Kommuneavis nr. 3

Download Report

Transcript Kommuneavis nr. 3

KOMMUNEAVISA
Informasjon frå Aukra Kommune
nr 3 oktober 2013
Offisiell opning av «nye» Riksfjord skole
– Ein merkedag for Aukra kommune
side 6
Suksess med Øyriket
i Romsdal
– Arrangementet Øyriket i Romsdal til byen
blei ein festdag for dei frammøtte
side 3
Båtprosjekt på Julsundet
Treningslyst i særklasse
– Eit praktisk og pedagogisk
satsningsprosjekt
– Aukra treningssenter med unikt tilbod
til pensjonistane
side 11
side 20
Folkemøte om Aukraheimen
Utbedring/ombygging/nybygg
Tid: 24. oktober 2013 kl 19.15 – 21.15
Stad: Egget, «nye» Riksfjord skole
Ferge frå Hollingsholm 18.45.
Buss til Falkhytten kl 19.00, med retur til ferge kl.
21.30 etter møtet.
Leiar av plannemnda varaordfører Helge Kjøll jr.
orienterer om plannemnda sitt arbeid.
Kjære innbyggarar
Rådgjevar Sverre Sevaldsen, Solheim Arkitektur Vest
AS legg fram rapport.
Det blir sett av tid til spørsmål.
Enkel servering.
Det har nettopp vore gjennomført stortingsval i Noreg med god deltaking. Det
er bra at mange nyttar seg av stemmeretten, som den demokratiske nasjonen
Noreg er og skal vere. Dei aller fleste av oss set dei demokratiske rettane høgt,
som vi meinar høyrer heime i eit trygt og godt demokrati. Det ein ofte tek som
ein sjølvfølgje, er dessverre ikkje ein sjølvsagt rett i svært mange land. Noko vi
ser utfallet av, dagleg gjennom nyheitsinnslag i media. Eg vil gratulere det nye
stortinget, regjeringa, og ønske dei politiske partia lykke til i sitt arbeid.
I Aukra kommunestyre er det ønskje og vilje om å kunne drive kommunen
sine einingar og tiltak på ein god og trygg måte, med dertil tilfredsstillande økonomiske rammer. Det er óg vilje i det politiske miljøet om fortsatt å ha gode
kommunale tenester. Aukra kommune ligg til dels langt over andre kommunar
når det gjeld driftsutgifter på kommunale tenester, når ein samanliknar seg med
kommunar lokalt, regionalt eller nasjonalt. Aukra har, og ønskjer fortsatt driftsrammer for sine tenestetilbod på eit godt nivå. Likeeins har det vore ønskja
investeringar i gode tenelege bygg og anlegg i kommunen. Dette har Aukra
kommune utført etter planverk og økonomiplan, og kommunen vil fullføre sine
prosjekt og utbyggingar på fleire områder. Det er mange tiltak, for eksempel
innan barnehage, skole, kultur, pleie, omsorg, eldresatsing og gang/sykkelveg for
å nemne nokre prosjekt som er, eller skal gjennomførast dei kommande åra.
Dei totale investeringane som Aukra kommune har planlagt, og legg opp til, vil
vere på om lag 750 millionar kroner i denne tidsbolken. Dette er i kommunal
samanheng, formidabelt og stort, og sjølvsagt svært gledeleg for oss alle. Desse
drifts og investeringstiltaka har det vore brei politisk semje om å få til. Alt dette
ville vore heilt umogeleg å drifte og gjennomføre utan eigedomsinntektene,
som i hovudsak kjem frå aktiviteten på Nyhamna.
Vi har i den seinare tida hatt fleire møter med Statens vegvesen og Møre og
Romsdal fylkeskommune, som har ansvaret for ferjedrifta, for om mogleg å få
etablert ein betre og utvida ferjefrekvens på strekninga Aukra–Hollingsholmen,
inntil fastlandsamband er på plass. Det står fortsatt føre ein del oppfølgingsmøter og nødvendig kontakt, for avklaringar i den kommande tida. Eg er optimistisk på at vi kan få dette til. Elles skal det vere møte mellom dei mange aktuelle
partane medio oktober, som gjeld mogleg planlegging, organisering og framdrift
for Møreaksen/bru Gossen-Midsund m.m. Dette er eit særs viktig og godt
prosjekt, som partane må bruke stor innsats og ressursar på, lokalt, regionalt
og nasjonalt, for å få til. Og det skal vi. På dette området må alle jobbe godt og
målretta, saman med samarbeidspartnarar og beslutningstakarar, til dette store
og samfunnsnyttige prosjektet, er ferdig planlagt, igangsett og fullført. Ut frå
erfaring og kunnskap om slike planleggingsprosjekt, vil det slik eg kjenner til, gå
med i overkant av to år til denne planlegginga. Vi i Aukra har store muligheter,
og sjølvsagt ein del utfordringar. Viss vi er samarbeidsvillige, framtidsretta, optimistisk, og har tru på framtida. Vil det meste kunne gå bra, som igjen vil kunne
gje oss god livskvalitet, trivsel, tryggleik og ein god fellesskapskjensle. Men først
ønskjer vi hausten som allereie er her, velkommen.
Vennleg helsing
Vel møtt.
Plannemnda
Open kveld, haust 2013
Det vert arrangert open kveld ved Frivillig­
sentral for ungdom i frå 8. klasse og oppover.
Dette er eit gratis og rusfritt tilbod kor ungdom kan
treffast, spele spel m.m.
Dette er eit samarbeid med ungdomsarbeidar og
10. klasse ved Riksfjord skole.
Dette vert frå klokka 19-22.30. følgjande fredagar:
•20.september
•4. oktober
•18.oktober
•1. november
•15. november
•29. november
Gossen musikkorps ønskjer
velkomen til ny sesong
Vi øver på kulturskulen kvar onsdag kl. 19.30 - 22.00.
Ønskjer du å begynne i korpset?
Stikk innom for ein prat eller kontakt formann MaryAnn Hammerø (976 93 609)
Tennbrikker frå dagsenteret
Aukra Dagsenter sel poser med tennbrikker:
Bernhard Riksfjord
Ordførar
1 pose à 25 tennbrikker til 25 kroner. Ta kontakt med
Aukra Dagsenter tlf 71 17 15 89/71 17 15 84.
Øyriket i Romsdal til by’n blei ein suksess!
Tett i tett, side om side sto utstillarar frå alle tre Øyrike-kommunane på marknadsplassen. 21. september var vi vertskap for eit begeistra publikum som fikk en smakebit av det store mangfaldet Øyriket har å by på. Bedrifter, både små
og store, enkeltpersonar, lag og foreiningar hadde førebudd seg godt og var med og gjorde dagen til ein suksess.
På utescena skapte elever frå kulturskolane, kor og band stemning i gatene. Gørvelplassen blei denne dagen omgjort
til eit spennande marknad og om kvelden opptredde mange dyktige og flotte artistar i Teatret Vårt for eit entusiastisk
publikum. Dagen blei ein stor suksess og vi gleder oss allereie til neste år.
Mvh Anne Jorunn Eit yrande
folkeliv so
m
som besø
kte dei 53 skapte god stemnin
g for dei
utstillaran
e.
Ein sykkeltur på Aukra var godt mulig for
dei aller minste.
sarar frå både
Ivrige seniordan
d og Aukra møtte
un
ids
M
,
øy
Sand
ange med sine
m
opp og gleda
ringdansar.
blikum å
smilande pu
Det var eit
.
en
ør velplass
overalt på G
sjå
r satt
program va
Eit variert
.
på utescena
saman
Øyhopping var ein av aktivitetane for
de aller minste.
ande å
ldig spenn
Det var ve
rklubben
ke
yk
D
som
sjå på alt
et sitt.
ri
la i akva
hadde sam
Øyriket i Romsd
al heier på MFK
. Ole Gunnar Solskjær kom
og besøkte mar
knaden.
r framført
Sykkelsonge tes på
Coa
av Robert
trø-orgel.
et flotte
Aukra Blomster lag
ar til
jon
ras
blomsterdeko
.
na
utesce
Gørvelplassen ble
i omgjort til mar
knadsplass og her var
det eit yrande fol
keliv hele
dagen.
e både
t og gulrot bl
Skamgo pote
elga og
H
og solgt hos
prøvesmakt
.
Arne Hjelmås
eltok med
el Voices d
sp
o
g
n
e
ss
Go
utescena.
orsang frå
nydeleg k
Gørvelplassen
egner seg godt
til slike
arrangement.
10. Klasse
elevar frå Ju
lsundet
var vertska
p og ønsket
alle velkommen til
Øyriket i R
omsdal.
Mange dyktig
e artistar og flo
tt musikk på
turkonsert i Te
kulateret Vårt. H
er Øyriket stor
i aksjon.
band
mført av Dina
Vakker song fra
Misund.
Åreknutekor
et Fistelspre
kken avslu
ein flott ko
tta
nsert til full
jubel. Dei fik
teren og sm
k latilet fram ho
s eit entusi
publikum.
astisk
Hip-Hop dansarar frå Kulturskolen
dansa til eit stort publikum på utescena.
a
ahl ønsk
Torgeir D .
Ordfører
e
ld
o
M
en til
velkomm
Øyriket i
Romsdal
aukra.kommune.no
3
Flytting av Aukra Legekontor
På grunn av oppussing av legekontoret
på helsesenteret blir legekontoret flyttet til gamle Riksfjord Skole, i løpet av
veke 42.
Rådmannen
«Kampen mot byråkratiet»
Valkampen er over for denne gong, og det besværlege «byråkratiet» har nok ein gong
kome i søkelyset. Med byråkrati tenkjer alle instinktvis offentleg sektor. «Byråkrati» blir
gjerne framstilt som noko negativt, og i daglegtale også som eit skjellsord. I valkampen
som nettopp er over har fokuset på dette vore ekstra stort, i og med at «vinnarsida»
har gjort det til eit av sine hovudmål å redusere og effektivisere offentleg sektor, milliardar skal sparast på:
•Nedlegging av fylkeskommunen, redusere talet på kommunar, færre departement og
direktorat, færre statlege tilsyn, meir effektive offentlege innkjøp, forenkling av lover
og reglar, reduksjon i skjemaveldet, etc.
Alle organisasjonar – også kommunane – er byråkratiske organisasjonar. Byråkrati fins
i alle samfunnslag og på alle nivå; m.a. i organisasjonslivet og i næringslivet (både NHO
og LO er store byråkrati, og bedrifter har også ein byråkratisk struktur).
Alle politiske parti, i noko varierande grad, er opptekne av byråkratiet; og underforstått at målet er å redusere byråkratiet og dets makt. Men det er dette byråkratiet som
produserer og yter tenester til folk flest, samstundes som kvaliteten på tenestene skal
opp, saksbehandlingstidene ned, rettighetsfokuset skal forsterkast og kompetansen skal
aukast.
Kva er så ein byråkratisk organisasjon, t.d. ein kommune? Kjenneteikn er m.a.:
•Ein formalisert struktur, også på arbeidsdeling, tydelege ansvarsområder
•Leiarstrukturen er tydeleg og «hierarkisk»: det er alltid klart kven som er over-/underordna
•Saksbehandlinga er skriftleg, og basert på lover, reglar og instruksar
•Tilsetting i og teneste i «byråkratiet» skjer ut frå utdanning og kunnskap
•Leiarar og saksbehandlarar tek ikkje omsyn til den enkelte innbyggars (eller brukars)
person eller status når vedtak blir fatta; alle skal behandlast likt, og like saker skal
behandlast likt
Dette er i det alt vesentlege positive trekk, som eg vil tru dei aller fleste set pris på.
Det må difor vere eventuelle «brot» på desse kjenneteikna som set byråkratiet i eit lite
flatterande lys, eller at byråkratiet blir opplevd å bli for stort; at det blir sanning i Oscar
Wildes postulat: «Byråkratiet vokser for å møte behovene til det voksende byråkratiet». Valkampen har fokusert alle gode formål, budsjettprosessen som no står for døra
kjem til å gjere det same, lokalt som sentralt. Byråkratiets vesen er å vakse, og det er
eit vanleg trekk i alle slags organisasjonar at det blir arbeidd for å få auka ressursane
nettopp til si avdeling eller eining.
Undersøkingar viser at Aukra kommune brukar svært begrensa ressursar på «administrasjon» samanlikna med andre kommunar og samanheldt med det høge aktivitetsnivået i kommunen. Administrativ leiing av vår kommune skjer på to nivå. Overordna
leiing ligg til rådmann og kommunalsjefar. Operativ leiing (rektorar, styrarar, leiarar
innan helse og omsorg, osb.) har fokus på faglege utfordringar og har vide delegerte
fullmakter. Dette inneber korte beslutningsvegar. I den grad reelle behov tilseier det vil
eventuell ytterlegare vekst i kommunen skje på dei tenestytande områda. Kommunens
folkevalde har sørgja for nettopp dette: utviklinga dei seinare åra viser klart at veksten
har skjedd «ute», i pleie og omsorg, i barnehagane, i undervisning, i kultur. I byråkratiet!
Med helsing
Dagfinn Aasen
Rådmann
Endelig dato vil bli annonsert på Aukra kommune si
heimeside, Romsdals Budstikke og legekontoret si
heimeside www.aukralegekontor.no.
Vi kjem til å opphalde oss i «gamlefløya» på
Riksfjord skole.
Inngang:Dør inn til uvershall, fra sørsiden (gymsal
til venstre, toalett til høgre)
Parkering: Skoleplass utanfor uvershall
Telefonnummer og åpningstider er
som vanlig.
Ingen tid å miste...
... er årets slagord til TV- aksjon. I år går innsamlingsaksjonen til Nasjonalforeininga for
folkehelsa og deira jobbing mot og forsking
på demens.
Rundt 70 000 har demens i Noreg, 10 000 får sjukdommen kvart år. Det kan ramme oss alle. Både deg, meg og
nokon vi kjenner. TV-aksjonen er den 20. oktober.
Mellom 16.00 og 18.00 vil det komme ein bøsseberar på
døra di. Gjer som så mange andre frå heile landet og støtt
TV-aksjonen.
For meir informasjon gå inn på www.blimed.no.
Opningstider bassenget ved
Riksfjord skole
Skuleåret 2013/14
Torsdag og fredag
Kl. 17.00 – 20.00 Ope for alle
Laurdag
Kl. 11.00 – 12.00 Babybading/småbarnsfamiliar
Kl. 12.00 – 14.00 Familie
Kl. 15.00 – 17.00 Revmatikarbading
Opningstidene følgjer skoleruta frå 5.
september til 30. april. Bassenget er
stengt i skole­feriane
Frivilligsentralen
Aukra frivilligsentral har hatt ein god oppstart, med godt besøk og
mange aktivitetar. Dagleg leiar Jens Petter Kjøll seier at han er positivt
overraska over responsen som sentralen har fått sidan opninga.
«Med god hjelp i frå frivillige har me fått i gang
aktivitetar som folk såg det var behov for i kommunen, og det var viktig for oss å nå ut til gruppene som kanskje ikkje hadde så mange tilbod
frå før», seier Kjøll. «Ønske er å skape aktivitet
og ein møteplass for alle. Vi har mellom anna hatt
stor suksess med « Ta mikrofonen», der både
unge og etablerte musikarar stiller opp på scena
for å presentere musikken sin. Her møtest fleire
generasjonar for å høyre på dei mange talenta
som finns i kommunen».
Frivilligsentralen legg opp til at det skal vere
aktivitet på både dagtid og kveldstid, og lokala
blir brukt til eigenbasert aktivitet, men også kurs
og møter. Blandt anna vil Sparebanken Møre
i samarbeid med frivilligsentralen har kurs for
seniorar i bruk av nettbank seinare i haust. Jens
Petter oppmodar folk til å ta kontakt om dei har
idear til aktivitetar på frivilligsentralen. Han stiller
lyse, flotte lokalar i sentrum til disposisjon.
I tillegg er ungdomsklubben UFO ein sambrukar på lokala og dei er her fleire kveldar i veka.
Det er også viktig å nemne småjobbsentralen
og besøksven. Småjobbsentralen er ein sentral
der folk i kommunen kan spør etter hjelp til små
praktiske oppdrag i og rundt heimen. Dette kan
vere klipping av gras, lett snørydding, vedstabling,
barnepass m.m. Ønskjer du hjelp til noko tek du
kontakt med frivilligsentralen.
kva ønskjer du har med ein besøksvenn. Så tek han jobben med å finne
ein besøksvenn som kan passe for
deg. Kor ofte du vil ha besøk avtaler
du direkte med besøksvennen. Alle
besøksvener har teieplikt.
Gjengen på trille
teffet Full rulle.
Utleige
Aukra frivilligsentral leiger ut lokala
sine til arrangement. Dette kan vere selskap,
barnedåp, konfirmasjonar osb. For meir informasjon om dette kan ein ta kontakt med Jens Petter på telefon 46 94 60 44 eller på epost: jens.
[email protected]
Han vil også minne om at frivillige lag og
organisasjonar fritt kan låne møterommet til
styremøter etc.
Frivilligsentralen på nett
For å finne ut meir om det som skjer på Aukra
frivilligsentral kan du gå inn på heimesida deira:
www.aukra.frivilligsentral.no eller på facebooksida, www.facebook.com/Aukrafrivilligsentral.
Fra Venstre Aris Vølen Amalie Sandøy og Øyvind Hoksnes.
Besøksven
Besøksven er ei formidling av «den gode praten».
Mange frivillige ønskjer å bruke tida si til å besøke
andre. Ein besøksven er gratis, alt ein treng å gjere
er å ringe frivilligsentralen, så kjem Jens Petter heim
til deg eller ringer deg, snakkar litt ilag og høyrer på
Øyvind Hoksnes.
Mathilde Goksøyr Jenssen.
Hans Olaf Lofstad.
Oversikt over aktiviteter side 12...
Gode råd
Barbro Mork Emblem
Tlf. 930 32 933
Beate Solem
Tlf. 959 99 804
Ida Laurie
Tlf. 974 15 082
Sparebanken Møre sine kunderådgivarar på Aukra har
brei kompetanse innan økonomisk rådgiving. Når du
skal planleggje økonomien din er det godt å snakke
med nokon som har både kunnskap og verktøy til å
finne ut kva som løner seg best for akkurat deg.
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
Nils Arve Solem
Tlf. 915 43 185
Mary Ann Grøttumsbraaten
Tlf. 958 87 989
aukra.kommune.no
5
SKOLE
o
g UTD
ANNIN
G
Alle elevane danna eit flott kor, og song ein gratulasjonsmedley til skolen.
Offisiell opning av «nye» Riksfjord skole
Sola var i godt humør denne dagen, ein dag som vil bli ståande som ein merkedag i Aukra kommune si historie. Det
var ikkje berre sola som skein, det gjorde også alle dei frammøtte som skulle ta del i den offisielle opninga av ny-­
skolen. Vi har ikkje talet på spente publikummarar, men at det var mange, kunne ein sjå både på plassen under opninga
og køa inn til skolen etter det offisielle programmet på utescena.
Før sjølve programmet starta, kom Gossen Musikkorps, saman med juniorkorpset marsjerande
inn på plassen med feiande flott musikk. Desse
fekk vi høyre ein del av undervegs i programmet og det var fint å sjå at det spirar og gror i
korpsmiljøet på Gossen.
Jan Erik Hovdenak, rektor på skolen guida oss
fint gjennom programmet. Sjølv kunne ein sjå
at det var ein stolt leiar som stod der og kunne
presentere talarane for dagen. Ordførar, kommune, totalentrepenør og arkitekt var representert. Alle saman viste ein byrgskap over resultatet
som ein no kunne sjå med eigne auge. Byggherre
Roald Røsand frå Brødrene Røsand, sa at dette
prosjektet var det største dei nokon gong hadde
vore med på, og ville bli ein god standard for
korleis ein skole kan utformast, både innvendig
og utvendig. Løysningane og valga som er teke
undervegs har vore til det beste for brukarane,
og for at dette skal vere eit bygg som skal halde
standarden i mange år.
Mobbefri skole
Ordførar Bernhard Riksfjord hadde ei god oppgåve då han skulle foreta den offisielle opninga
av skolen. Saman med rektor påpeika han at vi
alle har eit felles ansvar for ta vare på bygget og
6
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
området rundt. Dette skal vere ein plass som blir
brukt, ikkje berre i skoletida, men også på ettermiddag og kveld. Samtidig var det viktig for Bernhard å få fram nokre kjernesaker til publikum. Eit
stadig aukande fokus på mobbing i skolen, alle sitt
ansvar for å ta vare på kvarandre og dei vaksne
sitt ansvar blei løfta fram som eit satsningsområde. «Vi skal ikkje akseptere at nokon blir mobba
i Aukraskolen. Dette er eit felles ansvar som alle
må jobbe med.»
Etter talen var det klart for snorklipping,
og saman med seg fekk ordføraren to elevar,
2.klassingane Oda Hostad Aukan og Erik
­Andreas Leikvoll. Dette var eit særdeles høgtidelig augneblink. Med ein fanfare frå korpset blei
skolen offisielt opna, til rungande applaus frå
publikum. Etter dette hadde alle elevane, som
under opninga stod klar ved sidan av scena med
fargerike ballongar i handa, førebudd eit potpurri
av gratulasjonssongar til ære for skolen. Dette
blei akkompagnert av Jens Petter Kjøll på piano.
Dette blei etterfølgt av ballongslipp, og det var ei
mektig oppleving å sjå alle elevane som no var
klar til å ta i bruk skolen, ønskje den velkommen.
Då den offisielle delen av programmet var
over var det mogleg for publikum å delta på
fleire aktivitetar på skoleområdet. Elevar guida
grupper rundt i bygget, der man fekk sjå alt det
flotte skolen har å by på, frå klasserom med
elektroniske tavler, fellesareal med kantine, gymsal
og andre lokalar. Samtidig heldt kulturskolen det
gåande ute på scena med representantar frå det
flotte musikkmijøet i kommunen. På scena inne i
gymsalen kunne ein fleire gongar sjå danseinnslag,
frå kulturskolen.
Kake
Som seg hør og bør spanderte kommunen kake,
brus og kaffe til alle dei frammøtte. Køa var lang
ei god stund, men alle fekk. Når ein gjekk rundt
i lokala og på området kunne ein sjå at folk var
imponert over ikkje berre bygget, men også
uteområdet. Barna var i leik alle stader, og nytta
moglegheita til å vise foreldre og besteforeldre
rundt på området.
Dette var ein særdeles vellykka dag, der verdien av ein ny skole på Gossen skein igjennom
både publikum og aktørar.
TEM
A
eg for å
skodd s .
a
h
å
Ein m
skolen
inn på
komme
Inspektør Heidi Falkhytten omkransa av Roald
Røsand t.h og Emil Røsand t.v. Emil var med å
etablere firmaet Brødrene Røsand AS.
Prosjektleia
r for komm
unen, Jon G
Gjelberg ta
unnar
kkar sama
rbeidspartna
rane.
ling av balKlar for utde
ane.
ev
el
til
longar
i
rine Otterle
10.trinn And
å
fr
t
an
i
nt
til de
Elevreprese
nde appell
ld ein stråla
Sporsem he
frammøtte.
Guidane st
år
rundt i lok klar til å ta publiku
m på ein
ala.
tur
Arkitekt Asbjørn Bu
a ved Arkitektkonto
ret
BBW AS.
orps marsjerer
Gossen musikk
Gossen juniorkorps og
inn til åpninga.
Roald Røsa
nd. Adminis
trerande di
Brødrene R
rektør i
øsand, som
er totalent
bygget med
reprenør fo
uteområde
r
.
pudenak fortel
Jan Erik Hov
e.
an
kk
so
åe
dei bl
blikum om
Rektor Jan Er
ik Hovdenak
leiar publikum
gjennom
programmet
frå scena.
Folket blei guida rundt på skolen av dyktige
elevar heile dagen.
a
tek den offisielle opning
Bernhard Riksfjord føre
d Aukan
sta
Ho
a
Od
e
gan
ssin
saman med 2. kla
ll.
og Erik Andreas Leikvo
nt».­
«Grand waltz brillia
Musikk av Chopin.
erne dans.
Klassisk/Jazz/mod
Gode prestasjo
nar frå f.v Jonas
Førde, Sander
Oterhals og En
dre Rekdal.
n
ffe og kake i de
te fikk nyte ka
Mange frammøt
nye foajeen.
Eit fargerikt møte med elevane på plassen framfør skolen.
Simen Eile
rtsen Løvi
k traktera
scena und
r tromme
er kulturs
settet på
kolen si a
vdeling.
Flott solosong frå vokalelev Amalie Sandøy,
saman med gitarlærar Daniel Stølen Alme.
Elevane viste fram moglegheitene med dei
digitale tavlene som er sett opp i alle rom.
k» i gymsalen.
«Men in Blac
Fullt trøkk frå
representantar
frå kulturskole
(F.v Noah Sam
n.
uel Stavik, Ad
rian Dale Sole
Teodor Rød).
m,
an med
Larsen sam
endrix Ivan
H
ersen og
i
nd
Jim
A
l
d
ka
in
iv
Lo
gil Tautra, E
E
.v
(F
.
tt
si
bandet
TEMA: Skole og utdanning
)
Ivan Larsen
7
SKOLE
o
g UTD
ANNIN
G
Ei av dei to kunstgrasbanane vart raskt populær blant elevane.
Følg draumen, ikkje straumen
Det er mange born og vaksne som tusler rundt skulen på denne første skuledagen – som vanleg. Men noko er annleis
i år: «Nyskulen» vert opna. Allereie på veg til sentrum skjønner man at det er noko på gang i dag. Trafikkvakter skal
sørgje for at elevane har ein trygg skuleveg. Det er mange foreldre og anna friviljuge som stiller opp i første skuleveka
og viser trafikantane, her er det ein ny skuleveg.
Klokka halv ni vart alle samla i amfiet framfor
skulen. Vêrgudane er ikkje akkurat snille med oss
på morgonkvisten, men det brydde ingen seg
om denne måndagen. Vi ser masse spente auga
og store som små ventar på at rektor Jan Erik
Hovdenak gir startskotet og alle kan innta nybygget. Før dei ca. 340 elevane får gå inn i kvar sin
inngang snakkar rektoren om at dette er «dagen
me har gledd oss til i mange år» og ordføraren Bernhard Riksfjord føyer til at skulen er eit
«kjempebygg for alle».
I skulen er det framleis mykje utpakking, men
stemninga blant alle er veldig positivt. Mens 5.10. klasse nyter lunsjen i kantina, koser elevane
i barneskulen seg i det lekre uteområde med
fotballbane, klatrejungel og mykje meir. Kantina er
lys og elevar som lærarar synes det er kjekt å ha
ein slik plass. Tilsette på kjøkkenet byr på gratis
frukt. Det er ingen varmmat foreløpig, men dei
skal prøve seg fram.
Etter lunsjpausen er me invitert til 1.klasse.
Dei fekk gå inn først denne morgonen. No er
det tid for ein fyrste oppsummering. Lærar Elin
på vei til
k vare på elevane
Anita Otterlei te
tiltak.
iks
gle
ens trafikktr yg
skolen i kommun
8
Kommuneavisa for Aukra
Rød forklarar «reglane» dei må følgje da dei har
blitt skoleborn. I følgje rekk alle opp handa for å
fortelje oss kva dei synes om skulen. Emilian har
gledd seg å begynne på skulen, men undrar seg
på at gravemaskina framfor vindauga er borte no.
Theodor synes at det artigaste med å starte på
skulen er å få nye vener ein kan leke med. Det
er Vilde heilt einig med. Kva synes dei var best å
leke med? Norbert liker apejungelen best, mens
Abdulahi går for sklia. Til slutt viser Emil Severin
den nye sekken sin og alt det spennande som er
inni. André synes forresten at å rekke opp handa
var ein bra trening for armane.
På ungdomsskulen samlar alle 98 elevar seg i
auditoriet. Rektoren synes alle kan vere stolt av
å vere elev på den nye skulen og påpeker at det
aller viktigaste er oppførselen mot kvarandre og
at alle har det godt. Kvar enkelt kan bidra med å
involvere dei andre. Etterpå er det avdelingsleiar
for ungdomsskulen Heidi Falkhytten som har
ordet. Ho oppmodar elevane å følgje draumen,
ikkje straumen – eit ord hun tok med seg frå ein
konfirmasjon tidlegare i år. Det er vel det som
Viktig for bå
de elevane
og bilistane
nye køyrem
å lære seg
ønster.
nr 3 oktober 2013
«nyskulen» også skal stå for: at elevane har gode
og trygge omgjevnadar å hente ut det beste av
seg sjølv og vekse til det dei drøymer om.
På slutten av dagen skal me snakke med
10.klasse. Dei har gått på «gamle Riksfjord skole»
i ni år. Korleis er det å komme hit? Uvant, nytt,
fremmend, svarar dei. Reglane er strenge, synes
dei, men elevane skjønner at ein del av reglane
er satt opp «fordi skulen skal halde lenge». Kva
er det beste, spør me vidare. «Her kan me
puste», svarar ein elev. Andre likar at skulen har
glade farger, er mykje større og har ein kantine.
Dessutan gir det lyse bygget meir motivasjon,
elevane trur dei har meir lyst å gå på skule no.
På spørsmålet om dei kjem til å savne den gamle
skulen sin, får me ein «litt»: Ingen ny skule kan
erstatte dei gode minna dei har samla gjennom ni år. Men om ni år så sitter Emilian, Vilde
og Theodor og har samla sine gode minner – i
«nyskulen».
Tekst: Martina Susanne Böttcher
Foto: Jan Inge Tangen
mfør
e samla seg fra
r og fleire andr
.
et
gg
by
Elevane, lærara
uk
br
deleg fekk ta i
skolen før dei en
Rektor Jan
Erik Hovd
enak ønsk
alle velkom
jer
men til den
ne minnev
dige dage
ern.
TEM
A
Den nye 1. klassen står klare til å gå inn på
skolen til sin første skoledag.
Elevane på un
gdomstrinnet te
k i bruk kantina
for første gong
.
følgje
å
å plass for
NRK var p
.
n
ge
a
denne d
Moglegheitene er
mange for ein
aktiv skolekvarda
g.
Elevane på ungdom
strinnet nyttar anled
ninga
til å prøve inventaret.
ha
Ein skal ikkje
høgdeskrekk
r til topps.
når ein klatra
ungelen.
k i bruk apej
te
Ivrige elevar
akkar med
Den nye gy
msalen er
ød sn
Lærar Elin R
klassen.
te-
den nye førs
Ein nøgd
første kla
sse i dei n
ye lokala.
allereie i b
ruk.
n.
e på leikeplasse
Mykje å utforsk
10. trinn på «nye» Rik
sfjord skole er nøgd
med
nyskolen.
Lærarstaben på ungdom
strinnet blir presentert
for
elevane i aulaen, også
kalla «Egget».
talar
Ordfører Bernhard Riksfjord
ein
står
han
Bak
te.
møt
til dei fram
Falkhytten
standhaftig inspektør Heidi
og held paraplyen.
Ordførar Bernhard Riksfjord saman med Oddbjørn Fisketjønn og Jan Rasmussen frå Shell.
Et selskap i MIFO-gruppen
STERK-/SVAKSTRØM
Bolig • Industri • Skip • Internkontroll
AUKRA VVS AS
Nytt bad?
Ring 95 03 53 53
og få et godt tilbud!
Kontortelefon:
Telefax:
71 27 88 70
71 27 88 71
Vakttelefon:
71 27 88 75
E-post:
[email protected]
Mobiltelefoner:
Jofred Skogvoll: 982 43 660
Jostein Stormyr: 982 43 659
Magne Heggdal: 982 43 658
Steffen Sandnes: 982 43 661
Horst Wichmann: 982 43 664
6475 Midsund • www.sund-elektro.no
TEMA: Skole og utdanning
9
SKOLE
o
g UTD
ANNIN
G
Valdebatt på Julsundet skole
Tysdag 27. august inviterte mellomsteget på Julsundet skole til valdebatt i den nye paviljongen. Dei hadde fått positivt
svar frå alle partia om at dei gjerne ville møte elevane på deira heimebane for å svare på spørsmål.
Ordstyrarane Henrik Ræstad og Frida Snowball.
Magnar Hjertvikrem stiller spørsmål til politikarane.
kunnskap om styresettet vi har, og det at alle kan
vere med å bestemme korleis vi vil ha det, og kva
det gjer med samfunnet vi er ein del av.
Ein del viktige moment vart teken opp, og den
store spenninga for elevane var nok knytta opp
mot temaet skolesamarbeid mellom Aukra og
Fræna. Partia fikk svare etter tur og alle var einige
om at samarbeidet skulle fortsette.
Elevane sjølv syntes noko av det politikarane
snakka om var litt vanskeleg, det vil seie enkelte
Tekst og foto: Jan Inge Tangen
EKH.no
Det var rigga til for ein paneldebatt der politikarane fekk ei skål med valflesk og drikke, og ei
taletid som blei godt styrt av ordstyrarane. På
førehand hadde elevane førebudd spørsmål til
politikarane, spørsmål som i stor grad dreidde
seg om dei unge sin kvardag, og framtida for
Aukra kommune.
Utgangspunktet for denne debatten var eit ønskje om at ellevane skal bli interessert i val, og kor
viktig det er å bruke stemmen sin. Elevane skal ha
ord, men det var ikkje mange, og dei syntes dei
forstod det som vart formidla. Elevane syntes
politikarane var ivrig og engasjerte, og tok debatten på alvor. Generelt var det stor stas og ha dei
der og at alle var så positive til tiltaket sette dei
stor pris på.
Ordstyrarane hadde ein krevjande jobb med
å styre politikarane, men dei syntes at det for
det meste gikk veldig greitt, politikarane viste dei
respekt, og at det både var artig og interessant.
Etter debatten kunne elevane gå til val, og
resultatet blei eit klart fleirtal til Høgre. Dette
tyda kanskje på at elevane nok var meir bevisst
på utfallet av det komande valet, men samtidig
eit prov på at kommunikasjon mellom den som
snakkar og tilhøyrarane er særdeles viktig.
SEND SOMMERDEKKENE DINE PÅ HOTELL
– OG SKO BILEN MED VINTERDEKK I TIDE
La oss ta hånd om sommerdekkene dine. Her ligger de trygt og godt
til våren kommer, da bytter vi tilbake igjen og gjør det samme med
vinterdekkene. Enkelt og greit.
Vi har vinterdekk med og uten pigg
fra norgesfavoritten Continental.
Vi vet når du skal ha EU­kontroll, kontakt oss allerede idag!
AUKRA BIL
10
Kommuneavisa for Aukra
DIN LOKALE LEVERANDØR
AV VERKSTEDTJENESTER
nr 3 oktober 2013
Vi gjør BilLivet enklere
Åpningstider:
Alle hverdager 07.30­15.30
Tlf. 71 17 19 00
TEM
A
Opning av båtprosjekt på Julsundet Skole
29. august inviterte Julsundet skole til offisiell opning av båtprosjektet sitt i Saltrøa. Til denne opninga var alle elevane
på skolen, ordførar, lærarar og lokalbefolkning inviterte til det ein må kalle ei storstilt feiring av dette prosjektet.
d.
eit kaldt ba
Tekst og foto: Jan Inge Tangen
Båten. Ein Vågen 570 levert frå Vaagen Boats.
Ei scene var satt opp på hamneområdet og
musikarar frå satsningsprosjektet KLB framførte
fleire songar for publikum.
Elevar, lærarar, andre tilsette og folk frå
Julsundet var tilstades under markeringa.
Ordførar Bernhard Riksfjord føretek den offisielle opninga av båten saman med to elevar.
Ordførar bernhard Riksfjord nytta anledninga
til å by opp Rektor Hanna Valved Korsvik
til dans.
Elevar og lærarar i venskapeleg konkurranse i
tautrekking.
Ein nøgd gjeng samla etter snorklippinga.
Taparpremien i tautrekkinga var eit nokonlunde frivillig bad.
EKH.no
Med bakgrunn i Stortingsmelding 22(2010-2011)Motivasjon-Mestring­Moglegheiter, fremma kunnskapsdepartementet forslag om å innføre valfag.
Departementet ville legge til rette for ytterlegare valmoglegheiter for
elevane på ungdomstrinnet. Bakgrunnen for desse valmoglegheitene er at
dei skal bidra til auka motivasjon og læring.
Med dette som grunngjeving fekk elevane fleire fag dei kunne velje mellom, og der «Fysisk aktivitet og helse» var eitt av dei sentrale faga. Dette
faget oppmodar elevane til å utforske eigne fysiske føresetnadar og bli
bevisst forholdet mellom fysisk aktivitet, kosthald
og helse. Som ein del av denne stortingsmeldinga og satsing på praktiske valfag, blei ideen
om «båtprosjektet» født.
No er båten der, og ordføraren stod for den
offisielle opninga saman med elevar frå skolen.
Etter dette var det lagt opp til underhaldning
frå KLB, mat og drikke, samt konkurranse i
tautrekking. Denne vann elevane og lærarane måtte ta eit kaldt, men forfriskande
bad. Dette var ein vellykka dag, med nøgde
r
te
le Berry et
n eigen Hal
elevar og tilsette.
Julsundet si
NY AVDELING!
Vi åpner ny avdeling for
Helly Hansen arbeidsklær
og fritidstøy. Nye varer
kommer fortløpende.
• Fleecejakker
• Ytterjakker
• Arbeidsdresser
• Hettejakker
+ mye mer
Velkommen!
08 - 17 (09 - 14)
TEMA: Skole og utdanning
11
Faste aktiviteter på
frivilligsentralen 2013/14
• Måndag: Ingen faste aktiviteter på dag eller kveld.
• Tysdag: Songtreff kl. 13.00 til 14.30 i partalsveker.
Trilletreff frå kl. 10.00 til ca 13.00 i oddetalsveker.
• Onsdag: «Møteplassen» i oddetalsveker 11.00 til 14.00
Filmkveld UFO 19.00 til 21.00 kvar veke. Filmkveldane vil
nok generere litt lyd.
• Torsdag: UFO Ungdomskveld 19.00 til 22.00
•Fredag: UFO/Open kveld 19.00 til 23.00
I tillegg ligg desse aktivitetane «spreidd» utover:
•Husflidslaget har aktivitetskveldar 24/9, 15/10, 22/10, 12/11 og
3/12
•«Ta mikrofonen» har desse kveldane: 1/10, 29/10 og 26/11, her må
det påreknas ein del lyd.
DET FINNES
IKKE AVFALL,
bare nye
ressurser!
Mørk blå: PMS 301 EC
CMYK 100 - 58 - 0 - 5
Lys blå: PMS 292 EC
CMYK 50 - 14 - 0 - 0
hva blir avfallet ditt til?
glass og metall
Mvh Jens Petter
EKH.no
Resirkulert glass brukes som
råstoff til både Glasopor skumplast, Glava isolasjon og det
eksporteres til glassverk i
Europa der det lages nye glassprodukter.
www.rir.no • 71 21 34 50
Gratulerer med nye
Riksfjord skole!
EKH.no
Totalentreprenør Br. Røsand takker for oppdraget og vil gratulere Aukra kommune med
landets flotteste skolebygg.
12
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
Helseløype i Aukra
Aukra kommune har fått tilskot frå fylkeskommunen til å byggje helseløype
frå Falkhytten til Emmershaugen. Helseløype er eit satsingsfelt i fylket vårt,
der formålet er å leggje til rette for fysisk aktivitet for grupper med størst
fysisk og psykisk helserisiko.
Tilskotet gjer at vi no kan gjere turmålet lettare
tilgjengeleg for personar med ulike synsnedsettingar ved å byggje ledelinje, samt leggje til rette
for fleire raste-/kvileplassar med benkar. Turstien
ligg i nærleiken av bla. skule, barnehage, dagsenter,
avlastningsbustad og boligområde, og har derfor
mange potensielle brukarar.
Manglande fysisk aktivitet er eit aukande problem for folkehelsa i heile Europa. Helseløyper er
ein type turløyper som særleg kjem dei inaktive
gruppene i møte.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyste ut kr
2.000.000 til etablering av Helseløyper i kommunane i desember 2012. Dette har gjort at Aukra
er 1 av 12 kommunar i Møre og Romsdal som er
i gang med å planlegge og byggje helseløype.
Jf. gjeldande fylkesplan ønskjer ein at det vert
laga minimum ei helseløype i kvar kommune.
Brukarar av slike løyper vil ha eit vidt spenn
og erfaringane viser at dei ofte blir kommunen si
mest attraktive turløype. Med god tilrettelegging
i form av bl.a. riktig og godt underlag, ledelinje,
parkeringsplassar, tett med benker og vakre om-
givnader, vil ei slik løype ha enorm betyding for
lokalbefolkninga si helse, trivsel og bulyst.
Turstien mellom Emmershaugen og Falkhytten
har eit godt utganspunkt for å bli ei helseløype,
da nokre utbetringar skal til for å gjere den enda
meir attraktive og brukarvennlege.
For at helseløypa skal oppnå den helseeffekten
som ein ønskjer, må turstien ha nokre grunnkvalitetar. Krava er delt inn i to grupper; element som
må vere innfridd for å kunne kalle det ei helseløype og element som helst bør vere innfridd.
Eksempel på krav som må vere innfridd for ei helseløype er:
•ledelinje mellom veg og omgivnader.
•ha god skilting i tråd med nasjonal mal
•ha ei bredde og underlag godt eigna for rullestol og barnevogn.
•ha liten stigningsgrad (max 1:12)
•ha benkar som er lett å setje seg på og reise
seg frå. Det bør ikkje vere meir enn ca. 100
mellom kvar benk.
•ha gode høve for parkering ved turstart.
Arbeidet med å byggje Aukra si første helseløype
starta opp i veke 36. Ein ber om forståing for at
det blir noko byggjeaktivitet på turstien i vekene
framover.
Gapahuk ved Emmershaugen
Aukra Marsjklubb har søkt om og fått midlar
til å sette opp ein gapahuk på Emmershaugen.
Me søker no etter frivillige som kan tenke seg å
vere med på og sette opp ein gapahuk. Kan du
tenke deg å vere med på å utforme og bygge ein
gapahuk, har du sjansen no! Interesserte kan ta
kontakt med Frivilligsentralen, så kan vi avtale eit
møte med involverte partar. Sjå innom eller ring
Frivilligsentralen på telefon: 469 46 044.
Kva er ei ledelinje?
Ei ledelinje er ei ubrutt kjede av element frå start til mål
som skal vere lette å følgje for blinde og svaksynte.
Ledelinja kan bestå av gjerde, kantar
av ulike slag som mur, kantstein og
tydelege forskjellar i belegg. Ledelinja
skal vere følbar og ha fargekontrast.
aukra.kommune.no
13
Prøveordning kollektivtransport
Nye tilsette
Julsundet skole
Mitt navn er Constanza Leiva Zuniga.Eg er 22 år
og bor i Molde.Eg har ein bachelor i spansk fra
Universitetet i Bergen og jobbar no som lærar ved
Julsundet Skole. Mitt namn er Andreas Bye Tøsdal. Eg er adjunkt
med tilleggsutdanning i matematikk og spesialpedagogikk. Dei siste 10 åra har eg jobba på Ortun
skole i Bergen. Der har eg jobba som realfagslærar
og kontaktlærar, samt jobba tett med elevar med
tilpassingsvanskar.
Svea Johanna List
Adjunkt med tilleggsutdanning
Eg er utdanna innan geografi, biologi og friluftsliv
og har tidlegare jobba som lærar på ungdomssteget ved Vågsetra skole. Før eg flytta til Molde i
fjor sommar, jobba eg som guide på Svalbard og
underviste i friluftsliv ved Høgskulen i Finnmark.
NAV Aukra
Mariya Khoronzhevych
Mariya begynte i NAV Aukra i august. Ho kjem
frå Ukraina og har utdanning innan pedagogikk
og samfunnsfag. Ho har ein spennande og variert
arbeidserfaring, bl.a. lærer i engelsk språk i Ukraina,
praktikant i FN i USA, deltakar i Prosjekt Haiti i
Haiti, og guide i Arctic Guide Service i Norge m.m
Hun skal jobbe i NAV Aukra som veileder og gleder seg til nye oppgåver og utfordringar.
ODD SMÅGE AS
M A S K I N E N T R E P R E N Ø R
På tur med ordføraren
Søndag 8. september var det duka
for «På tur med Ordføraren» i
regi av Julsundmarkas venner. Om
lag 100 små og store møtte opp
til denne turen leia av ordføraren,
Leif Monsen og Arne Hollingsæter.
Vêret viste seg frå si beste side og Ordfører Bernhard Riksfjord klar for tur
stemninga var god.
saman med guidane Leif Monsen t.v og Arne
Denne vandringa har etter kvart Hollinsæter t.h.
blitt ein tradisjon, og mange set av
denne dagen for å lære meir om
lokalmiljøet sitt. På denne turen
var det lagt opp til ein runde bort
til den gamle kraftstasjonen, for så
opp til Hundetjønna, der det blei
servering med pølser, kaffe og saft.
Også dei minste var med, her representert
Undervegs var det lagt opp
med Jenny Jenset Haugland, med sparkesyktil fleire stopp, der tilhøyrarane
kel og flagg.
fekk vite meir om lokalhistoria på
Julsundet og områda rundt. Dette er ein kjekk tradisjon som ser ut til å
Tekst og foto: Jan Inge Tangen
vokse år etter år. Strøsand til vinteren?
Vi produserer nå alle typer masser på Aukra.
Ta kontakt med oss i dag for levering!
EKH.no
– strekker seg enda litt lengre
Etter oppmoding frå kommunestyret vart det gjort eit utgreiingsarbeid
for å sjå på om det var mogeleg å sette opp kollektivtransport på strekninga Aukra-Molde-Aukra på fredag og laurdag kveld.
Kommunestyret vedtok den 12.11.2012 å etablere eit kollektivtilbod
i samarbeid med Aukra Auto og Nettbuss på strekninga Aukra-MoldeAukra på fredag og laurdag kveld. Tilbodet skulle vere ei prøveordning
i perioda frå om med veke 49,
Tabellen nedanfor viser oppslutning
2012 til og med veke 30,2013.
pr. månad:
Tilbakemeldingane undervegs
Månad
Antall passasjerar
frå buss-selskapet har vore at
Desember 2013
12 personar
tilbodet har vore lite nytta. Når
Januar 2013
29 personar
prøveperioda var over hadde
Februar 2013
16 personar
totalt 128 personar nytta tilboMars 2013
19 personar
det. Dette er i snitt 3-4 personar April 2013
7 personar
pr. veke fordelt på fredag og
Mai 2013
13 personar
14 personar
laurdag. Med bakgrunn i den låge Juni 2013
Juli 2013
18 personar
oppslutninga om tilbodet vart
128 personar
prøveordninga avslutta i veke 30. TOTAL
Tlf. kontor: 4000 6462 • [email protected] • www.oddsmaage.no
14
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
Har du teikningar, vitser eller
anna du vil ha med på Juniorsiden?
Send en e-post til
[email protected]
eller ringe tlf 71 17 15 14
... Aukra kommune, tidlegare skrive «Akerø»,
vart oppretta ved formannskapslovene av 1837,
og var opphavleg ein kommune som omfatta
­Gossen, Otrøya, ein del av Midøya, øyane i
Sandøy, samt Julsundet og Mordal på Romsdalshalvøya.
... 1. januar 1867 [2] blei «Sandø» (Sandøy) skild
ut som eigen kommune.
... I 1924 blei resten av kommunen delt i NordAukra, som bestod av Gossen og fastlandsdelen,
og Sør-Aukra, som bestod av Otrøya og ein del
av Midøya i det som no er Midsund kommune.
Laga av 5. trinn på Julsundet skole
1 Kva slags fisk er Nemo i «oppdrag
Nemo»?
6 Når vart Molde fotballklubb stifta?
7 Kva år vart unionen mellom Noreg og
Sverige brote?
4 Når vart Ormen Lange-feltet opna på
Aukra?
5 Kven var ordføraren i Aukra kommune
i 2011?
9 Kven er rektor på Julsundet skole?
10 Kven fekk prisen, beste fotballspelar i
Europa 2013?
SVAR
4.6. Oktober 2007, av
Kong Harald V.
5.Bernhard Riksfjord
3 Kor høg er Svartnakken?
8 Kva land skal kutte heilt ut bøker i
skolen innan to år?
6.19. juni 1911
7.1905
8.Sør-Korea
9. Hanna Valved Korsvik
10.Frank Ribéry
Teikna av elever på 3.trinn Julsundet skole
1.Klovnefisk
2.633 moh.
3.257 moh.
2 Kor høg er Jendemsfjellet?
... Aukra fekk noverande grenser ved avståing av
Mordal krins til Molde 1. januar 1964. Kommunen har heitt Aukra sidan 1. januar 1965,
samtidig som Sør-Aukra blei slått saman med
resten av Midøya og Dryna frå Vatne kommune
og bytte namn til Midsund.
... Namnet Aukra, som er unikt i Noreg, kjem
truleg frå Aukrin, ei samansetting av akr og vin:
åker og eng.
... Kommunevåpenet (godkjent 1987) har to
gullringer mot ein blå bakgrunn. Motivet har
som utgangspunkt ein armring frå middelalderen, og symboliserer samhald og rotfeste.
Kjelde: Wikipedia og Snl.no
Mor og Dotter på senteret
Dotter: - Mamma, kan eg få den lilla jakka
Mor: - Nei, den er for dyr
Dotter: - Eg trudde den var for menneske
Tisse i bassenget
Badevakta seier strengt til Petter
- Det er ikkje lov å tisse i bassenget
- Ja, men alle tisser jo i bassenget
- Det kan godt vere, men ikkje frå stupebrettet.
Kva heiter du?
Dama: - Kva heiter du gut?
Guten: - Jan Jensen utan x
Dama: - Men Jensen stavast ikkje med x
Guten: - Det var jo det eg sa.
Her kan du som lesar stille spørsmål til dei
som jobbar i kommunen om det er noko
du lurar på. Ingen spørsmål er dumme og
vi vil prøve å svare på dei så godt vi kan.
Dette vil komme ut i neste avis.
aukra.kommune.no
15
Lag og organisasjonar
Send tekst og bilde til
[email protected]
Fantastisk flink ungdom
Fredag den trettande betyr ikkje alltid ulykke.
13. september arrangerte 10. klasse på Gossen
data- LAN i Aukrahallen. Det har vore tradisjon
at 10. klasse arrangerar LAN for ungdomsskulen
for å samle inn pengar til klassetur, ingen unntak
dette skuleåret heller. Det vart tidleg klart at dei
ikkje fekk låne nyskulen, og dei måtte tenke nytt.
Alle alternativ vart gjennomtenkt, og til slutt fall
valet på Aukrahallen. Dermed måtte veldig mykje
planleggast på veldig kort tid. Mange hadde nok
kvidd seg og ikkje villa tatt på seg eit slikt arrangement, men ungdomane hoppa uti det. Elevane
i 10. klasse har lyst til å sjå på nye alternativ til
avslutningstur og motivasjonen er stor for å
samle inn pengar.
Prosjektgruppe
Ei prosjektgruppe på åtte stykk hadde hovudansvaret. Dei ordna med vaktlister, leige av hallen,
innkjøp av mat og kioskvarer, låning av bord og
stolar, internett- og straumtilgang. Hjelpa frå
foreldra var minimal. Dei fekk hjelp til bilkøyring,
vakthald og hjelp til opplegging av internett- tilgang. Sjølve gjennomføringa starta fredagen med
ein gong barnehagen stengde. Dei påmelde
kom deretter klokka 18. Då var alt klappa og
klart til speling. Nokre av dei påmelde hadde
startproblem med spelutstyret sitt, men med
Prosjektgruppa hadde hovudansvaret for LAN og gjorde ein
framifrå jobb. Frå venstre: Gunnar Sæther, Ole Sigurd Dale, Iver
Hjertvik Nerbøvik, Øyvind Lofstad, Andrine Sporsem, Johan Aron
Iversen, Ole Martin Brunes. Katita Galdames var ikkje tilstades
då biletet vart tatt.
litt hjelp ordna det aller meste seg. Heldigvis var
det IT- dyktige i foreldregruppa som kunne stille
med hjelp til oppkopling av datalinje og datahjelp.
Takkar òg GIL som verkeleg la til rette for arrangementet. Dei var veldig positive. Aukra Musikkverkstad hjelpte til med utlån av straumskåp og
straumkablar.
Flinke ungdommar
Ungdomane i 10. klasse hadde kioskutsal der dei
selde brus, godteri, pølse, nudlar og pizza. Alle
dei 74 ungdomane som var innom hadde ein
kjekk kveld og natt. Trur nok vaktene kosa seg
òg. Til og med lærar i 10. klasse, Stine Skarshaug,
Oppkopling av alt datautstyret til LAN. Her har allereie nokre
av dei påmelde komme. For uinnvigde ser det ut som fullstendig
kaos. Foto: Siri Hukkelberg Dale.
var innom og spela. Det var noko ungdomane
sette veldig stor pris på. Avslutninga var satt til
laurdag morgon klokka 10, men allereie kl 9.30
var Aukrahallen blåst og alt var rydda. 10. klasse
gjennomførte eit nesten prikkfritt arrangement.
Ein positiv, nøgd og litt trøytt gjeng kunne no dra
heim og få litt søvn etter å ha vore oppe heile
natta. «Det var mykje jobb, men vi er ein godt
samansveisa gjeng der alle tek ansvar. No er vi
mange erfaringar rikare. Dette vil vi gjere fleire
gonger. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar
frå dei som kom på LAN», fortel Ole Sigurd, Ole
Martin og Andrine etter at LAN er ferdig. Hurra
for dei flinke ungdomane våre. Slike ungdomar vil
heile Noreg ha. Det lovar godt for framtida.
Aukra Sykkelklubb
Vard Aukracup
Visjon til Aukra sykkelklubb er å skape eit
aktivt og inkluderande sykkelmiljø i Aukra
Kommune med fokus på verdiar som fellesskap og trivsel gjennom fysisk aktivitet.
Vi satsar på å aktivere syklistar alle
aldrar i idrettslaget vårt, det blir mellom
anna lagt fokus på Skogsritt og ungdomstreningar for dei unge. Klubben skal
også leggje forholda til rette for dei som
ønskjer å satse litt meir seriøst, og har
blant anna fellestreningar og ulike sykkelritt på programmet.
I år var vi 14 stk. som deltok på Birkebeinerrittet som er treningsmålet for
nokre av oss. Vi har som mål å vere 30
stk. på startstreken til neste år. Har også
som fokus å få med fleire ungdomar
både på trening og ritt til neste år. Bendik Julnes Kjøll var einaste som stilte
på Ungdomsbirken denne gongen. Ei fantastisk morosam helg for oss som
reiste! Kanskje blir du med neste år?
Ta kontakt med oss på Aukra Sykkelklubb sin side på Facebook eller
send mail til [email protected] for spørsmål, om du ønskjer å bli
medlem eller berre støtte klubben vår.
Vi vil takke alle som har stilt opp i år, små og store! Og håper på å sjå
enda fleire syklistar etter vegane framover.
Den 1. - 3. november
blir VARD Aukracupen
arrangert for 25. gong.
Arrangementet starter
fredag ettermiddag i
Aukrahallen og avsluttast søndags ettermiddag med premieutdeling. Laurdag kveld
ønskjer vi å markere
25-års jubileet ved å arrangere eit diskotek for
deltakarane på Soltun og det blir også i den anledning avfyrt eit fyrverkeri
ca. kl 21.15, til glede for alle dei som har møtt opp.
Gossen idrettslag ønskjer å markere at det nå er 25 år sidan cupen
første gang ble arrangert, og at det er nedlagt flerre tusen dugnadstimer
sidan den gang. Utan ein fantastisk dugnadsinnsats av store og små, samt
god støtte frå kommune og næringslivet, ville man aldri ha kunne feira ein
så sprek og aktiv jubilant. Vi skal derfor ikkje forbigå denne anledningen i
stillhet, men heller gjøre arrangementet i 2013 til ei minneverdig oppleving
for alle.
I år håper vi at store og små tek turen til Aukrahallen denne første helga
i november for å ta del i jubileet som spiller, trener, vaffelsteiker, ryddehjelp,
eller publikum. Vi ønskjer derfor alle hjertelig velkommen til Aukrahallen
for å sjå topp spilleglede blant fotball jenter og gutter i alderen 12 til 16år.
Hilsen Styret i Vard Aukracupen 2013.
16
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
Aktuelt frå NAV Aukra
Høy yrkesdeltaking er det sentrale målet i NAV. Vi bistår arbeidssøkjarar med å få jobb og a­ rbeidsgivarar med å skaffe
arbeidskraft. NAV Aukra jobbar for at NAV blir den sentrale og f­øretrekte leverandøren av arbeidskraft.
Rekrutteringsbistand
nav.no – rask og effektiv rekruttering
Arbeidsgivarar med rekrutteringsbehov kan
kontakte NAV for å få rekrutteringsbistand. NAV
søker då opp aktuelle arbeidssøkjarar med riktig
kompetanse, avklarar at desse er motiverte og
disponible, og tilviser deretter eit avtalt antall
kandidatar til arbeidsgivar.
NAV tilbyr rekrutteringsbistand både til faste
og midlertidige jobbar. NAV kan bistå både ved
rekruttering til ei enkelt stilling og når arbeidsgivar trenger fleire nye medarbeidarar. Dersom
arbeidsgivar har eit stort rekrutteringsbehov kan
NAV bistå med å arrangere en jobbmesse kor arbeidsgivar og aktuelle arbeidssøkjarar kan møtes.
Dersom det er hensiktsmessig kan NAV også
bistå med å kvalifisere arbeidssøkjarar slik at
disse får den naudsynte yrkeskompetansen som
arbeidsgivar etterspør. Dette kan være spesielt
aktuelt når arbeidsgivar har eit stort antall ledige
stillingar som skal besettast.
Ved å registrere deg som arbeidsgivar på nav.no
kan du:
• Registrere stillingsannonsen sjølv
­- Det er enkelt
­- Annonsen er på nav.no neste virkedag
­- Du når flest arbeidssøkjarar
­- Det er gratis
• Søke i Norges største cv-database
-­ Du finner alle arbeidssøkjarar som er registrert
hos NAV
­- Du finner cv til mange personer som ønskjer å
skifte jobb
•Lovar og regelverk
•Mulige samarbeidspartnarar i EU/EØS landa
Vi kan også bistå med:
•tips og råd ved utforming av innhaldet i stillingsannonsen. Kva bør den innehalde for at
den skal bli lagt merke til i utlandet?
•utlysing og følgje opp stillinga i hele eller deler
av EU/EØS-området via ulike kanalar som nav.
no, EURES Portalen (Europeisk Portal for Jobbmobilitet), jobbsentre, fagtidsskrifter og aviser.
•bistå med den første utveljinga av kandidatar.
•arrangere møter, jobbmesser eller konferansar i Norge eller utlandet i forbindelse med
rekruttering til din bedrift.
Rekruttering fra EU/EØS – NAV EURES
NAV EURES kan informere om:
•Bransjar og marknader
•Tilgang på arbeidskraft i EU/EØS- landa
Ny app: NAV Sykefravær
Appen gjør det enklare for små og mellomstore verksemder å følgje opp sjukemeldte medarbeidarar og overhalde
fristane i oppfølgingsarbeidet. Nå også i Android-versjon.
Appen er laga for leiarar med ansvar for oppfølging av sjukemeldte medarbeidarar.
«NAV Sykefravær» innehelder:
•Huskeliste over lovpålagte oppfølgingspunkter med informasjon om tidsfristar og kven som har ansvaret.
•Eit varslingssystem som gjev påminninger undervegs. Den varslar om alle kommande aktiviteter for sjukemeldte
­medarbeidarar to veker før fristen går ut med ein siste påminning same dag.
•Tips og råd, blant anna om korleis arbeidsgivarar kan førebygge sjukefråvær og legge til rette for at arbeidstakarar
som er sjukemeldt kan fortsette i arbeid.
Last ned appen på nav.no, eller scann QR-koden (bildet).
PIZZA/REKE/TACO
BUFFET
ONSDAGER
KL. 17 - 22
aukra.kommune.no
17
Nytt frå Aukra Næringsforum
Stor stas under dåpen av FSVs Multi Server. Ein milepæl på jobb for Petter Thoresen.
FSV Group i medvind:
– Godt utgangspunkt for vidare vekst
Petter Thoresen var berre 16 år då han starta si første bedrift. Han starta med leppefisk som han leverte til lokale
oppdrettsanlegg. I dag er han dagleg leiar for FSV Group som leverer til den same næringa. Men tenestene og omfanget er i ein heilt anna liga. Selskapet har fått langtidskontraktar med dei store, som gir et godt grunnlag for å ta nye
markedsandelar.
– Ikkje ein rutinefyr
Interessa for oppdrettsnæringa har Petter Thoresen (32) tatt med seg frå tida han villfanga leppefisk, som oppdrettarane putta opp i mæra for
å ete lus av fisken. I dag driv han i større skala,
i eit selskap han var med å starte som har 14
faste tilsette. Dei eig to spesialbygde båtar som
jobbar mot oppdrettsnæringa med ankerfortøying, frakt, slep og avlusing. I staden for leppefisk
brukast det no hydrogenperoxid (H2O2) som
sprøytast inn i mæra.
– Fartøya våre heiter Multi Server og Multi
Pioner, og som namna seier kan dei brukast til
mykje. Eg har alltid hatt interesse for oppdrettsnæringa og etter kvart båtar. Før eg vart med på
å starte opp FSV Group jobba eg som økonom
i PwC (konsulentselskap) i Oslo, men eg følgde
med på oppdrettsnæringa heile vegen. Eg tenkte
etter kvart at det ville skje noko på fartøyfronten
i næringa, og det ser vi i dag stemmer, seier Petter Thoresen.
Er du den typiske gründeren som er ung og uredd?
– Eg har aldri vore ein rutinefyr, det kan eg seie.
18
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
Ein kan heller ikkje vere redd når man skal starte
opp noko slikt. Viss eg hadde vore tryggleikssøkjande hadde eg nok fortsatt i jobben i Oslo,
seier Thoresen.
Godt utgangspunkt
Saman med fire andre kloke hovud starta han
å utvikle båtar som var større og meir fleksible
enn dei som eksisterte frå før. Endre Brekstad frå
Tustna, som er teknisk sjef, har saman med Petter
jobba fulltid i FSV Group frå starten.
Markanden er prega av stor konkurranse
med dyktige aktørar som kjempar om jobbane. I følgje Thoresen kjempar dei om ein
marknad på om lag 1,5 milliardar. Dei to
største aktørane i oppdrettsnæringa, Salmar
og Marine Harvest, har teikna to kontraktar
etter at selskapet deira vart etablert. FSV
Group fekk begge. 5-årskontraktane med dei
store aktørane gir tryggleik for våre tilsette og
underleverandørar. Det gir dei spelerom til å
tenkje meir langsiktig.
– Me ser ein dreiing mot at kundane vil ha
større båtar. Me er dei einaste på marknaden
som har båtar over 15 meter. Så det verkar som
me har treft godt med produktet vårt. No er
det slik at me har to salskanalar, og det er båtane
våre. God drift og fokus på HMS gir det beste
utgangspunktet for meir sal, seier Thoresen.
Selskapet ser gode moglegheiter i marknaden.
Dei skal fortsette å bygge båtar og auke arbeidsstoken som i dag tel om lag 16 årsverk, spreidd
over heile Noreg.
– Oppdrettsnæringa er spreidd over heile kysten
og det er arbeidsstokken vår også. Me er ikkje offisielt etablert med kontor nokon stad endå, men
det viktigaste for oss er å være tett på kundane og
prosjekta. Ein kan trygt seie at me er gode kundar
med Norwegian og Widerøe, seier Thoresen.
Hektiske dagar
Selskapet har finansiert båtar for 80 millionar
kroner, noko som betyr at god dialog mot bankar
og investorar har vore nødvendig. Her har Petters bakgrunn kome godt med.
– Noko ein lærer frå å jobbe i store konsulentselskap er det å være strukturert og levere
kvalitet. Å starte dette selskapet har satt krav om
Multi Server på testtur før den gikk ut i prosjekt. Båten er designa av Solstrand Trading i samarbeid med FSV og Group og Marine Harvest.
FSVs fartøy er spesialdesigna mot oppdrettsnæringa, men kan også benyttast mot andre bransjar, som til dømes olje og offshore.
at kreativiteten vår måtte bli satt i system og gitt
ei retning. Det har vore veldig tidkrevjande og
det er travle dagar. Eg trur eg har hatt to helger
fri sidan i sommar, men det er frivillig og veldig
spanande, seier den unge gründeren og fortsett:
– Me ser at båtane er så funksjonelle at dei
også kan vere aktuelle mot andre bransjar også.
Men posisjon me allereie har opparbeida oss
mot oppdrettsnæringa er et veldig godt utgangspunkt for å rulle vidare.
Tekst: Arnt Olav Hønsvik Foto: Arnt Olav Hønsvik/FSV group.
Petter og dei andre i FSV Group har hektiske dagar på jobb,
men kvardagen er spanande og utfordrande. Dei ser lyst på
framtida og skal fortsette å bygge båtar som skal være bransjeledande.
aukra.kommune.no
19
Nytt frå Aukra Næringsforum
«Karagruppa» poserer: frå venstre:
Odd Jarle Eikrem,Ole Asbjørn
Småge, Arne Solem, Magnar Husøy,
Patrick van Gastel (Slo seg med for
anledninga), Jakob Ulriksborg og
Frank Sporsem (Instruktør).
Treningslyst i særklasse!
Hos Aukra Treningssenter løftas det vekter på harde livet. Sveitta piplar og det pustast og pesast. – Du greier ein til,
seier instruktøren oppmuntrande. Karane som kjører ei formiddagsøkt er alle gått i pensjonistanes rekkjer. Dei lovprisar alle tilbodet frå Aukra Treningssenter.
– Slakkare aldringskurve
– Eg merkar veldig stor forskjell frå da eg starta
her. To gonger i veka med styrketrening gjer godt,
også er dette veldig sosialt og triveleg, seier Jacob
Ulriksborg som har vore pensjonist sidan 1995.
Saman med om lag seks andre pensjonistar på
Aukra nyttar han seg av tilbodet som Aukra Treningssenter og Frank Sporsem organisert. Praten
går om laust og fast mellom dei tunge løfta. Det
er tydeleg at dei trivst i treningssenteret.
Jacob har i ei årrekkje arbeid som maskinist i
Nordsjøen og har intill for eit par år sidan ikkje
hatt erfaring med denne typen trening.
– Eg har hatt god helse hele vegen og har gått
mykje turar, men aldri vore innom eit treningssenter. Dette er eit veldig godt tilbod som me
merkar er bra for oss. Me kjem i betre form og
da verkar alt det andre lettare også. Ein kan godt
seie at dette er med å gi oss ei slakare aldringskurve, seier Ulriksborg noko som bringer fram
latteren hos dei andre.
– Bidrar til at eg held meg oppe
Ikkje alle har vore like heldig med helsa som
Jacob. Fleire av dei andre treningskameratane
har hatt alvorlege sjukdommar og skader. For dei
har treningstilbodet vore essensielt i forhold til å
kunne fungere godt i kvardagen.
Arne Solem vart råka av ei sjeldan sjukdom
som gikk på sentralnervesystemet og som også
gikk utover beinbygning.
– For meg har dette vore ekstremt viktig. Styrketreninga bidrar til å bygge opp at muskulaturen,
som gjer at eg kan halde meg oppe og gå. I tillegg
blir eg vedlikehalden av kjerringa, seier Solem og
latteren bryt ut igjen.
Odd Jarle Eikrem og Magnar Husøy som har
vore trufaste kundar hos treningssenteret på Au20
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
kra. Odd Jarle vart råka av ei fallulykke ein stund
tilbake og har tru på at styrketreninga har hjelpt
han raskt på beina igjen. Magnar har vore plaga
med stive skuldrer, men har vorte mykje betre
og sterkare i armane.
– Dei som kjem innom blir
Det sosiale aspektet har vore viktig for tilbodet
som Aukra Treningssenter tilbyr dei eldre. Kaffien
står klar etter kvar økt, noko gruppa set stor pris
på. Det blir ein samlingsarena der treningslyst og
gamle og nye historier går hand i hand.
– Fleire av desse har slitt med helsa og vi ser
god framgang hos all. Det viser at dette har noko
for seg. Karagruppa som me kallar dei, er trufaste
brukarar og me ser at dei trivst. Me får veldig
gode tilbakemeldingar, seier Torunn Falkhytten
Simonsen, instruktør ved Aukra Treningssenter.
Senteret har drevet i 16 år og har hatt ein
jamn strøm med kundar gjennom heile perioden. Ormen Lange har bidrege til at tilsette hos
leiefirma har trent jamnleg og fleire lokale firma
som for eksempel Vikenco og Vard har gitt sine
tilsette eit treningstilbod. Aukra kommune legg
også til rette for trening for dei tilsette.
– Eg skal ikkje seie at det har vore veldig god
økonomi i dette, men det går rundt og me har
om lag 100 abonnentar og i tillegg kjem klippekort som bedriftene tilbyr sine tilsette. Me er sju
personar som eig aksjane i treningssenteret, og
ein del dugnadsarbeid har det blitt opp gjennom
tida, så det seier seg sjølv at me trivst med dette,
seier Torunn.
Over kaffikoppen går praten fortsatt laust.
Nokon har returnert tilbake til treningsapparata
for å ta dei siste løfta.
– Desse karane er veldig gode eksempel på
at nokre styrketreningsøkt i veka lønner seg og
Ole Asbjørn Småge tar i eit tungt tak under kyndig veiledning frå
instruktør Frank Sporsem.
Arne Solem tar i, under kyndig veiledning frå Odd Jarle Eikrem.
dei er gode ambassadørar for oss. Eg trur mange
i same aldersgruppe har hatt godt av å bli med
på dette, og oppdage at treningsstudio ikkje er
skummelt i heile tatt. Me ser at dei som først
kjem innom og prøver blir, seier Torunn.
Tekst og foto: Arnt Olav Hønsvik
Åpnar Nyhamna-døra for lokale leverandørar
Erik Fuglseth går i møter med dei store kontraktørane på Nyhamna med eit mål for auget. Å synleggjere dei lokale
bedriftene og kompetansen som finnest i region. Han er med å legge til rette for at lokale aktørar skal få sin del av
kaka på Nyhamna.
– Målet med jobben eg gjer er å både å få gamle
og nye leverandørar til å ta et steg opp i næringskjeda, gjennom å synleggjere for Shell, Kværner og Berenberg og dei andre den bredda det
lokale næringslivet har å tilby. Shell for eksempel
er veldig gira på å bruke lokal kompetanse, som
held rett kvalitet, rett pris og som har den rette
kompetansen, men det er viktig at potensielle
leverandørar er frampå sjølv, seier Erik Fuglseth i
Navitas som jobbar for å posisjonere bedriftene.
Prosjektet er finansiert av Aukra Næringsforum.
Samarbeid gir styrke
For at ein potensiell leverandør i det heile skal
ha sjans til å få oppdrag frå dei store selskapa
på Nyhamna er dei nøydt å oppfylle gitte krav.
Ein ting er formelle godkjenningar, som å vere
registert i Achilles. Selskapa har ofte eigne krav
som må oppfyllast av leverandørane, som til
dømes strenge HMS-krav. Derfor må potensielle
leverandører gjere ein innsats i å finne ut kva
desse krava er, og oppfylle dei. Viss ikkje er det
ingen vits.
– Det formelle må kort og godt vere på plass.
Så enkelt er det. Noko eg vil anbefale den lokale
industrien er å sjå på potensielt samarbeid for å
auke slagkrafta mot dei store jobbane. Shell og
dei andre opererer med innkjøpspakker, på ulike
fagfelt og i varierande størrelsar, som leverandørane kjempar om. Det er ikkje alltid at ein
lokal aktør kan kjempe om disse åleine, så det
kan lønne seg å sjå seg rundt etter samarbeidspartnerar, ikkje berre for eit prosjekt men for eit
langsiktig partnarskap, seier Fuglseth.
To av desse pakkene som har vore ute er ei
civil-kontrakt (anleggsarbeider på Nyhamna)
som hamna hos storaktøren AF-gruppen, og ei
ISO-kontrakt som hamna hos Berenberg. Sjølv
om hovudkontraktane hamnar hos store industrikonsern så dryp det fortsatt på dei lokale. For
eksempel vil AF-gruppen nytta Odd Småge som
underleverandør. Aukra Auto har også fått avtalar
som følgje av den nye utbygginga.
– Eg brukar mykje av tida mi på å halde kontakt med dei store, for å lære korleis dei tenkjer
og korleis dei jobbar. Og ikkje minst bevisstgjere
dei på at næringslivet i området kan bidra. På
denne måten kan eg vere med på å posisjonere
lokal industri. Eg veit nokre bedrifter lurer på
kva som skjer på Nyhamna, sidan det allereie er
begynt gravearbeider der. - Var me ikkje på perrongen når toget gjekk, tenkjer dei. Det er viktig
å huske på at det er frå no av jobbane verkeleg
kjem, seier Fuglseth.
Fuglseth tenkjer ikkje berre på Aukra når han
snakkar om kortreiste underleverandørar. Han
tenkjer region. Han
understreker at heile
regionen, saman med
Aukra, kan finne fellesnemnerar for å kunne
tilby komplimentære
tenester.
– Eg opplever at det
er vilje og ambisjonar
blant bedriftene. Skal
ein greie å kjempe om
dei store innkjøpspakkene må det samarbeidast med andre. Det er
også viktig å tenkje på
at dette er en spesiell
bransje med tanke på
mellom anna HMS.
Potensielle leverandører må ta dette innover
seg, meiner Fuglseth.
Møt
­kontraktørane!
I perioden som kjem
vil det bli arrangert
opne informasjonsmøter om Nyhamnautbygginga, kvar månad
om spesifikke tema.
Der inviterast kontraktørene til å greie ut
om kva som vil skje i
perioden framover og
kva for moglegheiter
som vil dukke opp for
lokale bedrifter.
– Det er ein uformell
setting der det blir
Erik Fuglseth.
moglegheit for å stille
spørsmål direkte til
aktørane. Til dømes vil AF- gruppen stille for å
orientere om behov som kjem i forhold til Civilkontrakta. Dette blir en viktig arena framover for
alle som vil ha sin bit av Nyhamna-prosjektet.
Store aktørar som Shell og dei andre har store
organisasjonar som gjer det vanskeleg å finne
rette personar, men her er det lett, seier Fuglseth.
I løpet av november vil det også bli starta ein
seminarserie som går på leverandørutvikling, for
å belyse tema som krav som må oppfyllast, strukturer og kva som skjer på norsk sokkel framover.
Det blir også tilbod om oppfølging av dei enkelte
bedriftene i etterkant.
– Fokus er å auke kompetansen til leverandørar, der vi tar inn ekspertise på kvart fagfelt.
Formålet er å gjere aktørane i stand til å nå
målet, seier Fuglseth.
Findcontracts.no
Saman med Statoil, Olje- og Energidepartementet og Shell, har Navitas vore med å utvikla ei
ny nettside der nye kontraktar leggast ut. Dette
er ei nasjonal side som ikkje er knytte spesielt til
Nyhamna, men her kjem dei aller fleste oppdrag
til å leggast ut framover. Det er ei open side
som er transperent, som gjer det enkelt å halde
oversikt over oppdrag som kjem og som gjer det
enkelt å by. www.findcontracts.no heiter sida.
Tekst og foto: Arnt Olav Hønsvik
aukra.kommune.no
21
Planarbeid i Aukra kommune
Utbygging av Bergetippen Barnehage
Bergetippen Barnehage er no inn i ein
stor utbyggingsprosess. Ut frå den plana
som er lagt er denne prosessen i rute og
vil vere ferdigstilt til fastlagt tid.
Logistikken i byggeperioda har vore ei utfordring,
der to avdelingar har blitt flytta til Hollingbygg
og dei andre avdelingane har hatt eit innskrenka
område å områ seg på. «Det har vore ein del
utfordringar med dette, både for brukarane
og dei tilsette, men det har gått greitt;» seier
Berit Drejer, styrar i Bergetippen Barnehage. «Vi
ønskjer no at dei som er og skal vere knytta til
barnehagen i framtida skal få litt informasjon om
kva som blir gjort, slik at ein kan sjå at det vert
satsa på kvalitet og ein framtidsretta barnehage»
•Det byggast 3 nye avdelingar i 1.-etg. og personalavdeling i U.-etg. Totalt nytt areal ca. 1000m2.
•Det byggast med bra standard på same nivå
som «nye» Riksfjord skole. Et kvalitetsbygg
med lave framtidige vedlikehaldskostnader.
•Utvendig fasadar blir kledd med Kebony liggande
kledning i kombinasjon med fasadeplater i ulike
farger. Dette vil gi et moderne sprekt uttrykk.
•Vinduer leverast med soldempande glas.
•Innvendig veggoverflater vil bestå av malte
vegger, bjørkefinerte plater og våtromsplater.
Golvbelegg leverast i ulike spreke moderne
farger, og belegg med ekstra demping og
akustikk i leikeareal og kjøkken. Himlingar. beståande av kvite akustikkplater. Det monterast
kjøkken på kvar avdeling tilrettelagt for både
barna og personalet.
•Nytt parkeringsareal for avlevering og henting og parkering er og blir etablert mot vest.
Dette er felles med skolen.
•Uteområdet rundt den nye barnehagen blir
også meget bra for barna med mellom anna
akebakke, sklie, klatrenett, labyrint, sandkasse
og leikeområder med gummibelegg.
•Bygget oppfyller også kravet til fornybar energi.
Oppvarming av barnehagen skjer i form av
vannbåren golvvarme.
•Fornybar energi i form av 3 stk. energibrønnar
som er boret i ei dybde ca. 170m ned i fjellet.
•Det leverast også varmegjenvinnar på ventilasjonsanlegget.
Berit Drejer
Styrar Bergetippen Barnehage
Svein Ivar Byttingsvik
Ingeniør Avd. TEB
(Teknikk, eigedom og brann)
Utbygging av 4. avdelinga på
Furutun, ved Barnebo barnehage
Køyring av barn til skulen – anbefalt køyrerute
Vaktene som deltok i trafikktryggingstiltaket den første skoleveka, har gjort seg
nokre erfaringar som vi ønskjer å rette fokuset på. Den eine utfordringa er køyring
av barn til skulen.
Det er ein del trafikk av både bilar og mjuke trafikantar i krysset frå Riksfjordvegen til Skolevegen (blå ring). Det er ønskjeleg at dei som nyttar denne avkøyrselen
ved køyring av barn til skulen, ikkje køyrer same veg tilbake, men køyrer «nyvegen»
ut frå skuleområdet når barnet er levert. Ein kan også køyre vegen bak hotellet, men
vi oppmodar at ein bruker nyvegen. Dette for å unngå stor trafikk i alle retningar i
krysset Skolevegen-Riksfjordvegen.
No er også gangvegen på andre sida av Skolevegen på plass (blå strek). Gangveg
på begge sider av skolevegen vil lette trafikkavviklinga i dette krysset.
Med eit ønske om ein trygg skuleveg frå samarbeidspartnarane;
Lensmannen i Sund, FAU,
Aukra kommune, VARD, Shell og Kværner
22
Kommuneavisa for Aukra
nr 3 oktober 2013
Hausten 2014 skal alle barn
i alderen 1-3 år, verte samla under eitt tak. I vår starta utbygginga av 4. avdelinga på Furutun
ved Barnebo barnehage.
Vi var spente på korleis det
ville gå å drive barnehage så
tett på ein byggeplass. Bygget
er plassert på tomta slik at det vart naturleg å stenge av heile
baksida av bygget med gjerde. Anleggstrafikken har tilkomst
gjennom eigen port. Barna er nysgjerrige på kva som foregår
på byggeplassen og følger godt med gjennom anleggsgjerdet.
Høgdepunkta er når krana vert brukt og når det kjem store bilar
med leveransar til byggeplassen.
Vi ønskte oss større parkeringsplass og til oppstart nytt barnehageår stod den utvida parkeringsplassen klar. No er det god nok
kapasitet for foreldre å parkere og det er tydeleg oppmerka kor
dei kan parkere ved henting og bringing.
Men vi veit óg at med bygging følgjer det lyd, og av og til direkte støy. Når murveggen på baksida vart riven, gjekk Skogstjerna
på tur for å sleppe bråket. Dei som søv i vogn ute på Blåklokka
og Kvitveisen, bryr seg ikkje om aktiviteten på baksida.
Vi gler oss til å sjå og følgje byggearbeidet vidare fram mot
ferdigstilling.
Sissel Oliv Garseth
styrar
ET FANTASTISK
EVENTYR TUSEN
METER UNDER HAVET!
www.ormenlangeworld.com
Partnere:
Jobben min
Aud Kjersti Torbjørnsen er
nyleg tilsett som biblioteksjef i
vikariat. Ho kjem opprinneleg
frå ­Stavanger og er utdanna formidlar.
Aud Kjersti har tidlegare
jobba med mellom anna
fritidsklubbar for ungdom
og som vikar på biblioteket
på Sola. I det siste har ho
reist land og strand rundt
for kulturfond bøker. I den
forbinding har ho ved fleire
anledningar vore i Møre og
Romsdal og forelska seg raskt
i dei skjønne områda. Difor
var valet ganske enkelt då
ho fekk jobben som vikar på
Aukra folkebibliotek.
«Eg har fått verdens mest
Foto: Jan Inge Tangen.
fantastiske naboar og Hoksneset er ei perle på jorda,»
seier ho då eg spør om korleis det har vore å flytte hit til Gossen.
«Når det gjeld jobben, så må eg lene meg tungt på dei som har lokalkunnskap, og dei er det mange av. Eg skal vere ein tenar for folket og
skal stå på pinne for å gje dei best mogleg service.»
Ut til folket
Aud Kjersti brenn for kulturformidling, i alle formar. Difor er ho glad
for at ho har eit godt samarbeid med resten av kulturavdelinga i
kommunen, og håper på mykje samarbeid med dei i tida framover. I
tillegg synest ho det er godt å ha ein samarbeidspartner som Aukra
frivilligsentral. Sentralen kan vere med å løfte moglegheitene for å nå
ut til folket.
«Eg er oppteken av at litteratur skal nå ut. Difor må eg lese mykje
sjølv. Av og til kan eg gå tur og samtidig lese». På kveldstid les ho
mykje. «Eg må vere førebudd i jobben min, og kunnskap om bøker
er det det handlar om. Eg er også oppteken av at born skal bli kjend
med litteratur frå tidleg av. Her har kanskje pappaene ein viktegare
rolle enn dei trur. Det er godt å høyre far lese, og far kan nytte denne
tida til å undrast saman med borna sine.»
kommuneavisa
Kulturskoletimen
For skuleåret 2013-2014 har kommunen fått tildelt friske
midlar frå staten til satsing på meir kultur for barn og unge.
Kulturskoletimen er eit frivillig og
gratis tilbod til barn frå 1.-4.trinn. Tilbodet er lagt til SFO tida og er tenkt
som gruppeundervisning. Kulturskolen i Aukra gir for dette skuleåret
tilbod om kor for 1. trinn på Gossen
og for 1.og 2.trinn på Julsundet.
Vi hadde ein liten prat med tre
jenter frå 2. klasse og tre gutar frå 1.
klasse på Julsundet skole
Vi spurde dei om kva dei syns om å syngje i kor i kulturtimen på SFO.
Jentene svara at det er morosamt å syngje i kor. «Vi får lov til å syngje
sterkt og det er artig». Dei fortalte vidare at dei har vore glad i å syngje
sidan dei var to år, og så sang dei ein liten song for meg.
Gutane syns det er tøft å varme opp. «Då får vi lov til å lage grimaser
og rare lydar». Det er artig med rørsle til songane og nokon gonger får vi
bestemme kva for rørsle som passar til songen. Det er artig å syngje, men
godt å få sitte litt på korbenkane.
Av Malin Solberg og Laila Haukås
Ledige plassar i Aukra kulturskole
Aukra kulturskole har ledig plass på følgjande fagtilbod:
•INTRO (6-8 år)
•Klassisk-jazz og moderne dans
(gruppe..?)
•Lyd og Produksjon (frå 14 år)
•Vaksen trimgruppe/pilates
•Teiknekurs for vaksne
Søknasskjema finn du på: www.aukra.kommune.no
årgang 18 / utgåve 3
Utgjevar:
Aukra kommune
Grafisk produksjon og trykk:
EKH.no, Molde
Redaksjon kommuneavisa:
Dagfinn Aasen (ansvarleg redaktør)
Bernhard Riksfjord
Jan Inge W. Tangen
Ingrid Husøy Rimstad
Marianne Zalik
Geir Göncz
Foto:
Aukra kommune når ikkje anna er oppgitt.
Annonsering:
Ta kontakt med Berit Breistrand
Tlf.: 404 01 782, e-post: [email protected]
Plan for utgjeving 2013:
nr 1 mars
før påske
nr 2 juni
før ferie
nr 3 oktober
haustnummer
nr 4 desember
julenummer
Tips oss!
[email protected]
KONTAKTINFO:
e-post:[email protected]
internett:aukra.kommune.no
opningstid:
08.00 – 15.30
sentralbord: 71 17 15 00
Legekontoret 71 17 14 00
Julsundet skole 71 17 18 80
Riksfjord skole 71 17 14 70
Barnebo barnehage
71 17 14 40
Bergetippen barnehage 71 17 22 98
Pleie og Omsorg
71 17 11 30
Vakttelefon heimetenesta 41 85 90 00
NAV
74 73 38 80
Vakttelefon vatn/avløp 91 51 67 40
AUKRA KOMMUNE TEK VÅRT FELLES MILJØ PÅ ALVOR
Kommuneavisa er trykket på papiret G-Print som er godkjent for Svanemerking. Avisa produseres ved EKH Grafisk i Molde, som i sin helhet er
­miljøsertifisert av Svanen. Svanemerket gir en garanti for at produktet er blant de minst miljøbelastende innenfor den aktuelle produktgruppen.
miljømerket trykksak
241 690