Rapport - Forprosjekt Flerbrukshall Vigra.pdf

Download Report

Transcript Rapport - Forprosjekt Flerbrukshall Vigra.pdf

Fotballhall / fleirbrukshall på Vigra
Sluttrapport frå arbeidsgruppe
versjon av 16. september
Britt Giske Andersen (s)
leiar miljø- og kulturkomité
Roar Dyb-Sandnes (s)
leiar oppvekstkomité
Jan Petter Meberg (s)
Vigra IL
Sven Martin Tønnesen (s)
Vigra IL
Sindre Røsvik (s)
kommunalsjef
Arnfinn Vartdal (s)
kommunalsjef frå 01.09.
Lars Petter Valderhaug (s)
leiar teknisk komité
Frode Elias Synnes (s)
sekretær
Bakgrunn
Denne saka er tufta på følgjande samrøystes vedtak i Giske kommunestyre i K-sak
032/10, i møte 11.05.10:
”Komite for oppvekst (kommunestyret) er positive til denne satsinga på Vigra og viser til
KMK sitt vedtak. Skulen sine behov må ivaretakast om prosjektet blir realisert.
Økonomisk deltaking må avklarast i behandling av økonomiplanen.
Det skal nedsetjast ei gruppe som utgreier behovet for ein hall på Vigra. Gruppa skal
vere samansett av m.a. administrasjonen, Vigra IL og leiar i komite for miljø og kultur,
leiar i komite for oppvekst og leiar i komite for tekniske saker. Idrettsrådet blir invitert til
å delta.
Eigarskap og finansiering skal avklarast før ev framdriftsplan blir lagt fram for
kommunestyret i september. Mandatet skal innehalde saksbehandlar sine vurderingar.”
Arbeidsgruppa meiner at formuleringa ”saksbehandlar sine vurderingar” viser til
formulering i saka ang ev mandat for arbeidsgruppe (sitat):
-
”analyse som skisserer behovet for:
o type aktivitet i bygget (Merknad: arbeidsgruppa er av den oppfatning at dette
betyr at ein også må ta høgde for det udekka behovet for innandørs
treningsaktivitet som er i kommunen i dag, samt vekstpotensialet for ny / meir
aktivitet slik dette er erfart i mange andre kommunar, m.a. Eidet kulturhall i
Haram.)
o ulike fasilitetar som garderobe, tribune, lager, kjøkken, toalett, vestibyle / foaje
m.m.
o parkering / varelevering / trafikkavvikling
-
vurderer
o type hall og storleik
o konstruksjonar og materialbruk
o arkitektonisk uttrykk og landskapsmessig tilpassing
o plassering av hall – på tomt, i høve skule, adkomst, naboar etc.
o oppvarming / ENØK
o ulike modellar for investering og bygging samt drift og vedlikehald – med eller
utan kommunalt engasjement
o mulegheiter for spelemidlar
o ev føringar for drifta som t.d. reduserte leigesatsar for idretts- og kulturlivet”
2
Konklusjon:
Ei utgreiing basert på innmeldte behov frå lag, organisasjonar og Vigra skule, indikerer
at ein hall på ca. 45 x 90 meter er ein optimal storleik, tatt omsyn til kostnadar og
tilgjengeleg areal.
I ein slik hall er det plass til:
1. 7er-fotballbane, handballbane, løpebaner for friidrett
2. permanent scene, toaletter, lager, garderober og vestibyle.
Det kan vere muleg å nytte 7 x 45 meter (315 m2) i eit ev. seinare byggetrinn, men då
må det leggast til rette for handikappa sidan dette arealet ligg i 2. etg.
Sjå også vedlagt planskisse og kartskisse.
Ein slik hall vil netto koste ca kr 10,25 mill. Vigra IL har under nokre føresetnadar sagt
seg viljuge til å dekke 5 mill som eit byggetilskot, samt driftskostnadene relatert til
fotball-delen (straum og vedlikehald). Då står kommunen att med ei investering på ca kr
5,25 mill. Dette føreset at kommunen får refundert all mva ved bygginga.
For denne summen får Giske kommune mulegheiter til å omdisponere gymsalen til
undervisingslokale, inntil 70 nye p-plassar slik at ein slepp å investere kr 0,5 mill
(stipulert kostnad) til å bygge ut dagens plassar ved skulen, meir innandørs areal til
fysisk aktivitet, Vigra barnehage får dekt sine ønsker om meir tid til fysisk aktivitet m.m.
Dei årlege driftskostnadane for kommunen er stipulert til kr 256.000. Dersom det blir
realisert ein hall på Vigra, er det private selskapet Idrettsbarnehage AS interessert i å
etablere seg ved / i nærleiken av hallen. Dei er då viljuge til å betale kr. 250.000,- som
årleg refusjon for bruk hallen på dagtid.
Ved ev realisering av hall vil ein få dekt mykje av det manglande behovet ein har for
idrettsrørsla i kommunen i dag, jf sprengt kapasitet på Giske kommunale idrettshall.
Vidare vil det lokale kulturlivet (kor, korps etc) få nye lokale til ulike aktivitetar og
arrangement. Frigjorte areal ved Vigra skule kan kanskje nyttast til å dekkje kulturskulen
sine behov for musikkundervising på Vigra skule.
Føresetnadar stilt av Vigra IL:
Til grunn for byggetilskotet på kr 5 million føreset Vigra IL at:
o Kommunen bygg ein hall som minimum tilsvarar Vigra IL sitt målsettingsdokument
o Vigra IL får einerett til å selge reklame på / i hallen
o Vigra IL disponerer fotballdelen av hallen etter kl 1700 heile veka, og heile hallen i
helgene. Unntaket er 17. mai. Da disponerer kommunen hele hallen.
o Byggetilskotet gir Vigra IL dei same rettane til driftstilskudd som gjelder pt. andre
hallar i kommunen. Det betyr et tilskudd på kr. 150 pr. time pr. lag (opp til 18 år) fra
Giske kommune som trener i hallen (dvs på fotballbanen midt i uken, og i hele hallen
i helgene). Det forutsettes en årlig indeksregulering iht konsumprisindeksen.
o Det blir sett opp ein oppheisbar skillevegg mellom handballbana og fotballbana. Vigra
IL dekkjer driftskostnadane knytt til fotballbana (3/4-deler av hallareal) medan
3
kommunen dekkjer driftskostnadane til handballbanen (1/4-deler av hallareal). Det
blir sett opp to separate straummålarar.
o Det blir gitt kommunal garanti på lånet til Vigra IL
Desse føresetnadane er eit tilbod gitt i brev datert 19.08.10. Tilbodet må bli konkretisert
gjennom ein konkret bindande avtale mellom Vigra IL og Giske kommune før realisering
av hallen.
Driftsform:
Gruppa har vurdert alternative driftsformer. Vigra IL har ikkje administrativ kapasitet til å
eige og drifte ein så stor hall, med så mange aktørar. Det kan sjå ut som om ein
driftsmodell der kommunen tar ansvar er den beste, ev i nært samspel med lokalmiljøet.
Vigra IL kan, mot ein årleg kompensasjon, ta på seg ansvar for reinhald og
administrasjon / utleige av hallen, jf tilbod i brev av 14.09.10.
Kva er tenkt inkludert i den skisserte hallen:
o Fotballbane med kunstgras (7r-fotball) 35 x 55 meter pluss sikringssoner
o Handballbane 20 x 40 m pluss sikringssoner og oppmerking for badminton, basket,
handball, volleyball og landhockey / innebandy
o 2 løpebaner for friidrett med hoppegrop
o flyttbar skillevegg mellom fotball- og handballbane (gir utfordring med skillet mellom
kald (fotball) og varm (handball) sone), og oppheisbare nett til å kunne dele inn både
fotballbanen og håndballbanen i 3 mindre baner
o fast scene for å ivareta skulen sine behov for for elevkveldar, foreldremøte,
kulturtilbod m.m. samt gi mulegheiter for ulike konsertar, teater, revy m.m.
o 70 m2 lager til idrett, skule og ev barnehage
o inngangsparti / vestibyle, toaletter, garderober, reingjeringssentral, teknisk rom etc
o universell utforming av lokale, inkl. ledelinjer for svaksynte / blinde, teleslynge m.m.
o ev lager for lokale lag og organisasjonar i 2. etg
Vidare framdriftsplan:
Beslutter kommunestyre bygging av den hall som her er angitt ser gruppen for
seg følgende videre fremdrift:
-
september: under føresetnad av eit positivt vedtak i kommunestyret, vil ein starte
arbeidet med omregulering og erverv av grunn (dette arbeidet vil som minimum ta 8
månadar).
-
november – desember:
o politisk behandling av kulturplan inkl. ev prioritering av søknadar om
spelemidlar 2012.
o politisk behandling av finansiell medverknad: KMK 22.11., FS 29.11. og KS
14.12.
4
-
januar 2011 og framover: under føresetnad av at anlegget vert innarbeidd i
årsbudsjett 2011 / økonomiplan, vil ein gå vidare med ulike oppgåver som m.a. å:
o inngå avtale mellom Vigra IL og Giske kommune, kvalitetssikre arbeid med
søknaden, utarbeide papir for anbodsinnhenting via Dofinn-basen (offentleg
anskaffelse), forhandlingar og signering av kontrakt med entreprenør,
ferdigstille omreguleringa og kjøpe tomt, opparbeiding av tomt inkl.
tilrettelegge for vatn / kloakk, grunnarbeid inkl fundamentering og drenering,
oppsetting av hall, legging av golv, bygging av scene, toaletter, garderobe,
lager og vestibyle samt ferdigstilling av prosjektet.
o utarbeide planar for førehandsgodkjenning av planane som grunnlag for
søknad om spelemidlar (føreset hjelp frå ekstern aktør til dette arbeidet). Når
denne er godkjent vil ein kunne starte opp arbeid med anlegget sjølv utan
tildeling av spelemidlar. Dette føreset at anlegget inkl. forskottering av
spelemidlar er fullfinansiert.
Med finansiering på plass, er det eit realistisk mål med realisering av hallen i løpet av
2011.
5
Vurdering av behovet for type aktivitet i bygget inkl. ulike fasilitetar
Kartleggings- / spørreskjema for å avdekke ulike private og offentlege aktørar sine
behov for ev hall på Vigra / Roald, vart utsendt (sjå vedlegg for samla oversikt over
aktørar og samla innspel) 29. juni med svarfrist 26. juli. Dette var ikkje optimalt med
sikte på sommarferien, men nødvendig av omsyn til framdrift.
Svar frå kartlegginga går fram av samleoversikt som følgjer som vedlegg til rapporten. I
tillegg til kartlegginga, peiker gruppa på at erfaring viser at nye tidsriktige anlegg og
bygg genererer ei positiv auke i idrettsleg og kulturell aktivitet, jf m.a. Eidet kulturhall på
Vatne og Ørskog idrettshall. Vigra IL har tatt høgde for dette i innspelet sitt, m.a. ved å
peike på muleg ny aktivitet innanfor t.d. handball og volleyball.
Det er elles kjent at vi har behov for meir innandørs treningstid i Giske. Gjeldande
kulturplan for kommunen har eit eige kapittel om idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, som
m.a. skal synleggjere behova som fins innan desse områda i kommunen. I notat frå
Giske idrettsråd frå 2008 står det i underkapittel om drift, under avsnittet om Vigra,
følgjande:
”Generelt vil vi peike på behovet det er for ein idrettshall på Vigra. Ein slik hall knytt til
skulen på Roald ville gitt heile lokalsamfunnet eit løft. Skulen har i dag ein eldre gymsal.
Idrettsungdommen på Vigra må i for stor grad reise langt for å få tilfredsstillande
treningsanlegg vinters tid.” I avsnittet om Valderøy står m.a. følgjande: ”På kveldstider
er (idretts)hallen meir enn fullbelagt. I år (2008, red.mrkn.) vart det søkt om meir enn
dobbelt så mykje treningstid som var mogleg å tildele.” Avslutningsvis peikar
idrettsrådet på at ”(…) inn i framtida er det klart at behovet både for tradisjonelle
idrettanlegg og anlegg for meir fri aktivitet vil auke. Med fri aktivitet meinar vi aktivitet
som ikkje krev at ein leiar er tilstades heile tida.”
På bakgrunn av ovanfornemnte, ser arbeidsgruppa følgjande behov for eit innandørs
idrettsanlegg på Roald:
-
fotballhall for kunstgrasbane for 7er-fotball, str. 40 x 60 m. inkl. sikringssoner og
areal til oppbevaring av div. utstyr samt oppmerking for tre stk 5er-baner
-
handballhall 23 x 44 m # aktivitetsflate inkl. sikringssoner med oppmerking for
badminton, basket, handball, volleyball (trenings- og konkurransebane) og
landhockey / innebandy (20 x 40 m) med følgjande:
o minimum 70 m2 lager til idrett, skule og ev barnehage
o der må etablerast skillevegg mellom fotballhallen og handballhallen pga kald
(fotball) og varm (handball) sone
o 2 løpebaner og hoppegrop ved enden med tarktandekke, som del av
sikringssonene (ref Måndalshallen)
-
kulturdel
o fast scene = for å ivareta skulen sine behov for elevkveldar, foreldremøte,
kulturtilbod m.m. (sjå s 5 / nedanfor) samt gi mulegheiter for ulike konsertar,
teater, revy m.m.
o det blir muleg for lokale lag og organisasjonar å disponere 2. etg til lager.
6
o PS! Gruppa har diskutert bruk av Mjølner og liknande lokaler kontra bruk av
dette idrettsbygget til kulturføremål, men meiner at hallen bør / kan bli eit
supplement, og ingen konkurrent
-
Andre lokale og areal:
o publikumsgarderobar / vestibyle
o wc (byggstandard avgjer kor mange vi treng)
o reingjeringssentral
o logistikk: parkering, varelevering, tilkomst osb
o tekniske rom
o utandørs
o NB! gjennomgåande universell utforming inkl. ledelinjer for svaksynte / blinde,
teleslynge osb.
-
hallen kan vere med på frigje areal på Vigra skule til undervisingsføremål.
Eit byggesteg 2 kan bli aktuelt på sikt. Dette vil ev bli i 2. etg over scene / garderobe /
lager. Her kan ein t.d. få øvingsrom for lag og organisasjonar som også kan brukast til
møter (og for kulturskulen om ein ikkje får tilbod om musikkrom på skulen) samt eit
mindre kjøkken (kiosk) for kaffikoking, pølser / pizza, enkel brødmat / påsmøring. Ved
realisering av privat idrettsbarnehage, kan ein få låne kjøkken frå dei til ein ikkjekommersiell pris.
Giske hestesportklubb har peikt på fordelane med å kunne etablere ein ridehall i
nærleiken av ein ev fleirbrukshall på Roald, t.d. i høve fellesbruk av garderobar,
kjøkken, møterom, parkeringsplassar m.m., men også i høve eksisterande hestemiljø.
Arbeidsgruppa ser diverre ikkje at det er råd å realisere ein ridehall i denne omgang,
med tanke på ei avgrensa areal og med omsyn til økonomien. Men felles bruk av andre
fasilitetar som garderobe og toalett kan nyttast.
Utforming av lokala når det gjeld plassering av fotballhallen, fleirbrukshallen og
kulturdelen, må ein kome tilbake til ved nærare detaljplanlegging og prosjektering. Det
same gjeld ein samla plan for logistikk i høve publikum, varemottak, utandørs
parkeringsplassar m.m.
Ev ombygging av Vigra skule
Giske kulturskule har behov for eit eige rom på / ved Vigra skule dedikert til
musikkundervising. Dette kan bli realisert dersom Vigra skule får tilhald i ev
fleirbrukshall:
Vigra skule har behov for eigne rom til musikkundervisning og skulebibliotek. Skulen
brukar elles noverande gymsal til ulike kulturelle aktivitetar som ulike framsyningar (t.d.
Kulturnista / Kultursekken, jule- og påskespel, elevkveldar), morgonsamlingar,
foreldremøte samt lager til rekvisittar og stolar. Ved å flytte dei kulturelle aktivitetane til
ev ny fleirbrukshall, vil ein kunne frigjere rom på skulen til å etablere andre rom det er
behov for.
Vigra skule og SFO slår fast at vilkåret for at dei skal nytte seg av hallen, er at det vert
laga til ein avtale der kommunen betalar hall-leiga. Skulen har ikkje ekstra
budsjettmidlar til dette.
7
Gevinstar for Giske kommune ved ev realisering av fleirbrukshall
o Auka areal tilgjengeleg for Vigra skule (kan omdisponere gymnastikksalen)
o Inntil ca 70 nye parkeringsplassar (då vil det ikkje vere nødvendig å byggje ut
dagens parkeringsplass, ei investering estimert til 0,5 mill)
o Vigra skule får auka tilgjengeleg areal til lek og moro i friminutta (ca. 3 mål hall
dersom barnehagen skal disponere 1/3 av hallen)
o Vigra barnehage får dekt sitt behov for gymnastikk (i vår fekk dei pga plassmangel
ikkje meir enn 1 time pr veke)
o Dekt all innmeldt hallbehov i kommunen knytt til lag og organisasjonar. (Giske
kommunale idrettshall er 200 % belagt)
o Eit godt halltilbod på alle dei tre største øyane i kommunen (nærleik til
idrettsanlegg)
o Mulegheit for å etablere ny idrettsaktivitet (breiare tilbod) i kommunen
o Mulegheit til å tilby bedriftsidrettslag i kommunen hallkapasitet
o Mulegheit for å kunne arrangere møter, konserter og kulturarrangement der
forventa publikumsoppmøte overstiger kapasiteten i dagens hallar i kommunen (opp
til 2000 personer)
o Mulegheiter for å kunne arrangere større messer o.l.
o Auka tilgjengeleg areal knytt til musikk-korps og anna kulturaktivitet, som i dag ikkje
får dekt sitt behov
o Betre mulegheit for å kunne tilby eit treningstilbud til oldboys, KRIK, vennegjengar
osb
o Ein felles samlingsstad under tak ved større kulturarrangement (t.d. 17. mai,
markeringer m.m.)
Ev privat (idretts)barnehage
Idrettsbarnehage AS (www.idrettsbarnehage.no) har i møte og øvrig kommunikasjon
med kommunen gitt sterke signal om ønske om å etablere seg på Vigra, og ser i den
samanheng mulegheiter for samspel og positive effektar ved eit eventuelt samarbeid.
Eit samarbeid kan vere å gjere nytte av felles lokaler og funksjonar som vestibyle,
parkering, leikeareal, kantine, kjøkken, publikumsgarderober, hc-wc m.m. I e-post til
administrasjonen har dei signalisert evne og vilje til å leige areal i hallen for ca kr
250.000 i året. (Endeleg sum avheng av m.a. kor stor del av lokala som kan bli godkjent
for leikeareal for barnehagen, endeleg kalkyle på bygg etc.) Til grunn for tilbodet ligg at
dei får disponere 1/3 av fotballbanen på dagtid, 1/3 av handballbana på dagtid og med
tilgang på wc i hallen på dagtid.
Idrettsbarnehage AS har også skissert at dei stiller seg positive til at lokale lag og
organisasjonar får nytte lokala deira på ettermiddags- / kveldstid og i helgar utan å
måtte betale marknadsleige.
Når det gjeld sjølve barnehagebygget, har dei signalisert ei løysing med seksjonering
der ein bygg vegg i vegg slik at barnehagen eig sin del og kommunen eig sin del. Dette
må bli vurdert nærare ved seinare høve. Same gjeld vilkår for at kommunen ev gir løyve
til etablering av privat barnehage på den aktuelle tomta.
Ev politiske signal om ny barnehage på Vigra vil kunne bli gitt gjennom revidering av
barnehageplanen i november. Det same gjeld om ein ser positivt på ein idretts8
barnehage. Etter informasjon frå kommunalsjef Røsvik, er det behov for omlag 2 nye
avdelingar på Vigra slik tala var pr våren 2010.
Tilgang på frie parkeringsplassar på dagtid (350 m2) vil kunne utløyse ytterlegare kr.
40.000,- i årleg leige frå barnehagen. Kanskje også meir dersom ein får til sambruk av
kantine, kjøken, vestibyle. Om Idrettsbarnehagen etablerer kjøkken, kan dette bli lånt ut
rimeleg til kulturlivet.
Type hall og storleik
Utgangspunktet for val av type hall og bruk av material, var at erfaringar frå andre
stadar tilseier at ein kunne få rimelege finansielle løysingar gjennom bruk av plast, men
då måtte ein finansiert dette utan spelemidlar. Seinare kom det signal om at ein kunne
få spelemidlar til slik løysing. No viser det seg at dette ikkje er muleg, men stål er eit
fullgodt alternativ som samstundes utløyser tilskot frå spelemidlar. Dersom ein går
vidare med arbeidet med realisering av hall på Vigra, vil ein måtte vurdere
materialbruken i høve ulike aspekt som levetid, utgifter til investering kontra drift,
estetikk, ENØK, inneklima i høve varme, golv, lys, luft og fukt.
Plassering av hall – på tomt, i høve skule, adkomst, naboar etc.
Konklusjonen frå behovsanalysa, sjå ovanfor, var at ein treng slike areal:
- hall, str: 45 x 90 meter:
4.050 m2
- ev barnehage 3 – 3,2 mål fordelt slik:
o bebygd areal, barnehage (2 etg), uteboder m.m.
850 m2
o netto uteleikeareal
2.000 m2
o (parkering (felles areal?)
350 m2
- parkering / varelevering
- utandørs areal
Plankontoret har etter avtale med arbeidsgruppa laga ei planskisse (M 1:1000) som
viser muleg plassering av anlegget inkl. ev ny barnehage på tomta. Denne viser at
tomta kan vere for liten for begge bygg sjølv med bruk av felles parkeringsplassar. Dette
må ein kome nærare tilbake til ved nærare detaljplanlegging dersom det blir aktuelt å
etablere ny barnehage ved / i nærleiken av Vigra skule.
Detaljering og endeleg plassering vil ein kome tilbake til ved ev prosjektering.
Mulege modellar for finansiering av investering og drift
Eventuelt kommunalt engasjement i realseringa av eit idrettsbygg, må bli avklart
gjennom prioritering i økonomiplan og årsbudsjett. Første høve for dette er i desember.
9
Frå leverandør i marknaden, har ein fått eit uforpliktande kostnadsoverslag på
etablering av eit idrettsbygg på 45 x 65 meter. Justert for auka storleik til 45 x 90 meter,
ser ein slike budsjettal:
Investeringsbudsjett
(For fotnotar / merknadar viser vi til eige kapittel mot slutten av rapporten, før vedlegga.)
Utgifter:
- Opparbeiding av tom inkl. singling 10 m rundt bygget (føreset
at kommunen dekkjer tomtekostnad nord for Vigra skule og at
ein får frakta vekk matjorda på dugnad, ref tilbod)
1.000.000
- Utgraving av grøft til ringmur (stipulert)
54.000
- Oppfylling i ringmur (20 cm ekstra under kunstgras / betong)
120.500
- Ringmur / fundamentering (ref info frå HaNo FK)
613.000
- Drenering (ref meterpris oppgitt av O.B.Wiig, men på mindre hall)
142.000
- Sand (10 cm) (ca-pris)
60.000
- Div. arbeid avretting / komprimering (ca-pris)
108.500
- Asfalt og betong som underlag for dekke / golv
345.000
- Friidrettsdekke (ref tilbod)
67.000
- Sportsgolv (ref tilbod)
326.000
- Kunstgras (ref pris gitt IL Valder ved legging av kunstgras,
inkl. pad / støtdempingssjikt)
625.500
- Hall (estimat basert på tilbod på 65-meter lang hall)
9.000.000
- VVS, toalett, garderobar, lager, scene
600.000
- Varme / lys (ref tilbod)
862.000
- 5’ar fotballmål (4 stk) (ref tilbod)
22.500
- 7’ar fotballmål (2 stk) (ref tilbod)
19.000
- Seniormål (2 stk) (stipulasjon)
30.000
- Handballmål (2 stk) (ref tilbod)
19.000
- ADC-utstyr til vedlikehald kunstgrasbana (ref tilbod)
33.500
- Golvvaskemaskin
50.000
- Skilleveggar (hevbart nedste 3 meter, elles fast øvste del)
350.000
- Tilførsel elektrisk kraft
100.000
- Reservepost
1.500.000
Pris eks. mva
-
16.047.500
Mva
Brutto utgifter inkl. mva
Inntekter:
- Mva-refusjon &
- Spelemidlar fotballhall:
40 x 60 m av samla areal 45 x 90 = ca 60 %.
60 % av 20.059.375 = 12.035.625 x knapt % ¤ =
- Spelemidlar handballhall (fleirbrukshall):
25 x 45 av samla areal 45 x 90 = ca 40 %.
40 % av 20.059.375 = 8.023.750 x knapt 30 % ¤ =
- Anleggstilskot frå Vigra IL =
4.011.875
20.059.375
4.011.875
3.500.000
2.300.000
5.000.000
10
Sum inntekter
14.811.875
Netto utgifter
5.247.500
NB!
Asfaltering av uteareal, stipulert kr 300.000, er ikkje tatt med.
Det er tidlegare signalisert behov for etablering av nye parkeringsplassar ved Vigra
skule, stipulert som investering på kr 500.000. Realisering av idrettshallen med
parkeringsplassar vil kunne dekke denne investeringa.
Det er ikkje tatt med rentekostnad knytt til forskottering av spelemidlar.
Vi presiserer elles at vidare prosjektering vil avdekke om arealet 45 x 90 m er stort nok.
Under gitte føresetnadar, m.a. førehandsgodkjenning før byggearbeida tek til, kan ein
utløyse inntil 1/3 av godkjente kostnadar, maksimalt kr 1.500.000 til lokale og naglefast
utstyr til kulturell verksemd frå ”desentralisert ordning for tilskudd til lokale kulturbygg”.
Men det vert ikkje gitt tilskot frå både spelemidlar og desentralisert ordning til same
lokale. Vel kommunestyret å jobbe vidare med realisering av idretts- og kulturbygg på
Vigra, bør ein difor halde møte med fylket for å avklare om dette kan vere muleg.
Ev føringar for drifta som t.d. reduserte leigesatsar for idretts- og kulturlivet”
Giske kommunestyre har vedteke prinsipp om at all idrettsaktivitet for barn og unge
under 18 år skal vere gratis i Giske. Her er to idrettshallar i kommunen: Godøyhallen og
Giske kommunale idrettshall på Valderøya. Kultur- og miljøeininga har avsett
budsjettmidlar til dekking av leige av Godøyhallen for barne- og ungdomsaktivitet i regi
av lag og organisasjonar frå Giske kommune. Det er naturleg at slike midlar også vert
stilt til disposisjon for slik aktivitet i ein ev idrettshall på Vigra.
(Godøy skule betalar for bruk av idrettshallen til skuleføremål. Der er ikkje eigne
garderobar i Godøyhallen. I staden nyttar ein garderobane på Godøy skule.)
Driftsbudsjett
Utgifter:
- straum (Godøyhallen 100.000 kwh pr år, Giske kommunale
idrettshall kr 120.000 pr år)
- vedlikehald og serviceavtalar
- forsikring (If-tilbod)
- kommunale avgifter i Giske kommune
o renovasjon 2.650
o vatn 12.300
o avløp 15.200
- kompensasjon Vigra IL
110.000
60.000
25.000
31.000
180.000
11
sum utgifter
406.000
Inntekter:
- refusjon frå andre lånarar, frå og utanfrå Giske (jf førespurnad
frå Aksla IL)
- refusjon frå bedriftsidrettslag og andre
-
100.000
50.000
sum inntekter
150.000
Netto utgifter
256.000
Mulege modellar for drift
I teorien kan ein tenke seg fleire alternative modellar for drift av eit slikt anlegg, der dei
mest aktuelle kan vere:
- rein kommunal modell
- modell med kommunal eigarskap, men samarbeid med eit foreining eller eit
husstyre
- lokal modell for Vigra, t.d. eit privat AS eller Vigra IL.
Nemnda har sett på nokre kriterier som ein kan vurdere:
Viktige omsyn i
vurderinga
Kommunal
drift
Kommunal drift
med eige
husstyre/
venneforeining
Privat AS
Vigra IL
Avgrensa ansvar for
kommunen
Nei
Nei
Ja
Ja
Tilfredsstiller krav til
mva-kompensasjon
Ja
Ja
Momskompensasjon for Nei
eit AS føreset mulege
leigeinntekter frå
momsberettiga føretak,
dvs ikkje idrettslag.
Dette kan øydelegge for
krav om spelemidlar.
Dersom utleige er delvis
til momsforetak og
delvis til idrettslag vil ein
få delvis momsfritak.
Tilfredsstiller krav til
tippemidlar
Ja
Ja
Nei, men kan truleg
gjere det om organisert
som ideelt AS
Ja, men
kommunen må
gi garanti mot
ev misleghald
dei første 20
12
åra
Eige styre for
driftseininga
Nei
Ja
Ja
Ja
Etter mynde frå
generalforsamling
Etter mynde
frå årsmøtet
Ja *
Nei
Ja ¤
Ja *
Nei
Ja
Står styre / leiing fritt Etter mynde frå Ja, etter avtale
i høve utvikling av
kommunestyre/ mellom kommunen
drift
rådmann
og foreininga
Attraktivt for
brukarane:
- delvis fri leige
- mulegheit for Kan
dugnad
Kan
* = brukarane er aktivt
med i styret og i arbeid
med å skaffe inntekter
for å slik å redusere
refusjon for bruk av
bygget (husleige)
¤ = kan få om
ein er aktivt
med for å skaffe
inntekter for slik
å redusere
refusjon for
bruk av bygget
(husleige)
Ubyråkratisk for
Tja
leiing og leigetakarar
Ja
Ja
Ja
Rekneskap / økonomi Kommunalt
Rekneskap / revisor
Rekneskapskontor/
revisjon
Rekneskap /
revisor
Eigenkapital
Felles med
kommunen
Kan ha drifts- /
investeringsfond
Aksjekapital
Felles med
idrettslaget
Lovverk
Kommunelova
Foreining er ikkje ein Aksjelova
lovregulert
driftsmodell, men vil
likevel ha nødvendig
formalisering knytt
opp mot m.a.
rekneskap og
revisjon
Noregs
idrettsforbund
Løpande folkevalt
kontroll
Ja
Nei
Nei
Nei
Rådmannen sin
styringsrett
Full
administrativ
styringsrett
Kan ha administrativ
styringsrett for
enkelte forhold i
samsvar med avtale
Ingen
Ingen
Dei to idrettshallane vi har i kommunen i dag, er drifta som høvesvis privat i regi av
Godøy IL (Godøyhallen) og kommunal (Giske kommunale idrettshall).
13
Val av driftsform
Vigra IL
Ved starten av prosessen i november – desember 2009 var det fleire mulege alternativ
som var skissert, eit alternativ var drift gjennom Vigra IL.
I arbeidsgruppa har Vigra IL sine representantar gitt klare signal om at det ikkje er råd
for Vigra IL å ta på seg eit ansvar med å drifte ein slik hall åleine.
Privat AS
Det er ikkje vanleg å drifte idrettsbygg som privat AS då dei i utgangspunktet ikkje vil
kunne få spelemidlar. Leigetakarar i hallen vil også måtte betale reell husleige.
Rein kommunal drift
Med ei rein kommunal drift får ein m.a. behalde ”momskompensasjon” og ein kan søkje
spelemidlar. Men lokalmiljøet får ikkje vere aktivt med å styre drifta av bygget. Det vil
lett kunne føre til ein meir byråkratisk organisasjonsform om personell knytt til
kommunalt avtaleverk skal stå føre dette. I tillegg kan bygget bli ein salderingspost i
vanskelege prioriteringar.
Kommunal drift med husstyre / venneforeining
Ein ev modell med eit kommunalt eigd bygg med eige lag som står føre utleige og drift
av husa på ettermiddags- / kveldstid og i helgar, vil bety at vi innfører ein ny modell for
drift av idrettsbygg i Giske. Dette kan likevel vere ein god modell som gjer at
organisasjonen spelar på lag med lokalsamfunna og deira behov, lokalsamfunna får
sjansen til å vere med å skape aktivitetar og innhald i bygget, noko som gjer at bygget
vil framstå som attraktivt for brukarane og ein kan skape ei ”vi-kjensle” i lokalsamfunna
samt at ein kan få dugnadsinnsats for å redusere utgiftene eller auke inntektene.
Generelt
Dette underkapittelet handlar om følgjande moment (jf saksbehandlar sine merknadar i
kapittelet om bakgrunn):
-
konstruksjonar og materialbruk
-
arkitektonisk uttrykk og landskapsmessig tilpassing
-
oppvarming / ENØK
Desse og andre moment nemnt ovanfor, m.a. kvalitetssikring av at arealet 45 x 90
meter klarer å dekke dei skisserte behova, må ein kome tilbake til ved ev seinare
prosjektering og detaljutvikling. Arbeidsgruppa vil førebels likevel peike på følgjande
moment som ein ved ev prosjektering vil måtte diskutere:
- val av materiale vil ha innverknad på levetid og driftskostnadar
- arkitektonisk vil det kunne vere naturleg at ein søkjer å tilpasse bygget til
eksisterande bebyggelse
14
-
kulturell aktivitet fordrar høgare temperatur i lokalet enn idrettsleg aktivitet
gjennomgåande universell utforming av bygget
Fotnotar / merknadar
Til vurdering av behovet for type aktivitet i bygget inkl. ulike fasilitetar:
-
# handballhallen:
o kan dele denne i 3 mindre ”hallar”.
o viktig å avgrense oppmerkinga for å unngå visuelt rot / uklare grenser mellom
banene. Fordele ulike oppmerking på dei 3 mindre ”hallane”?
o tilskot frå spelemidlane til fleirbrukshall med inntikr 7 million inkluderer to sett
garderobar (4 garderobar inkl. dusjar), styrketreningsrom og minimum 70 m2
lager til idrettsføremål.
o
for å utløyse fullt tilskot frå spelemidlane til fleirbrukshall i denne storleiken
(23 x 44 m), er det krav at ein har to sett garderobar (2 til jenter og 2 til gutar
+ dommargarderobar), minst 70 m2 til lager og eit styrketreningsrom. Vi
rekner med at vi kan søkje om dispensasjon frå kravet til garderobar dersom
vi nyttar eksisterande garderobar på Vigra skule. Dette er garderobar for
jenter (nyrenovert), gutar (er planlagt renovert) og lærarar / dommarar. Vi trur
at desse kan bli godkjente som eit av dei to setta. Dette vil kanskje kreve
etablering av gang mellom skulen og hallen, men dette vert truleg rimelegare
enn å etablere to garderobesett i hallen.
-
=
fins to alternativ: fast scene i hallen og med publikumsplassar på stablestolar eller
å bruke 2/3 av idrettshallen som sceneareal og med publikumsplassar i amfi (fast
eller skyvbart). Skal Vigra skule avvikle noverande gymsal, er det eit krav at ein
etablerer fast scene. Gruppa støttar dette.
-
Gruppa har til no ikkje sett behovet for å leggje ekstra til rette for mottekne innspel
om etablering av lokale til større arrangement. På sikt er det likevel muleg å kjøpe
inn plater som kan leggast ut over kunstgraset, om nødvendig. Ved ev behov for
ekstra stor scene, vi det kunne bli løyst ved å bruke modular. Dette føreset at høgd
på scena er tilpassa standardarar for bein til slike scenemodular.
Til inntekter investeringsbudsjett
-
-
&
: før realisering må ein vurdere kva areal ein kan få og ikkje kan få mva-refusjon til
bygginga av, jf gjeldnade ordning for meirverdiavgiftskomensasjon. Dersom ein skal
leige ut lokale i hallen, vil ein ikkje få full mva-refusjon. Inntektsføring av ev mvarefusjon vil i åra framover gradvis bli flytta frå driftsbudsjett til investeringsbudsjett. I
2010 vert 80 % ført til driftsbudsjett medan 20 % vert ført til investeringsbudsjet. I
2011: 60 % drift 40 % investering med nedtrapping slik at all mva-refusjon i 2014
vert ført i investeringsbudsjett.
¤
: frå spelemidlane kan ein utløyse tilskot på inntil 1/3 av godkjente kostnadar. Då vi
ikkje får full uttelling av spelemidlar sidan vi søkjer om dispensasjon for krav til
styrketreningsrom og 2 sett garderober, legg vi inn berre 30 % spelemidlar (avkorta)
15
og ikkje 33 % (full uttelling). Endeleg avklaring av storleik på spelemidlar vil verte
avklart ved endeleg søknad.
Til utgifter driftsbudsjett
-
-
Energiøkonomiseringstiltak vil erfaringsmessig redusere dei årlege
straumkostnadane.
Vigra IL har tilbode seg å dekkje straum på fotballdelen. Dette gjer at arealet som
kommunen skal sørgje for vert varma opp blir 29 x 43 meter, dvs rimeleg likt
Godøyhallen.
Ang forsikring har ein henta inn tilbod frå If på ein litt mindre hall (65 x 45 i staden for
90 x 45) på kr 18.000 pr. år.
Til inntekter driftsbudsjett
-
Renter og avdrag er ikkje tatt med på utgiftssida.
Dersom idrettsbarnehage blir realisert i nærleiken av hallen, vil ein kunne oppnå
refusjon frå Idrettsbarnehage AS på kr 250.000 for bruk av areal.
16
Vedlegg
Kartlegging av muleg behov for bruk av lokale i fotball- / fleirbrukshall på Vigra –
svar frå lag og organisasjonar.
Forklaring: Mottakarar (sjå eiga liste) fekk beskjed om å markere ved aktuelle alternativ, og at dei kunne
spesifisere ved behov. Mottatte spesifikasjonar er tatt inn nedst på kartlegginga.
Idrettsaktivitet
-
-
-
-
-
-
Badminton: behov synleggjort av (bsa) Vigra IL og Vigra skule
Basket: behov synleggjort av (bsa) Vigra IL og Vigra skule. Innspel frå Vigra indremisjon
tilseier at dei vil vurdere å etablere KRIK-lag om der kjem hall, i så fall kan dei tenke seg å
bruke hallen til m.a. basket, fotball, handball, landhockey, volleyball (sjå nedanfor).
Fotball 7er-bane (40 x 60 m): bsa Giske IL, Vigra IL, Vigra skule og ev Vigra KRIK
Handball: bsa IL Valder, Vigra IL, Vigra skule og ev Vigra KRIK
Landhockey: bsa Vigra IL, Vigra skule og ev Vigra KRIK
Volleyball, treningsbane: bsa Vigra IL, Vigra skule (sjølv om det ikkje er spesifisert, er det å
rekne med at det er treningsbane skulen har behov for) og ev Vigra KRIK
Volleyball, konkurransebane: bsa Vigra IL
Friidrett (hopp, kast, løp 60 m, 100 m).: Vigra IL, Vigra barnehage (leikar, hinderløyper,
gymnastikk, fysisk rørsle til musikk) og Vigra skule (skulen sine behov)
Vigra SFO : frie aktivitetar
Innandørs ridehall med ei bane på 40 x 60 meter inkl. garderobe med wc: bsa frå Giske
hestesportklubb. Utdjupande kommentarar: hestesportklubben sitt primære ønske er å halde
til på Følsvik-garden der dei har ein avtale i 5 – 6 år framover. Dersom dei ikkje får
vidareført denne avtalen meir ”permanent”, har dei også behov for 10 stallboksar, utandørs
bane på 40 x 60 meter, 10 luftegardar à 10 – 15 m2 og areal til fellesbeite på 40 – 60 m2.
Anna idrett: bsa Vigra IL, m.a. rusfrie tilbod til ungdom i helgane. (Kan realiserast som
sosialt rom % som treffstad / ope for sosial eigenorganiserte aktivitetar til t.d. møter /
konferanser, treffstad for ungdom med m.a. spel (brett, play station m.m.), konkurransar,
LAN, film- / musikkveldar, animasjon m.m.)
Lager / arkiv: bsa Vigra IL (til utstyr idrettsskule) og Vigra skule (til skulen sitt utstyr)
Garderobar / omkledningsrom m/ dusj: bsa IL Valder
Møterom 12 m2: bsa Vigra IL
Antal personar (aktive, publikummarar o.l.) som ein rekner med er i bygget på det meste. (Vi
berekner behovet for antal wc ut frå antal personar i bygget.): Vigra IL (ca 300 til ev Vigra
cup) og Vigra skule (230 elevar og tilsette)
Tribunar (oppgi stipulert antal publikummarar): for inntil 300 personar, sjå ovanfor.
Kafeteria / mindre kjøkken til t.d. kaffikoking, pølser / pizza, enkel brødmat / påsmøring:
ingen, men fått tilbakemelding på kulturdelen nedanfor.
Merknadar:
- # handballhallen:
o kan dele denne i 3 mindre ”hallar”.
o viktig å avgrense oppmerkinga for å unngå visuelt rot / uklare grenser mellom
banene. Fordele ulike oppmerking på dei 3 mindre ”hallane”?
17
-
o tilskot frå spelemidlane til fleirbrukshall med kr 7 million inkluderer to sett
garderobar (4 garderobar inkl. dusjar), styrketreningsrom og minimum 70 m2 lager til
idrettsføremål.
%
Sosialt rom blir plassert her og ikkje under kultur fordi ein kan oppnå tilskot på inntil kr
400.000 ekstra frå spelemidlane til rom i fleirbrukshallear på minimum 100 m2, opne for
sosial aktivitet / treffstader. Kafé og vrimleareal er ikkje rekna som sosiale rom.
Følgjande funksjonar vart ikkje etterspurt:
- Tennis
- Møterom 24 m2
- Garderobar / omkledningsrom u/ dusj (# sjå følgebrev): ingen
Kulturaktivitet
-
-
-
Scene m/ sidescene (for konsertar, teater, revy m.m.): behov synleggjort av (bsa): Giske
kulturskule, barnehagar (årleg felles kulturarrangement), Vigra barnehage (mindre
framsyningar), Vigra kristelige ungdomslag (1 – 2 konsertar i året), Vigra skule
(framsyningar t.d. Kulturnista / Kultursekken, jule- og påskespel, elevkveldar), Vigra
skulemusikk (øvings- og framsyningsareal), 17. mai-arrangement og Vigra YA-kor (70 – 80
barn)
Øverom / anna rom. Spesifiser str og behov her eller på eige ark:
o
Sosialt samlingsrom for m.a. ungdom til t.d. brettspel, Playstation, konkurransar,
drama film- og musikkveld, LAN, animasjon (innspel frå Vigra IL, jf planar om
oppstart i klubbhuset på Rota)
o
Øvingsrom for kulturskulen (ikkje spesifisert – kan vere musikkrom på Vigra skule
dersom gamle gymsalen blir ombygd.)
Mindre kjøkken til t.d. kaffikoking, pølser / pizza, enkel brødmat / påsmøring: bsa Vigra YAkor
Lager / arkiv: bsa Vigra skulemusikk (lager for instrument, notar etc)
Antal personar (aktive, publikummarar o.l.) som ein rekner med er i bygget på det meste. (Vi
berekner behovet for antal wc ut frå antal personar i bygget.): bsa Vigra kristelige
ungdomslag: inntil 500 personar og Vigra YA-kor: 200
Merknadar:
- kulturell aktivitet fordrar høgare temperatur i lokalet enn idrett.
=
fins to alternativ:
o
fast scene i hallen og med publikumsplassnyttar som stablestolar eller
o
bruke 2/3 av idrettshallen som sceneareal og med publikumsplassar i amfi (fast eller
skyvbart).
- & dersom ein har ambisjonar om å kunne ta på seg større arrangement med profesjonelle
krefter er ei løysing med minst (helst fleire) 350 publikummarar til stades heilt nødvendig for
at det skal vere økonomi i dette. Men er dette ønskeleg i Giske?
- Vigra kristelige ungdomslag har skissert behov for inntil 500 publikummarar til konsertar
som dei tidlegare har arrangert i kyrkja.
Følgjande funksjonar vart ikkje etterspurt:
Møterom 12 m2
- Møterom 24 m2
- Garderobar med dusj og utan dusj
- Anna (messer, stemner m.m.)? Spesifiser str. og behov her eller på eige ark
18
Andre lokale og areal
-
2 møterom
mindre kjøkken (kiosk) for kaffikoking, pølser / pizza, enkel brødmat / påsmøring.
publikumsgarderobar
vestibyle
wc (byggstandardar avgjer kor mange vi treng)
ev reingjeringssentral
bøttekott
logistikk: parkering, varelevering, tilkomst osb
tekniske rom
uteareal / myldreareal
NB! gjennomgåande universell utforming inkl. heis, ledelinjer for svaksynte / blinde,
teleslynge osb.
Spesifikasjonar
Giske hestesportklubb
Behov for:
- innandørs ridehall med ei bane på 40 x 60 meter
- garderobe med wc.
Deira primære behov er å halde til på Følsvik-garden der dei har ein avtale i 6 år framover.
Dersom dei ikkje får vidareført denne avtalen meir ”permanent”, har dei også behov for:
- 10 stallboksar
- Utandørs bane på 40 x 60 meter
- 10 luftegardar à 10 – 15 m2
- Fellesbeite på 40 – 60 m2
Hestesportklubben peiker elles på at det er eit veldig pluss at anlegget deira ligg på Roald då der
er mange hestar i området.
Klubben vil kome med meir informasjon etter eit styremøte i neste veke. Dei vil også sette ned ei
gruppe som skal arbeide vidare med dette prosjektet.
Giske IL
Har en oppfatning av at hallkapasiteten i Giske kommune er for liten. For Giske IL sin del kan
det være ønskelig med flere aktiviteter i samarbeid med andre lag. Tenker da spesielt på
hallidretter som vollyball og håndball i denne sammenheng, men også friidrett, aktiviteter mot
sjø osv. Dette er det i dag for liten kapasitet (tenker da på hallidrett) til å gjøre så mye ut av, har
jeg en bestemt oppfatning av.
Per i dag så leier vi litt i hallen på Godøya, og bruker gymsalen på Giske mye i vinterhalvåret.
Samt av vi har aktivitet på Valdervoll. En oppgradering av skoleplassen vil gjøre at mye av
aktiviteten kan flyttes dit når det gjelder fotball.
19
For Giske IL sin del, vil en hall på Vigra dekke et behov for større hallkapasiet i kommunen, og
gi større muligheter for oss også, selv om vi nok ikke vil leie den så mye. Det må i så tilfelle å
flytte aktivitet fra Valdervoll til hall.
Men Giske IL er kjempepositiv til prosjektet, og mener det er et behov for mer hallkapasitet i
kommunen.
Godøy IL
Som kjent har Godøy egen idrettshall og ved gjennomgang av tilsendt
spørreskjema, kan vi ikke se at Godøy I.L. kan inngå faste eller lengre avtaler
om bruk av en ny hall på Vigra.
Vi kan selvfølgelig delta på enkeltarrangement av forskjellig art og det kan også
tenkes at vi til tider kan ha behov for å bruke en slik hall, men det blir kun sporadisk
slik vi ser det.
Idrettsbarnehage AS
-
bebygd areal, barnehage, uteboder m.m.:
netto uteleikeareal:
parkeringsareal (1 plass pr stilling):
850 m2
2.000 m2
350 m2
Muleg sambruk av følgande rom: garderobar, kjøkken, møterom, vestibyle / kantine, wc,
reingjeringsrom, tekniske rom og anna.
Sambruk anna areal m.a. uteområde, tilkomst, varelevering og parkering.
KRIK Valderøy
Har gitt tilbakemelding på at dei kan tenke seg aktivitet innan basket, fotball (7ar), landhockey
og volleyball for sine om lag 60 aktive. Men dei skriv: ”Det skal og seiast at det ikkje er eit
alternativ for oss å vere på Vigra då vi høyrer til på Valderøya.”
Viking ungdomslag
Laget har eige hus og har ikkje behov for anna lokale. Laget støttar likevel bygging av idrettshall
som kan dekke behovet for innandørs trening for fotball o.l. Vi føreset at rimelege løysingar blir
valt.
Vigra barnehage
Vigra barnehage ønskjer meir tid til innandørs fysisk aktivitet, gjerne 4 timar pr veke. I dag har
dei 1 t / veke, men har fått signal om at dei barnehageåret 2010 – 11 får 2 t / veka i gymsalen på
Vigra skule. Behovet går på tid til ulike leikar, hinderløyper, tradisjonell gymnastikk (barna
etterspør dette), fysisk rørsle til musikk m.m.
I tillegg til dette, kan det vere aktuelt å bruke ev hall til ulike kulturelle aktivitetar og
arrangement. I dag brukar ein barnehagen sine eigen lokale til dette.
20
Barnehagane i Giske brukar å ha eit felles kulturarrangement 1 gong i året. Dei siste åra har ein
nytta amfiet på Giske, men då dette er utandørs er ein avhengig av ok ver for gjennomføre
arrangementet.
Tidlegare har barnehagane også tatt imot omreisande teatertilbod. Å bruke ein stor hall til dette
kan vere aktuelt, men då bør ein ha mulegheit til å lage ein mindre, meir intim, sal.
NB! Barnehagen tek eit atterhald om at bruken av ev framtidig hall vert gratis, slik bruk av
gymsalen er i dag. Dersom ein må betale leige, vil ein ikkje ha midlar til å kunne leige lokale slik
dei har behov for.
Vigra Indremisjon / Vigra kristelige ungdomslag
Idrettsaktivitet:
- Vi har mange barn/unge på bedehuset og jeg vet at flere unge-voksne / foreldre har ønske om et
lokalt KRIK lag.
Får Vigra hall er jeg overbevist om at KRIK lag blir etablert.
KRIK vil favne om flere type aktiviteter, men fotball, volleyball, basket, handball og landhockey
er de mest populære aktivitetene.
KRIK har idag lokal lag på Valderøya med ca 40 medlemmer, men pga kapasitetsproblemer går
arbeidet litt i "rykk og napp"
Hver fredag er 70 - 80 barn samlet på bedehuset til YA. Vi ser at en hall på Vigra kan være
nyttig til ulike aktiviteter for denne aldergruppen som et alternativ til standard fredags YA.
Kultur:
Konsertarrangement en til to ganger i året.
Sist konsert vi arrangerte samlet full kirke - ca 500 stk.
Vigra Kr ungomslag arrangerte konsert på mjølner med 200 bet tilhørere. Vi erfarte der at
Mjølner er dårlig egnet for større konserter.
For oss vil en hall være nøkkelen til å komme ut blant folk flest og arrangere møter etc med "lav
terskel".
Vigra IL
Idrett:
Når det gjelder badminton, basket, landhockey, friidrett og anna idrett er dette aktivitetar som
kjem under Vigra Idrettskole, og er av den grunn kryssa av.
Vigra Idrettskole allidrett har i varierande grad dei siste åra prøvd å skape eit alternativ til fotball,
og det har ein lykkast med i stor grad. I mange av årskulla er deltakingsprosenten frå 80 til
100%.
Mengda av barn som ønskjer fysisk aktivitet i varierande former har gjort gjennomføringa av
allidrett tidvis svært vanskeleg, og det mest på grunn av størrelsen på gymnastikksalen på Vigra.
21
Med utganspunkt Idrettskolens popularitet, ser Vigra IL for seg ei gradvis utvikling av nye
aktivitetar og auka rekruttering, og kanskje allereie i løpet av dei første åra kan Vigra IL etablere
2-4 handball lag og 1-2 volleyball lag.
Vigra IL har også stor tru på at fleire jenter og gutar vil ta del i fotball om treningsarenaen
vinterstid blir betre enn i dag.
Vigra IL ser for seg at mange av dei som droppar ut av den organiserte aktiviteten som Vigra IL
og andre idrettslag arrangerer, enten på grunn av aktivitetens seriøsitet eller alderdom, vil kunne
finne vegen til den uorganiserte og trimbaserte aktiviteten lettare. Begge kjønn.
Det eksisterar ”kosefotballgrupper” som samlar oppimot 30 personar fleire gongar veka i
grassesongen, og som viser potensiale og ønskje for fysisk aktivitet når treningsforholda blir lagt
til rette.
Underteikna er også med i ei gruppe vaksne som ønskjer å gi ungdommen på Vigra ein trygg og
rusfri møteplass i helgane, og startar opp aktiviteten til hausten på Rota klubbhus. Støtte tildelt
frå kommunen.
Vi kunne heilt klart tenkt oss tilhaldsstad i fleirbrukshallen, noko som vil kunne gi anledning til å
tilby alle ungdommane i kommunen dette tilbode.
Kultur:
Dei fleste av punkta nemnt under kulturaktivitet og bruken av sportsflatene ville kunne gjere
dette til eit attraktivt og populært alternativ.
Tilretteleging for fysisk aktivitet for flest mogleg, må vere ei god og langsiktig investering.
Vigra skule
-
-
Skulen har garderobar og dusjanlegg, vi har ikkje bruk for å nytte hallfasilitetar til det.
Skulen er interessert i å nytte ein ev hall til elevane sine kroppsøvingstimar i skulen. Det
er også interessant å kunne nytte hallen til ekstra fysisk aktivitet for mellomtrinnet og i
frie aktivitetar gjennom skuledagen.
SFO vil kunne nytte seg av hallen i SFO-tida fram til kl 1645 på kvardagar.
Vilkåret for at skule / SFO skal nytte seg av hallen, er at det vert laga til ein avtale der
kommunen betalar hall-leiga (”Godøy-modellen”). Skulen har ikkje ekstra budsjettmidlar
til dette.
Vigra skulemusikk
Vigra Skulemusikk har i dag lagt øvingar og mange av arrangementa sine til samfunnshuset
Mjølner. Situasjonen med eigna øvingslokaler har vore ei stor utfordring i mange år, og leige
av Mjølner vart løysinga for vår del. Dette skuldast at Vigra skule ikkje finn å kunne tilby oss
rom vi kan bruke på kveldstid. Mjølner er lite eigna som øvingslokale. Vi har for tida eit
samarbeid med Valderøy Skolekorps, og i vårsemesteret no har vi hatt øvingane våre på
Valderøy Ungdomsskule. Ein fleirbrukshall vil kanskje kunne bøte på arealutfordringa ved
Vigra skule, og gjere det mogleg for skulemusikken å få bruke meir areal til øvingane sine i
framtida. Spesielt sidan vi i dag ikkje har ein stad å øve der korps og drill kan øve saman. I
tillegg har vi behov for ein stad der vi kan gjennomføre arrangement, der scene og sal har
plass nok. Mjølner samfunnshus har vi brukt på oppsetning av td ”Skomakergata på Vigravis”
22
og andre større arrangement. Utfordringa er då at scena ofte blir for lita til musikarar,
drill, kor, skodespelarar og teknisk utstyr. Dette tek igjen plass frå salen, slik at ein reduserer
publikumskapasiteten. Dei siste åra har vi hatt to fullsette førestillingar, og auka popularitet
gjer utfordringa større for kvar gong.
Ein fleirbrukshall ved Vigra skule med litt tilpassing spesielt knytt til lyd og ei scene som kan
tilpassast ulik bruk, kan gjere det enklare å halde fram arbeid med rekruttering, motivering og
organisering av ei flott gruppe unge musikarar også i framtida. Føresetnadane er at det i
utforminga vert tenkt gjennom ein del praktiske forhold, slik at ein kan legge opp til enkle og
smarte løysingar som kan gje tilfredsstillande løysingar for blant anna musikkframføring.
Dette treng ikkje vere dyre og teknisk krevjande, men heller snakk om praktiske løysingar og
akustikktilpasningar.
Vi ber derfor om at ein representant frå musikkrådet, og ein representant frå musikklaga i
kommunen også bør få plass i ei slik arbeidsgruppe. Dette for å kunne kome med innspel som
sikrar eit breiast mogleg bruksområde for ein eventuell ny hall på Vigra.
23
(Giske kommune logo)
Til mottakar
29.06.2010
Kartlegging av behov i muleg fotball- / idrettshall på Vigra
Giske kommunestyre har sett ned ei gruppe som skal sjå nærare på kva behov der fins i Giske
for ulike idrettsleg og kulturell aktivitet i ein ev. ny innandørs hall på Vigra. Gruppa skal
kartlegge dei aktivitetane som fins i dag og som ein ser kan foregå i ein fotball- / idrettshall. I
tillegg skal vi også sjå på kva mulege aktivitetar eit slikt anlegg kan gi for framtida. Det samla
behovet, i dag og den mulege aktiviteten i framtida, vert avgjerande for storleik, utsjånad,
oppbygging og fasilitetar i ein slik eventuell hall.
For å finne ut kva som skal / kan vere inne i hallen, vil oss be deg, som leiar eller annan
representant, å svare på vedlagde spørreskjema.
Vi gjer merksam på at kostnad ved leige av hallen ikkje er bestemt. Enkelte areal er relativt dyre
å drifte, t.d. dusjar som må gjerast reine kvar gong etter bruk. Ein ber dykk difor gi melding
tilbake om de er viljuge til å betale ekstra for dusjing etter trening, kamp osb.
Skjemaet er delt opp i to, éin del for idrett og éin del for anna kulturaktivitet (konsert, messer,
teater, stemner, utstilling m.m.). Vi ber dykk svare så godt som muleg, gjerne på begge delar, om
kva som er aktuelt.
Dersom de har andre innspel og synspunkt enn det som kjem fram i spørjeskjemaet, ber vi dykk
vennlegst notere dette på baksida av skjemaet eller på eit eige ark.
Skulle det vere noko de lurer på, kan de ta kontakt med følgjande personar:
- Frode Elias Synnes, kultursjef, tlf 70 18 81 14 / 930 06 368
- Britt Giske Andersen, leiar kulturkomiteen i Giske, tlf 970 36 026
- Jan Petter Meberg, Vigra IL, tlf 916 68 010
Vi må diverre be om ei rask tilbakemelding – snarast råd, men seinast laurdag 24. juli – då vi
skal levere rapporten ganske snart over ferien. Dersom de ikkje kan klare å fylle ut skjemaet
innan den tid, hadde det vore fint å få beskjed.
Svar kan sendast til Giske kommune, v/ kultursjefen, Rådhuset, 6050 Valderøya, alternativt epost: [email protected]
Med helsing
Frode Elias Synnes
einingsleiar miljø og kultur
24
Spørreskjema: muleg behov for bruk av lokale i fotball- / fleirbrukshall på Vigra
Sett kryss x ved dei alternativa som er aktuelle for deg / laget du representerer.
Spesifiser ved behov. Dersom de ikkje får plass på arket, er det berre å bruke anna ark.
Idrettsaktivitet
___ badminton
___ basket
___ fotball 7er-bane (40 x 60 m)
___ handball
___ landhockey
___ tennis
___ volleyball (treningsbane eller konkurransebane? Stryk det som ikkje passar)
___ friidrett (hopp, kast, løp 60 m, 100 m). Spesifiser storleik og behov her eller på eige ark:
_______________________________________________________________________
___ anna idrett? Spesifiser str. og behov her eller på eige ark: __________________________
___ lager / arkiv. Spesifiser str. og behov her eller på eige ark: _________________________
___ garderobar / omkledningsrom m/ dusj (# sjå følgebrev) – u/ dusj (stryk det som ikkje passar)
___ tribunar (oppgi stipulert antal publikummarar: _______ )
___ møterom 12 m2
___ møterom 24 m2
___ kafeteria / mindre kjøkken til t.d. kaffikoking, pølser / pizza, enkel brødmat / påsmøring
____ = antal aktive, publikummarar o.l. som de rekner med er i bygget på det meste.
(Vi berekner behovet for antal wc ut frå antal personar i bygget.)
Kulturaktivitet
___ scene m/ sidescene (for konsertar, teater, revy m.m.)
___ garderobar m/ dusj (#) – u/ dusj (stryk det som ikkje passar)
___ øverom / anna rom. Spesifiser str og behov her eller på eige ark: ____________________
___ møterom 12 m2
___ møterom 24 m2
___ anna (messer, stemner m.m.)? Spesifiser str. og behov her eller på eige ark: ___________
___ mindre kjøkken til t.d. kaffikoking, pølser / pizza, enkel brødmat / påsmøring
___ lager / arkiv. Spesifiser str. og behov her eller på eige ark: _________________________
____ = antal aktive, publikummarar o.l. som de rekner med er i bygget på det meste.
25
(Vi berekner behovet for antal wc ut frå antal personar i bygget.)
Stad / dato
Underskrift / namn på laget
26