Transcript SALSOPPGÅVE
A DVO K ATA N E M A U R S E T, K N A R D A L O G H E G G E N STRYN VOLDA I kontorfellesskap – Medlemmer av Den Norske Advokatforening Advokat Per Maurset Advokat Jørund Knardal Advokat Thore Heggen SALSOPPGÅVE BUSTADHUS MED NÆRINGSDEL i Stryn sentrum Prisantydning: Kr 2.200.000,Følgjande omkostningar kjem i tillegg: Dokumentavgift, 2,5 % av kjøpesum (som med grunnlag i prisantydning vert kr 55.000,-) Tinglysingsgebyr skøyte: kr 1.548,-. Tinglysingsgebyr for pantedokument: kr 1.935,Panteattest.: kr 172,-. Eigedom: Eigedomen som er for sal er eit bustadhus m/næringsdel, samt eit uthus/garasje. Eigedomen ligg sentralt og fint til i austenden av Stryn sentrum, ved Rv 15. Bygget er på tre etg. der 1. etg. blir nytta til butikklokale og 2. etg. til bustadføremål, loftsetg. inneheld 2 hyblar. Bygget er oppført i 1937 og 1. etg. vart tilbygd i 1978, tilbygget er ein del av butikklokalet. Tomt: Eigartomt , areal 645 m². Adresse: Tonningsgata 36, 6783 Stryn, Stryn kommune. Areal: BRA: 369 m² Meklar: Advokat Per Maurset, Tonningsgt. 42, 6783 Stryn. Telefon: A: 57871866 M: 90 76 02 99 Fax: 57871994 Nettside: www.knardal.no. E-post: [email protected] Advokat Per Maurset Org.nr. 981 858 182 MVA Tonningsgata 42, 6783 Stryn Telefon 57 87 18 66 Telefaks 57 87 19 94 [email protected] Avd.kto. Hamnegata 3, 6100 Volda P-ROM: 171 m² Advokat Thore Heggen AS Org.nr. 989 989 561 MVA Tonningsgata 42, 6783 Stryn Telefon 57 87 18 66 Telefaks 57 87 19 94 [email protected] Avd.kto. Hamnegata 3, 6100 Volda Advokat Jørund Knardal Org.nr. 987 090 766 MVA Hamnegt. 3, P.b. 75, 6101 Volda Telefon 70 07 70 07 Telefaks 70 05 00 02 [email protected] Avd.kto. Tonningsgt 42, 6783 Stryn SALSMÅTE: Salet skjer gjennom Fjordane tingrett som tvangssal etter tvangsfullføringslova av 1992, jfr. særskilt kap. 11. Advokat Per Maurset er av tingretten oppnemnd som medhjelpar ved tvangssalet. ADRESSE/ LOKALISERING: Tonningsgata 36, 6783 Stryn. Eigedomen som er for sal ligg i sentralt og fint til i austenden av Stryn sentrum, like ved riksveg 15 som går gjennom Stryn sentrum. 1. etg. er nytta som butikklokale, der butikkfasade vender mot riksvegen. Kort gangsavstand til alle servicefunksjonar, butikkar, skular, barnehager, idrettsanlegg og busstasjon i Stryn sentrum. Kun 10 minutters køyring til Stryn skiheiser og flotte tur/skiløyper. MATRIKKELNUMMER: Gnr. 59 bnr. 70 i 1449 Stryn kommune. EIGAR/HEIMELSHAVAR Mathias Hool TOMT: Eigartom på 645 m². Enkelt opparbeidt tomt m/tun på baksida av bygget. Tomta er flat og brukt til bygning og trafikkareal. TILKOMST/ PARKERING: Bygget ligg grensande til rv 15 og har direkte tilkomst frå riksvegen som går gjennom Stryn sentrum. På baksida av bygget er der og tilkomst frå offentleg veg (Nybøvegen) med privat felles asfaltert og oppgrusa veg. Parkeringsplass ved fortau langs riksvegen i front av bygget. Frittståande garasje/uthus ved baksida av bygget. REGULERINGSTILHØVE: Eigedomen ligg i område regulert til bustad- og forretningsføremål. Regulert felles avkøyrsle frå Nybøvegen. VEG – VATN – AVLØP: Eigedomen er tilknytt offentleg veg, vatn og avlaup. BYGGEÅR: Bygningen vart oppført i 1937 og er påbygd i 1978. Garasje/uthus er oppført i 1972. Butikkdelen dels oppussa i ca. 1999 og det er tidlegare utført dels jamleg vedlikehald. I 2010 er det utført noko oppussing i 2. etg. BUSTADHUS M/ NÆRINGSDEL: BYGGJEMÅTE: Ytterveggar av tømmer i gamle delen og isolert bindingsverk i tilbygget, ytterkledning av ståande og liggande trepanel. Saltakkonstruksjon i gamle delen med berande tresperrer og taktekking av lappskifer. Takkonstruksjon i tilbygget med taktekking av banepapp og ca. 10-15 cm. Isolasjon. Etasjeskillere av trebjelkelag, isolert mellom butikkdelen og leilegheita. AREAL: 1. etg. : 2. etg. : Loft: SUM: BTA 221 110 54 385 BRA 213 104 52 369 P-rom 19 104 48 171 S-rom 194 0 4 198 INNEHELD: 1. etg. inneheld vindfang m/trapp til bustaddelen i 2. etg., butikklokale, kontor, gangareal, wc, vaskerom og 2 boder. Butikkarealet utgjer ca 180 m². 2. etg. inneheld trappegang m/dør til balkong og gang, 2 soverom, 2 opphaldsrom, 2 kjøkken - eine kjøkkenet blir nytta av hyblane på loftet, bad/dusj - badet blir også nytta som vaskerom. Loftet inneheld gang m/trapp til 2. etg. og luke til mørkeloft og mellomgang., 4 soverom og bad/dusj. Etg. høgd på loft ca 2,4 til flat himling. UTSTYR/STANDARD: KJØKKEN: Kjøkkeninnreiingar av enkel laminat utføring, ikkje integrert utstyr. BAD: Hovedbad med enkel kvit innreiing. Enkel heiltre baderomsinnreiing på loftsbad. Mekanisk avtrekk frå begge kjøkken elles er ventilering basert på naturleg avtrekk. Air-condition anlegg i butikkdelen. 2 HIMLINGKLEDNING: I Hovudsak måla plater, elles panel, baderomsplater på loftsbadet. VEGGKLEDNING: I hovudsak måla plater og målingsstrie, elles panel og tynnplater, våtromsbelegg på badet i 1. etg. og baderomsplater på loftsbadet. GOLVFLATER: I hovudsak golvbelegg og laminatgolv, parkettgolv i stover og på eitt soverom i 2. etg. elles noko golvflis i 1. etg. Eldre måla trapp. Baldakin mot riksvegen i 1. etg. Balkong som delvis er overbygd og med papptekking på golvet. TILSTAND: Nødvendig vedlikehalds- og oppgraderingsarbeid må utførast. Ein del oppussing har vore gjort bl.a vart butikkdelen oppussa i ca. 1999, i 2010 vart det utført ein del oppussing i 2. etg. Viser til takst av 23.05.2011 frå takstmann Kristen Eikenes vedr. merknader for tilstand/ vedlikehald som må utførast. OPPVARMING: Vannboren golvvarme m/el. kolbe for deler av 1. etg. og vedaomn i eine stova, eller er oppvarming basert på elektrisitet. GARASJE/UTHUS: Garasje er oppført på baksida av bygget, byggjeår 1972. Bruksareal på 47 m² og er inndelt i garasje og to boder. Fundamentert med punktfundamentr. Ytterveggar av bindingsverk m/utv. liggande og ståande trepanel. Plassbygd takkonstruksjon med bærande tresperrer og taktekking av måla galvaniserte takplater utan undertak. Framlagt straum. UTLEIGEEINING: Dagens eigar leiger ut to hyblar på loftet til a kr 2.500,- pr. mnd. Utleigedelen/butikklokalet i 1. etg. står pr. i dag ledig, men eigar opplyser at han skal leige ut lokala som dei er for kr 10.000,- pr. mnd. (Føreligg ikkje leigekontrakt). LØPANDE KOSTANDER/OFFENTLEGE AVGIFTER: Vanlege løpande kostnader som forsikring og offentlege avgifter som straum- og vassavgift. KONSESJON: Eigedomen er konsesjonsfri. DØME FOR TOTALPRIS FOR KJØPAR: Prisantydning Dokumentavgift 2,5 % av prisant. (varierande) Tinglysingsgebyr for skøyte (fast) Eventuelt panterett pr. stk (fast) Sluttpanteattest (fast) Totalpris basert på verditakst EIGARSKIFTEFORSIKRING: Eigedomen vert seld utan eigarskifteforsikring. TAKST/ VEDLEGG TIL SALSOPPGÅVA: Med omsyn til den tekniske standarden på huset vert det elles vist til vedlagt takst frå Ing. Kristen Eikenes, datert 23.05.2011. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten før det vert lagt inn bod på eigedomen. Kopi av tvangsl. §§ 11-39 til 11-41. ORIENTERING TIL KJØPSINTERESSERT OM TVANGSSAL VED MED MEDHJELPAR: Den nye lova om tvangsfullbyrding trådde i kraft 1. januar 1993. Ei av dei viktigaste endringane i høve til den tidlegare lova er at tvangssal av fast eigedom i stor utstrekning skjer gjennom medhjelpar, i staden for ved tvangsauksjon. kr 2.200.000,kr 55.000,kr 1.548,kr 1.935,kr 172,kr 2.258.655,- Det er lova sitt føremål at slike sal skal føregå mest mogleg likt frivilleg sal gjennom advokat eller eigedomsmeklar. På ein del viktige punkt er det imidlertid forskjell. Den som er interessert i å gje bod på ei leilegheit eller eigedom som er under tvangssal, bør merke seg følgjande: 3 Opplysningar om eigedomen: Den oppnemnde medhjelpar pliktar å innhente og kontrollere nødvendige opplysningar om eigedomen, på same måte som ved vanleg eigedomsmekling. Desse opplysningar skal vere nedteikna i ei salsoppgåve, som skal tilstilast alle kjøpsinteresserte. Det skal dessutan avhaldast visningar på vanleg måte. Feil og manglar. Som hovudregel skal ein eigedom kjøpt på tvangssal overtakast i den stand den er i. Lov om avhending av fast eigedom vert ikkje lagt til grunn. Kjøper kan imidlertid krevje prisavslag dersom: Eigedomen ikkje svarar til opplysningar om vesentlege tilhøve som medhjelpar har gjeve, eller Medhjelparen har forsømt å gje opplysningar om vesentleg tilhøve som han måtte kjenne til og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få, eller Eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med, og desse tilhøve kan ha hatt innverknad på kjøpet. Kjøparen kan ikkje heve kjøpet, men krevje prisavslag, evt. ved søksmål mot dei som har fått den del av kjøpesummen som krevjast redusert. Kjøpesummen må betalast sjølv om det krevst prisavslag, men kjøparen kan krevje at den del av summen som vert ramma av kravet om prisavslag ikkje vert utbetalt til dei berettiga inntil saka er avgjort, dersom ikkje namsretten finn kravet openbert grunnlaust. Bod: Bod vert gjeve i hovudsak som ved ordinær eigedomsmekling. Ein vesentleg forskjel er at eit bod for å kome i betraktning må vere bindande for bydaren i minst 6 veker. Dette kan imidlertid etter avtalemellom partane nedkortast til minimum 2 veker. I praksis vil dette vere for lite. Ved sal av andelsleilegheiter er fristen 3 veker. Bod som inneheld forbehold om finansiering vil normalt ikkje bli anbefalt godkjent før finansieringa er ordna. Bodgjeving skal skje skriftleg på vedlagt bodskjema til meklar. Ved evt. høging av bodet kan dette skje på e-post eller pr. telefon. Anbefaling av bod: Medhjelparen kan etter lova ikkje akseptere eit innkome bod. Han legg fram bodet for saksøkjare og andre rettigheitshavarar, og ber om at saksøkjaren begjærer bodet stadfesta. Saksøkjaren kan unnlate å gjere dette, og også trekkje heile saka attende inntil bodet er stadfesta av namsretten. (Dette kan skje dersom saksøkte ordnar sitt gjeldsforhold i siste liten. Medhjelparen vil i det enkelte tilfelle kunne uttale seg om sannsynlegheita for dette). Det vert ikkje utsteda kjøpekontrakt. Stadfestingsorskurd er stadfesting på at kjøpet er kome i stand. Oppgjer og overtaking: Oppgjersdagen er tre månader etter at medhjelparen førelegg bodet for namsretten og rettigheitshavarane. Etter oppgjørsdagen påløp morarenter. Dersom eigedomen er fråviken, kan medhjelparen etter anmodning frå kjøparen tillate at overtaking skjer tidlegare, når kjøpesummen er betalt. Etter at kjøparen er blitt eigar, overtek han risikoen for eigedomen, og må sjølv sørgje for forsikring etc. Anke over stadfestinga: Stadfestingsorskurd kan angripast ved anke. Ankefristen er ein månad frå orskurda er avsagt. Ein anke kan som hovudregel ikkje grunngjevast med innvendingar som ikkje har vore framsett overfor namsretten før orskurd vert sagt. 4 Saksøkte si fråflytting: Når kjøparen har blitt eigar av eigedomen, pliktar saksøkte og husstanden til saksøkjar å fråflytte den. Dersom dette ikkje skjer, kan kjøparen utan gebyr krevje utkasting. Skøyte: Når kjøparen er blitt eigar, vil namsretten utstede tvangssalskøyte som skal tinglysast på eigedomen. Dette medfører at samtlege hefte som ikkje skal overtakast av kjøpar, vert sletta. Ovanståande er meint å gje ei oversikt over hovudreglane ved tvangssal av fast eigedom ved medhjelpar. Framstillinga er ikkje uttømande. Dei fleste av dei aktuelle avgjerdsler er teke inn i lov om tvangsfullbyrding av 26. juni 1992,kapittel 11 og 12. TILTREDING: Kjøpar ber iht. tvfl. § 11-24, 2. ledd evt.l utgifter ved tiltreding og overtaking av eigedomen, som inkluderer evt. rydding og nedvask. BETALINGSVILKÅR: Kjøpesummen skal overførast til meklar advokat Per Maurset sin konto. I tillegg til kjøpesummen skal det innbetalast 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift og kr 1.548,- i tinglysingsgebyr til Staten. evt. gebyr for panteobligasjon på kr 1.935,- pr. stk og gebyr kr 172,- for panteattest kjem i tillegg. YMSE: Salet vert gjennomført som eit tvangssal iht. tvangsfullføringslova sine reglar, der kjøpar har avgrensa adgang til å påberope seg manglar, jfr. tvangsl. §§ 11-39 til 11-41, som følgjer vedlagt i kopi. Lov om avhending av fast eigedom gjeld ikkje jfr. avhendingslova § 1-1. Eigedomen seljast I den stand den er i ved visning. På grunn av den avgrens rett til å påberope seg feil og manglar vert interessentane særskilt oppmoda til å undersøkje eigedomen grundig før bodgjeving. VISNING: Etter avtale med meklar. 5 6 Meklar Advokat Per Maurset Tonninggt. 42, 6783 Stryn Tlf: 578718 66 Mob: 90760299 Faks: 578719 94 E-post:[email protected] BODSKJEMA Underteikna byr kr. .......................................................for gnr. 59 bnr. 70 i Stryn kommune, Tonningsgt. 36, 6783 Stryn. I tillegg til bodsummen kjem dokumentavgift med 2,5 % samt tinglysingsgebyr p.t. kr 1.548,og evt. gebyr for pantedokument p. t. kr 1.935,- og gebyr for panteattest p.t. kr 172,-. Eg/vi har motteke salsoppgåve m/alle vedlegg. Eg/vi har vidare blitt oppmoda til, fått tilstrekkeleg høve til og faktisk også synfare/undersøkt eigedomen. Eg/vi er kjende med at salet er eit tvangssal, og at kjøpar difor har avgrensa rett til å påberope seg feil og manglar. Kjøpesummen vert å innbetale til meklar på eigen klientkonto innan 3 månader frå bodet vert forelagt heimelshavar/tingrett med betalingsplikt 2 veker etter at bodet er stadfesta av tingretten. Finansieringsplan: Eigenkapital kr ___________ Lån i : ____________________ referanse: _________________ ” ___________ Lån i : ____________________ referanse: _________________ ” ___________ Eigenkapitalen består av: Kontantbeløp Sal av noverande bustad kr _____________ ” _____________ Anna ” _____________ Bodet står fast til og med den ……./…….. 20… (minimum 6 veker). Eg/vi er kjent med at bodet er bindande fram til dette tidspunkt og at det ikkje kan trekkast tilbake. Namn: ___________________________________________________________ Adresse: _________________________________________________________ Tlf. og fax: _______________________________________________________ Stad/dato: ________________________________________________________ Underskrift: ___________________________________________________________________ 7