Keeperskule i Nordhordlandshallen

Download Report

Transcript Keeperskule i Nordhordlandshallen

14 | strilen
| l ø r dag
2. n ov e m b er 2013
sport
Irmelin (6) fekk trena
med landslagskjempe
■
Keeperskule i Nordhordlandshallen
TOPP LÆRAR: Irmelin Haugland (6) fekk lære fleire fallteknikkar av tidlegare landslagskeeper Reidun Seth.
KNARVIK: Den unge
keeperen Irmelin
Haugland fekk med
seg mange nye triks
etter treninga med
tidlegare landslagskeeper Reidun
Seth.
Av Håvard Brakstad Moen
Det var fire dyktige keepertrenarar frå Bergen Keeperskole
som leia kvar si gruppe i Nordhordlandshallen på torsdag.
Ein av trenarane var tidlegare
keeper for Noreg, Reidun Seth,
som ikkje har mindre enn 71
landskamper å visa til.
Ho lærte frå seg ulike falltek-
nikkar med spelarane mellom
9-11 år.
– Ho er kjempeivrig, smiler
Seth, og følgjer med på 6 år gamle Irmelin Haugland (Nordre
Holsnøy) som kastar seg rundt
på matta etter ballen. Ho sjarmerte seg til ein dispensasjon til
å få vera med på samlinga, sjølv
om ho var i yngste laget.
Keepertrening for alle
Ifølge Bergen Keeperskole si heimeside hadde dei sine første treningar hausten 2005. Dei starta
opp med den bakgrunn at dei
såg at keepertreningane vart generelt dårleg ivaretatt i klubbane
for aldersgruppa 10-17 år.
– Me har starta dette opp
som eiga firma, då me ønskjer
å være utanfor klubbane, og då
kan tilby keepertrening for alle,
forklarar Bård Johannesen, som
er eigar av keeperskulen saman
med Reidun Seth.
Han har lang erfaring som
hovudtrenar for aldersbestemte
lag i Åsane, og har to sesongar
bak seg som trenar for Åsane
Fotball Damer i 2. divisjon.
Tøff og galen
Mor til Irmelin kan fortelja at
dottera har følgt med storebror
på trening i to år, og når ho no
vart stor nok til å spela på eit lag
sjølv, ville ho og verta keeper.
– Då måtte me sjølvsagt av
garde i sportsbutikken og kjøpa
rosa keeperdrakt og hanskar,
humrar ho, og legg til at Irmelin også driv med motocross. Då
burde ho matcha profilen til ein
keeper, som visst nok bør vera
litt tøff og galen.
Må ha med leiken
Reidun Seth skrur opp vanskegraden i treninga. Etter
progresjonen frå sittande og
kneståande fall, skal gruppa no
øva på ståande fall. Irmelin og
dei andre elevane følgjer godt
Foto: Håvard Brakstad Moen
med på instruksane, og slenger
seg uredde på kunstgraset etter
ballen.
– Ein må variera mykje og få
inn leik når ein trenar dei aller
yngste. Det er viktig for å halda
oppe motivasjonen, seier Seth,
som også er trenar for J15-landslaget.
Oppdaga NBK-talent
Der har Seth henta opp eit lokal
talent, Benedicte Håland, som
spelar for NBK.
Ho vart oppdaga då keeperskulen vitja Radøy.
– Eg var med som observatør
og såg Benedicte i aksjon. Eg
hugsar at eg etter kort tid sa til
meg sjølv: «Der er eit keepertalent!», fortel Bård Johannesen.
Han tipsa Reidun Seth om
talentet, og tre veker seinare var
Håland på landslagssamling.
– Ho har basisferdigheter, fysikk og rett hovud til å nå heile
vegen, seier Johannesen, og legg
til at Håland også hospiterer på
Arna Bjørnar sine treningar.
Fleire etablerte keeperar har
vore med på keeperskulen sida
oppstarten i 2005, som Nora
Gjøen (Sandviken og Noregs Alag), Martin Olsen (Nest-Sotra),
Stefan Hagerup (Fyllingsdalen),
Silje Hatland (Åsane Fotball Damer), Jørgen Mohus og Øystein
Øvretveit (begge Brann).
– Eg trur me har vore med
på å hjelpa dei til å satsa vidare,
med våre treningar og tilbakemeldingar, seier Johannesen.
Tidlegare englandsproff
Ingrid Dalland frå Radøy/Manger er med på keeperskulen for
tredje gong. Hennar gruppe har
trena på å slenga seg.
– Eg har lært fleire nye teknikkar, seier ho, og er glad for å
få bruka to dagar til å terpa einsretta på keeperøvingar.
Ho vert jaga framover av ein
anna merittert keeper, Astrid
l ø r dag 2. n ov e m b er 2013 |
strilen |
15
Hordabø spelar kvalik neste helg
GAV ALT: Ingrid Dalland heldt ikkje tilbake når
ho kasta seg mot beina til sine treningskameratar.
Foto: Håvard Brakstad Moen
Johannesen, som har 20 landskampar og mellom anna har
vore proff i engelske Fulham.
Sigurd frå Alvidra er med på
keeperskulen for første gong.
– Det gøyaste er å slenga seg,
seier han. Sigurd ter seg opp til
at han kan fem ulike gripeteknikkar, og at han har lært minst
ein ny i dag.
– Eg trenar ganske mykje
med pappa, svarar han på spørsmål om kven han trenar med
når han ikkje er med Alvidra på
treningar.
Betre tilbod i klubbane
Bård Johannesen hyller foreldre
og frivillige som gjer sitt beste
for å hjelpa fram keeperane.
Samstundes etterlyser han eit
system som varetar keeperutviklinga betre på landsbasis.
–Hordaland Fotballkrets har
til eksempel enno ikkje funne
ein dedikert og rett person som
ein keeperansvarleg. Og dette i
ei tid der Tippeligaen og Topp-
■
RADØY: Damelaget til Hordabø Radøy/Manger spelar
10. og 17. november sine
kvalifiseringskampar om
ein plass i 3. divisjon neste
sesong. Som andre beste lag
i si avdeling møter dei Os
som var på andreplass i den
andre avdelinga i 4. divisjon,
og Rubbestadneset som var
tredje sist i 3. divisjon. Det
beste av desse tre laga får
spela i 3. divisjon i 2014.
Rubbestadneset møter Os
no søndag den 3. november,
radværingane møter taparen
av denne kampen søndag
10. november, og vinnaren
av Os - Rubbestadneset
søndag 17. november.
FEKK HANSKAR: Erlend og Ruben skulle berre på vanleg fotballtrening, men var på rett stad til rett
tid, og fekk keeperhanskar av Bergen Keeperskule.
serien har 50 prosent utanlandske keeperar.
Han fortel at han vart vitne
ein heilt anna verd, med kvalitet
og fokus på keeperarbeidet då
han vitja Danmark.
– Då vart det tydeleg kva
manglar på tilbod dei yngre
keeperane har ute i våre klubbar. Det har diverre ikkje same
status å utdanna seg til å verta
keepertrenar her på berget, seier
Johannesen, som ser at dette
resulterer i at mange unge burvaktarar manglar mykje på elementære basisferdigheter.
Mykje å trena på
Johannesen har derimot mange
gode ord å seia om dei tre lokale
keepertalenta som trenar ilag
med om lag 30 andre i Nordhordlandshallen.
– Det er mange bra keeperar
her i kveld.
Om ein skal få god utvikling
som keeper må ein trena på det
sokalla keeperspesifikke: Ulike
Travtipset
ved Øystein Njøten
Laurdag 2. november
Dagens bankar: Clint Attack
Nok eit kveldstrav på lørdagsvkvelden på travparken, vår bankar er
lokal og heiter Clint Attack. Hesten har enorme sisterundar å by på
og me trur på ny siger saman med trenar og kuskRolf Tvedt.
V65 1 Varmblodshestar 2100m. auto
1 Knødden Aubiose C. Morken Ein premie er bra
2 Zarbaro Boko S.O.Wassberg
Flott form, favoritt
3 Super Fest Boy E.Rennesvik
Kan litt, usikker form
4 Warwick R. Jan Erik Landaas
Flink, kanskje trippel
5 Nicole In One Ø.Austevoll
Treng nok løp
6 Shining Lantern Rolf Tvedt
Enorm sist, må med
7 Gigant Nico Rune Wiig
Kunne mykje, forma?
8 Highfive Kemp Odd Storetvedt Jaktar ein fin premie
9 Victor Palema Ove Wassberg
Kan runda alle
Rangering:2 Zarbaro Boko-9 Victor Palema-4 Warwick R. outs:6
Shining Lantern
9
1
7
4
8
3
6
5
2
V65 2 Varmblodshestar 2100m. volte
1 Deep Sea Dream R. Lauritsen Ikkje til start
2 Charley Boko Ove Wassberg
Står fint til her
2
3 Fledermaus Håkon Håvardstun Jaktar ein fin premie
6
2120m.
4 Lookalike Ronny Halvorsen
Bra på gode dagar
4
5 Volontaire Vici L.L O.Storetvedt Syner lite for tida
11
6 Grey Sunshine Roar Hop
Ein premie er bra
10
7 Rawel The Great A.K.Rasmussen Kan litt, trångt spor
8
8 Charme Svein Ove Wassberg
Kan litt, trippelsjanse
3
9 Miss Inkato Jan Erik Landaas
Jaktar ein matlapp
9
10 Mr. Drug Fighter Ø.Austevoll Fin form, god premie
5
11 Hjelle Louise Frank Ringheim Ein premie er flott
7
12 Clint Attack Rolf Tvedt
Dagens bankar
1
Rangering:12 Clint Attack- 2 Charley Boko -4 Lookalike outs:8
Charme
grep på ballen, bevega seg rett
med raske føter, god balanse og
være fysisk god rusta er berre
nokre av desse områda.
– Det er også viktig å utvikla spelarforståing for kva som
skjer ute på bana. Då kan ein
forutsjå situasjonar i eigen sone,
og betre samhandlinga med laget, meiner Johannesen.
Stor interesse
Førre gong keeperskulen vitja
Nordhordlandshallen var det 64
keeperar innom på dei to samlingsdagane i februar. Det kjem
spelarar frå eit stort geografisk
område kvar gong.
No har Johannesen og Seth
starta opp med barnekeeperskule for dei mellom 5-8 år.
– Det har rett og slett vorte
ein så stor suksess at me truleg
på setja opp to grupper når me
skal til Vestlandshallen neste
gong, seier Johannesen.
Foto: Håvard Brakstad Moen
Hell i uhell
Dei to kompisane Erlend Løvik
og Ruben Horne vart nok litt
betenkt då dei oppdaga at keeperane opptok nærast heile hallen
ein tysdag kveld. Då har dei eigentleg trening.
– Me spelar her ein gong i
veka og er med i Stjerneserien,
forklarar Løvik og Horne, og
synest tilsynelatande at det er
ganske uproblematisk å trena
litt nede ved hjørnet av bana.
Bård Johannesen oppfatta situasjonen, og kunne ikkje anna
gjera enn å premiera velviljen.
Han handla raskt og gav dei
kvart sitt par med flunkande
nye keeperhanskar. Dei vart
umiddelbart tatt flittig i bruk.
– Hanskane er ganske gode,
er analysen til ein tydeleg glad
Løvik, som kanskje også vart inspirert av Bergen Keeperskole til
å satsa mellom stengene denne
kvelden.
V65 3 V4 1Kaldblodshestar 2100m.volte
1 Jera Stjerna Frank Ringheim
Jaktar ein premie
2 Torpa Kari Solveig Maria Fosse Dette ser hardt ut
3 Motveit Mari Rune Wiig
Kan litt, mykje galopp
2120m.
4 Amor Stjerna Jan Erik Landaas I sitt livs form
5 Alpha Polaris Daniel Kvamsdal Jublar for ein matlapp
6 Eld Blessa Svein Ove Wassberg God treårsmerr, fin premie
7 Rato Havre Rappa H.Kristiansen Ein premie er fint
2140m.
8 Kringelandsbestina O.Wassberg Flott form, fin sjanse
2160m.
9 Schuvablessa Øyvind Austevoll Pause, god nok til siger
Rangering:8 Kringelandsbestina-4 Amor Stjerna-6 Eld Blessa
outs:9 Schuvablessa
7
8
5
2
9
4
6
1
3
V65 4/V4 2 Kaldblodshestar 1600m auto
1 Miras Frigg S.O.Wassberg
God sist, fin sjanse
1
2 Sel Vira Lars Kristiansen
Positiv sist, ny premie
6
3 Spikdrøm Jan Erik Landaas
Rask dame, rett løp
2
4 Stjerne Jerkla Thomas Tuft
Alt feil sist, hardt ute
7
5 Veslefrikk Med Fela Ø.Austevoll God nok feilfritt
3
6 Trø Frøkna Rune Wiig
Tilbake i Bergen
5
7 Lindtora Tone Bronken
Ein premie er bra
9
8 Min Blesen Håkon Håvardstun Positiv sist, luring
4
9 Tojo Prinsen Frank Ringheim Rett distanse
8
Rangering:1 Miras Frigg- 3 Spikdrøm-8 Min Blesen outs:5 Veslefrikk Med Fela
V65 5/ V4 3 Varmblodshestar 1600m auto
1 B.B.S. Bigbeauty M.Søderstrøm Rett løp, god sist
2 Trigger As Øyvind Austevoll
Fin vinnarsjanse her
3 Pearl Harbour D. Frank Ringheim Er ute etter ein slant
4 Winter Weather H.Håvardstun Har litt inne, miniluring
5 The Sorceress Svein O. Wassberg Syner lite for tida
6 Panik Jan Erik Landaas
God sist, distansen?
7 Te Quiero Bonita Rolf Tvedt
Toppform, dårlig spor
8 Ocean Laser A.K.Rasmussen
Jublar for ein premie
9 Randy Ove Wassberg
God nok, kanskje
2
1
9
7
8
6
4
10
5
Vann utan Ryland
AUSTRHEIM: Det norske kvinnelandslaget vann onsdag
2-1 borte mot Nederland.
Dette var ein viktig kamp for
kvalifiseringa til VM i 2015,
som går i Canada. Ingrid Ryland frå Austrheim var med i
troppen til kampen i Volendam i Nederland, men kom
ikkje på bana. Ryland spelar
til dagleg for Arna-Bjørnar,
som tok tredjeplassen i
Toppserien denne sesongen.
Ho har i alt 120 kampar for
klubben, på seks sesongar.
10 Guitar Man Rune Wiig
Kan runda med tempo
Rangering:2 Trigger As-1 B.B.S. Bigbeauty-7 Te Quiero Bonita
outs:10 Guitar Man
3
V65 6/V4 4 Varmblodshestar 2100m.auto
1 Yonckers Boshoeve F.O.Halvorsen
Bra på gode dagar
7
2 Shocking Gidde Ø.Austevoll
Er nok best på sprint
5
3 Tattoo Widow Ove Wassberg
Rask dame, kryssast
2
4 First And Only E.Rennesvik
God hest, fin sjanse
1
5 Urban Barsk Rune Wiig
Kan mykje, forma?
3
6 Romarino Svein Ove Wassberg Sterk og god
4
7 Eminent Sund M.Søderstrøm Fin form og premie
6
8 Puk Tore Totland
Ingen vinnar her
12
9 Lisa’s Monet Daniel Kvamsdal Smyg med, premiesjanse
9
10 Lukas Elholm Jan Erik Landaas Jaktar ein matlapp
10
11 Lovestrong Frank Ringheim
Syner lite for tida
8
12 General Liberty R. Halvorsen Står hardt til her
11
Rangering:4 First And Only-
3 Tattoo Widow-6 Romarino
outs:5 Urban Barsk
V65 forslag 576 rekkjer
1. avd:2-9-6
2. avd:12 Clint Attack
3. avd:8-4-9
4. avd:1-3-5-8
5. avd:2-1-10-7
6. avd:4-3-5-6
V4 forslag 192 rekkjer ( 384 kr)
1. avd:8-4-9
2. avd:1-3-5-8
3. avd:2-1-10-7
4. avd:4-3-5-6