Transcript 18.11.2014

Møtebok for Nærbø sokneråd
18.11.2014
kl. 18:00-21:30
Nærbø kyrkje (Grupperom 3 / spiserom)
Møtedato:
Møtetid:
Møtested:
Tilstede:
Tron Gudmestad, Gunvor Berge Risa, Tone Torland Aarsland, Ingrid Ljøkjel Wold, Svein Helge Harbo,
Maria Reime Birkeli, Marie Lie Harbo, Arne Reidar Hæåk.
Meldt forfall: Håkon Høyland.
Innkallinga vart godkjent
Meldingssaker
Sak 000054 Arbeid i kyrkjelyden
Samtala om:
 Fin gudsteneste med utdeling av 4-årsboka. 80% av 4 åringane fekk boka.
 Konsert med Johnny Red and the Prayerhouse People. Offergåva gjekk til
BrigdeBuilders.
 Kyrkjeonsdag med Odd Magne Bakke. Tema: “Hva er lykke ?”
 Mykje folk og fin temagudsteneste på sundag.
Sak 000055 Idemyldring til kyrkjelydsarbeidet
Sak 000056 Visjonsdokument 2015-2018
Kirkemøtet vedtok i april i år eit samlande visjonsdokument for Den norske kyrkja med
overskriften «Meir himmel på jord». Visjonsdokumentet låg ved innkalling til soknerådsmøtet.
Sak 000057 Referat frå Temagudstenesteutvalet 29. oktober 2014.
Referatet låg ved innkallinga.
Sak 000058 Konsertar i Nærbø kyrkje hausten 2014

Coming Home for Christmas 2014
30. november kl. 18:00
Kjell Elvis, Jan Egil omdal, Steven Kvinlaug, Cindy Kvinlaug, Emilie Omland
Grimstad og Ove Frøytlog

Adventskonsert Nærbø musikkorps
7. desember kl. 19:00

Julenatt
15. desember kl. 21:30
Cecilie Vennersten, Gaute Ormåsen og Christian Ingebrigtsen

Julekonsert Jæren gospelkor og Lars Sigurd Tjelle
17. desember kl. 20:00

Romjulskonsert
28. desember kl. 20:00
Sverre Undheim med band og Silje Sandanger
Julemessa 30 års jubileum
6. desember kl. 11:00
Andakt v/ Dag Øivind Østereng
Nærbø musikkorps
Emmaus
Helsing v / ordfører Mons Skrettingland
Frimenn
Jubileumskake til alle
Sak 054/14 Gudstenesteliste og offerliste sommar og haust.
Vedtak:
Soknerådet godkjenner gudstenesteliste og offerliste våren 2015 med endringer.
Sjå vedlegg.
Sak 055/14 Opparbeiing og innkjøp av sykkelstativ
Vedtak:
Opparbeiing og innkjøp av sykkelstativ kr. 82 000.- blir finansiert av midlar frå fond «Nærbø
kyrkje, ferdigstilling og oppgradering».
Sak 056/14 Lokale grunnordninger - ny godkjenningsrunde
Vedtak:
Soknerådet vil utfordra personar til å vera med i eit nytt gudstenesteutval. Gudstenesteutvalet og sokneprest
går gjennom innhaldet og legg fram forslag til søknad på soknerådsmøte i mars 2015. Søknad om ny
godkjenning må vera Stavanger biskop i hende innan måndag 15. juni 2015.
Sak 057/14 Nominasjonskomité medlemmer
Vedtak:
Thomas Petter Randulff, Kjartan Reime, Håkon Kallevik Haugland, Jofrid Torland Mjåtveit og Solveig
Høyland har sagt ja til å stilla i nominasjonskomiteen. Thomas Peter Randulff har sagt ja til å vera leiar.
Sak 058/14 Fornyelse av avtalen med Jæren kammerkor
Vedtak:
Soknerådet er positive til samarbeidet med Jæren kammerkor. Soknerådet ønskjer å forlenga avtalen om
gratis leige mot at dei deltek på gudsteneste 2-3 gonger i året. Soknerådet vil også at koret arrangerer
salmekveld. Soknerådet ber om at det blir gjennomført årleg samtale mellom koret, dagleg leiar, musikar og
sokneprest.
Sak 059/14 Dugnadsvask i kyrkja
Vedtak:
Saka utsettas til neste møte.
- Kari skal spørja om pris på vask av utvendig vindauga i Nærbø kyrkje.
- Soknerådet skal koma med namn på personar som kan spørjast til å vera med på dugnadsvask inne i kyrkja.
Sak 060/14 Søknad om konsert med gospelgruppen Redeemed 6. mars 2015.
Vedtak:
AU har godkjent at gospelgruppen Redeemed har konsert i Nærbø kyrkje 6. mars 2015. Kari Torland
sender leigeskjema.
Sak 061/14 Møteplan våren 2015
Vedtak:
Soknerådet godkjenner møteplan for våren 2015
AU
SR
06.01.2015 Kl.18:00-21:00
27.01.2015 Kl.18:00
10.02.2015 Kl.18:00-21:00
03.03.2015 Kl.18:00
17.03.2015 Kl.18:00-21:00
07.04.2015 Kl.18:00
21.04.2015 Kl.18:00-21:00
05.05.2015 Kl.18:00
19.05.2015 Kl.18:00-21:00
26.05.2015 Kl.18:00
09.06.205 Kl.18.00-21:00
Sak 062/14 Konstituering av Nærbø sokneråd
Vedtak:
Leiar: Tron Gudmestad for 1. år
Nestleiar: Gunvor Berge Risa for 1. år
Sak 063/14 Kandidat til bispedømmeråd og Kyrkjemøte
Vedtak:
Tron Gudmestad er Nærbø sokneråd sin representant i møte hos prosten den 15. desember. Soknerådet
føreslår Per Åge Skretting til nominasjonskomiteen for bispedømmeråd og Kyrkjemøte.
Sak 064/14 Budsjett 2015
Vedtak:
Saka utsettas til neste soknerådsmøte
Sak 065/14 Status 10 - årsjubileum C
Vedtak:
• Laurdag 11. april: Stand på Coop mega med presentasjon av kyrkjelyden sitt arbeid. Steika vaflar og dela
ut.
Skal me spørja husfellesskap om å steika vaflar?
Besøkja eldre og gi ei rose?
T-skjorter med 10 års jubileum Nærbø kyrkje?
Logo for 10 årsjubileumet.
• Søndag 12. april: Familiegudsteneste med Emmaus. Jæren gospelkor svara nei.
• Tysdag 14. april: Arrangement på biblioteket kl.19:00. Lisabet Risa les kyrkjehistorie frå Nærbø. Ingrid.
«Barneselskap» i kyrkja. Glad Sang deltek. Gunn, Helene.
• Onsdag 15. april: Stavanger bispedømmes kirkesangforbund skal vera med med Hovlands
pilgrimsmesse og Jæren kammerkor.
• Torsdag 16. april: Country konsert med Martin Våland. Lars Sigurd
• Fredag 17. april: Ungdomsarrangement v/ Dag Øivind
• Laurdag 18. april: Samling med vi over 60 kl 14:00. Ernst Båsland vert med. Ragnhild Elisabeth Hoel og
Randi E. Opstad deltek med song. Svein Helge.
Arrangement på biblioteket kl. 12:00. Film «kirkerottene» for barn frå 5-7 år. Ingrid.
• Søndag 19. april: Jubileumsgudsteneste. Musikkorpset deltek.
Randi skal spørja Håkon Hansen Bjorland om å syngja «Bygg meg et tempel i verden» saman med korpset.
Håkon Hansen Bjorland kan ikkje delta. Randi foreslo nokon me kan spørja til å syngja i staden for Håkon
H. Bjorland. Magnus Staveland og Ådne Sæverud.
 Soknerådet bør setja opp eit budsjett over jubelveka.
Sak 066/14 Infoskjermane i Nærbø kyrkje
Vedtak:
Etter mykje prøving ved infoskjermane som ikkje vil fungera ser soknerådet at vi må kjøpa tenester på
firmaet « infoskjermen.no».
Boksar og ein PC vil koma på kr 11 500.Tenester pr år er kr. 2390.- Kr. 199 pr mnd.
Soknerådet godkjenner kjøp av tenester hos infoskjermen.no
Sak 068/14 Søknad om midlar til kyrkjeonsdag 6. februar 2015
Vedtak:
Soknerådet godkjenner midlar på kr. 5000.- som kyrkjeonsdag kan bruka på honorar den 6. februar 2015.
Sak 069/14 Søknad om musikarstilling.
Vedtak:
Soknerådet godkjenner at Bjarte Lending får musikarstilling på 10% frå 1. januar til 31. mars 2015, for å
gjera ferdig eit prosjekt med Jæren gospelkor.
For Nærbø sokneråd
Kari Torland
Sekretær