Betre sortering på miljøstasjonane!

Download Report

Transcript Betre sortering på miljøstasjonane!

reint sagt
Infoblad frå SIMAS - nr. 1. 2011 - April
Betre sortering på miljøstasjonane!
Dette bør du vita om farleg avfall
Renovasjon for hytte og fritidshus
Restemat i påsken?
å
r
f
ad
l
b
o
f
In
S
A
M
SI
reint sagt • infoblad frå SIMAS
Reint sagt
No er det vår i lufta og aktivitetane i hus og hagar aukar kraftig. Desse aktivitetane
medfører at det vert produsert mykje avfall. Det er i denne samanheng viktig å planleggje
korleis ein kan ta vare på desse avfallsressursane på ein god og miljøvenleg måte.
Tidlegare vart det for eksempel innan hus og hyttebygging nytta eit avgrensa tal byggematerialar, ca. 50 ulike materialar – i dag brukar me mange, ja, faktisk meir en 50.000
ulike materialar er i bruk innan moderne husbygging. Mange av desse er også farlege for
både dyr og menneskje. I dette nummeret av “Reint sagt” har me lagt vekt på informasjon
om farleg avfall og endringane på Miljøstasjonane. Dette fordi me må verta flinkare å skilje
ut det som er farleg avfall og det som kan verta levert til ulike former for gjenvinning,
Mykje av det avfallet som vert produsert i heimen er vanskeleg å unngå. Til dømes er
mykje avfall knytt til innpakking av mat og andre varer. Dette vert nok gjort i god hensikt
frå produsenten. Produsentane ønskjer å hindre at vara vert øydelagt undervegs til oss
forbrukarar, og det gjer jo at svinn og liknande vert lågare. Dette er sparte kostnader og
skal gje billegare varer. Men spørsmålet som tvingar seg fram etter kvart er om
produsentane skal vere med å ta ein større del av ansvaret for avfallshandsaminga. Dette
er ordningar som me har på enkelte typar produkt i dag, til dømes dekk og EE-avfall. Som
forbrukar kan me velje mellom ulike produkt og ein del av valkriteriet ved kjøpet bør jo
også vera avfallskostnad. Kanskje skulle fleire produsentar dekke avfallskostnaden? Ville
det då vorte meir fokus på den optimale pris og kvalitet i heile livssyklusen til produktet?
Produkt med dårleg kvalitet vert fortare avfall! Er det eit kriterie i kjøpsfasen? Kanskje det
skulle vore panteordning på fleire produkt? Dette er spørsmål som er sett på dagsorden,
og som kjem til å påverka den framtidige handteringa av avfallsressursane.
“...ein heilt klar samanheng mellom di handtering av
avfallet og det som du betalar i gebyr. ”
REDAKSJON
Ansvarleg redaktør: Hallvard Thomassen
Informasjonsmedarbeidar: Tone Myklebust
Opplag: 15.000
Redaksjonen avslutta: 1. april 2011
Foto: SIMAS
Design: Gasta design & kommunikasjon
Trykk: Karmøy Trykkeri
Papir: 100% resirkulert papir
SIMAS innfører no strengare reglar knytt til sortering av fraksjonar på miljøstasjonane.
Hovudårsaka til dette er å hindre at miljøgifter kjem ut i naturen. Det har også eit
økonomisk aspekt. Klarar me til dømes å få til ein reduksjon i restavfallsfraksjonen på
10 % vil det gje ein redusert kostnad pr. abonnent i Sogn med 17 % (basert på tal for
2010). Det er med andre ord ein heilt klar samanheng mellom di handtering av avfallet
og det som du betalar i gebyr. Det vert hevda at det ikkje finst avfall, berre ressursar på
avvegar! Det er til dømes ikkje lett å lage kompost av mobiltelefonar og stretchlaken.
Når slike ting vert lagt i feil behaldar eller i feil container vert kostnaden for handsaminga
hjå SIMAS mykje høgare. Det er heilt avgjerande for ei effektiv avfallshandtering at alle
fylgjer sorteringsreglane!
Me i SIMAS ønskjer alle ei fin påske!
Hallvard Thomassen
direktør
2
reint sagt • infoblad frå SIMAS
Renovasjon for
hytte og fritidshus
Påsken nærmar seg med hyttekos og skiturar i flott natur. Me vil i samband
med dette minne om våre avfallsordningar for hytter og fritidshus.
Avfall frå hytter og fritidshus skal kastast i hyttecontainer. Er du i tvil om kvar din
nærmaste hyttecontainer er, ta kontakt med oss eller sjå www.simas.no
SIMAS byrja frå sommaren 2010 å senda restavfall til brenning. Det er difor viktig at
fraksjonane under ikkje vert kasta i hytte- og fritidscontaineren:
•
•
•
•
•
•
Bygnings- og rivingsavfall
Madrassar
Daude dyr
Jern og stål
Farleg avfall
Elektrisk og elektronisk avfall
Dette skal leverast til ein av våre miljøstasjonar. Glas og metall skal kjeldesorterast og
leverast i glasiglo. Finn miljøstasjon og glasiglo på www.simas.no
Me oppmodar alle til å halda det reint og ryddig rundt
hyttecontainarar og returpunkt.
Visste du at….
•
•
•
•
•
•
•
•
Å gjenvinna aluminium krev 95% mindre
energi enn å laga nytt
Du kan få hagejord gratis på
Simas sitt anlegg i Festingdalen?
Produksjonen av ein mobiltelefon lagar
75 kg boss, sjølv om den berre har ei vekt
på 100 gram.
95 % av mobilen kan gjenvinnast
For kvar kg plast som vert gjenvunne,
sparar me 2 kg olje.
Visste du at det kvart år vert brukt 750
milliardar plastposar i verden, og at dei
fleste havnar i bosset? Spar miljøet og
skaff deg eit miljøvenleg handlenett!
Eit halvt drikkeglas med olje er nok
til å forureina 100 000 liter vatn
I Norge brukar me ca. 200 millionar telys
kvart år. Dette tilsvarar omtrent 28 700
syklar, om me samlar inn dei små
aluminumsformene og brukar dei på nytt.
(erdetfarlig.no)
Visste du dette om
EE-avfall?
•
•
•
Gull, sølv, kopar, palladium, aluminium,
jern og stål er metall som vert gjenvunne
frå elektrisk og elektronisk avfall. Den
største mengda er jern og stål, og det er
kvitevarene me kastar som fører til at det
vert store mengder.
I 2010 vart det gjenvunne ca. 85 kg gull
frå EE-avfallet som Elretur samla inn.
Kvar husholdning kastar i snitt 5,5 kg
småelektronikk i restavfallet kvart år.
reint sagt • infoblad frå SIMAS
3
SIMAS tek
ikkje lenger
mot restavfall
i svarte og
ugjennomsiktige
sekker!
Årsak til endringane
åf
m
e
nan
o
j
s
a
st
ker.
ø
k
j
l
e
i
s
åm
ge
i
p
t
l
k
l
i
a
s
om
tavf
n
s
n
e
r
e
j
g av e med g
n
i
r
e
skj
Lev
1
1
0
i2
1. ma
4
reint sagt • infoblad frå SIMAS
rå
Mange avfallsprodukt er meir miljøfarlege
enn det ein før trudde. Det vert i tillegg
stilt større og større krav til vår sortering,
dette pga at avfallet skal gjenvinnast.
Om vi ikkje i fellesskap tilfredsstiller desse
krava vil kostnadane auke, og renovasjonsgebyret må såleis aukast. For at vi
lettare skal kunne vurdere sorteringa må
restavfallet heretter leverast i gjennomsiktige sekker. På denne måten vil vi kunne
plukke ut farleg avfall og el-avfall. Kjem du
med svarte sekker e.l. må desse sorterast
på miljøstasjonen. Vi minner også om
sorteringsguiden. Denne finn du på side
11. (TIPS! Heng sorteringsguiden opp på
kjøleskapet).
Eksempel på EL-avfall og
farleg avfall som ikkje skal i
restavfallet:
Øvrige tiltak på miljøstasjonen
Gul container
I den gule containeren skal du levere alt farleg avfall. Farleg avfall er avfall som ikkje
skal handsamast saman med det ordinære avfallet, fordi det inneheld miljøgifter og
kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr. Miljøstasjonane i Sogn har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall.
Private hushald kan levere farleg avfall gratis på miljøstasjonane, medan næringskundar må betale og har deklarasjonsplikt. Det er forbode å kvitta seg med farleg
avfall på andre måtar enn å levera det til eit godkjent mottak. Lurar du på kva som er
farleg avfall, sjå sorteringsguiden på baksida, på simas.no eller ta kontakt med oss.
Container for golvbelegg
Vi har ein eigen container for golvbelegg. Golvbelegg er eit eksempel på avfall som
inneheld kjemiske bindingar, såkalla ftalater. Ftalater vert brukt mellom anna til å
mjukgjere plast og fins i mange produkt me brukar dagleg, til dømes leiker, regntøy,
kosmetikk osb. Nokre av stoffa er reproduksjonsskadelege og miljøskadelege. Golvbelegg skal difor sorterast i eigen container på miljøstasjonen. Lurer du på sortering
av ftalater og golvbelegg, ta kontakt med oss.
Restavfallet skal vera brennbart etter sortering
Det viser seg at mykje avfall som vert sortert som restavfall inneheld miljøfarleg
avfall, elektrisk- og elektronisk avfall (EE-avfall) og anna farleg avfall. Ved levering av
restavfall på miljøstasjonane må alle nytte gjennomsiktige sekkar, slik at vi kan vurdere
innhaldet. Vi skil mellom brennbart og ikkje-brennbart restavfall.
På miljøstasjonane er det to containerar:
CONTAINER
“BRENNBART RESTAVFALL”
•Bygge- og rivingsavfall
(ikkje asbesthaldig avfall)
•Stoffmøblar, tepper, dyner, puter m.m.
•Plastprodukt som ikkje er emballasje
t.d. leiker, hagemøblar og liknande.
•Tilgrisa plastemballasje, t.d. tomme kanner/
flasker som det har vore farleg avfall på
•Bilete, tomme målingsboksar av plast
CONTAINER
“IKKJE BRENNBART RESTAVFALL”
•Madrasser
•Møblar med fjører
•Glava/Rockwool
•Keramikk
•Porselen
•Krystall
•Lecastein
•Uarmert betong
reint sagt • infoblad frå SIMAS
5
Dette bør du vita om farleg avfall!
Du og eg lyt verta flinkare til å sortere ut farleg avfall. Difor set SIMAS søkelyset på dette.
Det er Fylkesmannen som fører tilsyn med korleis kommunane handterar avfall.
Vi har spurt Gøsta Hagenlund hjå Fylkesmannen nokre spørsmål om farleg avfall.
- Kva er farleg avfall?
I Avfallsforskrifta, kapittel 11 vert farleg avfall definert slik: ”Avfall som ikke hensiktsmessig kan håndteres sammen med annet
husholdningsavfall eller næringsavfall fordi
det kan medføre alvorlige forurensinger
eller fare for skade på mennesker eller
dyr.” Det er etter kvart svært mange av dei
kjemikalia vi nyttar som viser seg å vere
skadelege. Dersom ein er usikker kan ein
sjekke www.erdetfarlig.no eller ein kan ta
kontakt med SIMAS.
- Kvifor er det så viktig å få sortert
ut farleg avfall?
Nemninga ”farleg avfall” vert brukt for å
vise at dette avfallet kan vere særskild
skadeleg for menneske, naturen og miljøet.
Farleg avfall er slikt som ikkje, eller svært
langsamt, vert brote ned naturleg. Dersom
det hamner i naturen vil det kunne kome
attende gjennom lufta vi pustar i, eller
maten vi et.
- Kva er konsekvensane for miljøet
om farleg avfall kjem ut i naturen?
Skadane viser seg på ulike måtar. Noko
farleg avfall er brannfarleg, eller svært
brannfarleg. Noko er kreftframkallande og
mange av stoffa er giftige eller kan gje
arveskadar. Mest vanleg er å sjå avfall som
kan gje etseskadar på hud eller i lunger,
som verkar irriterande eller som gjev
allergiar.
6
reint sagt • infoblad frå SIMAS
Mange av dei produkta vi nyttar dagleg
må handsamast som farleg avfall. Nyttar vi
dei på feil måte kan det føre til alvorlege
skader.
Det er utallige døme på skader som har
oppstått etter feil bruk eller forsøpling med
farleg avfall. Mange hårpleieprodukt kan
gje skader om det kjem i kontakt med
augo, dei kan etse hud om dei vert
liggande for lenge, eller dei kan gje allergi
hjå dei som nyttar dette ofte. Batteri som
har vorte slengt i naturen har ført til at
kyr har døydd av blyforgiftning. Marine
dyr har fått problem med kjønnsskifte og
forplantning som resultat av kontakt med
farleg avfall.
- Har vi lokale eksempel på at
farleg avfall har gjort skade?
Eg kan ikkje kome på klare døme lokalt at
ein har klart å vise til ein type farleg avfall
som har klart påvist ein type skade. Eg trur
mengda avfall og mengda ulike typar avfall
og skadeverknadar gjer dette vanskeleg.
Det er mange tenkjelege skader som kan
skje jamvel frå ”vanlege” produkt.
Eksempelvis sprut frå sur løysing eller
lutbaserte produkt/restar kan gje
augeskade. Mange har også fått
øydelagt klede eller fått sviskade på hud
etter nærkontakt med dropar av batterisyre. Dersom ein vert svimmel/kvalm etter
å ha pusta inn malingdamp har det allereie
skjedd ei skade i lunger eller hjernen. I
båthamner er innhaldet av botnstoff ofte
så høgt at ein veit at skade vil oppstå.
- Korleis meiner Fylkesmannen
at forbrukarane kan gjere ein god
jobb på dette området?
Du og eg må vite nok om slikt avfall til
at vi kan sortere det ut og levere det til
kommunen. Vi må ikkje blande det inn i
anna avfall, og flytande restar må ikkje
tømast i vasken eller på bakken. Vi har i
dag eit svært godt system i kommunane
for handtering av dette avfallet. Alt farleg
avfall frå private tek kommunen imot utan
ekstra kostnadar. Fylkesmannen fører
tilsyn med kommunane og er med å sikre
at dette avfallet vert ufarleggjort på gode
måtar.
Vil du vita meir om farleg
avfall?
www.erdetfarlig.no
www.klif.no
www.miljostatus.no
www.nffa.no
www.norsas.no
www.avfallnorge.no
Miljøtips
Påske!
Korleis sorterer du….
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Skismurning? Alle restar av skismurning som inneheld fluor og fluorkarbon skal
sorterast som farleg avfall. Skismurning utan fluor skal sorterast som restavfall.
Fluorkarbonar er ei stoffgruppa som inneheld grunnstoffa fluor og karbon. Slike
sambindingar vert veldig langsamt nedbrotne i miljøet, nokon er giftige og nokon
kan hopast opp i feittvev hjå menneske og dyr. Unngå difor skismurning som er
merka med fluor og fluorkarbon. Dersom du likevel nyttar slik skismurning, skal
restane sorterast som farleg avfall. Dette gjeld også filler og klutar du har brukt
medan du preparerte skia.
Voks og klister? Tradisjonell voks eller klister inneheld ingen miljøskadelege stoff,
restar kan difor sorterast som restavfall.
Skirens? Klister kan du fjerne med skirens og papir, og begge delar må sorterast
som farleg avfall etter bruk.
Glider? Dersom den inneheld fluor og fluorkarbon skal den sorterast som farleg
avfall. Me rådar til å nytta ein glidevoks som ikkje inneheld fluor eller fluorkarbon,
denne vert sortert som restavfall.
Impregnering til skisko? Sprayboksar kan innehalda farleg drivgass og anna
farleg innhald, og skal difor sorterast som farleg avfall
Appelsinskall? Matavfall
Kvikklunsjemballasje? Plastemballasje
Solkrem? Restavfall
Rett i koppen? Restavfall
Restar etter påskemiddagen?
Sjå side 8 for tips til å nytta restane
før du sorterer dei som matavfall.
Det beste for miljøet er å bidra til
reduserte avfallsmengder. Her er tips
om kva du kan gjere for å redusere
avfallsmengda.
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Kjøp mindre mat og et opp maten du
kjøper.
Sats på produkt med god kvalitet og
lang levetid –desse produkta er best
for miljøet, og som oftast best for deg
som eig dei.
Unngå eingongsprodukt som til dømes
papptallerkar, plastkrus, eingongsgrill og
plastbæreposar. Dei skapar store
mengder avfall og dei fleste kan verken
gjenvinnast eller komposterast.
Gje opplevingar og tenester i gåve i
staden for ting. Kven ynskjer seg ikkje
husvask, ein tur i symjehallen, ein tur på
kino eller at du tilbyr deg å vera
hundepassar ei helg?
Kjøp og sel brukt. Brukthandel er bra
både for miljøet og lommeboka. Lever
brukbare ting til ein bruktbutikk, til ein
loppemarknad eller til SIMAS sin
gjenbrukskrok. På nettsida
www.loppemarked.info finn du oversikt
over loppemarknadar i heile Noreg.
Nei takk til reklame. Dersom du ikkje les
reklamen du får i posten, kan du stoppa
denne.
Unngå impulskjøp. Dersom du planlegg
handleturen din og skriv handleliste, er
det mindre sjanse for at du kjøper ting
du ikkje har bruk for. Feilkjøp skjer
oftast når ein er usikker på kva
ein verkeleg treng.
Reparer i staden for å kasta eller
kjøpa nytt.
Bruk ting om igjen. Kanskje tinga du vil
kasta kan brukast likevel?
Bruk handlenett.
reint sagt • infoblad frå SIMAS
7
Restemat i påsken?
Påsken er ei høgtid og ferietid der me i stor grad held oss utomhus,
om det no er påskefjellet, sjølivet eller våronna som oppheld oss.
Slike dagar er det nærliggjande å tenkje lettvint mat, mat som kan
vera litt kjapt å lage til, kanskje på eit lite hyttekjøkken.
Kva er det vi tradisjonelt handlar inn til påsken, når ein ser vekk frå
innhaldet i påskeegga og kvikklunsjen? EGG, sjølve symbolet på vår
og nytt liv, er truleg den mest tradisjonsrike råvara i påsken. Har ein
egg, ja då har ein alltid mat i huset. Dei er eit godt utgangspunkt for
lettvinte og næringsrike måltid.
Nyttige nettsider:
www.gronnhverdag.no/nor/Mat-drikke/Kast-mindre-mat
restemat.blogspot.com/
Omelett eller eggekake kan vera eit godt
middagsalternativ når påsken er på hell og det
er rikeleg av sorten att. Dei kan fyllast med
restar av kokte poteter eller pasta, grønsaker,
kjøt- eller fiskerestar, skore i små bitar:
4 egg + 4 ms vatn/mjølk + ½ ts salt – piskast
lett saman.
8
Ha litt feitt i varm steikepanne og hell i blandinga. Legg i fyllet, brukt låg varme og legg på
lokk (litt avgjerande for at den skal bli luftig).
Om ynskjeleg kan du strø på litt riven ost før
du legg på lokket. Server straks etter at egga
har stivna (7-10 min), gjerne med brød og/
eller ein salat til. Om du ikkje har lokk av noko
slag kan folie nyttast.
Lammesteik i påsken er tradisjon for mange,
og det er ofte att noko kjøt på beinet når
måltidet er over. Restar av lammekjøt kan
bli ein god lapskaus i lag med t.d ein pose
lapskausblanding, eller ein kan lage ei litt meir
eksklusiv gryte:
1 løk
1 raud paprika
2 ms olje
2 dl langkorna ris
1 bx tomater
4 dl buljong
Salt etter smak
2 ms tomatpure
½ -1 ms paprikapulver
Restar av lam eller kylling
Tiltak for å redusera matavfall
Dei største klimaproblema med matavfall er knytt til dei unødige
klimagassutsleppa som skjer gjennom produksjon, foredling,
transport og omsetting, dersom nyttbar mat ikkje vert utnytta av
menneske. I tillegg er kasting av nyttbar mat eit etisk problem i
ein global situasjon der matmangelen og underernæringa er eit
stort problem. All mat som vert produsert bør difor i utgangspunktet konsumerast og ikkje enda opp som matavfall.
Kva kan du gjera for å redusera matavfallet:
•
•
•
•
•
•
Planlegg innkjøp og kjøp etter behov
Sikra kvaliteten på maten ved heimtransport og ved lagring
heime
Ta vare på restemat i gryter og fat, og laga gode restemåltid
Tømma emballasjen heilt - vaska med olje/vatn for å bruka
restane i sausar, suppar, marinadar og liknande
Sjekka kvaliteten før maten vert kasta. Sjå. Lukt. Smak.
Står det “best før” eller “siste forbruksdag”? Forskjellen er
viktig. “Siste forbruksdag” er merka på mat som lett vert
bederva, som fersk fisk, kjøt og mjølk. “Best før” vert brukt på
mat som ikkje vert lett bederva, som hermetikk og andre
konserverte mat varer. Maten som er merka med “best før” kan
etast lenge etter datoen dei er merka med.
Fersk mat vert kasta mest
Det me oftast kastar er brød og andre bakevarer, frukt og grønsaker. I kroner og øre utgjer det me kastar av ferskt kjøt, deigar,
farsar og ferdigmat dei største verdiane
Me kastar mat fordi me ikkje veit betre
Dei fleste av oss kastar fordi me har lite kunnskap om matkvalitet
i forhold til haldbarheitsdato.
I tillegg er me dårlege til å planleggje både innkjøp og måltid.
Me kastar mykje mat etter middagar fordi me har laga for mykje
eller fordi me har handla inn for mykje mat. Me er også dårlege til
å vurdere om maten kan etast eller ikkje.
I forbrukar undersøkingar svarar folk flest at dei viktigaste
årsakene til at dei kaster mat er:
• Utgått på dato
• Gløymt i kjøleskåpet
• Tapt kvalitet
• Laga for store porsjoner
• Kjøpt for mykje
• For store einingar
• Kastar alltid restar etter måltider
Unge kastar mest mat
Forbrukarundersøkingar viser at de såkalla “unge vaksne”
forbrukarane kastar aller mest mat. Eldre kastar mindre.
med ei vanleg steikepanne med litt høg kant.
Bruk sterk varme medan du rører rundt til alt
har fått god gjennomvarming. Krydder som t.d
timian, litt salt og pepar samt ein liten skvett
soyasaus gjer salaten til ein ny rett.
Finhakka løk og paprika surrar i olje til løken
er gjennomsiktig. Ha i ris, buljong, tomat og
krydder. Lat det småkoke til risen er møyr. Om
du brukar restar av kokt ris, treng det berre
trekke 10-15 min. Tilset restar av steikt/kokt
kjøt. Server med brød til.
Me har ein tendens til å koke for mykje ris.
Her er mange mogelegheiter, og middagsris til
dessert kan bli:
Appelsinris
2-3 dl kokt ris
2 appelsiner, skrelt i terningar
1 ½ dl kremfløyte
1-2 ms sukker piska til krem
Bland appelsin, ris og sukker.
Rør forsiktig inn piska krem
Kokt ris med syltetøy og mjølk er og ein god og
lettvint dessert.
Salatrestar? Lag ein liten wokrett!
Tilset restar av steikt kylling/lam i små bitar.
Om du ikkje har wokpanne, går det heilt fint
Bålmat av restar, utruleg kor godt
alt smakar når me er ute: Lefser som
innpakning, om det no er tortilla, fajitas eller
”våre eigne” potetlefser. Desse kan fyllast med
”litt ao kårt” ein har løyvd frå middagen. Pakk i
folie til neste dags skitur. Daggamle matpakkar:
Pakk i folie og legg på glørne neste dag når du
fyrer bål!
reint sagt • infoblad frå SIMAS
9
bARna sI siDe
Kor mykje veit du eigentleg om avfall?
1.
Det er lurt å sortera
avfallet sitt? Men
kvifor det?
A Sortering er lurt fordi då
luktar det mindre
B: Det er best at alt går i
same dunk
C: Fordi då kan det brukast
på nytt
2.
Kva gjer ein med
drikkekartongar?
A: Brettar og kastar
B: Skyller, brettar og stappar
C: Skyller og kastar
5.
Kva er eigentleg
restavfall?
A: Avfall med matrestar på
B: Det avfallet som vert att når
alt anna er sortert
C: Det avfallet ein finn i
naturen
3.
Går det an å gjenvinna
glasemballasje, sjølv om
glaset er knust?
A: Nei, då er det nok øydelagt
og må kastast
B: Nei, fordi det tek så lang tid å
lime det saman
C: Ja, det vert smelta om til ny
glasemballasje
4.
Lampa di har gått sund.
Kva gjer du?
A: Leverer den der du kjøpte
den, eller til ein miljøstasjon
B: Legg den i restavfallet
C: Legg den i ein krok
– ute av syne!
7
6.
.
Du
skal
panta
Du er på køyretur med
flasker – tek du av
familien. Far rullar ned vindauge
korken før du pantar?
og skal til å kaste eit yoghurtA: Nei, dei vert også gjenvunne
beger ut av vindauge. Du seier:
B: Ja, dei lagar krøll i systemet
A: Stopp! Me kastar den i restavfallet
når me kjem heim!
C: Av og til, det kjem an på
B: Stopp! Det er ureining pappa!
fargen på korken
Sparepærer er smart for
Yoghurtbeger skal sorterast som
miljøet. Kvifor skal sparepærer
plastemballasje
sorterast som farleg avfall?
C: Supert pappa! No vart det
Du står med bossA:
Fordi dei inneheld stoff som er
betre plass i bilen!
posen i handa og ser ein
skadelege for miljøet
metallboks. Kva gjer du?
B: Fordi dei eksploderer dersom
A: Mosar den, så den tek
dei vert blanda med matavfall
mindre plass
C: Fordi me kan skjæra oss på
B: Tek den ut, skyller den og sorterer
dei dersom dei vert
den som metallemballasje
knust
C: Tek den ut, skyller den og
sorterer den som
Me kastar meir og meir
plastemballasje
mat. Kva kan me gjera for at det
•Gamle bildekk kan gjenvinnast til underlag på kunstgrasbaner
skal vera mindre matavfall?
•Ved å gjenvinna papir, sparar me skog
A:
Selje mindre mat i butikkane
•Makrellboksar kan gjennvinnast og verta sykkeldelar
B: Kasta meir av anna avfall i staden
•Glas kan gjenvinnast til nytt glas uendeleg mange gonger
C: Ikkje laga meir mat enn
•325 bruskorkar er nok til å laga ein stol
me treng
Visste du at...
9.
8.
10.
•Av restavfall får me lys og varme
•Matavfall som vert kompostert
vert til ny jord
•Det er resirkulert glas i veggane i dei fleste hus
•Flate batteri får nytt liv ved gjenvinning
reint sagt • infoblad frå SIMAS
Riktige svar: 1C, 2B, 3C, 4A, 5B, 6B, 7A, 8B, 9A, 10C
10
Sorteringsguide
Matavfall:
Papir, papp og drikkekartong:
Plastemballasje:
Dette er avfall som skal komposterast.
Dette skal leggjast i den blå dunken.
Plastemballasje skal sorterast i plast-
Bruk bioposar til matavfallet, og kast
• Aviser
knytesekken, og vert henta saman med
det i dunken med brunt lok. Unngå lukt
• Vekeblad
papir og papp.
og frosen dunk, sjå www.simas.no.
• Reklame
• Plastflasker
• Matavfall
• Skrivepapir
• Plastkanner
• Papir tilgrisa av matavfall
• Konvoluttar
• Plastøskjer og boksar
• Serviettar
• Gråpapir
• Plastbeger
• Tørkepapir
• Bøker utan stive permar
• Folie og bæreposar
• Papirbrødposar
• Drikkekartongar – skal leggjast i ein
• Chipsposar
• Teposar
plastpose øvst i dunken
• Kaffiposar
• Kaffifilter/grut
• Emballasjekartong
• Blomster
• Alt anna papir som ikkje er
• Blomsterjord
plastbelagt
• Barnebleier
• Telefonkatalogen
• Papp
• Brunt papir
Farleg avfall:
Farleg avfall er avfall som kan føre til
ureining eller skade på menneske og
Glas og metall-emballasje:
Glas og metallemballasje frå mat- og
drikkevarer. Desse kan leverast på
miljøstasjonen eller ved ulike returpunkt
i ditt nærområde. Sjå vår heimeside
Restavfall:
www.simas.no for å finne ditt
returpunkt
dyr dersom det ikkje vert forsvarleg
Noko til overs?
handsama. Farleg avfall leverar du på
Restavfallet er det som vert att etter
miljøstasjonen.
at du har sortert ut alle dei andre
• Spillolje
fraksjonane. Dette skal kastast i dunken
• Maling, lim, lakk
med grått lok eller leverast
• Sprayboksar
på miljøstasjonen.
• Løysemiddel, frostveske, kjøleveske
Det du ikkje lenger brukar, kan andre
• Plastartiklar (ikkje emballasjeplast)
• Vaskemiddel
ha nytte av. Brukte klede og sko kan
• Porselen (leverast miljøstasjon)
• Batteri
leverast på miljøstasjonen eller ved
• Keramikk (leverast miljøstasjon)
• Syrer, basar
ulike returpunkt i ditt nærområde. Sjå
• Tilgrisa plastfolieemballasje
• Plantevernmiddel
vår heimeside www.simas.no for å finne
• Steikefolie
• Lysstoffrøyr, sparepærer,
ditt returpunkt.
• Gåve/innpakningspapir
lyspærer
• Tomme/inntørka målingsboksar
• PCB
av plast
• Asbest og eternit
•Papir og papp som er tilgrisa av olje
eller anna ureina ting som ikkje let
seg bryte ned i ein komposterings-
Pant:
prosess
• Øydelagde kle og sko
Panting av flasker er også kjelde-
• Oske – ha oska oppi ein pose og knyt
sortering. Pant flaskene i butikken!
att,før du kastar den i dunken.
Brukte klede og sko:
EE-avfall:
Elektriske produkt som treng straum
eller batteri for å fungera, vert EEavfall når dei skal kastast. Desse kan
du levera på miljøstasjonen eller hjå
forhandlaren.
reint sagt • infoblad frå SIMAS
11
RETURADRESSE:
SIMAS IKS
Amla
6854 Kaupanger
Informasjon
Kontortider for SIMAS i påsken:
20.04: 08.00 – 12.00
F.o.m. 21.04. – t.o.m. 25.04: Stengt
hentedagen og ver merksam på at innsamlinga kan vare noko lenger enn på “vanlege
dagar”.
Miljøstasjonen i Gaupne held stengt
onsdag 20.04.11
Treng du container
til vårrydding?
Vårrydding Høyanger Sørside
SIMAS skal ha vårryddeaksjon på Høyanger
Sørside i mai. Dato for aksjonen er enno
ikkje avklart. Følg med i lokalavisa og på
simas.no for nærmare informasjon om
dette.
Landbruksplast
Det vert henting av landbruksplast i løpet
av våren. Datoar for henting vert avklart
seinare. Følg med!
Innsamlingsruter i påsken
Vi ber abonnentane vera merksame på at
det for enkelte innsamlingsruter vert endra
hentedagar i samband med påsken. Blant
anna vert det i nokre kommunar innsamling laurdag 16.04.11. I sjølve påskeveka kan
det verta endringar i dei faste rutinane slik
at bilane kan vera tidlegare eller seinare
på di rute. Set ut dunken før kl. 07.00 på
SIMAS leiger ut og
transporterer
containerar til private
og næringsdrivande.
Kontakt oss på tlf.:
57 65 70 70 eller
[email protected]
Hjelp til toppar i
avfallsmengda
Du kan kjøpa raude ekstrasekker til restavfall. Desse kan setjast ved sida av dunken
og vert teke med på innsamlingsruta utan
tilleggsfakurering. Sekkene er merka
“SIMAS Restavfall – Ekstrasekk”. Sekkane
kan kjøpast gjennom SIMAS eller på
miljøstasjonane for kr. 75,- eks. mva.
Levering av plast:
Ver merksame på at det berre er hushaldningar som får levere plast gratis, næringar
må betale for levering av plast
Har du lyst å teste ut
papirposar til matavfallet?
Det våtorganiske avfallet,
eller enklare sagt; matavfallet,
vert i dag samla inn i bioposar.
Det er også andre løysingar på
marknaden som kan brukast til
dette formålet. SIMAS ønskjer no
å teste papirposar i staden for
bioposar, og har difor kjøpt inn
eit lite parti med slike posar. Det
er viktig å få teste ut om desse
fungerar i lag med korgløysinga som abonnentane våre
har. Papirposane er stivare og
har plass til litt meir avfall, og du skal kun
brette den saman i toppen før du kastar
denne i dunken for våtorganisk avfall. Har
du lyst til å prøve ut desse posane? Ta
kontakt med SIMAS eller servicekontoret
i kommunen din. Dette tilbodet er aktuelt
etter neste utlevering av bioposar i mai
månad. Du får også med eit evalueringsskjema, som du etter at du har brukt
opp posane returnerer til SIMAS. Av dei
innsendte evalueringsskjema trekkjer me
så ut fem heldige abonnentar som då får ei
overrasking!
reint sagt • infoblad frå SIMAS
gasta.no
Me ynskjer alle våre kundar og
samarbeidspartnarar GOD PÅSKE!