Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd

Download Report

Transcript Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd

Den norske kyrkja
Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd
Postboks 122
6851 SOGNDAL
Tlf: 57679985
Faks:
Sogndal 28.10.2010
Referat frå møte i Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd
Møtedato: 26.10.2010
Møtetid:
kl. 14:00
Møtestad: Stedjetunet (Stova)
Tilstades:
Ove Bukholm, Susan Husabø, Anders Bjørk, Edith Flatland, Nils Skeide, Jermod Ove Hausberg, Jorunn
Merete Haukås-Eide, Karen Marie Hjelmeseter.
Meldt forfall:
Jarle Andersen, Birte Fossheim.
Referat
Sak 004/10 Revisor for Stedje sokneråd
Vedtak:
Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd godkjenner Jostein Flatland som revisor for Stedje
sokneråd.
Sak 005/10 Diakonstillinga i Sogndal
Vedtak:
Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd valde å utsetje saka.
Sak 006/10 Telefonar og telefonavtaler for dei tilsette
Vedtak:
Fellesrådet går inn for å yte eit tilskot til fulltidstilsette på inntil kr. 1.500,-, og eit tilskot på inntil kr.
1.000,- for deltidstilsette, ved innkjøp av nye mobiltelefonar.
Fellesrådet går ogso inn for at tilsvarande ordning som gjeld for dei tilsette i Sogndal skal gjelde for
dei tilsette på Leikanger. Ordninga med betaling av mobilabonnement gjeld i staden for ei eventuell
fast årleg telefongodtgjering.
Fellesrådet går ogso inn for å dekkje telefonrekingane for prestane, på det som gjeld
arbeidstelefoni ut over det som blir dekka av bispedøme.
Sak 007/10 Organisering av stab Sogndal og Leikanger
Vedtak:
Fellesrådet set ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med organisering og samarbeid for dei
tilsette. Gruppa skal bestå av tilsetterepresentantar og fellesrådsrepresentantar. Frå fellesrådet vil
Ove Bukholm og Susan Husabø delta. Framlegget frå arbeidsgruppa på organisering av dei tilsette
skal leggjast fram til uttale frå sokneråda, før endeleg vedtak i fellesrådet. Målsetjinga skal vere at
resultatet av arbeidet kan setjast ut i livet frå våren 2011. Etter at organiseringa har vore utprøvt i
ca eitt år, ynskjer ein ei evaluering av organiseringa.
Ut frå valet blant dei tilsette tidlegare same dag vil denne gruppa bli sett saman slik:
Frå prestane: Bård Haukedal
Frå dei fellesrådstilsette: Arild Slinde og Sandra Pearce
Frå fellesrådet: Susan Husabø og Ove Bukholm
Kyrkjeverje, Jorunn Merete Haukås-Eide
Sak 008/10 Budsjett 2011 - Sogndal
Vedtak:
Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd vedtek framlegget til foreløpig budsjett for 2011 for
kyrkja i Sogndal, med dei endringar som kom fram på møtet. Fellesrådet går elles inn for ei endring
av møtegodtgjersla for rådet, der denne vert lagt likt med kommunal møtegodtgjersle. Nedbetaling
av alt tidlegare års underskot ynskjer ein ogso blir lagt inn i budsjettet for 2011. Budsjettet skal
leggjast fram for Sogndal kommune saman med eit fylgjeskriv som underbyggjer behovet for
auken i løyvingar til drift. Budsjettet skal vidare reviderast når løyvinga frå kommunen er kjent,
samt då leggjast fram att for fellesrådet til endeleg godkjenning.
Sak 009/10 Skriv og meldingar
Vedtak:
Skriva og meldingane vert tekne til vitande.
Sak 010/10 Diakonitenester og Leikanger kommune
Vedtak:
Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd vil be Leikanger kommune om å delta i finansieringa av
diakonstillinga, mot at arbeidsområdet vert utvida til å gjelde begge kommunane.
For Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd
Jorunn Merete Haukås-Eide
kyrkjeverje