Styrke i Tufteparken

Download Report

Transcript Styrke i Tufteparken

SELGE BOLIG I GISKE KOMMUNE?
”Godt gjort
er bedre enn
godt sagt.”
Kontakt Boligspesialisten Notar i dag!
tlf 71 40 00 00
Nr. 1 fredag 4. januar 2013 - 29. årgang www.oyblikk.no
Laussal kr 20,-
Styrke i
Tufteparken
Symjetalent
frå Valderøya
Julie Hjellbakk Pettersen
(18) har fått prøvd seg
mot dei beste symjarane i
Norgesmeisterskapen. Ho
trenar 13 økter for veka og
morgontrening før skulen
må til.
SIDE 7
Jula er over og mange legg
no planar for eit nytt og
sprekare år. Lasse Tufte
frå Asker ønskjer å byggje
ein utandør treningspark
i Giske for det han kallar
eigenvektstrening.
Med ny park er det kanskje
er det nokre som tør å sette
dette løftet som målsetting
for året?
SIDE 4-5
Veke 1
KULTUR:
Jazzpris til
Roaldsand
Side 6
NYTT ÅR:
Årskavalkade
frå 2012
Side 8 - 9
SPORT:
Fotballturnering på Godøya
Side 16
Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 5/1.
Røkt kjøttpølse
29
hel, pr kg, Ole Ringdal
90
Finn din nærmeste butikk på www.spar.no
Ingers
SuperRug
19
750 g, Bakers
26,53/kg
90
Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger.
Svineknoker
saltet, røykt, pr kg, Ole Ringdal
29
90
Alltid tilbud på noe godt!
ord for dagen:
Fredag
4. januar
2013
Veke 1
Ubunden lokalavis for Giske
Ein lyt stundom ta viljen føre verket
Norsk ordtak
Ansvarleg redaktør:
Jan Erik Andreassen
Utgjevar: Øy-Blikk AS
Eit lite
:
so sa øss
!
Nytt år – spennande
utfordringar
Eit årsskifte kan vere utgangspunkt for å sjå seg
tilbake. Det kan vere mange og gode grunnar for
slik tilbakeskoding. Men i denne vesle refleksjonen skal vi gjere det motsette: rette blikket framover mot dagar og tider som ligg framom oss.
Greinaløyse: rot. ”Ka detta e
slags greinaløyse, då?”
Dabbast av: reduserast.
”Det dabbast no av no etter
kvart, med pågangja”.
”Å, sei du det...?”
av Kjell Einar Fjørtoft
namnedagar
Fredag 4. januar: Roar og Roger
(Metusalem), laurdag 5. januar:
Hanna og Hanne (Edvard konge), søndag 6. januar: Aslaug
og Åslaug (Heilag tre kongar),
måndag 7. januar: Eldbjørg
og Knut (Knut hertug), tysdag
8. januar: Torfinn og Turid (Erhard), onsdag 9. januar: Gunnar og Gunn (Julianus), torsdag
10. januar: Sigmund og Sigrun
(Paul eremitt).
Namna i parentes er frå
den gamle almanakken, brukt
fram til 1912.
I det heilt store perspektivet er det enorme utfordringar som må løysast. Stikkord som klima,
nord-sør, fattig-rik, Midt-Austen og finanskrise er
nok til å minne oss om at det er nøgda av oppgåver for verdssamfunnet å gripe fatt i.
Også i eige land er det uløyste oppgåver. Til
hausten er det val og det blir spennande å sjå kva
saker som kjem til å prege valkampen og avgjere
valresultatet. I samfunnsdebatten får ein gjerne
inntrykk av at landet er på randen av krise. Då er
det grunn til å minne om at vi bor i eit av verdas
beste og rikaste land og at det vil halde fram med
å vere det, uansett utfall av valet.
Kvar einskilt av oss står også overfor små og store
val og utfordringar. For den einskilde kan desse
vala vere vel så viktige som dei store politiske
spørsmåla. Men ofte er vegen frå tanke og vilje
til handling langt kortare. Svært ofte kan vi gjere
noko med vår eigen situasjon om berre viljen er
der. Det bør inspirere oss til å ta styring over eige
liv og eigen situasjon. Men ikkje alle ting har vi
sjanse til å kontrollere. Då er det viktig at vi har
eit solidarisk samfunn der vi, både som einskildpersonar og som samfunnssystem, kan legge
forholda best mogleg til rette for den einskilde.
Verdens beste
storesøster blei 4 år
den 2. januar. Ho
heite Olea og er den
beste søsteren som
fins. Ho finne tutta
når ej vil ha den,
ho leika med mej
og ho e rett og slett
storesøsteren alle
drømme om.
Gratulere med dagen!
Gla i dej storesøster,
klem fra Tor-Arne.
Vi vil gratulere
verdens beste lillebror
Tarjei Vikhagen Rørvik
med 5-årsdagen den
3. januar. Mange
klemmer fra Thora,
Jørund, mamma,
pappa og Sera.
Vi gratulerer verdens
kulaste og beste
storebrødre med
dagane! Filip vart
8 år 1. januar, og
Nathanael er 10 år
4. januar. Stor klem
frå Dinah Abena,
mamma, mormor og
morfar.
gudsteneste
Søndag 26. august – 13. søn. i
treeiningstida. Giske kyrkje kl.
11.00
Gudsteneste. Geir
Sakseid. Konfirmantpresentasjon/50- årskonfirmanter.
Offer: Institutt for sjelesorg
(Modum)
Lokalavisene er på mange måtar det limet som
kan binde saman dei ulike brikkene i eit lokalsamfunn, Øy-Blikk ønskjer å vere dette limet her
i Giske. På den eine sida skal vi presentere både
godt, og kanskje mindre godt, av det som hender
i kommunen vår. Og på den andre sida skal vi
vere ein møteplass for meiningar, tankar og idéar.
Derfor inviterer vi representantar frå kultur- og
næringsliv, kyrkje, kommune og organisasjonar
og engasjerte einskildpersonar, i endå større grad,
til å ta Øy-Blikk i bruk til beste for heile lokalsamfunnet vårt i 2013.
Jan Erik Andreassen
[email protected]
Hurra for sjarmøren
vår Lars som fylte 2
år den 28. desember.
Vi er så veldig glad i
deg! Klem fra mamma
og pappa.
Valderøy kyrkje kl.11.00
Gudsteneste. Andrè Sjåvåg.
Konfirmantpresentasjon/50årskonfirmanter
Offer: Kyrkjelydsarbeidet
Bilethelsingar i Øy-Blikk
er GRATIS
Helsingar med kunngjering
av tid og stad for feiringa
kostar 110 kroner. Vi oppfordrar alle til å bruke fullt
namn på den eller dei som
vert gratulert.
Hipp hurra for
goguten Petter som
fylte 3 år 03.01. Stor
gebursdagklem frå
Mormor og Besten.
Gratulerer også til
Silje Kathrin som fyller
29 år den 04.01.
Vi giftet oss den 7. desember 2012 i
Sjømannskirka på Gran Canaria og hadde en
fantastisk dag. Anette Gudmundseth og Lennart
Klementsen (Godøy).
Helsingar kan sendast på
e-post til:
[email protected]
Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert
lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av urett-messig avisomtale,
vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i
etiske spørsmål.
Legg ved frankert konvolutt
dersom du ønskjer biletet
sendt i retur. Siste frist for
innlevering av helsingar og
takkeannonser er tirsdag
klokka 12.00.
Marthe Hellevik,
Valderøya/Stavanger, og
Lars W. Hjorth, Sandnes,
forlova seg 16. desember
2012. Familiane
gratulerer!
PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO.
Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55
Øy-Blikk kjem ut kvar torsdag
Telefon: 70 18 63 80
Faks: 70 18 63 90
Tipstelefon: 917 10 624
Øysenteret,
6050 Valderøy
www.oyblikk.no
e-post:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Annonsefrist:
Forretningsannonsar:
Måndag kl. 12.00
Privatannonsar:
Måndag kl. 16.00
Ansvarleg redaktør og
dagl. leiar:
Jan Erik Andreassen
[email protected]
Annonsekonsulent:
Maren Bringsvor
[email protected]
Journalist:
Carina Giskegjerde
[email protected]
Grafisk medarbeider:
Marcus Murphy
[email protected]
Frilans:
Randi Longva
trykk: Polaristrykk as
sats og montasje:
Øy-Blikk
TIPS ØY-BLIKK
PÅ TELEFON:
917 10 624
Treffast på dette tlfnr. fredag etter kl. 16.00
dato til venstre
2
Fredag 4. januar 2013
Øyriket Giske
Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya,
Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.312 (1. jan 2012)
innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer,
og kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.
sol og måne
Tysdag 21. august kjem den
amerikanske songgruppa The
Crist Family til Valderøy bedehus
for å delta på årets Sangkveld &
kveldser. Som namet på
arrangementet ymtar frampå blir
det både song og kveldsmat på
bedehuset denne dagen.
tysdag 21. august
Valderøy bedehus
flo og fjøre
kl.
3.20
9.21
15.34
22.00
m.
1,9
0,8
2,0
0,7
5. jan.
kl.
m.
Fjære
Flo
Fjære
10.22
16.37
23.03
0,8
1,9
0,7
6. jan.
Flo
Fjære
Flo
kl.
5.22
11.32
17.49
m.
1,8
0,8
1,9
7. jan.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
kl.
0.13
6.33
12.48
19.05
m.
0,8
1,8
0,8
1,9
Flo
4.17Alnæs (1866
1,8
bjørneskyttaren
Johan
– 1933) som budde i Romsdalen. Kanskje så
Foto: Romsdalsmuseets fotoarkiv
ttaren Johan
vere bjørneskyttaren
8. jan.
kl.
m.
æs som
har fått
Johan
Fjære
1.25
0,7
Flo
7.42
1,9
nen oppkalla
etter
seg?
Fjære
14.00
0,7
Flo
EGJERDE
o
9. jan.
Fjære
Flo
Fjære
vi
til
Flo
20.16
1,9
kl.
m.
2.30
0,7
8.44
2,0
15.02
0,6
historiekjenna21.17
2,0
ridde
munen og etterlyste historia
til Johan Skytt-steinen på
. Og no har vi fått napp! 72
a Peninna Alnes fortel oss
ar høyrt om ein bjørneskytte Johan Alnæs.
omsdalen
har blitt fortalt var det i
to karar som skaffa seg gard
, oppe ved Trollstigen.
Alnes opp i der, fortel ho.
dei to karane i denne histta i frå Alnes, eller om dei
arane til nokon herifrå, det
a Peninna Alnes, men det
Send SMS med kodeord
r at deneine av
desse
karane
HEDDA
til 2040
, Johan Alnæs, og han var
skyte bjørn. Folk på Alnes
pptekne av at denne manitte Alnæs skaut bjørn inn
. Og det kan difor tenkast
om står som eit våpen over
kalla etter skyttaren Johan,
BROSJYRE?
dato til høyre
Fredag 4. januar 2013
øyglimt
Sangkveld
& kveldser
Fredag 4. januar
Sola opp kl. 10.01, i sør kl. 12.41,
ned kl. 15.21. Dagen har øket 22
min. fra vintersolverv. Månen i sør
kl. 5.41, ned kl. 11.07.
4. jan.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
16. - 19. august er
mellom anna Roxette,
The Prodigy, Avicii,
Kent, Kaizers
Orchestra, The
Hooters, Bjørn Eidsvåg,
og Maria Mena klare
til å spele på årets
Jugendfest.
torsdag 16. - søndag
19. august
Color Line Stadion
UKM: Line Høybakk deltok på UKM for første gong i 2012.
Fortalt av gammalt folk
Matfestivalen
Når Den Norske Matfestivalen går av stablen onsdag 22.
august lovar arrangøren ein
folkefest for folk flest i tillegg til
ei messe for dei ypparste innan
matkunst i Norge, det blir fleire
norgesmeisterskap og fagforum
for matprodusentar av alle slag.
Onsdag 22. - søndag 26. august
Ålesund
Alrkivoto: Carina Giskegjerde
No kan du melde deg på UKM
Eva Peninna Alnes fortel at det kan vere
ulike historier om Johan Skytt-steinen,
men historia om Johan Alnæs, han som
Dans
skaut bjørn i Romsdalen, har ho i alle fall
Laurdag 18. august spelar vår
LilllagAnita
Synnes,
blitt fortalt
av
gammalt
folk
fleire
gongar.
framfor om
500 publikumfor å trubadur,
– Gjer som Karpe Diem, gjerne fram igjen ordalokale
opp
til
dans
på
Beat
café
(gamle
marar i salen.
Giske-ungdommen på
Alnes Jenny
fortel Langlo,
at gammalt
folk varminne
kry over
Black
- Det var litt skummelt, men
å delta på Ungdomens kulturRollo)
i
Ålesund.
at der Sheeps,
var ein Moddi,
bjørneskyttar
som
stamma
Lido
det var mest gøy, fortalde
mønstring (UKM) 2013. Førlaurdagtil
18.Øy-Blikk
august
frå Alnes,
koplar
ho historia
opp i februar er det Line Høybakk
Lidoog
og slik
300.000
andre
ste søndagen
etter sin Beat
aller café,
førsteÅlesund
opptreklart
fordet
UKM i Giskehallen på
– bli med
på UKM! og spør
mot Johan
Skytt-steinen
om
den
på
UKM.
Ho
vart
takka
Valderøya
og
allereie
no
kan
Ungdom
fråslik?
13 – 20
kanskje
kan vere
Eller kanskje
fekk
av som ei stjerne etter at ho
ein melde seg på med sitt taår namnet
blir oppmoda
til å før Johan
steinen
sitt lenge
Al-det er sjonglering,
framførte av
songen
lent anten
Innsetjing
ny«Breath
delta
på
UKM
i
Giske
Me». Medan publikum jubla
smykkedesign,
fotballtriksing,
næs skaut bjørn?
sokneprest
2013.
og applauderte, kom fansen
foto, stand-up, musikk, ei nofram
til scenekanten
velle, dans, konferansierSøndag
eller
blir det
gudstenesteog gav
ho langstilka,
roser.
journalist.
CARINA GISKEGJERDE
Føljetong
med innsetjing
av nyraude
sokneprest,
Det
var
venninnene
mine,
–
Alt
er
ønska,
skriv
arrangø[email protected]
Finst det fleire historier om Johan SkyttGiske ogsom
Vigra
smilte iHøybakk
vart åtren i ei pressemelding. Geir Sakseid,
steinen?
gjerne fram
sokn. Etter
vert det
varagudstenesta
om at venninnene
kom
«UKMØy-Blikk
er viktigast»held
orda tiltil
å
gjere
eit
stunt.
Ei
spanande
oppleving
høyrer
Ante
Giskeødegård,
med det som kan bli ein artig føljetong.
fellessamling med servering av
fjor hadde UKM i Giske
av Sunnmørsposten
Ring, vinnar
send ein
e-post eller komIrekordmange
innom
varm mat,
kaffi og kaker.
innslag på
Bygge nettverk
sin kulturpris 2012. Kultursjef
redaksjonen
slik at vi
kan
delescena,
historia
19.arena
august
med totalt 23 sceneUKM er søndag
ein open
for
i Giske kommune,
Frode
Elias
innslag.
Både
erfarne
og
nye
ungdom
mellom
13
og
20
år,
Synnes,
og
Robert
Skjong
i
Godøy
bedehus/kapell
vidare. Vi held til i andre etasje på ØyUKM-arar torde å prøve seg
og arrangøren meiner at det
Valderøy skulekorps trekk
er eit supert høve for å møte
menneske med like interesser, dele erfaringar, vidareutvikle talentet sitt og bygge
nettverk. I fjor gjekk ti av
deltakarane i Giske vidare til
fylkesmønstringa. Det er over
25.000 ungdommar frå heile
landet som deltek på UKM
kvart år, og til slutt er det 500
stykk som får delta på den
nasjonale UKM-festivalen.
- Vi håper at så mange som
mogeleg melder seg på i Giske
slik at vi får vist fram det flotte
mangfaldet vi har å by på,
skriv Frode Elias Synnes og
Robert Skjong i ei pressemelding. Fristen for påmelding
har dei sett til søndag 20.
januar.
senteret. Historiene vil vi også dele på
www.oyblikk.no.
700
Over
liker Øy-Blikk på
- lik oss du også!
Nye Naustbuda
Ein av Øy-Blikk sine lesarar har
skrive til avisa om det han meiner
er ein faktafeil i lunsjpraten på
Naustbuda i november. Han skriv
at etter det han har blitt fortalt
vart butikken starta av Jostein Alnes i november 1983. Namnet på
butikken var då Naustbuda. Først
i januar 1990 tok Inge Westad
over i lag med nokre fleire. Namnet på butikken vart då endra til
Nye Naustbuda.
3
nytt
Formannskapsmøte
Kvar: Kommunestyresalen, rådhuset
Når: Torsdag 20. desember kl 14.00 – 15.00
(inkludert møte i landbruksnemnda)
Møteleiar: Ordførar Knut Støbakk
Alarm til dei utan nattevakt
– Det plagar meg med dei som har mista nattevakta
si. Kan desse få tryggingsalarm? spør Marit Alnes
(Krf) i formannskapet. Hildegunn Nesse Roald, som
møtte for rådmannen, svara at dei som kan nytte
seg av det kan få tryggingsalarm. Ho legg til at på
noverande tidspunkt har dei ikkje ledige alarmar, og
for nokre brukarar er det nærleik til helsepersonell
som er det reelle behovet.
- Viss det er behov for alarmar så skal ein berre
kjøpe. Punktum. Så enkelt er det, seier ordførar Knut
Støbakk (Krf) og viser til tidlegare vedtak i kommunestyret.
No kan det kome
Utandørs trenin
Til stades:
Ordførar Knut Støbakk (KrF), varaordførar Olav Sindre Roald (H),
Roar Dyb-Sandnes (Ap), Marit Alnes (KrF), Per Otto Hellevik (FrP)
og Odd Egil Valderhaug (H).
Vara: Venstre hadde ikkje vara for Ove Paulsen.
Tufteparken kan bli det
nye trekkplasteret for
folk som liker å trene
styrke ute i naturen.
opp parkar rundt om i Norges
land for å skape eit stort, sunt
og nasjonalt omfattande treningsmiljø. Ein av parkane vil
han starte opp i Giske.
Frå administrasjonen:
CARINA GISKEGJERDE
Suverent for folkehelsa
For rådmann Hildegunn Nesse Roald, økonomisjef Sigmund
Strand og leiar for servicekontoret Karin Vea Sæther.
Saker:
Totalt seks saker på saklista. Dei omhandla veg og stadsnamn i
kommunen. I tillegg vart fem saker behandla i landbruksnemnda. Sakene omhandla mellom anna frådelingar og leplanting.
Servering:
Kaffi, klementinar, druer og kakerestar.
Vil betre prosessane i kommunen
[email protected]
Lasse Tufte frå Asker har blitt
hekta på ei treningsform som
han vil at endå f leire skal
oppdage. Calisthenics er ei eigenvektstrening der ein nyttar
eiga kroppsvekt som motstand
i styrketreninga. I følgje Tufte
er det ein stor idrett i Russland,
dei baltiske landa, andre delar
av Europa og i delar av USA, og
treninga går stort sett føre seg
utandørs. No vil Tufte bygge
Tufte har planar om å nå ut til
alle kommunane i Norge for å
etablere parkar for eigenveksttrening. Til no har han kontakta 100 kommunar og han
opplever å få god respons. I dag
veit han om 20 – 30 parkar som
skal settast opp i 2013, og det
kan fort bli endå fleire. Dersom
Giske kommune også ønskjer
seg ein slik park kan dei likevel
få den opp utan særleg ventetid,
fortel Tufte. Sjølve produksjonstida på parken er berre åtte til
12 veker. Tufte understrekar at
dette er eit suverent tilbod for
folkehelsa, og han meiner at
det også er difor at han møter
så mange positive kommunar
som vil vere med på prosjektet.
Flittig brukt
I sommar stod det første prosjektet hans ferdig i heimekommunen Asker, der dei kalla
parken for Tufteparken. Oppslutninga har i følgje Tufte
vore overveldande, og mellom
anna gutar i 20-åra er flittige
brukarar. Samtidig vert også
parken like mykje brukt av mosjonistar og syklistar som legg
turen innom for ei styrkeøkt,
og idrettslag nyttar parken til
barmarkstrening.
Etter formannskapsmøtet like før jul orienterte ordførar Knut
Støbakk om at komiteane i kommunen skal starte med årshjul
slik at ein kan få til betre prosessar for store oppgåver. Punkta
som ligg inne i årshjulet skal takast opp som faste saker på kvart
møte i komiteane, og på denne måten kan ein til dømes jobbe
med budsjett og økonomiplanen heile vegen i staden for å berre
ha det i ein kort periode på hausten.
Vil ha velferdsteknologi
Marit Alnes spør formannskapet om ein ikkje burde starta litt
med velferdsteknologi i Giske, i alle fall undersøkt litt. Ho har
høyrt at både pårørande, brukarar og dei som gitt tenesta er
svært godt nøgde med bruk av velferdsteknologi. Ordførar Knut
Støbakk svarer med at han har fått seg ei aha-oppleving av å
høyre eit foredrag om velferdsteknologi. Der fekk han mellom
anna høyre at 80 prosent av alle ulykker som rammar eldre er
fallulykker.
– Og kva er det vi legg på bada i det nye omsorgssenteret? Flis,
som er det hardaste ein kan falle på, poengterar Støbakk. Under
foredraget fekk han høyre om eit golv som ei kunne sleppe eit
egg ned på utan at egget knuste. Støbakk ønskjer at dei inviterer
foredragshaldaren til å halde eit fordrag for omsorgstenesta,
politikarar og andre interesserte i kommunen.
Ny skule med skøyteis?
Marit Alnes meiner at kommunen tek på seg for mykje ansvar
dersom dei også skal lage skøyteis på området til ny barneskule
på Valderøya. Ingen i formannskapet hadde høyrt noko om
denne planen, og Roar Dyb-Sandnes (Ap) i byggenemnda fortalde at dette ikkje ligg inne i planen for ny barneskule.
Kriseleiing i omsorgssenteret
Dersom det skulle kome ein ny orkan som Dagmar, der kommunen og rådhuset også blir utsett for straumbrot, skal kriseleiinga
i kommunen møtast etter to timar og ha base i Giske omsorgssenter. Det fortalde ordførar Knut Støbakk til formannskapet.
Han kunne også fortelje at naudaggregata som vart bestilt til
Godøy bukollektiv og Vigra omsorgssenter etter orkanen Dagmar i romjula 2011 no er på plass. Giske bukollektiv er planlagt
nedlagt og her er det ikkje aggregat. Konstituert kommunalsjef
Hildegunn Nesse Roald fortel at ved ein ny orkan som Dagmar
må bebuarane sikrast med dyner, pledd eller liknande, og det er
kjøpt inn ein ekstra gassomn.
Lasse Tufte viser korleis apparata i Tufteparken kan brukast. Dette er frå parken i Asker.
Foto: privat
dato til venstre
4
Fredag 4. januar 2013
Namnemøte på Alnes
Fyrverkeri mot huset
Mange har fått tildelt adresse i kommunen den
siste tida. På Giske har alle fått tildelt adresse,
fortel Odd Egil Valderhaug som sit i namnenemda.
På Valderøya er dei nesten ferdig, men det kjem
stadig nye oppgåver her, på Vigra og Godøya
er mykje gjort, men på Alnes har dei ikkja starta
arbeidet enno. Ordførar Knut Støbakk oppmoda
Valderhaug og namnenemda til å kalle inn alle
interesserte på Alnes til eit møte i oppstarten av
namnearbeidet der. Møtet meiner han at dei kan
ha på Naustbuda.
– Då vil eg ha med bandopptakar, svara Valderhaug som ønskjer hjelp av lokale kjentfolk som
konsulentar i arbeidet med namnsettinga.
Ein bekymra innbyggjar på Vigra ringte til politiet rundt midnatt
nyttårsaftan. Han meldte frå om at det vart skote fyrverkeri mot
huset hans. Politiet melder at det ikkje oppstod brann, men at
innringaren var engsteleg.
Kulturprisen
til Ante og Lars
gspark i Giske
Eit annleis tilbod
Apparata ser enkle ut, og ein
kjenner dei kanskje igjen frå
skuleområde og også frå turnparken på Syvermarka her i
kommunen. Tufte fortel likevel at Tufteparken er spesielt
tilpassa slik at alle skal få eit
godt treningsutbytte. Han har
brukt eitt år på å utvikle ein
treningspark med internasjonal standard, både i design og
funksjonalitet, og den har to
sett av kvart apparat i ulike
størrelsar.
Treng instruktørar
Med responsen Tufte har fått i
parken i Asker er han på dugnad opp til seks gongar om
dagen for å rettleie folk som
har kontakta han. Samtidig har
dei fått til eit miljø der alle hjelper dei som er nye. I parkane
rundt om i landet ønskjer han
å rekruttere lokale instruktørar
som kan fungere som kontaktpersonar og rettleiarar i parken.
Førebels er dette arbeidet tenkt
som dugnad, noko Tufte fortel
at han har gode erfaringar med.
På sikt kunne han likevel ha
tenkt seg at instruktørar kunne
lønnast gjennom sponsorar
eller avtalar med kommunen.
Kommunal finansiering
I ein søknad til Giske kommune
skriv Tufte at totalkostnaden
for ein komplett park, inkludert
gravearbeid, fundamentering
etc. ligg på omtrent 250.000
kroner. Han ønskjer å nytte
kommunalt areal til parken
og at kommunen kan stå for
finansieringa, men han ser
også at andre alternativ er mogelege. Tufte fortel at det skal
settast opp to parkar i Tromsø,
og begge desse vert dekt av
Gjensidige Stiftelsen. Då er det
dugnadsbaserte organisasjonar
som må sette i gong prosjektet
og ta ansvaret for parken. Tufte
fortel at i slike løysingar har
kommunane likevel vore villige
til å stille med areal. Det er også
mogeleg å søke om spelemidlar
for å få i stand ein vedlikehaldsfri treningspark i kommunen.
Skisse av alle apparata i Tufteparken.
Foto: Suveren Rørmøbelfabrikk AS
Søskenbarna og festivalgrunderane Ante og Lars
Giskeødegård i eventselskapet
Momentium har fått tildelt
Sunnmørsposten sin kulturpris
2012. Redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg,
sa under prisutdelinga at
vinnar-ane viser at det går an
å få til litt meir, og nå litt lengre. Dei har verkeleg gjort ein
innsats utanom det vanlege.
Om lag 50.000 menneske var
innom festivalane Midtsommerjazz, Sommerfesten på
Giske og Jugendfest som Momentium arrangerte i 2012,
og dei trekte store artistnamn
til Giske og Ålesund. Ante
Giskeødegård tok i mot prisen
som han ville dele med alle
tilsette, 30 frivillige ressurspersonar som hjelper dei heile
året og om lag 1000 andre
frivillige som står bak dei tre
festivalane som Momentium
arrangerer.
Følgjer opp
motorsykkelklubben
i fellesfjøsen
Lasse Tufte legg vekt på eit sosialt treningsmiljø der ein kan lære av dei
andre i parken.
Foto: Mankini Photography
Ein av Øy-Blikk sine lesarar
etterlyser reaksjonar frå Giske
kommune og ei kritisk presse
når det gjeld etablering av
motorsykkelklubben Banished
Freaks i fellesfjøsen på Vigra.
Politiet aksjonerte mot motorsykkelklubben før jul, men
gjorde ingen beslag i aksjonen. Etter formannskapsmøtet
like før jul vart aksjonen mot
Banished Freaks kommentert. Ordførar Knut Støbakk
fortalde at kommunen ikkje
var varsla om aksjonen. Han
meiner også at det er feil at
kommunen skal legge seg
borti ein politiaksjon. Det dei
kan gjere er å følgje opp det
bygningsmessige, og det har
dei framleis tenkt til å gjere.
Olav Sindre Roald (H) fortalde om ein som forskar på
motorsykkelgjengar. Denne
forskaren har sagt seg villig
til å kome til Giske og fortelje
kommunen kva dei kan gjere i
slike situasjonar, dersom Giske
kommune ønskjer det.
Lokale aktørar må gjennomføre
Kultursjef i Giske kommune trur ikkje at dei
kan prioritere Tufteparken på noverande
tidspunkt, så dersom
det skal bli park i Giske
må det bli lokale organisasjonar som står for
gjennomføringa.
Kultursjef Frode Elias Synnes
fortel at han i utgangspunktet
vil legge fram søknaden som
orientering for kulturkomiteen
dato til høyre
Fredag 4. januar 2013
i kommunen, men dersom
rådmannen ønskjer det kan
Tufteparken bli ei sak for politikarane. Synnes synest at
Tufteparken ser ut til å vere eit
spanande prosjekt som absolutt
er interessant, og han omtaler
det som eit lavterskeltilbod
som ein ønskjer å legge meir
til rette for i kommunen. Den
økonomiske situasjonen til
kommunen gjer det likevel slik
at kultursjefen er skeptisk til at
dei kan gjennomføre prosjektet
– også viss dei hadde fått spelemidlar til finansieringa.
– Har du nokre tankar om
korleis ein kunne ha fått det
til i Giske?
– Det kunne har vore ei lokal
foreining eller liknande som
stod for prosjektet, svarer Synnes og legg til at foreininga
kunne ha søkt om spelemidlar.
Politikarane gjer ei samla prioritering av prosjekt i Giske som
søkjer om spelemidlar.
– Men på sett og vis har vi allereie noko liknande. Turnparken
på Syvermarka er open for alle,
seier Synnes til slutt.
“Mor og eg snakkar ofte
om oppveksten hennar.
Min oppvekst har ho
gløymt.”.
-Marie 46 år
Ring Demenslinja
815 33 032
5
Ungjazzprisen til Valderøy-talent
Rett før jul fekk
Dag-Filip Roaldsnes
tildelt ein anerkjennelse
for sine evne og arbeidsinnsats. Han fekk tildelt
Jazzsirkelen sin Ungjazzpris 2012.
CARINA GISKEGJERDE
[email protected]
– Spenninga er redusert, men
gleda er stor, sa Kjell A. Standal
i Jazzsirkelen då han delte ut
Ungjazzprisen 2012. I rommet sat Dag-Filip Roaldsnes
omringa av sine næraste vener
og familie.
– Prisvinnaren er 28 år, kjem
frå Valderøya i Giske kommune
og er for tida busett i Oslo. Det
er med glede og ærbødigheit at
styret i Jazzsirkelen tildeler Ungjazzprisen 2012 til pianist og
komponist Dag-Filip Roaldsnes.
Ein ettertrakta musikar
Styret i Jazzsirkelen skildrar
Roaldsnes som ung, lovande og
eit talent utanom det vanlege.
Dei fortel at han har gjort seg
bemerka først og fremst som
pianist, men at hans personlege musikalske uttrykksform
har fått eit endå tydlegare preg
med framveksten av eigne
komposisjonar, og det kjem
særleg godt fram i framføringa
av solo pianospel av komponisten sjølv. Dei trekk fram hans
første plateutgiving, konserten
han heldt under årets Ungjazzfestival i Ålesund, at han er ein
ettertrakta medmusikant i konsertsamanheng mellom anna i
gruppene ”The Peacocks”, ”Kiip
Acoustic”, ”Karl Seglem kvartett” og ”Kompen Quintet”, og
at den fine, lyriske kvaliteten i
pianospel og komposisjon har
ført han til eit nært samarbeid
med forfattar Edvard Hoem,
engasjement til Bjørnsonfestivalen og samarbeid med forfattar Niels-Øivind Haagensen
under Ungjazzfestivalen 2011.
I godt selskap
– Han skulle ha fått utdelt prisen på julejazzen, synest bookingansvarleg i Jazzsirkelen,
Bjørn Åge Skingen, som legg
til at dei berre måtte knipe tak
i prisvinnaren før han reiste
tilbake til Oslo. Han er glad
for at Jazzsirkelen er der no
og deler ut prisen til Dag-Filip
Roaldsnes, for han er sikker på
at ein vil kome til å høyre meir
frå denne musikaren. Tidlegare
mottakarar av Ungjazzprisen
er Stian Omenås, Hilde Marie Kjersem, Kåre Nymark Jr,
Erlend Slettevold og Hedvig
Mollestad Thomassen.
Ein døropnar
– Eg har aldri teke i mot ein
pris før. Det er stort, rørande
og inspirerande, sa Dag-Filip
Roladsnes i takketalen sin. Han
visste med ein gong kva han
ville bruke premien på 10.000
kroner til, nemleg innspeling
av eit soloalbum. Roaldsnes
fortalde at Jazzsirkelen har
opna nye dører for han, og han
hugsa godt då han vart booka
inn til sin første konsert i 2005.
– Det eg likevel hugsar best er
då de i Jazzsirkelen bar eit piano
ned fire etasjar, stemte det og
gjorde alt klart for konserten,
smilte prisvinnaren.
Årets debutalbum
Dag-Filip Roaldsand har i tillegg til å få utdelt Ungjazzprisen i Ålesund blitt lagt merke
til av nasjonal presse. Under
overskrifta Topper fra jazzåret
2012 har jazzjournalist i Dagbladet, Terje Mosnes, plassert
Dag-Filip Roaldsnes sitt album
”Først” som ein av to i kategorien platedebut.
PRISVINNAR: Dag-Filip Roaldsnes synest at det er stort å stå i rekkja av
mottakarar av Ungjazzprisen med mellom anna Kåre Nymark Jr, Erlend
Slettevold og Hedvig Mollestad Thomassen.
Foto: Carina Giskegjerde
– Kjem veldig godt med
Alexander Walderhaug
og Kristine P. Walderhaug er i ferd med å
pusse opp badet, så eit
gåvebrev hos XL Bygg er
midt i blinken.
– Eg bruker aldri å vinne, så det
er ikkje rart eg vart glad, seier
ein veldig fornøgd Alexander
Walderhaug. Han bur saman
med kona Kristine P. Walderhaug i eit hus på Valderøya, der
oppussinga av badet no står for
tur. Difor kjem gåvebrevet på
5.000 kroner ekstra godt med.
Gåvebrevet har han vunne
fordi han betalte abonnementet på Øy-Blikk innan fristen
16. desember.
– Tidlegare har eg òg passa på å
betale inn før fristen, nettopp
for å vere med på denne trekninga, seier Walderhaug, som
set stor pris på lokalavisa si.
– Eg synest Øy-Blikk er veldig
bra. Eg får eit innblikk i det
som skjer på øyane, og det er
ein fin måte å oppdatere seg på,
meiner Walderhaug.
Vinnar: Alexander Walderhaug t.v. er ein glad vinnar av gåvebrev på XL Bygg, som vart delt ut av dagleg leiar Snorre Roald før jul.
Tekst og foto: Randi Longva
dato til venstre
6
Fredag 4. januar 2013
sport
Nye treningstider på Valdervoll
IL Valder vil som tidlegare år leige ut delar av Valdervoll til naboklubbar.
Samtidig startar a-laget og junior-laget opp igjen med sine treningar i
januar. Dette gjer at det kan bli trongt om treningstida enkelte dagar.
IL Valder ber dei ulike laga om å sjekke dei nye treningstidene og melde
frå om eventuelle umoglege kollisjonar.
Talent i tenkjeboksen
Julie Hjellbakk Pettersen
har svømt seg mot norgestoppen sidan ho tok
sine første øvingstak i 5.
klasse på Valderøya. No
er 18-åringen i tenkjeboksen på kva ho skal
bli når ho blir stor.
Rolf Hansen
Hjellbakk Pettersen hadde ikkje
sansen for fotball og handball i
barneåra. Då vart det symjing.
Det starta med to treningar i
veka.
- Eg har trent symjing sidan 5.
klasse, og eg sitt att med mykje
positivt etter alle åra med trening og konkurransar. Symjing
er god trening for heile kroppen, seier Pettersen.
Tøft
Ho er no 18 år gamal. Før jul
følte Pettersen at ho hadde
kome til eit punkt der ho måtte
ha ei tenkjepause.
- Eg har lagt ned svært mykje
tid på symjinga, og no får eg sjå
kva eg elles går glipp av. Det er
også litt frustrerande å ikkje få
dei resultata ein ønskjer. Spesielt ettersom eg trener like mykje som dei som ligg over meg
på resultatlista. Konkurransen
er tøff. Eg er vel berre litt lei av
å heile tida vere nestbest, fortel
Pettersen.
Gode resultat
Ho har fått med seg mykje på
dei knappe ti åra ho har satse på
symjesporten. Det som starta
med to økter i veka i bassenget
på Moa, har blitt til 13 økter i
veka dei siste åra. Kvar økt er på
to timar, og morgontrening før
skule må til.
Resultata har ikkje uteblitt sjølv
om Hjelbakk Pettersen ikkje er
heilt nøgd med utbyttet.
- Eg har vore med på å vinne
fem medaljar i nasjonale ungdomsmeisterskap for lag. I fjor
vart vi nr fem i lagsymjing på
4x100 og 4x 200 meter fri.
Individuelt har det blitt nokre
krins- og klubbrekordar, seier
Julie.
Store talent
Ålesund svømme- og livredningsklubb har ei rekkje store
symjetalent. Nokre av dei er
heilt i norgestoppen i sine klassar. På slutten av 2012 var tre
symjarar frå klubben på landslaget, medan tre andre banka
hardt på same døra. Hjellbakk
Pettersen var ikkje blant dei,
men trenaren meiner ho absolutt har potensialet.
dato til høyre
Fredag 4. januar 2013
- Julie kan bli ein god symjar
på nasjonalt nivå, seier trenar
Alexander Hagen i Ålesund
svømme- og livredningsklubb.
Lege
Det er fyrst og fremst mangelen på individuelle resultat
som har fått 18-åringen til å ta
nokre kviletak. Ho er no inne
i sitt siste år som juniorsymjar.
Nålauget er trongt allereie, og
som seniorsymjar er det enda
vanskelegare å nå toppen.
Julie, som til dagleg er å finne
på Fagerlia viaregåande skule,
er no nede i sju økter i veka. Ho
tenkjer på framtida.
- Eg har alltid hatt lyst til å
få meg utdanning på høgaste
nivå, og eg tenkjer litt på medisinstudier. Etter siste år på
Fagerlia, reiser eg bort frå Ålesund. Då vil det uansett vere
vanskeleg å satse på symjinga.
Eg trur kanskje at lysta til å
få ei god utdanning, også har
vore ein liten brems i forhold
til å satse maksimalt på symjinga. Mange av dei andre har
alt fokus retta mot trening og
konkurranse, fortel Julie.
Gode venniner
Mellom anna går ho i same
klasse som Veronica Bjørlykke.
Klassevenninna er blant dei
beste i bassenget med individuelle nasjonale rekordar og
medaljar i fleng. Dei er svært
gode vennar trass i skilnaden
på medaljevaløren.
SYMJING: Julie Hjellbakk Pettersen frå Valderøya er aktiv i Ålesund svømme- og livredningsklubb.
Foto: privat
- Vi er faktisk kjempegode venninnar både i klubbsamband
og utanom. Det er berre gode
minnar frå tida vi har konkurrert. Eg er ikkje sur eller bitter
på nokon. Det er først og fremst
ei vurdering kring tidsbruken i
forhold til kva eg sitt att med,
seier Julie.
Symjer framover
Ho er ikkje ferdigtenkt enda, og
symjing skal frøken Hjellbakk
Pettersen helde fram med. Allereie til helga er det symjestemne i Trondheim. I fjor var ho i
Tyskland. Der klarte 18-åringen
NM-kravet. Det gav ho eit høve
til å prøve seg mot dei beste i
Norgesmeisterskapen.
- Det er artig å reise på store
meisterskap og stemner. Eg
har fått mange gode vennar
gjennom symjinga, og det har
gitt meg ei god døgnrytme og
gode vanar. Det å kome seg
tidleg opp om morgonen er til
dømes viktig, og noko eg tar
med meg vidare i livet, seier
Julie Hjellbakk Pettersen.
7
Glimt frå lokale hendi
januar
Eldsjel
Hans Petter Godø vart kåra til
Årets eldsjel 2011. Blant 14
sterke kandidatar var han den
som peika seg ut. Og det er ei
lang og omfattande liste med
verv og eigenskapar som gjer
at nettopp han blei plukka ut
til å vere den fremste av dei
fremste denne gongen. Heilt frå
han var 15 år har han, nesten
samanhengande, vore aktiv i
idrett og samfunnsliv.
Gassdriven båt
I løpet av 2012 håpa reiarlaget
Roaldnes AS å kontrahere ein
ny trålar driven på gass. Det
hadde i så fall blitt verdas første
gassdrivne fiskebåt.
Båtkarane sin bule
”Han Oddvar og eg er her kvar
dag, anna enn når vi er dødssjuke eller i begravelse.” Herman
Blindheim (14) frå Vigra har
fiskebåt i hamna på Gjøsund
og går i lære hos gamlekarane
i sambrukshuset. I januar fekk
Øy-Blikk vere med inn i båtkarane sin bule, der Herman
held til omtrent kvar dag etter
skuletid.
februar
Betre beredskap
Fleire politikarar i kommunestyret ville vite korleis kommunen faktisk handterte hendingane etter orkanen Dagmar
i romjula. Konklusjonane dei
fekk presentert viser at mykje
må forbetrast. Dei mest alvorlege konsekvensane av orkanen
fekk dei merke på sjukeheimen
og omsorgsbustadene. Ei oppleving som er uverdig for dei
eldre, meiner ordførar Knut
Støbakk.
Stormønstring
med flotte talent
Med imponerande og rørande
song, tøff dans og kreativ kunst
hadde Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Giske alt
på plass.
Internasjonalt
rundt bordet
Til tider er det om lag 350 personar i full jobb på Subsea 7. For å
få i hamn store prosjekt blir det
jobba dag og nattskift. All kommunikasjon går på engenlsk, og
det kan lett bli 8 -9 ulike nasjonar samla rundt lunsjbordet.
mars
Starta bibelskule
Godøy indremisjon starta bibelskule i Godøy bedehuskapell
med Bjørn Mannsverk som
bibelskulelærar.
Tre bøker frå forfattarøya
Ein debutant som brenn etter å
halde det endelege resultatet i
handa. Andremann lurer på om
han rekk vårsleppet. Den tredje
har allereie hatt høgtlesing for
publikum. Felles for Elin Grim-
OMSORGSSENTER: 25. september vart Giske omsorgssenter høgtidleg opna. Her var det kunstutstilling, talar i fleng, brus i sjampanjeglas og musikkinnslag. Det s
av Kristine Roald Sandøy frå Vigra.
stad, Ronnie MAG. Larsen og
Aina Basso er at dei har vakse
opp på øya Giske og gir ut bøker
på nynorsk i år.
Frå Øy-Blikk til NRK
Etter 16 år i lokalavisa er det
vemodig å slutte. Samstundes
er det godt å overlate ansvaret
til nye kostar. Hilde Røsvik har
allereie kasta seg over nye utfordringar som redaksjonssjef i
NRK Møre og Romsdal.
april
Ny sokneprest
på Vigra og Giske
Geir Sakseid er tilsett i stillinga
som ny sokneprest i Vigra og
Giske sokn. Han tar over etter
Anne Marit Riste som sist haust
tok til som kapellan på Sula.
Avinor styrte
flyplassreguleringa
Kampen om kor vegane på
Vigra skal gå er ikkje over. No
viser det seg at det er Avinor
som har lagt premissane for
vedtaka i Miljøverndepartementet. I følgje motstandarane
av reguleringa viser dei fleste
av desse premissane seg å vere
direkte feil.
Inne i nytt bygg
I lag med elleve andre bebuarar
frå bukollektivet på Valderøya
flytta Alma Flåen inn i Giske
omsorgssenter. Ho er dermed
ein av dei første bebuarane som
får prøve ut det nye senteret på
Valderøya.
mai
Giskedrakt
Giske Sogelag presenterte Giskedrakta basert på måleriet
”Skjøn Valborgs Grav på Øen
Gieske nær Throndhjem” av
Fredrik Sødring frå 1835.
Bøndene aksjonerar
15 bønder frå Giske kommune
aksjonerte på Ytterland og
køyrde i traktorkaravane til
Ålesund for å synleggjere si
misnøye med staten sitt tilbod
i jordbruksforhandlingane.
Prisrekord på Giske?
Ein landbrukseigedom på Giske, taksert til 1,8 millionar
kroner, har etter ein open
bodrunde kome opp i 5,45 millionar kroner. Det er meir enn
tre gongar høgare enn takst.
Det er til slutt politikarane som
skal bestemme om seljaren får
denne prisen for eigedommen.
Den kan bli prisjustert når kommunen får konsesjonssøknaden
til behandling.
juni
Støbakk opnar
for eigedomsskatt
Eigedomsskatt har fram til i dag
vore eit nesten unemneleg fyord i giskepolitikken. Men no
opnar ordførar Knut Støbakk
(KrF) for ordninga, dersom
det kan berge nyeskulen på
Valderøya.
Innovatørane som skal
nå ut i verda
Anthoni Giskegjerde, Emil
Bonsaksen og Lars Berg Giskeødegård er tre av giskingane
i Kodebyraaet AS som nyleg
har testa eit nyskapande eventprodukt. Etter kvart skal dei ut
på verdsmarknaden med oppfinninga si.
Henrik Bjørdal
på landslaget
Henrik Bjørdal (15) frå Valderøya har spelt på Aafk i under
eitt år før han igjen tar eit stort
byks. Denne gongen er han
plukka ut til landslagstroppen
for gutar 15.
juli
Tok Sommerfesten tilbake
Sommerfesten på Giske er framleis ein gedigen spleisefest. Siste
laurdagen i juli var heile 20.000
menneske innom festivalen. No
har arrangøren funne størrelsen
dei vil halde på. – Vi føler stort
sett at vi har tatt Sommerfesten
tilbake, seier festivalarangør
Ante Giskeødegård som meiner
at Sommerfesten 2012 er den
beste Sommerfesten hittil.
august
Optimar vann
innovasjonspris
I samarbeid med to andre aktørar har Optimar utvikla eit
svært avansert lastehandteringssystem som skal brukast
frå fangst til innfrysing, ved
lagring og lossing og med sortering etter fiskeslag. For denne
nyutviklinga tok direktør Asbjørn Solevågseide i Optimar
imot Nor Fishing og Aqua Nor
sin innovasjonspris på fiskerimessa i Trondheim.
dato til venstre
8
Fredag 4. januar 2013
ingar i 2012
Januar: Årets eldsjel, Hans Petter Godø, har også
blitt kalla Mr. Godøyhall.
Februar: UKM-deltakarane Kristofer Olai Ravn
Stavseng og Ayla Victoria Nordstrand Giske.
Mars: Redaktør Hilde Røsvik takkar av etter 16 år
i lokalavisa.
April: Alma Flåen var ein av dei første som fekk
flytte inn i Giske omsorgssenter.
Mai: Sandra Avseth Andersen viser fram
Giskedrakta i Giske kyrkje.
Juni: Henrik Bjørdal frå Valderøya er plukka ut til
landslagstroppen for gutar 15.
Juli: Sommerfesten på Giske er framleis ein
gedigen speisefest.
August: Optimar fekk innovasjonsprisen av Nor
Fishing og Aqua Nor.
September: PSS Catering AS gjer stor
matsuksess. Janne Drabløs og Per Ståle Dyb.
Oktober: Pianist og komponist Dag-Filip
Roaldsnes (bak t.h.) slepte si første plate.
November: Kjellaug Aarseth har fått tildelt
Kongens fortenestemedalje i sølv.
Desember: Geir Olav Kristiansen, Hans Petter
Godø og ordførar Knut Støbakk.
store kunstverket ved inngangspartiet er laga
Foto: Jan Erik Andreassen
Dårlegare busstilbod
Ordførar Knut Støbakk synes at
det alltid er mykje styr når det
blir gjort endringar i bussrutene. For han verkar det som om
busskundar er eit herk for dei
som driv busselskap. Fire nabodamer på nedre Nordstrand og
Oksneset fortel at det for nokre
av dei vil ta over ein halvtime å
gå til det nye busstoppet. Det er
ikkje eit reelt alternativ for dei.
september
Stor kunst
Inngangspartiet på Giske omsorgssenter har blitt staden for
stor kunst, både i den eine og
den andre tydinga. Sist fredag
blei Kristine Roald Sandøy sitt
imponerande kunstverk montert opp på veggen.
Matsuksess
PSS Cateringservice AS er ein av
dei største næringssuksessane i
Giske dei siste åra, om ikkje den
største. Det starta forsiktig med
to og ein halv tilsett i 2008. I
fjor omsette dei for nesten 15
millionar kroner og gav arbeid
til 25 personar.
Opna omsorgssenteret
Giske omsorgssenter vart høgdato til høyre
Fredag 4. januar 2013
tidleg opna med snorklipping
av statssekretær Kjell Erik Øie,
brus i sjampanjeglas, musikk og
kunstutstilling.
oktober
Dag-Filip Roaldsnes
platedebuterte
Pianist og komponist Dag-Filip
Roaldsnes (28) frå Valderøya
slepte si første plate, Først. Musikaren som no bur i Oslo kom
heim og heldt sleppkonsert i
Johanneskapellet.
Godøyhallen
kan bli stengd
Medan Giske kommune har
kome godt i gong med å reise
ny hall på Vigra står hallen på
Godøya i fare for å bli stengt.
Idrettslaget ser ikkje korleis dei
kan dekke høge vedlikehaldsutgifter åleine.
Misjonsforeining 150 år
Den lokale misjonsforeininga
på Godøya fylte 150 år. I dag
er dei sju aktive medlemmar i
foreininga som har lang tradisjon for å spreie den kristne
bodskapen i innland og utland.
Dei har eit håp om å rekruttere
fleire yngre damer for å halde
foreininga levande i mange,
mange år framover.
november
Kafédrift med bismak
Fole Gøtt føler seg utkonkurrerte av kommunen sin kafé
i Giske omsorgssenter. Kafeen konkurrerer på vilkår som
private ikkje har moglegheit
til å stille opp mot, meiner
Monica og Cecilie Langvatn.
Kommunen har nyleg justert
opp prisane i kafeen. Med same
drifta som i dag ville ein ha tapt
fleire hundre tusen kroner på å
drive kafeen i 2013.
store arbeidet du har gjort, spesielt her på Godøya, sa ordførar
Knut Støbakk under utdelinga.
Nyskapande platedebut
Tøffe kuttforslag
Brede Rørstad frå Valderøya
platedebuterer under namnet
Heartfelt, og eit nyskapande
og spanande album vart godt
motteke og feira med fullstappa
releasekonsert i Oslo.
Kongens sølv
til Kjellaug Aarseth
Kjellaug Aarseth har i over 50
år vore med å gi barn og unge
eit tilbod på bedehuset. Ho har
gjort ein stor innsats som pianist og organist, og er framleis
aktiv som pianist i Musikklaget
på Godøya.
– Medaljen er ein heider for det
desember
Fleire skular og omsorgseiningar held allereie bemanninga
til eit minimum. Etter formannskapet sitt forslag til budsjett
for 2013 kan dei likevel verte
tvinga til ytterlegare kutt.
Fotballprisar til Giske
Giske utmerka seg under Sunnmøre Fotballkrets sin årlege fotballgalla. Prisane årets fotballkommune, årets dommarklubb
og utdeling av leiarstipend vart
dryssa over kommunen.
9
signal
Lyset i verda
Alle lesarar er velkomne med synspunkt og meiningsytringar. Send korte innlegg til e-postadressa [email protected]. Vi ynskjer fullt namn under alle innlegg. Ynskjer du å vere
anonym i avisa, må namnet ditt gjerast kjent for redaksjonen. Vi tek atterhald om å kunne
korte ned på innlegg. Vi tek ikkje inn innlegg som strir mot presseetiske reglar.
tilbakeblikk
helgetankar
Kristi openberringsdag, søndag 6. januar 2013
Preiketekst: Johannes 12, 42
– 47:
Likevel var det mange som tok
til å tru på han, til og med av
rådsherrane. Men på grunn
av farisearane ville dei ikkje
vedkjenna seg dette, så dei
ikkje skulle bli utstøytte av
synagogen. For dei elska æra
frå menneska høgare enn æra
frå Gud.
Men Jesus ropa ut: «Den som
trur på meg, trur ikkje på meg,
men på han som har sendt meg. Og
den som ser meg, ser han som har
sendt meg. Som lys er eg komen til
verda, så ingen som trur på meg,
skal bli verande i mørkret. Den som
høyrer orda mine og ikkje tek vare på
dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje
komen for å dømma verda, men for
å frelsa verda.»
Kristi openberringsdag markerer
starten for misjonstida i kyrkjeåret.
Frelsarkongen var komen som eit
«lys for folkeslaga» ( Jesaja 42,6).
Hans herrevelde skulle nå til jordas
ender.
Teksten omhandlar tida like før
påske. Jesus gjorde sitt inntog i Jerusalem, og han tala til disiplane
om sin død.
Dei religiøse leiarane la planar om
å rydde Jesus av vegen. Blant folket
var meiningane delte. Mange meinte
han var ein stor profet, medan andre
trudde på han som Messias, Guds
Son. Mellom rådsherrane var det og
fleire som trudde på han. Likevel
skulle han dømmast til døden.
Det har alltid kosta å vedkjenne trua
på Jesus. Det kunne få store konsekvensar på Jesu tid, og det kan ha
sin pris i dag. Det er difor viktig at
vi ber Gud om kraft og frimod til å
vedkjenne trua.
Eit viktig poeng er einskapen mellom Gud og Jesus. Jesus tek opp
forholdet mellom seg sjølv og Far.
Dette sambandet var skjult for dei
fleste. Nokre meinte at det var tilstrekkeleg å kjenne Far. Jesus var eitt
med Gud, og tala på vegner av Han.
Difor skriv Johannes, «I opphavet var
Ordet. Ordet var hos Gud, og Ordet
var Gud. Han var i opphavet hos
Gud.» (Johannes 1). Berre Jesus kan
forklare kven Gud er, og sambandet
med Gud viser at han har eit guddommeleg oppdrag.
Jesus kom som lys til verda. Gud er
lys, difor er også Jesus lys. Han kom
for å fri oss ut av mørkret. Dessverre
vender mange seg bort frå lyset, og
vel å leve i mørker. Ein dag skal lyset
bli teke frå oss, men enno er Gud å
finne. «Og dette er dommen: Lyset
er kome til verda, og menneska elska
mørkret meir enn lyset - . » (Johannes 3,19). Guds mektige hand er
framleis rekt ut til frelse, og ein kan
gripe den eller vise den frå seg. Det
er alvorleg å forkaste Jesus. «Tru på
lyset så lenge de har lyset, så de kan
bli born av lyset.» (Johannes 12, 36).
sei meininga di
(Frå Øy-Blikk sitt arkiv)
Stormflo og storbåre
Trass i fleire dagar med stormflo
er det ikkje meldt om alvorlege
skadar i vår kommune. Sjøen
har gått over dei fleste kaiene i
kommunen og trengt inn i produksjonslokala, men heller ikkje
dette har skapt nemneverdige
vanskar for båtane og fiskeindustrien. Stormfloa og storbåra
skapte reine folkevandringa ut
til Alnes for å sjå på dei enorme
naturkreftene.
Øy-Blikk torsdag
14. januar 1993
Seks nye båtar til
Giske i 1992
Det var langt mellom nyskapingane i Giske kommune i 1992.
Vi har ikkje fått dei nøyaktige
tala frå Brønnøysundregisteret,
men har laga ein liten kaval-
kade over positive og negative hendingar frå vårt lokale
næringsliv. Spesielt hyggeleg er
det å kunne melde at det i løpet
av året kom til seks nye større
fiskebåtar.
Øy-Blikk torsdag
14. januar 1993
Loran til topps i båtcupen
Loran klarte det denne gongen. Med framifrå taktiske
disposisjonar og topp innsats
gjekk Godøy-båten til topps i
Båtcupen -97 i romjula. Loran
stilte med to ”gamle ringrevar”
bakerst: Lauritz Dyb og Harald
Holm, og dei dirigerte mannskapet sitt frå den eine sigeren
til den andre. I finalen slo dei
regjerande meister Valderøy
3-1. Vinnarmannskapet var:
Lauritz Dyb, Tarjei Alnes, Ståle
Dyb, Sevrin Dyb, Lars Christian
Tunheim, Lars Ole Godø, Hjalmar Dyb, Harald Holm.
Øy-Blikk torsdag
8. januar 1998
Stakk av etter
påkøyrsel
Nyttårsaftan, om lag klokka 19,
vart ein eldre mann påkøyrd då
han var ute å gjekk tur på Giske.
Bilføraren stakk av. ”Bilføraren
må melde seg” oppmodar
Hans Eirik Pettersen ved Giske
lensmannskontor. Ein mørk personbil med gul-oransje grøftelys
traff mannen og kasta han utfor
vegen. Fotgjengaren hadde
refleks og gjekk på rett side av
vegen. No må han ha behandling for skada arm og skulder.
Øy-Blikk torsdag
8. januar 1998
Betre barnehagetilbod
Måndag denne veka var den
første nybygde, kommunale
barnehagen i Giske i drift. I tillegg opna Daggry barnehage ei
ny avdeling på nyåret. Dermed
har kommunen fått 42 fleire og
sårt tiltrengte barnehageplassar. Kommunen har i fleire år
vore på jumboplass på lista til
fylket når det gjeld barnehagedekning, men er no på veg
mot gjennomsnittsdekninga
som ligg på mellom 50 og 70
prosent.
Øy-Blikk torsdag
9. januar 2002
hjernetrim
SuDoku
Svar på
førre Sudoku
Ivar Gjerdi
diakon og pensjonert
organisasjons- og
misjonsleiar
SIGERHERRAR: Tarjei Alnes tek imot den gjeve vandrepokalen på vegne av mannskapet på “Loran”. Denne gjengen gjekk til topps i
Båtcup -97, då dei slo Valderøy i finalen. Utdelar er Roar Blindheim.
6
3
5
7
1
9
4
8
2
7
8
1
6
4
2
5
9
3
4
9
2
3
8
5
6
7
1
9
2
8
4
5
6
3
1
7
1
4
6
2
3
7
8
5
9
3
5
7
1
9
8
2
4
6
2
6
4
8
7
1
9
3
5
8
1
9
5
2
3
7
6
4
5
7
3
9
6
4
1
2
8
Fyll ut dei tomme
rutene med tal frå
1 til 9, både vannrett, loddrett og
i kvadrata.
Levert av Pressetjenester ans
����������������������������������
����������� ����������������������
������������������������
�������������������������������
�����������������������������
��������������������������
���������������������� �����������
������������ ����������������������
����������������������������������
dato til venstre
10
Fredag 4. januar 2013
Skrivestafett
Bli med i skrivestafetten!
Vi ønskjer å få med oss ungdomsskuleelevar til å skrive i avisa, og har
laga til ein konkurranse/skrivestafett
der to elevar kan vinne ein iPad
kvar på slutten av skuleåret. Du kan
omtrent skrive om kva som helst.
Kriteriet er at det er på nynorsk.
Har du lyst til å få ei novelle, ein
artikkel, ein teikneserie eller kanskje
eit blogginnlegg på trykk? Send det
til [email protected] eller skriv
det som eit innlegg på nettsida
vår www.oyblikk.no og bli med i
stafetten.
Vi kunne overlevd utan
Internett- og mobilbruk
påverkar korleis vi lever,
korleis vi kommuniserer
og korleis vi «omgås» andre menneske. Men det
er og ei bakside. Internet
Addiction Disorder, nettmobbing og manglande
konsentrasjon er bare
nokre av dei negative
følgjene internett kan ha
på liva våre.
IAD eller Internet Addiction
Disorder blir i tre land rekna
som ein mental liding, Taiwan, Kina og Korea. I desse
landa reknar ein med at 30 %
av ungdommen er Internettavhengige.
Dette utgjer eit stort tall, med
tanke på at desse landa er svært
folkerike.
Korleis påverkar dette
livet?
Mange trur at IAD ikkje er
alvorleg, men det kan ha øydeleggjande konsekvensar på livet
når ein kjem til både skule og
jobb. Konsentrasjonen fell kraftig som følgje av den mentale
lidinga. Dei som er internettavhengige har eit 20-30 prosent mindre hjerneområde for
konsentrasjon, tale og kjensler
enn dei som ikkje lid av dette.
Merksemdsemna vår har
også falt kraftig. Frå 2000 til
2012 har merksemdsemna vår
falt med heile 40 prosent. Den
einaste forklaringa på dette er
at år 2000 høyrde til i før-mobil
og før-datamaskin epoken, og
etter dette har bruken av både
datamaskin og mobil gått i ein
bratt stigningskurve oppover.
Tala stig og stig
Talet på tenåringar som brukar
dagane sine på internett aukar
kvart år som går. Det har gått
frå 3,5 timer til hele sju timer,
altså ei dobling.
Viss ein legg til kor mykje
tid ungdommane brukar på
å «multitaske» mellom ulike
skjermar (mobiltelefoner, fleire
pc-ar osv.) så kjem vi opp i hele
11 timar pr. dag.
Dette er svært høge tal , og
Framstilling av oppmerksomhetsevnen fra 2000 til 2012
dato til høyre
Fredag 4. januar 2013
dei kjem truleg berre til å bli
høgare med tida.
Behandling av IAD
Det er svært vanskeleg å behandle IAD, ikkje fordi det er
ein komplisert mental tilstand,
men fordi vi er omgjeven av
internett heile tida.. Dette er
både i jobb og skule.
Internett finn vi overalt i
samfunnet.
Sjølv om det er vanskeleg, er
det sjølvsagt mogleg ved hjelp
av noko som kallast CBT (Cognitive-Behavioral Therapy)
iPoden og mobilen er også
lett å snike under dyna om
kvelden. Dei fleste får nok ikkje
lov til å sitte på PC-en langt
ut på natt, men med slike små
einheiter som iPod og mobil
kan ein gjere det utan nokon
andre merkar det.
Mobiltelefonar og
nettmobbing
Når vi får eit varsel eller ei
melding opplever vi ein slags
kortvarig lykkerus. Etter at vi
har svart på dette varselet, blir
stoffet dopamin frigjort.
For kvar dråpe dopamin,
som blir frigjort i kroppen vår,
blir vi endå meir avhengige av
dei sosiale media. Dette har
omtrent den same effekten på
oss som narkotiske stoffer.
Nettmobbing starta då ungdommar fekk seg mobiltelefonar med kamera. Mykje nettmobbing involverer det å leggje
ut eit bilete av ein person, utan
personens samtykke.
Nettmobbing kan også vere
å skjelle ut folk på private chaterom. Det som gjer nettmobbing ofte farlegare enn fysisk
mobbing er at den er vanskeleg
å oppdage. Det er ikkje lett for
vaksne og lærarar å vite når
nokon blir mobba på nett.
Dessverre kan denne nettmobbinga ha så negative følgjer
på livet til dei som opplev det,
at dei endar opp med å trenge
psykiatrisk hjelp.
Tilgjengelege heile
døgnet
Facebook skapar
skuleproblem
Sosiale mediar som
narkotika
I tillegg til å ha moglegheita å
vere tilgjengeleg på PC-en, kan
vi vere tilgjengelig på mobiltelefonar, nettbrett og iPodar.
Dette gjer det lettare å være
pålogga heile tida. Vi går ikkje
glipp av noko.
Vi ser på reklamen til f.eks.
Telenor, at dei reklamerar for
at du kan vere tilgjengelig kvar
som helst.
«Facebook er så avhengigheitsskapande at det skapar problem
på skulen» sa nokon på 15 år til
Aftenposten i eit lesarinnlegg
i 2009.
Ein ser gong på gong i avisene at «elevar klarer ikkje å
konsentrere seg pga. sosiale
mediar» eller «elever får dårligare karakterar pga. sosiale
mediar». Alt dette er sant.
Lærarame ser ikkje at elevar
går inn på Facebook i timen når
dei har PC tilgjengeleg.
Det er ikkje ofte dei ser det
når elevar går inn på Facebook
via mobilen heller.
Av og til ser lærarane det, og
det resulterer i at telefonen vert
inndregen og at PC blir forbode
i ei viss tidsperiode.
Visst det te skjer ma nge
gongar kan det resultere i at
lærarane gir opp bruken av
dataressursar i undervisninga.
Slik undervisning er både meir
lærerik og spanande enn vanleg undervisning, seier dei
fleste elevar.
Det ville vere synd om det
blei kutta ut pga. Facebook og
behovet til elevane om å vere
pålogga heile tida.
Tidlegare generasjonane
klarte seg
Sosiale mediar kan både vere
positivt og negativt, men det er
fleire negative ting som kjem ut
av det enn positive.
Dei fleste vil sikkert vere
heilt ueinige med meg når eg
seier at vi kunne ha klart oss
utan sosiale mediar.
Er litt ueinig med meg sjølv
også i grunn. Men sjå på dei
generasjonane som kom før oss.
Dei overlevde!
Selma Ahmetagic
Valderøy ungdomskule
11
Nostalgi frå Pe-Odd
Leik og tragedie på
På 1960-talet klatra vi
til toppen av Valderøyfjellet og sykla til Vigra
for å gå på skøyter. For
skøytesporten stod sterk
mellom oss gutungane
og vi hadde alle våre
favorittar. Og det var
ikkje berre dei norske vi
heia på, nei også dei russiske løparane populære.
Men skøyting har truleg
vore ein populær fritidssyssel her ute på øyane i
mange tiår før vår tid.
Av: Odd Egil Valderhaug
Det var vel berre interessa for
storsildefiske og spenninga
rundt kva båt som fekk sølvsilda, som kunne måle seg med
den store interessa for skøytesporten. Vi noterte skøytetider
og alle hadde vi våre favorittar
mellom både norske og utanlandske skøyteløparar. Spesielt
var Russiske og nederlandske
løparar populære. Namn som
Evgenin Grisjin, Andre Kouprianoff og Viktor Kositisjkin
har framleis ein spesiell klang
for vår generasjon. For ikkje å
gløyme våre eigne som Knut
Johannesen, Alv Gjestvang og
Roald Aas. Og dei olympiske
vinterleikane i Squaw Vally i
1960 og i Innsbruck i 1964 gjorde ikkje interessa for skøyter og
vintersport noko mindre, sjølv
om vi den gong ikkje hadde
tv. Men sendingane på radio
gjorde sitt til at vi alle hadde
våre eigne bilde av det som
gjekk føre seg på idrettsbanene
ute i den store verda.
Kor lenge skøyter er blitt brukt
til leik eller framkomstmiddel
her ute på øyane veit eg lite
om. Men i eit intervju med Dag
Oksnes, fortel Sina Person at dei
leika på isen då dei var små.
Sina som vaks opp i Jacobgarden på Oksneset, nemner ikkje
skøyte eller skeiser spesielt. Ho
fortel at det var eit oppkome i
Neset og eit bak sjåen i Groven.
Ho fortel også om eit område
i Rasmusgarden som brukte å
fryse til is på vinterstid. Rasmusgarden er garden vi i dag
kjenner som Mikaelgarden.
Isen vart brukt til leik av ulike
slag, fortel Sina Person som var
jentunge rundt 1900.
Drukna på isen
Petter Sæther eller NygårdsPetter som folk flest sa, har
fortalt ei tragisk historie frå leik
på isen då han var ein liten gutunge. Petter vart fødd i 1898, så
hendinga må ha vore tidleg på
1900-talet. På Sætra stod det ei
stove den gong som vart kalla
Jørnstova. Her budde ei familie,
men dei eigde ikkje jord. Å vere
utan jord på den tida var jamngodt med å svelte i hel, fortalde
Petter. Eldste guten i Jørnstova
heitte Jørgen og han var jamngamal med Petter, og dei to
var bestekompisar. På den tida
dreiv dei med å demme opp
Brusdalsvatnet i Spjelkavika og
far til Jørgen fekk seg jobb der
som damvaktar. Han tok med
seg familien og flytta inn til
Spjelkavika.
Dette var på vinterstid og
det låg is på Brusdalsvatnet.
Isen såg trygg ut, men nede ved
demninga var det tynn is og
opne råker. Jørgen skulle prøve
skøytene sine på den flotte isen
men kom for nær dei opne råkane. Han hamna i det kalde
vatnet og klarte ikkje å kome
seg opp att. Jørgen drukna og
vart etter kvart funnen og vart
gravlagd ved Borgund kyrkje.
Det var ikkje prest til stades
under gravferda, så jordfestinga
skulle skje søndagen etter. Det
vart derfor sett ein rund stokk
ned på kista før det vart grave
over. Ein ikkje heilt uvanleg
måte å avvikle gravferder på
den tida.
Søndagen etter vart Jørgen
vart jordfesta av residerande
kappelan i Borgund og Giske,
Bent Boysen. Han drog stokken
ut av jorda og fylde jord ned
gjennom holet til kista. På den
måten vart Jørgen jordfesta.
Etter jordfestinga gjekk Boysen
rundt på kyrkjegarden og las på
gravsteinane.
”Her hviler støvet av…” stod
det på dei fleste gravsteinane.
Men på den eine gravasteinen
stod det på nynorsk: ” Her kviler dumba av…..” Boysen som
var ein ivrig riksmålsmann likt
dette svært dårleg. Han gjentok
fleire gongar, her kviler dumba
av…., her kviler dumba av…….
Han held fram med å gjenta
dette fleire gongar medan han
rusla ut av kyrkjegarden. Her
kviler dumba av...
Petter Sæther hugsa godt
denne tragiske ulukka til venen
Jørgen og gravferda heile livet.
Han gløymde det aldri, fortalde
han.
Ville bygge skøytebane
På vinterstid var det vanskeleg
å spele fotball, så då måtte vi
finne på noko anna. Ein vinter
det var ein lengre kuldeperiode
prøvde vi å lage ei skøytebane
på Nesmarka ovanfor der ungdomsskulen ligg i dag. Vi brøyta og trakka snøen til ei passande rundlaupsbane med så
pass breidde at to skøyteløparar
kunne passere kvarandre. Dette
var altså ei rundlaupsbane og
ikkje ei ishockeybane. Etter at
bana var godt trakka skulle den
sprøytast med vatn for å få fin
og glatt is. Vi skøyta samen dei
hageslangane vi fann og kopla
dei til kranen i Ola-Andreasgarden.
Men etter å ha sprøyta og
Dette bilde er tatt på Demmå på Skjong tidleg på 1950-talet. Både store og små kosar seg med skøyter på beina. Frå venstre: Per Skjong, ukjend, Oddrun
Eiksund Mo (delvis skjult), Bjarne Grebstad, Inger Skjong Sperre, Marit Nordstrand Molskred og Karin Skjong Sperre. Bak, Ingvar Skjong som seinare
busette seg i Amerika.
Foto: Frå Valderøy Historielag sitt arkiv.
preparert i eit par dagar var det
framleis dårleg med is på bana,
trass i at det var god kulde.
Det var rett og slett for liten
dimensjon på vasslangane. Eg
fekk då ein god idé. I Pe-løa
stod ei gamal brannsprøyte
med brannslangar av solide
dimensjonar, i alle fall i forhold
til hageslangane. Tida frå idé
til handling var ikkje lang, og
vi tok oss straks inn i Pe-løa
og tjuvlånte brannslangane.
Etter mykje fintenking av Odd
Hellevik så klart vi å kople dei
store brannslangane til krana i
Ola-kjellaren.
Men trykket vart ikkje betre
sjølv om slangane hadde større
dimensjonar. Ikkje så rart kanskje.
Etter ei veke med mykje slit
og tankearbeid måtte vi berre gi
opp draumen om ei eiga skøytebane, i alle fall på Nesmarka.
Men året etter fekk vi hjelp av
lærarane til å lage ei tilsvarande
skøytebane på skuleplana.
Demmå og Petter-elva.
Sjølv om vi ikkje lukkast med
å bygge vår eiga skøytebane,
hadde vi mange andre alternativ. Demmå på Skjong var ein
populær skøytearena. Vi som
budde på Valderhaug nytta
også Løkeveita, Storeveita eller Peter-elva som den også
vart kalla. Det var ei smal veite
på vel ein meters breidde som
gjekk frå Losjebrauta og nesten
Ein fin dag for skøyting på Demmå
på Skjong tidleg på 1950-talet.
Frå venstre Oddrunn Eiksund Mo
og Inger Skjong Sperre.
Foto: Frå Valderøy Historielag sitt arkiv.
dato til venstre
12
Fredag 4. januar 2013
Odd Egil Valderhaug, Pe-Odd blant kjentfolk, var
grunnleggjaren av og første redaktøren i Øy-Blikk.
Men han er også ein ivrig lokalhistorisk samlar og
forteljar. Han sit inne med eit omfattande lokalhis-
torisk materiale. I haust vil han dele noko av dette
stoffet, om skjemt og alvor, om stort og kanskje
ikkje fullt så stort som har hendt på øyane i Giske i
ikkje så altfor fjern fortid.
isen
inn til idrettshallen. Sjølv om
bana var smal, så var den til
gjengjeld fleire hundre meter
lang. Så den var glimrande til
lengdeløp i ordets rette tyding.
Kanskje det nærmaste vi kan
kome kanalskøyting som er ein
folkesport i Nederland.
Skøyte på Signalen
Vi kvidde oss ikkje for å sykle til
Roald for å spele fotballkamp,
og vi kvidde oss heller ikkje for
å klatre til toppen av Valderøyfjellet for å gå på skøyter på
Signalvatna, eller Signaltjern
som er det står på gamle kart.
Her var to små vatn som vi
kalla for, ”Lille Signalen”, og
”Store Signalen”.
”Store Signalen”, som låg
lengst opp mot Varden var
reservert for dei største gutane, medan vi minste måtte
nøye oss med ”Lille Signalen”
som låg litt lenger nede. Kor
aldersgrensa gjekk mellom dei
to vatna er ikkje godt å seie.
I tillegg til dei ulike alternativa på Valderøy, var det også
mange som sykla til Vigra for
å gå på på skøyte på Vigrademma i Rørvika. Den var
kjempestor, og ein glimrande
arena for skøytesport. Også
Hamnebrøtet på Roald var ein
populær skøytebane.
Frå Demmå på Skjong tidleg
på 1950-talet. Legg merke til
lengdeløpsskøytene med reimar.
Guten bak ser ut til å ha på seg
skruskøyter. Frå venstre: Karl Ytterland, Marit Nordstrand Molskred
og Karin Skjong Blomvik
Foto: Frå Valderøy Historielag sitt arkiv.
dato til høyre
Fredag 4. januar 2013
Snøskøyter brukt til å gå på skaresnø eller vegar.
Krommalura med reimar.
Lengdeløparar med reimar.
Skruskøyter som vart skrudd fast i skoa.
Foto: Odd Egil Valderhaug
Skøytene er å finne på Valderøy Museum
Det største av Signalvatna på toppen av Valderøyfjellet fotografert på sommartid. Om vinteren fraus det is på vatnet og då gjekk vi hit for å gå på skøyter.
I bakgrunnen ser vi Varden og antennesystemet for mobiltelefon.
Foto: Odd Egil Valderhaug
13
GISKE + HARAM, SANDØY OG SULA FOR SAME PRIS
Lokalavisa
– nær og kjær.
Private annonsar for kjøp, sal, til leige osv. Annonsen kjem automatisk inn to
gongar. Pris kr 130‚– inkl. mva. Du får i tillegg rubrikkannonsa på trykk i avisene Haramsnytt og Sulaposten. For næringsdrivande gjeld vanleg mm-pris.
Rubrikkbestilling per e-post: [email protected] eller tlf. 70 18 63 80, seinast
Roleg islandshoppe
på 10 år, med godt lynne setjast ut på heil, evt. halvfòr grunna utdantysdag kl. 12.00.
ning.
Hera frà Samseth er ei islandshoppe på 10 år. Ho har eit godt lynne, og har alltid vore svært
snill, roleg, pålitleg og sikker av seg. Ho står for tida oppstalla ved Steinhòf, på Vigra. Ved heilfòr kan flytting diskuterast. For meir informasjon kontakt meg på telefon: Lina B. Røssevold
Eig
41240177
k edo
Fra
Nr.
39
bo
tor
g 21.
okt
r 201
0-
an
Veke
NYH
26.
ang
Vic
42
tor
Val
der
hau
“Jeg
om selg
det er boli
var
min
årg
mo
ww
w.o
b
91
www
38
.not
ar.n
o
ikk.
no
gst
ran
TYSD
AG
26.
Laussoktober
39. al: kr 2010,
årgan 15
nr.
79
g
d
Loka
Hara lavisa
m og for
Sand
gen
ege din som
n.”
bli msska
tem tt
a
ybl
88
- MÅ
sun
VU
i Gi d me RDER
AS
ine
pengske ko r eig T: Hø
folke ebruk mmun edom gres
e. Ha sskatt Gu
valte en
nn
og har skl n er
ar
admi idd be må vu Mo
ky
rde rnis
trasjout bå mra ov rast AUKA
n. de bla er at sjette FOKU
nt
dei krone t til Gi S: Ett
ske er fer
r.
fok
us på No
ien
va me
likvid rslar d opp sprak
itet økon mot k drifts
ut åre om 13 mi bu
isjefe llio dt.
n da nar
gle
g
Inn EITER:
mu tektseto
og
ppen
for
SAN
28
Stor
ssal
kr 20,
-
Intim
BRA
E5
IKKE
DET
SAMME
HVEM
SOM
SIER
“TA
3-
BETAL
FOR
2”
Lett
tors saltet
kefil
et
99 00
, pr
kg
- du
Om avisa ikkje akkurat gjer kvar dag til ein stor fest,
byr ho i alle fall på gode og nyttige høgdepunkt:
• viktig informasjon frå lokalsamfunnet ditt
• spennande, lokal debatt
• lokale nyhende, kultur, sport
• leseverdige notisar
19
ldin
Fra
fersk
TIL SALGS
Året har flest kvardagar. Har du
tenkt over at lokalavisa er eit høgdepunkt i kvardagen?
unnpri
s.no
– facebo
ok.com
19
g
fisked
isken
/bunnp
ris.no
PR. KG.
HANE
109 90
99,91
www
.sulap
osten
.no
tlf: 70
19 31
gra
38
Tirsda ING
Onsd g-tors STI
DER
Lørda ag-fre dag:
dag:.. ........9
Mand g: .........
........9 .00-16
ag:.... .........
.00-18 .30
Freda
.........
....9.0
........S 0-14.0.00
Lørda g 15.01
tengt
g 16.01 :........
0
:........ ....9.0
Velkom
....Ste 0-12.0
men
ngt! 0
til
din
frisør
Lauss
al kr
i Langev
åg
15,0
0
Prix nd
PrIx
yngs er møns
dei te gler tring: Sula
det eldste seg a somGran
Nest fullklaffsakn til, og dei d
ar.
pluss en tuseni Sulah
Igjen som
gjekk delta
allen vart
kararselde
til topp
billet.
.
s - Klass tar
med e 10D
SIde OL-g
10 og ull!
11
5
SIde
Bra
8 og
nnm
9
byg
ge staann vil
sjon
Rolf
bygg Bjart
Lang e ny e Løke
evåg brann n vil
.
stasj
on
i
Sula
torg
et
^a\c[\i
K`cYl[\e\
kfd%-%d
G@QQ
:8J 8I@
Xij)'('
DfqqX 8;@ JKF
*),&**i\ccX&J D8 I8E
;I%F '&*0, g\Z`Xc\ D8 K<&
Gi%b^] <KB<I ^
&Ki`f[
iX-*#'
\:Xie\
+
)+ 0'
Frisk
vind
direk
te mot
Inge
Sulat
unet
tune n kom
gjord
t vart til skad
e brann
evak
en i
uert e, men
pump
e då bebu
estasj
eldb arar
onen
risin ved
skum
gane Sula
mel.
Rask
stod aksjo
rett
n berga
imo
truleg
å sløkt sjukehei
sjukeh
ke flam men
:F:
eimen
-$gb%# 8$:F
.
man . Held
:F:8 '#,cki%
e før igvis
C8
Gi%cki% $:FC8
Sula klar
(0#0.
tune te bran
t tok
G¤I
fyr. nkorpset
:`e]\i <I
BA¥
BPC KK;
+''^ C@E><@>
8M
;<EJ
Gi%b^% KFCK<
-)#), ?8E<
)+ 0'
,0 0'
"G8E
K
0 0'
9\c^`X \eZ\
SIde
4
GI%B
>
gje
r. Esp
en
:
SID
E 8-9
no
ER
g
– mobil.b
ÅPN
SIde
media
team.
i kassen
DET
utfo
pr.kg
s.no
1946
Plu
Sula SS
I kom
for komm
seg
mun
komm
sjølvunes
en:
ikkje unen e og tyre
klapp
gjekk så rart.. Det for
a
overs neml Komvar
kans
krone kot eg med mune kje
på
r i fjor.
ti millio eit n
nar
Ber
ga S
ulat
une
t
www.
fra
arisk
19 90
Musi
(bilde kar Lena
med t) spela Nym
is og
ark
r
snø. på lag
EI SA
kos MANS
tna
dse LÅING
ma
nnen ffekti av
sku
dei
vil ha , Alv Wa vt, me lane
på
lge ina
ein
felles rmo. r utdan Vatne
MEL
sku Berre ningsd og Ten
KES
le lok
FIRK
JOKO
Frp
nfj
LØVE
LAD
har irektø ord vil
alis
NØT
R/HE E/
r
200 T/FR
ert
LPIZZ
Pr. kg.g. FREIA UKT
på Eidmellom hjå fyl vere
NØT
99,50
Mozz A RIST
T
bels kes325/3 arell
ORA
et.
a/Sp NTE
Pr. kg. 30
uttala
ecial
fra g. DR.
60,31 OETK
e
90
KYL
ER
1100 LING
SID at
DEN g, ferskv FILE
E 4STOLT
T
90
E are
5
4
8 •
Grun
nlagd
kjen
ner
o
en trekkes
30.
23/10
lørdag
r t.o.m.
gjelde
av totalpris
ene
1/3
stn
Tilbud
Gjeld
Vi tar er uke
forbe
GISKE
priser
r til
• Nr.
(bilde : Krist
t) fekk ine
då
Høyd
Kva ho og
ein
god al
Først med mor måka
idé
Dere tenktå bygg
, sidane einsnø.
eskimtter
bygg o-Krimåtte
gjortiglo?
verke stine sjølv
.
overnsagt
t. I
fjorte atte
n
Sulaminus!i
torg
et
oss på
Vi tar
ar.n
s bare lave
gjelde
SIde
lok
al
isdron
nin
frisø
r
ved
Solba
CanC
am kken (21)
i Bratt
gjekk våg
topps til
sa fristili klasdame årets unde
Hår
frisør r
prise 2010 i arran
Ålesu geme betyr n og inspi nd.
nt
mykj
rasjo Både
e.
nen
SIDE
16
ene
e seg
n Ålesu
mein en. Unde
inn
te Øyst r
at Sula
deband vegk
likna ein Grøn tten
ryss.
r på
eit myr
stort
ÅG
oktobe
LUT
r 2010
• www.b
TOR EFISK
AV
SK
unnpri
1 kg,
TASTEfrysev
OF are
NORT
H
kun
sert
febru
ar 2010
Iglo
Sula
sto som eit
Sula rt veg
vedto komm
kryss
i Kyst k å unes
Berg vegemeld tyre
forbeh
de god
old
om
e tilb
trykkfe
il og
udene
w. sp
1000
Mik
mell s
om og
velg
fra alle prod
Old
El pasoukte
r
kon
Torsd
ag 25.
Pen
på s gar å sp
ama are
nslå
ing
utsolg
te varer.
Salg
kun
til private
husho
ldning
er.
ww
42-4
hold 3 om Kun
varer even til priva
kan tuell
te
være e trykk hush
utso
feil oldninger
lgt.
og
at noen .
på REMA
Tilbud
Fri
TTV
Til topp
Kami
s som
lla
Side
Ske EITER:
4
vis ptisk
k frie til
lat
ri
-
Vig
Jen raelev
an
sen
(bilet e ha
et) r ei ekt
leg
g sis e grafik
te ha kp
nd resse
på
verkeog får
t før utfold
mo e seg
tivet ne
ska tt slik
l ov
frie
erføra ku
st. nstna
rar
de
Bratt
vågK
fin innsa
oret
Jørn
ts samagjord
e ein
etter Hoel og
n
øving berre Hete med
sama ti minu Strøk,
n. SIDE tt med
8
SPO
12
rgle
AM
Side
VigRT:
9
ses ra av
ong
slu
me
tta
d tap
Side
øy
DØY
giva
Tradi
Sand sjone
øy på n tru
topp var
gledei givar
TV-in unde
r
saml nSand inga.
I
det øy kom
innby
inn
med ggjar 81, 62 kr.
Møre vart deiog vart pr.
og Romsnest derbest
dal.
SIDE i
HAR
3
Lau
SID
-
NYH
nk
lig
i g spesialist
isk en
e
sda
obe
Føre
til ju bur se
leti g
da
Kin
gelv
lan
gop even inv
en
tors
iter
but
dag
er
ikk
seg
ane
adv
. Det dei nestil
sto
næ
rms ent og
te
teg
(bil
jule rmar
,
ete
t) er og Ben tid me
står
te Syn d
ein
bok på for
av
nes
stav
å
dei
eleg lage var som
talt
er som
var
ma
r.
SID
E3
Utsiktstomt på Øvre
Nordstrand, 660 m2 vurderes solgt. Høystbydende
over 900.000 netto.
Henvendelse mobiltelefon
45610608.
SULA
TIL SALS
Har noen ruller vanlig
standard gul isolasjon til
overs. 150 og 200 mm
Selges meget rimelig.
TLF: 905 09 274.
TIL LEIGE
Båthenger, bilfrakter, skaphenger, stillas og tipphenger m/ grind til leige. Tlf:
97 97 89 00.
DIVERSE
Forbønn. Vil du ha forbønn
så kan vi be for deg. Du kan
være anonym visst du vil.
Forbønn-emne kan sendast
på sms tlf. 41 16 50 35.
Kontakt Anett.
Dessutan er avisa talerøyret for deg og vennene dine.
Og det er i lokalavisa du finn nyttige lokale annonsar.
HARAM OG SANDØY
Slik knyter lokalavisa deg og andre saman i ein god
fellesskap.
Bestill eit
abonnement no på
www.oyblikk.no
eller ring 70 18 63 80
TIL LEIGE
ØNSKER Å LEIGE
Utleie maskiner.
Minigraver 1,6t
Minidumper
Beltelift 15m
Sakselift 8m
Bilfrakter 2,5t
Fliskutter ø 160mm
Leigebil
Stillas
Pigghammer
Alle maskiner kan fraktes
med personbil. Ta kontakt
med Kristian Fjærli på tlf.:
975 14 245
Hytte - Fritidsbolig - mindre bolig ønskes leigd.
Langtidsleige. Forefallande
arbeid kan takast. Hus m/
2 leiligheter er og av interesse. Tlf. 471 72 721
Ut og reise med fly og
barnevogn? Prampack
beskyttar vogna under
transport, og er den
einaste emballasjen som
er godkjent av alle norske
flyselskap. Interessert i å
leige? Tlf. 416 80 550
Har nokon funne brillene
mine? Miste dei tysdag
18. des i Brattvåg. Ta kontakt på 974 75 168.
Voksen kvinne ønsker å
leige leilighet på Vatne,
helst i sentrum. Tlf. 918 03
926 e-post: mariesofie12@
hotmail.com
ARBEID UTFØRES
Trefelling
Har du trær som er for
store eller står for nært
hus, vei, strømledninger
osv? Eller tre som må ned
før neste storm? RingDagAS tar på seg små og store
oppdrag.
Tlf: 958 74 049
RingDag-Trefelling.no
MISTA
Minigravar og stor tilhenger til leige.
Tlf.: 92 20 01 86
dato til venstre
14
Fredag 4. januar 2013
Kunngjeringar
SALG
Giske næringslag har årsmøte
27. februar kl 18.00 i Valumin
sine lokaler.
Saker som ønskes tatt opp må
være innkomt før 20. januar
2013, og kan sendes til:
[email protected]
ALFA BEGRAVELSESBYRÅ AS
Vi står alltid til tjeneste
ved dødsfall og begravelse.
GISKE KOMMUNE
GISKE KOMMUNE
Gardsnamnet Juv
r
e
r
a
v
e
d
g
n
e
m
n
E
Giske kommune har reist namnesak på gnr. 125
Juv. Statens kartverk har vedtaksrett på både
gardsnamn og bruksnamn som inneheld namnet
Juv. Statens kartverk og Språkrådet er samde om
at Juv skal vere skrivemåten. Giske kommune har
føreslege å skrive namnet utan -v- i samansetjingar som Jussbakken og liknande. Språkrådet og
Statens kartverk vil også skrive slike namn med -vsom Juvsbakken. Det er klagerett på skrivemåten.
Klagen skal sendast til Giske kommune, 6050
Valderøya, eller på e-post: [email protected].
no. Fullstendige saksdokument ligg på nettsida
til kommunen www.giske.kommune.no, eller ein
kan ringe til kommunen på telefon 70 18 80 00.
Høyringsfristen er 30. januar 2013.
-50%
Vi sees!Heidi
Hilsen
[email protected]
SKARET 5, VALDERØYA
Tlf 70 18 12 20
Følg oss på Facebook
ÅPNINGSTIDER: Man-fre. 10.00-17.00 Tors. 10.00-18.00 Lør. 10.00-15.00
Personlig oppfølging fra våre konsulenter.
DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20
(Avd. Ytterland og Gåseid)
Besøk vår hjemmeside: www.aabb.no
Begravelsesbyrået
Vasstrandvn. 1, 6011 Ålesund
Indremisjonens begravelsesbyrå
Ordner alt ved dødsfall og begravelse
www.oyblikk.no
Vi kommer gjerne til hjemmekonferanse
Annonsere?
Ring:
70 18 63 80
Døgnvakt 70 17 86 60
FYSIOPILATES
-ei roleg treningsform i
små grupper
-grunnprogram (kl. 20.30)
eller vidaregåande kurs
-12 tirsdagskveldar
-gymsalen på Giske
skule
-oppstart tirsdag
8. januar
Brunskjorter
Norsk
elv
Periode
Svar(omv.)
Uttale
Ikkje
sikker
Brilletype
Gripe
(omv.)
Den
eldre
Info/påmelding:
fysioterapeut Eli
Grøtta Giske,
45425493
Svar
H. stad.
A T
S R
J
A
Atom
I
Tal
Utrop
Klatre
Auk!
O N
N I
T O
Off.
etat
Norsk
vekeblad
S
N A V
Bedøving
Norsk
stadsnamn
Inne
V A T S
E T
I
Drikk
(omv.)
Grønsak
A V A N S E R E
N. rederi
T
a
l
Tone
A
J U L E
Å
N O R S K
I
G.-namn
Klokka
E M
K
I
Den eldre
Eventyrforteljar
M
Valuta
S R
Juling
Husdyret
M
T Y N
Greit
G.-namn
Fire
like
“Mor og eg snakkar ofte
om oppveksten hennar.
Min oppvekst har ho
gløymt.”.
Pattedyr
815 33 032
L
L L L
S E L
Treslag
Droppe
-Marie 46 år
Ring Demenslinja
A L E K S
Spekt.
hending
Kald
drikk
Minisymbol
I
Br.
fly-prod.
(omv.)
Ridesete
S T E
N A N O
Sovjetunionen
Våpenprod.
Pådrivar
Kvil
U S S R
T
Tal
O R
Lovas
arm
I
Part
Svar
G.-namn
Fysisk
reaksj.
O K
Ikkje
E
I
Ukjend
B E A
J A
P O L
Norsk
verksemd
Element
I
Betalingsmiddel
T
G
T
I
N N
G
Biltype
A L L E R G
I
N O D N O L
A
E A D S
J.-namn
Norsk
politikar
Spisestad
Reiseprov
D
r
i
k
k
F L Y B I L L E T T
A
D U A L
P
T E
R Y E
S V
E K S
Irsk
diktar
Teppe
Svensk
fylke
Omv.)
773
Afrik.
org.
Norsk
parti
Tidlegare
N E L
Kunstform
A K T
O A U
Søkjer
L E
Jente
liker Øy-Blikk på
T J
Å S
Periode
Bakketopp
- lik oss du også!
Nabospråk
To-tal
T
r
e
s.
O R
V
E
Tilfelle
I
Ekte
Like
I
Smerte
Gripe
V E
T E R
S A N N
S A K
Uttalte
S A
I T A E R K
Levert av: PresseTjenester ans, Bergen C
dato til høyre
Fredag 4. januar 2013
15
Forsett: Det er januar og høgsesong
for forsett. No kappast treningssenter og
produsentar av alskens slankeprodukt
og helsefremjande miksturar om å kapre
kundar som vil starte på ”eit nytt og betre
liv”. Det å ta eit oppgjer med dårlege (u)
vanar kan vere både sunt og fornuftig. Det
er berre det at mål ein set seg i litt høg-
stemte situasjonar, t.d. på nyttårskvelden
(eller dagen derpå), ofte har det med å
forsvinne like fort som ein kroneis i Sahara.
Ordet forsett kjem av å setje seg noko føre.
Det er noko vi alle bør gjere, no og/eller då.
Men det kan vere lurt å leggje lista slik at ein
har sjanse til å kome seg over. Særleg når
kroppen er full av ribbe og rabbestappe!
Tips oss: Tlf. 70 18 63 80 på vekedagar - 917 10 624 i helgane
Vel blåst Førjulsturnering!
Fotball, god stemning,
vennskap og originale
lagnamn. Dette er stikkord
frå den 13. førjulsturneringa
i Godøyhallen. – Alt har gått
på skinner, seier ein glad
cupgeneral, Kasper Mannsverk.
Det Valder-baserte laget "Sindris Ninjas"
møtte det Hessa-baserte laget "Hard
miljø" i guttefinalen. Keeperen på "Sindris Ninjas", Michael Gulati, vart skada i
semifinalen, og dermed måtte laget sette
ein av utespelarane sine i mål. Det vart
ein jevn kamp der begge laga kjempa
hardt. Omlag to minutt før slutt scora
Henrik Bjørdal sigersmålet, og "Sindris
Ninjas" vann 1-0.
Bjørdal vart også toppscorar på turneringa med heile 10 mål, noko som er ny
scoringsrekord.
Laurdag 2. februar
held Ole Reinlund
og Kåre Nymark Jr
konsert i T Bar & Restaurant ved First Hotel
Atlantica på dagtid.
laurdag 2. februar
First Hotel Atlantica,
Ålesund
Da Capo
Torsdag 24. januar blir
det Da Capo-show
med Vidar LønnArnesen på Mjølner.
torsdag 24. januar
Mjølner, Vigra
Søndag 3. februar er det igjen
klart for Ungdomens Kulturmønstring i Giske kommune. Her kjem
ungdom mellom 13 og 20 år til å
vise det flotte mangfaldet av unge
talent i Giske.
søndag 3. februar
Giskehallen, Valderøya
Fysiopilates
Fysioterapeut Eli Grøtta Giske startar opp nytt kurs med fysiopilates
tysdag 8. januar. Giske skildrar det
som ei roleg treningsform i små
grupper. Treninga går over 12
kveldar.
tysdag 8. januar
gymsalen, Giske skule
Fredag 21. desember gjekk Førjulsturneringa 2012. Det var påmeldt 35 lag,
32 guttelag og 3 jentelag. Undervegs i
turnerninga vart MyLivescore nytta, eit
verktøy for turneringsadministrasjon
og resultatoppdateringar. Dette gjer at
alle kan vere oppdaterte i turneringa frå
eigen mobil eller pc.
Jamn finale
Konsert
UKM
MARTHE ALNES
–Turneringa vart ein suksess. Alt gjekk
på skinner, vi heldt stortsett tidsskjema
og stemninga var på topp, seier Mannsverk.
Kvar onsdag er det
småbarnstreff i
bedehuskjellaren på
Godøya. No også
med babysong.
Onsdag 9. januar
Godøy bedehuskapell
Fredag 4. januar 2013
det skjer
til slutt
Småbarnstreff
SINDRIS NINJAS frå Valderøya viste seg å vere sterkast på årets Førjulsturnering
i Godøyhallen. B.f.v: Steffen Oksnes Eide, Anders Hole Oksnes, Tore Hole Oksnes,
Michael Gulati, Henrik Hole Oksnes. F.f.v: Henrik Bjørdal, Aleksander Haahjem,
Mads Skjong.
Gull for tredje gong
Nokre dagar før turneringsstart var det
usikkert rundt jenteklassa. Dette fordi
nokre av laga måtte trekkje seg. Det
vart tilslutt tre jentelag, Godøy-laget
"Powerpuff", Ålesund-laget "Damelaget"
og Ellingsøy-laget "5 girls 1 cup".
For tredje året på rad vann "Powerpuff"jentene gullmedaljen, og jublande tok
dei i mot sigerspokalen som vinnarar i
jenteklassen med 7 poeng.
Toppscorar i jenteklassen vart Mari Gjesdal ("5 girls 1 cup") med to mål.
Ingen jul utan
Det var fleire hundre tilskodarar innom
Godøyhallen i løpet av helga, og for
mange er Førjulsturneringa starten på
julefeiringa.
-Det blir ingen jul utan Førjuls, er det
fleire som har uttalt til cupgeneral
Kasper Mannsverk. Saman med Rune
Skog, Webjørn Mannsverk og Svein
Arve Alnes arrangererte han Førjulsturnering for 13. gong. Inntektene frå
Førjulsturneringa skal gå til den nye
kunstgrasbana som er vedtatt å lage på
Godøy si noverande grusbane.
Småbarnssong
Torsdag 17. januar er det
småbarnssong i kyrkjekjellaren
på Valderøya. Dette er for barn i
alderen eitt til tre år frå alle øyane
i Giske. Mamma eller pappa blir
med og ein har songar med bevegelsar, songleikar og såpebobler.
Ta med kveldsmatpakke om du vil.
Arrangøren stiller med kaffi og te.
torsdag 17. januar
kyrkjekjellaren, Valderøya
60+ treff
Den første tysdagen kvar månad
er det formiddagstreff 60+. Dette
er eit uformelt treff med kaffi og
mat, song og musikk, andakt,
gode historier og prat rundt
borda. Alle er velkomne.
tysdag 8. januar
bedehuskjellaren,
Valderøya
SAKNAR DU
AVISA?
Gi oss beskjed på:
Tlf. 70 18 63 80
[email protected]
JENTENE på “Powerpuff” frå Godøya vann jenteklassen for tredje året på
rad. F.v: Martha Oline Valkvæ, Rebekka Dyb, Amalie Aarseth, Lina Ulla, Emelie
Valkvæ, Linnea Tusa og Severine Dyb.
Den talentfulle Aafk-junioren Henrik Bjørdal fekk overrekt toppscorarpokalen frå cupgeneral Kasper Mannsverk.