Oppslag i Hardanger Folkeblad

Download Report

Transcript Oppslag i Hardanger Folkeblad

8
Onsdag 8. februar 2012
HARDANGER FOLKEBLAD
Vi etablere Rallarvegråd
Erlend Jordal spiller inn CD-plate
Fosse: Grotten er ikkje noko vondt hus å bu i
Fylkeskommunen har tatt på seg sekretariatsansvaret for
eit Rallarvegråd. Ulike interesser omkring Rallarvegen skal
samordnast. I rådet sit Jernbaneverket, NSB, Ulvik herad,
Hol kommune, Aurland kommune, Villreinnemnda,
næringsinteressene, friluftsinteressene (DNT) samt fylkekommunane Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud.
Produksjonsselskapet Kinne Piano har søkt Odda kommune om
produksjonsstøtte til en CD-innspilling med fløytisten Erlend Jordal fra Odda og pianisten Torgeir Kinne Solsvik fra Jondal. Det
søkes om 15.000 kroner fra Odda. Kinne Piano har de siste årene
gitt ut flere CDer av høy kvalitet av klassisk musikk. Den nye CDen
vil inneholde musikk for fløyte og piano av bl.a. Martinu og Widor.
Jon Fosse seier i eit intervju med BT at han ser på Grotten som
mellom dei mest verdfulle i Noreg, på line med stavkyrkjene.
Han trivst i bustaden etter Wergeland, men for han er det viktig
å pendla mellom æresbustaden og heimane sine i Bergen og
Wien. Han er nett kome med ny bok,den fyrste på fem år, ein
oppfylgjar til suksessen Andvake.
Byggjer i massivtre
Med utsikt over Eid�ord
sentrum og til �orden
reisast no eit spesielt
bygg i Langedalen. Lillian Høyvang Andreassen er igang med oppføringa av ein av dei første
bustadane av massivtre i
Hardanger.
OLE M. KVAMME
[email protected]
- Det er ein hustype som er behagelig å bu i og som gjev eit godt
inneklima, seier Høyvang Andreassen, som til daglig er leiar av
Eidfjord Utvikling.
Varmeeffektivt
Massivtre er element som er føyd
saman på ein spesiell måte, for å
mellom anna gje større fleksibilitet.
- Eit hus av massivtre avgir varme sakte, er energieffektivt, og
gjev ein stabil og effektiv varme.
Huset pustar i heilt annan grad
enn vanlege bygg, og ein slepp
dermed aktiv ventilasjon, seier
huseigar Lillian Høyvang Andreassen.
Ho seier at ho tidligare har
budd i hus med dårlig ventilasjon, og dermed ser ein stor fordel
i slike eigenskaper i det nye huset.
Dispensasjon
Grunna høgda på bygget, måtte
oppføringa av huset i 2010 inn for
spesiell godkjenning av politikarane.
Høyvang
Andreassen
grunngav søknaden mellom anna
med at bygget ved si tilpassing i
eit bratt og vanskelig område,
utnyttar ei tomt som mange
andre hadde gitt opp.
I formannskapet valgte tre av
fem politikarar å vekte disse
argumenta sterkast, og dermed
kunne huset settast opp.
Design
Det er Høyvang Andreassen sin
son, arkitektstudenten Erlend
Bolstad som jobbar i arkitekturfirmaet 3RW som står bak designet av huset. Han seier at han er
MASSIVTRE: Per Ivar Vedå frå Ålvik bygg og utvikling AS, arkitektstudent Erlend Bolstad og huseigar Lillian Høyvang Andreassen foran huset i massivtre.
godt nøgd med korleis huset tek
form. Høyvang Andreassen seier
at ho forventa reaksjonar på den
spesielle utsjånaden til huset.
- Eg har fått både negative og
positive reaksjonar. Fleire har
gratulert meg med at eg fikk bygge huset slik eg ville. Det er kjekt
med slike tilbakemeldingar, seier
Høyvang Andreassen.
Regionalt fokus
Ho seier at ho vonar at huset kanskje kan inspirere andre til å tenke litt anleis når det gjeld husbygging, og at det kanskje kan føre til
større variasjon blant bustadane i
distriktet.
Husbyggaren seier at eit poeng
har vore å tilpasse huset omgivel-
sane, og at dei har hatt fokus på å
ivareta den gamle vegetasjonen
rundt huset.
Vidare seier ho at ho har brukt
malmfuru frå Ålvik, og så langt
det let seg gjere brukar lokale
handverkarar til oppføringa av
bygget.
MASSIVTRE
Treplankar som er samanføyd ved sida
av kvarandre eller i kryss lagvis.
Sentrale egenskaper er ein høg grad av
fleksibilitet, gode branneigenskaper, lav
egenvekt, gode miljøeigenskaper og
enkelt å bearbeide.
AUF vil ha handling
AUF i Odda har sett seg lei på
krangel om hva som skal skje
på Smelteverkstomta. De
krever at regjeringen reduserer verneomfanget og at det
blir fortgang i planene om
næringsutvikling.
OLE M. KVAMME
[email protected]
- En tidel av tiden Smelteverket
var i drift er nå brukt til krangel
om hva som skal skje på tomta i
ettertid. Nå må vi ha fortgang,
spesielt for å holde på ungdommen, sier leder i Odda AUF, Emil
Tomasgard.
I en uttalelse skriver AUF at
Odda sentrum preges av forfall
og forslumming. Videre kan man
lese at «flere hundre millioner
trengs til å gjøre smelteverket om
til en attraksjon og Odda har ikke
tid til å vente på dette. Odda
trenger utvikling og arbeidsplas-
ser nå. Odda AUF krever derfor
at Regjeringen betydelig må
redusere verneomfanget på
Smelteverkstomta. En ny reguleringsplan må utarbeides med
langt større arealer til næringsutvikling og boligutvikling».
- Med uttalelsen håper vi å legge
til rette for en debatt. Vi har sendt
den til Fylkeskommunen før
deres årsmøte og håper de tar den
opp der, sier Tomasgard.
HANDLING. Leder i Odda AUF, Emil Tomasgard, styremedlem Martin Hansen og
nestleder Kristin Elisabet Moe mener at tiden er inne for handling.