterstock Trykk: Kai Hansen Trykkeri
BRUK MILJØSTASJONEN DIN