Mo Antikk - Digitalkatalog

Download Report

Transcript Mo Antikk - Digitalkatalog

To bankar vart til ein
Avdelingsbanksjef Anne Grethe Børven og seniorrådgjevar May Turid Tømmervik i SpareBanken Vest
I april i fjor vart det kjent at SpareBank 1 Hardanger, “Hardingbanken”, og Sparebanken Vest ynskte
å slå seg saman til ein bank. Marknadsansvarleg i Sparebanken
Vest, Lars Endre Tholo, seier at
dette har vore ein krevjande prosess og at myndigheitene stiller
strenge krav til korleis dette skal
gjennomførast. 1. november 2011
var den juridiske samanslåinga
eit faktum og Hardingbanken var
fusjonert inn i Sparebanken Vest.
Teknisk overføring av kundar og
system (nettbank m.m.), og flytting av alle medarbeidarane skjedde den 13. februar i år.
”Ein av grunnane for samanslåinga
var at me vart ein meir kostnadseffektiv bank og dermed kunne
tilby eit betre banktilbod. I tillegg
såg me at ei samanslåing ville gje
oss eit større marknadsområde og
ein betre marknadsposisjon.
For vår region er Sparebanken
Vest i dag ein bank med eit sterkt
finansmiljø innan sparing, lån,
finans og forsikring. Regionshovudkontoret ligg i Norheimsund
der me no er omlag 25 tilsette, og
med det eit av dei største regionskontora i Sparebanken Vest.
I tillegg har me dobla talet på
kontor i regionen og er representerte med 14 kontor i vår region,
Hardanger/Midthordland/Voss”,
uttrykkjer ein nøgd og engasjert
marknadsansvarleg.
Det er snart gått to månader sidan
medarbeidarar og utstyr frå Hardingbanken flytta ut frå Straumen
og over til Sparebanken Vest sine
lokale i Grove.
To av dei som har vore sentrale i
dette arbeidet, er Anne Grethe
Børven (avdelingsbanksjef) og
May Turid Tømmervik (seniorrådgjevar). Begge uttrykkjer at dei
i heile haust og fram til i dag har
bruka tida godt med tanke på alle
førebuingane og sjølve gjennomføringa. Det har vore stort fokus
på at alle medarbeidarane skal
vera deltakande i prosessen. I tillegg har alle jobba særleg mykje
med å skapa eit godt arbeidsmiljø,
noko me trur me har lukkast med.
Anne Grethe seier at dei er vortne
som ein stor familie og at ein nesten skulle tru at alle hadde vore
kollegaer i mange år.
No er det kundane som er i fokus,
kan May Turid opplysa. Det er
sjølvsagt kundane frå Hardingbanken som har merka den største
forskjellen i samband med samanslåinga.
Ho tilføyer at det har vore lagt ned
mykje arbeid for å gjera dei kjende
med den nye banken. Ein del utfordringar har me hatt fordi me i
ein periode har handtert to ulike
datasystem, men tilbakemeldingar både frå kundar og medarbeidarar tilseier at dette har gått bra,
seier May Turid.
Begge er samstemde i at alle kundane skal oppleva at Sparebanken
Vest er ein god og nær bank. ”Det
skal vera lett å koma i kontakt
med oss om det er via telefon, epost eller å koma innom.”
Nytti Grove
Mo Antikk
– midt i Grove
Tekst og foto: Styrk Egil Andersen.
Kammen mote
Etter mange års drift i Grove, har
Hilde Hoff Laupsa med blanda
kjensler bestemt seg for å selje
klesbutikken sin. Ho går no over til
det ho håpar skal verta ei aktiv og
travel pensjonisttid.
Ny eigar vert Karen Margrethe
Øystese og overtakinga skjer formelt 1. mai 2012.
Butikken får då namnet Kammen
Mote. ”Bakgrunnen for at det vart
dette, er at eg tidleg vart kalla
KAMMEN (forkorting av namna
mine)”, kan Karen Margrethe
opplysa.
Ho forlet no Hardingasete etter å
ha vore tilsett der i 10 år. Det har
ikkje vore ei enkel avgjerd. Eg har
vore så mykje involvert i heile drifta og har i løpet av den tida eg har
vore der, opparbeidd meg mange
gode relasjonar både til medarbeidarar, kundar og leverandørar.
Bondeantikvitetar
Framskap
Karen Margrethe Øystese startar ny klesbutikk 1. mai
Ved eit reint tilfelle dukka tilbodet
opp om å kjøpa butikken til Hilde,
seier Karen Margrethe. ”Eg kjem
til å arbeide hardt for å behalde
dei trufaste kundane som Hilde
har opparbeidd seg i løpet av tida
ho har drive Hilde Kle. Eg kan ikkje
kopiera Hilde for det finst berre ei
av henne, og vil difor prøva meg
litt fram med nye merke og varesortiment. Det vil vera viktig for
meg å utvikle ein butikk som på
sikt vert assosiert med Karen Margrethe”, smiler Kammen.
Langbord
Kister
Postkort / myntar
Bunad / sølv
Snurrepiperi
rissgrafisk.no
Grova 40, Norheimsund
Tel. 952 14 095
[email protected]
ALT ANNET
ER KOPIER.
jeep.no
°
Parkering paskeferie
→
Norheimsund har lang tradisjon for å vera
ein møteplass mange reiser til i påsken. Her
møtest hyttefolket frå Kvamskogen, båtfolket i gjestehamna og gamle kjenningar som
er heim på påskeferie. Den pulserande tettstaden er noko meir enn ein stad berre for
handel og vandel. Her vandrar fastbuande
og gjester gatelangs for å oppleva folkelivet,
sitja på kafe, utforska butikkar og slappa av i
eit sentrum som er vel tilrettelagt med gode
møteplassar, miljøskapande benker og tre.
Påske er tida for hyggeleg samvær med
familie og vener heime eller på hytta, fine
skiturar i vårsol og gode måltid. Skal utstyret fornyast eller provianten skaffast, er
varetilbodet i Norheimsund det beste. Butikkane står klare med eit vareutval som
tilfredsstiller dei fleste behov. Norheimsund
har sin styrke i mange spesialbutikkar og
kunnskapsrike tilsette som vil yta kundane
den beste service. Dei fire store matvareforretningane er konkurransedyktige og velassorterte.
SPAR mat er nyleg flytta i nytt bygg, moderne og funksjonelt med utvida sortiment
og rikeleg med parkering. Straumen senter
er på veg til å verta Motehuset Straumen,
med ny ”merkevarebutikk” og monaleg
større lokale for CUBUS, der Spar var tidlegare. Handlestaden er i stadig utvikling og ny
interiør- og møbelbutikk er i emning i Cubus
sine gamle lokale. Dette er med å styrkja
konkurransekrafta og sikra innbyggjarar og
tilreisande eit tilfredsstillande varetilbod.
Norheimsund næringslag ynskjer kundane
velkomne til hyggelege påskedagar i eit pulserande sentrum.
Tekst og foto: Styrk Egil Andersen.
Kvamskogen/
Bergen
Wrangler fra 399.900,-
Norheimsund næringslag
Hallvard Bjørgum
Compass fra 409.900,-
Leiar
Nå introduseres tre nye Jeep® modeller.
Grand Cherokee fra 809.900,-
2
Hardangervidda/
Odda/ Haukeli
→
Tørvikbygd/Jondal/
Strandebarm
→
Framsidefoto:
Cecilie Bundgaard Torgersen
Ansvarleg utgjevar:
Norheimsund næringslag
Prosjektansvarleg og formgjeving:
Riss grafisk formgjeving AS
Trykk: Øystese Trykkeri AS
Norheimsund næringslag er ein interesseorganisasjon for verksemdene i Norheimsund. Laget skal organisera og
gjennomføra fellesaktivitetar med det føremålet at flest mogeleg vil bu, jobba og nytta tenestene i Norheimsund.
Laget skal vera pådrivar og høyringsinstans overfor Kvam herad og andre sentrale organ i saker som vedkjem
næringslivet. Laget tel i dag om lag 60 medlemer.
Norheimsundmagasinet 2:2012
Jeep er legenden blant bilmerker og har produsert en rekke 4x4 ikoner. Jeep er ekte firehjulstrekkere med
sjel, kraft og kapasitet. Jeep er et eventyr på fire hjul. Historien er makeløs, imaget uovertruffent. Nye Jeep
Compass 4x4 er en familiebil, Wrangler er selve ikonet og arbeidshesten som også kommer som 2-seters
varebil på grønne skilter. Grand Cherokee er flaggskipet som bare må sees og prøves. På modellene kan
du velge mellom diesel eller bensin, manuell eller automatgir. Det du nesten ikke trenger å velge er ekstra
utstyr. Alle Jeep i Norge har ekstremt høyt utstyrsnivå. Jeep er originalen, alt annet er kopier.
Tlf.: 56 55 03 00
Norheimsundmagasinet 2:2012
3