Endeleg ferdig kunstgrasbane!

Download Report

Transcript Endeleg ferdig kunstgrasbane!

Kjære innbyggjar på Giske og framtidig andelseigar!
Endeleg ferdig kunstgrasbane!
Før såg det slik ut…..
No ser det slik ut. På bilde har G11 og G7 trening samtidig
Invitasjon til kjøp av andelar a kr kr 500 og offisiell opning søndag
30. nov. kl.13.00 Kunstgrasbana, Giske Skule
Kunstgrasbana på skuleplassen på Giske er endeleg heilt ferdig, og den er i bruk av skule, barnehage,
idrettslag og gjennom uorganisert leik kvar einaste dag. Giske IL har arbeida hardt gjennom fleire år
for å få realisert prosjektet, og da kommunen endeleg sa ja, la vi ned eit stort dugnadsarbeid med
rydding av skog, og montering av alt gjerde rundt bana.
I tillegg til arbeidet som er gjort, har idrettslaget gått inn med lovnad om støtte kr 700 000 til Giske
Kommune for å få realisert prosjektet. Dessutan vil vi bygge ei garasje med bod for utstyr og benkar
under tak slik at blir enda betre tilhøve for både organisert trening og uorganisert leik på
skuleplassen. Dette bygget vil fort koste 300 000,- Dermed legg idrettslaget inn midlar for kr
1 000 000,- i dette prosjektet
Heldigvis har vi fått god støtte frå



Sparebanken Møre
Marine Harvest fondet
Tafjord
kr
kr
kr
100 000,100 000,50 000,-
Men no ber vi om støtte også frå innbyggjarane på Giske. Meir om prosjektet og
betalingsinformasjon finn du på baksida av arket.
Samstundes inviterer vi til offisiell opning av bana 30 november kl 13.00. Om vêrtilhøva tillèt det vert
det aktivitet på bana, og i gymsalen på skulen vert det gratis kaffi og kaker. Samstundes vert det
offentliggjort kor mykje vi klarer å samle inn på øya til dette prosjektet. Alle hus på øya skal besøkast,
og finn vi ingen heime, vert det lagt i postkassa. Du finn og denne informasjonen på www.giskeil.no
Skulle du ha spørsmål, kontakt Eldar Røsvik, på tlf. 41 47 28 33.
SNU ARKET for betalingsinformasjon
Kvifor kjøpe andelar a kr 500,- i prosjektet?








Eit flott nærmiljøanlegg som kjem born og unge i alle aldrar til gode.
Alle ungane på Giske har glede av området og det som er gjort. Uteområdet på barnehagen
vart pussa opp samstundes og skuleplassen innbyr til leik og aktivitet igjen. Skuleplassen var
heilt nedslitt og området trengte ei opprusting. Det hadde ikkje blitt slik som i dag utan Giske
IL sine midlar og innsats.
Bana er ein samlingsstad for born, unge og vaksne gjennom heile dagen.
Giske IL kan tilby gode treningsforhold til alle sine aktive fordelt på 7 yngres lag, 5
samarbeidslag og 1 seniorlag.
Innbyr til uorganisert leik. Mange kan bruka anlegget samstundes.
Støtte Giske IL si gåve til øya i anledning idrettslagets 50 års jubileum neste år!
Støtte opp om dugnadsarbeid og gjere Giske IL i stand til andre prosjekt som treng midlar.
Eks vedlikehald og utvikling på Nestun som er Giske IL og heile øya sitt anlegg.
Prosjektet har gjort Giske til ein enda meir attraktiv plass å bu!
Og til slutt, spar pengar på skatten. Frådrag for 27 % av gåvesum mellom kr 500 og 16 800
fortsatt at ein opplyser om namn, personnummer 11 siffer, adresse og email når ein betalar.
Opplysningane blir behandla konfidensielt, utanom namn. Ein andel kostar med andre ord
365 kr etter at staten har gitt tilbake 135 kr gjennom redusert skatt.
Vi vil utarbeide nummererte andelar a kr 500 som vert delt ut etter at aksjonen er ferdig. Kven som
kjøper andelar blir publisert på vår heimeside etter den 30 november, og når garasja blir ferdig til
våren vil det bli sett opp skilt over kven som har kjøpt, saman med logo for Giske IL. På skiltet vil og
våre 3 store støttespelarar vere med logo. Om du ynskjer å vere anonym, reserver deg ved å skrive
det på innbetalinga.
Vi voner at mange på Giske vil vere med på spleiselaget, og kjøpe ein eller fleire andelar i
kunstgrasbana på skuleplassen – til beste for born og unge i Giske IL og øya elles. Vi takker deg på
førehand for støtta, og vi er glade for å ha deg som medspelar! Helsing Giske Idrettslag
Ikkje vent, men kjøp andelar i dag, og vel møtt den 30. november for å sjå resultatet!
Betalingsinformasjon – NB – Dette er ikkje ein faktura –
Personnr, og emailadresse, evt, reservasjon mot offentliggjering av navn
Betalingsfrist: snarast
Betalt av:
Betalt til
Torberg Arneson
Giske Idrettslag
Giskevegen
Staurnesvegen 21
6052 Giske
6052 Giske
Namn og adresse på andelseigar må opplysast ved betaling.
X andel a kr 500
Kroner
til konto
xxxx
3910.51.34596