Møtebok for Bø sokneråd

Download Report

Transcript Møtebok for Bø sokneråd

Møtebok for Bø sokneråd
Møtedato:
Møtetid:
Møtested:
18.6.2013
kl. 18:45
Kyrkjekontoret i Bø
Tilstede:
Turid Fagerli, Martin Stærk, Anne Løhaugen, Helga Kristine Sannes Marthinsen, Olav Solberg, Dag
Hallvard Østtveit, Bergit Askildt Myrjord, Brita Rønning Iversen, Christian Ivar Graff Kjuus.
Meldt forfall:
Sveinar Medhaug, Anne Kjellaug Theie.
I møtebok frå soknerådsmøtet 2.mai står det at Dag Halvard Østtveit hadde meldt forfall. Det stemmer ikkje.
Han var til stades på møtet.
Saker
Sak 031/13 Revidert budsjett 2013
Vedtak:
Soknerådet vedtek revidert budsjett slik det er lagt fram. Ekstra kostnadar på fellesrådsdelen (funksjon 41, 42
og 43) (134.500 kroner) dekkast inn frå tidlegare års overskott, og ekstra kostnadar til trusopplæring takast
frå gjevartenesta (25.000 kroner) og bundne driftsfond trusopplæring (22.800 kroner).
Sak 032/13 Strategimøte for kyrkjelyden
Vedtak:
Soknerådet arrangerer møte for kyrkjelyden søndag 10.november 2013. Soknerådet sett ned ein komité som
skal jobbe fram mot strategimøte og lage ein oppsummering av kva som kjem fram på møtet. I komiteen sit
Olav Solberg og Helga Sannes Marthinsen frå soknerådet, sokneprest og to i frå kyrkjelyden. Olav og Helga
spør to i frå kyrkjelyden om å bli med.
Sak 033/13 Datoar for soknerådsmøter haust 2013
Vedtak:
Møteplan for soknerådet:
- 22.august
- 19.september
- 17.oktober (val av leiar og nestleiar)
- 14.november
- 12.desember
For Bø sokneråd
Martin Stærk
Kyrkjeverje