sak-11-13-administrerande-direktor-si-orientering

Download Report

Transcript sak-11-13-administrerande-direktor-si-orientering

Hc9d1
Helse Fonna HF
Postboks 2170
5504 Haugesund
Vår ref.:
2010/330 - 566/2013
Deresref.:
2007/4099 24555/2012
Saksbehandler:
Dato:
Ingvill Skogseth, 51 96 38 12
06.02.2013
Omgjering til jordmorstyrt fødestove ved Odda sjukehus
Vi viser til brev frå Helse Fonna HF datert 5. november 2012.
Foretaksmøtet i Helse Vest RHF 28. april 2011 la til grunn at den forsterka fodestova i Odda blir
omgjort til ordinær jordmorstvrt fodestove i tråd med Helsedirektoratet si tilråding, i samsvar
med styrevedtak i sak 124/10B, 1. desember 2010.
I tilbakemelding frå Helse Fonna datert 5.11. 2012 er det foreslått å tilrå nedlegging av
foded.lbodet. Dette er samstemt frå jordmødrer og andre tilsette ved Odda sjukehus,
seksjonsoverlege i gynekologi i Haugesund og styret i Helse Fonna HF.
Så langt Helse Vest har forstått, er dette også diskutert med nokre kommunar.
Jordmodrene i Odda ønskjer ikkje å ta på seg ansvaret for ei jordmorstyrt fødestove. Dei tilrår i
staden eit tilbod i tråd med «God start»-modellen frå Helse Førde. Dei meiner dette vil vere eit
betre tilbod til dei fødande som soknar til Odda sjukehus. Dei ser for seg svangerskapskontroll,
følgjeteneste og barselavdeling med rask overføring frå Haugesund sjukehus. Jordmødrene ved
fødestova i Odda står samla om denne tilrådinga.
Vurdering
Fødeavdelinga ved Odda sjukehus vart i 2002 omgjort til forsterka fødestove. Sjukehuset dekker
kommunane Odda, Ullensvang, Eidflord og Jondal. I 2004- 2011 fordelte fødslane seg slik
tabellen under viser.
Fødselstal 2004-2011 i kommunane i Odda sjukehus sitt opptaksområde
Det er med andre ord eit stabilt fødselstal i opptaksområdet, med få endringar sett over dei siste
9 åra. Fødselstalet ved Odda sjukehus har likevel gått ned over tid, og i 2012 var det 43 kvinner
som fødde ved sjukehuset, det vil sei 38 % av det totale fødselstalet i opptaksområdet Dette er i
seg sjølv ikkje ein uakseptabel låg del av totalen når alle som skal føde ved eit høgare omsorgsnivå
er selektert bort, men det er ei faktisk halvering av fødslane ved sjukehuset frå 2004 til 2012.
«God start» tilbod i Odda
Jordmødrene ved fødestova i Odda har lenge hatt ansvar for svangerskapskontrollen for gravide i
Odda og Ullensvang kommunar, og det vil vere bra om dette kan fortsetje i eit økonomisk og
praktisk samarbeid mellom kommunane og Helse Fonna. Dei gravide i Eidfjord kommune går til
jordmor i Ulvik, og ijondal er det jordmor frå Kvam som har svangerskapstilbodet Så godt som
alle gravide i Odda kommune har gått til kontroll hos jordmor ved fødestova, i forståing med
fastlegar og kommune.
Grunna lang reisetid (her definert som over 1,5 time) til Haugesund sjukehus har Helse Fonna
plikt til å inngå avtale om følgjeteneste og beredskap med dei aktuelle kommunane.
Det er truleg lite tenleg at kvinnene i Ullensvang, Eidfjord og Jondal skal reise frå sjukehuset på
Voss eller i Haugesund etter fødselen og bli innlagde på ei barselavdeling i Odda før dei blir
utskrivne til heimen. Dette vil kunne føre til unødvendig oppstykking av barseltida og mykje
reising «tur/retur». Det vil truleg også føre til auka liggetid i barsel for friske kvinner med friske
barn. Ein bør difor legge til grunn at dersom tilbodet skal innebere barsel vil det i all hovudsak
vere kvinnene i Odda kommune som vert brukarar av eit eventuelt barseltilbod ved sjukehuset,
altså maksimum 60 —70 brukarar i året.
Helse Vest RHF har vore i kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet og orientert om saka.
Helse- og omsorgsdepartementet er orientert om at Helse Fonna ønskjer å utgreie «God starb>
modellen ved Odda sjukehus. Departementet understrekar at det må gjennomførast gode
prosessar med kommunane og dei tilsette. Statsråden i Helse- og omsorgsdepartementet vil ta
stilling til saka når den blir lagt fram for føretaksmøtet i Helse Vest RHF.
Helse Vest RHF ber med dette Helse Fonna HF greie ut alternativt fødetilbod ved Odda
sjukehus etter «God start» modellen i Helse Førde, eventuelt ei modifisert utgåve av denne.
Side 2
Arbeidet må gjerast i samarbeid med kommunane i området og med tilsette og brukarar ved
sjukehuset. Det må takast omsyn til geografiske tilhøve, talet på brukarar, reisetid og til
endringane som kjem i samband med at Hardangerbrua opnar og eventuelle endringar i
sjukehusstrukturen.
Basert på utgreiinga av ein «God start» modell ved Odda sjukehus, må det leggjast fram sak til
behandling i styret i Helse Fonna. Saka skal sluttbehandlast i foretaksmøte for Helse Vest.
Me he ing
H rlof Nilssen
adm. direktør
Liwyk,Lt,.
Baard-Christian Schem
fagdirektør
Side 3