SÆVAREIDVASSDRAGET

Download Report

Transcript SÆVAREIDVASSDRAGET

SÆVAREIDVASSDRAGET
THE SÆVAREID WATERCOURSE / DER SÆVAREID-WASSERLAUF
D
OTTANOSI
SVARTETJØRN
K VA
N N DA L S LVA
E
SOLVANG
GJØN
EIKELANDSOSEN
4) Jettegryter
Eikelandsosen
VENGSVATNET
NERHOVDA
SKJELBREID
2) Holdhus kyrkje
SKJELBREIDVATNET
Koldalsfossen
3) Holdhus
Skulemuseum
TVEITNES
HÅLANDSDALEN
EIDESSTODA
BJØRNDAL
FUSA KOMMUNE
SKOGSEIDVATNET
5) Drageidkanalen
13
KVAM
KOMMUNE
I 1723 kjøpte major Christian Wilhelm Segelcke eigedommen
Engevik av Kong Fredrik 4. Segelcke avanserte til regimentsjef og
vart utnemnd til generalmajor i 1754. Son hans, major Hartvig Carl
Philip Segelcke bygde den noverande hovudbygningen i 1770, etter
ein brann i 1768.
No har eigar i 8. generasjon, Lars Johan Ditmarsen og familien hans,
restaurert det vakre gamle tunet og opna det for vitjing i sommarhalvåret. Tunet ligg avskjerma med utsyn over Sævareidfjorden, og
gjennom ei vandring rundt i dei 9 bygningane i tunet får vi innblikk i tidlegare tiders gardshushald og livet på ein embetsmannsgard.
Familien Ditmarsen tek også imot førehandstinga grupper for
servering og ulike arrangement.
SKOGSEID
HENANGERVATNET
KILEN
4) Jettegrytene ved
Koldalselva,
Eikelandsosen
1) Engevik Gard, Engjavik
KLEIVA
TOMRA
9
54
Langs Koldalselva finst fleire store
jettegryter, somme heile og andre
halve. Jettegrytene vart forma då
vasstraumar, gjerne under eller langs
ein isbre, kvervla stein rundt, slik at
det vart laga holer i berget. På grunn
av si særeigne form, ofte med
enorme dimensjonar, har det opp
gjennom tidene lege eit skjær av
mystikk kring fenomenet jettegryter,
og dei har gjeve grobotn for segn og
forteljingar.
Namnet «jette-gryter» spelar truleg
på førestillinger i norsk folketru om at dette var grytene til
«jøtular», nokre kjempemessige eventyrfigurar. Sjå etter skilt langs
Rv 48, ved nedkjøringa til Eikelandsosen.
HENANGER
SALES OUTLET FOR FISHING LICENCES
BOAT HIRE
Der Sævareid-Wasserlauf ist eines der größten Gewässer in Fusa,
dieser langgestreckten Kommune mit einer Gesamtfläche von 380
Quadratkilometern und einer Küstenlänge von 137 km. Zur
Kommune gehören idyllische Fjorde mit Holmen und blankgewaschenen Felsen, versteckte Täler zwischen steilen Felswänden,
eine blühende Landwirtschaft und fischreiche Gewässer. Der
Sævareid-Wasserlauf erstreckt sich von Øvre Hålandsdalen bis hinunter zum Fjord bei Sævareid. Vom See Henangervatnet führt der
Drageidkanal zum See Skogseidvatnet. Über eine flache Landenge
bei Eide erreicht man den See Gjønavatnet und die faszinierende
Kulturlandschaft von Kikedalen. Hålandsdalen hat lange Traditionen
in Landwirtschaft, kunstvoller Heimarbeit und dem Handwerk. Die
Ursprünge der Oppstad-Weberei weisen auf die Wikingerzeit
zurück, und bis heute ist dieses Handwerk im Tal lebendig. Die
Kirche von Holdhus liegt in einer Kulturlandschaft mit vielen
Spuren vergangener Besiedlung. Weite Gebiete in Hålandsdalen
eignen sich für Freizeitaktivitäten in den Bergen, Wäldern und an
den Seen. Der Wasserlauf ist ein Vogelparadies, und hier läßt sich
die Natur in vollen Zügen genießen. Die Flüsse und Seen sind für
die Einheimischen nicht nur ein natürlicher Teil ihrer Freizeit. Die
Fischzucht ist ein wichtiger Wirtschaftszweig, und im Hålandsdalen
wurden mit Erfolg Pionierprojekte für die Süßwasserfischzucht
durchgeführt.
●
●
Den kvitmåla skulestova
like ved Holdhus kyrkje
vart bygd i 1875. Det vesle
skulehuset, med eitt
skulerom, lærarkammers,
gang og utedo, var i bruk
som skulehus fram til
1956/57, då nye-skulen på Holdhus stod ferdig. Skulemuseet
inneheld i dag ei interessant samling av dei læremiddel som fanst i
«den gamle skulen», og i gangen står skuleborna sitt vanlegaste
fottøy, treskoa, oppstilte på rekke og rad. Skulemuseet og Holdhus
kyrkje har felles ordning med opningstider og omvising.
T
●
●
6) Kikedalen
E
ATN
NAV
The Særvareid watercourse is one of the biggest in Fusa, a large
municipality of 380 square kilometres with a 137-km shoreline.
Within the municipal boundaries are idyllic fjords full of islets and
lined with rocky slabs, hidden valleys between plunging mountainsides, fertile farms and rivers full of fish. The Sævareid watercourse
stretches from the valley of Øvre Hålandsdalen and down to the
fjord at Sævareid. The Drageid canal joins Henangervatnet lake to
Skogeidsvatnet lake, and the latter is separated by a low isthmus
(Eide) from Gjønavatnet lake, at the head of which is the remarkable cultural landscape of Kikedalen. Hålandsdalen valley has
ancient traditions in agriculture and domestic and other crafts. The
old Oppstad Weave, going all the way back to the Vikings, is still in
use in the valley. Holdhus Church is in the middle of a cultural
landscape with many traces of ancient settlement. Hålandsdalen is
excellent for leisure pursuits on the mountain, in the forest and on
the lakes. Bird-life is rich, and the district has plenty to offer the
nature-lover. The watercourse is important to the local population;
aquaculture is a major industry and Hålandsdalen has pioneered
fish-farming in fresh water.
3) Skulemuseet
på Holdhus,
Hålandsdalen
GJØNAKVITINGEN
BOTNAVATNET
GJØ
GB
Sævareidvassdraget er eitt av dei største vassdraga i Fusa kommune.
Fusa er ein vidstrekt kommune på 380 kvadratkilometer, med 137
km strandline. Innanfor kommunegrensene ligg idylliske fjordar
med holmar og svaberg, vekkgøymde dalar mellom stupbratte
fjellsider, frodige gardsbruk og fiskerike vassdrag. Sævareidvassdraget strekkjer seg frå Øvre Hålandsdalen og ned til fjorden
ved Sævareid. Frå Henangervatnet fører Drageidkanalen til Skogseidvatnet. Over eit lågt eid, ved Eide, kjem ein inn til Gjønavatnet
og det særeigne kulturlandskapet i Kikedalen. Hålandsdalen har
lange tradisjonar i jordbruk, husflid og handverk. Den gamle
Oppstadveven med tradisjonar attende til vikingtida, er framleis i
bruk i dalen. Holdhus kyrkje ligg i eit kulturlandskap med mange
spor etter gammal busetnad. Hålandsdalen har store område for
friluftsliv på fjellet, i skogen og på vatna.
Det er eit rikt fugleliv i vassdraget, og området byr på mange fine
naturopplevingar. Vassdraga har mykje å seia for dei som bur her.
Fiskeoppdrett er ein viktig næringsveg, og Hålandsdalen har vore
eit pionerområde for fiskeoppdrett i ferskvatn.
ORR
AEL
VA
N
BOOTSVERMIETUNG
VERKAUFSSTELLE FÜR ANGELSCHEINE
KULTURMINNE:
KULTURMINNA ER EIN DEL AV VÅR FELLES KULTURARV.
VIS RESPEKT OG OMTANKE.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE, FUSA KOMMUNE
Fiske i Hålandsdalen
SÆ
VA
RE
ID
SÆVAREID
EN
RD
FJO
1) Engevik Gard
Turstigar
Det er merka fleire turstigar i området. Stigane er merka med
skilt og raude merke. Alle turane er dagsturar og går i område
med vekslande vegetasjon, frå lågland til høgfjell.
KIKEDALEN
OTTANOSI
GJØNAKVITINGEN
Turen går opp i kupert terreng og tar
ca 2 timar kvar veg.
Turen er middels krevande og går opp
til 926 m.o.h. Det tar ca 3 timar å nå
toppen.
Turen går opp til det høgaste punktet i
Fusa kommune (1220 m.o.h.). Denne
turen er krevande, med sterk stigning,
og det tar ca 3 - 4 timar å gå opp.
Turen er ei fin naturoppleving, med
god utsikt når ein kjem opp til toppen.
Vassdraga i Hålandsdalen, Sævareidvassdraget og
Kvanndalsvassdraget har felles fiskekort,
Sævareidvassdraget er det største vassdraget, og dette
er eit svært populært fiskeområde.
Vatna er ikkje lakseføranda, men har rike bestander
både av innlandsaure og røye.
For å fiske i vatna må ein ha fisketrygdsavgiftskort
og fiskekort for området. Salstader for fiskekort er
merka med ● på kartet.
Det er lov å fiska med stang heile året.
I oktober, november og desember er det lov å fiska
med garn. Kvar person kan nytta opp til 5 garn.
For å redusera faren for å spreia sjukdomssmitte, er
det ynske om at ein ikkje tar med båt eller anna
farkost inn i vassdraget. Ein kan leiga båt på staden
merka med ● på kartet.
Alt utstyr som skal nyttast, må vera tørka eller
desinfisert.
Fiskeavfall må ikkje kastast attende i vassdraget.
Dette fører med seg smittefare. Det er viktig at alle
tek omsyn til dette, slik at ein kan ta vare på
fiskeressursane i vassdraget.
Informasjon om fisket kan ein og få hjå kortseljarane
eller på oppslagstavler som er sette opp kring vatna.
2) Holdhus kyrkje, Hålandsdalen
5) Drageidkanalen
Holdhus kyrkje er ei av dei mest interessante etterreformatoriske
kyrkjene på Vestlandet. I tårnet finst materiala frå stavkyrkja, som
har stått på same staden. Stavkyrkja er første gong omtala i ei
inventarliste frå 1306.
Gardbrukaren Hans Holdhus hindra riving av kyrkja ved å kjøpa
henne i 1893. I 1900 selde han bygningen vidare til Fortidsminneforeningen, som framleis er eigar. Den noverande, einskipa kyrkja er
reist i lafta tømmer, med tårn over vestgavlen og eit lite våpenhus i
stav framfor vestinngangen. Innvendig har kyrkja rosemåla veggar og
inventar frå mellomalderen.
Holdhus kyrkje har daglege omvisingar i sommarmånadene.
Kanalen som bind saman Henangervatnet og Skogseidvatnet vart
bygd i 1887. Den langsgåande trekkvegen, dragebryggja, vart bygd
lengre og større i 1911-12. Dette var ein viktig ferdselsveg for
transport av folk og varer mellom Øvre Hålandsdalen og Sævareid
og vidare til fjorden. Straumen mellom vatna kan vera stri, og det
hende fleire ulukker her før kanalen vart bygd.
6) Kikedalen
Kikedalen ligg i den nordre enden av Gjønavatnet. Her ligg tufter
etter busetnad frå tida før Svartedauen (1300-talet). Det er gammal
kulturmark i nedre delen av dalføret, og Gjønavatnet med Kikedalen
er eit fint kulturlandskap.
Fusa kommune, kulturkontoret / Miljøvernleiaren
Hordaland fylkeskommune, kulturetaten/
Kulturlandskapssenteret
Foto: Helge Sunde, Bjørnefjorden Reiselivslag
Grafisk formgjeving, kart : Geir Goosen
Produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen