sak-88-14-oppnemning-av-brukarutval

Download Report

Transcript sak-88-14-oppnemning-av-brukarutval

Styresak
Går til:
Føretak:
Dato:
Sakshandsamar:
Saka gjeld:
Styremedlemmer
Helse Fonna HF
14.11.14
Kari Ugland
Oppnemning av brukarutval
Arkivsak
18/13
41/14
Styresak 88/14 A
Styremøte 27.11.14
Forslag til vedtak:
Styret i Helse Fonna HF vedtek forslaget til nytt brukarutval for perioden 01.01.15 - 01.01.17
Bakgrunn for saka
Styret i Helse Fonna har handsama strategi for brukarmedverknad og nye retningsliner i sak
18/13 og i sak 41/14.
I retningslinene står det at brukarutvalet mellom anna skal vere eit rådgjevande organ for
styret og administrerande direktør i føretaket i saker som angår tilbodet til pasientar, brukarar
og pårørande. Utvalet skal og vere eit fora for tilbakemeldingar om erfaringar med
helsetenesta, og vere samarbeidsorgan mellom helseføretaket og brukar- og
pasientorganisasjonar. Brukarutvalet skal delta i planarbeid, og føreslå representantar til råd
og utval, men ikkje handsame enkeltsaker som til dømes pasientsaker.
Nytt brukarutval blir oppnemnd for to år med virketid frå 01.01.15
Forslag til nytt brukarutval
Nye felles retningsliner i Helse Vest, og ny samansetting av brukarutval får konsekvensar for
samansetting av brukarutvalet i Helse Fonna. Det er mellom anna stilt krav til at områda RUS
og kreft skal være representerte. I forslaget frå Helse Fonna er nye føringar ivaretatt.
Konsekvensen av dette er at to representantar frå andre organisasjonar går ut. Dette gjeld
FFO Rogaland som mister ein representant, og det same gjer eldreråda som har hatt ein
representant frå Hordaland og ein representant frå Rogaland. I styresaka ligg det forslag om
at dei to eldreråda har medlem og vara medlem.
Det nye brukarutvalet i Helse Fonna vil ha ni medlemmer. Samansettinga er i tråd med
retningslinene for brukarutval, og forslag til kandidatar er gjort av organisasjonane FFO,
SAFO, RIO 1, fylkeseldreråda og Kreftforeningen. Det er ei rimelig fordeling mellom kjønn og
geografi. Det nye brukarutvalet vil ha fire nye medlemmer og to nye varamedlemmer.
Brukarutvalet vil halde eit konstituerande møte 15. januar 2015, der leiar og nestleiar blir
valt.
Medlemmer:
Erland Bakken
Laila Stensletten
Ellen Stråtveit (ny)
Jostein Havnerås
Wenche Marie Schiefloe
Kjell Inge Bringedal (ny)
Laura S. Seltveit (ny)
Gerd Lise Dalen
Jannice Kristengård (ny)
FFO Hordaland/Foreningen for hjerte og lungesyke
FFO Hordaland/Astma- og Allergiforeningen
FFO Rogaland/Mental Helse
FFO Rogaland/Foreningen for kroniske smertepasienter
SAFO/Norsk Forbund for Utviklingshemmede
SAFO/Norges Handikapforbund
Eldrerådet i Rogaland
Kreftforeningen/Brystkreftforeningen
RIO/Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon
Varamedlemmer:
Berit Askvold Eriksen (ny)
Kari Røksund
Kåre Ystanes
Aase Kallevik
Janne-Elin K. Thronsen (ny)
FFO Rogaland/Hørselshemmedes Landsforbund
FFO Hordaland/Revmatikerforeningen
Eldrerådet i Hordaland
SAFO Vest/Norges Handikapforbund
Kreftforeningen/Brystkreftforeningen
1
FFO
SAFO
RIO
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner
Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon
2