Juni 2014 - Helse Bergen

Download Report

Transcript Juni 2014 - Helse Bergen

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg
og lindrande behandling i Sogn og Fjordane
Juni 2014
Kjære ressurssjukepleiarar og leiar i kreftomsorg og lindrande
behandling
Takk for sist!
Vi ynskjer med dette å sende litt informasjon om aktiviteten vi har hatt i nettverket sidan
des.2013
Samlingar
Fellessamlinga
Fellessamlinga var 11 februar 2014 på Skei Hotel. Tema var «Dele, drøfte og drifte».
Det var 112 frammøtte av ressurssjukepleiarar og deira leiarar. Vi har fått gode
tilbakemeldingar både på møtestad, innhald og gjennomføring av samlinga. Fellessamlinga
opplevast som nyttig både for ressurssjukepleiarar og leiarar.
Lokalsamlingar
Tema for lokalsamlingane i år er «Workshop i korleis formidle informasjon» og endra
sjølvbilete hos alvorleg sjuke. Hauglandsenteret hadde i vår eiga opplegg som var relatert til
deira institusjon.
Tilbakemeldingane på «Workshop var positive. Vi fekk læra mykje bra av kvarandre.
Oppmøte var tilfredstillande.
Tilbakemeldingane på lokalsamlingane er at ein får inspirasjon av kvarandre og at desse
treffpunkta er viktige for at ein ikkje brenner seg ut. Ressurssjukepleiarane er flinke til å
støtte kvarandre innad i gruppene.
Dato for lokalsamlingar hausten 2014
Indre Sogn:
Luster
16. sept. 2014
Nordfjord:
Selje
23. sept. 2014
Sunnfjord/Sogn II:
Askvoll
21. okt. 2014
Sunnfjord/Sogn I:
Gaular
28. okt. 2014
Introduksjonskurs
Introduksjonskurset vart helde 03.juni. Der deltok 13 ressurssjukepleiarar og 1 leiar samt 1
kreftkoordinator. Også den nye fagutviklingsjukepleiar frå KLB sentralt; Ann-Kristin Øren
deltok.
Evalueringsskjema vert send ut og vi forventar tilbakemeldingar rett før sommaren.
Nytt i nettverket
Årsplan og årsrapport for nettverket
Årsrapport for 2013 og årsplan for 2014 er godkjent og ligg på nettsida til KLB. Her er mykje
nyttig informasjon. Alle ressurssjukepleiarar og leiarar vert oppmoda til å lese gjennom
desse dokumenta.
Medikamentskrin for barn
Det er no utarbeid eit medikamentskrin for barn med behov for symptomlindring i slutten av
livet. Ein har brukt malen for vaksne, men tilpassa bruken til barn. Skrinet inneheld dei fire
legemidla Glycopyrron, Ondansetron, Midazolam og Morfin. I tillegg er det utstyr til å sette
desse medikamenta subcutant, samt eigne retningsliner for bruk av skrinet med tilhøyrande
behandlingsalgoritmer.
Skrinet er utarbeid av ei tverrfagleg gruppe beståande av representantar frå Seksjon for
smertebehandling og palliasjon, Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus,
Barneklinikken, Sjukehusapoteket (HUS) og Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB).
Medikamentskrinet skal rekvirerast av lege.
De finn alt om dette skrinet på KLB si nettside:
http://www.helsebergen.no/Finn/Results.aspx?k=»Medikamentskrin%20for%20barn»&op=and
Utvida tid for forholdsreglar ved cellekur
Er no utvida til 72 timar i staden for 48 timar som har vore før i høve å skifte sengtøy, trekke
ekstra ned etter toalettbesøk osb.
Informasjon om nøytropeni/nøytropen feber
Edith og Geir Andvik (avdelingssjef kreftavdelinga) legger linken til prosedyren ut på
nettsida.
LCP nytt
Det har vore litt diskusjon i bruk av LCP både som system og ved bruk av namnet.
Men 17. okt. 2013 var det i Oslo eit møte mellom det norske LCP-teamet og den nasjonale
referansegruppa. Der vart det bestemt at LCP skulle brukast her i Noreg på same vis som
tidlegare. KLB oppdaterer jamleg sine nettsider i høve nytt om bruken av LCP.
Eiga lukka nettgruppe for ressurssjukepleiarar
Nettgruppa har i dag 24 medlemmer. Gruppa vert evaluert i slutten av 2014. Alle
ressurssjukepleiarane har fått tilbod via e. post om å delta. Ta gjerne kontakt med Edith om
du vil bli medlem.
Ressurssjukepleiar sitt arbeid i nettverket
Hospitering:
Det er fortsatt mulig å hospitere ved kreftavdelinga/kreftpoliklinikken FSS.
Ta kontakt med Ragna Renna: [email protected]
Søknad på å få dekka fagdag
Det har meldt seg på 6 personar til palliative fagdagar i Bergen (3 om våren og 3 om hausten)
Foreløpig tar vi ikkje imot nye påmeldingar på grunn av økonomien. Edith skal sende ut en
epost til alle når tilbodet blir aktuell igjen.
Informasjon frå samarbeidspartnarar
Info frå Kreftforeningen
Kreftkoordinatorsatsinga
Det er lyst etter ny kreftkoordinator i dei fem Nordfjordkommunane.
Dei nye kreftkoordinatorane i fylket er godt i gong i sine stillingar.
Det er etablert godt samarbeid mellom ressurssjukepleiarane og kreftkoordinatorane.
Treffpunkt
Det er ein terskel for barn å melde seg på og difor viktig at ressurssjukepleiarar og
kreftkoordinatorar kjenner til og informerer om tilbodet. Det er ikkje nok å få ein brosjyre.
Barna som er med seier det er av stor verdi å treffe andre barn i liknande situasjonar, ha det
kjekt saman og å kunne snakke om det som er vondt og vanskeleg med nokon som forstår.
For meir informasjon og påmelding kontakt l Tone Gjelsvik Sellevold tlf: 97415878.
Nyttig informasjon finn du og på: http://www.kreftforeningen.no .
Vi i Kreftforeningen set stor pris på det gode samarbeidet med dykk og ynskjer alle ein god
og velfortent sommar!
Kurs og Konferansar
Gode kurs og konferansar ligger på nettsida til KLB, gå inn og sjå!
Takk for denne våren og ha en riktig god sommar 
Edith og Marit