Styresak - Helse Fonna HF

Download Report

Transcript Styresak - Helse Fonna HF

Styresak

Går til: Føretak: Helse Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer 30.12.13 Administrerande direktør Olav Klausen

Årleg melding 2013 for Helse Fonna HF Styresak 4/14 A

2 vedlegg

Forslag til vedtak:

Styret i Helse Fonna HF godkjenner årleg melding 2013.

Styremøte 14.01.14

1

Bakgrunn for saka

Årleg melding er omtala i punkt 9.5 i styringsdokumentet for 2013 til Helse Fonna HF. Helseføretaka skal sende ei årleg melding til Helse Vest RHF. Fristen for å sende årleg melding er 15.01.14. Denne meldinga skal vere eit underlag for Helse Vest RHF si melding til Helse- og sosialdepartementet. Det skal rapporterast på alle krav i styringsdokumentet. I § 12 i vedtektene til Helse Fonna HF heiter det: Det skal også fremgå av oversendelsen av årlig melding at brukerutvalg har fått forelagt meldingen før denne sendes Helse Vest RHF, jf. § 13. I § 13 i vedtektene til Helse Fonna HF heiter det: Årlig melding Styret skal hvert år sende en melding til Helse Vest RHF som omfatter: • styrets plandokument for virksomheten • styrets rapport for foregående år Plandokumentet skal være av strategisk og overordnet karakter og vise hovedtrekkene i virksomhetens fremtidige drift innenfor de rammebetingelser som er gitt av Helse Vest RHF som eier. Denne delen av plandokumentet vil inngå i Helse Vest RHF sitt plandokument som igjen vil inngå i vurderingsgrunnlaget for behandlingen av de enkelte års statsbudsjett. Plandokumentet skal videre, med utgangspunkt i vurderinger av eksisterende drift, gi beskrivelse av forventede endringer i befolkningens behov for helsetjenester og i den helsefaglige utviklingen på fagområdene, vise behovet for utvikling og endring av tjenestene og driften av virksomheten og styrets vurdering av ressursbruken for de nærmeste årene, med forslag til finansiering. Rapporten om virksomheten fra foregående kalenderår skal vise hvordan pålegg og bestemmelser som er gitt i foretaksmøtet eller satt som vilkår for økonomisk kompensasjon, er fulgt opp. Rapporten skal også vise virksomhetens utvikling i forhold til Helse Fonna HF's plandokument. Årleg melding for Helse Fonna HF er formelt drøfta med dei tillitsvalde 10.12.13. Fagforbundet hadde ein protokolltilførsel etter drøfting: Til punkt 3.3. i Årleg melding: Det saknast eit tillegg (ref. brev frå Helse Vest) om at det er eit mål å behalde helsefagarbeidarar i 100 % stillingar. I dag er det ulike tilbod for ferdig utdanna sjukepleiarar i forhold til full fast stilling. Det bør leggjast til rette for at også helsefagarbeidarar kan få tilbod i føretaket etter bestått fagprøve. Årleg melding er lagt fram for Arbeidsmiljøutvalet 12.12.13, som tok saka til orientering.

saka. Brukarutvalet i Helse Fonna har handsama årleg melding 16.12.13. Innspela frå brukarutvalet er lagt ved

Vedlegg

Årleg melding 2013 for Helse Fonna HF. Innspel frå brukarutvalet i Helse Fonna. 2

Forslag   til   styret   i   Helse   Vest   7.3.12

 

Årleg melding 2013 for Helse Fonna HF

0

Innhald

1   2   3   4   5   6   7   8   Innleiing ......................................................................................................................................................... 2   1.1

  1.2

  Visjon, verksemdsidé og verdigrunnlag .................................................................................... 2   Helse 2020 ........................................................................................................................................... 2   Hovudområde for styring og oppfølging i 2013 ............................................................................... 3   Helsefaglege styringsmål .......................................................................................................................... 5   3.1

  3.2

  3.3

  3.4

  Aktivitet ................................................................................................................................................. 6 Satsingsområde 2013 ...................................................................................................................... 7 Utdanning av helsepersonell ..................................................................................................... 37 Forsking og innovasjon ............................................................................................................... 39         3.5

  3.6

  4.1

  4.2

4.3

4.4

Økonomiske krav og rammevilkår ..................................................................................................... 42   4.5

        Opplæring av pasientar og pårørande .................................................................................. 41   Tilleggsskrav til styringsdokument ....................................................................................... 42   Resultatkrav for 2013 .................................................................................................................. 42   Styring og oppfølging 2013 ....................................................................................................... 42   Investeringar .................................................................................................................................... 43   Låneopptak og driftskreditt ...................................................................................................... 44   Organisatoriske krav ............................................................................................................................... 45   5.1

  5.2

  Rapporteringskrav økonomi ..................................................................................................... 44   Informasjonsteknologi og digitale tenester (e‐helse) .................................................... 45 Tiltak på personalområdet ........................................................................................................ 46     5.3

5.4

    Vurdering av utvida opningstid for planlagd verksemd ............................................... 50   Intern kontroll og risikostyring og krav til forbetring av det pasientadministrative arbeidet ............................................................................................................ 50   5.5

  5.6

  5.7

  5.8

  5.9

  5.10

  Regjeringa sin eigarpolitikk ...................................................................................................... 52   Utvikling av nødmeldetenesta .................................................................................................. 53   Barn som tolk ................................................................................................................................... 54   Landsverneplan Helse – oppfølging av verneklasse 2 ................................................... 54   Samhandling med Sjukehusapoteka Vest HF ..................................................................... 55   Samhandling med Helse Vest IKT og utvikling av IKT/Teknologiområdet ..... 56   5.11

  Prosjekt og porteføljestyring ................................................................................................ 57   Andre styringskrav .................................................................................................................................. 57   6.1

6.2

    Rapportering til Norsk pasientregister ................................................................................ 57   System for innføring av ny teknologi og nye metodar i spesialisthelsetenesta. . 58   6.3

  Kjøp av helsetenester ................................................................................................................... 58   Analyse og styringsinformasjon .......................................................................................................... 58   7.1

  7.2

  Forvaltning av organisasjonsstruktur .................................................................................. 58   Kvalitet i styringsinformasjonssystemet ............................................................................. 59   7.3

  Gjennomføring av KPP‐pilot ...................................................................................................... 59   Plandokument ............................................................................................................................................ 60   8.1

  8.2

  Utviklingstrendar og rammer ................................................................................................... 60   Strategiar og planar i helseføretaket ..................................................................................... 63   1

1 Innleiing 1.1

Visjon, verksemdsidé og verdigrunnlag

Strategidokumentet «Helse 2020» viser kva visjon, verksemdsidé og verdigrunnlag Helse Vest legg til grunn for helsetenestetilbodet til befolkninga i regionen. Helse Fonna HF har med bakgrunn i målformuleringane i «Helse 2020» utarbeidd ein lokal strategiplan for føretaket. Strategiplanen for Helse Fonna 2009–2013 beskriv verksemdsidé, prioritering og målformulering, og har vore førande for kva Helse Fonna har prioritert i perioden. Følgjande mål er lagde til grunn for verksemda: o Trygge og nære helsetenester o o Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk Framtidsretta kompetanseorganisasjon Helse Fonna skal gje trygge og nære helsetenester til befolkninga innan dei vanlegaste lidingane. Pasientgrupper og område som har hatt særskild prioritet i perioden 2009–2013: o Psykisk sjuke og rusmiddelavhengige o o o Spesialisthelsetenester til eldre Habilitering og rehabilitering Prehospitale tenester Med grunnlag i visjon, verdiar og mål viser planen følgjande område føretaket bør ha særleg fokus på fram mot år 2020: o Styrkje samarbeidet med primærhelsetenesta o o Utvikle vidare samarbeid på tvers av einingar og sjukehus Arbeide for auka grad av involvering av fagmiljø i avgjersle og utviklings- og endringsprosessar, med særleg fokus på legar o Sikre heilskapleg behandling og føreseielege pasientforløp Desse fokusområda er viktige føresetnader for å lukkast med det vidare forbetringsarbeidet i helseføretaket. Administrasjonen rapporterer regelmessig til styret i Helse Fonna HF om framdrift på planen. Helse Fonna har i 2013 ført vidare forbetringsarbeidet innan klinikk for psykisk helsevern. I prosessen er det lagt vekt på involvering av tilsette i klinikken, primærhelsetenesta, kommunane i nærområdet, samt pasient-/brukarrepresentantar. Resultatet av dette forbetringsarbeidet er nedfelt i ein samla og heilskapleg plan for psykisk helsevern i Helse Fonna. Plan for psykisk helsevern 2012–2020 Helse Fonna HF blei vedteken av styret i Helse Fonna HF i november 2012 og legg føringar for korleis føretaket skal vidareutvikle fagleg gode, tilgjengelege, likeverdige og effektive tenester i eit berekraftige fagmiljø. Planen byggjer på nasjonale helsepolitiske mål og føringar, Helse 2020, regional plan for psykisk helse, samt strategiplan Helse Fonna HF 2009–2013. Ny strategi for føretaket er godkjend i styremøte 27.11.13. Visjonen i den nye strategien, som skal gjelde frå 2014, er: «Vi skal fremme helse og livskvalitet.» Verdiane er: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg. Måla 2

er dei same som i gjeldane strategi. Visjon, verdiar og mål er felles for alle helseføretaka i Helse Vest. Strategien som er vedteken å gjelde frå 2014, peikar på kva dei overordna måla   frå Helse 2020 betyr for Helse Fonna.

1.2

Helse 2020

Gjennom arbeidet med å implementere Plan somatikk har føretaket nytta strategidokumentet Helse 2020. Helse 2020 er lagt til grunn som eit førande dokument i alle planprosessar i føretaket, som til dømes i arbeidet med Plan for psykisk helsevern 2012–2020 i Helse Fonna HF, og i arbeidet med ny strategi for føretaket. Føretaket har delteke i arbeidet med Plan for kirurgi i Helse Vest, som blei vedteken av styret i Helse Vest RHF i mars 2013.

2 Hovudområde for styring og oppfølging i 2013

Samhandlingsreforma Helse Fonna har i 2013 gjennomgått og revidert overordna samarbeidsavtale og elleve tenesteavtalar saman med kommunane i opptaksområdet. I tillegg er det inngått særavtale med tre kommunar om følgjeteneste for gravide, og med seks kommunar om etablering av kommunalt ØH-døgntilbod. Implementering og oppfølging av avtalane er gjort i samsvar med handlingsplanen for samhandlingsområdet. Føretaket og kommunane følgjer vedteken struktur for samarbeid med toppleiarforum, samhandlingsutval, felles FoU-eining for samhandling og faglege nettverk. Brukarmedverknad vert sikra gjennom føretaket sitt brukarutval.

Pasienttryggleik Helse Fonna deltek i det regionale og nasjonale arbeidet innanfor pasienttryggleik i alle innsatsområda, og arbeider aktivt med å overføre pasienttryggleikskampanjen til eit linjeleidd program i tråd med regionale og nasjonale føringar. Helse Fonna brukar resultata frå pasientsikkerheitskulturmåling og brukartilfredsundersøking

aktivt i føretaket på fleire nivå. Helse Fonna brukar avviksmeldingar, tilsynssaker og NPE saker til forbetring, gjennom handtering i kvalitetsutvalet og diskusjon i leiargrupper som direktørmøtet og seksjonsleiarforum. Psykisk helsevern og rusproblematikk Klinikk for psykisk helsevern har følgt opp målsetjingane i styringsdokumentet for 2013. Det er gjennomført omstilling innan både VOP-, rus- og BUP-felta med siktemål å vri aktivitet frå døgnbaserte tenester til ambulant og poliklinisk verksemd samt førebyggjande arbeid, i tråd med plan for psykisk helsevern 2012–2020 for Helse Fonna. Hovudføremålet har vore å styrkje dei polikliniske og ambulante tenestene ved DPS og BUP samt å spisse sjukehusfunksjonane. 3

Innan BUP-feltet har ein hatt fokus på å betre den polikliniske behandlingskapasiteten gjennom ulike tiltak. Ved inngangen av året hadde ein meir enn 50 fristbrot per månad. Per september 2013 er det ingen fristbrot innan BUP-feltet. Behandlingskapasiteten er auka gjennom betre pasientflyt og rekruttering av spesialistar. Psykose- og rusbehandling på sjukehusnivå innan VOP er blitt funksjonsfordelt mellom Valen sjukehus og Haugesund sjukehus. Målet har vore å sikre levedyktige fagmiljø og utvikle tenestene til desse pasientgruppene vidare. Det er etablert ein ROP-post ved Haugesund sjukehus, og ein er i prosess på å søkje om godkjenning som utdanningsinstitusjon innan den nye spesialiteten rusmedisin. Vidare har ein saman med somatiske avdelingar i Helse Fonna sett i gang arbeidet med å etablere eit familieambulatorium, der målet er oppfølging og koordinering av helsetenester til barn av rusmiddelavhengige fram til dei er seks år. Det er òg starta opp eit arbeid for å kartleggje og følgje opp pasientar med rusproblem som er innlagde i somatiske avdelingar. Det har vore eit tett samarbeid med Haugaland A senter som er privat aktør innan rusbehandling. Resultatet av satsinga innan rusfeltet er at utgifter til gjestepasientar innan dette fagfeltet har gått monaleg ned. Klinikken har hatt eit auka fokus på å førebyggje psykiske lidingar gjennom å etablere og vidareutvikle akutt ambulante team ved DPS, samt forskingsprosjekt innan psykosefeltet og førebygging av sjølvmord. Nemnde forskingsprosjekt er eit samarbeid med Helse Stavanger. Psykisk helsevern er innarbeidd i eksisterande samhandlingsavtalar med kommunane. Ved DPS har det vore eit særskilt fokus i høve til å følgje opp intensjonane i samhandlingsreforma gjennom å etablere samhandlingsprosjekt med kommunane.

Ventetider og fristbrot Føretaket har i tråd med overordna helsefaglege styringskrav hatt særleg fokus på ventetider, fristbrot og prioritering. Talet på fristbrot for behandla pasientar har svinga mellom to og seks prosent i 2013 og er i november 2013 fire prosent for behandla pasientar. Helse Fonna har hatt stor merksemd på fristbrot gjennom året og sett i verk ulike tiltak som kveldspoliklinikkar, rydding av lister, innkalling av pasientar som står i fare for fristbrot og fokus på ventetid og fristbrot, i dei månadlege rapporteringsmøta på første, andre og tredje leiarnivå. Føretaket har ved regelmessig gjennomgang av ventetider, fristbrot og prioritering aktivt nytta styringsinformasjon i helsefagkuben. Føretaket har òg nytta den informasjonen som har kome frå Helse Vest kvar veke om utviklinga i fristbrot til å setje inn tiltak der problemet er størst. Rutinane som er beskrivne i notat om ventetider, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12), er gjort kjende i organisasjonen og har vore til hjelp i arbeidet med å unngå fristbrot. Føretaket har som mål for 2013 å nå målkrava i styringsdoukumentet.

Økonomi Det har i 2013 vore ei positiv resultatutvikling i Helse Fonna. Prognosen for 2013 førespeglar eit resultat på 34 millionar kroner, likt med budsjettet. 4

• • • •

IKT Helse Fonna har innført talegjenkjenning innan somatikk med godt resultat. Løysinga er under innføring på patologisk seksjon. Føretaket deltek med ressursinnsats i ulike regionale program og prosjekt, som EPJ Konsolidering, Kule og «Alle møter».

I tillegg har Helse Vest RHF bede helseføretaka retta særskild merksemd mot dei tiltaka som helse- og omsorgsministeren har peika på i talen sin til sjukehusa 30. januar 2013. Tiltaka, som alle er utforma for å gje pasientane eit betre tilbod, er som følgjer: • Lengre opningstid ved sjukehusa Arbeide for ein heiltidskultur og redusert bruk av deltid Betre oppgåvedeling mellom dei som arbeider ved sjukehusa Avvikle systemet med kvotefordeling av legestillingar • • • • • • Fjerne unødig rapportering Raskare diagnostisering ved alvorleg sjukdom Forsking, innovasjon og utprøving av ny teknologi Betre metodar for prioritering i sjukehusa Sterkare samordning på tvers av regionane Betre leiing ved norske sjukehus

Helse Fonna har hatt merksemd på tiltaka som helse- og omsorgsministeren peika på i januar 2013, og har mellom anna nytta signala i arbeidet med ny strategi, i gjennomgang av leiarstrukturen og klinikkstrukturen i føretaket, i arbeidet med «Alle møter», betre oppgåvedeling, prioritering og samordning mellom sjukehusa og i regionen. Føretaket har fokus på heiltidskultur for alle medarbeidarar.

3 Helsefaglege styringsmål

Særleg fokuserte helsefaglege område i 2013 har vore fristbrot, ventetider/langtidsventande og korridorpasientar. Å redusere ventetider til under 65 dagar i gjennomsnitt for alle pasientar og alle fagområde har vore eit mål over tid. Det skal ikkje vere fristbrot, og heller ikkje korridorpasientar. Andre emne som har hatt ekstra merksemd dette året: o pasientrettar – der det mellom anna har vore ekstra påminning om at o o o prioriteringsforskrifta skal følgjast overordna føringar for normtal for diagnostikk og start av behandling for kreftpasientar utviklingsarbeid innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialistert behandling av rusmiddelavhengige arbeid med kvalitetsforbetring og å redusere tal på uønskte hendingar og pasientskadar – særleg gjennom aktiv deltaking og oppfølging i pasienttryggleikskampanjen. 5

3.1

Aktivitet

Mål 2013:  Budsjettert aktivitet er i tråd med bestillinga. Helse Fonna HF har innretta aktiviteten i føretaket til bestillinga frå eigar og budsjettert i tråd med styringsdokumentet.  Det øyremerkte tilskotet til helse- og rehabiliteringstenester for sjukemelde innanfor prosjektet «Raskare tilbake» kjem i tillegg til, og ikkje i staden for, dei kostnadene som blir finansierte gjennom basisløyvinga. Det er ønskjeleg at føretaka vidarefører etablert aktivitet på 2012-nivå. Ny aktivitet kan etablerast, men må vere innanfor områda tverrfagleg behandling av muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar / rusbehandling og ortopedisk kirurgi med kort rekonvalesenstid. Økonomisk støtte til prosjektkoordinator blir vidareført. Toppfinansiering av tiltak kan søkjast der ordinær prosjektfinansiering ikkje er tilstrekkeleg. Helse Fonna har for 2013 budsjettert ordninga «Raskare tilbake» (RT) på same nivå som budsjettert i 2012; det vil seie ei forventa inntekt på 10 millionar kroner. Dette målet vart ikkje nådd dei to førre åra, og vil heller ikkje bli nådd i 2013. Budsjettert mål er dermed høgare enn bestillinga, som seier «etablert aktivitet på 2012-nivå». Helse Fonna ligg 11 % etter 2012-nivået pr. oktober, med ein reduksjon i inntektene frå 3,683 millionar kroner i 2012 til 3,275 millionar kroner i 2013. Dei aller fleste av desse pasientane blir behandla innan frist. Dei kjem ikkje i staden for andre pasientar, men får time innimellom, eller der andre pasientar melder fråfall. Det er RT- pasientar innan fleire fagområde, men flest innan ortopedi, rehabilitering / fysikalsk medisin og psykisk helsevern. Det er gjennomført møte med klinikkar og seksjonar der ein meiner at det er potensial for fleire RT-pasientar. Trass i desse møta er ikkje målsetjinga for RT nådd. Det er ikkje etablert eigne RT-kveldspoliklinikkar. Føretaket meiner det er mogleg å organisere tilbod til denne pasientgruppa utan at det går ut over andre pasientar. Avtale med RT-prosjektkoordinator er vidareført for 2014. Informasjons- og møteverksemd retta mot avdelingar og einingar vil halde fram.  Har avklaringseiningar med adekvat medisinsk kompetanse og tverrfagleg tilnærming, der også kompetanse frå NAV er involvert. Føretaket har fleire tverrfaglege avklaringseiningar, men ingen som er spesielt knytte til «Raskare tilbake».  Samarbeider med NAV og kommunehelsetenesta, inkludert fastlegane, om kartlegging av behov som grunnlag for tenestene innanfor ”Raskare tilbake”. Helse Fonna har i 2013 lagt ut på internettsida si oppdatert og lett tilgjengeleg info om RT ordninga. Dette er det informert om i Praksisnytt. Det er gjeve info om RT-ordninga i Praksisnytt tre gonger i 2013. 6

Styringsparametrar (tal er rapportert til Helse Vest RHF månadleg):  Tal på produserte DRG-poeng.

Helse Fonna HF har pr. oktober 2013 produsert 30.790 poeng mot budsjett 30.578 DRG poeng. Føretaket ligg noko føre budsjett, og det er venta tilsvarande avvik i forhold til budsjettet på 36.739 DRG-poeng ved slutten av året.  Refunderte polikliniske inntekter. Helse Fonna HF har pr. oktober 2013 hatt 100.388 konsultasjonar innan somatikk (ekskl. raskare tilbake, utlendingar og gjestepasientar) mot planlagt 100.030. Føretaket har dermed gjennomført 358 fleire konsultasjonar enn planlagt. Det er venta mindre avvik dei siste månadene, og føretaket har som mål å levere i forhold til budsjett på 120.663 polikliniske konsultasjonar. Helse Fonna har pr. oktober 2013 fått refunderte polikliniske inntekter på 48,029 millionar kroner mot eit budsjett på 45,569 millionar kroner. Det er venta mindre avvik dei siste månadene, og føretaket har som mål å oppnå som eit minimum dei budsjetterte inntektene på 55,501 millionar kroner.

3.2

Satsingsområde 2013 3.2.1

Tilgjengelegheit og brukarorientering

Mål 2013:  Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta er under 65 dagar. Helseføretaka legg til grunn notat om ventetider og fristbrot, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12), i arbeidet med desse saksområda. Føretaket har merksemd på ventetid for behandling og rapporterer regelmessig ventetid til styret og eigar. Ventetid er òg tema på månadlege rapporteringsmøte mellom seksjons- og klinikkleiinga, og i rapporteringsmøta mellom klinikkleiinga og administrerande direktør. Notat om ventetider og fristbrot, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12), er gjort kjent i organisasjonen og lagt til grunn i arbeidet med desse saksområda. Klinikk for psykisk helsevern: Rekruttering til ledige stillingar har gjeve resultat i forhold til kortare ventetider og reduksjon i fristbrot. Innan BUP-feltet har utviklinga vore særskilt gledeleg med ingen fristbrot i august og september månad. Trenden ser ut til å halde seg. Endringar i personalsituasjonen kan gje fristbrot framover. Det er sett i verk organisatoriske endringar som vil sikre ei meir stabil behandlardekning og meir effektive pasientforløp. Innan VOP er det sett i verk tiltak for å fjerne fristbrot. Fristbrot her er særleg knytte opp til poliklinikk psykisk utviklingshemma ved sjukehuset i Haugesund. Det er sett i verk tiltak som overføring av personalressursar frå andre einingar samt tilrettelegging for heimekontor. Kirurgisk klinikk: Klinikken har etablert samarbeid mellom sjukehusa i føretaket for betre koordinering av pasientane og utnytting av kapasitet, spesielt innan fagområda generell kirurgi, gynekologi og ortopedi. Det har vore etablert ekstra poliklinikkdagar innan brystdiagnostikk og behandling, generell kirurgi, overvektskirurgi, ortopedi, som ledd i tiltak for å redusere fristbrot og 7

ventetid. Det er òg etablert ambuleringsordningar innan ortopedi og auge til Odda for å gje pasientar i føretaket eit betre tilbod. Klinikken har òg vidaretilvist pasientar med behov for behandling av brokk til anna føretak i regionen (Haraldsplass sjukehus) for å hindre fristbrot. Klinikken har etablert fagleg råd, eit forum der alle fagområda er representerte og kan diskutere utfordringar og jobbe tverrfagleg i samband med optimalisering av ressursar og kapasitet. Det er etablert rutinar for hyppig gjennomgang av ventelister og fristbrot. Rydding skjer kontinuerleg. Kirurgisk klinikk har hatt stort fokus på pasientar med lang ventetid (over eitt år). I januar var det registrert 142 pasientar (kirurgi) med over 12 månader ventetid, medan talet i september var 33. Også innan ortopedi har føretaket ein nedgang. Medisinsk klinikk: Gjennomsnittleg ventetid ved fleire av dei medisinske poliklinikkane overstig 65 dagar. Dette gjeld blant anna kardiologisk poliklinikk, medisinsk poliklinikk samt gastroenterologisk poliklinikk. Årsaka er i hovudsak ei auka mengd tilvisingar. Nytilvisingar er høgt prioriterte, ventetida aukar for kontrollar. Ved lungepoliklinikken og nevrologisk poliklinikk er gjennomsnittleg ventetid under 65 dagar. Korrigerande tiltak er sette i verk, som til dømes: o gjennomgang og bruk av rett kompetansemiks o o o o overføring av kontrollar så raskt som mogleg til ansvarleg fastlege oppgåvefordeling i poliklinikken oppfølging av legeplanar større merksemd på vurdering og handsaming av tilvisingar Medisinsk service klinikk: Føretaket har i 2013 hatt særleg merksemd på at mottak og skanning av tilvisingar skjer raskt. Det er sett inn tiltak for å få betre flyt, og for å sikre at personellressurs er i samsvar med arbeidsmengd. Status ved utgangen av året er at alle tilvisingar blir skanna innan 48 timar. Rundskriv frå Helsedirektoratet av 27. juni 2012 om tilvising til radiologiske einingar og vurdering av rett til nødvendig helsehjelp er gjort kjent.  Alle medarbeidarar som vurderer elektive tilvisingar, skal ha gjennomgått e-læringskurs i dette emnet og bestått kursprøve. Ved utgangen av oktober har totalt 93 tilsette i føretaket gjennomført e-læringskurset «Prioritering i spesialisthelsetjenesten» og bestått kursprøven. Kurset er obligatorisk for alle legar som vurderer tilvisingar, men ikkje alle har gjennomført. Ein tek sikte på å nå målet om at alle medarbeidarar som vurderer elektive tilvisingar, skal ha gjennomgått e-læringskurset før årsslutt. Klinikk for psykisk helsevern: Dei fleste legar/psykologar i klinikk for psykisk helsevern har teke kurset. Dei som ikkje har gjort dette pr. 01.11.13, skal ha gjort det innan 01.12.13. Om ikkje, vil dei miste retten til å vurdere tilvisingar. Dei nasjonale prioriteringsrettleiarane vert følgde og distribuerte til særleg ansvarlege for aktuelle fagfelt når det kjem nye. Alle er gjort lett tilgjengelege på Helse Fonna sitt intranett og Helsebiblioteket. I klinikk for psykisk helsevern er det felles vurderingsmøte innan TSB for å bidra til lik vurdering samt felles inntak i BUP. 8

Kirurgisk klinikk: Klinikken har månadleg oppfølging med rapport frå læringsportalen med oversikt over gjennomførte og beståtte kursprøvar i «Prioritering i spesialistehelsetjenesten». Det er lokal oppfølging i linja. I nokre seksjonar har alle legar som vurderer tilvisingar, gjennomført og bestått e-læringskurset, medan andre ikkje har klart målet. Kirurgisk klinikk tek sikte på å nå målet innan årsslutt. Medisinsk klinikk: Om lag 40 % av legane som vurderer tilvisingar, har gjennomført kurset. Påminning om krav til gjennomføring av kurs er send ut, og seksjonsleiar følgjer tett opp.    Resultat frå pasienterfaringsundersøkingar er offentleggjorde på nettsidene til helseføretaka, og aktivt følgde opp. Resultata frå pasienterfaringsundersøkinga (PasOpp 2012) blei offentleggjorde i november 2013 både på føretaket si intra- og internettside. Resultata er gjennomgått i direktørmøtet og lagde fram for styret i Helse Fonna HF 27.11.13.  Pasientar som skal igjennom omfattande utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, har fått utarbeidd behandlingsplan. Planen skal dokumenterast i journal og beskrive planlagt pasientforløp med tentative tidspunkt for dei ulike delane av forløpet. Planen skal vere eit arbeidsdokument for pasientar og behandlarar, og skal bli revidert ved behov. Retningslinjer som beskrivne, bl.a. om dokumentasjon av plan for kreftutgreiing i skriv frå Helse Vest (behandla i direktørmøtet 5. november 2012), er distribuerte til klinikkane for oppfølging. Ved tilfeldige kontrollar kan det ikkje dokumenterast at det ligg føre journalnotat om vurdering av tilvising med klar plan for vidare pasientforløp inkl. tidspunkt for framdrift for alle pasientar. Klinikk for psykisk helsevern: Det er varierande bruk av behandlingsplanar i klinikk for psykisk helsevern. For å sikre at det vert utarbeidd eigen behandlingsplan vil ein setje i verk informasjonsarbeid retta mot alle behandlarar, med oppfølging av linjeleiing. Eigne malar i DIPS er under utarbeiding. Det vert lagt opp til eiga rapportering. I overordna handlingsplan for akutt-kjeda er det lagt opp til at alle pasientar skal ha behandlingsplan som skisserer utgreiing og behandling. Kirurgisk klinikk: Det er utarbeidd gode sjukepleie-behandlingsplanar som pasienten får. Evaluering av behandlingsplan i pasientforløpet er eit forbetringsområde, særleg i det tverrfaglege arbeidet. Pasientar med kreftdiagnose er gjennom kreftkoordinator sikra planar for behandlingsforløp. Dette gjeld krefttypar som mage-tarm-kreft, brystkreft, øyre-nase-hals-kreft og gynekologiske krefttilfelle. Medisinsk klinikk: Klinikken har utarbeidd plan for pasientar med mistanke om kreft (lungekreft /maligne blodsjukdommar) i høve innlegging/røntgenundersøking med eventuell biopsi og bronkoskopi. For pasientar som ikkje har maligne sjukdommar, men har behov for ei meir omfattande utgreiing, vert det utarbeidd plan ved poliklinikk, då det som regel krev involvering og samarbeid med andre klinikkar. Tidsperspektivet blir meir tentativt for denne 9

pasientgruppa. Mange pasientar med potensialt alvorlege tilstandar, vert tilviste til SUS eller HUS for vidare vurdering og utgreiing til behandling. Transplantasjonspasientar blir tilvist til OUS.  Det er sett i verk tiltak for å gjere informasjonen til pasientar og pårørande om fritt sjukehusval god og forståeleg. På Helse Fonna si nettside, www.helse-fonna.no , er det lagt godt synleg lenke til www.frittsykehusvalg.no , der det er lett å finne fram til kor lange ventetider det er ved dei einskilde sjukehusa i Noreg, og informasjon om korleis ein skal gå fram for å nytte tilbodet. Skriftleg informasjon til den enkelte pasient blir gjeve i svarbrev etter vurdering av tilvising. I tillegg vil Helse Fonna ha blikk på dette når Helsedirektoratet sender ut forslaga sine til brevmalar og ber om høyringssvar hausten 2013. Vi vil også følgje opp «Alle møter» prosjektet sin ambisjon om å betre og forenkle språket i brevmalane i Helse Vest.

 Brukarane er involverte i planlegging og gjennomføring av pasienttryggleikskampanjen. Brukarmedverking er sikra ved det regionale samarbeidet i pasienttryggleiksprogrammet. Føretaket har informert og fått innspel frå eigne brukarrepresentantar i føretaket sitt kvalitetsutval. Dessutan er det blitt informert om pasienttryggleikskampanjen i føretaket sitt brukarutval.  Elektronisk verktøy 1 for undersøking av pasienterfaringar på lokalt nivå er teke i bruk. Føretaket gjennomfører ikkje regelmessige eigne brukarundersøkingar, men deltek i nasjonale undersøkingar som til dømes «PasOpp». 

Veileder om kommunikasjon via tolk

2 blir nytta som ledd i arbeidet med å sikre likeverdige og forsvarlege helsetenester til innvandrarar, asylsøkjarar og flyktningar. Informasjon om rettleiaren er tidlegare gjort kjend i organisasjonen, mellom anna på Helse Fonna sitt intranett. Rettleiaren er likevel ikkje godt nok kjend i føretaket. Enkelte einingar opplyser at dei nyttar denne rettleiaren, medan andre nyttar andre rettleiarar, gjerne frå tolkeleverandøren. «Veileder om kommunikasjon via tolk» er på nytt publisert på Helse Fonna sitt intranett og send ut i organisasjonen saman med informasjon om korleis han skal nyttast. Styringsparametrar (RHF nyttar helseføretaka, Helsedirektoratet og NPR som datakjelder):  Gjennomsnittleg ventetid for behandla pasientar i spesialisthelsetenesta (mål: under 65 dagar). Gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar – alle fagområde og alle omsorgsnivå – der helsehjelpa har starta i perioden, var i oktober 2013 72 dagar, som er to dagar kortare enn same tidspunkt i 2012. Lengst ventetid var det ved utgangen av september med 81 dagar, kortast i juli med 62. I fire av ti månader i 2013 har gjennomsnittleg ventetid vore på måltal – 65 dagar eller under 65 dagar. 1 Elektronisk verktøy er utvikla i regi av Kvalitetssatsinga i Helse Vest i samarbeid med Kunnskapssenteret. 2 Sjå også e-læringskurset «Kommunikasjon via tolk i helsetjenesten» i Helse Vest sin Læringsportal. 10

Ventetida har for pasientar med rett til prioritert helsehjelp variert mellom 51 (juli) og 65 (april) dagar – elles er kurva her også temmeleg flat totalt sett gjennom året fram til og med oktober, då gjennomsnittleg ventetid er 61 dagar. For pasientar med rett til helsehjelp varierer ventetida mellom 75 (januar) og 113 (september). Ved utgangen av oktober er gjennomsnittleg ventetid 95 dagar. Klinikk for psykisk helsevern: Snitt ventetid for behandla pasientar i klinikk for psykisk helsevern er under 65 dagar. Ved utgangen av oktober er gjennomsnittleg ventetid 51 dagar ( BUP: 57, VOP: 50 og TSB: 43).

Kirurgisk klinikk: Snitt ventetid for pasientar i kirurgisk klinikk der helsehjelp er starta i perioden, var for oktober 77 dagar. Satsing på langtidsventande har auka snitt ventetid for kirurgiske pasientar dette året. Ventetida for pasientar med rett til prioritert helsehjelp med behandlingsstart i perioden er 65 dagar; 110 dagar for pasientar med rett til helsehjelp. Endra bruk av sekretærressursar etter implementering av talegjenkjenning har gjort klinikken i stand til å jobbe meir systematisk med fristbrot og ventetid ved gjennomgang av rapportar i DIPS kvar veke. Pasientforløp for kirurgi mot sjukleg overvekt er endra, dette har vore med på å redusere fare for fristbrot. Medisinsk klinikk: Gjennomsnittleg ventetid ved fleire av dei medisinske poliklinikkane overstig 65 dagar. Dette gjeld blant anna kardiologisk poliklinikk, medisinsk poliklinikk samt gastroenterologisk poliklinikk. Dette skriv seg i hovudsak frå ein vesentleg auke i mengd tilvisingar. Nye tilvisingar er prioriterte høgt, og derfor aukar ventetidene for kontrollar. Ved lungepoliklinikk, poliklinikk Odda og nevrologisk poliklinikk er gjennomsnittleg ventetid under 65 dagar. Medisinsk service klinikk: Kapasitet innan radiologi, patologi og laboratoriemedisin vert følgd tett for å sikre at det ikkje oppstår flaskehalsar. Føretaket har låge ventetider og svartider samanlikna med andre føretak, unnatak er mammografi, der ventetida er lang. Avtalen om direkte tilvising frå føretaket sine poliklinikkar til privat røntgeninstitutt vert nytta fullt ut og har avlasta føretaket sine radiologar. Ventetidene for MR og CT er betydeleg reduserte dei siste to åra på grunn av denne avtalen.  Prosentdel ventetider som er oppdaterte siste fire veker på nettsida fritt sjukehusval (mål: 100 %). For første tertial 2013 var alle ventetidene for psykisk helsevern i Helse Fonna oppdaterte, og 99,5 % var oppdaterte for somatikken. I andre tertial er alle ventetidene oppdatert for alle fagfelt. Ventetider innan radiologi frå alle tre sjukehusa blir rapportert månadleg til nettsida for fritt sjukehusval.  Prosentdel fristbrot for rettspasientar (mål: 0 %). Talet på fristbrot for behandla pasientar har svinga mellom to og seks prosent i 2013, og er i november 2013 fire prosent. Det er betring frå tidlegare år – og meir stabilt enn før – men likevel eit stykke att før målet om ingen fristbrot er nådd. Notat om ventetider og fristbrot, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12), er lagt til grunn i arbeidet med desse saksområda. 11

Klinikk for psykisk helsevern: Rekruttering inn i ledige stillingar har gjeve resultat i forhold til kortare ventetider og reduksjon i fristbrot. Innan BUP-feltet har utviklinga vore særskilt gledeleg med ingen fristbrot i august og september månad. Trenden ser ut til å halde seg. Endringar i personalsituasjonen kan gje fristbrot framover. Det er sett i verk organisatoriske endringar som vil sikre ei meir stabil behandlardekning og meir effektive pasientforløp. Innan VOP er det sett i verk tiltak for å fjerne fristbrot. Fristbrot her er særleg knytte opp til poliklinikk psykisk utviklingshemma ved sjukehuset i Haugesund. Det er sett i verk tiltak som overføring av personalressursar frå andre einingar samt tilrettelegging for heimekontor. Kirurgisk klinikk: Målsetjinga om ingen fristbrot er nådd innan fagområda øyre-nase-hals, auge- og kvinnesjukdommar. Rutinar for hyppig gjennomgang av ventelister og fristbrot er etablert. Det er sett i gang arbeid med kapasitetsutnytting mellom sjukehusa i føretaket, som for eksempel å overføre behandling av åreknutar til Odda sjukehus. Det har vore spesielle utfordringar med fristbrot innan generell kirurgi og urologi. Etter at den private avtalen med Curato blei sagt opp av Helse Vest i fjor, har talet på tilvisingar innan fagområdet bryst- og endokrinkirurgi blitt tredobla til føretaket. Det har vore ei utfordring med det radiologiske tilbodet, og nokre pasientar har fått fristbrot. Hausten 2013 er talet på fristbrot redusert. Urologiske pasientar opplevde brot på behandlingsfrist i sommar. Ein gjennomgang av prioriteringsrettleiar og ekstra innsats på poliklinikk og operasjonsstove har fjerna fristbrot. Ortopedisk seksjon har jobba med rett praksis for handsaming av tilvisingar, det har gjeve resultat i talet på fristbrot i Haugesund. Ved kirurgisk seksjon på Stord har vi no sett i gang med same tiltak. Medisinsk klinikk: Klinikken har høg grad av måloppnåing. Dette har vore eit systematisk arbeid sidan 2008, og ei rekkje tiltak er sette i verk. Leiarar i alle ledd følgjer tett opp utviklinga. Det er berre innan den nyetablerte smertepoliklinikken i Odda, samt ved nevrofysiologisk laboratorium, at det er reelle fristbrot. Innan dei andre fagseksjonane har ein no berre einskilde fristbrot, og oftast skuldast dette feilføring eller uventa fråvær. Tiltak det har vore arbeidd systematisk med dei siste åra: Vurdering av tilvisingar o o Overlege vurderer nytilvisingar fortløpande i DIPS Overlege får øyremerkt tid i programmet ved poliklinikken, for å vurdere tilvisingar o Lister over dei som har mange tilvisingar liggjande ubehandla, blir kvar veke gjennomgått og følgde opp o Kontinuerleg fokus på ryddige ventelister og retting av desse Tilstrekkelege legeressursar o o o o o Føreseielege årsplanar for alle legar Samarbeid over sjukehusegrensene – utnytta totalkapasitet innan dei ulike fagområda Gjennomgang og rekruttering innan utsette fagområde Effektivisere legevisitten og frigjere ressursar til poliklinikk Kritisk vurdering av kva for kontrollar som kan takast av primærlegane – Større o o o kapasitet til nytilviste Gjennomgang av prioriteringsrettleiar og samkøyring Kveldspoliklinikk Omstilling Odda for å sikre meir ressursar til smertepoliklinikk 12

o Evaluering av avtale med SUS med omsyn til nevrofysiologiske tenester Rutinar og regelverk er kjende for alle aktuelle tilsette o Systematisk opplæring til merkantilt personell og legar o Gjennomgang av ventelister kvar veke / dagleg God kjennskap til og bruk av rapportar i DIPS o Kvalitetssikring av nye rutinar o o Særskild overvaking av ventelister i innføringsperioden Tema på månadlege rapporteringsmøte med klinikkdirektør  Brukarerfaringar for inneliggjande pasientar som får behandling i somatiske sjukehus. Føretaket har som tidlegare år vidareformidla spørjeskjema til brukarundersøking (PasOpp) frå Nasjonalt kunnskapssenter. Hausten 2013 vart resultat frå 2012 publiserte. Resultatet viser at pasientar i føretaket har høg tillit til pleiepersonalet og legane sin faglege dyktigheit, og at dei opplever at personalet har vist omsorg for dei. Gjennom strategidokumentet i føretaket har verdiar som respekt i møte med pasient og fagleg kvalitet vore framheva. Satsing på fagleg kvalitet gjennom tverrfaglege fagdagar er eit av tiltaka klinikkane har gjennomført. Gjennomgang av uønskte hendingar og tilsynssaker er òg eit verkemiddel for å auke kvaliteten på tenesta. Pasientane er mindre nøgde med standard på bygg og utstyr, reinhald og mat i Helse Fonna enn snittet for Noreg. Samarbeidet mellom sjukehus, fastlege og kommune kan bli betre, meiner eit fleirtal av dei spurde brukarane. Innføring av PLO-meldingar i 2013–2014 vil truleg gjere kommunikasjon mellom føretak og kommunar enklare. Mange brukarar er godt nøgde med informasjonen dei får inne på sjukehusa, men etterlyser betre informasjon før heimreise. Det gjeld spesielt informasjon om kva plager dei kan vente etter utskriving, og kva dei sjølv kan gjere ved tilbakefall. Her har føretaket eit forbetringspotensial som det må jobbast med i tida framover.  Brukarerfaringar svangerskap/føde/barsel. Fødeseksjonen ved Haugesund sjukehus gjennomfører i oktober 2013 ei brukarundersøking som ein del av resertifiseringa av «Mor-barn-vennleg sjukehus». I 2013 har fødeseksjonen i Haugesund redusert visittida for besøkjande til barselskvinner. Dette gjeld ikkje for fedrar, som har fått utvida besøksrett. Det er eit mål for seksjonen at foreldre skal bli kjende med det nye barnet i eit rolegare miljø. Brukarundersøkinga i oktober vil vonleg syne om målsetjinga er nådd.

3.2.2

Kvalitetsforbetring

Mål 2012:  Delta i kvalitetssatsinga i Helse Vest, og bidra med fagkompetanse og personellressursar i regionale prosjekt for å betre pasienttryggleik og kvalitet i helsetenestene. Helse Fonna deltek i kvalitetssatsinga i Helse Vest. På førespurnad utnemner Helse Fonna deltakarar til dei ulike prosjekta innan kvalitetssatsinga i Helse Vest. Føretaket er også representert i kvalitetsforum og styringsgruppe, og deltek på den årlege kvalitetskonferansen. 13

Føretaket deltek i dei regionale samarbeidsfora innanfor kvalitetssatsinga innan: o o Læring frå uønskte hendingar Kvalitetsmåling o o o Leiing av endring og kvalitetsforbetring Faglege revisjonar mellom helseføretaka i Helse Vest KULE I tillegg har Helse Fonna følgjande godkjende regionale såkornprosjekt: o o o Legemiddelgjennomgang på sjukehus – eit tiltak for fallførebygging Pasientinstruksjonsfilm ØNH-kirurgi Kompetanseheving og samarbeidsutvikling i startsfasen av smertepoliklinikk ved Odda sjukehus o «Eg har ADHD eg, og det e' heilt greit» Helse Fonna har ei pådrivarrolle i fallførebygging, og er i implementeringsfasen med å etablere struktur og rutinar for dette på alle sjukehusa i føretaket. Arbeidet med forbetring av utgreiing og behandling av hjerneslag er etablert som eit eige prosjekt i Helse Fonna, eit prosjekt som vann den interne kvalitetsprisen i 2013. Prosjektgruppa som er oppretta, er breitt samansett og deltek i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen.  Bidra til at kunnskap frå prosjekta blir overført til ulike einingar i helseføretaket, og at kunnskap frå prosjekta blir implementert i drifta av helseføretaket. Kirurgisk klinikk har delteke i ei evaluering knytt til bruk av «Trygg kirurgi», og klinikken har nytta resultata til forbetringsarbeidet. Bruk av sjekklister er implementert i heile klinikken og gjennomgår fortløpande evaluering og utvikling. «Fallprosjektet» er godt etablert ved Haugesund sjukehus. For å sikre ei brei implementering er det oppretta nettverk ved alle sjukehusa. Arbeidet blir målt på ulike parametrar slik at ein kan evaluere og justere undervegs. Arbeidet med hjerneslag er organisert som eit forbetringsprosjekt med ei overordna styringsgruppe og arbeidsgrupper ved Haugesund sjukehus, Stord sjukehus og Odda sjukehus. Sentrale personar frå prosjektet er med i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen. Screening av underernærte pasientar er ein del av kvalitetssatsinga i Helse Vest, verktøyet er implementert i føretaket.  Helseføretaka har utarbeidd planar for implementering av sterke anbefalingar i relevante nasjonale faglege retningslinjer. Helse Fonna har ikkje utarbeidd overordna planar for sterke anbefalingar i relevante faglege retningslinjer. Sterke anbefalingar i relevante nasjonale faglege retningslinjer blir følgde opp klinikkvis innan tilhøyrande fagområde.  Det er god kvalitet i rapporteringa frå psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling til Norsk pasientregister. Det er gjennomført ei samling 23.04.13 med alle vurderingseiningane innan TSB. Der blei internrevisjonsrapporten frå Helse Vest gjennomgått, og ein tok merknadane til etterretning. Kvalitet på rapportering blir med jamne mellomrom teke opp som tema på TSB-møta. 14

Kontorleiarane i klinikken gjev opplæring i DIPS, slik at behandlarane legg inn / registrerer data korrekt. Tertiale NPR-tilbakemeldingar gjer det mogleg å rette opp feil og manglar i løpet av året. Desse bidreg også til å ha auka fokus på kvar ein ikkje er god nok når det gjeld registrering. Dette vert òg brukt til å gje tilbakemelding/opplæring til behandlarane.  100 % av epikrisane er sende ut innan sju dagar. Helse Fonna har ikkje nådd målet om at alle epikrisar skal vere sende innan sju dagar etter utskrivingsdato. Ved utgangen av oktober 2013 var 82 prosent av alle epikrisar sende innan sju dagar innan psykisk helsevern, og 80 prosent innan dei somatiske klinikkane. Føretaket innførte hausten 2012 og våren 2013 talegjenkjenning i dei somatiske klinikkane. Implementeringa viser ei positiv utvikling i epikristetid. I januar var epikrisetida 74 prosent, og 80 prosent i oktober 2013. Klinikk for psykisk helsevern: Klinikk for psykisk helsevern hadde i oktober ei epikrisetid på 82 prosent. Fleire seksjonar har nådd måltalet på 100 prosent. Merkantilt personell i dei ulike seksjonane tek dagleg ut restanselister og sender påminning til ansvarleg for epikrise. Ein har vore tilbakehalden med å innvilge avspasering/permisjon/ferie før alle epikrisar er skrivne. Kirurgisk klinikk: Frå innføringa av talegjenkjenning i februar og fram til august blei resultata forbetra med 15 prosent, då var epikrisetida på 84 prosent. Resultata for hausten 2013 viser ein nedgang, årsaka kan vere nytilsetjingar og ein del vikarbruk. Klinikken prioriterer talegjenkjenningskurs for nytilsette, men i ein periode før dette er gjennomført, kan epikrisetida påverkast. Nokre seksjonar har oppnådd gode resultat og har god erfaring med rapportkontrollar og oppfølging av legar, som til dømes auge-seksjonar som har 100 prosent epikrisetid. Kontrasignering av epikrisar har vore ein flaskehals. Tiltak er sette i verk for å betre rutinar med kontrasignering og kontinuerleg journalføring. Epikrisetida blir følgd opp månadleg i linja. Medisinsk klinikk: Etter innføringa av talegjenkjenning har medisinsk klinikk fleire seksjonar som jamleg har ei epikrisetid på over 95 prosent. Epikrisetida blir følgd tett opp i linja ved bruk av rapportar på talegjenkjenning, dokument som ikkje er behandla og epikrisetider ut mot den einskilde lege.  Ingen korridorpasientar. Talet for korridorpasientar har betra seg monaleg frå vinteren 2013. I februar var delen på korridorpasientar 5,5 prosent, talet var i oktober 2013 på 1,4 prosent. Tal på korridorpasientar er høgare om vinteren enn om sommaren, men føretaket har òg sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere talet på korridorpasientar. Dei klinikkvise tiltaka blir omtala nedanfor. Dei overordna rutinane ved overbelegg er gjennomgått våren 2013. Kirurgisk klinikk: Som følgje av dei overordna rutinane ved overbelegg har føretaket no ei leiarstyrt fordeling av overbelegg på tvers av seksjonar og klinikkar. Etter innføringa av nye rutinar viser talet på korridorpasientar ein nedgang i klinikken, men òg ein trend på at overbelegget er jamnare 15

fordelt. Målsetjinga om ingen korridorpasientar er ikkje nådd. Klinikken har sett i gang eit arbeid med å redusere liggetid gjennom to planlagde prosjekt: innlegging same dag som operasjon og raskare operasjonar av akutte øyeblikkeleg hjelp-pasientar. Ein del av årsaka til overbelegg har periodevis vore utskrivingsklare pasientar til kommunar. Samhandling med kommunane gjennom rett bruk av avtaleverket vil vere prioritert i tida framover. Vonleg vil varsling og kommunikasjon med kommunane betrast gjennom bruk av PLO-meldingar. Klinikken har vore pilot for bruk av PLO-meldingar til Karmøy og Tysvær kommune. Hausten 2013 og 2014 vil implementeringa halde fram til alle kommunar og alle sengepostar i kirurgisk klinikk. Det er forventa ein reduksjon i talet på korridorpasientar som følgje av PLO-meldingar. Medisinsk klinikk: Medisinsk klinikk har hatt ei positiv utvikling gjennom året. I tillegg til overordna rutinar sette klinikken våren 2013 i verk tre ulike delprosjekt for å redusere talet på korridorpasientar. Tiltaka var blant anna: o Styrkje legekompetanse i akuttmottak o Reindyrke observasjonspost til ordinære øyeblikkeleg hjelp-pasientar og oppretting av medisinsk dagbehandlingseining o Styrkje geriatrisk kompetanse i akuttmottak – direkte pasientflyt til akuttgeriatrisk post, samt hindre innlegging ved ambulant geriatrisk team Nye medisinske pasientar skal som følgje av dette undersøkjast både av erfaren lege og turnuskandidat ved innlegging i akuttmottak. Ein medisinsk lege har fått ansvar for observasjonseininga og dagbehandlingseininga på dagtid.  Faglege revisjonar og benchmarking mellom einingar og over føretaksgrenser blir brukt som metode for å utvikle fag og organisasjon. Helse Fonna deltek i regionale faglege revisjonar, og har meldt inn fagrevisorkandidat til revisjon av diagnostikk og behandling av hjerneslag, som er det prioriterte området i 2013.  Rapporterer data til, og bruker data frå alle nasjonale medisinske kvalitetsregister som er forankra i eige og i andre helseføretak. Helseføretaka skal delta i etableringa av løysingar som gjer det mogleg med elektronisk kommunikasjon mellom eigne avdelingar og dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera. Helse Fonna rapporterer til nasjonale kvalitetsregister, men har ikkje overordna og komplett oversikt over kor godt dette blir gjennomført for alle registera, då det har vore tradisjon for at kommunikasjonen har gått direkte mellom nasjonale systemeigarar og fagpersonar. Føretaket følgjer opp utviklinga av elektroniske løysingar og er innstilte på å bidra ved etterspurnad – og implementere i tråd med utvikling.

 Sikre at data i medisinske kvalitetsregister blir nytta i tråd med formålet og nytta til å forbetre kvaliteten på pasientbehandlinga. Kvalitetsregistera blir brukte internt i seksjonar/fagområde til kontinuerleg kvalitetsforbetring. Kvalitetsutvalet har sett fokus på registera som kjelder til forbetringsarbeid gjennom å invitere kontaktpersonar til møte i utvalet for å leggje fram resultat, og minne linjeleiarar på om å nytte registera i kontinuerleg forbetringsarbeid. 16

Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar Helsedirektoratet og NPR som datakjelder):  30-dagars overleving etter innlegging for lårhalsbrot (datakjelde: Helsedirektoratet) BH. I Helse Fonna er 30-dagars overleving etter innlegging for lårhalsbrot 92,5 prosent. I føretaket blei 87,5 prosent av lårhalsbrota opererte innan 48 timar (tal for 2. kvartal 2013). Føretaket vil jobbe for at talet nærmar seg 100 %. Tiltak for forbetring i 2013 har vore oppretting av ekstrateam 3 dagar i veka. Klinikken er òg involvert i pasientsikkerheitsarbeid gjennom deltaking i fallprosjekt som førebygging av fall blant eldre. Gjennom fagleg råd i klinikken har prioritering av lårhalsbrotpasientar vore teke opp. 2014 vil nyttast til særleg gjennomgang av bruk av operasjonsstovene for å kunne operere pasientane omgåande.  30-dagars overleving etter innlegging for hjarteinfarkt (datakjelde: Helsedirektoratet). Helse Fonna har ei 30-dagars overleving etter innlegging for hjarteinfarkt på 90,3 prosent (2012). Medisinsk klinikk har sett i verk tiltak til forbetring, som til dømes gjennomgang av pasientflyt, prosedyrar og rutinar, implementering av ny kunnskap, utvikling av kompetanse og tydeleggjering av ansvarsdeling.  30-dagars overleving etter innlegging for hjerneslag (datakjelde: Helsedirektoratet). Tala for Helse Fonna var for 2012: Haugesund sjukehus: 86,4 %, Odda sjukehus 86,2 %, Stord sjukehus 85,3 %. Snitt Fonna: 85,96 (2010 = 84,7 2011 = 85,7). I 2013 er det gjennomført eit kvalitetsforbetringsprosjekt der ein har implementert heile hjerneslagspakken ved alle sjukehusa. Tilsyn frå Fylkesmannen i oktober 2013 gav ingen avvik eller merknad ved Haugesund eller Stord sjukehus.  30-dagars risikojustert totaloverleving (datakjelde: Helsedirektoratet). Dei siste tala er frå 2012 (frå Kunnskapssenteret sin rapport frå november 2013): Estimert, risikojustert sannsynlegheit for overleving 30 dagar etter sjukehusinnlegging, uansett årsak, var 94,9 prosent. Landsgjennomsnittet var 94,7 prosent. Ein må vere varsam med å bruke tala til samanlikningar mellom føretak og sjukehus, då ulikskapane i overlevingssannsynlegheit er avhengig av fleire faktorar enn kvaliteten på den medisinske behandlinga. Eksempel på slike faktorar er pasientsamansetnad, funksjonsdeling, inntakspraksis, kodepraksis og datakvalitet. Tala kan dessutan ikkje samanliknast med rapportar frå tidlegare år – sidan metoden for utrekning då var annleis.  Prosentdel epikrisar som er sende ut innan sju dagar (mål: 100 %) (datakjelde NPR). Medisinsk klinikk hadde ei måloppnåing på 83 prosent, kirurgisk klinikk på 75 prosent og klinikk for psykisk helsevern på 82 prosent i oktober 2013.  Prosentdel korridorpasientar ved somatiske sjukehus (mål: 0 %) (datakjelde: Helsedirektoratet). Helse Fonna hadde i oktober ei måloppnåing på 2,9 prosent i kirurgisk klinikk, og 0,4 prosent i medisinsk klinikk. 17

 Registrering av lovgrunnlag for psykisk helsevern for vaksne (mål: 100 %) (datakjelde NPR). Klinikk for psykisk helsevern har ei måloppnåing på 88 prosent. Kontorleiarane i klinikken gjev opplæring i DIPS, slik at behandlarane registrerer data korrekt.

3.2.3

Pasienttryggleik

Mål 2013:  Helseføretaka har på alle sjukehus implementert dei tiltakspakkane i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen «I trygge hender» som er relevante for pasientgruppene dei behandlar, og rapporterer eigne resultat. Føretaket har implementert dei aktuelle tiltakspakkane i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen og gjennomfører no ein overgang frå pasienttryggleikskampanje til eit program med linjeforankring. Ansvaret for dei forskjellige delane av kunnskapssenteret sine nasjonale innsatsområde blir fordelt til klinikkdirektørar og sentrale delar av føretaket sin administrasjon innanfor følgjande område: o Trygg kirurgi. o o o o o o o o Samstemming av legemidlar. Førebygging av trykksår. Førebygging av urinvegsinfeksjonar i samband med bruk av kateter. Førebygging av overdosedødsfall etter utskriving frå institusjon. Behandling av hjerneslag. Førebygging av infeksjonar ved sentralt venekateter. Førebygging av fall i helseinstitusjonar. Førebygging av sjølvmord i akuttpsykiatriske døgnavdelingar. o o o o Leiing av pasientsikkerheit. Pasienttryggleikskulturmålingar. Strukturert journalgjennomgang ved hjelp av Global Trigger Tool. Rapportering skjer nasjonalt ved hjelp av Kunnskapssentret sitt «Extranet».   Helseføretaka bidreg med å utvikle realistiske og formålstenlege mål og tiltak som kan takast inn i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen. Føretaket deltek og er bidragsytar i dei regionale og nasjonale fora og samlingar. Helseføretaka set i verk tiltak for å følgje opp eigne resultat i dei ulike tiltaka i pasienttryggleikskampanjen, inklusive kartlegginga av pasienttryggleikskulturen. Føretaket er i oppstartfasen på å implementere «tavlemøte» på seksjonsnivå for resultatoppfølging ved pasienttryggleikskampanjen sine innsatsområde på seksjonsnivå. Pasienttryggleikskulturmålinga er brukt aktivt i organisasjonen som grunnlag for haldningsarbeid. 18

 Det skal tidleg i 2014 gjerast ei ny måling av pasienttryggleikskulturen. Helseføretaka skal saman med tillitsvalde og vernetenesta førebu denne undersøkinga, slik at resultata kan analyserast på post-/poliklinikknivå 3 . Føretaket deltek i det regionale opplegget i gjennomføringa av den komande målinga i 2014, dette inkluderer involvering av lokale tillitsvalde og verneorganisasjon.  Helseføretaka set i verk tiltak for å følgje opp tilsynsrapportar og eigne meldingar til Kunnskapssenteret. § 3-3-meldingar og andre avviksmeldingar skal regelmessig gjennomgåast i kvalitetsutvalet samt i linjeorganisasjonen på klinikk- og seksjonsnivå.  Helseføretaka legg på eigna måte ut informasjon om melde § 3-3-hendingar resultat frå journalundersøkingar. 4 , og om eigne Helse Fonna starta hausten 2013 opp arbeidet med å etablere prosedyre for publisering av § 3 3-hendingar på www.helse-fonna.no. Etter planen skal Helse Fonna vere klare til å publisere dei første § 3-3-hendingane i løpet av desember 2013.  Helseføretaka har utarbeidd planar for opplæring i bruk av pasientadministrative system. Helse Fonna har i 2013 hatt fokus på kompetansebygging i bruk av DIPS: o E-læringskurs er gjort tilgjengelege. o o Skriftlege prosedyrar for rett bruk/registrering er gjort tilgjengelege på intranettet. Påbygg/repetisjon er gjennomført. Plan for opplæring av nytilsette fungerer ikkje godt nok. Det vart våren 2013 sett ned ei regional gruppe som har laga nye planar for nytilsette i Helse Vest.  Legemiddelliste skal følgje med alle pasientar ut frå sjukehus etter innleggingar. Helse Fonna har som eit mål at alle pasientar får med seg oppdatert legemiddeliste frå sjukehusa ved utskriving. Elektronisk samhandling (som til dømes PLO-meldingar og E resept) vil gjere det lettare å oppdatere og sende informasjonen til primærhelsetenesta og sjukeheimar. Temaet har òg vore eit av fokusområda i pasienttryggleikskampanjen. Klinikk for psykisk helsevern: Ved utskriving blir det skrive eige utskrivingsnotat / midlertidig epikrise som følgjer pasienten. Ein sender også med kopi av kardex. 3 Med post-/poliklinikknivå er det meint behandlingseiningar på teamnivå med rundt 20–30 og opp mot 100 medarbeidarar. 4 Helseinstitusjonar som er omfatta av spesialisthelsetenesteloven, har etter lov § 3-3 ei plikt til å melde om betydeleg personskade på pasient som følgje av helseteneste eller ved at ein pasient skadar ein annan. Det skal også meldast frå om hendingar som kunne ha ført til betydeleg personskade. Meldingane skal frå 1. juli 2012 sendast til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten (Kunnskapssenteret) ved Nasjonal enhet for pasientsikkerhet. 19

Kirurgisk klinikk: Legemiddelliste for pasientar som blir skrivne ut frå sjukehus, er eit fokusområde for klinikken. Pasientar med kommunale tenester blir høgt prioriterte i høve legemiddelliste som følgjer pasienten ved utskriving. I pasienttryggleikskampanjen har legemiddelsamstemming vore eit fokusområde. Kampanjen vil no gå over i drift med vidareføring av fokusområda. Kirurgisk klinikk vil vere aktiv deltakar i arbeidet om rett legemiddelliste. Planen i arbeidet er å sjekke ut kvalitet på epikrise og forbetre opplysningsfeltet som gjeld legemiddel. Klinikken er også positive til innføring av e-resept, og har tru på at dette vil gje ei betre oversikt over brukte legemiddel. Medisinsk klinikk: Som hovudregel får pasientar med seg ei foreløpig eller ferdig epikrise ved utskriving frå dei ulike seksjonane. Denne inneheld aktuell medikamentoversikt ved utreise. Det er sendt inn eit ønske til Helse Vest IKT om endring i dokumentet «foreløpig epikrise» for å gjere det betre rusta til denne bruken. Medikamenthandtering er eit fokusområde for alle faggrupper som handterer medikament.  Endringar i legemiddelbruken blir poengtert og gjort greie for i epikrisane. Endringar i legemiddelbruken blir journalført og gjort greie for i epikrisane.  Sjekkliste for trygg kirurgi blir brukt ved alle relevante operasjonar. Overordna rutine om bruk av trygg kirurgi sjekkliste ved kirurgiske inngrep i føretaket er implementert. Det er stort fokus på rutinen for å førebyggje pasientskadar, byggje varige strukturar for pasienttryggleik, samt heile tida arbeide for å betre pasienttryggleikskulturen i klinikken. Månadlege rapportar om bruk av trygg kirurgi sjekkliste, med oppfølging i linja. Rapporten viser at ved dagkirurgiske inngrep vert ikkje sjekklista nytta etter rutinen, mellom anna tek ikkje teamet «time-out» for presentasjon, og såleis vert ikkje trygg kirurgi haka av i DIPS. Det er sett ned eit utval som skal sjå på utfordringar og løysing. Unntak er også akutte keisarsnitt, der tidsfaktoren er kritisk. Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta som datakjelde):  Prosentdelen sjukehus som har gjennomført journalundersøking etter Global Trigger Tool (GTT)-metoden, i tråd med føringane i pasienttryggleikskampanjen (mål: 100 %). Føretaket gjennomfører GTT-målingar fortløpande . Resultata blir rapporterte årleg. Resultata skal presenterast for styret, leiarar og i brukarutvalet og publiserast på intra- og Internett.  Prevalens av sjukehusinfeksjonar. I meir enn ti år har det vore gjort fire årlege prevalensundersøkingar av sjukehusinfeksjonar. Prevalensen har ikkje endra seg dei siste ti åra og ligg nesten alltid mellom fire og fem prosent. Dette er betre enn landsgjennomsnittet, som vanlegvis ligg mellom fem og seks prosent. Etter kvart har sjukehusa blitt pålagde å gjere kontinuerlege insidensundersøkingar av postoperative sårinfeksjonar etter fleire og fleire operasjonstypar. I 2012 blei det bestemt å redusere prevalensundersøkingane til to gonger årleg. Frå og med 2013 deltek Helse Fonna berre i dei to landsomfattande prevalensundersøkingane. 20

3.2.4

System for innføring av nye metodar og ny teknologi

Mål 2013:  Det er etablert nødvendig kompetanse og metodestøtte for utføring av mini metodevurderingar. Helse Fonna gjennomførte våren 2013 kurs/seminar om mini-metodevurdering. Informasjon om metode samt lenke til Kunnskapssenteret si side om metoden og systemet er lagt ut på intranett. Her er det også tilgang på nødvendig skjema til bruk når metoden skal nyttast.  Mini-metodevurderingar (Mini-HTA 5 ) er lagde til grunn når nye metodar skal takast i bruk i helseføretaka.   Helse Fonna skal leggje Mini-HTA til grunn om nye metodar skal takast i bruk, men det har i 2013 ikkje vore meldt inn ønske om å ta i bruk nye metodar der Mini-HTA har vore nytta i saksutgreiinga.  Helseføretaka bidreg i arbeidet med å etablere og drive dei regionale helseføretaka sitt forum for å prioritere mellom metodevurderingar som er aktuelle for nasjonalt nivå. Arbeidet er eit samarbeid mellom dei regionale helseføretaka, Statens legemiddelverk, Helsedirektoratet og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Helse Fonna bidreg på ev. førespurnad.  Helseføretaka bidreg i det regionale helseføretaket si deltaking i den nasjonale arbeidsgruppa for innføring av ny teknologi i spesialisthelsetenesta. Helse Fonna bidreg på ev. førespurnad. Styringsparametrar:  Talet på gjennomførte mini-metodevurderingar som er sende til Kunnskapssenteret sin database. Helse Fonna har ikkje gjennomført mini-metodevurderingar i 2013.

3.2.5

Samhandlingsreforma

 Mål 2013: Det er utarbeidd planar for desentralisering av spesialisthelsetenester i dialog med kommunane. Utvikling av lærings- og meistringstilbod (LMS) i samarbeid med kommunane har vore eit satsingsområde i 2013. Det er etablert eit fagleg nettverk for tenesta som har kartlagt aktiviteten i regionen, og som skal utforme handlingsplan for oppgåvedeling og utvikling av LMS-tilbod. 5 HTA står for Health Technology Assessment. Det er eit støtteverktøy når ein skal ta avgjerder som gjeld innføring av nye metodar i sjukehus. 21

Føretaket har, saman med praksiskonsulentordninga, diskutert aktuelle område for desentralisering av spesialisthelsetenester.  Helseføretaka samarbeider med kommunane om etablering av døgntilbod om øyeblikkeleg hjelp i kommunane som eit alternativ til sjukehusinnlegging. Helseføretaka har gjort sitt til at nye døgntilbod om øyeblikkeleg hjelp i kommunane har ein kvalitet som reelt sett avlastar sjukehusa. Sjå Helsedirektoratet sin rettleiar om kommunane si plikt til døgntilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Det er inngått særavtalar om kommunalt ØH-døgntilbod med seks kommunar, og det er starta prosess for etablering i ytterlegare to kommunar. Føretaket har vore aktivt med i arbeidsgrupper rundt etablering i alle aktuelle kommunar. Det er etablert og kommunisert rutinar for å sikre rettleiingsplikta med tilgjengeleg rådgjeving heile døgnet. Føretaket har i samarbeid med kommunane og Høgskolen Stord/Haugesund etablert felles FoU-eining for samhandling. Eininga har utvikla og prøvd ut kompetansepakke for personale som skal arbeide i kommunalt ØH-døgntilbod. Tilbodet er godt evaluert og vil bli gjennomført ved alle nye ØH-etableringar. Særavtale mellom Helse Fonna og kommunane gjer greie for indikatorar som skal måle kvalitet i tilbodet. Analysegruppa er knytt til felles FoU-eining og har i oppdrag å følgje utviklinga.  Det er vurdert om desentraliserte spesialisthelsetenester bør samlokaliserast med det nye kommunale tilbodet. Samlokalisering blir vurdert som alternativ i etablering av kommunale ØH-døgntilbod i fleire av sjukehusområda. Arbeidet er kome lengst i samarbeidet mellom Odda sjukehus og dei omliggjande kommunane, der det er utforma eigen avtale som inneber leige av personell, utstyr og lokale

.

 Det er sikra at ordninga med betaling for utskrivingsklare pasientar ikkje har endra vurderinga av når ein pasient er utskrivingsklar. Forskrift for utskrivingsklare pasientar ligg til grunn for samarbeidsavtalen mellom kommunar og føretaket. I føretaket sine rutinar, oppfølging i praksis og opplæring av personell er det lagt vekt på å følgje definisjonen i forskrifta. Den slår fast at medisinsk vurdering skal leggjast til grunn for vurdering om når pasienten er utskrivingsklar.  Det er eit nært samarbeid mellom helseføretaka og Helse Vest RHF om å utvikle tenestetilbodet, i tråd med intensjonen i samhandlingsreforma, jf. regionalt prosjekt. Helse Fonna tek del i dei regionale prosjekta «Prosjekt samhandling» og programmet «Støtte til samhandling». Desse prosjekta har som mål å kvalitetssikre, standardisere, understøtte og vidareutvikle samhandlingsområdet. Deling av erfaring og kompetanse mellom alle samhandlingseiningane i Helse Vest er sentralt i samarbeidet. Nokre sentrale område for samarbeid i 2013 har vore: o Elektronisk meldingsutveksling o o Standardisering og kvalitetssikring i utarbeiding og revisjon av lovpålagde avtalar Avvikshandtering og arbeid med felles avvikskategoriar i Synergi o Etablering og oppfølging av ØH-døgntilbod i kommunane 22

3.2.6

Kreftbehandling

Mål 2013:  Det er gjennomført tiltak for å effektivisere utgreiing og redusere flaskehalsar i forløpa for kreftpasientar. Helse Fonna utgreier ei rekkje krefttilstander innan medisinske fag som til dømes blodkreft, lungekreft og kreft i sentralnervesystemet. Voluma innan kirurgisk kreftbehandling i Helse Fonna er bryst-, tjukk- og endetarmskreft samt hudkreft. Notat om ventetider og fristbrot, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12), er lagt til grunn i arbeidet med desse saksområda. Dei aller fleste pasientar med mistenkt kreft blir tekne hand om innanfor 20 dagarsregelen. Det har i 2013 vore fokus på at mottak og skanning av tilvisingar er i tråd med regionalt notat om skanning innan 24 timar. Per oktober 2013 er føretaket à-jour med dette. Innan utgreiing har mammografi (røntgen av bryst) i periodar hatt for liten kapasitet. Utfordringa er først og fremst tilgjengelege røntgenlegar. Talet på pasientar til denne undersøkinga tredobla seg etter at føretaket tok over for privat røntgeninstitutt hausten 2012. Det er jamleg kveldspoliklinikk, likevel har vi i 2013 hatt fristbrot og brot på 20-dagarsregel på grunn av venting på mammografi. Det er starta prosjekt innføring av talegjenkjenning for patologar og bioingeniørar. Ein har tru på at dette vil frigjere ressursar frå skriving som kan nyttast til betre flyt og effektivitet i mottak og til handsaming av preparat. Koordinatorordninga innan felta gastrokirurgi, brystkirurgi, øyre-nase-hals, lunge, hematologi og nevrologi er godt innarbeidd. Tilvisingar blir vurderte fortløpande, og ventelistene blir følgde opp kontinuerleg. Koordinator følgjer opp forløpa frå tilvising blir motteken og har spesielt fokus på flaskehalsar.  80 % av kreftpasientane har oppfølging innanfor anbefalte forløpstider:  5 arbeidsdagar frå motteken tilvising til tilvisinga er ferdig vurdert  10 arbeidsdagar frå motteken tilvising til utgreiing er starta  20 arbeidsdagar frå motteken tilvising til behandlinga er starta Alle tilvisingar blir skanna inn innan 48 timar. Pasientar får naudsynt diagnostikk innan fem arbeidsdagar, bortsett frå mammografi, der ein til tider har for liten kapasitet. Det har vore nytta kveldspoliklinikk og innleige av radiolog som er trena i denne undersøkinga for å hindre brot på 20-dagarsregel og fristbrot for pasientar med mistenkt brystkreft. Dette vil halde fram i 2014 i den grad det er naudsynt. Kirurgisk klinikk: I kirurgisk klinikk er det overlegar som vurderer alle tilvisingar. Dette blir gjort fortløpande og utan opphald. Det er etablert arbeidsflyt og rettleiing for overføring av dokument dersom overlegar er fråverande. Det er overlegane som bestemmer om pasientane skal setjast inn i kreftforløp. Pasientar som blir definerte inn i kreftforløp, blir følgde opp av kreftkoordinator i samarbeid med behandlande overlege. Rapportar frå DIPS viser at legar i kirurgisk klinikk har gode rutinar for handsaming av tilvisingar. Kirurgisk klinikk har gjennom registrering av 23

kreftforløp for brystkreft, tjukk- og endetarmskreft samt øyre-nase hals-kreft god kontroll på etterleving av 20-dagarsregelen. For pasientar med endetarmskreft opplever ein tredjedel at behandlinga ikkje startar innan 20 verkedagar. Om lag halvparten av brota skuldast at start av behandling skjer ved anna føretak. Føretaket har i 2013, som tidlegare år, prioritert kreftpasientar øvst på operasjonsprogrammet. Særleg i ferieperiodar legg føretaket vekt på at det skal vere operasjonskapasitet til å kunne operere kreftpasientar som fort som råd. Medisinsk klinikk: Tilvisingar blir vurderte i gjennomsnitt innan 1,3 dagar. Utgreiing startar gjennomsnittleg innan 3,6 dagar. Behandling startar innan 20 dagar innan dei fleste kreftformer unnateke lungekreft, der hovuddelen av pasientane har enten utgreiing eller behandling på sjukehus utanfor føretaket, der ventetid og koordinering påverkar ventetida på start av behandling.  Helseføretaka legg til grunn notat om kreftforløp, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12), i arbeidet med desse saksområda. Forløpstidene som er gjort greie for i det regionale notatet, er informert til behandlarar og leiarar, og blir lagt til grunn i arbeidet med desse saksområda.  Det er sett i verk tiltak for å forbetre informasjonen til kreftpasientar og koordinere pasientforløpa. Pasientar som skal gjennom ei komplisert utgreiing, har ein koordinator (som kan vere kontaktpersonen) som sikrar rask og samordna framdrift fram til behandlingsstart. Kirurgisk klinikk: Koordinatorar er tilsette for fleire pasientgrupper; mage-/tarmkreft, brystkreft, øyre-nase-hals kreft. Kirurgisk klinikk jobbar med å etablere koordinator innan fagområdet urologi. Innan fagområdet kvinnesjukdommar er målet om behandling innan 20 verkedagar nær 100 %, trass i at dei ikkje har ei formell ordning med kreftkoordinator. Medisinsk klinikk: Det er oppretta stillingar som kreftkoordinator innanfor dei ulike kreftområda. Det er utarbeidd eigen stillingsinstruks til kreftkoordinatoren i tråd med føringar frå Helse Vest. Kreftpasientar i klinikken får gjennomgåande god informasjon om sjukdom og behandlingsforløp, alternativt vidare utgreiing utanfor føretaket. Dette er samtalar mellom pasient/pårørande/behandlingsansvarleg lege og sjukepleiar. Pasientar som vert inkluderte i kreftforløp, blir informerte om at dei kan kontakte forløpskoordinator ved behov, og dei får munnleg og skriftleg informasjon om korleis dette kan skje. Pasientar knytte til onkologisk dageining har også ein kontaktperson (sjukepleiar) der kreftkoordinator for gastroenterologiske pasientar er tilsett i kirurgisk klinikk, der pasienten blir tilvist straks det er påvist kreft.  Det er bygt opp robuste fagmiljø med auka kapasitet for rekonstruksjon av bryst etter brystkreft. Føretaket er framleis avhengig av eit nært og godt samarbeid med det plastikkirurgiske fagmiljøet i Helse Bergen og Helse Stavanger. Etter at rekonstruksjon av bryst, både primært og sekundært, har fått stort fokus, har utviklinga innan faget også medført endra teknikkar. 24

Kirurgisk klinikk ønskjer å tilsetje ein plastikkirurg samt å vidareutdanne brystkirurgen i løpet av 2014. Eit godt samarbeid mellom brystkirurg og plastikkirurg vil leggje til rette for eit optimalt behandlingstilbod, i tillegg til at ein får eit meir robust fagmiljø.  Det er etablert fleire tilbod for pasientopplæring, likemannsarbeid og meistring. Pusterom og vardesenter 7 er også aktuelt. 6 Det er ikkje etablert tilbod som pusterom eller vardesenter i Helse Fonna. Pasientopplæring er ein naturleg del av pasientforløpa i føretaket. Pasientane får ei individuelt tilpassa opplæring i høve sjukdommen sin. Kirurgisk klinikk planlegg å etablere pasientundervising/-opplæring med relevante tema for pasientar med dei kreftsjukdommane klinikken behandlar. Føretaket formidlar informasjon om tilbod frå mellom anna Kreftforeininga, Montebellosenteret og NORILCO, samt kontakt til ressurspersonar i kommunane. Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar NPR som datakjelde):  Prosentdel pasientar med tjukktarmskreft som får behandling innan 20 arbeidsdagar (mål: 80 %). Frå januar til april 2014 syner rapport frå Helsedirektoratet (kvalitetsindikatorar) at 78,6 % av pasientane i føretaket med tjukktarmskreft får behandling innan 20 verkedagar.  Prosentdel pasientar med brystkreft som får behandling innan 20 arbeidsdagar (mål: 80 %). For brystkreftpasientar behandla i Helse Fonna frå mai til august 2013, har 82 % fått behandling innan 20 verkedagar. Kjelde: Helsedirektoratet.  Prosentdel pasientar med lungekreft som får behandling innan 20 arbeidsdagar (mål: 80 %). For lungekreftpasientar starta berre 35 prosent av pasientane behandling innan 20 dagar. Hovuddelen av pasientane har enten utgreiing eller behandling på sjukehus utanfor føretaket, der ventetid og koordinering påverkar ventetida på start av behandling. Kjelde: Helsedirektoratet.

3.2.7

Behandling av hjerneslag

Mål 2013:  Den regionale planen for behandling og rehabilitering ved hjerneslag ligg til grunn for vidare utvikling av slagbehandlingstilbodet i helseføretaka, jf. brev datert 26.06.12. Den regionale planen har vore eit arbeidsverktøy ved nevrologisk seksjon dei siste åra. I 2013 har ein gjennomført eit kvalitetsforbetringsprosjekt der ein har implementert heile hjerneslagspakken ved alle sjukehusa. Det har vore tverrfaglege arbeidsgrupper som har sett 6 Lågterskel trenings- og aktivitetssenter for kreftpasientar i sjukehusa. 7 Vardesenter er ein arena og møteplass for kreftramma og pårørande. Frivillige er ein viktig del. 25

på flaskehalsar som har gjeve betre pasientflyt til denne pasientgruppa. Tilsyn frå Fylkesmannen i Hordaland oktober 2013 gav ingen merknadar eller avvik. Dei største tiltaka i kvalitetsforbetringsprosjektet har vore: o Folkeopplysning og undervisning om ny pasientflyt og FAST-symptom o o Implementering av ny flyt i den prehospitale tenesta Alle delar av hjerneslagspakken vert gjennomført ved akutt innlegging og i slageining o o o o o o Styrkje bruk av teleslag Oppgåvedeling mellom Odda–Haugesund–Stord Tidlegstøtta utskriving Styrkje rehabiliteringskapasiteten innan spesialisert rehabilitering Styrkje samarbeidet med kommunane Etablere tre-månaders kontroll etter hjerneslag  Det er utarbeidd gode og effektive standardiserte pasientforløp, som sikrar kontinuitet og kvalitet i alle fasar av slagbehandlingskjeda. «Forløpshandboka» 8 bør nyttast som rettleiar. Den regionale planen er lagd til grunn for dette arbeidet. Føringane i tråd med forløpshandboka og den regionale planen er nytta i arbeidet med å utarbeide gode og effektive pasientforløp for hjerneslag. Nevrologisk seksjon har utført samarbeidsmøte med hjarteovervakinga og akuttmottaket for å justere forløpet i slagbehandlingskjeda etter at sluttrapporten ved behandling og rehabilitering av hjerneslag i Helse Fonna er utarbeidd.  Minst 20 % av pasientane under 80 år med hjerneinfarkt har fått trombolyse. Hovudforseinkinga av trombolysebehandlinga ligg prehospitalt. Helse Fonna har hatt lokale tiltak våren/hausten 2013, men det er behov for meir folkeopplysning om hjerneslag. Det er òg eit kontinuerleg arbeid med å informere fastlegane om ny pasientflyt i tråd med regional plan, på ulike arenaer. Det er kontinuerleg opplæring og dialog med eigne legar i spesialisering og overlegar ved seksjonen om dette fagfeltet. Ut frå målingar i pasientsikkerheitskampanjen ser ein at det no ikkje er flaskehalsar internt i sjukehusa som forseinkar trombolysebehandling. Dette blir òg bekrefta i tilsynet frå Fylkesmannen i oktober 2013.

Bruken av teleslag er auka, og alle slagpasientar som kjem inn i Odda, samt alle pasientar som kjem i betraktning for trombolysebehandling ved Stord sjukehus blir konferert med nevrolog via teleslag.  Det er sett i verk felles regionale informasjonstiltak for å gjere helse- og omsorgstenesta og befolkninga merksam på symptoma ved akutt hjerneslag. Sjå tidlegare punkt. Det er planlagt ein regional/nasjonal kampanje som er utarbeidd ved nevrologisk avdeling ved SUS. Denne er ikkje komen i gang enno. Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar NPR som datakjelde):  Prosentdel pasientar under 80 år med akutt hjerneinfarkt som får intravenøs trombolysebehandling. 8 «Forløpshandboka» er utarbeidd som ein del av kvalitetssatsinga i Helse Vest. Sjå: http://www.helse vest.no/fagfolk/kvalitet/Documents/02Pasientfokus/Handbok_i_standardise\rte_pasientforlop.pdf 26

Delen av pasientar med hjerneslag som får trombolysebehandling har auka frå 2012 til 2013. Tala viser at føretaket gav 10,2 prosent av pasientar under 80 år med akutt hjerneinfarkt behandling med trombolyse i perioden mai til august 2013. Tala er betra frå 2012. Kjelde: Helsedirektoratet.

3.2.8

Tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige (TSB) og anna avhengigheitsbehandling

Mål 2013:  Bidra i ein gjennomgang av den samla kapasiteten, med vurdering av om det er behov for å auke kapasiteten på feltet ytterlegare, bl.a. langtidsplassar drivne av private ideelle organisasjonar. Kapasitet er drøfta på TSB-møta. I helseføretaket vårt ser ein at det er størst behov for kapasitetsauke når det gjeld avrusingsplassar. Det er òg behov for å auke kapasiteten for langtidsbehandling for personar med illegal rusmiddelproblematikk og oppfølging av personar i LAR. BrukerPlan-tala for 2013 viser at 52 % av 1488 kartlagde i 15 kommunar i Helse Fonna hadde tilbod i spesialisthelsetenesta (52 %). Helse Fonna har i lokal plan for psykisk helsevern samla avrusingstilbodet og ROP-avdeling ved sjukehuset i Haugesund.  God utnytting av eksisterande kapasitet, bl.a. ved registrering i programmet «Ledig Plass» 9 . Klinikk for psykisk helsevern ventar på at «Ledig plass» blir ferdigutvikla. I dei faste lokale TSB-møta mellom dei ulike einingane vert pasientflyt diskutert og forsøkt gjennomførd. Den nye ROP-avdelinga er òg med i faste morgonmøte med dei andre einingane innan psykisk helsevern.  Styrking av kunnskapen om førebygging av rusmiddelskadar hos barn. Helse Fonna er med i «Haugalandsløftet», der fokuset er tidleg intervensjon til pasientar med rus og psykiske lidingar. Ein samarbeider tett med KoRus Vest, Stavanger, eit kompentansesenter finansiert av Helsedirektoratet. Ei eiga tidleg intervensjonsgruppe med representantar for ti kommunar er etablert og vil ha merksemd og prosjekt rundt dette. Det er eit tett samarbeid mellom Helse Fonna, Haugaland A-senter og Solstrand barnevernssenter rundt barn av foreldre som har rusproblem i svangerskapet.  Etablere tilbod om brukarstyrte plassar innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Ein har etablert brukarstyrte senger ved alle DPS som gjev tilbod til pasientar med alvorlege sinnslidingar og/eller rus. Haugaland A-senter som ein har samarbeidsavtale med, har etablert to brukarstyrte senger (TSB). 9 «Ledig Plass» er eit program der ledig kapasitet i døgnavdelingar blir registrert. «Ledig Plass» skal gje betre oversikt over ledige plassar, slik at kapasiteten kan bli betre utnytta. Skal nyttast av vurderingseiningar og døgnavdelingar. 27

 Etablere system ved somatiske avdelingar for å fange opp pasientar med underliggjande rusproblem og eventuelt vise desse vidare til tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Det er utarbeidd forslag til prosjekt i klinikk for psykisk helsevern saman med medisinsk avdeling Haugesund sjukehus og Haugaland A-senter, Korus Vest Stavanger og Korfor, som har som formål å kartleggje rusproblematikk hjå pasientar innlagde ved somatisk avdeling, samt sikre vidare oppfølging av desse. Det er søkt om eksterne prosjektmidlar via Helsedirektoratet. Som ein del av prosjektet vil ein samle erfaringar og lage ei oppsummering som kan brukast som inspirasjon for andre helseføretak i landet. Dette skal lagast i samarbeid med Korfor og Helse Stavanger.  Etablere tilbod om lågterskel-LAR for den mest hjelpetrengande gruppa av opiatavhengige med samansette sjukdommar i samarbeid med kommunen. Helse Fonna har, i samarbeid med kommunane, etablert tilbod om LAR-behandling for den mest hjelpetrengande gruppa av opiatavhengige med samansette sjukdommar. Tilbodet er i tråd med gjeldande retningsliner og er i godt gjenge. Arbeidet med IP blir trekt fram som spesielt positivt.  Bidra i planlegging av eit lågterskeltiltak/familieambulatorium 10 i regionen, for å ivareta langsiktig oppfølging av familiar med barn med alkoholsyndrom og barn av mødrer i LAR-behandling. Helse Fonna har fått midlar til å etablere eit familieambulatorium. Det er etablert styringsgruppe og prosjektgruppe. Vi er i nær dialog med Helse Nord-Trøndelag, som har erfaring på dette området. Planen er å starte opp arbeidet med pasientar tidleg i 2014.  Gjennomføre brukarundersøkingar innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling i alle helseføretak. I klinikk for psykisk helsevern har ein lagt opp til at alle kliniske einingar inkludert TSB skal gjennomføre brukarundersøkingar basert på Helse Vest sin mal. Dette er sett i gang i dei fleste kliniske einingar.  Ta del i arbeidet med revidering av regional plan for TSB. Helse Fonna har to representantar i dette arbeidet.

3.2.9

Psykisk helsevern

Mål 2013:  Omstillinga av psykisk helsevern held fram i tråd med regional plan og nasjonale overordna føringar. Dette gjeld bl.a. vidare utvikling av DPS, utvikling og spissing av sjukehusfunksjonane og overføring av ressursar frå sjukehus til DPS. 10 Familieambulatoriet er ei tverrfagleg eining for spesialisert svangerskapsomsorg for gravide med rusmiddelproblem, og for barn som har vore eksponerte for rusmiddel i fosterlivet. 28

Klinikk for psykisk helsevern har utarbeidd plan for psykisk helsevern 2012–2020, som vektlegg nasjonale overordna føringar og regional plan. Planen er vedteken av styret i Helse Fonna HF i 2012. Som eit resultat av planen har ein sett i gang ei større omstilling med siktemål å overføre ressursar frå sjukehus til DPS, samt spissing av sjukehusfunksjonane. Helse Fonna har funksjonsfordelt på sjukehusnivå, der Valen sjukehus har føretaksovergripande funksjon for psykose og sikkerheitspsykiatri, mens Haugesund sjukehus har tilsvarande ansvar for rusbehandling og alderspsykiatri. Vidare har ein styrkt det polikliniske og ambulante arbeidet ved DPS og innan BUP-feltet.  Akuttberedskap ved DPS er etablert på døgnbasis, eventuelt i samarbeid med andre institusjonar der lokale forhold gjer det nødvendig. Det er etablert akutt ambulant team (AAT) ved Haugaland og Karmøy DPS frå 08.00–23.00. Frå 23.00–08.00 er det tett samarbeid med eksisterande vaktsystem som sikrar AAT-funksjon. På Stord DPS er ein i gang med planlegging av eit akutt ambulant team knytt opp til interkommunal legevakt med avgrensa opningstid. I tre fjerdedelar av opptaksområdet til Helse Fonna er det etablert akuttberedskap ved DPS-a. For resterande delar av opptaksområdet planlegg ein å etablere eit samarbeid mellom sjukehusfunksjon og DPS for å ivareta dette i løpet av 2014. Det er utarbeidd ein eigen overordna handlingsplan for akutt-kjeda der dette er presisert og operasjonalisert.  Alle DPS har etablert ambulante funksjonar der legar og psykologar er med. Alle DPS-a har ambulante funksjonar der lege og psykolog inngår – knytt til sine ordinære poliklinikkar. Målgruppa er pasientar med alvorlege sinnslidingar. Arbeidsforma er dels ambulant og dels ordinær poliklinikk. Ved Stord DPS har ein eit reint ambulant team, Ytre Sunnhordaland Samhandlingsteam. YSS er eit samarbeidsprosjekt med kommunehelsetenesta, der målgruppa er pasientar med rus og alvorleg sinnsliding som ikkje greier å gjere seg nytte av det ordinære kommunale tilbodet eller tilbodet i spesialisthelsetenesta. For 2014 blir helseføretaket sin del av YSS overført til ordinært driftsbudsjett. Tilsvarande tilbod er under oppstart ved Haugaland DPS i samråd med Haugesund kommune. Haugesund kommune har fått 1,5 millionar frå Helsedirektoratet. Vidare har ein etablert ambulant sikkerheitsteam knytt til sikkerheitspost ved Valen sjukehus, samt ambulant team ved BUP Stord.  Prosentdel tvangsinnleggingar er redusert med 5 %, i samarbeid med dei kommunale tenestene. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som utarbeider ein handlingsplan for rett bruk av tvang. Handlingsplanen var ferdigstilt våren 2013 og blir implementert hausten 2014. Ein har lagt ned eit betydeleg arbeid for å få korrekt registrering av tvang, blant anna for å klare å følgje opp målet om 5 % reduksjon. Talet på tvangsinnleggingar pr. 100 000 innbyggjarar > 18 år i opptaksområdet var 311 i 2013. Dette gjeld for perioden 01.01.13–24.11.13. I heile 2012 var talet 323. Tala tyder på at ein ikkje når målsetjinga om ein reduksjon på 5 %.  Prosentdel tvangsbehandlingstiltak (tvangsmedisinering) er redusert med 5 %. Syner til punktet over. 29

Talet på tilfelle tvangsmedisinering pr. 100 000 innbyggjarar > 18 år i opptaksområdet i 2013: 23. Dette gjeld for perioden 01.01.13–24.11.13. Tilsvarande tal for heile 2012 er 37. Tala tyder på at ein når målsetjinga om redusert prosentdel tvangsbehandlingstiltak (tvangsmedisinering).  Pasientar i psykisk helsevern med mindre alvorlege ruslidingar bør få tilbod om behandling av ruslidinga same staden, eventuelt i samarbeid med TSB (sjå fotnote 8). Det er generell rutine at pasientar i psykisk helsevern som har mindre alvorlege ruslidingar, får eit tilrettelagt behandlingstilbod i forhold til problematikken sin ved DPS.  Lokale brukarundersøkingar er gjennomførte ved hjelp av elektronisk verktøy utvikla i regi av kvalitetssatsinga i Helse Vest 11 . I klinikk for psykisk helsevern har ein lagt opp til at alle kliniske einingar, inkludert TSB, skal gjennomføre brukarundersøkingar basert på Helse Vest sin mal. Dette er sett i gang i dei fleste kliniske einingar.  Småbarnsgruppa 0–7 år utgjer 20 prosent av dei behandla pasientane innanfor psykisk helsevern for barn og unge (i samsvar med regional plan for psykisk helse 2011–2015). Tal behandla pasientar totalt innanfor psykisk helsevern for barn og unge (utan ØH): 1786. Tal barn i alderen 0–7 år (fødselsår 2005–2013): 347 = 19,4 %. BUP Helse Fonna har dei seinare åra hatt eit spesielt fokus på dei aller yngste med tanke på tidleg identifisering og førebygging. Det er etablert eit sped- og småbarnteam som har ansvar for dei yngste barna (0–4 år). Teamet arbeider spesielt med dei aller yngste (0–1 år) i prosjektet «Dei viktige små» del I og II. Arbeidet er kome lengst ved BUP Haugesund og er under etablering ved BUP Stord. «Dei viktige små» har ei klår satsing på spesialisthelsetenester til dei minste barna. Dette vert avspegla i opptrapping av årsverk i sped- og småbarneteamet ved BUP Haugesund hausten 2012 og i KIDSA-teamet som arbeider på systemnivå mot kommunane. I KIDSA-teamet er hovudfokus lagt på dei minste barna i 2012–2014. Føremålet med prosjekta er: I «Dei viktige små, del I» har målet vore å etablere eit konkret tilbod i BUP for vurdering og behandling av sped- og småbarn som har deprimerte mødrer, i samarbeid med fire pilotkommunar (Sauda, Suldal, Vindafjord og Haugesund). BUP har òg etablert samarbeid med vaksenpsykiatrien ved ECT-teamet (behandling med elektrostimulering) for å få vurdert og behandla mødrer/barn/dyadar, der mor får separat behandling i vaksenpsykiatrien. Det blir gjeve opplæring til kommunane i observasjonsmetoden ADBB (Alarm Distress Baby Scale) for å bedømme tilbaketrekning hos barn. Opplæring vert gjeve i Haugesund av RBUP Helse Øst og Sør. Ein har starta med dei fire pilotkommunane våren 2013 og vil i 2014 utvide tilbodet til fleire kommunar. 11 Utvikling av verktøy er gjort i samarbeid med Kunnskapssenteret. 30

I prosjektet «Dei viktige små, del II» er eit hovudmål å etablere sped- og småbarnsdagar i samarbeid med førstelinja og Helse Fonna, som ein årleg, fagleg konferanse i regionen. Nytteverdi for pasient og barnet sin rett til hjelp i Spesialisthelsetenesta: Det skal vere ei samanhengande teneste mellom første- og andrelinja, også for barn tidleg i livet og foreldra. Aldersgruppa 0–1 år blir pr. i dag sjeldan tilvist til spesialisthelsetenesta, sjølv ved alvorlege forstyrringar hos barnet og/eller i relasjonen. BUP Haugesund har no i prosjektperioden fått tilvist fleire barn i alderen 0–1 år. Ein har nesten nådd målet med at småbarnsgruppa 0–7 år utgjer 20 prosent av dei behandla pasientane innanfor psykisk helsevern for barn og unge. Ut frå tiltak som er sette i verk forventar ein at småbarnsgruppa utgjer 20 prosent av dei behandla pasientane innan 2014. Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar helseføretaka, gjennom verksemdsrapportering, Helsedirektoratet og NPR som datakjelder):  Prosentdel årsverk i psykisk helsevern for vaksne, fordelt på høvesvis DPS og sjukehus. Prosentdel årsverk i psykisk helsevern for vaksne i Helse Fonna: DPS 49,9 % / Sjukehus 50,1 %.  Prosentdel DPS som dekkjer akuttberedskap utover normal arbeidstid. I 3/4 av opptaksområdet til Helse Fonna er det etablert akuttberedskap ved DPS. For resterande del av opptaksområdet planlegg ein å etablere eit samarbeid mellom sjukehusfunksjon og DPS for å ivareta dette i løpet av 2014. Det er utarbeidd ein eigen overordna handlingsplan for akutt-kjeda, der dette er presisert og operasjonalisert.  Registrering av lovgrunnlag om psykisk helsevern for vaksne. For vaksenpsykiatrien er denne 88 %. Kontorleiarane i klinikken gjev opplæring i DIPS, slik at behandlarane legg inn / registrerer data korrekt.  Prosentdel tvangsinnleggingar Tal på tvangsinnleggingar pr. 100 000 innbyggjarar > 18 år i opptaksområdet: 311. Dette gjeld for perioden 01.01.13–24.11.13. Same tal for heile 2012 er 323. Om ein nyttar desse tala for berekninga, vil talet på tvangsinnleggingar vere redusert med 3,8 % frå 2012 til 2013. Då er ikkje tala for desember 2013 rekna med. Dette kan tyde på at ein ikkje når målet med 5 % reduksjon.  Prosentdel tvangsbehandlingstiltak. Tal på tilfelle tvangsmedisinering pr. 100 000 innbyggarar > 18 år i opptaksområdet: 23. Dette gjeld for perioden 01.01.13–24.11.13. Same tal for heile 2012 er 323.

31

Om ein nyttar tala over, vil tvangsmedisinering vere redusert med 15 % frå 2012 til 2013. Når desember er teke med, vil denne reduksjonen bli mindre, men det kan sjå ut som om vi når målet med ein reduksjon på 5 %.  Prosentdel re-innleggingar innan 30 dagar for pasientar med schizofreni. Det er ikkje mogleg å ta ut dette frå DIPS. Om ein skal finne tala ved manuell gjennomgang, vil ein måtte gå gjennom 600 journalar. Av det totale talet innleggingar (alle diagnosar) er det berre 36 registrerte re-innleggingar innan 30 dagar.

3.2.10

Habilitering og rehabilitering

Mål 2013:  Det er sikra tilstrekkeleg kapasitet innanfor spesialiserte habiliterings- og rehabiliteringstenester til ulike grupper. Habilitering: Talet på stillingar innan habiliteringsfeltet er uendra i perioden. Både innan barne- og vaksenhabilitering er det eit stort behov for tenester. Ein jobbar kontinuerleg med prioritering/effektivisering av arbeidsoppgåver for unngå fristbrot. Samarbeidsavtalar med kommunehelsetenesta vert nytta aktivt. Rehabilitering: Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering (SFMR) har 9–10 spesialiserte rehabiliteringssenger. Erfaringa med talet på tilvisingar til spesialisert rehabilitering i føretaket er større enn ein kan møte med 9–10 døgnplassar. Ein arbeider no med revisjon av plan for rehabilitering og habilitering i Helse Fonna. SFMR har spesialkompetanse innan muskel- og skjelettsjukdommar og har etablert eit poliklinisk utgreiings- og behandlingstilbod til skulder- og ryggpasientar.  Helseføretaka har lagt Helsedirektoratet sin modell, jf. rapport IS-1947, til grunn for det vidare arbeidet på rehabiliteringsfeltet. Rapport IS-1947 peikar m.a. på ei arbeids- og ansvarsfordeling innan rehabiliteringsfeltet mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Helse Fonna HF tilbyr rehabilitering som har så høg grad av spesialisering at det ikkje er føremålstenleg å leggje ho inn under det kommunale ansvaret. Det gjeld pasientar der det er behov for spesialistkompetanse innan utgreiing, diagnostikk og behandling, behov for kompleksitet og intensitet i tiltaka, eller at hjelpa vert knytt nært opp til spesialisert medisinsk behandling. Tenestavtalane mellom føretaket og kommunane støttar opp om arbeids- og ansvarsdelinga mellom nivåa. Helse Fonna deltek også i samhandlingsprosjekt med kommunane i Sunnhordland for å teste ut interkommunale team for tidleg støtta utskriving av rehabiliteringspasientar. Tilvising frå sjukehusa til rehabiliteringsinstitusjonane inneheld alle relevante medisinske opplysningar, ei grunngjeving og eit mål for rehabiliteringsopphaldet. Tilvisande lege ved sjukehusa skal bruke standardisert søknadsskjema som inneheld opplysningar om medisinsk status og funksjonsnivå, samt målsetjing med rehabiliteringsopphald. Søknadsskjema ligg tilgjengeleg i DIPS. Vidare supplerer ein med 32

særfaglege rapportar. Det er avdekt eit forbetringsområde innan tidleg varsling av rehabiliteringsbehov. Dette er no teke inn i innføring av PLO-meldingane.

Til Helse Fonna

 Faglege samarbeidsavtalar skal vere inngått med private rehabiliteringsinstitusjonar i eige opptaksområde, for å bidra til å utvikle kompetansen ved institusjonane og tenester i tråd med behova. Samarbeidsavtalane skal supplere avtalar inngått av Helse Vest og vurderingseininga. Fagfolk innan rehabiliteringsfeltet internt i Helse Fonna har hatt revisjon av eigen rehabiliteringsplan hausten 2013. I det høvet har det vore drøfta aktuelle pasientgrupper for privat, ideell rehabiliteringsinstitusjon. Når interne drøftingar er klare desember 2013,vil Helse Fonna inngå faglege samarbeidsavtalar med privat rehabiliteringsinstitusjon.

3.2.11

Behandling av kronisk utmattingssyndrom / myalgisk encefalopati (CFS/ME)

Mål 2013:  Det er sett i verk tiltak for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om CFS/ME.

Pasientgruppa har fått stor merksemd i fagmiljøa, som er godt oppdaterte bl.a. gjennom deltaking i konferansar og kjennskap til kunnskapsoppsummeringar frå Kunnskapssenteret. Helse Fonna har utarbeidd og følgjer standardisert opplegg med tilbod om utgreiing av pasientar med (mistenkt) CFS/ME. Nokre få pasientar er tilviste til Haukeland universitetssjukehus for særskilt funksjonsutgreiing i tråd med regional oppgåvedeling, men tilvisingane er returnerte med tilråding om vidare lokal utgreiing. Det er ikkje etablert ambulant team. Ved behov for «second opinion» er det tilbod om tilvising til spesialist med spisskompetanse ved Frihamnsenteret i Skånevik. Helse Fonna har hatt representant i arbeidsgruppa som har utarbeidd rapport om «Utredning, behandling og oppfølging av pasientar med CFS/ME i Helse Vest». Hensikta er å sikre likeverdig tilbod til denne pasientgruppa i Helse Vest, og Helse Fonna er innstilt på å følgje opp endelege konklusjonar når desse føreligg etter høyring om kort tid (forventa i god tid før årsskiftet). Det er etablert tiltak for å sikre kunnskapsoverføring til primærhelsetenesta.

3.2.12

Fødselsomsorg

Mål 2013:  Kvalitetskrava for fødeinstitusjonar er gjennomgått og implementert. Kvalitetskrava for fødeinstitusjonar deler fødselsomsorga inn i tre nivå; fødestove, fødeavdeling og kvinneklinikk. I Helse Fonna HF er fødeinstitusjonane fordelte som følgjande; Haugesund sjukehus er fødeinstitusjonen definert som kvinneklinikk, fødeavdeling ved Stord sjukehus og jordmorstyrt fødestove ved Odda sjukehus. Klinikken har implementert dei faglege krava i forhold til vaktordning og vaktberedskap, fosterovervaking og diagnostikk. Ifølgje dei faglege krava skal det alltid vere ei jordmor til stades når ei kvinne er i aktiv fødsel. Dette blir stort sett oppfylt, men avdelinga ved Haugesund har ei utfordring med 33

knapp bemanning på natt. Det er sett i verk tiltak for rekruttering og vidareutdanning av jordmødrer. Det er etablert obligatorisk praktisk trening to gonger i året med akutt kurs HS og SS. Det er òg etablert hospiteringsordning med kommunejordmødrer og regelmessig internundervising i avdelingane. Kravet om fagleg oppdatering blir sikra ved fagansvarleg jordmor og lege. Det er ikkje etablert stipendiatstilling til forsking som tilrådd i kvalitetskrava, men ein av klinikken sine legar i spesialisering deltek i eit forskingsprosjekt med eit anna føretak. Prosjektet dreier seg om forløysingsteknikk. Helse Fonna har etter ei utgreiing i 2013 tilrådd Helse Vest RHF at fødetilbodet ved Odda sjukehus blir omgjort til svangerskapskontrollar, barseltilbod og følgjeteneste i tråd med «God start»-ordninga ved Nordfjord og Lærdal sjukehus.  Redusert prosentdel fødselsrifter. Helse Fonna har kontinuerleg gjennom heile året fokus på fødselsrifter. Resultat blir gjennomgått kvart kvartal med fokus på forbetring, og det viser ein nedgang i rifter grad 3 og 4. Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar Helsedirektoratet og Medisinsk fødselsregister som datakjelder):  Prosentdel pasientar med fødselsrifter (sfinkterruptur) grad 3 og 4. Ved utgangen av oktober har kirurgisk klinikk 1,7 % rifter med grad 3 og 4 ved Haugesund sjukehus og 1,4 % rifter med grad 3 og 4 ved Stord sjukehus.  Prosentdel forløysingar utførte ved keisarsnitt totalt, og prosentdel keisarsnitt utførte som øyeblikkeleg hjelp og planlagt (elektivt). Ved utgangen av oktober 2013 har klinikken 9,8 % keisarsnitt, 6,9 % øyeblikkeleg hjelp- keisarsnitt og 2,9 % planlagde keisarsnitt ved Haugesund sjukehus. Ved Stord sjukehus er talet 8,1 % keisarsnitt, 4,7 % øyeblikkeleg hjelp-keisarsnitt og 3,4 % planlagde keisarsnitt.

3.2.13

Barn som har vore utsette for seksuelle overgrep og anna mishandling

Mål 2013:  Det er god kompetanse i helseføretaka og gode rutinar for å ta vare på barn som kan ha vore utsette for seksuelle overgrep og anna mishandling. Ved mistanke om seksuelle overgrep blir barna sende til «Barnehuset» i Stavanger, som er kompetansesenter på dette feltet. Ved mistanke om anna mishandling er der eit samarbeid mellom pediatri, kirurgi, BUP, barnevern og politi. 34

3.2.14

Kjeveleddsdysfunksjon

Mål 2013:  Det er gjeve behandlingstilbod til pasientar med alvorleg kjeveleddsdysfunksjon, som er vurderte og utgreidde ved det tverrfaglege tilbodet etablert i Helse Bergen HF. Pasientar med alvorleg kjeveleddsdysfunksjon skal greiast ut ved øyre-nase-hals-seksjonen i Haugesund og tilvisast til HUS for vidare behandling.

3.2.15

Livsstilsrelaterte tilstandar

Mål 2013:  Helseføretaka rapporterer data om skadar og ulykker til NPR. Føretaket har sett i verk naudsynte tekniske installasjonar i DIPS og prosess for innsamling og rapportering av data til NPR. Føretaket reknar med å sende inn første talet til NPR for tredje tertial 2013.  Helseføretaka har etablert ein overordna ernæringsstrategi i tråd med anbefalingar i faglege retningslinjer frå Helsedirektoratet og

Kosthåndboken – veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten

(Helsedirektoratet 2012). Ei tverrfagleg gruppe har greidd ut ernæringsfokuset i Helseføretaket. Gruppa har i 2013 utarbeidd ein rapport med forbetringstiltak. Konkrete tiltak er allereie sette i verk som følgje av arbeidet, andre tiltak krev meir forbetring. Det er teke initiativ til å danne ei styringsgruppe med representantar frå alle klinikkane, som skal utarbeide ein overordna strategi for Helse Fonna med bakgrunn i forbetringsrapporten.  Auka kapasitet for kirurgi mot sjukleg overvekt. Føretaket har jobba med å betre flyten for denne pasientgruppa. Gjennom endringar i prioritering, pasientforløp og betre koordinering på operasjonsstova har kirurgisk klinikk auka kapasiteten til i snitt fire pasientar kvar veke. Målsetjinga om å jobbe seg gjennom etterslepet er nådd, og kapasiteten er på nivå med tilvisingstalet. Styringsparametrar (Helse Vest RHF nyttar helseføretaka og NPR som datakjelder):  Prosentdel helseføretak som rapporterer komplette og kvalitetssikra data om skadar og ulykker til NPR. Sjå over. Føretaket har pr. oktober 2013 ikkje starta rapportering.  Prosentdel helseføretak som har utarbeidd ernæringsstrategi. Innan 2013 vil 80 % av sjukehusa/einingane i føretaket ha utarbeidd ernæringstrategi. 35

3.2.16

Helseberedskap

Mål 2013:  Med utgangspunkt i evalueringsrapportane etter terrorangrepet 22. juli 2011, regional beredskapsplan og erfaringar frå øvingar og hendingar har helseføretaka oppdatert og gjort nødvendige tilpassingar i beredskapsplanane sine. Evalueringsrapportane gav forbetringstiltak på mellom anna tilgang for politi til teiingsbelagde opplysningar i særlige tilfelle, system for katastrofetriagering og bruk av Less bårer i alle ambulansar. Opplysningar om teiingsbelagde opplysningar til politi er teke inn i beredskapsplanen og gjort kjende i klinikkane. System for nasjonal katastrofetriagering er sett i verk og blir testa ut under øvingar. Less-bårer i den prehospitale tenesta er ikkje fullført innkjøpt.  Det er teke initiativ til felles trening og øvingar med andre nødetatar og frivillige organisasjonar. Helse Fonna høyrer inn under to politidistrikt. For det eine politidistriktet, som dekkjer dei fleste kommunane, er der etablert eit øvingsutval som utarbeider årsplanar for felles samvirkeøvingar. Dette fungerer godt, og planlagde øvingar blir gjennomførde. For dei gjenståande kommunane er det direkte kontakt på lensmannsnivå, og det er sett øvingsplan også for desse kommunane.  Samarbeider med Helse Vest RHF og dei andre helseføretaka om innføring av virtuelt AMK i 2013. Leiing og fagfolk i prehospitale tenester deltek i prosjektgruppe og arbeidsgrupper for utgreiing av virtuelt AMK. Det er tett dialog med det regionale prosjektet og med dei andre føretaka. Strakstiltak er gjennomførte.

3.2.17

Andre styringskrav Regional plan for kirurgi

 Helseføretaka skal implementere regional plan for kirurgi når denne planen ligg føre våren 2013. Regional plan for kirurgi er gjennomgått i linja. Arbeidet med implementering av regional plan for kirurgi er sett i verk. Fagdirektør sin aksjonsplan blir følgd opp, og føretaket gjev fortløpande tilbakemelding på aksjonspunkt skissert i planen. Orientering om arbeidet med plan kirurgi blei gjeve til styret i Helse Fonna HF i august 2013. Føretaket har meldt tilbake til eigar om arbeidet. I 2013 har kirurgisk klinikk jobba spesielt med å etablere robust fagmiljø innan urologi, utvikling av brystdiagnostisk senter, implementering av nye rettleiingar innan kreftbehandling og gjennomgang av effektiviteten på operasjonsstovene. I 2014 vil klinikken ha spesielt fokus på dreiing av inneliggjande til dagbehandling og auka/betre tilbod på poliklinikk. 36

Regional plan for diagnostikk og behandling av brystkreft

Mål 2013:  Helseføretaka skal implementere regional plan for diagnostikk og behandling av brystkreft når denne planen ligg føre vinteren/våren 2013. Regional plan for diagnostikk og behandling av brystkreft er gjennomgått i klinikkane. Arbeidet med implementering av planen er sett i verk. Det brystdiagnostiske senteret har implementert nokre av dei anbefalingane som er skisserte i den regionale planen. I 2014 vil klinikken ha fokus på betre samhandling, spesielt med radiologisk seksjon. Det er etablert ei arbeidsgruppe som jobbar med uttale for intergrering av screening av brystkreft i det brystdiagnostiske senteret i Helse Fonna. Helse Vest vil gjere vedtak etter å ha motteke uttale frå Helse Fonna.

3.3

Utdanning av helsepersonell

Mål 2013:  Rask og effektiv tilsetjingsprosess for turnuslegar i samarbeid med aktuelle kommunar. Føretaket følgjer opp ny turnusordning for legar. Odda sjukehus er definert som eit av dei sjukehusa som kan reknast å vere rekrutteringssvake. Rekrutteringsprosessen for turnuslegar er i samsvar med tidsplan frå Helsedirektoratet. Føretaket rekrutterer 22 turnuslegar to gonger årleg, 12 til Haugesund sjukehus, 6 til Stord sjukehus og 4 til Odda sjukehus. I samarbeid med kommunar er det utarbeidd samarbeidsavtale om rekruttering/tilsetjing av turnuslegar. Samarbeidsavtalar skal inngå som del av tenesteavtalar med kommunar. Det er gjort avtale om tilstrekkeleg tal kommuneplassar; 18 plassar innanfor Helse Fonna-området og 4 plassar i Sør-Rogaland.  Talet på turnusplassar for fysioterapeutar er auka, jf. kap. 732, post 70 Særskilde tilskott (turnusteneste i sjukehus for legar og fysioterapeutar). Føretaket har ikkje auka talet på turnusplassar for legar og fysioterapeutar i 2013.  Kunnskap om arbeid med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik blir sikra gjennom kompetansetiltak til helsepersonell i helseføretaka. Føretaket har deltakarar på den nordiske utdanninga i regi av kunnskapssenteret for «Forbedringsagenter» i kull 1 og 2. Føretaket deltek også i regionale, nasjonale og internasjonale pasienttryggleikskonferansar og seminar. I føretaket sin regi blir det arrangert lokale konferansar og utdanning innan kvalitetsforbetring og pasienttryggleik.  Helseføretaka har bidrege til kompetanseutveksling og kompetanseoppbygging i ei forsterka kommunehelse- og omsorgsteneste, spesielt innanfor geriatri, nevrologi, habilitering/rehabilitering, psykisk helse og rusmiddelavhengigheit. Føretaket organiserer mange av tiltaka gjennom ei etablert felles FOU-eining, der kommunane, føretaket og HSH er samarbeidspartar. Faglege nettverk, ulike prosjekt og 37

kompetansetiltak blir initierte frå denne eininga. Mellom anna er det under oppbygging eit kompetansetilbod innan døgnbasert øyeblikkeleg hjelp-teneste i kommunane. Opplæringsaktivitet innan fallførebygging for personell i kommunane er også sett i verk, som ei forlenging av pasientsikkerheitskampanjen. Føretaket er engasjert i arbeidet med tidleg intervensjon på psykisk helse og rus, hovudsakleg gjennom Haugalandsløftet. Dette er eit interkommunalt samarbeid mellom ti kommunar, føretaket og kompetansemiljø i regionen. DPS-a inviterer alle kommunane til fagdagar med tema psykisk helse og rus, og føretaket deltek med kompetanse oppbygging i kommunane.  Det blir lagt til rette for breiddekompetanse, særleg ved dei mindre sjukehusa. Føretaket har fokus på dette i rekrutteringsprosessane, slik at tilsetjing skjer med bakgrunn i mellom anna breiddekompetanse.  Ei særskild merksemd er retta mot legestillingar som kan styrkje utviklinga av lokalsjukehus og samhandling med kommunane. Føretaket har god rekruttering til stillingar for legar i spesialisering (LiS-stillingar). Det er òg fokus på målretta tiltak for å klare å rekruttere til ledige overlegestillingar, men føretaket har framleis utfordringar knytt til rekruttering av spesialistar til små fagmiljø. Føretaket har legar i praksiskonsulentstillingar, som har særleg fokus på utvikling av samhandlinga mellom sjukehus og kommunane.  Det blir utdanna tilstrekkeleg mange legespesialistar innanfor dei ulike spesialitetane og lagt til rette for effektive utdanningsløp for legespesialitetane. Føretaket samarbeider med universitetssjukehusa for godkjenning og fullføring av utdanningsløpa for legar i spesialisering. Det blir i føretaket lagt til rette for at utdanningsløp for legespesialitetar blir gjennomførte i tråd med forventa behov.  Utdanningskapasiteten og rekrutteringssituasjonen for onkologar og patologar er gjennomgått og vurdert. Føretaket vurderer behovet for legestillingar i samsvar med tenestetilbodet og system for legetildeling. Føretaket fekk hausten 2012 LiS-stilling i patologi , men har ikkje onkolog(-ar). Det er sett i verk eit prosjekt for å leggje til rette for rekruttering av onkolog.  Dobbelkompetanseutdanning 12 i psykologi er vidareført ved at kliniske stillingar er tilgjengelege i helseføretaka i samarbeid med universiteta. Det er lagt til rette for to psykologstillingar for «dobbelkompetanseløp». Det er etablert samarbeidsavtale med UiB i høve til forskingsdelen fram mot PhD (etter programmet haust 2017). 12 Kombinert utdanning som omfattar både forskingskompetanse og klinisk kompetanse. 38

 Utdanningskapasiteten i barne- og ungdomspsykiatrien er styrkt. Føretaket arbeider aktivt med rekruttering av spesialistar innan barne- og ungdomspsykiatri. BUP Stord/Kvinnherad er godkjend som utdanningsinstitusjon i 2013.  Det blir gjennomført og lagt til rette tilstrekkeleg utdanning og utviklingsløp for spesialsjukepleiarar, jordmødrer og andre spesialistutdanna grupper, som møter behova på kort og lang sikt. Utviklingsløp for spesialsjukepleiarar og jordmødrer blir avtalt mellom leiar og medarbeidar. Systemmessig er dette lagt til rette for i Kompetanseportalen. Det blir årleg gjennomført kartlegging av behov for etter- og vidareutdanning i klinikkane. Prioriteringar blir gjort i tråd med framtidige behov for aktuell kompetanse, i samsvar med tenestetilbodet ved sjukehusa.  Praksisopplæring i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren og aktuelle kommunar er av god kvalitet og blir vidareutvikla. Helse Fonna har etablert nettverk og vidareutvikla samarbeid med utdanningsinstitusjonane. Det er forpliktande, skriftlege avtalar om omfang og rammer knytt til praksisopplæring, med alle utdanningsaktørar som har studentar/elevar i praksisopplæring i føretaket. Føretaket prøver å sikre sine plikter, og stiller til rådvelde nødvendige ressursar til rettleiing og administrering av praksisopplæringa. På administrativt nivå er Studentprosessen innført for alle praksisgrupper i føretaket. Det er jamlege møte mellom utdanningsinstitusjonane og føretaket, både på administrativt og fagleg nivå.  Det er lagt til rette for å auke talet på læreplassar for elevar i vidaregåande opplæring, og å etablere tilstrekkeleg mange eigne læreplassar innanfor helsefagarbeidarfaget og ambulansearbeidarfaget. Føretaket har i 2013 auka talet på lærlingar for helsefagarbeidarar med 7 lærlingar. Dette inneber at det dei næraste åra skal vere 14 lærlingar i helsefagarbeidarfaget i føretaket. Fagleg og koordinerande arbeid blir ivareteke av eigen koordinator. I tillegg har ein lærlingar innan institusjonskokkfaget (2 lærlingar) og ambulansefaget (10 nye i 2013). Det er knytt koordinatorressurs til å ta seg av fagleg og administrativt oppfølgingsansvar i ambulansefaget. Føretaket har også elevar frå dei vidaregåande skulane i føretaksområdet i kortare praksisperiodar. Dette gjeld i hovudsak PTF (Praksis til fordjuping).  Kompetansen i samisk språk og kultur er tilstrekkeleg. Føretaket har ikkje utfordringar knytt til samisk språk og kultur.

3.4

Forsking og innovasjon 3.4.1

Forsking

Mål 2013:  Det er sett i verk tiltak for å få meir forsking på pasienttryggleik. 39

Det er delt ut midlar frå Helse Fonna og Helse Vest til nye forskingsprosjekt som gjeld forsking på pasienttryggleik. Prosjekta er i startfasen.  Etter førespurnad frå Helse Vest RHF bidreg helseføretaka i desse samarbeidsprosjekta: • Interregionalt arbeid med å utarbeide retningslinjer og setje i verk tiltak for større grad • av brukarmedverknad i ulike fasar av forskinga. Retningslinjene er forankra i Nasjonal samarbeidsgruppe for helseforsking. Arbeidet skal leiast av Helse Nord RHF. Det regionale helseføretaket sitt samarbeid med Noregs forskingsråd og CRIStin om • vidareutvikling av klassifiseringssystemet for helseforsking (HRCS), og blant anna vurdering av behov for å inkludere nye kategoriar. Interregionalt arbeid med å utarbeide retningslinjer for samarbeid og fordeling av ansvar og finansiering i samband med gjennomføring av fleirregionale kliniske multisenterstudium. Retningslinjene er forankra i NorCRIN. Arbeidet blir leidd av Helse Midt-Noreg RHF. • • Det nordiske samarbeidet om kliniske studium, Nordic Trial Alliance. Interregonalt arbeid med å utarbeide ein felles årleg rapport som gjer greie for forskingsresultata og kva implikasjonar dei har for tenesta. Rapporteringssystemet E-rapport er trekt inn i arbeidet på ein formålstenleg måte. Arbeidet skal leiast av Helse Sør-Aust. Helse Fonna bidreg på førespurnad i dei omtala prosjekta.

Styringsparametrar – jf. vedlegg 3 i styringsdokument (Helse Vest RHF nyttar andre datakjelder for henting av tal):  Årlege forskingspoeng berekna frå artikkelproduksjon og avlagde doktorgradar totalt for Helse Vest RHF. Helseføretaka skal ha rapportert på forskingsaktivitet for 2012 til CRIStin (alle vitskaplege publikasjonar) og NIFU (avlagde doktorgradar) innan 1. april 2013. Det er ønskjeleg at vitskaplege monografiar og vitskaplege artiklar i antologiar blir registrerte, og at Health Research Classification System (HRCS) blir brukt. I 2012 blei det rapportert 57 vitskaplege publikasjonar og 3 avlagde doktorgradsdisputasar. Dette utgjer 29,36 forskingspoeng. Rapporteringsfrist til NIFU er i februar påfølgjande år, og tala for 2013 er ikkje klare før då.  Årleg ressursbruk til forsking og utvikling totalt i Helse Vest RHF, mellom anna prosentdel til psykisk helse og rus. Rapporteringsfrist til NIFU er 27. februar 2013.

Årleg ressursbruk til forsking og utvikling totalt i Helse Fonna var 15,21 millionar kroner i 2012. Delen av midlar til psykisk helse og rus utgjorde 45,2 %. Rapporteringsfrist til NIFU er i februar påfølgjande år, og tala for 2013 er ikkje klare før då.  Talet på søknader, innvilga prosjekt og tildelte midlar (per år) frå Noregs forskingsråd og EUs 7. rammeprogram for forsking og teknologiutvikling i 2013. Det blei sendt to søknader til Noregs forskingsråd frå Helse Fonna. Ingen av desse fekk midlar. Det blei ikkje sendt søknader til EUs 7. rammeprogram for forsking og teknologiutvikling i 2013.  Tal og prosentdel av innkomne elektroniske forskingssøknader med innovasjonspotensial i 2013.

40

Det er fleire prosjekt med innovasjonspotensial, men ingen formelle søknader har blitt sende.

3.4.2

Innovasjon

Mål for 2013:  Den nasjonale samarbeidsavtalen og tiltaksplanen for innovasjon og næringsutvikling i helsesektoren er vidareførte i tråd med nasjonale føringar. Helse Fonna er representert i det regionale innovasjonsnettverket. Føretaket har ikkje kommersialisert innovative produkt eller tenester i 2013.  Leggje til rette for innovasjon i offentlege anskaffingar basert på tiltaka i rapporten «Fremme innovasjon og innovative løsninger i spesialisthelsetjenesten gjennom offentlige anskaffelser» frå 2012. Føretaket er representert i innovative anskaffingar ved deltaking i mellom anna KULE- prosjektet. Styringsparametrar – jf. vedlegg 3 i styringsdokument – OBS: tal skal rapporterast gjennom verksemdsrapporteringa.  Talet på nye oppfinningar (DOFI), utlisensieringar og bedriftsetableringar rapporterte frå teknologioverførings- og kommersialiseringseiningane i 2013. Helse Fonna har ingen nye oppfinningar (DOFI), utlisensieringar eller bedriftsetableringar rapporterte frå teknologioverførings- og kommersialiseringseiningane i 2013.  • • • Innovasjonsindikatorar for 2013: Talet på aktive innovasjonsprosjekt med prosjektfase, samarbeidsrelasjonar og ressursbruk. Talet på nye patentsøknader. Innovasjonskultur-tiltak (tekstleg omtale). Helse Fonna har ingen aktive innovasjonsprosjekt, nye patentsøknader eller særeigne innovasjonskultur-tiltak.

3.5

Opplæring av pasientar og pårørande

Mål 2013:  Helseføretaka bidreg til regionalt nettverk for læring og meistring og dekkjer deltaking for eigne medarbeidarar. Helse Fonna har fått ansvar for å administrere regionalt nettverk, og har tilsett koordinator i 60 % stilling for å leie arbeidet. Nettverksgruppe er etablert med representantantar frå kvart føretak i bindeleddstillingar med 20 % i kvar. I tillegg er regionalt brukarutval, KS og private ideelle organisasjonar representerte i nettverksgruppa. Det er gjennomført ei fagsamling i Bergen, der kommunesamarbeid, pasientforløp og arbeidsmetode i LMS var hovudtema. Helse Fonna har dekt frikjøp, slik at eigne medarbeidarar kunne delta på fagsamlinga. 41

3.6

Tilleggsskrav til styringsdokument

 Tilskot på 10 millionar kroner til forskingsstudie av kreftlegemiddelet ipilimumab. Inntil studien startar må pasientar som kan ha nytte av legemiddelet, få tilbod om dette, og helseføretaka må ha gode rutinar på å registrere desse pasientane for seinare utbetaling. Helse Bergen styrer prosjektet i Helse Vest, og alle pasientar som er inkluderte i prosjektet, vert behandla der. Skriftlege retningslinjer er utarbeidde i Helse Bergen, det er halde informasjonsmøte i Helse Fonna, og Helse Fonna har utarbeidd tillegg i prosedyreverket sitt, der det vert poengtert og forklart at dersom pasientar på denne behandlinga vert innlagde, for eksempel i samband med komplikasjonar i Helse Fonna, skal vakthavande legar straks kontakte namngjevne legar ved onkologisk avdeling i Helse Bergen. Korrekt registrering av ipilimumab i ISF-systemet er verifisert frå Helsedirektoratet. Det er gjort avtale med Sjukehusapoteket om melding ved rekvisisjon/bestilling av ipilimumab. Prosjektnummer er etablert. Det er teke kontakt med Helse Bergen for å samarbeide om rutinar for registrering av utgifter.  Helse Bergen og Helse Fonna får i oppdrag i fellesskap å greie ut korleis assistert befruktning til personar med HIV-infeksjon skal løysast i Helse Vest. Av tilleggsdokumentet til føretaket sitt styringsdokument 2013 går det fram at dei regionale helseføretaka skal sørgje for at tilbod om assistert befruktning blir gjort tilgjengeleg for infertile HIV- og hepatittsmitta. Helse Fonna har per dags dato ikkje tilbod om assistert befruktning til personar med HIV- og hepatittsmitte. Føretaket vil i samarbeid med Helse Bergen greie ut korleis eit slikt tilbod kan organiserast i Helse Vest. Dette arbeidet skal setjast i gang i 2014. Arbeidet med innføring av nytt IVF-system hausten 2013 har lagt grunnlag for auka samhandling mellom dei to fertilitetsavdelingane.

4 Økonomiske krav og rammevilkår 4.1

Resultatkrav for 2013

Helse Fonna HF har eit resultatkrav frå eigar på 34 millionar kroner for 2013. Prognosen for 2013 pr. november syner eit årsresultat i tråd med resultatkravet.

4.2

Styring og oppfølging 2013

Helseføretaka skal  rapportere status for eksternt samarbeid med andre helseføretak når det gjeld medisinske støttefunksjonar, for eksempel radiologi og alle typar laboratorietenester. Frist for rapportering er 1. april 2013. Rapporteringa skal omfatte: • • Kva eksisterer av samarbeid med andre helseføretak i dag? Kva er under oppstart av samarbeid? • Omtale av kva for område helseføretaka ser at det er standardiserings-, effektiviserings- og samordningspotensial ved medisinske støttefunksjonar. 42

Fagfolk frå Helse Fonna samarbeider med fagfolk i dei andre føretaka – i høve til prosjekt, tenesteutvikling, anbodsarbeid og IKT. Innan medisinsk biokjemi er føretaket i dialog med Helse Bergen om avtale om legetenester. Dette er i samband med at eigen overlege går av med pensjon. Vidare standardiserings-, effektiviserings- og samarbeidspotensial kan vere knytt til auka digitalisering, til dømes gjennom digital patologi. Område der føretaket har lite volum, kan vere aktuelle for samordning. Vidare utvikling av samarbeidet bør skje gjennom leiarlinja i større grad enn det som har vore tilfelle til no. Medisinske støttefag er organiserte ulikt i føretaka, og det er ikkje etablert forum der leiarar for desse faga kan treffast. Helseføretaka skal  bidra i arbeidet med gjennomgang av pasientstraumar Helse Fonna HF har vendt seg til Helse Vest RHF i høve til ein gjennomgang av pasientstraumar med sikte på oppdatering av gjestepasientoppgjeret mellom helseregionane. Status er at Helse- og omsorgsdepartementet i august sende brev til Helsedirektoratet med svarfrist 1. desember, der det blir initiert ein gjennomgang av pasientstraumar. Ein ventar difor å starte arbeidet etter at Helsedirektoratet har svart på brevet. Helseføretaka skal  sikre at den medisinske kodinga er fagleg korrekt og ikkje blir brukt for å auke innteninga i strid med god fagleg praksis og ei formålstenleg organisering Ansvar for korrekt medisinsk koding er lagt til klinikkane. Det er tema for internkontroll. Ved undervisning har det vore lagt stor vekt på det medisinske grunnlaget og formålet med korrekt diagnosesetjing og koding. Tidlegare internkontroll og regional internkontroll har ikkje gjeve grunn til å tru at det vert gjort bevisst «overkoding» for å auke inntekter. Helseføretaka skal  gradvis implementere kostnad per pasient (KPP) som grunnlag for god styring av verksemda Helse Fonna har i samarbeid med Analysesenteret utarbeidd og tilpassa KPP‐modellen KOSPA til Helse Fonna. Denne er pr. i dag teken i bruk for analyse av kostnader og ressursbruk i kirurgisk klinikk. Vidare er det gjennom Analysesenteret starta eit samarbeid med andre sjukehus som brukar KOSPA, om vidare utvikling av modellen. Målet med samarbeidet er å kunne samanlikne eigne kostnader med dei andre sjukehusa.

4.3

Investeringar

Helse Fonna HF har for 2013 budsjettert å gjennomføre investeringar for 114 millionar kroner. Finansieringsgrunnlaget som er avpassa av kontantstraumen generert av drifta i føretaket, er på 127,5 millionar kroner. Dette er ei oppjustering på 13,5 millionar kroner, på grunn av mindre likviditetsoverføring til Helse Vest IKT AS enn lagt til grunn i investeringsbudsjettet for 2013. Differansen mellom budsjettet og finansieringsgrunnlaget i 2013 vil bli overført til finansieringsgrunnlaget for 2014. I tillegg er rehabilitering av Sjukehusapoteket starta med eit investeringsbudsjett på 17,6 millionar kroner. Dette er ei 43

tilleggsinvestering som er lånefinansiert, og Sjukehusapoteka Vest HF vil betale for denne rehabiliteringa gjennom auka husleige. Helse Fonna HF har sett i verk investeringsprosjekta i tråd med gjeldande plan. Investeringsbudsjettet gjev ikkje handlingsrom for investeringar som i vesentleg grad bidreg til utvikling og endring av den underliggjande drifta, men held i all hovudsak ein renoverings- og erstatningsprofil. I tråd med krav i styringsdokumentet utarbeidde føretaket våren 2013 ein overordna plan for å nå minimumsstandard for føretaket sine bygg. Denne planen blei handsama av styret i juni 2013 i sak 59/13 A. Planen er basert på at følgjande tiltak blir gjennomførte parallelt: 1.

Sanering og avhending 2.

Arealutvikling og nybygg 3.

4.

Investeringsbudsjett Drift- og vedlikehaldsbudsjett I dei kommande åra har føretaket ei målsetjing å prioritere både drifts- og investeringsmidlar til rehabilitering av eksisterande bygg og tekniske anlegg som er ferdig nedskrivne i rekneskapen (teknisk forelda). Desse prioriteringane er i tråd med strategien og vil på sikt bidra til at ein reduserer føretaket sitt vedlikehaldsetterslep, og at samla tilstandsgrad blir forbetra. Helse Fonna HF har laga ein samla utviklingsplan for føretaket sin bygningsmasse. Planen blei handsama av styret i mai 2013 i sak 58/13 A. I sak 88/13 A bad styret administrerande direktør setje i verk idéfase for Haugesund sjukehus i tråd med mandat, gjeldande lovverk og retningslinjer for denne typen prosjekt, som eit første steg i oppfølginga av utviklingsplan for Helse Fonna. Målsetjinga er at idéfasen blir påbyrja ved årsskiftet 2013/14 og at rapporten frå fasen blir ferdigstilt hausten 2014. Føretaket følgjer retningslinjene i «tidlig-faseplanlegging for sykehusprosjekter».

4.4

Låneopptak og driftskreditt

Helse Fonna HF si ramme for driftskreditt er i tråd med gjeldande ramme frå Helse Vest RHF. Ramma er for 2013 redusert frå 332 millionar kroner til 325 millionar kroner. Vidare er det vedteke at ramma skal reduserast ytterlegare til 304 millionar kroner i august og til 294 millionar kroner ved utgangen av 2013. Likviditetsutviklinga (driftskreditt) har vore god det siste året med ei betring på om lag 50 millionar kroner frå 2012. Dette skuldast positiv kontantstraum frå drifta. Helse Fonna har pr. oktober nytta 60 millionar kroner av driftskredittramma. Føretaket har pr. oktober langsiktige lån på 189,5 millionar kroner til Helse Vest RHF.

4.5

Rapporteringskrav økonomi

I rapport frå verksemda til styret i Helse Fonna HF blir økonomistatus frå førre månad rapportert. Der blir resultatrekneskapen stilt opp og dei største avvika kommenterte. 44

Helse Fonna sender inn fastsett rapport til Helse Vest månadleg om den økonomiske utviklinga og status for dei tiltaka som skal setje helseføretaket i stand til å nå resultatkravet. Helse Fonna følgjer fastsette malar og retningslinjer for einskapleg rekneskapsføring i helseføretaksgruppa.

5 Organisatoriske krav 5.1

Informasjonsteknologi og digitale tenester (e helse)

Helseføretaka skal saman med Helse Vest RHF, Helse Vest IKT AS og i samarbeid med Helsedirektoratet og dei andre regionale helseføretaka  bidra til å følgje opp st.meld. nr. 9 (2012–2013):

Én innbygger – én journal

 Det er her viktig å utnytte det handlingsrommet som ligg i informasjonsteknologien, for å oppnå betre kvalitet, pasienttryggleik, effektivitet og ressursbruk i tenesta. Helse Fonna arbeider på strategisk plan gjennom deltaking i SIKT og i IKT og prosjektporteføljeprosessen. På operativt nivå deltek føretaket med ressursar i dei ulike regionale prosjekta. Helse Vest førebur stortingsmelding nr. 9 ved å konsolidere DIPS databasane. Dette er eit skritt på vegen for ein felles pasientjournal på Vestlandet.

 bidra til å vidareutvikle tenesta helsenorge.no Helse Fonna deltek i utviklinga av helsenorge.no gjennom å levere oppdatert og korrekt informasjon om eige føretak. I tillegg deltek Helse Fonna i Helse Vest RHF sitt regionale prosjekt «Alle møter». Gjennom dette bidreg dei til utvikling av innloggingstenester på helsenorge.no som skal gje moglegheit for innsyn i eigne timeavtalar og etter planen moglegheit for endring av time og tovegskommunikasjon mellom brukar/pårørande og helseføretak.  bidra til Norsk Helsenett SF sine prosjekt for meldingsutveksling, bruk av adresseregister (OSEAN) og arbeidet med å utvikle HelseCSIRT (Computer Security Response Team), som skal vere helse‐ og omsorgssektoren sitt felles kompetansesenter for informasjonstryggleik Helse Fonna er kome godt i gang med å innføre pleie- og omsorgsmeldingar (PLO-meldingar) i føretaket. I løpet av november skal alle seksjonar i føretaket kunne kommunisere med kommunehelsetenesta i pasientområdet. Dei einskilde kommunane vert fasa inn etter kvart som dei har gjort sine eigne førebuingar. Karmøy og Tysvær har vore pilotkommunar. Adresseregister vil bli utført som ei regional oppgåve, der helseføretaka i Helse Vest tiltrer etter ein regional plan. Helse Bergen er medlem av HelseCSIRT. Helse Fonna får heile tida informasjon om arbeidet i kompetansesenteret. 45

 bidra til gjennomføring av regjeringa sitt digitaliseringsprogram «På nett med innbyggerne» og føringane i digitaliseringsrundskrivet Helse Fonna deltek og bidreg i fleire regionale og nasjonale prosjekt som har mål om å betre den nettbaserte dialogen med innbyggjarane: Det regionale prosjektet «Alle møter» skal mellom anna utvikle nye løysingar for digital dialog med pasientar og pårørande, og det regionale prosjektet for å innføre nye nettsider for føretaket skal særleg sørgje for meir brukarvennlege nettsider. Desse prosjekta er òg nært knytte opp til vidare utvikling av den nasjonale portalen helsenorge.no. I begge desse prosjekta skal klart språk og universell utforming vere ivareteke. Helse Fonna planlegg å innføre e-resept i løpet av 1. halvår 2014. Dette er i tråd med regionale planar.  bidra til at systemet for uønskte hendingar er på plass innan 15. april 2013 og integrert i det felles avvikssystemet Helse Fonna sender avviksmeldingar frå Synergi til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta og får tilbakemeldingar i det same systemet.

 

5.2

Tiltak på personalområdet

Helseføretaka skal  sørgje for at alle medarbeidarar registrerer bierverva sine i biervervsmodulen, og at alle bierverv som blir registrerte, blir fortløpande behandla av nærmaste leiar Det føreligg retningslinjer for praktisering av regelverk for bierverv, som skal hjelpe både medarbeidarar og leiarar til å følgje opp desse forholda på ein tilfredsstillande måte. Alle registrerte bierverv skal fortløpande følgjast opp av leiar.  rapportere om status for tal på bierverv per 31.12.2013 i årleg melding Det er registrert 47 bierverv fordelt på 34 tilsette per november 2013.

 implementere legestillingsregisteret og vedlikehalde data som er registrerte i legestillingsregisteret Føretaket tek aktivt del i regionalt arbeid for å implementere legestillingsregisteret. Forvaltning og vedlikehald av data blir gjort i lønns- og personalsystemet.

5.2.1

Strategisk kompetansestyring

 Helseføretaka skal ta i bruk teknologi som til ei kvar tid er tilgjengeleg, og som støttar opp om strategisk kompetansestyring. 46

Føretaket har òg hatt i drift ei piloteining for utprøving og utvikling av ny funksjonalitet knytt til kompetansestyring. Ny funksjonalitet for kompetansestyring er i startgropa for utrulling.  bidra i utviklinga av området Føretaket er aktivt med i regionalt arbeid med utvikling av Kompetanseportalen. Helse Fonna har hatt prosjektleiar i dette arbeidet hausten 2013 (HR-rådgjevar).

5.2.2

Etisk rekruttering og gode rutinar for tilsetjing

Helseføretaka skal  bidra i utviklinga av området Helse Fonna held seg til WHO sine retningslinjer for etisk rekruttering og vil bidra i vidare utvikling av gode rutinar for tilsetjing. Sjekkliste er å finne i føretaket si personalhandbok.

5.2.3

HR- og HMS-arbeidet

Helseføretaka skal  implementere og levere i tråd med dei felles regionale HR- og HMS-indikatorane etter kvart som dei blir tekne i bruk Føretaket implementerer og rapporterer på HR- og HMS-indikatorane etter kvart som dei blir sette i verk i IKT-systema. Det står framleis noko igjen på å ha tilfredsstillande rapporteringsverktøy. Forbetring/utvikling i Kompetanseportalen vil etter kvart bidra til dette.

5.2.4

Oppfølging av arbeidsmiljølova

Helseføretaka skal  arbeide systematisk for å etablere gode rutinar og setje i verk nødvendige tiltak for å etterleve arbeidsmiljølova generelt, og arbeidstidreglane spesielt Føretaket har etablert faste rapporteringsrutinar for å følgje med på utviklinga i varsel om moglege brot på arbeidstidsreglane. Dette har også stort fokus når ein utarbeider arbeidsplanar og i samhandling med tillitsvalde og vernetenesta. Føretaket rapporterer til AMU etter fastsatt plan. Leiinga, tillitsvalde og vernetenesta samhandlar på alle nivå i organisasjonen.  samarbeide om å auke kunnskapsgrunnlaget på området Arbeidstidsplanlegging og lov- og avtaleverk har hatt stort fokus i opplæringstiltak i 2013. Felles opplæring for leiarar, tillitsvalde og verneombod er gjennomført ved fleire høve. 40 timars HMS opplæring for AMU medlemmer, leiarar og verneombod blir gjennomført to gongar årleg. 47

5.2.5

Leiarrolla

Helseføretaka skal  bidra til utvikling, innføring og gjennomføring av felles regionalt introduksjonsprogram for nye leiarar Føretaket har delteke i det regionale arbeidet med representant i arbeidsgruppa.  bidra til utvikling på området, og både interregionalt, regionalt og lokalt leggje til rette for at leiarar i førstelinja har nødvendig kompetanse og støtte for å ta hand om ansvaret som leiar og leggje til rette for utvikling av medarbeidarskap Føretaket har hatt ulike opplæringstilbod for leiarar, der blant anna førstelinjeleiarar har vore målgruppa. Føretaket arbeider med å tilpasse og vidareutvikle leiarutviklingsprogram, og har i dette arbeidet særleg fokus på kompetanse og støtte for førstelinjeleiarar og på leiarrekruttering. Føretaket har arbeidd med å revidere/vidareutvikle retningslinjer knytte til leiing, ansvar og mynde, som no skal implementerast i organisasjonen. Utvikling av leiarportal, der leiar skal ha betre tilgang til støtte, er i gang. Omlegging av HR funksjonen skal også bidra til betre støtte for leiarane. Føretaket deltek også i regionalt utviklingsarbeid knytt til leiing og leiarrolla.  delta aktivt i etablering av felles regional leiarhandbok Føretaket har oppnemnt deltakar til dette prosjektet.  vidareutvikle prosessar for god oppgåvedeling mellom yrkesgrupper og mellom medarbeidarar, slik at det støttar opp under oppgåvene som skal løysast og pasientane sine behov for kompetanse Føretaket har starta arbeidet med oppgåvedeling. Klinikk/seksjonar har arbeidd med å definere kompetansesamansetnad og arbeidsoppgåver gjennom nye stillingsbeskrivingar. Arbeidet med oppgåvedeling mellom yrkesgrupper er i startgropa og må få auka fokus kommande år.

5.2.6

Faste stillingar og deltid

Helseføretaka skal  halde fram med å arbeide aktivt for å avgrense bruken av mellombelse stillingar, deltidsstillingar og vikariat, få fleire heile faste stillingar og utvikle ein kultur for heiltidsarbeid Føretaket har rutinar som sikrar at det som hovudregel vert tilsett i faste stillingar og avgrensar bruken av mellombelse stillingar og vikariat. Dette har kontinuerleg fokus. Den gjennomsnittlege stillingsprosenten i føretaket pr. november 2013 er 87,7 prosent. Arbeidet er forankra i føretaket si toppleiing, og har vore lagt fram for styret hausten 2013. Tiltak det blir fokusert på, er auka samhandling mellom klinikkar ved utlysing av småstillingar, auka bruk av bemanningssenteret for tilsette i småstillingar, timebankløysing og auka fokus på permisjonspraksis. 48

 halde fram med å arbeide aktivt saman med arbeidstakarorganisasjonane for å finne prosjekt eller gode tiltak som kan medverke til å auke stillingsdelen for medarbeidarar i deltidsstillingar og gje fleire heiltidsstillingar Tillitsvalde er aktivt med i arbeidet om reduksjon av deltid, særleg gjennom VOX-finansiert prosjekt, der Fagforbundet er part i arbeidet. Prosjektet omhandlar mellom anna rett kompetanse på rett plass til rett tid.

5.2.7

Avansert oppgåvedeling og arbeidsplanlegging

Helseføretaka skal  implementere og aktivt ta i bruk tilgjengeleg teknologi i arbeidsplansystemet som legg til rette for avansert oppgåveplanlegging og oppgåvedeling Føretaket har to pilotar knytt til prosjektet «Alle møter», der avansert oppgåveplanlegging for legar vert testa ut. Utrulling av funksjonaliteten blir gjort i tråd med anbefalingar i dette prosjektet.  sørgje for å setje i verk avansert oppgåveplanlegging og god oppgåvedeling for alle einingar og helsepersonell / alle yrkesgrupper, gjennom godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta Delprosjektet «Avansert oppgåveplanlegging» knytt til «Alle møter» skal sikre at utrulling av avansert oppgåveplanlegging vert gjort i samsvar med felles regional tilnærming. Tillitsvalde og vernetenesta er involverte i arbeidet gjennom deltaking i prosjektorganisasjonen.  ferdigstille kompetanseplanar og oppgåvevurdering i Kompetanseportalen Føretaket vil ta i bruk aktuell funksjonalitet for dette når det ligg føre.  leggje til rette for å vidareutvikle prosessar for å setje fokus på god oppgåvedeling mellom yrkesgrupper og mellom medarbeidarar, slik at det støttar opp under oppgåvene som skal løysast Det er særleg medisinsk klinikk i føretaket som har jobba målretta med oppgåvedeling. Dette har resultert i endra stillingsbeskrivingar, særleg for sekretærgruppa. Det er planar om å vidareutvikle dette arbeidet i klinikken, og å nytte den same metodikken i andre klinikkar.  gjere seg nytte av kunnskap og erfaring som etter kvart utviklar seg i heile føretaket, som er gode eksempel på oppgåvedeling og avansert oppgåveplanlegging Føretaket vil leggje til rette for kunnskapsdeling for å sikre erfaringsoverføring og gode prosessar i dette utviklingsarbeidet. 49

5.2.8

Bruk av konsulentar og innleige

Helseføretaka skal  følgje lojalt dei nasjonale rammeavtalane for innleige av helsepersonell og etterleve og utvikle gode arbeidsprosessar og systemstøtte ved bruk av rammeavtalane   Føretaket har rutinar som skal sikre at nasjonal avtale for innleige av helsepersonell vert følgd. Føretaket har sentralisert denne funksjonen for å sikre etterleving av retningslinjer og gode arbeidsprosessar. Føretaket har frå juni 2013 implementert nye arbeidsprosessar for innleige av helsepersonell gjennom Personalportalen.  

5.3

Vurdering av utvida opningstid for planlagd verksemd

Helseføretaka skal  bidra i arbeidet med kartlegging og utgreiing for å vurdere utvida opningstid for den planlagde verksemda ved sjukehusa Føretaket overvaker kontinuerleg ventetid og fristbrot for å kunne setje i verk tiltak for å møte nasjonale krav. Utvida opningstid på poliklinikk er gjennomført for enkelte fagområde. I samband med prosjektet «Alle møter» er også dette ei problemstilling som vil få auka fokus i 2014.

5.4

Intern kontroll og risikostyring og krav til forbetring av det pasientadministrative arbeidet

Helseføretaka skal  arbeide systematisk for å førebyggje, forhindre og avdekkje svikt/avvik i dei pasientadministrative systema Analysesenteret ved Lovisenberg Diakonale Sykehus, som Helse Fonna har avtale med, analyserer pasientadministrative data frå DIPS og fangar gjennom dette arbeidet opp manglar og feilregistreringar. EPJ-senteret er internt kontaktpunkt og sender tilbakemeldingar til seksjonane saman med råd om korreksjonar, oppfølging og påminning om gjeldande prosedyrar. Meldingane blir sende til oppnemnde kontaktpersonar med kopi til linjeleiinga. Vidare overvaker EPJ-senteret det pasientadministrative arbeidet i DIPS gjennom følgjande tiltak: o tek ut rapportar (for eksempel arbeidsoppgåver som ventar både i private og felles arbeidsgrupper, fastlegeoppdateringar) til oppfølging i dei ulike seksjonane i føretaket o overvaker eventuelle feil i arbeidsflyt til udefinert arbeidsgruppe (til dømes svar på biokjemiske prøvar, røntgenundersøkingar, patologisvar) og overfører opplysningane til rett felles eller privat arbeidsgruppe o o rettleier/underviser brukarar dersom brukar/brukarar gjer same feilen fleire gonger, eller dersom den same feilen går igjen i fleire seksjonar/klinikkar. overvaker elektronisk utsende epikrisar 50

Arbeidet har gradvis betra datakvaliteten, men det er framleis feil og behov for rydding, korrigeringar og opplæring. Som oftast føreligg det brukarfeil.  ha metodar, baserte på felles regionale prosessar, for å teste og overvake eventuell svikt i det pasientadministrative arbeidet, slik at tiltak blir sette i verk raskt EPJ-senteret rapporterer status for ikkje-utførte oppgåver i private og felles arbeidsgrupper til klinikkleiinga. EPJ-senteret sender også oversikt over dokument som ikkje er skrivne ut, for oppfølging i klinikkane. I tillegg vert det henta ut ulike kvalitetsrapportar som blir rydda i av tilsette i EPJ-senteret. Det er utarbeidd «Rettleiing for kvalitetssikring i Helse Fonna» med oversikt over kva slag rapportar som bør hentast ut i linja. Rettleiaren viser også framgangsmåte for rydding. Ein rapportrettleiar viser oversikt og omtale av nyttige rapportar. Ved utgangen av 2012 blei det gjennomført to-dagars «workshop» med representantar frå helseføretaka i Helse Vest og DIPS. Viktige prinsipp for å identifisere avvik og kvalitetssikre oppfølging av elektronisk arbeidsflyt og integrasjonar blei gjennomgått. Dette arbeidet blir følgt opp kvar sjette veke i driftsmøte.  følgje opp arbeidet med kvalitetssikring av pasientadministrative rutinar med omsyn til leiing, organisasjons- og kompetanseutvikling Representantar frå EPJ-senteret deltek i regionale samarbeidsmøte for felles EPJ. Lege- og behandlargrupper har tilbod om undervisning med fokus på korrekt registrering i DIPS. Undervisning blir elles gjennomført for andre faggrupper der det er behov for meir opplæring. DIPS-rutinar blir oppdaterte ved behov. Informasjon om endringar i rutinar og annan viktig informasjon som gjeld DIPS, blir formidla gjennom intranettet og direkte mail til kontaktpersonar og linjeleiinga. Det er faste møte mellom EPJ-senteret, IKT-sjef og fagsjef i føretaket. Helse Fonna har hatt representant i den regionale gruppa som har utarbeidd «Opplæringsplan i DIPS» og er innstilte på å følgje opp føringar som måtte bli vedtekne på regionalt nivå på grunnlag av planutkastet. Arbeidet har gradvis betra datakvaliteten, men det er framleis feil og behov for rydding, korrigeringar og opplæring. Som oftast føreligg det brukarfeil. Ambisjonen er at korrekte data skal registrerast rett første gongen.

 ha etablert rutinar for varsling internt i regionen og for erfaringsutveksling Representantar frå EPJ-senteret møter fast i felles EPJ fagforum kvar sjette veke og i møte i endringsrådet kvar veke. Varsling og erfaringsutveksling er sentrale tema i desse møta.  gjennomføre risikostyring i tråd med retningslinjene for risikostyring i Helse Vest. Føretaket gjennomfører risikostyring i tråd med retningslinjene for risikostyring i Helse Vest. Risikorapporteringa blir handsama som avgjerdssak kvart tertial i styret i Helse Fonna HF. Helse Fonna har valt fem overordna styringsmål for risikostyring i tråd med 51

styringsdokumentet frå Helse Vest RHF. Første og andre mål er felles for føretaksgruppa i Helse Vest RHF. o Pasienten skal få tilgang til spesialisthelsetenester i høve til lov og forskrift. o o o Pasientar med rett til helsehjelp skal ha tilgang til diagnostisering, behandling og omsorg av høg kvalitet. Kreftpasientar skal få utgreiing og behandling utan unødig forseinking. Helse Fonna skal halde budsjettet for 2013. o Helse Fonna skal vere ein endrings-/omstillingsdyktig organisasjon i høve til endring av arbeidsprosessar, innføring av nye oppgåver samt at føretaket sikrar drift i samsvar med tildelte økonomiske rammer. Det er for tredje tertial 2013/situasjon ved årsslutt ingen risikoelement som har sannsynlegheit og konsekvens i raud sone. Helseføretaka skal  sørgje for at ansiennitetsdatoen følgjer pasienten i heile forløpet ved interne tilvisingar i spesialisthelsetenesta. I dette arbeidet skal helseføretaka leggje til grunn notat om ventetider, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12). Rutinar ved intern tilvising i spesialisthelsetenesta skal vere i tråd med gjeldande rett før 1. mai 2013 01.05.13 er det lagt inn ny, godkjend rutine i Helse Fonna si prosedyrehandbok, som viser korleis ein skal hente ut systemmal som skal følgje tilvisinga når pasienten blir tilvist vidare til anna sjukehus. Rutinen er i tråd med notat om ventetider, behandla i direktørmøtet 5. november 2012 (sak 74/12). Systemmalen hentar automatisk ut data frå primærtilvisinga, som blant anna ansiennitetsdato og frist for start helsehjelp. Informasjon om prosedyren er også gjeve gjennom intranettet og i mail til linjeleiinga. Tiltaket har betra overføringa av naudsynte opplysningar, men det trengst framleis påminning for komplett gjennomføring. Helseføretaka skal  bidra i arbeidet med å sikre at det elektroniske systemet for melding om uønskte hendingar er på plass innan 15. april 2013. Systemet skal vere integrert i avvikssystema til føretaka. Kunnskapssenteret skal både kunne få meldingar og gje tilbakemeldingar i systemet Helse Fonna sender avviksmeldingar til, og tek imot tilbakemeldingar frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta i Synergi .

5.5

Regjeringa sin eigarpolitikk 5.5.1

Mangfald og likestilling

Helseføretaka skal  vere kjende med krava til samfunnsansvar på områda mangfald og likestilling, og skal fremme samfunnsansvar i heile organisasjonen 52

Helse Fonna legg vekt på å fremme likestilling og mangfald gjennom ulike tilnærmingar: o Arbeider for ein balansert samansetnad av alder og kjønn på alle nivå i o organisasjonen – dette har fokus i rekrutteringsprosessen. Arbeider for likelønn og redusert deltid/heiltidskultur. Lønnspolitikken sikrar likelønn, og føretaket har ein gjennomsnittleg stillingsprosent på 87,7 pr. november 2013. o Legg til rette for ein livsfaseorientert personalpolitikk, blant anna at senior- medarbeidarar skal stå lenger i arbeid. Tiltak på dette området handlar om haldningsskapande arbeid, leiaropplæring, seniorkurs og KLP-rettleiing, fleksibel o bruk av øyremerkte seniortilskot. Legg til rette for mangfald og integrering gjennom å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn til ledige stillingar. Dette blir blant anna o o ivareteke i standard utlysingstekst. Legg til rette for at medarbeidarar med nedsett funksjonsevne kan arbeide i føretaket, gjennom tilretteleggingstiltak / ev. omplassering og tett samarbeid med NAV arbeidsliv. Gjennomfører kjønnsnøytral lønnspolitikk – fastset lik lønn for likt arbeid.

5.5.2

Lønnsutviklinga i helseføretaka

Helseføretaka skal  ha merksemd på forholdet mellom lønnsutviklinga for leiarar og andre tilsette Lønnsutviklinga for leiarar og andre tilsette har vore lik i Helse Fonna dei seinare åra. Leiarane får lønna si justert etter at hovudoppgjeret for dei andre tilsette er avslutta. Dette skal sikre at leiarar følgjer den same utviklinga som andre tilsette. Det er klinikk-/områdedirektør som har fullmakt til å justere lønn til leiarar i tett samarbeid med HR-direktør og forhandlingssjef.

5.6

Utvikling av nødmeldetenesta

Helseføretaka skal  bidra i den vidare utbygginga av nødnett Det er etablert prosjektgruppe og prosjektleiar i føretaket, som er del av prosjektet i Helse Vest. Føretaket har gjennomført dei tiltaka som er gjevne i framdriftsplanen og held kvar veke møte med mellom anna RHF, Helse- og Sosialdepartementet og Helsedirektoratet. Helse Fonna vil innføre nødnett hausten 2014 i tråd med plan.  leggje til grunn nytt styringsdokument for nødnett, der helseføretaka, i samarbeid med kommunane, har eit sjølvstendig ansvar for gjennomføring av planen for landsdekkande utbygging 53

Det blir arbeidd med modell for samarbeid, der KS deltek saman med Helsedirektorat, og der RHF/HF er ansvarleg. Det blir planlagt ny møteserie med kommunane, som er i tråd med framdriftsplanen.

5.7

Barn som tolk

Helseføretaka skal  setje i verk nødvendige tiltak som gjer at ingen barn under 18 år blir brukte som tolk i spesialisthelsetenesta, uavhengig av foreldra eller andre slektningar sin diagnose. Barn under 18 år kan berre unntaksvis bli brukte som tolk ved akutte situasjonar der det er fare for liv og helse Helse Fonna brukar ikkje barn som tolk. I hovudsak blir det brukt telefontolk, berre sjeldan til‐stades‐tolk.

5.8

Landsverneplan Helse – oppfølging av verneklasse 2

Helseføretaka skal  sørgje for at arbeidet med forvaltningsplanar for bygg og eigedommar i verneklasse 1 og 2 får prioritet, slik at dette arbeidet kan ferdigstillast innan utgangen av 2013, tinglyse heftingar i grunnboka for eigedommar i verneklasse 2 og vise til landsverneplanen og tilhøyrande forvaltningsplan Forvaltningsplanen for Stord sjukehus blei godkjend av Riksantikvaren i 2011. Planane for Valen sjukehus og Jonatunet blei sende til Riksantikvaren for handsaming ved årsskiftet 2012/2013. Riksantikvaren har bekrefta at planane er mottekne, men har pr. dags dato ikkje handsama dei. Føretaket har etterlyst tilbakemelding ved fleire høve. Helse Vest RHF er orientert om den manglande tilbakemeldinga, og tilhøvet er teke opp med kulturminneforvaltar for helseføretaka. Helse Fonna har tinglyst dokument på bygg og eigedommar som er forskriftsfreda. Dette gjeld dei bygga som er freda i verneklasse 1. Føretaket har hatt problem med tinglysingsforskrifta sitt krav når det gjeld tinglysing av verneklasse 2. Forskrifta stiller krav til klarleik og form for dokument som ein ønskjer å tinglyse. Problemstillinga er løfta til Helse Vest RHF og det regionale forumet for LVP – Helse.  ved eventuell avhending av eigedommar som er underlagt vern i verneklasse 1 eller 2, sikre at dette er notert som hefte i grunnboka før salet blir gjennomført Verneklasse 1 er tinglyst på dei aktuelle eigedommane. Føretaket er orientert om at Helse Vest RHF har løfta utfordringane med tinglysing av verneklasse 2 til HOD. 54

 sørgje for at alle verna eigedommar får påmontert synleg merking som opplyser om vernet. Merkinga skal vere utforma i samsvar med felles nasjonale retningslinjer, utarbeidde av dei regionale helseføretaka Helse Fonna har ei målsetjing om å merkje alle eigedommar med freding og vern i 2013. Merkinga kan ikkje gjennomførast før det ligg føre felles retningslinjer frå det regionale helseføretaket. Føretaket er orientert om at felles retningslinjer ligg til handsaming i det nasjonale forumet for LVP – Helse.  leggje «Felles rutinar for utarbeiding av forvaltningsplanar, gjennomføring av vedlikehald og søknadspliktige tiltak for verna byggverk og område i helseregionane» til grunn for forvaltninga av verna bygg og eigedommar som høyrer helseføretaket til, jf. styresak for Helse Vest RHF 111/12, vedteken i styremøte 7. november 2012, med tilhøyrande brev sendt til helseføretaka Rutinar for kva som er vanleg vedlikehald, og kva som er søknadspliktig tiltak, er innarbeidd i forvaltningsplanen for kvart einskilt bygg. Rutinane er også implementerte i føretaket sitt forvaltning, drift og vedlikehaldssystem (FDV).

5.9

Samhandling med Sjukehusapoteka Vest HF

Helseføretaka skal  samarbeide med Sjukehusapoteka Vest HF for å etterleve avtalane om farmasifaglege tenester og leveransar av legemiddel Helse Fonna etterlever avtalane med Sjukehusapoteka Vest. Avtalen blei i 2012 utvida med LAR-leveransar, og alle DPS-a er omfatta av avtalane.

 samarbeide med Sjukehusapoteka Vest HF for å bidra til meir effektiv legemiddelforsyning, trygg legemiddelbruk, og for å hindre legemiddelfeil Helse Fonna samarbeider med Sjukehusapoteka Vest for å bidra til meir effektiv legemiddelforsyning og trygg legemiddelbruk. Representant frå Sjukehusapoteket er sekretær, og LIS-representant frå apoteket er fast medlem i Legemiddelkomiteen. Kontraktar mellom sjukehus og apotek blir oppdaterte, og føretaket har avtalar om apotekstyrt legemiddelhandtering i kirurgisk klinikk og medisinsk klinikk. Føretaket kjøper tenester frå apoteket knytt til internrevisjonar og rådgjeving.  samarbeide med Sjukehusapoteka Vest HF i relevante forskings- og utviklingsprosjekt Helse Fonna har ingen forskingsprosjekt som er relevante for samarbeid med Sjukehusapoteka Vest. 55

5.10

Samhandling med Helse Vest IKT og utvikling av IKT/Teknologiområdet

Helseføretaka skal  delta i etablerte strategiske og operasjonelle forum og bidra til samordning av infrastruktur og applikasjonar og til utvikling av IKT/teknologiområdet Helse Fonna har ein organisasjon som speglar Helse Vest sin organisasjon med etablering av eit «lokalt SIKT». Føretaket deltek på ulike arenaer der IKT blir handsama: o Strategisk IKT-forum (SIKT) o Regionalt Applikasjonsforum o Regionalt IKT Tryggleiksutval o Regionalt Arkitekturforum o Regionalt EPJ-fagforum o Lokalt porteføljemøte I tillegg deltek føretaket i andre forum som drøftar IKT-saker, som fag- og AD-møte.  delta i vidare utvikling av styringssystemet med system- og prosessroller og prosjekt- og porteføljeprosessar Helse Fonna har etablert systemeigarskap til alle system som er i bruk. I føretaket er systemeigarskapet systematisk lagt til nivå 2-leiar. Lokale systemeigarar deltek i regionale systemeigarforum. Portefølje-, program- og prosjektprosessar blir handsama av LSIKT. IKT-leiar har ei viktig rolle i å delta i regional porteføljestyringsprosess med dei føringane som er lagde av administrerande direktør og LSIKT.  samarbeide med Helse Vest IKT og Helse Vest RHF for aktivt å forbetre forståinga av roller og korleis dei enkelte aktørane kan forbetre samarbeidsrelasjonane Helse Fonna vurderer det slik at den viktegaste arenaen for samarbeid mellom eigar, helseføretaka og Helse Vest IKT er SIKT. Samarbeidsrelasjonane er blitt betre etter at SIKT blei etablert.  medverke og delta i utviklinga av portefølje, program og prosjektområde Medverknad og deltaking skjer gjennom etablerte, regionale forum.  stille til disposisjon kompetanse og ressursar i føretaket innanfor dei programma, prosjekta og forbetringane innanfor IKT/teknologiutvikling som blir gjeve prioritet Helse Fonna stiller kompetanse og ressursar til disposisjon for regionale IKT-aktivitetar. IKT leiar tek imot førespurnad om ressursar frå dei ulike programma, og handsamar desse i samarbeid med klinikkar og område. Det kan vere krevjande å stille med all naudsynt kompetanse til alle prosjekta. 56

 leggje større vekt på vidareutvikling av brukarkompetanse innanfor IKT/teknologiområdet Det er lagt til rette for e-læringskurs i Læringsportalen for å vidareutvikle brukarkompetansen innan IKT. Her finn ein opplæringsprogrammet «På Nett», som er eit program for grunnleggjande innføring i IKT. I tillegg er det tilrettelagt for e-læringskurs i Microsoft Office sine produkt, i DIPS (EPJ), samt kurs innan smittevern, medisinsk koding, strålevern med vidare. Det er gjennomført ei rekkje klasseromskurs i programmet «Lync». «Lync» er ei programvare for kommunikasjon frå eigen datamaskin med personar som fysisk sit andre stader. Det er mellom anna mogleg å kommunisere gjennom direktemeldingar, tale og video. Med dette verktøyet kan ein også dele til dømes presentasjonar. Føretaket har teke i bruk programmet Sharepoint. Dette blir mellom anna brukt til rapportering innan økonomi, kvalitet, HR og budsjettarbeid og rapportering til styret i Helse Fonna HF og eigar. Brukarane opplever ei betre oversikt over ulike dokument.

5.11

Prosjekt og porteføljestyring

Helseføretaka skal  vere aktive bidragsytarar i dei prosjekta og programma som til ei kvar tid har fått prioritet i porteføljen, og vidareutvikle kompetanse innanfor portefølje, program og prosjektstyring for leiing og medarbeidarar Helse Fonna deltek i dei prosjekta som har fått prioritet i porteføljen, og deltek aktivt på dei arenaene som er etablerte innanfor porteføljestyringsprosessen.  etablere kompetanse og tilgjengelege ressursar innanfor kritiske område som verksemdarkitektur, endringsleiing og gevinstrealisering, både for eige bruk og for å bidra i regionalt og nasjonalt prioriterte tiltak Helse Fonna har noko kompetanse innanfor desse områda og bidreg etter førespurnad.  sikre eit godt mottaksapparat for nye teknologiske løysingar og sikre god leiarmessig forankring i samspelet mellom teknologi og forbetringar gjennom endringsleiing Helse Fonna har etablert ei god leiarmessig forankring når nye prosjekt skal avsluttast, og prosjektresultatet skal overtakast av linjeorganisasjonen.

6 Andre styringskrav 6.1

Rapportering til Norsk pasientregister

Helseføretaka skal  sørgje for auka kvalitet i rapporteringa til Norsk pasientregister, i tråd med informasjon som vil bli gjeve i eige brev 57

Data blir analyserte av analysesenteret ved Lovisenberg Diakonale Sykehus kvar veke, og feil og mangelfulle registreringar blir fanga opp. Analysesenteret sender tilbakemeldingar til EPJ senteret, som formidlar vidare til seksjonane med råd om korreksjonar, oppfølging og påminning om gjeldande prosedyrar. Meldingane blir sende til oppnemnde kontaktpersonar med kopi til linjeleiinga. I tillegg blir det teke ekstra kontrollar/prøvar av område der det erfaringsmessig har vore og er mange feil – og meldt tilbake for rettingar. Målsetjinga er at korrekte data skal registrerast korrekt første gongen, slik at det ikkje blir noko att å rette.

6.2

System for innføring av ny teknologi og nye metodar i spesialisthelsetenesta

Helseføretaka må  bidra, etter førespurnad, i dei regionale helseføretaka sitt arbeid med å vurdere legemiddelinnkjøpssamarbeidet (LIS) si rolle i system for innføring av ny teknologi og nye metodar i spesialisthelsetenesta Helse Fonna bidreg på førespurnad.

6.3

Kjøp av helsetenester

 For å kunne gjennomføre forsvarlege og gode kjøp av helsetenester treng Helse Vest bistand av helseføretaka sin kompetanse innanfor dei ulike fagområda. Dette inneber at helseføretaka må ta høgd for at personell må ta del i dei ulike prosessane. Helse Fonna har delteke med representantar i den regionale kartleggingsprosessen av behov for kjøp av kirurgiske tenester. Fokus har vore ventetid, kva føretaka kan tilby innanfor ressursane sine, og kva føretaket har behov for kjøp av helsetenester frå private.

7 Analyse og styringsinformasjon 7.1

Forvaltning av organisasjonsstruktur

Helse Fonna vil i løpet av 2013 ha implementert OrFu som gjev klare og eintydige organisasjonskart, ansvars- og fullmaktsstrukturar og rutinebeskrivingar i forhold til organisasjonsendring. Ansvaret for OrFu ligg under økonomidirektør. Ansvaret for oppdatering og vedlikehald av Register over «Enheter i Spesialisthelsetjenesten» (RESH) er lagt til EPJ-senteret under fagdirektør. RESH blir oppdatert fortløpande og kvalitetssikra opp mot OrFu. Etter implementeringa av OrFu vil ein evaluere kvar ansvaret for RESH skal liggje for å sikre at Helse Fonna har ei optimal organisering av arbeidet. 58

7.2

Kvalitet i styringsinformasjonssystemet

 Kvalitetssikre tala i styringsinformasjonsløysinga og setje i verk kontrollar for å sikre kvalitet i data. Konkret i 2013 skal HF-a kvalitetssikre data i ny aktivitetskube og i aktivitetsbarometeret (somatikk og psykiatri). Desse kjeldene er fasit for aktivitetsrapportering i 2013, og HF-a skal levere plantal for aktivitet. Helse Fonna HF gjennomfører rutinemessige kontrollar for å sikre kvalitet i data i styringsinformasjonsløysinga. Aktivitetskuben er implementert og er i bruk ved aktivitetsrapportering. Noko av oppfølginga av rapporteringa blir gjort på bakgrunn av NPK- tal, då det er etter den definisjonen av aktivitet budsjettet er lagt. Frå 2014 vil budsjettet bli lagt etter definisjonen i aktivitetskuben. I dag gjev aktivitetskuben data på HF-nivå. Kvalitetssikringa vil bli betre og enklare frå 01.01.14. Då vil strukturen i DIPS spegla organisasjonsstrukturen i Helse Fonna HF. Dette vil gjere det enklare å hente inn og gje tal på einingsnivå.  Sikre vidareutvikling av datavarehusløysinga gjennom råd om prioritering og deltaking i utviklingsprosjekt. Endeleg prioritering av utviklingsløp skjer i dialog med HF-leiinga i samsvar med den vedtekne saksgangen . Helse Fonna HF har delteke i utviklingsprosjekt der ein ser på utviding av bruken av datavarehusløysinga. Ein har også bidrege i arbeidet med å automatisere rapporteringa.  Sikre at ordninga med DFU blir kjend i HF-a, og at bidrag i DFU-samanheng blir forankra internt i eige føretak. Prosjekta Helse Fonna HF har delteke i gjennom DFU, har gjennom presentasjonar og opplæring blitt formidla ut i føretaket.

7.3

Gjennomføring av KPP-pilot

 Helse Vest RHF skal delta med minst eitt helseføretak i KPP-prosjektet til Helsedirektoratet. Helse Vest bed om at Helse Fonna framleis deltek i dette prosjektet. I den grad andre HF startar arbeid med KPP, skal desse føretaka sikre at felles metodeverk og verktøy i føretaksgruppa blir utvikla. Helse Fonna deltok på KPP-seminar arrangert av Helsedirektoratet i september. Som skildra under punkt 4.2 har Helse Fonna utarbeidd ein KPP-modell. Helse Fonna har uttrykt ønske om å inkludere dei andre HF-a i vidareutvikling av KPP-modellen, med mål om å kunne byggje vidare på eit felles metodeverk og verktøy i føretaksgruppa. 59

8 Plandokument 8.1

Utviklingstrendar og rammer 8.1.1

Utviklinga innanfor opptaksområdet

For dei neste fem åra er det venta ein auke i folketalet i Helse Fonna HF på seks prosent basert på SSB si framskriving av befolkningstala. Det er førebels usikkert om det blir vekst innanfor spesialisthelsetenesta, og i så fall kor stor den blir, på grunn av implementering av samhandlingsreforma. Gjeldande politiske føringar, samt retninga i endra lovverk tilseier at spesialisthelsetenesta vil ha ein mindre vekst i åra som kjem, trass i at det er venta ein befolkningsvekst i perioden, der ein stadig større del av befolkninga også blir eldre. Samhandlingsreforma er ei retningsreform som legg føringar for at veksten i behovet for helsetenester i hovudsak skal dekkjast av ei tilsvarande utbygging av tenestetilbodet i kommunane. Innretting av tilbodet i tråd med retningane, og hensikta i samhandlingsreforma, vil medføre monalege omstillingsutfordringar for føretaket. Reforma inneber ei flytting av ansvarsområde og oppgåver med tilhøyrande midlar frå spesialisthelsetenesta til kommunane. Erfaringane frå 2013 når det gjeld utskrivingsklare pasientar, tilseier at kommunane i varierande grad klarer å ta imot desse pasientane. Dei første kommunane i området har etablert tilbod til øyeblikkeleg hjelp. Effekten av dette tilbodet hos kommunane vil først bli merkbar for Helse Fonna HF i løpet av 2014. Føretaket har ei plikt til å oppretthalde tilbodet inntil kommunane er klare til å overta, og kan difor ikkje starte omstillingane på same tid som kommunane. Kva for sjukdommar som dominerer sjukdomsbiletet i befolkninga er i endring. Det vil bli fleire eldre med kompliserte lidingar som vil ha trong for tverrfagleg behandling. Sjukdommar som er venta å auke i åra framover, er muskel- og skjelettlidingar, kreftsjukdommar, livsstilssjukdommar, infeksjonsrelaterte problem, psykiske lidingar og kroniske sjukdommar som til dømes KOLS og diabetes. Ein av føresetnadene for å møte desse utfordringane er at det blir teke i bruk nye medisinske metodar og teknologi for å sikre ein betre og meir presis diagnostikk. Føretaket vil leggje vekt på utviklingstrendane i utdanning og rekruttering av nye spesialistar. Etterspørselen etter tenester ved lokalsjukehusa vil i framtida bli endra som følgje av utviklinga innan vegnett, befolkningssamansetnad, urbanisering og forventningar og krav til spesialisthelsetenesta. Utvikling og forbetring i vegnettet i Helse Fonna sitt opptaksområde, kombinert med samhandlingsreforma, gjev endra rammevilkår for dei mindre lokalsjukehusa i Helse Fonna. Kombinert med auka pasientstraumar mot dei større sjukehusa i regionen skaper dette utfordringar med å tilpasse tilbodet til behovet av tenester i desse områda.

8.1.2

Økonomiske rammer

For året 2013 leverer føretaket pr. november ein resultatprognose på 34 millionar kroner, som er likt med budsjett. For dei neste åra vert dette resultatkravet vidareført. Dette er naudsynt for å oppnå ønskt investeringsevne der ein kan utvikle føretaket vidare, i tillegg til å dekkje behovet for renovering og erstatning av dagens bygg og anlegg. 60

Styret i Helse Fonna HF har vedteke utviklingsplan for føretaket og mandat for idéfase for Haugesund sjukehus. Føretaket vil aktivt arbeide for å drive på ein slik måte at det blir generert overskot frå drifta som kan bidra til å finansiere nye bygg.

8.1.3

Personell og kompetanse

Å skaffe tilstrekkeleg kvalifisert arbeidskraft vil bli ei aukande utfordring for spesialisthelsetenesta, samt å halde på ein kvalifisert og motivert arbeidsstyrke i ein konkurranseutsett marknad. Helse Fonna vil arbeide strukturert og målretta for å sikre ei framtidig bemanning som er samordna med dei oppgåvene som skal løysast. Å sikre solide fagmiljø er i seg sjølv rekrutterande. Føretaket vil fortsetje arbeidet relatert til endringar i arbeidsmåtar og oppgåvedeling mellom ulike helsepersonellgrupper for å sikre at kompetansen blir nytta på ein optimal og god måte. Føretaket vil vidare arbeide for å kunne tilby heiltidsarbeid til dei tilsette og finne organisering og arbeidstidsordningar som er tilpassa føretaket sitt behov og er tenlege for medarbeidarane våre. Det skal setjast i gang tiltak for å vere ein helsefremmande arbeidsplass, der føretaket bl.a. vil ha fokus på å betre arbeidsorganiseringa og arbeidsmiljøet, styrkje medarbeidarane si oppleving av å meistre og sikre dei mot fysisk og psykisk skade. Kompetanseutvikling internt i føretaket må vidareutviklast. Samarbeidet med vidaregåande skule, høgskule og universitet må styrkjast for å sikre ei framtidig utdanning med innhald og kapasitet i tråd med behova. Helse Fonna vil arbeide vidare med å leggje forholda til rette for at lærlingar og studentar trivest og ønskjer å vere medarbeidarar i Helse Fonna. I samarbeid med dei andre helseføretaka vil det bli satsa på å få tilrettelagt utdanningsløp for utdanningsstillingar (LIS-stillingar) som er raskare og meir føreseielege for den enkelte. Helse Fonna vil satse vidare på å identifisere, rekruttere og vidareutvikle leiarar på alle nivå. Vidare vil ein arbeide med å sikre forståing av ansvar, oppgåver og fullmakter som følgjer leiarrolla. Eit godt leiarskap som evnar å utvikle arbeidskrafta gjennom gode endringsprosessar, vil vere ein vesentleg suksessfaktor i møte med ei helseteneste i endring. Målretta leiing og involvering av medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta er avgjerande for å få til ønskt resultat. Den teknologiske utvikinga / IKT-løysingar vil kunne endre kvardagen til mange tilsette gjennom nye arbeidsprosessar. Dette vil setje krav til kompetanse og endringsvilje hos medarbeidarane og at nye oppgåver blir handterte gjennom effektivisering og tydeleg prioritering.

8.1.4

Bygningskapital, status og utfordringar

Kartlegging: Rådgjevingsselskapet Multiconsult AS gjennomførte i 2011 ei overordna bygningsteknisk kartlegging av føretaket sine bygningar. Rapporten som blei utarbeidd, gjev eit godt grunnlag for vidare strategisk og taktisk planlegging samt utvikling av bygningsmassen. 61

Kartlegginga syner at det ligg føre eit teknisk oppgraderingsbehov for dei presserande forholda, det vil seie MÅ-tiltak på til saman 1 230 millionar kroner. Vidare syner berekningane knytt til utvida vedlikehald for utbetring av dei nemnde utilfredsstillande forholda, det vil seie BØR-tiltak, på til saman 480 millionar kroner. I sum utgjer det som er nemnt ovanfor, omkring 1,7 milliardar kroner som må gjennomførast over ein rundt rekna tidshorisont på 10 år. Vedlikehald: I styresak 102/11 i desember 2011 blei det gjort greie for det bygningsmessige vedlikehalds etterslepet som blei avdekt i kartlegginga. I tråd med krav i styringsdokumentet utarbeidde føretaket våren 2013 ein overordna plan for å nå minimumsstandard for føretaket sine bygg. Denne planen blei handsama av styret i juni 2013 i sak 59/13 A. Planen er basert på at følgjande tiltak skal gjennomførast parallelt: o o Sanering og avhending Arealutvikling og nybygg o o Investeringsbudsjett Drift- og vedlikehaldsbudsjett I budsjettet for 2014 har ein som målsetjing å prioritere både drifts- og investeringsmidlar til rehabilitering av eksisterande bygg og tekniske anlegg som er ferdig nedskrivne i rekneskapen (teknisk forelda). Desse prioriteringane er i tråd med strategien og vil på sikt bidra til at ein reduserer føretaket sitt vedlikehaldsetterslep, og at samla tilstandsgrad blir forbetra. Driftsbudsjettet for rehabilitering er auka med 7,5 millionar kroner for 2014. Dei siste to åra har føretaket avhenda eigedommar i Sauda, Haugesund og Valen. I tillegg har ein til hensikt å avhenda eigedommane i Jondal. Dei eigedommane som er avhenda, var alle i dårleg teknisk stand. No som desse er avhenda, er det grunn til å rekne med at samla tilstandsgrad for føretaket sin eigedomsmasse er blitt betra, samt at vedlikehaldsetterslepet på 1,7 milliard er noko redusert. Utviklingsplan: Helse Fonna har utarbeidd ein samla utviklingsplan for føretaket sin bygningsmasse. Planen blei handsama av styret i mai 2013 i sak 58/13 A. Utviklingsplanen er i ettertid oppdatert frå eit 2020- til eit 2040-perspektiv og vil på nytt bli lagt fram for styret i Helse Fonna HF. I sak 88/13 A bad styret i Helse Fonna HF administrerande direktør setje i gang idéfasen for Haugesund sjukehus i tråd med mandat, gjeldande lovverk og retningslinjer for denne typen prosjekt, som eit første steg i oppfølginga av utviklingsplan for Helse Fonna. Målsetjinga er at idéfasen blir påbyrja ved årsskiftet, og at rapporten frå fasen blir lagd fram for styret hausten 2014. Helse Vest RHF har som målsetjing å lage ein regional utviklingsplan. Helse Fonna vil delta aktivt i arbeidet med å utarbeide den regionale planen. Forvaltningsplanar: Forvaltningsplanen for Stord sjukehus er godteken av Riksantikvaren gjennom skriv datert 14. juli 2011. Forvaltningsplanen blei behandla av føretaket sitt styre den 21. desember 2011 og 62

av Helse Vest RHF sitt styre hausten 2012. Forvaltningsplanane for både Valen sjukehus og Jonatunet blei ferdigstilte omkring årsskiftet 2012/13. Planane er sende til Riksantikvaren for godkjenning.

8.2

Strategiar og planar i helseføretaket

Gjeldande strategi for føretaket blei vedteke av styret i Helse Fonna HF i 2008 i styresak 86/08. Helse Fonna har sidan januar 2013 arbeidd med revisjon av strategien for føretaket for 2014–2018. Helse Fonna har i arbeidet sikra brei involvering. Utkastet til strategi er diskutert fleire gonger i direktørmøtet og var tema på ei heildagssamling der leiarar på 2. og 3. nivå, verneombod, tillitsvalde og brukarutval blei inviterte. Forslaget til strategi er formelt drøfta med dei tillitsvalde og handsama i arbeidsmiljøutvalet og brukarutvalet. Forslaget er publisert på intranettsida til føretaket. Revisjon av strategien for Helse Fonna byggjer på nasjonale og regionale føringar, styringsdokument og strategidokumentet Helse 2020 utarbeidd av Helse Vest RHF. Visjon, verdiar og mål er felles for heile føretaksgruppa i Helse Vest RHF. Styret vedtok i styresak 39/13 å be administrerande direktør sende strategiforslaget på høyring og deretter leggje strategien fram for avgjerd i styret. Strategiforslaget blei sendt på høyring 20. juni 2013. Høyringsinstansane var kommunar i opptaksområdet, føretaksgruppa i Helse Vest, dei lokale næringsråda og Høgskolen Stord/Haugesund. Styret i Helse Fonna HF handsama og vedtok ny strategi 27.11.13. Strategien peikar på kva dei overordna måla frå Helse 2020 betyr for Helse Fonna. Planen er kort og skal syne ei overordna retning og vere eit verktøy som kan brukast vidare i arbeidet med å gjennomføre måla for Helse Fonna. Det vil bli utarbeidd klinikk- og seksjonsvise tiltaksplanar for å nå måla i det overordna strategidokumentet. I samband med samhandlingsreforma har føretaket saman med føretaket sine 19 kommunar utarbeidd, revidert og signert samhandlingsavtalar i tråd med lovverket. Helse- og omsorgsdepartementet har gjeve ut ein nasjonal rettleiar som beskriv kva avtalar som skal inngåast og innanfor kva tidsfristar dei ulike avtalane skal vere ferdige. Parallelt med dette avtalearbeidet har det gått føre seg arbeid med å tydeleggjere ansvarsdelinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta innanfor såkalla ”gråsone”-område. Ein vil vidare arbeide med å identifisere kva tenester som kan flyttast frå sjukehus til kommunar og planleggje heilskaplege pasientforløp på tvers av forvaltningsnivåa. Styret i Helse Fonna HF vedtok i september 2010 plan for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Fonna HF 2010–2020. Tiltaka i plan somatikk er følgde opp i 2013, og framdrifta er rapportert til styret. Planen er ei operasjonalisering av overordna strategi og legg vekt på kvalitet i tenesta og set føringar for innhaldet i det enkelte lokalsjukehuset. Helse Fonna HF skal gje trygge og nære helsetenester til befolkninga innan dei vanlegaste lidingane. Det er sentralt å oppretthalde lokalsjukehusstrukturen, desentralisere dei behandlingstilboda ein kan – og sentralisere det ein må. Helse Fonna skal gje eit tilbod til pasientane nær der dei bur, mellom anna ved auka grad av ambulante tenester. Styret i Helse Fonna HF vedtok 01.11.12 plan for psykisk helsevern 2012–2020. Plan for psykisk helsevern er ein heilskapleg plan for heile ansvarsfeltet, knytt til tenestetilboda for 63

pasientgrupper som har psykiske lidingar og/eller er rusmiddelavhengige. Plan for psykisk helsevern legg føringar for korleis føretaket skal vidareutvikle fagleg gode, tilgjengelege, likeverdige og effektive tenester i eit berekraftige fagmiljø. Planen byggjer på nasjonale helsepolitiske mål og føringar, føringane frå Helse 2020, regional plan for psykisk helse i tillegg til Helse Fonna sin strategiske plan, og på føresetnader om at løysingane skal kunne etablerast innanfor dei rammene som er til rådvelde. Planen har eit perspektiv som balanserer det langsiktige med det kortsiktige. Planen trekkjer linjene for korleis tenestetilbodet til dei aktuelle pasientgruppene skal utviklast på lang sikt, samtidig som han tek vare på behovet for tiltak som også skal ha rask effekt. Føretaket vil ha høgt fokus på å gjennomføre planane og rapportere til styret på gjennomføringa. For å møte nasjonale og regionale føringar samt endringar i sjukdomsbiletet i befolkninga må ein i større grad arbeide ambulant og ha fokus på tidleg intervensjon i spesialisthelsetenesta. Ein må sikre at ein har fagmiljø med tilstrekkeleg fagkompetanse til å behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar samt å kunne rettleie kommunehelsetenesta i forhold til oppfølging av desse og utgreie og behandle lette til moderate psykiske lidingar og rusproblematikk. Brukarperspektivet må bli meir synleg i dei tenestene ein tilbyr, gjennom at pasientar og pårørande blir meir delaktige i behandlinga som blir tilbydd. Ein skal ha eit særskilt fokus på bruk av tvang innan psykisk helsevern med ei klart uttrykt målsetjing om å redusere bruken av tvang. Vidare ligg det føringar i regional plan knytt til ei dreiing frå døgn til dag og auka grad av poliklinikk for å nå eit større omfang pasientar i ein tidlegare fase. Dette vil kunne redusere behovet for senger. Føretaket har som mål å nå nasjonale kvalitetsparametrar på ventetid og å ikkje ha fristbrot. Frametter vil det vere høgt og kontinuerlig fokus på desse målområda. Føretaket har som mål å redusere talet på pasientar som har venta lenge monaleg. For å nå desse måla blir det lagt vekt på rett registrering av tilvisingar, regelmessig og hyppig kontroll av ventelister, effektiv ressursbruk og god kvalitet på koding. Prosjektet «Alle møter» vil bidra til ei betre ressursutnytting og gjere det enklare for pasientane. Prosjektet vil òg redusere talet på dei som ikkje møter til time. Dette vil redusere talet på fristbrot og ventetider. Helse Fonna deltek i prosjektet og vil ta i bruk dei løysningar og verkemiddel som prosjektet gir. Alle epikriser skal sendast innan ei veke etter at pasienten har reist. Føretaket deltek i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen og legg vekt på å redusere talet på uønskte hendingar. Føretaket vil fortsetje arbeidet med pasienttryggleik i 2014, òg etter at den nasjonale kampanjen har gått over i driftsfase. Føretaket har mål om å nå eit overskot på 34 millionar kroner for 2013, i tråd med kravet frå eigar. Føretaket rapporterer pr. november 2013 at målet er innanfor rekkevidde. Dette vil gjere det mogleg for føretaket å styrkje likviditeten og bidra til at arbeidet med idéfase for Haugesund sjukehus kan gå vidare. 64

 

Årlig melding 2013 for Helse Fonna HF

  Innspill   fra   Brukerutvalget   i   Helse   Fonna   Årlig   melding   ble   drøftet   i   Brukerutvalget   på   møtet   16.desember

  under   sak   45/13   Tilbakemelding   her   er   hentet   fra   referatet:   Brukerutvalget   har   hatt   årlig   melding   for   Helse   Fonna   til   gjennomgang.

     Brukerutvalget   vil   kommentere   noen   av   styringskravene   i   Årlig   melding:           den   gjennomførte   nasjonale   brukerundersøkelsen   PasOpp,   gir   Helse   Fonna   høy   skår   på   tillit   til   pleiepersonell   og   leger   sin   faglige   dyktighet   og   at   personell   viser   omsorg   overfor   pasienter.

    brukerundersøkelsen   PasOpp   viser   at   det   er   et   forbedringspotensial   når   det   gjelder   spesielt   informasjon   om   hvilke   plager   pasientene   kan   vente   seg   etter   utskriving,   og   hvordan   de   skal   forholde   seg   til   eventuelle   tilbakefall.

  Helse   Fonna   har   ikke   nådd   målet   om   at   alle   epikriser   skal   være   sendt   innen   7   dager.

  Brukerutvalget   forventer   at   Helse   Fonna   har   et   fokus   på   utsendelse   av   epikriser   framover   slik   at   målkravet   blir   innfridd.

  Antall   korridor   pasienter   er   på   vei   ned.

  Brukerutvalget   håper   på   en   ytterligere   nedgang   som   en   effekt   av   kommunenes   forpliktelse   til   å   legge   til   rette   for   å   ta   imot   utskrivningsklare   pasienter.

  Helse   Fonna   har   stort   fokus   på   pasient   trygghet.

   når   det   gjelder   kreftbehandling   er   det   fortsatt   fristbrudd   på   20   dager   regelen.

  Dette   gjelder   spesielt   lungekreftpasienter   fordi   de   fleste   i   pasientgruppen   har   enten   utredning   eller   behandling   på   sykehus   utenfor   foretaket.

  Brukerutvalget   håper   at   koordinering   av   tilbudet   for   pasientgruppen   skal   bli   bedre   blant   annet   med   en   organisering   ved   bruk   av   koordinator   som   har   ansvar   for   å   følge   opp   pasienten.

   Helse   Fonna   har   fokus   på   rus   og   psykiatri,   og   det   er   behov   for   å   øke   avrusnings   plasser   og   langtidsplasser   for   pasientgruppen.

  Dette   gjennomføres   i   sammen   med   kommuner   i   Helse   Fonna   sitt   nedslagsfelt.

  Brukerutvalget   er   meget   fornøyd   med   dette   fokuset.

  Brukerutvalget   er   svært   tilfreds   med   at   det   er   minimalt   med   fristbrudd   i   BUP,   og   at   behandlingskapasiteten   er   økt.