Kommuneavis nr. 1

Download Report

Transcript Kommuneavis nr. 1

KOMMUNEAVISA
Folkefest på
Aukradagen
Ordførar Bernhard Riksfjord saman
med ei nøgd Heidi Løklingholm, som
blei Årets Aukraværing
NR. 1 • 2014
INFORMASJON
INNHOLD
18
Intervju med­
­rådmannen
10
16
Songarglede
Ordføreren har ordet
Rådmannen har ordet
Info frå Aukra Kulturskole
Aukra – full av energi!
Ny rådmann i Aukra kommune
Info frå Barnebo
Markering av ­grunnlovsjubileet
MOT turné 2014
17. Mai tale
Lag og organisasjonar
Besøksvenn
Aukra kommune har fått ny heimeside
Aukradagen 2014
Ein rådmann takkar av
Nytt og flott i Bergetippen!
Aktuelt fra NAV Aukra
Nytt frå Aukra Næringsforum
Ny grafisk profil
Juniorsiden
Gassknutepunkt Nyhamna jubileum
Planarbeid
Kommunen informerer
Aukradagen 2014
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
:
3
4
4
5
6
7
8
8
9
10
12
14
16
18
20
21
22
24
25
26
26
27
2
22
Gourmetsalt frå Aukra
Kjære
innbyggarar
Som gode ambassadørar, er svært mange av dokker direkte og indirekte, delaktige i det som vert lagt til
grunn for vårt omdømme i for eksempel bedrifter, lag, organisasjonar, innbyggarar, og kommunen. Det
vert lagt merke til både internt og eksternt. Derfor er dokker alle viktige bidragsytarar som ambassadørar
i små og store samanhengar.
Vi har på nasjonalt og kommunalt nivå markert vårt 200 års jubileum for den norske grunnlova på forskjellige arenaer og vis. Kanskje har vi fått litt tid til og tenkje over kva som eigentlig ligg til grunn for vårt
demokrati og styresett. Slik vi lev og har det i dag, slik har det ikkje alltid vore i vårt kjære fedreland. Og den
lange og korte historia har vist oss: Vi er i dag glad over at det var og er personar og grupper som tek opp
kampen om urett, menneskerettar, fridom og andre forhold, som vi i dag ser på som ein sjølvfølgje. Sterke
krefter, og mange som vart valt til å forvalte demokratiet, var ikkje interessert i å forandre, eller rette opp
openbare urettar. Heldigvis for mange av oss, ser dei aller fleste i etterkant at dette var nødvendige tiltak
og forandringar i vårt lovverk. Og ikkje minst, det må etterlevast av oss som grupper og enkeltpersonar.
Eg var sjølv so heldig å bli invitert, og å være tilstade i Oslo under den nasjonale markeringa for grunnlova.
Saman med representantar frå alle politiske nivå, embetsverk og andre. Kong Harald inviterte oss i tillegg,
til mottaking, der konge og kronprinsparet saman med prinsesse Astrid, tok oss i mot som vertskap på
slottet, på ein høgtideleg og god måte.
Dei fleste av oss har sikkert fått med seg den store kommunereforma som er varsla skal kome og er
planlagt skal vedtakast i stortinget dei kommande to åra, der talet 100 kommunar i Noreg er eit uttalt og
ønskeleg mål. Og interkommunale samarbeidsordningar, uansett kor gode dei er, ikkje skal kunne vidareførast. Etter mitt syn er ikkje dette nok gjennomarbeidd, og heller ikkje godt nytt for kommune Noreg og
innbyggarane. Eg er ikkje prinsippelt i mot kommunesamanslåingar eller samarbeid, men då må og skal det
komme til anvending etter lokale og regionale ønskjer frå dei aktuelle kommunane.
Aukra kommune er som ein veit, i dialog med Midsund kommune om ei mogleg kommunesamanslåing,
når samferdselsløysingar med bruer og anna er på plass, der det også vert lagt opp til ei eventuell folkerøysting. Eg lovar å arrangere folkemøter med dette som tema i tida som kjem, når meir eksakte vedtak
vert bestemt og avklara sentralt, men stortingsproposisjonen om dette er allereie fremma av regjeringa.
Kommunestyret får seg sjølvsakt også førelagt saker om mulig kommunesamanslåing i tida framover. Eg
er overtyda at Aukra og Midsund kommune vil kunne greie seg godt. I staden for den store draumen for
mange «Stor Romsdal» eller eit anna namn.
For Aukra kommune er det i tillegg til den beboda kommunereforma, særs viktig å vere godt førebudd,
ha gode relasjonar med andre ilandførings, kraft og kystkommunar. Der ein må ha gode og nødvendig
dialog med sentrale myndigheiter og andre. Og delta på arenaer der bortfall, og eller endringar som gjeld
eigedomsskatt inntekter er tema. Vi har etter uttallige møter og drøftingar det siste halvåret vunne fram
med våre argument om fortsatt vidareføring av eigedomsinntektene i inneverande periode. Etter mitt syn
vil dette være alfa og omega for å kunne vidareutvikle kommunen, anten det gjeld investeringar i bygg og
anlegg, eller ha gode kommunale tenester på alle driftsnivå. Dette er to store og viktige saker for oss alle,
som vi må og skal legge stor vekt på å kunne behalde slik vi vil ha det. Eg ønskjer dokker alle, og sjølvsakt
våre store og små ambassadørar, ein god sommar.
Vennleg helsing,
Bernhard Riksfjord, ordførar
3
Ledige plassar på
Aukra Kulturskole
AUKRA KULTURSKOLE HAR LEDIG
PLASS PÅ TILBODA:
zz KuDraMuDa
zz Voksen Trimgruppe (Pilates)
zz Teater (Bornegruppe 8 - 11 år)
KuDraMuDa
Introduksjonstilbod for 3 år til skulealder, innom alle områder innan kultur: Kunst, drama, musikk og dans.
Lærer forskjellige tilbod i bolkar gjennom året.
Rådmannen
VOKSEN TRIMGRUPPE (PILATES)
Pilatestrening for eldre, godt for kropp og sinn. Lærar Maria
Ryther Hoem frå Operaen i Kristiansund.
TEATER (BORNEGRUPPE)
For 8 – 11 år
Frå hausten 2014 vil teaterelevane i bornegruppa ha eigen
undervisning som kulminerar i eigen forestilling. Meir info
kjem seinare.
Etter 6 ½ år som rådmann i Aukra, er tida no inne til å
takke for meg.
Første januar 2008 tok eg til i stillinga som rådmann,
og det har vore svært interessant å vere administrativ
leiar for organisasjonen Aukra kommune desse åra.
Aukra er spesiell, ikkje minst på grunn av gassfeltet
Ormen Lange, og at Nyhamna vart vald som ilandføringsstad. Det er lett for ein kommune å bli sjølvopptatt i ein slik situasjon, at Aukra blir verdas
midtpunkt, men det er grunn til å hevde
at slik har det ikkje gått.
Søknadsskjema finn du på www.aukra.kulturskole.no
Kulturskulen inn i nye lokalar
Å vere vertskommune for eit industrieventyr som ilandføringsanlegget representerer er krevande, samstundes som det
gir store mulegheiter med omsyn til tenesteutvikling
og utbygging. På alle sektorar vil Aukra vere ein «up-todate» kommune om få år.
Aukra Kulturskole startar opp året
2014/2015 i oppussa lokaler i Riksfjord skole.
Frå hausten 2014 vert Aukra Kulturskole å
finna i lokala ved Riksfjord skole. Der har dei
fått oppussa den gamle administrasjonsfløya til sitt bruk, som
ei løysing fram til kulturhuset på Gossen vert ferdig.
Mange – både i og utanfor kommunen – vil nok oppfatte Aukra som ein
slags onkel Skrue-organisasjon, som
har trekt det store vinnarloddet. Når
omdømet til kommunen stort sett er
godt, til tross for velstanden, er det
fordi kommunen har utvikla seg til å
bli ein rausare organisasjon, der regionen også får nyte godt av ressursane. Det har vore ein suksessfaktor.
Her har dei fått ein dansesal på 100m2 av to klasserom, 3
undervisningsrom, fullt utrusta bandrom, teiknesal og administrasjonsfløy. Uværshallen vert nytta som mottak av elevar
og opphaldssal med aktivitetar for dei som har god tid før sin
undervisning.
To av dei gamle klasseromma er satt av til sambruk med Gossen Bygdekvinnelag og Gossen Musikkorps, og alle dei andre
aktørane på Aukratun som har nytta salen har blitt tilbudt
vidare samarbeid i den nye dansesalen.
Eg har trivdest veldig godt i Aukra, med leiarar, folkevalde, medarbeidarar og tillitsvalde. Det er
difor med blanda følelsar eg takkar av som
rådmann. Rett nok skal eg fortsette å arbeide med nokre utvalde prosjekt, men
stafettpinnen og totalansvaret overlet eg
til ein annan over 1. august. Eg rettar med
dette ein stor takk til alle eg har møtt og
samarbeidd med desse åra, og ønskjer
alle saman ein god sommar!
Daniel Stølen Alme, som fungerar som rektor fram til hausten 2014, seier at desse lokala er det kulturskulen treng no
når han har vorten så omfattande med mange fag som skal
undervise samtidig. 12 lærarar er innom på ei veke, og treng
meir enn eit kontor å undervise på.
«På gamle Riksfjord skole har kulturskulen fått det dei treng
med fleire rom og meir plass, og me er godt nøgde med standarden som teknisk avdeling har lagt opp til for oss.»
Dagfinn Aasen
rådmann
4
Tilsette i Aukra kommune er nøgd
med innsats og eiga prestasjon.
AUKRA – FULL AV ENERGI!
Har Aukra kommune dei sprekaste tilsette og politikarar?
Oppslutninga kring Aukra kommune sin aktivitetskonkurranse har vore over all forventing. Ca. 85 %
av alle tilsette deltek med skritt- og aktivitetsregistering. Også kommunestyret sine medlemmer deltek,
og konkurrerer mot administrasjonen. Med den store oppslutninga om aktivitetskonkurransen vert det
ikkje gjort skam på kommunen sitt slagord: Aukra
– full av energi.
Ikkje berre sparar ein miljøet gjennom mindre bilbruk, men
mest av alt har dette ein stor helseeffekt.
I aktivitetskonkurransen er målet å holde eit daglig aktivitetsnivå på gjennomsnittlig 10 000 skritt om dagen. Alle aktivitetar
teller, anten du går, syklar, dansar, speler golf eller gjer hus- eller hagearbeid. Det er lagt til rette for aktivitetsregistrering på
nettportalen dytt.no. Ein konkurrerer først og fremst med seg
sjølv. I tillegg har mange danna lag på eigen arbeidsplass, og
einingane i kommunen konkurrerer med kvarandre.
Aukra kommune går no inn i siste del av vårens vakraste eventyr. I løpet av 70 dagar (7.april - 15.juni) er tilsette og politikarar
utfordra til ein meir aktiv kvardag. Å auke kvardagsaktiviteten
er eit viktig tiltak i folkehelsearbeidet i kommunen.
Samtidig med aktivitetskonkurransen vart også ny logo og grafisk profil for Aukra kommune lansert. Alle tilsette som er med
i aktivitetskonkurransen er utstyrt med t-skjorte, buff og drikkeflaske med den nye kommuneprofilen.
Hittil er det registrert 206 431 654 skritt. Det vil seie at tilsette
og politikarar har tilbakelagt over 159 247 km, noko som betyr
at ein allereie har gått fire gonger rundt jorda. Dette er imponerande!
Therese S. Viken
Folkehelsekoordinator
Vi kan bustadlån.
Spør oss!
Dei beste vilkåra får du gjennom
Møre Ung og Møre Verdi.
Barbro Mork Emblem
Tlf. 930 32 933
Nils Arve Solem
Tlf. 915 43 185
Ida Laurie
Mary Ann Grøttumsbraaten
Tlf. 974 15 082
Tlf. 958 87 989
5
Ny rådmann i Aukra kommune
12. juni blei det i eit vedtak i kommune­styret
bestemt at ny rådmann i Aukra kommune
blir Ingrid Husøy Rimstad. Ingrid kjem frå
stillinga som kommunalsjef for drift og forvaltning i Aukra kommune og er godt kjent
med organisasjonen frå før. Ho vil overta
stillinga etter noverande rådmann Dagfinn
Aasen, som fratrer 1. august 2014.
Kommuneavisa vil i neste utgåve presentere den
nye rådmannen i eit lengre intervju.
Ein nøgd ordførar B
­ ernhard
Riksfjord ­gratulerar Ingrid
Husøy Rimstad som nytilsett
rådmann i Aukra kommune.
6
LEIKEPLASSANE PÅ
BARNEBO
Sommarmånadene er høgsesong for bruk av leikeplassane våre på ettermiddag og kveldstid. Vi vil gjerne at
leikeplassane vert brukt og at barn, unge og familiar
legg turen sin innom. Her er det høve til varierte aktivitetar for store og små, og bord og benkar til å spise
nista si ved.
VIL DU LÅNE EIN LAVVO?
Vi har fått bygd flotte lavvoar på leikeplassane ved
Aukra­hallen, på Aukratun og på Falkhytten. Desse kan
lånast ut til privatpersonar for sosiale samankomstar
som mellom anna bursdagselskap. Ta kontakt med barnehagen for avtale. Oppfordrar alle brukarar til å rydde
etter seg og bruke søppeldunkane vi har.
Tilsette ved Barnebo
MELDING TIL INNBYGGERE OG BEDRIFTER I AUKRA
Vi bygger ut Bredbånd
og TV på fiber i Aukra
TV-PAKKER
Grunnpakke TV inneholder 28 faste og
15 valgfrie kanaler med HD-dekoder eller CAM-modul, samt eventuelt 6 analoge kanaler uten. Kanaloversikt og mer
informasjon om TV-tilbudet finner du på
vår hjemmeside.
ETABLERING
En normal etableringskostnad for å levere fiber og fibertjenester til din bolig
vil kunne variere fra kr 0,- til kr 7.000,-.
Denne vil være beregnet med grunnlag
i hvor du bor og hvilket område som bygges ut. I noen områder på Gossen er det
allerede lagt ned fiberrør frem til din bolig, mens det i andre områder vil måtte
bygges ut i et samarbeid mellom Aukra
kommune og Sund Bredbånd.
Utbygging av et område er normalt slik
at minst halvparten av husstandene må
ha bestilt et fiberabonnement før det
igangsettes. Områder som ikke er lagt ut
for salg vurderes fortløpende basert på
hvor mange som melder interesse. Både
bestillinger i salgsområder og melding
om din interesse i andre områder kan
gjøres fra vår hjemmeside. I områder
som åpnes for salg vil også husstanden
få et eget skriv i postkassa fra oss.
Til slutt vil vi minne om vårt meget gode
alternativ på trådløst bredbånd, som
dekker det aller meste av Aukra. Hele
nettet vårt er nå oppgradert, og kan
levere våre trådløse bredbåndsprodukt
med opp til 15/5 Mbit/s (hhv. ned- og
opplastingshastighet).
Vi leverer også internett via fiber til svært
mange av bedriftene i Aukra, og vi gir
gjerne et tilbud også til din bedrift.
– Din lokale leverandør
BE
RT
IL
BU
D
Internett
599,- pr. mnd.
Internett + TV
799,- pr. mnd.
For mer
informasjon kontakt
vårt kundesenter:
telefon: 40 00 10 26, eller
e-post: [email protected]
www.sundb.no
EKH.no
For privatkunder vil abonnementsprisen
for internett for tiden være 599,- per
måned, og skulle du i tillegg ønske å ha
inkludert Canal Digitals grunnpakke for
TV vil dette koste tilsammen kr 799,- pr.
måned. Fiber er en superrask, sikker og
stabil løsning som med en opp- og nedlastingshastighet på 50/50 mbit/s vil gi
rikelig kapasitet for hele familien.
FI
Foto: Flickr/Pshutterbug
Som de fleste sikkert har merket seg er vi nå godt i gang med å bygge ut
og levere Bredbånd og TV via fiber i mange områder på Gossen. Hvilke områder som er under utbygging eller som planlegges utbygd vil fortløpende
bli oppdatert på vår hjemmeside (www.sundb.no). Der vil du også finne
våre vilkår og et bestillingsskjema.
7
MARKERING AV
­GRUNNLOVSJUBILEET
Elevane på 1.-4.trinn ved Gossen barne og u-skole markerte grunnlovsjubileet frå 5.-9.mai.
1.-4. klasse lærte om grunnlova sitt 200 årsjubileum gjennom ei heil
veke. Det starta med at alle 144 elevane hadde fellestime i Egget
på måndag morgon med korpsmusikk, opplesing og song. Så gjekk
det slag i slag gjennom heile veka. Klassane hadde historietimar og
brukte tid på å bli lære om kvifor vi feira grunnlova. Dei hadde også
eit stort formingsprosjekt felles for alle fire trinna.
På fredag var alle samla på nytt der dei viste fram for kvarandre kva
dei hadde jobba med denne veka.
1. klasse fortalte historia gjennom flotte teikningar som dei viste
på storskjerm medan nasjonalsongar lydde over høgtalaren. Stemningsfult.
2. klasse hadde skreve og øvd på ein grunnlovs-rapp. Det vart ei flott
framføring der etter kvart heile salen vart med. Henrik i 2. fortalte
oss at tipp, tipp, tipp, tipp, tippoldefaren hans var ein av Eidsvollsmennene.
3. klasse framførte eit sjølvskreve talekor om grunnlova, Falsen og
Wergeland med stor presisjon, og så viste dei teikningar til.
4. klasse hadde skreve teater som dei viste oss. Vi fekk vere med
Eidsvollsmennene som skreiv grunnlova, vi fekk treffe han som skulle
bli konge i Norge og mykje meir. Kreative elevar.
Vi avslutta det heile med ein Quiz, den viste at kunnskapen om jubileet hadde auka mykje denne veka.
MOT TURNÉ 2014
Fredag 6. juni fekk Aukra skolane besøk av årets MOT turné. Med seg i bussen denne gongen hadde organisasjonen, mellom anna Chand. Chand blei kjend for det norske
publikummet gjennom deltakinga og sigeren i første sesong av det TV 2 sendte programmet X Faktor i 2009.
Turneen inneheld både ein faglig del – med møter med kommunen
og skolane si leiing og foredrag for lærarar og andre som arbeider
på ungdommane sin arena. Turnédagens høgdepunkt er konserten,
der profesjonelle MOT-musikarar lager eit forrykande show samen
med dei lokale elevane og ungdommane.
Aukra stilte med dyktige musikarar og publikum blei servert mykje
av det beste kommunen har å vise når det gjeld artistar. Saman med
MOT sine eigne aktørar blei dette ein flott konsert.
8
17. MAI TALE
Kjære kvinnfolk, mannfolk å onga, gratulere mæ dagen!
«Ja, vi elsker dette landet», står det i nasjonalsangen.
Men..
Setter me nok pris på det?
Eller tek me de som en selvfølge?
At sånn bør de være. Det er rettferdig. «Fordi vi fortjener det!»
Me e så heldige å leve i et demokrati.
De e blant annet det vi feirer i dag.
Og det gjær me, veldig tydelig, kvar 17. Mai.
Me pynta oss, og me gir høylydt uttrykk for vår kjærlighet til landet, og til kvarandre. Det e fint. Det e vakkert, og det e rett å slett
hærlig.
Det e jo gjerne slik at når du e 15-16 år, så e kanskje ikkje akkurat
17.mai det me ser aller mest fram til. Kan hende det e nokre av
oss ungdomma som ikkje he løst til å gå i 17.mai-tog i de heiletatt.
Du må tidleg opp om morgon og halde pusten i ti minutt
for å få bunad og skjorte på plass. Å det gjer vell at det
blir litt styr å suttring hæme i huse før folke fer komme se ut. Men som en gutt i 10.klasse sa: «Når me
først kjem oss ut i finstasen og med blankpussa
sko og ser på folkelive i Aukra kommune, e de ganske greitt likevel».
For 17. mai e viktig for å ta vare på fellesskapet,
både lokalt og nasjonalt. Au på Gossen meina me
det e viktig å minne om detta. Å vekse opp her betyr å
leve i trygge og gode omgjeivelser.
Denne dagen e au ein festdag for heile nasjonen. Over heile
landet går folk i alle aldrar og markerar med flagg og hurrarop
at me er sjølvstendige, demokratiske, fredelege, he stor grad av
fridom og gode tradisjonar som me ønska å ta vare på.
Og i år er det ekstra stas i 17.mai-toget, for i år e det jubileumsår,
nemelig 200 år sidan grunnlova vart skreve.
Ska en fest som i dag gi oss innhold, må me vite at me deltek i
utformingen av den kvardagen me leve i. Me må bygge videre på
det mennesker foran oss he kjempa for, forma og drømt om. De
he gitt oss et byggverk som er sterkt, innholdsrikt og gjennomtenkt. Nokken he ofra mykje for å gi oss denna arva.
Vår oppgave e å arbeide videre med de som er gitt oss
i gave, gjære byggverket enda sterkere, innholdet
enda mer fargerikt.
Og me må delta i de arbeidet, alle sammen.
Og de viktigste me kan gjære er å se kvarandre,
Respektere kvarandre,
Ta vare på kvarandre.
Gjør me det, blir feiringen som i dag fortjente, vesentlige og gode.
Me vet me e med å forme en kvardag.
Me e med på å videreutvikle et forhold.
Me kan sæ med innhold: «Ja, vi elsker – dette landet.»
I dag ska vi feire i rødt, kvitt og blått. Rød betyr energi, kraft og
livsvilje. Blått sannhet og kommunikasjon. Kvitt renhet og fred.
Og da kan vi sette sammen vårt eget motto for 17. mai.
Med kraft skal vi kommunisere fred og toleranse.
Og så ska me tenkje over og vere stolte av at menst andre land
feirar nasjonaldag med militærparada, e me dei einaste i verdn
som feirar med barnetog og skulefaner.
Me lev i et fantastisk land, kanskje den beste plassen på vår lille
klode. Ikke nåkk mæ det, me lev på den beste plassn i de beste
lande på vår lille klode. Me e blitt trukket ut til å være I den privilegerte klassen, både sosialt, politisk og økonomisk.
I sæ d igjen, Gratulere mæ dagen. Men ikke bare dagen, men alle
andre daga I åre, I livet eller skjennerelt alle daga. Husk på det,
feir alle andre daga som du vil feire den i dag. For grunnlova som
me feira I dag, he me på same måte alle andre daga.
No onga og gamle, no e I ferdi.
Gratulere me dagen alle sammen.
Andrine Sporsem Otterlei
9
LAG OG ORGANISASJONAR
FJELLJOM
– KORET FOR DEG?
«Sång och musik gör något med människor. Fjelljom
är ett gäng sångglada, trevliga, duktiga och uppegående människor som har mycket att bjuda på på
många områden». Dette utsagnet kjem frå vår kjære dirigent Martin Bredin som med sin uoppslitelige
entusiasme og energi gjev sangglede og godt humør
i Sangkoret Fjelljom kvar måndag kveld.
ve medlemmer til einkvar tid i fleire aldersklasser. Dei fleste av
medlemmene kjem frå Julsundet, men vi har og songarar som
er busett i Molde og i Fræna. Koret opptrer ved ulike arrangement både i Julsundet og rundt i nærområdet, som td. lokale
basarar, ved konsertar både i kyrkjer og andre lokale, ved ulike
korsamlingar (korsongarar er sosiale menneske) og så reiser vi
på tur av og til. Koret er medlem i Norges Korforbund Romsdal. Det årlege høgdepunktet for mange korsongarar er nok
songarstemnet, som går på rundgang mellom medlemskora
i Korforbundet.
Vi som er med i koret gler oss over å kunne møte kvarandre
kvar veke og jobbe mot sams mål. Song og musikk gjev mykje
glede i seg sjølv, i tillegg får vi
oppleve det gode samhaldet
og alle dei fine felles opplevingane som vi kan få i
eit songkor.
LITT OM FJELLJOM SI HISTORIE
I åra frå 1948 -50 kom folk frå bygdene Mordal, Fanghol og
Jendem meir eller mindre uformelt saman for å synge. Johan
Gjendem fekk i 1950 songaktiviteten inn i meir faste former,
og koret vart stifta den 14. oktober same år. I åra frå 1962 til
1975 låg koret nede, men fekk då ein ny start med ny dirigent.
Sidan har koret vore i full aktivitet. Mange songglade kvinner
og menn har sunge og hyggja seg i alle desse åra i Fjelljom. Det
har vore skiftande dirigentar og skiftande repertoar, men det
som mest av alt kjenneteiknar koret i dag er eit mangfald av
sjangrar og uttrykksmåtar.
KVEN ER VI?
Sangkoret Fjelljom
er eit blandakor
med base i Julsundet i Aukra kommune. Vi er ca 25 akti-
Energi i innstuderinga av nye stykkar
frå dirigent Martin Bredin.
10
Ein lystig gjeng i Fjelljom ønskjer alle velkommen.
KVA GJER VI?
Vi syng både tradisjonelle salmar og folkesongar, julesongar
til advent- og julekonsertar, nasjonale songar som dei vi framførte ved Grunnlovsjubileet i Vågøykyrkja i februar i år og ikkje minst pop og rock, som ved den store satsinga i fjor med
ein oppsetjing med 70-talls tema i Samfunnshuset i Julsundet
«Fjelljom helt i søtti». No pussar vi på dei siste detaljane til
songarstemnet som går av stabelen helga 23.-25. mai i Kristiansund. Vi skal framføre utdrag frå den nicaraguanske bondemessa «Misa Campesina Nicaragüense» som vi sette opp
første gong i 2012. Dei fine frigjøringstekstane og dei feiande
mellomamerikanske rytmane akkompagnert av innleia møremusikarar på trommer, bass og piano gjev oss ekstra mykje
glede og energi. I august skal koret ta del i den nyoppretta
Klangfestivalen i Vågøy kyrkje der det blir akustisk musikk tre
dagar til ende. Utover hausten håper vi å arrangere korkafe
med Quiz, og vi har planer om ein konsert på Gossen.
Notar skal innstuderast.
I tillegg til eigne arrangement og samarbeidsprosjekt med
andre kor og musikarar reiser koret med jamne mellomrom
på utanlandsturar. Den siste turen, i 2011 gjekk til Irland. Der
hadde vi konsertar saman med lokale kor og blei særs godt
mottekne. Vi har no så smått tatt til å planlegge tur. Vi håper
å få det til i 2015.
Det kjem jamt nye menneske flyttande til Julsundet og områda
rundt. Kanskje nokon av dykk har lyst til å synge i koret vårt.
Vi har vurdert å by skyss frå/ til ferga for songarar som kjem
frå Gossen ( i påvente av brua). Bur du i Molde, er det heller ikkje noko problem. Fleire av medlemmene kjem frå byen
og vil kunne by på skyss eller samkjøring. Vi som allereie har
funne fram til koret, trivs særs godt med songen og musikken og med kvarandre. Du er hjarteleg velkomen! Ta kontakt
med oss, gjerne direkte med korets leiar, Gerd Huse på tlf. 992
30 589 for ein prat.
VI ØNSKER NYE MEDLEMMER
«Jag önskar att både de som är med och sjunger och de som
hör på ska ha glädje och utbyte på många plan, både som ren
musikupplevelse, som energikick, som självutmaning och inte
minst som en positiv social begivenhet», seier Bredin. Eg vil
seie at han gjev oss eit godt energikick kvar måndag ved sin
entusiastiske og leikne framferd.
Av Tone Skjerven, kormedlem og sekretær
11
BESØKSVENN
Har du tid og lyst til å vere besøksvenn for nokon
som treng deg? Eller kanskje du rett og slett har lyst
på besøk? Frivilligsentralen ønskjer kontakt med
deg. Vi tok ein prat med to som bruker dette tilbodet, Inger Roel Vist som går på besøk og Sigrun
Hoksnes som tek imot besøk.
KORLEIS ER DET Å HA EIN BESØKSVENN SIGRUN?
– Eg syns det er veldig kjekt å sitte og vente på at nokon skal
komme på besøk. Det er triveleg å komme seg ut ein tur ilag
med nokon. Då kan eg ordne med praktiske ting eller det hender at vi tek oss ein tur på Konditoriet, og det syns eg alltid er
svært hyggelig.
KORLEIS FEKK DU VITE OM DETTE TILBODET?
– Det var ho Marit i heimetenesta som informerte om tilbodet
og anbefalte det for meg, og så tok eg kontakt med frivilligsentralen og dei ordna med ein besøksvenn til meg.
KVIFOR SKAFFA DU DEG EIN BESØKSVENN?
– Eg syns det er tryggare å gå ut ilag med nokon, eg trives ikkje
så godt med å gå ut aleine.
KVA VIL DU SEIE TIL ANDRE SOM TENKER PÅ Å
­SKAFFE SEG EIN BESØKSVENN?
– Det vil eg varmt anbefale til mange fleire, for meg har det
berre vore flott og positivt!
KVA GJORDE AT DU FATTA INTERESSE FOR DETTE
INGER?
– Eg fekk informasjon om opplegget med besøksvenn gjennom frivilligsentralen, så eg tok kontakt med Jens Petter, fekk
litt informasjon og så ordna det seg slik at eg fekk ein besøksvenn. No er eg pensjonist og syns det er kjekt å kunne bidra litt
for andre. Eg var og besøksvenn på Inderøya og hadde postive
erfaringer frå derifrå.
som besøksvenn er til dømes å slå
av ein prat, gå tur, dra på kafé, eller
utstillinger, ta ein biltur, eller gjere
innkjøp.
KORLEIS GJER DET DETTE REINT PRAKTISK?
– Vi har som utgangspunkt å treffe kvarandre kvar onsdag frå
12.00 til 14.00, men dette avtaler vi i frå veke til veke. Kjem
det noko i vegen for ein av oss, avtaler vi ein anna dag samme
veka. På den måten er det veldig greit.
«Det vert ei gjensidig
glede – både for deg
som får besøk og for
den som går på besøk!»
ORGANISERINGA AV BESØKSTENESTA
I utgangspunktet eit par timer ein gong i veka, men dette kan
den som tek i mot besøk og besøksvennen avtale seg i mellom. Frivilligsentralen står alltid til teneste om det er spørsmål
knytta til opplegget.
KORLEIS BLI BESØKSVENN ELLER FÅ BESØK?
Hvis du vil bli besøksvenn, ønskjer ein besøksvenn, eller vil
lære meir om tenesta, tek du kontakt med Jens Petter på frivilligsentralen. Du vil då få meir informasjon om korleis dette
fungerer gjennom ein heilt uforpliktande samtale. Vi ønskjer
at både folk som vil vere besøksvenn og folk som ønskjer å få
besøk tek kontakt. Dette passer for folk i alle aldrer!
Sagt om opplegget kring besøksvenn:
«Det vert ei gjensidig glede – både for deg som får besøk og for den
som går på besøk!»
Vil du ha meir informasjon om besøksvenntenesta tek du
kontakt med Jens Petter Kjøll på frivilligsentralen i sentrum.
Du kan komme innom eller ringe på tlf.: 469 46 044. Aukra
frivilligsentral har og ei facebookside kor ein kan følgje dei
ulike aktivitetane.
KVA GÅR ARBEIDET UT PÅ?
Som besøksvenn får du kontakt med mennesker som av ulike grunner ønskjer nokon å snakke med. Forslag til aktiviteter
12
GRATULERER!
VI GRATULERER ALLE
I AUKRA KOMMUNE
MED NY GRAFISK PROFIL
OG NY FLOTT NETTSIDE.
Takk for at vi igjen ble valgt
som samarbeidspartner på
design og produksjon av
Aukra kommuneavis!
EKH.no
Kristiansund // Dale Industripark, Dalegata 137, 6518 Kristiansund // 71 57 10 70
Molde // Eikremsvingen 2, Årø, 6422 Molde // 71 20 29 70
www.ekh.no
13
AUKRA KOMMUNE HA
Aukra kommune har fått ei ny heimeside og vi
er både fornøgd og stolt over resultatet. Vi ønskjer å presentere nokre av dei nye funksjonane her i kommuneavisa.
Vi ønskjer at heimesida skal vere enkelt tilgjengelig for alle, og det skal leggjast til rette for
målretta informasjon og dialog med alle brukargrupper og individuelle brukarar. Vi har
derfor satsa på ulike sjølvbeteningsløysingar
og ein god søkjemotor. Heimesida vil stadig
vere i utvikling. Ikkje alt er på plass per dags
dato, men heimesida vil bli fylt opp med ny og
oppdatert informasjon heile tida.
Ta deg ein tur «innom» og besøk heimesida
vår på www.aukra.kommune.no
MELD INN FEIL
Verkar ikkje gatelyset? Er det hol i vegen? Dette er Aukra kommune sin nye
meldings­teneste. Her kan du som innbyggjar opprette saker som blir behandla av
Aukra kommune. Du kan følgje med på
kva saker som du eller andre har meldt
inn (nye saker blir markert med raudt lys),
om kommunen har teke saka til behandling (gult lys) og når feilen er utbetra (grønt
lys).
POLITIKK OG DEMOKRATI
Her ­finn ­du ­politikarane ­sin ­møteplan ­og
sakliste. Frå hausten kan du også følgje
kommunestyret sine møter direkte via
heimesida og kommuneTV.
UTLÅNSPORTAL
Ønskjer du å låne sykkel, ski, skøytar,
fiske­stong, ­tursekk, telt­ eller ­anna frilufts-­
utstyr? Nå kan du reservere utstyr direkte
via heimesida.
NYHEITER, DET SKJER OG
AUKRA I MEDIA
Nyheiter frå Aukra kommune og nyheiter
frå ­andre ­media ­finn ­du ­her.­ Under­ «Det
­­skjer» ­finn du aktivitets­kalenderen.
14
R FÅTT NY HEIMESIDE
FACEBOOK
Følg Aukra kommune på Facebook!
FINN EN TILSETT
Søk etter tilsette i kommunen her. Du kan
søke på etternamn, fornamn, tittel eller
namn på avdeling.
NETTPRAT MED KOMMUNEN
Bruk nettprat når du treng eit raskt svar.
I staden for å ringje, kan du «snakke»
(chatte) med kommunen på nett. Då er du
i dialog med ein av våre servicemedarbeidarar.
KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Her finn du tenesteområda til
kommunen.
OPPLEV AUKRA
Opplev Aukra er Aukra kommune
sin turist­informasjon.
15
Strålande sol, rekordmange besøkande, deilig frukost, 52 fantastiske utstillarane, flotte musikkarane
på scena heile dagen og ein steintøff konsert med Strie Tie, Fun Fighters og Åge og Sambandet på
kvelden – det var sjuande Aukradagen. Rundt Soltun og kommunehuset vart det masse fine bodar å
finne, kvar folk kunne gjere seg kjent med det lokale samfunnet. Flinke ungdommar frå 9. klasse ved
Gossen barne- og ungdomsskole hjalp til heile dagen.
Nytt av året vart sjøsportsdagen på søndag. Sjøaktivitetar som den uhøgtidelege ro-konkurransen,
palleløp eller Elias-båten fekk ein eigen dag, i år i Ragnalund (Aukra småbåthamn). Sjølv om veret vart
ikkje fult så bra som dagen før, vart stemninga på toppen.
Prosjektgruppa for Aukradagen vil takke alle som vart med eller hjalp til før og under Aukradagen
2014 – de er fantastisk! Me sjåast igjen i 2015!
Frukost
i
Folk koser se
rnegospel.
ivise akt
å mas and.
p
e
d
byd
ts st
ehage
til åre
o barn g vart kåra
b
e
n
r
Ba
no
or bar
tetar f
orn som
et frå b
g
enet la
unevåp
Komm
.
n
e
d
stan
innom
r
rar
dansa
øte då ena.
m
p
p
to
sc
rt stor
ok inn
Det va lturskole t
u
k
Aukra
sola.
var
Storslått
Litauisk fo
lkeband «P
stemning
rusai-ilgi
usai» laga
.
rhaldning i
g med unde
Gossen Ba
.
solskinn
kakefest
hos Vard
.
frå
Hanne Skarshaug, assisterande styrar i Barnebo
­ arnehage, tek i mot prisen for Årets stand.
b
Musikk frå Litauen hen
tar fram danseevne.
ikum
t publ
stemning blan
Det vart god
dagen.
gjennom heile
16
rrføttes
om tø
je alle k
Ikk
Åge Ale
ks
fest på andersen og
Samba
pla
ndet la
kveld. R ssen utanfo
gde
r Soltu
undt 15
n laurd
konser
00 pers
ag
t med e
onar fi
kk ein fl
in svær
t oppla
ott
gt Åge.
i mål.
Gosse
nm
«­ stæsje usikkorps
stillar
de» lag
med to
til ro-k
onkur
ransen
.
rranse.
ets ro-­konku
um under år
Spent publik
Øystein e
ller Torste
in Orten su
palleløp.
ve
ren unde
r
Finale me
llom Orte
n firskerise
Sporsem
lskap og
vel. Tvillin
gane Øys
stein Orte
tein og To
n (t.v.) gje
rkk av me
d sigeren
.
-Andrè
otivator Lars
e med seg m
«Store,
t
dd
ke
ha
s
yk
st
rp
ko
ed
ik
opp farten m
Gossen mus
damer,
få
to
r
le
ul
fo
sk
ro
som
måtte
Gudmundset lempe: To damer som
.U
sterke karar» r og ein tuba.
ka
k
er
st
or
ein st
nda
godt. Sa d
g noko
e
e
s
m
r
l
a
a
s
n
k
n
s
olberg u svarleg for kio
Malin S
n
a
d
to
gs
s.
grendala r, pølse og bru
ka
a
k
e
d
o
g
Kulturskolebandet «Never Ever» frå Gossen.
Eliasb
åten e
r alltid
ein st
Gunnar Sæ
ther og Ivan
La
dommens
kulturpris 20 rsen vinnar Ung14.
ra til Årets
olm vart kå
h
idi Løkling
Eldsjel He
.
g
n
ri
Aukravæ
17
nn­
miker og ta
i år vart ko nndalsøra.
r
e
si
n
ra
fe
Kon
frå Su
an Øiestad
lege(!) Joh
or suk
sess.
EIN RÅDMANN
TAKK AR AV
Dagfinn Aasen går no av som rådmann i Aukra kommune. Kommuneavisa har snakka med han om tida
hans som rådmann.
kvart som ein blir godt kjend i kommunen som organisasjon
og får etablert samarbeid og god «kultur» i leiargrupper, samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane, osb., så går ting
lettare. Målet er at kommunen skal bli opplevd som ein god
medspelar og hjelpar for folk i kvardagen, gjennom utvikling av
gode tenester, god planlegging av drifts- og utbyggingstiltak.
KVA HAR VORE UTFORDRINGANE?
Som rådmann sit ein midt oppe i ulike utfordringar kvar einaste dag. Store og små ting skal finne sine løysingar. Å vere øvste
leiar i ein kommune skil seg ut frå å vere direktør i ei bedrift
ved at alt i kommunen er offentleg, presse og innbyggarar har
innsyn i alt som skjer, det er svært mange mål ein skal arbeide
mot, ofte kan dei vere motstridande, det er mange ulike aktørar ofte skal høyrast, og det er folkevalde organ som ofte skal
ta beslutningane. Rådmannen kan ofte bli ein hoggestabbe,
og lett bli utsett for kritikk frå det eine eller andre haldet. Alt
dette set store krav til saklegheit og tydelegheit i saksprosessane, og at ein ikkje let kritikk gå for mykje inn på seg.
Ein skal ikkje gløyme at kommunen er ei stor verksemd, med
oppunder 400 fast tilsette på heil- eller deltid, med mange
­10-tals forskjellige tenestetypar. Det er ei stor utfordring i å få
alt dette til å fungere.
KVA SLAGS OPPLEVINGAR MINNEST DU GODT?
Å vere rådmann inneber at ein må leie gjennom andre, som
det heiter; leiarane på ulike nivå må fungere godt for at kommunen skal bli ein god organisasjon. Å vere med å utvikle leiarskapet, å oppleve god og løpande kontakt med andre leiarar,
er generelt sett ei svært god oppleving i Aukra. Samarbeidsklimaet mellom folkevalde, administrasjonen og tillitsvalde er
Utfordringane som leiar skiftar også over tid. Som nytilsett er
utfordringane andre enn når ein har vorte varm i trøya. Etter
Rådmann og ordførar held saman
ved første skoledag på nye Gossen
Barne– og ungdomsskole.
18
veldig godt, og det inneber at det er få konflikter, og dei som
eventuelt dukkar opp, blir løyste på konstruktive måtar.
Av konkrete ting er det lett å peike på spesielle utbyggingstiltak, som den nye Gossen barne- og ungdomsskole, at Falkhytten som kommunens sentrum er under kraftig og god utvikling også med andre bygg og anlegg, at framtidige kommunale
bygg og anlegg blir lokalisert der slik at innbyggarane skal få
best mulege tenester på eit konsentrert område. Om få år vil
sentrumsområdet vere eit aktivt sentrum for alle aldrar, der
det eine tiltake vil styrke det andre. Trivsel og bolyst vil auke.
Ei spesiell sak som og har brendt seg fast, er Juviksaka. Den var
svært utfordrande for kommunen.
Ein engasjert rådmann i arbeidet med kommunen sin styrka
innsats mot mobbing.
KVA TANKAR HAR DU OM UTVIKLINGA I
AUKRA FRÅ DU STARTA TIL DU NO GÅR AV?
Kommunereformen er i full gang, og heller ikkje Aukra kan rekne med å bli upåverka av denne. I kor stor grad reformen vil
påverke Aukra er pr i dag uklart. Det synes som det er stor
lokalpolitisk vilje til ei samanslåing av Aukra og Midsund, medan utsiktene til ein større kommune enn dette er langt meir
usikker. Uansett trur eg Aukrasamfunnet vil vere eit godt samfunn også i framtida. Yngre folk er ikkje like opptekne av kommunegrensene som ein har vore tidlegare. Det er mykje større
pendling mellom kommunane no enn tidlegare, og folk bor i
ein kommune og jobbar i ein annan. På sikt trur eg det berømmelege «kommunekartet» vil sjå heilt ansleis ut i framtida enn
det gjer no.
Eg tok til som rådmann i Aukra i januar 2008, om lag samstundes med at produksjonen på Nyhamna tok til. Utviklinga på
Nyhamna er kjernen for kommunens velstand. Det har vore
svært interessant å følgje denne utviklinga, og vere ein del av
nettverket av mange nye aktørar i Aukrasamfunnet.
For mange er det kanskje vanskeleg å fatte omfanget av utbyggingane på Nyhamna, der nord-europas største industriutbygging pågikk over fleire år fram til hausten 2007. No er
«runde 2» i gang, som gjer Nyhamna til gassknutepunkt for
gass frå norskehavet. Dette er Norges største industriutbygging for tida. Alt dette har skjedd og skjer utan vesentlege
uheldige biverknader.
KVA VIL DU SAKNE?
Som rådmann blir ein involvert i det meste. Det er sjeldan ein
har rolege stunder. Når ein står midt oppe i det, kan det vere
fristande å ønskje seg litt mindre «jag». Når eg no skal slutte,
vil eg sikkert kome til å savne denne aktiviteten, dette mylderet
av oppgåver, samspelet med mange andre aktørar, etc. Det eg
ikkje kjem til å savne, er det å sitte med totalansvaret døgnet
og året rundt.
Eigedomsskatteinntektene som dette har ført med seg har gitt
kommunen eit handlingsrom som er få andre kommunar forundt. Aktiviteten i kommunen har difor auka formidabelt i den
perioden eg har vore så heldig å få vere her. På alle tenesteområder er både bygg og anlegg, og tenestene, vesentleg fornya og utbygd på rekordtid.
Men når alt kjem til alt, er det nok samarbeidet med gode
leiarar og medarbeidarar, med folkevalde og tillitsvalde, med
bedrifter og dei andre romsdalskommunane som eg kjem til
å sakne mest. Og det er alltid slik at ein har noko ugjort, så eg
skulle gjerne hatt litt meir tid til å ….
KORLEIS SER DU FOR DEG FRAMTIDA FOR AUKRA?
Slik ein no kan sjå det er framtida lys. I åra fram mot 2020 vil
utbygging av Aukrasamfunnet halde fram, og nytt omsorgssenter, basseng, kulturhus og andre tiltak vil vere ein realitet.
Fastlandssambandet vil og vere påbegynt om få år. Det blir eit
stort løft også for kommunen, men nødvendig for god, framtidig utvikling.Samtidig er det slik at alt dette er avhengig av stabile økonomiske forhold. Ei mørk sky på framtidshimmelen er
usikkerheita som knyter seg til eigedomsskatten. Blir det uheldige lovendringar på dette området, kan kommunen kome i
ein svært vanskeleg situasjon.
Kva skal du bruke tida di på etter at du sluttar som rådmann
i Aukra?
For det første ønsker eg å få noko betre tid til ting eg har lagt
til sides i mange år, f.eks ein del hobbyar og aktivitetar som nå
kan bli realisert. Men eg skal ikkje sette meg i ein gyngestol og
betrakte livet.
Noko skal eg også fortsette å arbeide med for Aukra kommune, ved å ha ansvar for enkelte prosjekt. Det er ein fin måte å
halde kontakten vedlike på, og tida i Aukra kommune har vore
svært givande også for meg personleg.
Eg har dessutan i mange år (før eg vart rådmann i Midsund
og seinare Aukra) arbeidd gjennom mitt eige foretak «Aasen
Rådgivning», og dette kan eg no etter kvart blåse litt nytt liv
i. Eg likar å jobbe og å vere i aktivitet, men litt mindre hektisk
ønskjer eg at framtida skal bli.
Eg ønskjer alle i Aukra kommune – innbyggarar som tilsette
– lykke til vidare, og takk for meg!
Rådmannen tilstade under markeringa for 10 års jubileet for
vedtaket om Ormen Lange. Her på Årø flyplass og den nye
Gassloungen.
19
NY T T OG FLOT T
I BERGETIPPEN!
SEKS ÅR MED TILPASSA DRIFT
«… eit moderne praktbygg
med et toppmoderne varmeog ventilasjonsanlegg og flott
arkitektur.»
Utbygging av Bergetippen barnehage har vore tema heilt sidan våren 2008,
då ein innsåg at to barnehageavdelingar ikkje var nok i Julsundet. Etter ein
del vurderingar vart det bestemt at ein skulle bygge på eksisterande barnehage med to, eller eventuelt tre avdelingar. Barnehagen har etter dette vore
gjennom ulike fasar med ein kortare periode med drift i skolen, og deretter
med brakkeløysing/paviljong for to avdelingar på parkeringsplassen ved barnehagen. Etter at utbygginga starta i januar 2013, har to avdelingar hatt drift
på Hollingbygg.
SNART I MÅL
I mars månad overtok vi bygg med tre nye avdelingar. Det var veldig kjekt for
både barn og personale å ta i bruk nye lokale. I perioden etterpå har gamledelen av barnehagen vore under renovering og delvis ombygging. No er
dette arbeidet straks ferdig, og avdelingane på Hollingbygg er klare for å flytte
tilbake og ta i bruk nye, flotte lokale. Frå nytt barnehageår i august vert femte
avdelinga opna, så vi er glade for at det vart vedtak om å bygge tre nye avdelingar. Vi ser at det er behov for plassar. Gjennom mange justeringar og stor
fleksibilitet i seks år, kan Bergetippen i løpet av juni månad avslutte eit krevjande kapittel i si historie og få samle all drift i eitt bygg.
NYBYGGET – EIT MODERNE PRAKTBYGG
Dei tre nye avdelingane er bygde saman med eksisterande barnehage på
same plan, og det heile er fint tilpassa også på nytt og gamalt uteområde.
Nybygget er i anna stil, men harmonerer likevel godt med det eldste. I underetasjen er det personalavdeling, der det er kontor og arbeidsplassar til
alle pedagogiske leiarar. Dette er noko vi har mangla før. Vi har også fått nytt
personalrom med kjøkken, og her er det stort nok til at heile personalet frå
fem avdelingar kan samlast til møte og sosiale aktivitetar. Det er blitt lyse,
gode rom med fin design, der vi trivst veldig godt. Vi har fått eit funksjonelt
og fint bygg, der personalet har fått kome med innspel og ønske undervegs i
prosessen. Ut frå dei avgrensingane som ligg i å bygge saman gamalt og nytt,
meiner vi at vi har fått optimalt ut av dei løysingane vi har i nybygget. Vatne
arkitekter og Christie & Opsahl har gjort eit svært godt arbeid med nye Bergetippen. I energiattesten for bygget står barnehagen omtalt slik: «… eit moderne
praktbygg med et toppmoderne varme- og ventilasjonsanlegg og flott arkitektur.»
Det er ein attest vi alle er stolte av!
NYTT BYGG
– GODT INNHALD
Personalet spøker av og til med
kva vi skal gjere no som vi ikkje
lenger skal bygge og flytte, men
vi er einige om at vi gler oss veldig til å fylle nye, gode lokale
med aktivitetar som gir rom for
leik, læring og trivsel. Det positive
fokuset til personalet har betydd
mykje i ein travel byggefase, og
no kan vi verkeleg glede oss over det gode resultatet. Vi har ei flott ramme for
mykje godt pedagogisk arbeid i nye Bergetippen barnehage.
Berit Drejer
Styrar Bergetippen barnehage
20
Aktuelt fra NAV Aukra
BO HEIME LENGER:
SØK OM MIDLAR TIL Å TILPASSE B
­ USTADEN DIN
Dersom du treng økonomisk støtte til å tilpasse bustaden din for fortsatt å kunne bu der, kan du no
søkje kommunen om økonomisk støtte til dette.
SOMMARFERIE
I perioden 16. juni – 29. august avviklar vi sommarferie. Vi
vil da ha redusert bemanning. Dette kan i enkelte tilfelle
medføre at saka ikkje kan behandlast like fort som elles. Vi
håpar på forståing for dette. Opningstidene vil vere som
normalt.
Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetting ønskjer
å bu heime i eigen bustad så lenge som mogleg. Det er god
samfunnsøkonomi å tilrettelegge bustadar på denne måten.
Tilskot til tilpassing kan i mange tilfelle vere eit viktig virkemiddel for å få til dette.
NAV-LEDER TEK PERMISJON
NAV leder Nadine Deidok går i sommar ut i foreldrepermisjon og er tilbake 01. april 2015. I permisjonen vil Kari Lene
Valestrand vere vikar for NAV leder. Ho startar i jobben 16.
august 2014.
Tilskotet er ei offentleg støtteordning som kan bidra til at du
kan bli buande i bustaden din, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som å
fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også
til større ombyggingar for å tilrettelegge bustaden i forhold
til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familier med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.
Kommunane vil ikkje nytte absolutte inntektsgrenser i slike
saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal gjørast ut frå ei
heilskapsvurdering av husstanden sin økonomiske situasjon
på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.
Kontakt: NAV Aukra.
Graving - Vann/avløp - Drenering - Transport
Mobil: 911 99 593
Foto: Sigve Aspelund/Tinagent.no
Telefon: 71 17 46 88
Vard Aukra skaper fremtidens offshore- og spesialfartøy
VI SØKER FLERE KOLLEGAER
www.vard.com
21
NYTT FRÅ
AUKRA NÆRINGSFORUM
GOURMETSALT FRÅ AUKRA
Mange kjenner nok til det britiske Maldonsaltet som
finst i mange norske heimar og restaurantar. No finnes det et norsk alternativ som skal stå ved sida av
Maldonsaltet i butikkhylla. North Sea Salt Works har
etablert seg på Karlsholmen og kritikarar har allereie omfamna sjøsaltet. Fingersalt er ein sterk trend
i kokkeverden.
STERKE BAND TIL AUKRA
North Sea Salt Works er ei familiebedrift som ser moglegheitene som ligg i det norske sjømiljøet. Arve og Sverre Øverlands
foreldre har bakgrunn frå Gossen. Mora er frå Løvika og faren
var son til presten på Aukra frå 1949 til 1960, og det var då dei
møtte kvarandre.
Saman med kona, broren Sverre og Sverres svoger har dei i
lengre tid testa ut korleis dei skulle utvinne det ultimate sjøsaltet.
– Foreldra mine flytta attende til Aukra då dei pensjonerte seg.
Me har budd vekke frå Aukra, men har vore her mange summarar på ferie budd hos våre besteforeldre i Løvika. Me har
sterk tilknyting til kommunen. Når me kom opp med ideen om
sjøsaltet var Aukra ein naturlig stad å satse med det reine sjømiljøet og høge mineralinnhaldet som finst i sjøvatnet, seier
Arve Øverland.
– Per i dag finst det ikkje eit norsk fingersalt i markanden, noko
som eigentleg er rart med tanke på dei ressursane me har
rundt oss. Me starte å eksperimentere og fikk gode kritikkar
frå kokkemiljøet. Dei viktigaste er at me har klart sjøvatn med
høgt mineralinnhald, noko som me finn i Saltsteinleia i Aukra.
Me er omringa av hav i Norge så kvifor skulle me ikkje gjere
dette? seier Arve.
SAMARBEID OM NYHAMNA-TRAFIKKEN
Shell har sett opp eit samarbeidsforum med dei
store trafikkaktørane for å samle informasjon om
forventa trafikk og diskutere utfordringane knytt til
den auka trafikk på grunn av Nyhamna-prosjektet.
På det meste vil opp mot 1000 personar ekstra komme til anlegget i aktivitetstoppen i 2015, for å bygge
på anlegget med stål tilsvarande over to Eiffeltårn.
– Vi bygger på erfaringane frå den første utbyggingsfasen,
seier Anne Grete Svenøy i Navitas, som sammen med Erik
Fuglseth koordinerer forumet. Svenøy hadde også tilsvarende
rolle i første fase. Både fly, sjø og vegtrafikk får sterk vekst i trafikken på grunn av prosjektet, sjøl om mengda ikkje vil bli like
stor som i perioden 2004-2007. – Veksten er allereie merkbar,
ikkje minst på ferga, der trafikken allereie fyllerdet meste av
kapasiteten i dei å travlaste timane om morgonen og ettermiddagen.
– I forumet finn vi både Fjord 1, vegvesnet, fylket, Aukra Auto,
Aukra-ordføraren, Shell, Kværner, flyplassen, og taxi, og i tillegg har vi invitert andre større verksemder på Aukra med, seier Svenøy, som også gjerne tek i mot innspel frå andre utanfor
forumet.
– Mange av utfordringane kan vi løyse med betre informasjon og samarbeid, mellom anna når det gjeld å unngå store transportar i den travlaste tida for ferga, eller å få fleire av
Nyhamna-pendlarane til å nytte buss i staden for bil. Andre
problemstillingar er meir komplekse, som til dømes behov for
Nokre av medlemmane i samferdselsforumet, fv Kjetil Myren,
Shell- Anne Grete Svenøy, Navitas – Kitty Eide, Shell og Geir­
­Johnsen, Kværner.
større fergekapasitet. Forumet kan uansett spele ei viktig rolle i å synleggjere konsekvensane som følgjer med den auka
trafikken, seier Svenøy. Ho peiker på at konsekvensane også
kan vere positive fordi aktivitetene på Nyhamna gir grunnlag
for vekst som kjem heile regionen til gode, til dømes når det
gjeld flyruter.
22
SMAKEN SPEGLAR OMGIVNADENE
Dei leiger eit eldre produksjonslokale på Karlsholmen og er
i ein planleggingsfase for å auke kapasiteten på produksjon.
Produksjonen består av tre steg. Først hentar dei inn fersk
sjøvatn som dei produserer ein saltlake av. Medan saltvatn
har eit saltinnhald på 2-3 prosent held laken eit saltinnhald på
20 prosent. Deretter kokar dei denne laken på middels varme over lengre tid slik at det dannas perfekte saltkrystallar. Til
slutt tørkar dei saltet til det det har riktig fuktighet.
– Som all mat pregar omgivnadene smaken på saltet. Me hentar vatnet frå Saltsteinsleia som har reint vatn med klar og god
saltsmak. Me har ambisjon om å være eit alternativ til dei etablerte fingersalta og satsar på å være i butikkane til hausten.
No leverer me til den profesjonelle marknaden.
NORSK MERKEVARE – EI GOD HISTORIE Å FORTELJE
Nordmenn har god tradisjon for å hauste råvarer frå havet og
me har ein sterk kystkultur. Norsk fisk og sjømat har ein sterk
posisjon i den internasjonale marknaden, noko som også kan
bidra positivt for North Sea Salt Works.
– Det at meir er norske er ein fordel. Norsk er ofte knyta til
kvalitet. Det fantastiske hav- og sjømiljøet som omringar oss
gir oss dei beste føresetnadene. Eg er trygg på at me leverer
veldig god kvalitet og eg meiner me har ei god historie å fortelje markanden. Dette er eit organisk flaksalt som er produsert
på ein økologisk forsvarlig måte, seier Arve.
f­abrikklokala våre. Me leiger lokala våre i dag noko som gjer
at me slepp store investeringar på dette. Me kjem også til å
bruke lokale aktørar til transport av produkta, fortell Arve.
VIL DU SMAKE?
Om du er interessert i å få ei smaksprøve av mat der gourmetsaltet er nytta, har du moglegheita til å gjere det på årets
Aukradag. North Sea Salt Works vil ha stand kor dei tilbyr smakar av mat der dei nyttar produkta sine.
Dei startar i det små, som dei fleste grunderar. Likevel trengs
det ein del investeringar. Dei har søkt og fått etableringsstøtte
frå Innovasjon Norge og Aukra Næringsforum har også bidrege med startmidlar.
– Det er ei fin anledning til å introdusere selskapet og produktet vårt til våre nye naboar og at dei kan lære oss betre å
kjenne, og ikkje minst at me blir betre kjent med dei. Me lovar
nokre skikkelege godbitar, lovar Arve.
– Støtta me har fått frå Aukra Næringsforum og Innovasjon Norge har vore svært positivt for oss. No er me i dialog
med potensielle investorar om finansiering av innmaten til
AUKRA VVS AS
Nytt bad?
Et selskap i MIFO-gruppen
STERK-/SVAKSTRØM
Bolig • Industri • Skip • Internkontroll
Kontortelefon:
Telefax:
71 27 88 70
71 27 88 71
Vakttelefon:
71 27 88 75
E-post:
[email protected]
Mobiltelefoner:
Jofred Skogvoll: 982 43 660
Jostein Stormyr: 982 43 659
Magne Heggdal: 982 43 658
Steffen Sandnes: 982 43 661
Horst Wichmann: 982 43 664
6475 Midsund • www.sund-elektro.no
23
Ring 95 03 53 53
og få et godt tilbud!
AUKRA KOMMUNE HAR FÅT T
EIN NY GRAFISK PROFIL
Det har lenge vore eit behov for å ta ein gjennomgang av korleis kommunen framstår i dei ulike mediekanalane. Kommunen si nettside, annonsar, brosjyrar, visittkort, e-postsignatur og presentasjonar
har vore svært ulike. Det var eit klart behov for å
utarbeide eit sett med reglar, eit profilprogram,
som sikrar at kommunen framstår som heilskapleg, klar og enklare å kjenne att i alle medium og kommunikasjonskanalar.
Eggedosis foreslo A-symbolet som symbol for Aukra kommune. Symbolet er bygt opp av energiske boblar som dannar ein
A for Aukra. A-en er eit symbol på den grøne øya og fjella på
fastlandet. Til saman utstråler dei skaparvilje og framtidstru.
Det vart også naturleg å tenkje grøn som profilfarge for å
byggje opp under dette. Grønfargen gjer også kommunevåpenet tydelegare fordi det skaper ein kontrast mellom det grøne og blå.
Ei grafisk profilhandbok inneheld eit sett med reglar som skal sikre at kommunen framstår tydeleg, heilskapleg og lett å kjenne att i all kommunikasjon. Den grafiske profilen skal uttrykke kven
vi er og kva vi står for, og skal vere forankra
i kommunen sine verdiar attraktiv, uredd,
kvalitet, raus og arbeidsglede, samt slagordet Aukra – full av energi. Profilen skal
hjelpe oss å skape forankring og bidra
til å byggje identiteten og felleskapet
ut frå dette, gjennom bruk av form,
fargar, bilete og motiv.
Det blei gjennomført ein konkurranse der fire grafiske byrå blei invitert til å komme med forslag
på kva som skal vere kommunen sin profil/sitt
hovuduttrykk. Profilen skulle også ta utgangspunkt i slagordet, våre verdiar og mål. Det var
også viktig at profilen fekk fram den grøne
øya og fjella på fastlandet. Ut frå desse kriteria skulle byråa lage eit forslag på bl.a.
eit symbol til slagordet, ei stillingsannonse og ei fram- og bakside på eit
dokument. Ut frå dei forslaga som
kom inn, valde kommunen å gå
for løysinga som det ­grafiske byrået Eggedosis frå Kristiansund
hadde utarbeida.
Har du tenkt å fyre med ved til haust/vinter 2014 ?
Aukra dagsenter har no ein god del kjempegod
ved klar for levering.
So til alle våre kunder, gamle og nye; det er lurt å
­bestille tidleg dersom du er interessert (tlf 71171584 /
48056646). Først til mølla!
Ønsker dere alle ein fortryllande flott sommar!
Med venleg helsing Aukra dagsenter
v/ avdelingsleiar Wenche Elin Småge
24
TEGNESERIE
JUNIOR SIDEN
Har du te
ikningar,
vitser
eller ann
a du vil h
a med på
Juniorsid
en?
Send en e
-post til
jata@auk
ra.komm
une.no
eller ringe
tlf 71 17 1
5 14
TEIKNINGAR
Teikna av elevar i 1. klasse på julsundet skole
QUIZ
Laga av Jan Inge W. Tangen
6
Kva slags nummer må ein ringe for å
komme til politiet?
7
Kva land kallar vi i Noreg «Søta bror»?
8
I kva slags fylke ligg Gjøvik?
Kva heiter Noregs største innsjø?
9
Kor bor Ole Brum?
Kva slags dyr er Donald Duck?
10
I kva for eit land er Canberra
hovudstad?
2
Kven har skreve om Marikken?
3
Kva heiter staden Emil er når han har
vore slem?
4
5
10.Australia
VISSTE DU AT ...?
7. Sverige
8. Oppland
9. Hundremeterskogen
SVAR
4. Mjøsa
5. Ei and
6. 112
Kva heiter hovudstaden i Noreg?
1. Oslo
2. Astrid Lindgren
3. Snekkerbua
1
VITSER
Møre og Romsdal fylke er eitt av 19 fylke i
Noreg, som grensar i aust og nordaust til
Sør-Trøndelag fylke, i søraust til Oppland
fylke, i sør til Sogn og Fjordane fylke og i
nordvest ut mot norskehavet.
Kvifor er det så bråkete i fjøset?
- Alle kyra har horn
Historisk har Møre og Romsdal vore delt
inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og
Nordmøre. Desse tre landskapa vert i
dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.
Korleis fangar man kaninar?
- Man set seg ned bak eit tre og lagar gulrotlydar.
Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart
fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre
gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til
Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis
Kva kan ei mus trekke like godt som ein
elefant?
- Pusten
Kva er gult og svart, flygande og seier
MUSMUSMUS?
- Ei humle som flyg baklengs.
Så var det høna som hadde fått feber- og
berre la kokte egg.
KOMMUNEN SVARER
Her kan du som lesar stille spørsmål til dei
som jobbar i kommunen om det er noko du
lurar på. Ingen spørsmål er dumme og vi vil
prøve å svare på dei så godt vi kan. Dette vil
komme ut i neste avis.
25
10-ÅRSJUBILEUM PÅ VEDTAKET OM
UTBYGGINGA AV ­ORMEN LANGE
Ordførar Bernhard Riksfjord ved gass-loungen på Molde l­­uftahavn Årø.
Deltakarane på denne turen blei køyrd i buss frå Aukra Auto, som stilte
med ny buss i anledning markeringa.
Den 2. april var det nøyaktig 10 år sidan vedtaket i Stortinget om utbygginga av Ormen Lange blei fatta. I den samanhengen inviterte Aukra kommune, i samarbeid Aukra
Næringsforum og Gassknutepunkt Nyhamna, til markering i Molde og Aukra.
PROGRAMMET FOR DAGEN VAR SLIK:
zz Opning av «gass-loungen» ved Molde
Lufthamn Årø
zz Avgang med buss frå flyplassen
zz Ankomst Nyhamna – guida busstur
på prosjektaktivitet utanfor gjerdet.
Lunsj, og presentasjon frå Møreforsking, Shell og aktuelle aktørar om
status Ormen Lange og pågåande
utbygging.
I tillegg å sjå tilbake på det historiske vedtaket og kva Ormen Lange
har bidrege med regionalt, ønskja vi å rette søkjelyset mot den spennande utvidinga som no er i gong.
Utviklinga av Nyhamna i Aukra som gassknutepunkt for Norskehavet sprengjer nye grenser. I første omgang rommar den utbygginga
av det nye gassfeltet Aasta Hansteen, gassrøyret Polarled (480 km),
Ormen Lange fase 2 og ei stor utviding av gassprosessanlegget på
Nyhamna.
Noverande ordførar Bernhard
­ iksfjord, saman med tidlegare
R
ordførar Aud Mork (1999-2007),
som var ein pådrivar i utbygginga av
Ormen Lange og Nyhamna.
PLANARBEID
ETABLERING AV KJERRINGSUNDET AS OG
­REGULERINGSPLAN NY VEG GOSSEN-OTRØYA
Aukra kommunestyre vedtok i møte den 8 . mai å godkjenne vedtekter for vegselskapet Kjerringsundet AS. I
same sak vart det vedteke å kjøpe aksjar til ein verdi av
1.5 mill kr.
Som grunnlag for selskapsetableringa engasjerte Aukra kommune
Samspleis AS til å utarbeide prospekt og vedtekter for invitasjon til
ulike aktørar om aksjeteikning. Med frist 5. juni 2014 er (i tillegg til
Aukra kommune) Midsund, Molde og Fræna kommune, Aukra næringsforum, Midsund næringsforum, Sparebanken Møre, Sparebanken 1 SMN, invitert til å delta i selskapet. Selskapsstiftinga skal skje
25. juni 2014.
Parallelt med etableringa av vegselskapet har Aukra kommune engasjert Samspleis AS til utarbeide konkurransegrunnlaget for utarbeiding av reguleringsplan. Når Kjerringsundet AS er etablert vil dette
arbeidet bli overlevert frå Aukra kommune. Sjølve utarbeidinga av
reguleringsplanen blir då Kjerringsundet AS si oppgåve.
26
VIKTIG
FOR REGIONEN.
45 PROSENT AV LEVERANSENE TIL ORMEN LANGE DRIFT PÅ
NYHAMNA KOMMER FRA MIDT-NORGE. DETTE HAR SKAPT
OM LAG 1000 NYE ARBEIDSPLASSER I REGIONEN.
ORMEN LANGE ER INNOVASJON SOM BETYR MYE
FOR MANGE. www.shell.no/ormenlange
Partnere:
KOMMUNEN INFORMERER
POLITISKE SAKER
Kommunestyremøtet i juni har handsama bl.a. desse sakene:
zz Lokalisering av framtidige omsorgssenter for Aukra kommune
zz Årsmelding og årsrekneskapen for 2013
zz Økonomirapportering
zz Retningsliner for turar i regi av grunnskulen i Aukra kommune
zz Torhaugmyra – endeleg godkjenning av reguleringsplan skal
opp til behandling i formannskapet i juni
zz Ny reguleringsplan for industriområdet Rothaugen skal leggjast ut på høyring i sommar
zz Reguleringsplan for ny gang- og sykkelveg Rød – kryss ved veg
til Løvika skal opp til endeleg godkjenning i kommunestyret i
september.
Meir om dette finn
du på kommunen
sine nettsider:
www.aukra.kommune.no
Under politikk og
demokrati
KOMMUNEAVISA
ÅRGANG 19 / UTGÅVE 1
UTGJEVAR
Aukra kommune
FOTO
Aukra kommune når ikkje anna er oppgitt.
REDAKSJON KOMMUNEAVISA
Dagfinn Aasen (ansvarleg redaktør)
Bernhard Riksfjord
Jan Inge W. Tangen
Ingrid Husøy Rimstad
Geir Göncz
ANNONSERING
Ta kontakt med Berit Breistrand
Tlf.: 404 01 782, e-post: [email protected]
GRAFISK PRODUKSJON OG TRYKK
EKH Grafisk, Molde
PLAN FOR UTGJEVING 2014
1 juni26.–30. juni
2 okt 14.–16. okt
3 des 16.–18. des
TIPS OSS! [email protected] eller
[email protected]
KONTAKTINFO
e-post:
[email protected]
internett:aukra.kommune.no
opningstid: 08.00–15.30
sentralbord: 71 17 15 00
Legekontoret
Julsundet skole
Gossen barneog ungdomsskole
Barnebo barnehage
Bergetippen barnehage
Pleie og Omsorg
Vakttelefon heimetenesta
NAV
Vakttelefon vatn/avløp
71 17 14 00
71 17 18 80
71 17 14 70
71 17 14 40
71 17 22 98
71 17 11 30
41 85 90 00
74 73 38 80
91 51 67 40
ØMERKE
T
ILJ
M
24
1
Tr y k k e r i
90
AUKRA KOMMUNE TEK VÅRT FELLES MILJØ PÅ ALVOR
6
Kommuneavisa er trykket på papiret Edixion som er sertifisert med miljømerket Ecolabel. Ecolabel er den e
­ uropeiske versjon av den nordiske
Svanen. Avisa produseres ved EKH Grafisk i Molde, som i sin helhet er m
­ iljøsertifisert av Svanen. S
­ vanemerket gir en garanti for at produktet er
blant de minst miljøbelastende innenfor den aktuelle produktgruppen.