Tar naudsynt tak i bosset Vil endre takseringa

Download Report

Transcript Tar naudsynt tak i bosset Vil endre takseringa

2 onsdag 15. januar 2014 SUNNMØRINGEN
• TIPS
[email protected]
Tel. 70 26 11 22
Ansv. redaktør/dagl.leiar
Bjørn Arild Hatlem
SUNNMØRINGEN onsdag 15. januar 2014 3
aktuelt
Får utvide skjenkinga
Stranda Hotell AS har søkt og fått innvilga
løyve til utvide skjenkearealet og skjenketida under Alperittet 2014 frå torsdag 20.
februar til natt til sundag 23. februar.
Hotellet får skjenke til klokka 02.00 for
alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2, også i
telt plassert på parkeringsplassen og på
inngjerda areal mellom telt og hotell.
I kommunestyret før jul blei
det vedteke at eigedomsskatten skal skrivast ut med lik
promillesats, 4 prosent, i heile
kommunen. Hytter på over 95
kvadratmeter får ein skatteverdi på 50 prosent. Odd Christian
Øverland, leiar i hytteeigarlaget på Roaldsida, meiner at
dette ikkje utgjer nokon skilnad.
– Måten kommunen brukar
sjablongreglane på er uakseptable. Det er framleis slik at ein
fritidsbustad på inntil 95 kvadratmeter, har eit skattegrunnlag på 24.000 eller 27.000 per
kvadratmeter, mot eit bustadhus/leilegheit av same storleik
som blir rekna på grunnlag av
12. 000/15.000 kroner per kvadratmeter, seier han.
leiar

Vi er avhengig av tips
frå lesarane.
Kontakt oss:
Tel. 70 26 11 22. Faks: 70 26 12 93
[email protected] [email protected]
[email protected]
Postboks 24, 6201 Stranda. Besøksadr. Sjøgata 13, 6200 Stranda
Bjørn Arild Hatlem, redaktør/dagleg leiar
Tel. 95 93 25 25. [email protected]
Maria Nerhus, journalist.
Tel. 96 04 42 62. [email protected]
Vidar Eliassen, journalist.
Tel. 41 16 02 44. [email protected]
Stig Langøyli, marknadskonsulent
Tel. 91 57 19 66. [email protected].
Utgjevingsdagar: Onsdag og laurdag.
Utgjevar Sunnmøringen AS. Medlem i Landslaget for Lokalaviser.
Sunnmøringen abeider etter dei presseetiske reglane i
Ver Varsam-plakaten. Vi ber den som kjenner seg råka av
urett avisomtale om å kontakte redaktøren.
Det er også råd å klage til Pressens Faglege Utval,
Postboks 46 Sentrum, 0101 Oslo. Telefon 22 40 50 40
Norsk Hyttelag er
framleis ikkje tilfreds
med Stranda kommune si avgjerd i saka om
eigedomsskatten.
• Vidar Eliassen
[email protected]
Råd frå lesarar
På lesarsida i laurdagsavisa sist var det eit engasjert lesarinnlegg under den vennlege tittelen
«Råd til Sunnmøringen». Harald Sørheim skriv
at Sunnmøringen tidlegare var veldig flinke til å
søkje i kommunen si postliste etter stoff som
hadde allmenn interesse. «Det kan mellom anna vere spørsmål til kommunal adm./politisk leiing, det kan vere orientering om saker som er på gang og det kan vere positive og
negative synspunkt på kommunal drift,- og mykje anna»,
skriv innsendaren. Dette er ei konstruktiv og nyttig påminning om å følgje med i offentlege postjournalar.
Deretter går skribenten til åtak på redaktøren. «Etter at
avisa fekk ny redaktør, ser det ut til å vere slutt med informasjon frå kommunen si
postliste». Og «det er litt
klanderverdig når avisa
skyr å bruke ei viktig kilde». «Eg lurer på om avisa
si haldning til dette er vilja, eller rett og slett ikkje
gjennomtenkt». Desse
formuleringane synest
redaktøren er ein overreaksjon på at vi i den første veka i år framleis ikkje hadde
trykt eit brev som ein annan person hadde sendt til kommunen i desember, og som Sørheim gjorde oss merksame
på nokre få dagar før juleferien.
Dersom nokon sender brev til kommunen med kopi til
oss som eit lesarbrev, er det ein sak. Viss vi i postjournalen
finn eit brev frå ein privatperson, er det ei vurdering om vi
skal gjengi deler av det, eller berre bruke det som utgangspunkt for ei sak. Somme tider kan eit langt dokument føre
til at vi skriv ein notis om temaet. Andre gonger ventar vi til
vi har fått intervjuavtale med aktuelle personar slik at vi kan
gje saka eit stort og informativt oppslag. Uansett er det redaktøren som avgjer korleis avisa skal bruke redaksjonelle
ressursar, kva vi skal skrive om og i kva omfang.
Sunnmøringen kan forsikre lesarane om at vi stadig vekk
nyttar postjournalen, utan at det blir «merka» i artiklane».
Tipset frå Sørheim er heller ikkje gløymt. Vi er som lokalavis avhengig av tips frå lesarane, både om det som er på
postlista og andre saker. Men det er slett ikkje alltid at vi har
kapasitet til å skrive om saker så raskt som vi skulle ønskje.
Vil endre takseringa
Må endre taksten
Betring: Kommunikasjonsansvarleg Ingeborg Ukkelberg i Årim fortel at det blir hyppigare avhenting av
søppel ved Ringstadsætra under høgtider. FOTO: ÅRIM
Tar naudsynt
tak i bosset
I laurdagens utgåve av
Sunnmøringen etterlyste hytteeigar Bjørn
Skaar betre søppeltømming på Ringstadsætra.
• Maria Nerhus
[email protected]
Etter å først ha vendt seg både
til kommunen og Årim, lurte
han på om Sunnmøringen
kunne få svar.
No følgjer han opp med eit
lesarinnlegg side 15 i dag.
Skal bli betre
Etter nyttår har det vore møte
mellom Stranda kommune og
Årim, Ålesundregionen Interkommunale miljøselskap IKS.
Møtet var planlagt uansett,
men det vart aktuelt å diskutere ei betre søppelhandtering
for hyttene på Strandafjellet.
– Noko av problemet i juleog nyttårshelga var at Årim har
skifta transportør, og nye folk
var ikkje så kjende med tilhøva. Det skal visst nok vere første gong dette vart eit problem
i jula. Tidlegare har det vist seg
at mange hyttefolk trekkjer hit
i vinterferie og påske, seier
plan- og utviklingssjef Steinar
Belsby i Stranda kommune.
Fleire og meir
Belsby fortel at det vil vere naturleg med fleire miljøpunkt i
Hevsdalen etter kvart som utbyggingane i omregulerte område står klare. Han ser for seg
både i sentrumsområda, S-felta, og ein stad på Fursetsida.
– Men, renovasjon er ei teneste Stranda kommune set
vekk til Årim, så det er deira
ansvar å sørgje for ledig kapasitet når det gjeld søppeltømming, avsluttar han.
Oppklaring
Kommunikasjonsansvarleg
i
Årim, Ingeborg Ukkelberg, ønskjer å presisere uttalen frå
laurdag.
– Det var ikkje vår hensikt å
setje Røde Kors i eit dårleg lys.
Dei gjer ein god jobb og vi oppmodar folk til å pante flasker.
Renovatøren som tømde konteinaren oppfatta det som at
mange av posane inneheldt
flasker, men her er det klart at
Årim må ta grep.
Utvidar tilbodet
– Vi er einige i at det ikkje skal
sjå sånn ut. I høgtider og når
vêret er fint blir konteinarane
fort fulle, avfallsmengdene kan
vere utfordrande å føresjå. Vi
vil no betre tilbodet på Strandafjellet. Årim plasserer ut ein
glas- og metallkontainer i tillegg om eit par veker. Vi vil òg
sikre tømmerutinene, og hente
avfallet fleire gongar når det er
høgtider og feriar. Aller først
vil det skje i vinterferien, oppklarar Ukkelberg.
Leiar i Norsk Hyttelag, Stein
Jacob Frisch, er heller ikkje
fornøgd med løysingane.
– Det einaste fornuftige vil
vere å setje takstgrunnlaget for
bustader og fritidsbustader
likt, slår han fast.
Frisch gir kommunen honnør for at dei har anstrengt seg

Denne
endringa er
ikkje noko
løysing.
Stein Jacob Frisch
Leiar i Norsk Hyttelag
Gode kandidatar til
Optimistprisen
I fjor bestemte Geirangerfjorden Verdsarv, i samarbeid med
kunstnarparet Per Kleiva og Ida
Drage, og Norsk fjordsenter,
seg for å reetablere Optimistprisen. Ti kandidatar står på
nominasjonslista. Merete Løvoll Rønneberg ved Fjordsenteret meiner at fleire av kandidatane er verdige vinnarar av
prisen.
– Eg synest at fleire av dei er
svært godt kvalifiserte til å få
prisen, seier ho.
Mottakaren av prisen, som
kan vere anten ein liten eller
stor aktør. Prisen skal gå til
nokon som har vist særskilt
mot og optimisme i det dei står
for, eller at dei gjennom handlingar har vist evne til omstilling og tru på framtida. Prisen
blir delt ut under Grøn fjord
-konferansen neste veke.
Er framleis ikkje fornøgde: Norsk Hyttelag og fleire av hytteeigarane i Stranda håpar at kommunen vil kome dei i møte og sjå om det muleg å
kome fram til andre løysingar når det gjeld eigedomsskatten på fritidsbustader. arKIVFoTo
for å finne løysingar, men meiner at dei må prøve endå
hardare.
– Dette er ikkje noko løysing,
seier han.
Møte med kommunen
Frisch fortel at dei har teke initiativ til eit møte med Stranda
kommune i håp om å kome vidare i saka.
– Intensjonen er å diskutere
korleis tilliten mellom hytteeigarane og kommunen kan etablerast på nytt. Stranda
kommune vil ha mykje å tene
på eit godt samarbeid med hytteeigarane. Ingen er tente med
at konflikten får halde fram
som no, avsluttar Stein Jacob
Frisch.
Lovar møte
Ordførar i Stranda kommune,
Jan Ove Tryggestad, stadfestar
at han har blitt kontakta av
Frisch og Norsk Hyttelag.
– Vi er positive til eit slikt
møte og skal få det til så snart
generalsekretæren i hyttelaget,
Oddbjørn Hjelmeset, klarer å
rydde plass i timeplanen, fortel
han.
Ordføraren ynskjer ikkje å gå
inn på innhaldet i møtet og kva
utfallet eventuelt vil bli.
– Så vidt eg forstår vil dei gå
gjennom heile sakskonseptet i
samband med eigedomsskatten. Vi skal lytte til kva dei har
dei har å seie, så får vi sjå, seier
Jan Ove Tryggestad.
Klart for historisk miljøkonferanse
Det er framleis ikkje for
seint å melde seg på,
men det hastar.
• Vidar Eliassen
vidar @ sunnmoringen.no
Onsdag og torsdag i neste
veke går den aller første Grøn
fjordkonferansen av stabelen,
i Geiranger.
– Vi har 114 påmeldte, noko
vi er godt fornøgde med. Det
er fortsatt ledige plassar, men
då må ein vere rask, fortel
Wenche Dal, drifts- og marknadsansvarleg ved Fjordsenteret.
Klimavenleg
Ein av intensjonane med konferansen er at den skal vere
ein arena for å inspirere til å
drive klimavenleg utvikling
av reisemål. Det blir mellom
anna presentert forsking innan fleire relevante tema. Deltakarane får også kunnskap
om ny klimateknologi for
ferdsel på fjord, til havs og på
land. Høve til å teste ut klimavenlege køyrety blir det også.
Internasjonale namn
Fleire internasjonale kapasitetar står på talelista, inkludert represesentantar frå
Unesco både i Paris og i Alaska. Kjem gjer også borgarmeisteren i den vesle byen
Werfenweng i Austerrike, Dr.
Peter Brandauar. Han skal
fortelje om byen si suksess
med å satse på miljøvenleg
ferdsel.
Miljø og Reiseliv: Miljøkonferansen i Geiranger skal i hovudsak rette
søkelys mot klima og reiseliv. Men det blir også høve til å teste ut klimavenlege køyrety. arKIVFoTo