Sak 11-14 - Administrerande direktør si

Download Report

Transcript Sak 11-14 - Administrerande direktør si

Notat
Går til:
Føretak:
Dato:
Sakshandsamar:
Saka gjeld:
Styremedlemmer
Helse Fonna HF
05.02.14
Kjellfrid Laugaland
Årsmelding for Kvalitetsutvalet i Helse Fonna for 2013
Styresak 11/14 O
Administrerande direktør si orientering pkt. 3
1 vedlegg
Styremøte 04.03.14
Kvalitetsutvalet
ÅRSMELDING FRÅ KVALITETSUTVALET, HELSE FONNA,
FOR 2013.
Plass i organisasjonen:
Kvalitetsutvalet er eit rådgjevanda utval for linjeleiinga. Kvalitetsutvalet er ein del av
internkontrollen i føretaket, og det er nedfelt i § 3 i lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg
tilsyn med helsetenesta at føretaka skal ha kvalitetsutval.
Målsetting:
Kvalitetsutvalet skal vera eit verkemiddel i arbeidet med å fremje tryggleik og kvalitet på
helsetenestene, og skal stimulere til førebyggjande og kvalitetsfremjande arbeid i
pasientretta tenester i føretaket.
Organisering:
Helse Fonna har eit felles Kvalitetsutval for alle sjukehusa og DPSa i føretaket. Utvalet
rapporterer til administrerande direktør. Revidert mandat vart teke i bruk 01.01.13.
Bakgrunnen for revisjonen var ny nasjonal meldeordning av alvorlege skadesaker og
næruhell. Medan meldepliktige hendingar i hht. Spesialisthelsetenestelova § 3.3 fram til juli
2012 vart melde til Helsetilsynet, blir dei nå sende elektronisk til Kunnskapssenteret
(Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta ved Nasjonal eining for pasientsikkerheit).
Straksvarsling etter særs alvorlege hendingar ( § 3.3.a) skal framleis sendast Helsetilsynet
samstundes som dei vert melde til Kunnskapssenteret. Linjeleiinga har ansvar for
saksbehandlinga, og sørgjer for analyser av årsakssamanhangar og gjennomfører
forbetringstiltak i eigen seksjon og klinikk. Klinikkdirektørar skal informere
Kvalitetsutvalet om sakene, slik at utvalet kan analysere systemsvikt og bidra til
læringseffekt i heile organisasjonen. Tilbakemelding til klinikkane har i hovudsak skjedd
gjennom medlemmene i utvalet samt møtereferat tilgjengelege på utvalet si intranettside.
Gjennomgang av møtereferat er fast post i Direktørmøtet.
Utvalet er sett saman av ein representant frå kvar klinikk (fire i 2013 og krav om min. to
legar), smittevernrepresentant, brukarrepresentant, kvalitets- og sikkerheitssjef, fagsjef,
sekretær. I tillegg har vi ein representant frå område med spesifikt risikobilete, og i 2013 har
fagområdet fødselshjelp vore prioritert.
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019
Medlemer 2013:
Kjellfrid Laugaland, fagsjef, leiar.
Tomas Jonson, Kvalitets- og sikkerhetssjef (stf. leiar 10.11. – 31.12.13)
Grete Müller, brukarrepresentant
Lars Holst-Larsen, smittevernoverlege
Trine Båtsvik Grov, kvalitetsrådgjevar og repr Klinikk Medisinsk service fram til oktober,
frå oktober Anne Mari Hagen, funksjonsleiar medisinsk biokjemi og repr. Medisinsk
serviceklinikk.
Bodo Erhardt Günther, overlege og repr. Kirurgisk klinikk
Knut Skaug, overlege og repr Medisinsk klinikk
Anne Cathrin Handeland, overlege og repr. for Klinikk for psykisk helsevern fram til mai
2013. Laimonas Ratkus, overlege og repr. Klinikk for psykisk helsevern – frå mai 2013.
Sølvi Heimestøl, sekretær, til febr, Dag Kjetil Larsen frå febr til sept, frå oktober 2013 Trine
Båtsvik Grov .
Året har vore noko prega av skiftande frammøte og utskiftning av mange medlemer.
Samla rapport 2013:
Kvalitetsutvala har hatt til 9 møte à 2 timar i 2013 (( 20.01., 11.02., 11.03., 06.05., 03.06.,
16.09., 21.10., 18.11., 16.12). Frå september er møtetida utvida med ein halv time – frå to til
2 ½ time.
Oppgåvene til utvalet er ma å arbeide for god meldekultur ved pasientskader og næruhell,
bidra til at avvik vert følgde opp og brukte i førebyggjande arbeid, få fram annan
informasjon som kan nyttast til det same, halde seg orientert om og følgje
pasientsikkerheitsarbeid, tilsynssaker, kvalitetsindikatorar, arrangere årleg Kvalitetsdag, gje
råd og bidra til erfaringsoverføring og læring.
Dei viktigaste sakene som er handsama i 2013:
1. Fortløpande rapporteringar frå klinikkrepresentantane om skademeldingar på
pasientar med vurderingar av evt.systemsvikt på gruppenivå og kva innspel
Kvalitetsutvalet evt. bør kome med til linjeleiinga. Det har vore lagt vekt på at
pasientane har blitt godt ivaretekne, og at klinikkane har fylgt opp med tiltak –
inklusive utarbeiding eller revidering av prosedyrar/retningslinjer - for å hindre at
tilsvarande skader skjer på nytt.
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019
Pasientskadar og næruhell vert melde i avvikssystemet Synergi. Meldingar vert
direkte ruta til Kunnskapssenteret samstundes som nærmaste leiar får meldinga.
Tilbakemeldingar frå Kunnskapssenteret skjer i Synergi. Systemet er oppfatta som
arbeidskrevjande og vanskeleg å handtere, og det er førebels usikkert om rette saker
vert melde. Alvorlege saker er lettare å finne att i tilsynssaker og saker handsama i
Norsk Pasientskadeerstatning (NPE). Dessutan har tilbakemeldingane frå
Kunnskapssenteret så langt vore av til dels dårleg kvalitet. Tilbakemeldingar er gitt.
Gjennomgang av rapportar så langt viser at dei hyppigaste melde pasientsakene er
fall og medikamentuhell eller –næruhell. Det er også nokre meldingar om
manglande samhandling mellom einingar. Det må arbeidast vidare både sentralt og
lokalt med kva saker som bør meldast, nytteeffekt må evaluerast og Synergi bør
forenklast.
Kvalitetsutvalet har oppdatert rutinane for bruk av Synergi på intranettet.
Prosedyre for informasjon av skadesaker på internett er under utarbeiding ved
årsskiftet.
2. Tilsynssaker inkl. tiltak/oppfølging i klinikkane. Enkeltsaker har vore gjennomgått
og vurdert. Sakene har vore grundig behandla og følgde opp i klinikkane. Overføringsverdi
er det som oftast.
3. NPE-saker. Det er 95 nye saker frå Helse Fonna i 2013, 92 året før. Av 83 saker
som er ferdigbehandla i 2013, har 22 fått medhald. Det tilsvarer 26,5 %, som er lågare enn
året før med ca 44 %. Forseinka diagnose/behandling og skade under operasjon
(peroperativ skade ) er hyppigaste årsaker til medhald som åra før. Det er svært få saker
knytta til medikamentfeil.
4. Pasientsikkerheitskampanjen – statusrapportar. Utvalet har halde seg orientert om
nasjonale prosjekt, framdrift, lokal involvering og oppfølging. Kampanjen avslutta i 2013
for så å gå over i eit 5-årig program i regi av Kunnskapssenteret. Sikring av
legemiddelbruk, førebygging av overdosar og sjølvmord, trygg kirurgi, leiing av
pasientsikkerheit er blant delprosjekta. Sjå www.pasientsikkerhetskampanjen.no.
5. Temasaker. Synergi, Kunnskapsbaserte fagprosedyrar i Helse Vest, prosedyreverket,
Norsk diabetesregister for vaksne har vore eigne tema. Det er til dels stor misnøye med
prosedyreverket i Helse Fonna, og ettersom det er regional semje frå fagmiljø om at Helse
Vest bør ha eit felles prosedyreverk, har kvalitets- og sikkerhetssjef fått i oppdrag frå
utvalet å melde dette som sak til porteføljeprosessen i Helse Vest, noko som er gjort. I
mellomtida vert det arbeidd med revisjon av dagens system.. Ang. Kvalitetsregister
oppfordrar utvalet til at systemeigarar/ansvarlege i større grad synleggjere resultat frå alle
dei ulike kvalitetsregistra Helse Fonna rapporterer til.
7. Intranettside er redigert/utbetra i 2013.
Om Kvalitetsdagen 2013:
Utvalet skal arrangere Kvalitetsdag årleg. I 2012 vart Kvalitetsdagen avlyst pga manglande
oppslutning, men utvalet valde – saman med linjeleiinga- å gjere eit nytt forsøk med same
program i 2013. Hovudtema var «Medikamentbruk og –misbruk» med undertitelen «Finst
det ein pille for alt som er ille?» Oppslutninga var god –(93 deltakarar) med gode
tilbakemeldingar på tema og foredrag. Medikamentfeil (over/underdosering, feil medikament,
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019
interaksjonar mellom medikamenter, feil i overleveringsrapportar etc) var valt som tema fordi
dette er hyppig årsak til pasientskader og næruhell i helsetenesta.
Kvalitetsprisar vart delte ut under Kvalitetsdagen. Søknadene var vurderte etter fastsette
kriterier, og administrerande direktør, kvalitets- og pasientsikkerheitssjef og fagsjef var
vurderingskomitè. Det var særs mange gode søknader i 2013.
Vinnarane:
1. pris: Augepoliklinikken, Haugesund sjukehus: «Total verksemdplan med
pasienten i fokus.» Arbeidet omhandla m.a. standardisering av pasientforløp
for dei største pasientgruppene, og hadde ført til kortare ventetider, at alle
epikriser vart sende til primærlegane innan ei veke, og at det ikkje lenger var
fristbrot.
2. pris : Nevrologisk seksjon, Haugesund sjukehus: « Tiltak for forsvarleg
behandling av pasientar med hjerneslag». Utarbeiding av standardiserte
pasienforløp for pasientar med hjerneslag og «hjernedrypp» har ført til at desse
pasientane kjem raskare til diagnostikk og behandling – og dermed får betra
prognosen.
3. pris: Seksjon for laboratoriemedisin, Helse Fonna: «Ny elektronisk
laboratoriehåndbok.» Kunnskap og informasjon om analyser til støtte i
diagnostikk og behandling er samla – og gjort lett tilgjengeleg for brukarar i
eige føretak og i primærhelsetenesta.
04.02.2014
Kjellfrid Laugaland
Leiar Kvalitetsutvalet.
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019