Hobby Avtrykk Grønt

Download Report

Transcript Hobby Avtrykk Grønt

Bygg & Bo

Torsdag 22. mars 2012

Hobby

Eirin Røsvik har skapt ei trive leg atmosfære i kjellaren som gir maks glede av ein plasskrevjan de hobby. Side 18-19

Avtrykk

To r u n n A a s e haug liker ting som er prega av levd liv. Fleire av tinga i heimen har ho funne på fjørestreif. Side 24-25

Grønt

Grønt i alle nyan sar er ein av dei heitaste fargane i år. Etter mange år i kvitt land skap, vil nord menn ha fargar.

Side 30 15

Alt kan fiksast

Endre Lorgen har hatt nok å gjere sidan han starta opp Tre & Sånt for eitt år sidan.

Foto: Randi Longva

Som fireåring stakk han ned i kjellaren på jul aftan for å teste ut sin første hammar. Frå å spikre saman pappa sine plankebitar har Endre Lorgen utvikla seg til å skreddarsy møblar, inn reiingar og småting. Ja, alt av Tre & Sånt. RANDI LONGVA

Eg var nok ikkje så produktiv som gutunge, men det vart nokre leikehytter og forskjellig anna av tre, fortel Endre Lorgen frå Valderøya. – Er det denne hammaren? un drar sonen Erik (6 ½) og peikar på ein hammar som heng på veggen. Faren ristar smilande på hovudet. Han har slite ut ein del hamrar sidan han fekk sin aller første for vel 31 år sidan.

Eigen sjef

Snikringa har vore ein hobby i fleire år. Han har laga ting til heimen, som bord og benker. Lorgen liker ikkje å kjøpe ting som passar greitt nok. I staden har han pønska ut meir prak tiske løysingar og teke sag og hammar i eigne hender. Lorgen har fagbrev som radio- og tv-reparatør, men aldri jobba som det. Etter militæret gjekk vegen inn på grafisk design, og han har mellom anna drive eige firma. Han har òg jobba i Nor Engros-butikk i Arendal og vore med på å etablere Maske-butikk i Ålesund. Etter at han flytta attende til Valderøya med kona Silje, såg han mulegheitene for å starte opp for seg sjølv. – Eg liker godt å vere min eigen sjef, og eg hadde lyst til å bruke hendene og utføre praktisk ar beid igjen, fortel Lorgen. Ved sidan av den knallblå heimen i Malenavegane, har han bygd seg ein like knallblå verkstad. Det har i ganske nøyaktig eitt år husa bedrifta Tre & Sånt, der Lorgen eine og åleine regjerer.

Alt kan fiksast

Eller, det er ikkje heilt sant. Sonen har opptil fleire ord med i laget. Heldigvis har Erik ver nebriller og ei krå for seg sjølv, med arbeidsbenk og verkty. For det kan gå ganske hardt for seg når Erik set i gong med ham mar. Gjerne to på ein gong. Finsnikkaren i familien er heilt klart Endre. Han lagar alt frå tilpassa møblar og butikkinn reiingar, til kjøkken og småting av tre. Prosessen startar med ein idé og endar med montering. Lorgen tek seg av alt. – Har du nokon gong møtt på ei utfordring som du har måtta sagt nei til? – Det har ikkje skjedd enno. Eg er av den oppfatning at alt kan løysast, svarer Lorgen. Når mulegheita byr seg, set han stor pris på å få jobbe med lokalt tømmer som han sagar sjølv. – Det gir ei heilt spesiell tilkny ting til ting eg lagar, når eg kan peike på stubben til treet som tingen er laga av.

Tøffaste senga

Sidan starten har Lorgen hatt fullt opp å gjere. Oppdraga spenner frå å lage bordbein til full butikkinnreiing. – Og brannbilseng, skyt Erik inn. Augene skin, så stolt er han. – Brannbilseng? – Vil du sjå? kjem det kjapt frå Erik. Han kan ikkje kome seg fort nok ut verkstaden og inn i huset, for å vise fram vedunde ret. Halve guterommet består av ei knallraud seng forma som ein brannbil. – Den har blålys, skyt Erik inn. Som eit ekorn med sukker på tanken sprett han opp frå gum migolvet til toppen av senga. Lysa legg eit blått skjer over rommet. I tillegg er doningen utstyrt med ratt og panel. Og fleire skuffer. God plass til klede og andre viktige ting. – Sjå – her har eg ekstrahjula, seier Erik og demonstrerer vil lig vekk. Gutegliset frå øyre til øyre overbeviser. Kva skal ein med reine sokkar når ein har ekstrahjul til brannbilen? I staden for at legoklossane til barna flyt utover golvet, har Lorgen laga eit legobord med stor arbeidsflate og skuffer i.

Foto: Randi Longva

16

Eit bord som duftar av vår.

Foto: Randi Longva

Torsdag 22. mars 2012

Alt kan fiksast

PC-skatoll som du kan stue datama skin og kontorsaker inn i, og opne ved behov.

Foto: Endre Lorgen

TØFFAST:

Brannbilsenga med blå lys og ratt er nok det tøffaste Endre Lorgen har laga. Sonen Erik (6 ½ år) er sprekkeferdig av stoltheit over å vise fram vedunderet, som fungerer som kombinert seng, klatrestativ og oppbevaringsplass på same tid.

Foto: Randi Longva

Ei robust blomekasse signert Endre Lorgen.

Foto: Randi Longva

Butikkinnreiinga til Decisions på Valderøya er det Endre Lorgen som har stått for.

Torsdag 22. mars 2012

Foto: Endre Lorgen

17