REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE 29

Download Report

Transcript REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE 29

REFERAT FRÅ 1. SOKNERÅDSMØTE 13.01.15

Tilstades: Reidunn Bolstad, Inger Anne Opheim Tryti, Hilde Espeland, Marit Veset Hønsi, Kari Midlang (1. vara), Turid Kristine Brekke, Per Olav Langeland Tistel og Berit Kolltveit Ikkje tilstades: Ivar Tistel og Jostein Skutlaberg Innkalling og sakliste vart godkjent. Referat frå møtet 02.12.14 vart godkjent. Referat frå møtet 02.12.14 vart underskrive av soknerådsmedlemane. Referat/orienteringssaker/innkomen post: -var ein vellukka julefest 7. januar. Litt mindre folk enn i fjor.

Sak 1/15 Valnemd/valstyre – kandidatar til valet

Vedtak: Soknerådet med 1. varamedlem og presten er valnemd.

Sak 2/15 Møtedato - endring

Viser til sak

37/14 Møtedatoar våren 2015

. Vedtak: Møtedatoen 24.02.15 vert endra til

23.02.15

. Elles ingen endringar.

Sak 3/15 Evaluering av prøveordning for sokneprestane i Vik og Balestrand

Soknerådet starta på ei evaluering av korleis me oppfattar at prøveordninga fungerer.

Sak 4/15 Konsert i kyrkjestova 17.01

Turid og Reidunn riggar salen slik dei som skal ha konserten ynskjer det. Tove Geithus er på plass under arrangementet; blandar saft, kokar vatn og set ut bollar. Sel evt. billettar.

Sak 5/15 Misjonsprosjektet – orientering

I samband med misjonsprosjektet soknerådet har bestemt seg for å støtte, refererte Reidunn frå ein e-post som er motteken frå NMS v/Ingvald Andersen Frøyen. Andersen Frøyen er misjonskonsulent i Bjørgvin. Han tilbyr seg m.a å kome på ei gudsteneste i Vik og informere om korleis innsamla midlar vert brukte.

Sak 6/15 Valkurs på Lyngmo 11.02

Reidunn deltek. Evt. andre kan melde seg på. Reidunn sender ut ei påminning når det nærmar seg.

Sak 7/15 Planar vidare

25.01.15, kl. 11.00, Vik kyrkje v/Jostein Skutlaberg – presentasjon av minikonfirmantar, utdeling av bibel til 5. klassen. Kyrkjevert : Hilde Espeland

Offerførem. : Kyrkjekaffi : Trusopplæring lokalt 08.02.15, kl. 11.00 Vik kyrkje v/vikar Kyrkjevert : Turid Kristine Brekke Offerførem. : Fengselsarbeidet lokalt 22.02.15, kl. 11.00 Vik kyrkje v/vikar Kyrkjevert : Marit Veset Hønsi Offerførem. : NMS – Landsbyutvikling i Madagaskar,Misjonsprosjektet

Ymse

Ref. Hilde Espeland