THE ROYAL ROAD BETWEEN OSLO AND BERGEN

Download Report

Transcript THE ROYAL ROAD BETWEEN OSLO AND BERGEN

KONGEVEGEN OM STALHEIM

THE ROYAL ROAD BETWEEN OSLO AND BERGEN / DER „KONGEVEGEN“ OSLO – BERGEN

N GB D

I 1647 fekk Stalheim status som postgard på den kongelege postruta København - Oslo - Bergen. Men alt i mellomalderen var det skysskifte på Stalheim. Den bratte Stalheimskleiva gjorde at det var naturleg med eit hesteskifte her. I 1750 vart det bygd skysstasjon på Stalheim, og denne er no ein del av museumsamlinga til Stalheim hotel. Kongevegen gjekk tidlegare frå foten av Stalheimskleiva og inn langs sørsida av elva ca. 150 m før han kryssa elva. Her gjekk han vidare som kløvveg bratt opp kleiva. I perioden 1844-1849 vart det bygd kjerreveg opp Stalheimskleiva, men ein kan framleis sjå restane etter den gamle kløvvegen. I 1930 –åra vart vegen ombygd for biltrafikk. Vegstykket er knapt 2 km lang, med 270 m stigning og 14 svingar.

Vegen har uvanleg sterk stigning (maks. 1:5) og har eit imponerande murverk som er utført for hand. Det er gjort framlegg om å freda anlegget som eit nasjonalt kulturminne.

Det fyrste hotellet på Stalheim vart bygd i 1885. Hotellet opparbeidde seg etterkvart eit internasjonalt ry. M.a. var den tyske keisar Wilhelm II gjest på hotellet i 25 år på rad rundt århundreskiftet. Hotellet vart påbygd i fleire omgangar. Det vart bygd ein taubane opp til hotellet for å frakta varer og tunge materialar frå Nærøydalen. Restane av taubanen kan ein sjå langs vegen til Stalheimsfossen. Hotellet bygde i denne samanhengen kjerreveg inn til taubanen. Stalheim hotell brann ned i 1900. Hotellet har sidan brunne ned ytterlegare 2 gonger. I 1960 vart noverande hotell bygd. In 1647 Stalheim was granted status as a “post farm” on the royal postal route between Copenhagen, Oslo and Bergen. Previously, the royal road went from the foot of the steep Stalheimskleiva ascent and followed the southern bank of the river for roughly 150 metres before crossing to the other side. From there it continued as a pack road climbing steeply up the rocky hillside. In the 1930s the road was rebuilt to take motor vehicles. The road up Stalheimskleiva is barely two kilometres long and climbs 270 metres through 14 bends (all the stone walls are hand built). The first hotel was built at Stalheim in 1885. Around the turn of the nineteenth century the German Kaiser Wilhelm II visited the hotel every year for 25 years. Extensions were added several times. A cableway was built to transport goods up to the hotel. The remains of the cableway can be seen along the road to the Stalheimsfossen waterfall. The Stalheim Hotel burned down in 1900 and has burned down twice since. The Nærøydalen is a typical u-shaped valley, excavated by glaciers and with traces of many avalanches down its steep sides. Most of the road in to the Stalheimsfossen waterfall now passes through grey alder woods. The woods end a few hundred metres from the waterfall. The cold spray from the falls and the very moist atmosphere make it impossible for trees to grow so close to the falls. Many mountain plants such as white and purple saxifrage thrive under such conditions. Plants such as toadflax and coltsfoot grow on the steep hillside beside the waterfall. It is not unusual to see Sandpipers and Dippers on the way in to the Stalheimsfossen waterfall. The Dipper is Norway's national bird. Both species stay close to the river, where they find their food. The Nærøydal river is one of the best salmon and sea trout rivers in Sogn. The biggest salmon ever caught in the river weighed 24 kilos. Fishing for salmon and sea trout is subject to strict regulations. Contact the Nærøydalen landowners association (grunneigarlag).

It takes about half an hour to walk the road in to the Stalheimsfossen waterfall. The terrain ascends gently to the vantage point in at the waterfall and access for prams/pushchairs and wheelchairs has been provided.

1647 erhielt Stalheim die Rechte als so genannter Posthof auf der königlichen Poststrecke Kopenhagen – Oslo – Bergen. Der „Kongevegen“ (Königsweg oder Königsstraße) führte früher ca. 150 m am Südufer des Flusses entlang bis zur Brücke und dann auf der Passstraße Stalheimskleiva steil nach oben. In den 1930er Jahren wurde die Strecke für Kraftfahrzeuge ausgebaut. Die Passstraße ist knapp 2 km lang und hat einen Höhenunterschied von 270 m (14 Kurven). Sämtliche Mauern wurden von Hand gebaut.

Das erste Hotel in Stalheim wurde 1885 gebaut und später mehrfach erweitert. Der deutsche Kaiser Wilhelm II. war hier um die vorige Jahrhundertwende 25 Jahre lang regelmäßig zu Gast. Mit der Zeit wurde eine Seilbahn für den Warentransport zum Hotel eingerichtet, deren Überreste noch an der Straße nach Stalheimsfossen zu erkennen sind. Das Hotel Stalheim fiel 1900 einem Feuer zum Opfer und brannte später noch zweimal ab. Das Nærøydal ist ein charakteristisches, von Gletschern geschaffenes U-Tal, wo an den steilen Hängen auf beiden Seiten immer wieder Erdrutsche vorkommen. Der größte Teil der Straße zum Wasserfall Stalheimsfossen führt heute durch Grauerlenwald. Der Wald endet ein paar hundert Meter vor dem Wasserfall. Dessen kalte Feuchtigkeit ist dem Baumwachstum abträglich. Nur Fjellpflanzen wie Roter Steinbrech und Fett-Steinbrech gedeihen hier. Am Steilhang neben dem Wasserfall wachsen Pflanzen wie Gewöhnliches Leinkraut und Huflattich. Auf dem Weg zum Stalheimsfossen kann man nicht selten Uferläufer und Wasseramseln beobachten. Die Wasseramsel ist der Nationalvogel Norwegens.

Für beide Arten stellt der Nærøydalselva, einer der besten Lachs- und Meerforellenflüsse der Region Sogn, eine wichtige Nahrungsquelle dar. Der bisher größte hier gefangene Lachs wog 24 kg. Die Bestimmungen für das Angeln von Lachs und Meerforelle müssen unbedingt beachtet werden.

Informationen erhalten Sie beim Grundbesitzerverein Nærøydalen grunneigarlag. Die Fahrt zum Wasserfall Stalheimsfossen dauert ca. eine halbe Stunde. Am Aussichtspunkt steigt das Gelände leicht an (mit Kinderwagen und Rollstuhl befahrbar).

DETTE ER EIT VERNEVERDIG KULTURMINNE OG ER EIN DEL AV VÅR FELLES KULTURARV.

VIS RESPEKT OG OMTANKE.

VOSS KOMMUNE OG HORDALAND FYLKESKOMMUNE.

Strandsnipe er vanleg å sjå langs Nærøydalselva( foto A. Mala) Stalheimskleiva og øvre del av Nærøydalselva med Stalheimsfossen ca. 1900. (Library of Congress Prints and Photographs Division Washington)

Geologi

Nærøydalen er ein karakteristisk U-dal med mykje rasmark i dei bratte dalsidene. Under istidene grov isbreen ut Nærøydalen med stor kraft. Sidedalane som Brekkedalen og Jordalen var ikkje grave tilsvarande djupe og vart til hengjande dalar. Då siste istida var på det kaldaste, for ca. 20 000 år sidan, var heile området dekka av is.

Botanikk

Størsteparten av kjerrevegen / stien inn til Stalheimsfossen går gjennom gråorskog, med innslag av m.a. bjørk og hegg. I elvekanten kan skogen stå under vatn i periodar med flaum, men den hardføre gråora er godt tilpassa å tola dette. Skogen tek slutt eit par hundre meter frå fossen.

Det kalde drevet frå fossen og svært mykje fukt gjer at skogen ikkje greier å veksa her. Dei steile fjellsidene gjer området ved fossen svært undersola, og temperaturen blir dermed lågare enn lenger ute i dalen. Under slike vilkår er det ei rekkje fjellplantar som finn grobotn. Raudsildre, gulsildre, stjernesildre og bergfrue veks godt på berg og blokker som mottek lett dusjing frå fossen. Andre typiske fjellartar her er fjell smelle, svartstorr og rosenrot. Den store kvite blomen til den vakre jåblomen er best å sjå på seinsommaren. I den bratte lia nedenfor fossen manglar det skog fordi rasmarka med mykje grov ur er for ustabil til at trea kan klara seg. Her veks det plantar som burot, torskemunn, engsmelle, raudknapp og hestehov. Desse plantane kan ikkje veksa i skogen fordi dei krev mykje ljos. Stolt laksefiskar i Nærøydalselva (foto G. Jordalen) Torskemunn veks i lia under Stalheimsfossen (foto B. Moe)

Fauna

På vegen inn til Stalheimsfossen er det ikkje uvanleg å sjå strandsnipe og fossekall (Noreg sin nasjonalfugl). Begge artane er sterkt knytte til elva og fin føda si her. Ofte kan ei sjå fossekallen som dukkar uti dei strie stryka på leit etter mat.

Den svartglinsande ravnen hekkar i området og kan ofte høyrast oppe i fjellsidene. Er han aggressiv i låten, jagar han kanskje bort kongeørn eller andre rovfuglar frå dalen. I orreskogen langs elva er gråtrosta ein av dei vanlegaste artane. Av pattedyr kan ein treffa på hjort, mink, mår, raudrev og hare. Av og til kan det og streifa rådyr gjennom området.

Nærøydalselva er ei av dei beste laks- og sjøaure elevane i Sogn. Den største laksen som er teken i elva vog 24 kg. Fisket etter laks og sjøaure er strengt regulert. Kontakt Nærøydalen elveeigarlag. Det finst og vanleg aure i elva. For å fiska etter denne må du ha gyldig fiskekort.

Stalheim Hotel ca. 1895 (foto K.Knudsen & co)

Vegen

Vegen inn til Stalheimsfossen vart restaurert i 2002-2003 og tek ca. ein halv time.

Terrenget stig svakt inn til usiktspunktet inne ved fossen og er tilrettelagt for barnevogn/ rullestol. Stalheimsfossen har ei total fallhøgd på 126 m. Vannføringa varierer mykje, avhengig av årstid og vertilhøve. Når fossen er stor driv fosserøyken langt nedover stien.

Ver venleg å halda området reint for avfall. God tur!

Stalheimsfossen (foto G.Bergo)

Tekst og redaksjon: Voss kommune i samarbeid med Kulturseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Grafisk formgjeving: Goosen Design.