Møtebok 4 - Bømlo kyrkjelege fellesråd

Download Report

Transcript Møtebok 4 - Bømlo kyrkjelege fellesråd

DEN NORSKE KYRKJA
Bremnes sokneråd
MØTEBOK
BREMNES SOKNERÅD
Møtestad:
Tid:
Rådhuset
Tysdag 25.02.2014 kl. 19.00- 22.00
Desse møtte:
Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Odd Kåre Sakseid, Bjarte Aartun, Leif Røyrøy, Karl Mæland,
Magnar Økland, Målfrid Stautland
Opning ved Odd Kåre
Sak 04-11-14: Innkallinga vart godkjend.
Sak 04-12-14: Møtebokene frå soknerådsmøte 21.01, 29.01 og 11.02.14 vart lagt fram for
godkjenning.
Nokre endringar som er førte inn i møtebøkene, vart gjort:
21.01: Sak 01-02-14: Merknad om endring av pris på benkene. Sjå møteboka.
29.01: Sak 02-09-14: Avtala møte 31.01.14 vart avlyst. Sjå møtebok.
11.02: Sak 03-10-14: Endra ordlyd i Sak 2 linje 2. Ny ordlyd: ” Dette kravet kom
så seint at det ikkje var høve til å få i stand soknemøte tidlegare.” Sjå møtebok.
Møtebok frå soknemøtet 16.02.14 vart godkjend med ei endring i ordlyden
Sak 02-14: Ny ordlyd i linje 3 og 4:
” Dette kravet kom så seint at det ikkje var høve til å få i stand soknemøte tidlegare.”
Sak 04-13-14: a. Referatsaker
 Møtebok frå AU 10.02.14
 Møtebok frå Diakoniutvalet 03.02.14
o Feil møtebok sendt ut. Rett møtebok ettersendt 27.02.14.
 Orienteringsmøtet i Bremnes kyrkje 02.02.14
 Inspirasjonssamlinga 11.02.14
b. Orienteringssaker
 Ope brev frå underskrivarane av brevet ” Benkeforslag” til Bremnes sokneråd
og Bømlo kyrkjelege fellesråd. Sjå vedlegg.
 Temakveld i Moster kyrkje 27.02.14
 Bibelteater i Bømlo kulturhus 28.03.14. Må kunngjerast godt m.a. i
gudstenestene.
 Det er kjøpte inn 167 stk av den nye salmeboka. Soknerådet ønskjer 15-20
med stor skrift. Soknerådsleiaren snakkar med kantor og kyrkjeverje om
dette.
 Innkalling og møtebøker bør bli lagt ut på kyrkja si heimeside.
 Soknerådet sin møteplan vil bli sett opp på kyrkja sin plakatstad.
Sak 04-14-14: Søknad om fritak frå verv i soknerådet.
Bremnes sokneråd har motteke brev frå varamedlem Leikny Urang der ho ber om
fritak for verv som varamedlem ut valperioden. Ho opplever det vanskeleg å skjøtte
pliktene i vervet. Viser til vedlagt brev.
Kirkeloven § 7 seier m.a. ” Menighetsrådet kan etter søknad frita , for kortere
tidsrom eller resten av valgperioden, den som ikkje utan uforholdsmessige
vanskeligheter eller belastning kan skjøtte sin plikter i vervet.”
På denne bakgrunnen gir Bremnes sokneråd Leikny Urang fritak frå resten av
valperioden.
Vedtak:
Bremnes sokneråd viser til Kirkeloven § 7 og gir Leikny Urang fritak frå vervet
som varamedlem i soknerådet for resten av valperioden.
Sak 04-15-14: Årsmelding 2013.
Årsmeldinga for 2013 vart gjennomgått. I statistikken vart summen for Takkoffer /
kollekt endra i samsvar med rekneskapen.
Vedtak:
Bremnes sokneråd godkjenner Årsmeldinga for 2013
Sak 04-16-14: Godkjenning av rekneskap 2013
Rekneskapen for 2013 vart gjennomgått av kasseraren.
Vedtak:
Bremnes sokneråd godkjenner Rekneskap for 2013
Sak 04-17-14: Gjevartenesta for diakonen.
Viser til vedlagt skriv frå kyrkjeverja der han utfordrar kyrkjelydane til å slå et slag
for å auke den private givartenesta. Midlane som kjem inn, skal brukast til å styrke
det økonomiske fundamentet for diakonistillinga.
Bremnes sokneråd ønskjer å vera med på denne kampanjen.
Fellesrådet må annonsere og lage ein informasjonsbrosjyre til denne kampanjen.
Vedtak:
Bremnes sokneråd ønskjer å vera med på denne kampanjen. Fellesrådet må
annonsere og lage informasjonsbrosjyre.
2
Sak 04-18-14: KN-aksjonen 2014
Lokale og mannskap til å gjennomføre KN-aksjonen i krinsane er under kontroll.
Odd Kåre (KN-kontakt) leverte ut materiell.
I samarbeid med konfirmantlærer, orienterer Målfrid om KN-aksjonen på ein
konfirmanttime.
Sak 04-19-14: Kransenedlegging ved Bremnes kyrkje 17.mai 2014
FAU ved Svortland skule har ansvar for å leggje krans ved Blia-monumentet rett
etter appell og kransenedlegging ved monumentet nær kyrkja.
Soknerådet har ansvar for å finne ein person til å halde appell og leggje krans ved
monumenet nær kyrkja.
Soknerådet kom med framlegg til kandidatar som soknerådsleiaren tar kontakt med.
Soknerådet og FAU må samsnakkast om korleis kransenedlegginga praktisk kan
samkjørast på ein fin og verdig måte. Soknerådsleiaren tar kontakt med FAU.
Soknerådet drøfta også kva som kan gjerast for å hindra at 17.maitoget stansar i
kyrkjebakken i staden for å gå ned og fylle kyrkja. Kan t.d. korpsa spela til salmane?
Soknerådsleiaren tar kontakt med kantor om dette.
Vedtak:
Bremnes soknerådet kom med framlegg til kandidatar som soknerådsleiaren tar
kontakt med.
Soknerådet og FAU må samkjøre kransenedleggingane praktisk, slik at det vert
ein verdig seremoni. Soknerådsleiaren tar kontakt med FAU.
Soknerådet ønskjer å gjere tiltak for å hindra at 17.maitoget stansar i
kyrkjebakken i staden for å gå ned og fylle kyrkja. Soknerådsleiaren og kantor
drøftar om korpsa kan spele til salmane.
Sak 04-20-14: Foldar som fortel om den ”nye” Bremnes kyrkje etter renoveringa.
Det er komme framlegg om at Bremnes sokneråd lagar ein foldar som blir sendt alle
husstandane i Bremnes sokn før kyrkja vert opna etter renovering. Foldaren skal m.a.
fortelje med ord og bilete om arbeidet som er gjort i kyrkja og om aktivitetane som
går føre seg i kyrkja i helg og kvardag gjennom heile året. Det er ein fin måte å vise
korleis kyrkja vår ser ut og gjere kyrkjelyden kjend med alle aktivitetane som skjer i
Bremnes kyrkje.
Soknerådet drøfta ideen og går inn for at det skal lagast ein slik foldar. Dersom det
vert vanskar med å få foldaren ferdig til opninga, kan målet vera å ha han klar til
starten av haustsemesteret.
Karl får mandat til å spørje nokon om å utforme ein foldar.
3
Når det gjeld distribusjon, undersøkjer Berit kva det kostar det å bruke posten. Det
kom og framlegg om at me kan ta ein dugnad og levere i postkassane.
Vedtak:
Bremnes soknerådet går inn for at det skal lagast ein foldar som med ord og
bilete fortel om arbeidet som nå er gjort i Bremnes kyrkje og om aktivitetane
som går føre seg i kyrkja i helg og kvardag gjennom heile året.
Dersom det vert vanskar med å få foldaren ferdig til opninga etter renoveringa,
kan målet vera å ha han klar til starten av haustsemesteret.
Karl får mandat til å spørje nokon om å utforme ein foldar.
Berit undersøkjer kostnaden ved å nytte posten til å distribuera foldarane.
Sak 04-21-14: Konsert med Hanne Krog og Tre tenorer des. 2014.
Kven skal stå som arrangør, Bremnes sokneråd eller Bremnes kantori?
Bremnes sokneråd drøfta spørsmålet og går inn for at Bremnes kantori skal stå som
arrangørar for konserten. Dei beheld både billettinntekter og leigeinntekter.
Vedtak:
Bremnes sokneråd går inn for at Bremnes kantori skal stå som arrangørar for
konserten. Dei beheld både billettinntekter og leigeinntekter.
Sak 04-22-14: Ungdoms Alfa fortel frå turen til Israel.
Bremnes sokneråd var med å sponsa tur til Israel for UngdomsAlfa. Soknerådet
ønskte at dei i etterkant skulle fortelje og vise bilete frå turen på ei gudsteneste.
Gudstenester som kunne høve til dette innslaget er G2 23.03.14 eller 15.06.14
Vedtak:
Ungdoms Alfa vert bedne om å fortelje frå turen til Israel på ei av G2gudstenestene, 23.03.14 eller 15.06.14
Ymse:
-
-
Bremnes sokneråd vil sende brev til styret i Rubbestadneset bedehus og beklage
det mange opplevde som ”høg temperatur” på soknemøtet 16.02.14.
På grunn av dåp etter gudstenesta, ønskjer soknerådet å gjennomføre Kyrkjelyden
sitt årsmøte 30. 03.14, i kjellaren i Rubbestadneset bedehus.
Berit Hallaråker
leiar
Målfrid Stautland
sekretær
4