Last ned heile invitasjonen.

Download Report

Transcript Last ned heile invitasjonen.

FRISKARE BLIKK
PÅ
INVITASJON TIL FRUKOSTMØTE
Sparebanken Sogn og Fjordane har gleda av å invitere deg til
næringsfrukost onsdag 8. april kl 08.00 i kantina i våre lokale i Florø.
Tema: Eit friskare blikk på Sogn og Fjordane
Sparebanken Sogn og Fjordane og sparebankstiftinga har sett seg lei av dei dystre
utsiktene som regjeringa gir fylket vår. Med bakgrunn i dette har vi starta eit eige
næringslivsprosjekt med fokus på kva moglegheiter fylket har i framtida. Det gror
godt i mange av regionane, og det er mange framtidsretta forretningsidéar som vi
ønskjer å setje søkelyset på.
Dette og andre interessante forhold vil adm. dir. Arvid Andenæs gje oss innblikk i.
Vi håpar at dette er interessante og aktuelle tema også for deg, og at møtet også
kan vere ein arena for diskusjon og erfaringsutveksling med gode
næringslivskollegaer i regionen.
Vel møtt til ein nyttig næringsfrukost med Sparebanken Sogn og Fjordane.
Det vert servert frukost frå kl 08.00. Møtestart ca. kl 08.30, slutt ca. kl 10.00.
Påmelding innan 27. mars til [email protected] eller på mobil: 930 12 278
Venleg helsing
Sparebanken Sogn og Fjordane
Tom Staveteig
Banksjef bedriftsmarknad