Rekordår for Roaldnes

Download Report

Transcript Rekordår for Roaldnes

Planar om gassdriven båt
I løpet av 2012 håper
reiarlaget Roaldnes AS å
kontrahere ein ny trålar
driven på gass. Det blir i
så fall verdas første gassdrivne fiskebåt.
JAN ERIK ANDREASSEN
[email protected]
– Dette er eit svært spennande
prosjekt. Førebels er vi berre på
planleggingsstadiet, men målet
er at vi i løpet av mars skal vite
meir om kva ein slik båt vil
koste. Og håpet er at vi skal
skrive kontrakt for eit nybygg
i løpet av dette året. Det seier
Tore Roaldsnes, dagleg leiar i
Roaldnes AS. Han håper også
at ei eventuell kontrakt kan gå
til eit verft i Møre og Romsdal.
Sidan det her er snakk om heilt
ny teknologi er det uråd å seie
noko om pris. Men Roaldsnes
har tru på at det på sikt vil bli
lønsamt å satse på gass.
Reinare
– Ein viktig grunn til at vi ønsker å prøve ut gass er at vi då
kan redusere utslepp av både
NOx og CO2. Gass som drivstoff gir ei mykje reinare forbrenning, til dømes heilt utan
svovelutslepp. NOx-utsleppa
kan reduserast med heile 90
prosent i forhold til bruk av
diesel, opplyser Tore Roaldsnes. – På sikt har eg også tru på
at gass blir konkurransedyktig
reint økonomisk.
Lønsemd
Samanlikna med diesel har
gassprisen gått nedover siste
tida, seier fiskebåtreiaren som
FAKTA
Reiarlaget Roaldnes AS eig
trålarane MS Roaldnes og MS
Langenes. Dei er også medeigarar i MS Stornes. Alle tre båtane blir drivne frå reiarlaget
sitt kontor på Valderøya.
Dei tre båtane til Roaldnes AS
fiska i 2011 for 226,5 millionar
kroner.
Tore Roaldsnes er både
dagleg leiar i Roaldnes AS
og styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund.
Om lag 100 personar arbeider
i reiarlaget.
Roaldnes AS har base med
eigen notverkstad på Røyseneset.
Er sentral i
fiskerinæringa
Visjonen til reiarlaget er å utvide drifta frå tre til fire båtar.
dermed trur på lønsemd ved
å satse på gass. Reiarlaget har
alt investert i motortekniske
ombyggingar av maskinane på
dei to trålarane Langenes og
Stornes. Gasstrålaren som dei
no planlegg blir på same storleik som dagens Roaldnes. Om
dei skal selje denne båten når
det nye prosjektet er ferdig er
ikkje bestemt. I utgangspunktet
omtalar Roaldsnes nye-båten
som ein erstatningsbåt for
Roaldnes, men seier at dei også
har ein visjon om å utvide frå
tre til fire båtar.
Ei av utfordringane med gass
som drivstoff i fiskebåtar er at
det krev meir plass og heilt andre typar tankar enn for diesel.
Roaldnes sitt driftsmønster med
heller korte turar i nære farvatn
passar derfor godt for å prøve
ut gass.
Tore Roaldsnes er ikkje berre dagleg leiar
i reiarlaget Roaldnes
AS. Han er også styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt).
JAN ERIK ANDREASSEN
[email protected]
– Gjennom arbeidet i Fiskebåt ser eg kor viktig fiskerinæringa er, både for nasjonen Norge og, ikkje minst,
for distriktet vårt, kommenterer Tore Roaldsnes. Sjølv
om vervet tar både tid og
krefter med mykje reising er
han open for å halde fram
TRÅLARAR: Reiarlaget Roaldnes AS driv i dag dei tre trålarane MS Roaldnes, MS Langenes og MS Stornes. Her ligg
dei to største, Langenes og Stornes, til kai ved Subsea7-anlegget på Gjøsundneset. Målet for reiarlaget er å utvide til
fire båtar. Og kanskje kan den fjerde trålaren i selskapet bli verdast første gassdrivne fiskebåt.
som leiar for ein ny periode
når forbundet møtest til generalforsamling i februar.
Samarbeid
– Dette arbeidet er både inspirerande, interessant og lærerikt, oppsummerer Roaldsnes.
Han viser spesielt til at han
gjennom organisasjonen kjem
i kontakt med folk frå alle delar av næringa. Også samarbeidet med offentlege instansar
og andre organisasjonar er
viktig, ikkje minst eit godt
samarbeid som dei har med
LO og sjømannsforbundet.
på alle måtar representerer
framtida. – Vi har velfungerande system som regulerer
næringa og innan både
forsking og forvaltning er
Norge fremst i verda. Visjonen til Fiskebåtredernes
Forbund er å representere
ein miljøvennleg og lønsam fiskeflåte som leverer
sunn mat frå godt forvalta
fiskebestandar i verdas reinaste havområde. Det er
ein visjon vi prøver å fylle
med innhald kvar einaste
dag, seier Tore Roaldsnes
til Øy-Blikk.
Visjon
Tore Roaldsnes meiner at fiskeri er ei fantastisk næring som
Foto: Jan Erik Andreassen
Verdsøkonomien viktig
Rekordår for Roaldnes
Dei tre trålarane til
reiarlaget Roaldnes fiska
i fjor for meir enn 225
millionar kroner. Det er
det beste resultatet dei
har hatt nokon gong.
JAN ERIK ANDREASSEN
[email protected]
– Vi er på alle måtar svært godt
nøgde med resultatet for i fjor,
seier dagleg leiar i Roaldnes
AS, Tore Roaldsnes. Han er
også optimistisk med tanke
på 2012. Etter prisnedgang i
samband med finanskrisa for
nokre år sidan har fiskeprisane
igjen stige, fiskeriet har vore
godt og marknadsforholda ser
greie ut. Reiarlaget med base på
Røyseneset på Valderøya kjem
derfor dette året til å gå i gang
med byggjinga av ein ny trålar.
Tre trålarar
RØYSENESET: På Røyseneset har Roaldnes AS både administrasjon og eigen
notverkstad.
4
Roaldnesrederiet driv i dag tre
trålarar. To av desse, Roaldnes
og Langenes eig dei sjølve. Den
tredje, MS Stornes, er eigd av
selskapet Engenes Fiskeriselskap
der Roaldnes eig 48 prosent av
aksjane. MS Roaldnes, som er
den minste av båtane, opererer stort sett på Storegga og i
Nordsjøen, medan dei to andre
fiskar i heile den norske sonen,
frå Skagerak i sør og til Svalbard
og russegrensa i nord og aust.
Enkelte år gjer dei også turar
heilt til Grønland.
Det er ikkje berre lokale forhold som avgjer om fiskeri skal
vere lønsame. Finanskrise og
internasjonale konjunkturar er
minst like viktige.
Den økonomiske nedgangen i 2008 og 2009 gjorde at
fiskeprisane gjekk ned. Dermed blei 2009 eit krevjande
år for fiskerinæringa. Dei to
siste åra har prisane stige ein
del, noko som har gitt betre
Gass som drivstoff
gir ei mykje reinare
forbrenning
–
Gode inntekter
Reiarlaget gir arbeid til om lag
100 tilsette. Av desse jobbar seks
personar på land, fire i administrasjonen og to i trålverkstaden
på Røyseneset. Mannskapa
på båtane er for ein stor del
frå Giske og distriktet rundt,
men også resten av landet og
land som Polen, Russland og
Kviterussland er representert.
Skipperane, styrmennene og
dei fleste maskinistane er lokale
folk og Roaldsnes fortel at dei
har svært dyktige og stabile folk
og lite utskiftingar av mannskap. Dei siste åra har det også
vore lettare å rekruttere folk til
fiskeri. For tida er det fleire som
utdannar seg til maskinist som
skal om bord i ein av Roaldnesbåtane. – Fiskeri er levande og
pulserande og mange opplever
det å jobbe på fiskebåt som meir
spennande og variert enn til
dømes på offshorefartøy, meiner Roaldsnes som heller ikkje
ser bort frå at gode inntekter
gjer det populært å satse på
fiskaryrket. Det er ikkje uvanleg
at fiskarar har ei årsinntekt på
tre kvart millionar kroner og
ein skipper kan tene nærare to
enn ein million for året.
Eigen notverkstad
Roaldnes AS har også eigen notverkstad som tar seg av vegna
til deira eigne båtar. – Dette er
ei lita, men viktig avdeling for
oss med ein svært viktig kompetanse, opplyser Tore Roaldsnes.
I tillegg til dei to som arbeider
fast i nothallen har mannskap
på båtane tilbod om å jobbe
der når dei har friperiodar og
på den måten byggjer også rederiet opp høg kompetanse om
bord i båtane. Dei samarbeider
også med Fiskerifagleg Opplæringskontor om fagprøve for
notbøtarar.
VALDERØYA
Tlf: 70 18 35 86
Vi har ope:
10-17 (10-15)
Gåver
interiør
bunader
VALDERØYA
10-17
10-18 torsd.
10-15 laur.
resultat for sunnmørske fiskarar
og reiarar.
Dagleg leiar Tore Roaldsnes
i Roaldnes AS opplyser at innanrikspolitiske forhold i eit land
som Brasil har stor innverknad på
fiskeprisar og inntening i norske
fiskeri. Funn av olje og generell
optimisme gjer at stadig fleire
brasilianarar får større kjøpekraft.
Dermed kjøper landet meir klippfisk frå Norge. Også Spania og
Portugal er viktige marknader
for norsk fisk. Sjølv om desse
landa slit med vanskeleg økonomi kjøper dei mykje fisk.
Alt i alt trur derfor Roaldsnes
at utsiktene for norsk fiskerinæring er gode, sjølv om det
framleis er ein del usikkerheit
knytta til den økonomiske
utviklinga i Europa.
Tlf: 70 18 35 86
www.bunaden.no
E-post: [email protected]
smykker
3
2
for
Glas frå:
-50%
på utval av kunstglas
Vårens
varer på
veg inn!
Antarktis, Svane,
Rim, Vår, Cilia.
Torsdag 19. januar 2012
Torsdag 19. januar 2012
5